fredag 28. januar 2022

Med Bil-Ola på den smale veg til Ulladalen

 

Olaug Park var fast passasjer på bilen til Ulladalen kvar sommar. Rett bak henne står Gjertrud
Meland, Dei andre er ukjente. 


- Få vekk fingrane frå karmen på lasteplanen. Her er vegen så smal at fingrane kan forsvinna, viss du ikkje gjer som eg seier.


Bil-Ola snakka strengt til sine unge passasjerar før bilturen med den raude Morris-lastebil starta frå Vadla-kaien. Han kunne nok vera alvorleg, men som regel hadde han smilet på lur. Ola O.Hauge var hans korrekte navn, men til dagleg i Jøsenfjorden var han Bil-Ola.


Andre påskdag måtte turistane gå frå Ulladalen. Lastebilen var søkklasta med ryggsekker og
skiutstyr. Her er Morrisen framme på Vadla-kaien. Rutebåten er klar til avgang. Bildet 
tilhøyrer Terje Hauge. 
 


Det var stor stas då den nye, raude lastebilen kom til Jøsenfjorden i 1952. Endeleg sto den på kaien på Vadla. Ein Morris Commercial av same typen som Mr. Greengrass har kjørt rundt med i TV-serien «Hjartet på rette staden». Serien rullar stadig på NRK 2 både tidleg og seint.


I etterkrigsåra var bilsalget strengt regulert. For privatfolk var det utenkeleg med eigen bil. For næringsdrivande var det heller ikkje enkelt å skaffa seg nye kjøregreier.


Bilgaarden var Morris-forhandlar i Stavanger. 





- Sjølv om han hadde fått løyve til å kjøpa ny bil, gjekk det ei heil tid før han fekk tak i passande bil. Til slutt blei det Morrisen.  Den blei levert av Bilgaarden som heldt til i Niels Juels gate i Stavanger, fortel Terje Hauge, sonen til Ola.


Denne bilen hadde bensinmotor på 70 hestekrefter og ein usynkronisert girkasse med fire gir. Du måtte beherska kunsten med både mellomgass og dobbeltklutsjing viss du skulle ut å kjøra med den bilen. På den smale vegen til Ulladalen var det uaktuelt med tvillinghjul bak. Då ville det bli altfor mykje uønska kontakt med stabbesteinane langs vegen. Med enkle bakhjul var det visstnok også greiare å komma fram på snøføre.


Avskjed i Ulladalen. Ottar Laugaland, med frakke og hatt, skal ut og reisa. Bil-Ola er klar med
bilen og kjører mannen til Vadla. 



I dag høyrest det utruleg ut at det var lovleg å frakta betalande passasjerar bak på ein åpen lasteplan. Dei sat på harde trebenker berre beskytta av tre-grindar rundt heile lasteplanen. Men Morrisen var godtkjent for passasjer-transport. Og bileigaren hadde løyve både til passasjertransport og vanleg lastebiltransport.


Turisthytta på Sandsa var ein viktig del av inntektsgrunnlaget for bileigaren i Jøsenfjorden både sommar og vinter. I dei hektiske påskedagane var det trangt om plassen bak på lasteplanen. Påsketuristane måtte vera glad for å få transportert ski og ryggsekker på bilen. Sjølv måtte dei nøya seg med å gå langs vegen.


Morrisen i Kariholet på veg mot Vadla. Fullt med folk på lasteplanen. Bildet tilhøyrer
Terje Hauge.



Mange var sikkert glad til. Det kunne vera nifst nok å stå bak på lastebilen og kikka rett ned i den strie Ulla-elva. Ikkje så mange centimeters klaring rundt svingane mellom fjellveggen på innsida og stabbesteinane på utsida.


Mange av oss som definitivt må kallast gamle folk i dag, hugsar søndagsturar eller skuleturar til Jøsenfjorden med tilhøyrande biltur til Ulladalen med den raude lastebilen.


Fjordbuar på veg til Sandsa på påskeafta. På lasteplanet: Endre Gjil og Grete Kvalvåg. Framfor
bilen står Terje Hauge, Kåre Hjorteland og Joar Vadla med ryggen til. Foto: Olav R. Hauge.


Dei fastbuande i Ulladalen, på Hjorteland og Fjellberg brukte også Bil-Ola både når dei skulle ut og reisa og når dei skulle frakta varer. 



Eg la ut eit bilde av Bil-Ola og lastebilen hans på Facebook og fekk ein god del kommentarer på det. Her er litt av reaksjonane.



Liv Tone Kristensen

Har vært på en sånn tur i barndommen. Sittende på benk på lasteplan fra Vadla til Ulladalen. Spennende opplevelse, som aldri kunne ha blitt gjennomført i våre dager.


Oddvar Kåre Lura

Huska han i fra èin skuletur til Ulladalen,vi fikk beskjed om å holda fingrane borte fra karmane på lasteplan for vi passerte noen store steinblokker langs veien.


Hogne Fjellanger

Slutten på 50- tidleg 60 talet gjekk Hjelmelandsfjord turistruta frå Stavanger på søndagane trur eg. Me gjekk ombord i Tøtlandsvik på føremiddagen - reiste til Vadla og så kjørte me med lastebilen til Ola Hauge til Ulladalen og retur på ettermiddag. Bilen hadde karmar og pressing over. Bedehusbenker utgjorde setene. Ytre tvillinghjulet var demontert fordi vegen var for smal. Kikka du over karmen, såg du rett i elva. Bilen hadde også med seg vare/forsyninger til Turisthytta på Sandsa. I Ulladalen blei varene lasta over på taubanen som gjekk til neste nivå mot Sandsavatnet.


Øyvind Aske

Har også kjørt fra Vadla til Ulladalen i flere år i påsken. Skummel tur. Sjåføren stoppet flere ganger på turen, gikk ut og stakk gjennom snøen med en stokk for å sjekke om veien fremdeles var der i veikanten.

OBS! OBS!

Har du eit kjekt bilde frå ein skuletur til Ulladalen med Morrisen, må du ta kontakt med meg. Då skal eg sporenstreks lima det inn i denne bloggen. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar