mandag 24. oktober 2016

"Fisterfjord" gjekk til England med bær!


"Fisterfjord" slik den såg ut som ny i 1921. Her på Sand. Bildet tilhøyrer
Vidar Hauge. 


- "Fisterfjord" gjekk til England med bær. Ingen andre fjordabåtar har gjort det, sa dei vaksne med eit smil om munnen.

- Fisterløå, få den vekk, fnyste ungane.

Dei vaksne blei aldri med i hylekoret. Dei hadde sett båten i fjorden som ungar, halvstyvingar og ungdommar. Sett båten seila i krig og fred. Den var jo ein jamaldring og kompis. Generasjonsmotsetningar var det i fjordbygdene også, forstår du. Dei unge fekk ynskjet sitt oppfylt.

"Fisterfjord" er vekke. Den skal aldri restaurerast og seila vidare som veteranbåt. Dei sørgelege, utbrende restane av båten blei senka på 713 meters djup i Nedstrandsfjorden 1. mai 1970. "Fisterfjord" blei øydelagd av brann natt til 16. februar 1970 då den låg ved kai på Foreneset.

Så me gamlingane som var ungar på 1960-talet, får leva med at me ikkje hadde heilt sansen for båten sm var eit syn som ny i 1921. Hjelpe meg, det er 95 år sidan!

"Fisterfjord" slik den såg ut i nyare tid. Her på Vadla-kaien.
 Foto: Olav R. Hauge. 


Eg skal ikkje dra heile "Fisterfjord"-historien her og nå. Akkurat i denne bloggen er det englandsfarten som er interessant.

I boka "Fjordabådane" som Magnus Torgersen og Aftenbladet gav ut i 1981, står det at "Fisterfjord" gjorde eit par turar til England med bær i 1920-åra. Det var ikkje nytt å eksportera bær til England. For det meste blei bæra sende med Bergenske-båten "Venus", men i Ryfylke fann ein ut at ein kunne få bæra raskare og billigare fram ved å leiga "Fisterfjord" til å gå over Nordsjøen. Det blei lasta tusenvis av korger med rips, solbær og litt blåbær. I Hjelmeland og bygdene rundt dyrka dei bær som aldri før.

I England kunne dei få kr. 1,20 for ei fem-liters korg. På Torget i Stavanger måtte dei vera sjeleglad for å få 25 øre for det same kvantumet bær.  Men suksessen varte ikkje evig. Engelskmennene begynte å ta 90 øre i toll for kvar korg. Då minka fortenesta. Då reiv folk opp bærbuskane og planta plommetre i plassen.

"Fisterfjord" skal ha gjort to turar med bær og hadde kol som returlast.

Så skriv Magnus Torgersen vidare:  Det har ikke lykkes å få tak i det nøyaktige årstallet for disse turene. Noen mener det gikk en tur i 1923 og en året etter, mens andre mener det må ha vært i 1926 og 1927. Noen mener båten hadde 7000-8000 korger på en tur, andre holder på 20.000-30.000.

Nå kan du søka i dei gamle Aftenblad-årgangane. Dermed fann eg lett denne meldinga frå 5. august 1924. Her går det jo klart fram at "Fisterfjord" er leiga inn for å gå med  bær over Nordsjøen. Eg fann ikkje fleire avis-meldingar i Aftenbladet om saka.

Aftenbladet 5. august 1924.





I februar 1970, etter den sørgjelege "Fisterfjord"-brannen intervjua redaktør Per Surnervik den legendariske Jøsenfjord Rutelag-disponenten Magnus Kalheim om "Fisterfjord". Her skriv eg av følgjande:

- Alle eldre ryfylkingar hugsar då "Fisterfjord" gjekk inn i Nordsjø-fart?

- Ja, det var Ryfylke-solbær som la grunnlaget for det. I den tid var det ei kollosal solbærdyrking i Ryfylke. Å selja solbær i Stavanger, var ikkje greit, men England var ein stor marknad. Willliam Bullman heitte endåtil grossisten som var mottakar i Newcastle. Englandsbåten "Venus" transporterte bæra, dels var det norske grossistar, dels bøndene sjølv som sende til Bullman. Farbror min, Johan Kilane i Erfjord var bonde, men samstundes den største solbæreksportøren den tid.

Av ein eller annan grunn var det vanskeleg å få senda med "Venus", og me fann då ut at me ville lasta "Fisterfjord" og gå over med bæra. Me henta bærsendingane på kaiane innover i Ryfylke, var innom Stavanger og fekk om bord noko der, og så bar det over.

Første året var eg sjølv skipper, andre året var eg og kona med som passasjerar. Me gjekk endåtil i land i Newcastle og ville vera over ei veke til "Fisterfjord" skulle komma tilbake med sending nr. to, men då hadde rederiet Brødrene Olsen sett inn i ei frakterute over Nordsjøen som gjorde at me måtte avvikla Englandsfarten, og eg og kona måtte ta rutebåt heimatt.

I Aftenbladet 15. juli 1925 blir "Fisterfjord"s englandsrute avertert. Då
var Magnus Kalheim og kona passasjerar. 


- Ingen fare med å gå over Nordsjøen med  "Fisterfjord"?

- Å nei, den flaut som ein måke på dønningen, Det var ein makelause båt, ein trong aldri å vera redd vêret med den.

Dette fortalde Magnus Kalheim til Per Surnevik i 1970.

Magnus Kalheim var både teknisk konsulent, arkitekt og konstruktør då "Fisterfjord" blei bygd hjå Gravdal i Sunnhordland i 1921 etter hans idear. Han fekk høyra mykje frå røynde sjøfolk for desse ideane sine, går det fram av eit større intervju med Jøsenfjord-sjefen i Aftenbladet 31. juli 1954.

Magnus Kalheim teikna av Henry Imsland. 
Båten var så høg - samanlikna med samtidige fjordabåtar, at den såg rar ut. Sjøfolk spådde den ein dårleg skjebne. Den ville bli umulig å manøvrera til kai, Dermed våga ikkje Kalheimen å gjera heilt slik han hadde tenkt. Han ville utnytta promenade-dekket, men venta med det til det viste seg at båten klarte seg bra. Fyrst kom lugarane akter og seinare glassalongen midtskips. Desse forbetringane gjorde "Fisterfjord" til ein svært populær båt blant dei reisande med kaffilukt i gangane, messingklinging og sprø lampaglas i salongane. Farten var ikke stor og motoren rista, men folk var ikkje utskjemde på den tida. Dei tykte "Fisterfjord" var eit stort framskritt.

- Båtbyggjaren rømde til skogs då "Fisterfjord" var sjøsett. Den låg skeiv på sjøen, blei det sagt. Alle som har interessert seg for gamle fjordabåtar har høyrt det. Om det er like sant som dette om Nordsjø-turane, tvilar eg på.













lørdag 22. oktober 2016

Nå står "Kløver" på land!

Båteigar Paul Sverre Fyljesvoll og svigerson Helge Hjorteland lurer på koss
dei skal få "Kløver" heilt opp på land.


Ei 61 år gammal dama er ikkje alltid lett å rikka. List, lempe og litt lokking er ikkje alltid nok. Ei dame med vekt mellom 20 og 30 tonn kan slå seg heilt vrang.  Då er det rå kraft som må til og litt praktisk mannfolk-vet.

"Kløver" var på god veg opp av sjøen fredag ettermiddag då alt stoppa bom opp. Den 61-årige melkeskøyta eller melkebåten om du vil, hadde oppført seg eksemplarisk heilt frå ho kom heim frå Sverige for ein månads tid sidan og fram til ho nå skulle opp på slippen.

Mange forståsegpåarar var møtte fram. Alle drøfta kva som skulle gjerast.


Nå skulle ho på land for å restaurerast etter alle kunstens regler av den nye eigaren Paul Sverre Fyljesvoll. Han fekk den ganske forfalne båten i Lysekil i Sverige. Nå er det tid for å få fram fordums glans i fartyet', som i si tid var heile Erfjord sin stolthet. Slippen der ho nå skulle opp, ligg omtrent på same staden der båten blei bygd og hadde si heimehavn i over ti år. "Kløver" frakta mjølkespann mellom Erfjord og Sand i mange år.

Sjølv er eg ein klossmajor og klamphoggar av fyrste klasse. Kanskje er det derfor eg let meg imponera av hendte mannfolk med teknisk innsikt og pågangsmot.

Båteigar Paul Sverre hadde bygd slippvogna sjølv saman med barnebarnet, André Hjorteland. Den tålte båten. Men den gamle elektriske vinsjen som dei hadde vekt opp frå det daude etter fleire år, den greidde ikkje å dra "Kløver" over ein sveiseskøyt i slippskinnene.

Det var mange forståsegpåarar på plass rundt slippen. Dei diskuterte og drøfta. Båten var godt oppe or sjøen. Nå måtte ikkje slippvogna få ein sjanse til å renna tilbake i sjøen. - Hadde nokon kraftig kjetting. Nei. Ingen visste om det her på minuttet. Men Kjell Bøen, han du veit på "Stordøy", tilbaud seg å henta ti-tonns jekkestropper.

 Du lurer kanskje på kva jekkestropper er. Ikkje lett for meg å forklara. Men dei surra fast stroppene i slippvogna og prøvde gong etter gong å  få vinsjen til å dra "Kløver" over den litle humpen i skinna.

- Eg kjører heim og henta hjullastaren. Den kan ordna biffen, sa Olav Erfjord.

Heilt sidan eg var liten gutunge, har eg oppfatta erfjordbuar som litt eksotiske. Sjølv om Erfjord ikkje er så langt unna Vormedalen i Hjelmeland der eg sjølv vaks opp, var det mangt som var ulikt. Ikkje berre var alle menn i Erfjord i kortare eller lengre tid styrmenn eller matrosar på fjordabåtene. Dei snakka også rart. Dei sa båten og gryta, ikkje båden og gryda som var normalt i Vormedalen. Og nå altså: Alle erfjordbuar har ein hjullastar bak uthuset. Heilt vanleg der inne.

- Me fekk det til, sa dei nå. Heile båten er på land. 


Eg kjørte mannen etter hjullastaren. Då me kom fram til løa hans, ringde det i brystlommen på den oransje kjeladressen til Erfjorden. - Gløym hjullastaren. "Kløver" er oppe, var meldinga.

Då me kom ned til sjøen igjen, sto den gamle melkebåten, drypande våt, med baugen kloss i den gamle, kortpusta vinsjen.

Karane med innsikt i praktiske problem hadde ordna opp. "Kløver" står nå på land på Erøy. Nå skal det byggjast eit provisorisk hus over båten.

Deretter skal Paul Sverre Fyljesvoll og heile den nevenyttige familien pussa opp båten. Har vel kanskje fortalt før at han har ei dotter og to svigersønner som er utdanna møbelsnikrar. Resten av slekta er også flinke med nevane. Dei står ikkje fast nokon gong. Sjølv ikkje når dei skal lura 20-30 tonn over ein hump i ei slippskinne. Flinke folk.

Nå lovar eg at det blir lenge til neste "Kløver"-blogg.