onsdag 30. august 2023

Ny tid med diesel-raceren «Ekspress»

 


"Ekspress" som ny i 1937.


Alt gjekk i racerfart med eksperiment-båten «Ekspress». 16. april blei den sett på sjøen. 10. juni 1937 gjekk den inn i Stavangerske sine ruter i Ryfylke og snudde opp-ned på alle oppfatningar om koss lang tid ei byreis skulle ta. Ein tur til Judaberg ville nå berre ta ein time. 20 minutt mindre enn med ein av dei gamle dampbåtane. «Ekspress»-farten ville komma opp i 14 knop.


Merkelege greier. Ingen ting var som før. Det kan ikkje ha vore ein feiande flott dåpsseremoni med gudmor og sjampanje-flaska. Aftenbladet skriv berre i ei notis at "den selvbygde motorbåten til lokalfarten" nå har fått navn.


Journalistane i Aftenbladet var lettare forvirra. Nyskapninga blir kalla snurrig sjøbuss, motorbåt og til slutt dieselracer. Og det gjekk lenge før folk fekk greia på kva slags ruter den nye båten skulle setjast inn i.


Salongen på den nye "dieseraceren" i Aftenbladet 10. juni 1937. Kapteinen tok
seg opp i styrehuset ved hjelp av leideren midt på bildet. 


Ganske kjekk lesing. "Sjøbussen «Ekspress» gikk i går prøvetur med selskapets funksjonærer med damer og representanter fra pressen. I den herlige sommerkveld gikk turen som sig hør og bør innover i Ryfylkefjordene", sto det i Aftenbladet 10 juni.


Rett som det var møtte man notlag som var ute og så etter brislingen eller på vei til en eller annen fjord. Disse motorskøitene med sin gamle prøvede fasong dannet en underlig kontrast til den moderne, gule racer som med alle sine flagg og skinnende blank fôr forbi, fulgt av både undrende og beundrende øine, sto det vidare i avisa.


For den nye sjøbussen var gul. Ein farge som fram til den tid hadde blitt brukt på mastene på båtane. Det var fyrst etter krigen desse nymotens båtane blei kvite og ein del av det som blei kalla "Stavangerskes hvite flåte". Og skorsteinen på «Ekspress» var svart som på dei gamle dampane. Dei gule skorsteinane på Stavangerske sine fjordabåtar kom fyrst i etterkrigstida.


Det var nye tider for dei som skulle jobba om bord også. Det var ingen skipperlugar bak styrehuset.  Skipperen måtte klatra opp i styrehuset ved hjelp av ein leider som var plassert midt inne i passasjer-salongen. Mannskapet hadde sine lugarar under salongen. Dei måtte løfta av passasjer-sete for å få adkomst til sine plasser nede under salongdørken. Sikkert trangt og mørkt!


Meir frå Aftenbladet: "På turen som ble foretatt under ledelse av ideens far og båtens konstruktør, ingeniør Thorsen, fikk deltagerne rik anledning til å bese og beundre det nye innslag i rutefarten i fjordene.


"Ekspress" fotografert før krigen. 


Det falt mange lovord om tiltaket som utvilsomt vil komme til å bety indledningen til en reformering også av denne fart. Foreløbig blir «Ekspress» et eksperiment, men et eksperiment som det skal bygges videre på og som man har lov til å vente sig noe virkelig godt av."


Dette blei ein suksess. «Ekspress» vekte oppsikt både i Norge og utlandet. Stavangerske bygde ein ny sjøbuss i 1938, «Ekspress 2», og toppa dette med «Fjorddrott» i 1939.


Ingeniør Thorsen, som Aftenbladet skreiv i 1937, steig i gradene og blei teknisk direktør Ludvig Thorsen i Stavangerske. Han blei seinare riddar av St. Olavs Orden.


mandag 28. august 2023

Den snurrige bussbåten som blei «Ekspress»

 


Den store Rosenberg-kranen sette «Ekspress» på sjøen 16. april 1937.
 Foto: Johan Lundbø. 


- Til værs og av stabelen var overskrifta i Aftenbladet 17. april 1937, dagen etter at den første sjøbussen var sett på sjøen ved Klasaskjæret i Stavanger. Rutebåt-revolusjonen var eit faktum, men slik som dette er skildra i Aftenbladet, kan det virka som om den skrivande journalisten ikkje tok dette heilt på alvor viser det som sto i avisa.


« Om en time hiver vi 'an på sjøen


- ??


- Selskapets nybygning på Skjæret. Det er ingeniør Thorsen som er i den annen ende av tråden. So long.


Overskrifta i Aftenbladet 17. april 1937.


Nå, endelig skjer det noe på alle holmer og skjær. Jamen har våren satt fart i både det ene og annet. I Bredevannet hekker svanene, hver på sin holme, på Klasaskjæret er en kommet så langt at en slutter av med rugingen idag. For det skal være sikkert at ingeniør Thorsen har ruget vel over sin hemmelighet -- -.»


D.S.D., Det Stavangerske Dampskibsselskab, hadde hyrt inn den store flytekranen på Rosenberg til sjøsettinga. Den nye «snurrige» båten var bygd på Stavangerske sitt eige verksted på Klasaskjæret, eller Skjeret som staden blei kalt i daglegtalen i byen.


På signal frå ingeniør Thorsen blei skorget løfta opp frå beddingen og firt ned på sjøen.


?Flott levert, sto det i Aftenbladet.


Men i Aftenbladet lurte dei fælt på kva som nå låg og flaut på vatnet. Verdens merkeligaste fartøy, var det ein som sa, ein kombinasjon av allslags, snedig uttenkt.


DSD-sjefane blei både intervjua og fotograferte etter sjøsettinga. Finst ingen 
navn på mennene på bildet, men ingeniør Ludvig Thorsen er truleg ein av dei. 
Foto: Johan Lundbø.


Her var det ikkje noko så gammaldags som ei kommandobru, berre eit enkelt styrehus. Det likna mest på ein flytande solskinnsbuss. For i salongen sto stolane i fartsretningen, akkurat som på bussane.


Med ein hurtiggåande M.A.N.-motor – 950 omdreiningar i minuttet – ville det sviva omtrent lydlaust og gi ein fart på minst 13 knop! Denne snurrige farkosten ville få plass til 150 passasjerar. Planen var at den skulle gå i dei korte rutene i Ryfyke og berre ta med lett gods og post.


Fartsvidunderet skulle setjast i rute i løpet av mai. Og navnet? Det var hemmeligt i april 1937.


Kommentarer på Facebook:


Torstein Randa

Ein kar som var motormann på prøveturen, fortalte at då dei hadde gitt full fart, ropte maskinist inn i øyra på han: "nå er det nok like før vi letter". Eg gjekk opp for å se, "Det var så vidt me rek" sa han.

Dette var jo pionerarbeid på høgt plan, så tilpassing av hurtigløpende motor og gir og propell gikk nok mye på "prøve og feile" metoden.


(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)

 

lørdag 26. august 2023

Knut bygde brua for sine eigne pengar

 

Knut Bøen var den siste som dreiv gammaldags støl i 
Hjelmeland. Han var også ein av dei få som bygde bru
over elva til garden for eigne pengar.
Foto: Georg Vika.  


I åravis venta han på å få bru slik at han kunne få kjøra kraftfor, gjødning og andre varer heim til gards på skikkeleg vis. Til slutt fekk Knut Bøen nok. Han bygde bru over Steinslandsånå for eigen rekning. 10 000 kroner kosta den i 1960. Dette tilsvarar 150 000 kroner i dag.


Denne brua kom fram or gløymeboka då eg leita i gamle aviser etter stoff om Knut Bøen eller Steinsland som var det offisielle etternavnet. Tenk at eg er blitt så ufyseleg gammal at eg hugsar då brua blei bygd på føresommaren i 1960.


Brua som Knut Bøen bygde, er ikkje i dagleg bruk lenger.



Akkurat då blei me skule-ungane i Vormedalen skyssa til Hjelmeland for å ha sløyd og håndarbeid. Me såg brubyggjarane i sving kvar dag.


På Hjelmeland hadde guttane sløyd og jentene håndarbeid. Det var orden i sakene i dei dagar. Lærar Tor Sveinsborg hadde oss i sløyd i kjellaren på Hjelmeland bedehus. Dette var Sveinsborg si siste arbeidsoppgave på Hjelmeland før han tok familien med seg og flytta til Finnøy der han budde resten av si tid. Han enda opp som skulesjef i kommunen.


Brua var ferdig og teken i bruk då den dukka opp i Aftenbladet med bilde og skikkeleg omtale 26. september1960. For ikkje å øydeleggja tidskoloritten og stilen, skriv eg like godt av reportasjen slik den var skriven av signaturen H.


Reportasjen om den nye brua sto i Aftenbladet i september 1960.



"På Steinsland i Hjelmeland er det i sommer blitt oppført en bro som vel må sies å være noe utenom det vanlige.


Kjøreveien ligger her på nordsiden av elven og de av oppsitterne som har sine bruk på den annen side må derfor over elven når melken skal leveres til meieriet eller når det skal kjøre gjødning, kraftfor eller andre varer.


Fra gammelt av var der en gangbro av tre og ellers kunne en kjøre over elven på vadestedet når vannstanden var lav, men vinters dag og ellers ved flom kunne det ofte gå på livet løs både for mann og hest.


Kort tid etter siste krig ble det på Steinsland bygget ferdig en ny betongbro og et par av oppsitterne fikk da kjørevei fram til gårds. Den tredje oppsitter, Knut Bøen, fikk imidlertid liten eller ingen nytte av denne broen, da det ikke var kjørbar vei frem til hans gård.


Etter å ha ventet forgjeves i alle disse år på veiforbindelse, bestemte han seg for å ta saken i sin egen hånd. Han fikk på forhånd tilsagn om en imøtekommende holdning fra kommunens side og fikk siste vinter utarbeidet tegninger av Vegvesenet i Rogaland. I vår ble arbeidet satt i gang og før pinsen var de to spenn over elven ferdig støpt. Det står ennå en del mindre arbeider igjen, men ved hjelp av en provisorisk treoppbygning for nedkjøring på sørsiden er allerede broen tatt i bruk.


Knut Bøen har sammen med en av de andre oppsitterne deltatt i arbeidet som har stått under ledelse av Theodor Breiland. At der her er utført et utmerket arbeid, kan det ikke være tvil om, og at denne store og vakre bro er blitt reist for en sum som antas ikke å overskride kr 10.000 pluss de to oppsitteres eget arbeid, må vel nesten anses som et eventyr i disse tider."


Brua er ikkje i bruk lenger i dag. Garden til Knut blei tilleggsjord til nabogarden då Knut og søstera Marie var borte. Husa på garden blei jamna med jorda. Men brua står der ennå. Folk som kjører til Fevoll for å handla drikkevarer hjå OmCider, kan kasta eit blikk ned til høgre og sjå brua som ligg der som eit minne om Knut Bøen. Ein mann som me gamlingar stadig hugsar med glede.


Familien til Knut Bøen. Frå venstre søstera Marie, foreldra Mallin og Hans, den eldre
broren Hans som var heime frå USA og Knut. Bildet står i bygdeboka for 
Hjelmeland. Det er teke i mellomkrigstida.


(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)

 




tirsdag 22. august 2023

Anna i byen gløymde ikkje Knut på stølen

 

Den einsame mannen på stølen. Slike karar kan ha meir drag på damene enn du
anar. Dette bildet av Knut Bøen på Grøsstøl sto i Aftenbladet i 1971.


Anna reiste tidleg frå Hjelmeland til byen og for å prøva lukka der. Men ho gløymde ikkje sin gamle flamme frå ungdommen. Spenninga var der med ein gong då ho møtte igjen Knut på stølen på sine eldre dagar.


Du treng ikkje vera stor i kjeften for å ha drag på damene. Ein meir smålåten, litt mystisk mann, kan kanskje vera like tiltrekkjande for det motsatte kjønn.


Sjå for deg Knut Bøen i si tid. Det var bilde av han i avisa. Ein mann som sit med vandringsstaven utanfor hytta si på stølen og ser ut over eit stille fjellvatn. Ikkje pomp og prakt, men ligavel. For ei og anna kvinne, mange kanskje, kan slike karar vera attraktive, tydelegvis.


Anna Heggland i byen gløymde ikkje sin gamle flamme, Knut på stølen.
Bildet tilhøyrer Harry Breiland. 


For spenninga var på plass mellom Anna og Knut med ein gong då dei møttes igjen på stølen. Sjølv om dei var over 60 år, begge to!


- Bestemor mi, Kjersti Breiland, var syster til Anna. Ein gong i min barndom kom Anna på besøk til oss i Gåsdalen, fortel Harry Breiland. Dei to systrene ville gå til fjells ein dag for å sjå etter molta. Eg som var ni-ti år gammal, fekk vera med. Me passerte Grøsstøl på turen oppover. Der var Knut på plass på stølen.


Knut Bøen og kyrne treivst godt på Grøsstøl. Foto: Georg Vika.


Knut kom i prat med bærplukkarane. Drøsen gjekk godt og tok litt tid.


- Då bestemor meinte det var på høg tid å gå vidare, ville ikkje Anna vera med. Ho blei verande hjå Knut på stølen heile dagen, heilt til me kom tilbake og skulle heim. Då blei ho med ned igjen.


Ein annan gong skulle Anna Heggland komma på besøk til si yngste syster, Bertine, som budde på garden Skogen litt lenger inne på Fjellet. Dei venta på henne. Det varte og rakk. Kor blei ho av?


Dei drog av garde for å sjå etter henne. Dei hadde kanskje ein teori om kor ho kunne vera. Dei fann henne hjå Knut på Grøsstøl.


Ein liten rørande historie. Det blei visst ikkje meir av det.


Anna (1897) var frå garden Heggland, bygda på høgdedraget mellom Hjelmeland og Vormedalen. Saman med den fire år yngre systera Andrine, reiste ho heimanfrå i unge år og slo seg til i Stavanger.


Andrine blei syerske som dei sa før i tida. Anna dreiv med heimebakeri i byen. Ho laga lefser, potetkaker og kråtekaker som blei levert til butikkar rundt i Stavanger. Bakeriet dreiv ho på ulike adresser: Normannsgata, Nedstrandsgata og Lysefjordgata. Bakeridrifta gjekk så godt at ho til slutt kjøpte sitt eige hus i Langgata 61.


- Eg sykla ofte rundt i byen og leverte varene for Anna. Dessutan hjelpte eg henne med bokføring, fortel Olav Norås.


Då Harry Breiland gjekk på Teknikken i Stavanger for å bli ingeniør, hadde han ståande middagsinvitasjon hjå Anna Heggland. To dagar i veka fekk han middag der.


- Då Anna var 80 år, var kånå og eg på besøk for å gratulera henne med dagen. Ho strålte som ei sol. Knut har ringt og gratulert meg med dagen. Tenk det, rikstelefon frå Hjelmeland, jubla ho, fortel Harry Breiland.


For historia var slik: Anna og Knut hadde vore kjærastar i ungdommen. Saman med den jamaldrande Johan Einervoll, også han frå Hjelmelandsbygda, hadde Knut vore på jentebesøk på Heggland. Johan hadde sett seg ut, Andrine, søstera til Anna. - Det ser ut til at me blir verande på Heggland, skal Johan ha sagt.


Slik gjekk det ikkje for karane. Systrene drog til byen. Dei blei aldri gifte. Knut blei gåande som ungkar heime i bygda. Det var visst litt kjærleikshistorier utan resultat for både den eine og andre. Men Anna gløymde ikkje Knut på stølen. Tydelegvis.


Ei mystisk sølvskei har kom plutseleg fram i lyset etter at denne bloggen blei publisert. - Nå veit me sikkert kven som gav Knut den fine sølvskeia som låg i ei kvit øskja på Grøsstøl. Han ville aldri seia kven han fekk den av, seier Lars Kvame. Foreldra hans, Sigrid og Erling Kvame arva stølshytta etter Knut. Nå er det Lars som eig hytta. Han har teke godt vare både på sølvskeia og spikerstaven som Knut brukte for å verna seg mot olme stutar. 


(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)


lørdag 19. august 2023

Knut Bøen – siste mann på stølen i Hjelmeland

 


Knut Bøen og naboen Einar Steinsland vel framme på Grøsstøl med kvar sin kløvhest.
Foto: Georg Vika.

Sjeldan har ein så stillfarande mann blitt større kjendis på sine heimetrakter. Han blei omsnakka i bygda og avbilda i avisa både nå og då. Kaffor det? Jo, Knut Bøen eller Steinsland om du vil, var den siste i Hjelmeland som heldt gammaldags stølsdrift i hevd, langt ut i 1970-åra. Berre i Suldal og Røldal dreiv dei på lenger.


Kvar sommar kløvja han pikk og pakk på hesten og tok med seg kyrne sine, fire-fem i talet, og gjekk frå heimegarden på Steinsland til Grøsstøl. Denne stølen ligg i 500 meters høgde, ikkje langt frå Jørmeland. Søstera, Marie, som han budde saman med, heldt seg heime på garden og passa på det dei hadde der.


Knut Bøen, her høgt til hest, fekk mykje besøk på Grøsstøl. Frå venstre: Arne Hauge,
Gunvor Steinsland, Asbjørn Steinsland, Torbjørg Steinsland, Andreas Haugsland og 
Karina Haugsland. Hans Steinsland var fotograf. Bildet tilhøyrere dottera
Gunvor Jørmeland.




Men det var ikkje berre å hiva på seg ryggsekken og jaga kyrne føre seg til fjells. Ein måtte planleggja for opphaldet på stølen. Knut måtte ned til Tomstad-butikken i Hjelmelandsvågen og handla.


- Han kjøpte rikeleg med godt mjøl til kyrne sine. Med seg sjølv var han meir forsiktig. Eit nytt batteri, av den flate typen, til lommelykta og ein boks med gaffelbitar til seg sjølv, fortel Per Kvame som var den som oftast ekspederte Knut på butikken.


To kløvhestar var med på stølsferda. Knut hadde sin eigen hest og hans gode nabo, Einar, stilte opp med sin hest. Så tok dei ut oppover vegen, forbi dei andre gardane i Hjelmelandsbygda, opp om Husstøl og så til fjells.


Frå gammalt av hadde samtlige gardsbruk på Steinsland sine stølar her. Men dei andre avvikla denne drifta mange år før Knut som heldt på det gamle.


Dette var hans liv frå han var sju-åtte år gammal til han var 84 år i 1979. Foreldra hans, Mallin og Hans Steinsland, hadde også vore på stølen kvar einaste sommar og sonen dreiv vidare på same måten.


Garden Bøen med det kvite huset og flaggstong til venstre på bildet.
Foto: Annmari Hadsel-Sørensen. 



Malena og Hans hadde ni ungar som vaks opp, fem jenter og fire guttar. Dei eldste reiste ut. Knut (1895) og Marie (1897), dei to yngste, blei igjen på Bøen. Knut fekk skøyte på garden i 1941.


Knut dreiv gammaldags på andre vis også. Han hesja aldri kornet, men sette kornbanda på staur og let det tørka på den måten.


Kornet blei tørka på gammaldags vis på Bøen. Bildet er frå 1933 og står i 
Bygdeboka for Hjelmeland. Foto: O. S. Øverland.


Dei andre bøndene la ned stølsdrifta og gjekk over til meir moderne gardsdrift, men Knut heldt på det gamle. Dermed blei han spesiell og omsnakka. Mange tok turen innom stølen i løpet av sommaren. Dei tykte det var gildt å sjå staden der dei ennå dreiv støl på gammaldags vis.


Knut mjølka dei fire-fem kyrne sine på vanleg måte. Han separerte mjølka og fekk fløyte som han bar heim til garda eit par gonger i veka. Heime på Bøen blei fløyten kinna av Knut eller Marie. Det blei til flott gult smør. Ekte setersmør. Smøret blei levert til meieriet i Årdal.


Mjølka blei mykje feitare på stølen. Heime heldt mjølka tre-fire prosent feitt. Stølsmjølka, derimot, heldt fem-seks prosent.


- Ein kontrollør frå meieriet var på Grøsstøl og tok feitt-prøver og slo fast at her var feittprosenten høgare, fortel Birger Jørmeland.


Ikkje all mjølk frå Bøen blei til smør. Marie hadde også sine spesialiteter. Ho laga fatost som blei seldt på Tomstad-butikken.


I 1955 blei Knut Bøen eller Knut Steinsland som var det offisielle navnet, omtale for fyrste gong i Aftenbladet. - Også dette året held Knut på med stølsdrifta, sto det i avisa. Han heldt det gåande over 20 år til og blei omtala i avisene både nå og då.


Notis i Aftenbladet 9. august 1955.



To-tre timar gjekk det med for å gå frå Bøen på Steinsland til Grøsstøl. Terje Breiland hugsar godt at Knut kom innom garden deira på Husstøl på veg til fjells. Dei fekk ein pose med eple av han rett som det var. - Knuda-eple, kalla me ungane epla hans, fortel Terje Breiland.


Etterkvart blei det  til at Knut tok Vormedalsbussen frå Steinsland til Breilandsvatnet. Då blei vegen mykje kortare og lettare for den aldrande mannen. Ein god time trong han frå han gjekk ut av bussen til han var oppe på Grøsstøl.


For det meste var Knut aleine på stølen. Det var ikkje berre idyllisk.


- Ein gong hadde olme stutar gått til angrep på han. Han slapp heldigvis unna med skrekken. For å verna seg mot nye slike opplevingar, hadde han laga seg ein spesiell stav full av lange spiker, fortel Harry Breiland. Knut viste han den spesielle staven. Harry trur den finst på Grøsstøl den dag i dag.


Eg skriv meir om Knut Bøen om eit par dagar.


(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)


På kartet ser du Knut Bøen si verd. Steinsland til venstre. Grøsstøl som er feilskrive som 
Grøvstøl, nede til høgre i kartet. Kart: Norges geografiske oppmåling.

Kommentarar på Facebook:




Astrid Breiland Eliassen

Fekk bli med far opp til Knut Bøen - på vinteren når silda kom. Akkurat arbeidet med silda var eg for liten til, men kjekt å få bli med. Måtte også inn å smaka på havregrauten.


Jan Ove Jørmeland

Husker godt Knut var hjå han og forhausta i monge år.


Leif Sigmund Steinsland


Har gode minne fra den tida var med mor og far og besøkte han og kjøpte melk av han og fekk fløytekodla servert av Knut. Me gjekk fra Saupstølhytta og besøkte han. Eg likte å fiska i Grøstølvatnet då det var lett og få fisk der.


Ludvig Munthe

Hugsa Knut svært godt var nabo og prata med han ofte og slo gras som han skulle hesja.


Karl Einar Kleppa

Kyrne gjekk ein gong å beita på Vasstøl då me var der. Så kom Knut for å finna dei; driva dei til Grøsstøl for mjølking!




lørdag 5. august 2023

Du kan ikkje grina med grøn Chevrolet!


Ola Vormeland kjørte grøn Chevrolet med gule hjulkapslar i 17 år. Her har kona Liv, fotografert
mannen før han leverte bilen til ny eigar i 1973.

 

Stor stas då det kom lastebil til gards på Vormeland ein haustdag i 1956. Ola Vormeland hadde vore i Stavanger og handla seg bil. Ein liten grøn Chevrolet lastebil, 1947-modell, med gule hjulkapslar. Ikkje heilt ny, rett nok, men ligavel.


For å skaffa pengar til bilkjøpet, selde Ola selde ein stor, amerikansk Indian motorsykkel - ein 1200-kubikker.  Den hadde bilde av ein indianer på bensintanken. Ingen andre på våre kanter hadde eit slikt framkomstmiddel. 


Søndagskveld i Tøtlandsvik i 1965. Signe skal ta rutebåten til byen. Til venstre: Liv, ukjent, 
Signe med kuffert, Astrid nesten skjult og Jorunn. Ferjekaien er nettopp tatt i bruk. Det er ikkje
asfaltert ennå. Hytta på lasteplanet kan skimtast. Pølsebua til Odit Hetlelid i bakgrunnen.


Det var ikkje rare vegen til Vormeland i 1956. Men dei var ikkje veglause. Ola hadde sikkert blitt sur viss eg hadde kalt Vormeland ein fjellgard. Men garden låg 300 meter over havet, rett opp frå Tøtlandsvik. Det var ein stupbratt veg ned til sjøen. Vormelandsbrekkå blei den kalla. Der gjekk folk opp og ned, men bilkjøring var uaktuelt. Brekkå ned til Tytlandsvik blei mykje brukt. For folka på Vormeland var kunder hjå handelsmannen i Tøtlandsvik og tok rutebåten herfrå når dei skulle til byen.


Bilvegen til Vormeland var ein avstikkar frå Fundingslandsvegen. Ein rekna til saman 7-8 kilometers veg frå riksvegen i Vormedalen til Vormeland.


Astrid og Signe fekk skyss frå skulen etter Signe sin  siste dag på folkeskulen i juni 1962.


- Far min var ingen rutinert sjåfør då han kom heim med bilen. Derfor hadde han med seg sin yngste bror, Hjalmar, på turen frå byen. Det var han som kjørte den siste etappen frå høgdedraget ovanom Vormeland og ned den svingete og smale vegen til gards, fortel Jorunn Vormeland som berre var tre og eit halvt år då Chevroleten kom til gards.


Men ho hugsar det godt, seier ho i dag. Nokre veker tidlegare hadde nemleg familien vore i byen og vore hos fotograf. Faren hadde med seg ferske bilde av yngstejenta heim frå byen.


Ola Vormeland var fast service-kunde på Tasta Bil og Mek. på Tasta i Stavanger. Hugo Gudmundsen
til høgre sjekkar motoren. Den andre mannen har eg ikkje navnet på.


Vormelandsbilen var litt mindre enn dei fleste lastebilane. Ola kalte den ein åpen varebil. I dag ville ein truleg sagt at dette var ein pick-up, men den slags biltypar var det ingen som hadde høyrt om på 1950-talet.


Chevroleten blei brukt til å frakta mjølsekker og kraftfor og all slags andre varer heim til Vormeland. Far sjøl var med i styr og stell i åravis. Han var varaordførar ein periode og formann i styret for Hjelmeland Sparebank fleire år. Derfor var både han og den grøne lastebilen ofte å sjå i Hjelmelandsvågen.


Men bilen blei aldri nokon skuleskyss for dei tre systrene frå Vormeland, Signe, Astrid og Jorunn. Dei gjekk på skule oppe i Vormedalen. Dei måtte fyrst ta seg ned den stupbratte Vormelandsbrekkå til Tøtlandsvik. Deretter traska dei tre kilometer på vegen opp til Vormedalen skule som var plassert, ved Sveivhølsbrua, der Fundingslandsvegen tok av frå riksvegen. På svartaste vinteren gjekk jentene heimanfrå halvannan time før skulen starta.


Lastebilen ved den nye brua over Vorma. Her går vegen til Fundingsland i dag. Har nokon
årstalet for når brua var ferdig?


Ola Vormeland hadde laga ei hytte som han kunne setja bak på lasteplanet når heile familien på fem skulle ut på tur. Då sat Jorunn og mor Liv framme i styrehuset. Systrene Signe og Astrid blei plasssert i hytta bak.


- Eg missunte systrene mine som sat bak i hytta, hugsar Jorunn.


Turen til juletrefesten på Vormedalen bedehuset i 1962 er den Chevrolet-turen som Jorunn hugsar som spesiell. Det var snø og svinkaldt. Eldste systera, Signe, var ikkje heime. Resten av familien drog av garde frå Vormeland. Men dei var ikkje kommen så langt før det kom ein hare sprettande over vegen. Ola kvapp og bilen havna i grøfta. Og dei kom ikkje derifrå utan hjelp.


- Far føreslo at me skulle gå heim og avlysa heile festen. Men me nekta plent. Det enda me at mor, Astrid og eg gjekk alle kilometrane til juletrefesten utan å vera skikkeleg kledd mot kulden. Far måtte heim og ringja for å få hjelp av ein kjenning med traktor for å få bilen på vegen igjen. Han var på plass på bedehuset i god tid før juletrefesten var slutt, fortel Jorunn.


Den grøne Chevroleten med dei gule hjulkapslane blei på Vormeland til 1973. Ola Vormeland selde bilen til Jon Helgeland frå Erfjord.


- Eg hugsar at me såg den gamle bilen vår i ein garasje i Erfjord ein gong med var ute på tur. Me stoppa og studerte den gjennom ei glipa mellom garasjedørene, fortel Astrid.


Den sjeldne bilen enda omtrent som dei fleste gamle bruksbilane på den tida. Motoren blei visstnok teken ut og brukt til å driva ei sag. Resten av bilen enda på ei røys i Erfjord.


Ola Vormeland bytta nå til folkevogn. Ei kvit bobla som ingen kan hugsa i dag. Men dei flotte bilda som han tok av den grøne lastebilen, kan me gleda oss over så ofte me vil.


Etter at denne bloggen var publisert, har Morten Vatland sendt meg meir opplysningar om kjøretøya til Ola Vormeland: 


I 1947 kom det veldig mange slike nye Chevrolet til Norge. De var en del av Marshall-hjelpen fra USA etter krigen. Mesteparten av hjelpen var rene penger, men det ble også sendt over mange slike små Chevrolet lastebiler, da disse trengtes sårt.


Tyskerne hadde jo beslaglagt store deler av den norske lastebilparken og slitt bilene helt ut under krigen. Staten solgte alle disse bilene som kom fra USA og fikk inn enda mere penger til oppbygging av landet.


Ola Vormestrand sin bil hadde ikke gått i Norge før, ettersom den ble bruktimportert fra Sverige, våren 1956. Chevroleten veide 1500 kilo og kunne frakte 600 kilo med last, slik at tillatt totalvekt endte opp på 2100 kg.


Vormeland kjøpte den sannsynligvis hos en forhandler i Stavanger. Flere av dem handlet inn bruktbiler fra Sverige, siden det der fantes et bedre utvalg.


Indian motorsykkelen kjøpte han allerede i 1947. Den ble solgt til Ragnvald Bjordal fra Vikeså i mai 1958. 


(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)


På dette gamle bilkartet kan du sjå både Vormeland og Tøtlandsvik og vegane som var i bruk.
Som du ser var ikkje vegane til Nesvik og Vadla ferdige langs fjorden då kartet blei laga.