tirsdag 30. august 2022

Folk var alltid velkomne hjå den varmhjerta Marta Segadal

 

Marta og Jone Segadal. Barnebarnet Einy Jorunn på fanget til 
bestefar. (Bildet tilhøyrer Reidun Segadal).




Gjestene var knapt komne innforbi døra i Segadal før Marta hadde fått maten på bordet. Ho var navngjeten for gjestfridommen. Dette har eg sjøl erfart ein kald romjulsdag for snart 60 år sidan då eg var med på ein ekspedisjon inn i dei stupbratte fjella mellom Segadal og Førre i Jøsenfjorden for å leita etter ein flokk med villfarne geiter.


Kalde og svultne kom me ned til Segadal etter ein resultatlaus ekspedisjon. Der hadde Marta diska opp med mat i den varme stova. Me var mette og godt i stand då me gjekk ned til båten og tøffa ut over fjorden og heim igjen.


På den tida var Marta Segadal i slutten av 70-åra. Mannen Jone var død for ein del år sidan. Men ho var frisk og rask og budde i gardshuset saman med den ugifte sonen Ola.


Eg har vore i Aftenblad-arkivet og funne stoff til livshistorien til den gjestfrie kona langt inne i Jøsenfjorden.

Dei gamle gardshusa i Segadal.



Marta Segadal var fødd på garden Meland i Ulladalen i 1887 som nummer 10 av 13 sysken. Åtte av desse levde opp. Så snart ho var vaksen måtte ho ut og arbeida. På den tida var folk vaksne då dei var 14 år gamle og konfirmerte.


Ho blei gift med Jone Segadal og flytta til den veglause garden mellom Vadla og Førre. Der blei ho buande heile sitt liv.


Som ung kone blei det ikkje mykje tid til å sitja med hendene i fanget. Det var mykje som skulle gjerast, både inne og ute.


Sommarsdag var det opp grytidleg og ut i buhagane og mjølka før ungane var oppe. Seinare var det ut på raksteteigen. Det var lange dagar, men Marta hadde vilje og styrke og fekk arbeidet unna.


Då ungane kom i skulealderen, måtte foreldra senda dei frå seg. Dei måtte bu ute i Jøsenfjordbygda. Heile veka var dei vekke. Marta gjorde mange vender ut på bakken for å sjå om skuleungane kom roande innetter fjorden.


Marta frå Ulladalen måtte læra seg å leva med både storm og meinsis i veglause Segadal. Det var ikkje kvar dag ein kunne ferdast på sjøen i robåt. Men når vêret skikka seg, kunne ho setja seg i robåten og ro ut til Jøsenfjord-bygda og delta på samlingar eller møte i kvinneforeninga der ho var medlem. Marta og mannen var trugne å delta i religiøse møte og samlingar sjølv om det var langt å ferdast i båt for å vera med.


Marta og Jone fekk tre born, ei jenta og to gutar: Marta, Ola og Jakob. Marta var oppkalt etter bestemora som også heitte Marta. Til mora si store sorg, døydde dottera då ho var 26 år gammal. Ho etterlet seg den fem år gamle dottera Aud. Bestemora tok seg av veslejenta som blei buande i Segadal til ho var 12 år gammal.


Det mangla ikkje på gjester i Segadal. Marta tok mot alle. Sjølv likte ho også godt å ferdast ute mellom slekt og vener. Frisk og rask var ho i alle år.


Våren 1979 døydde Marta Segadal. Ho blei 91 år.

fredag 26. august 2022

Jone Segadal – den mest framsynte mannen i Jøsenfjorden!

Jone Segadal (1884 - 1962) ville prøva alt det nye i si samtid.

 


Fyrste motorbåten i Jøsenfjorden høyrde til i Segadal. Der fekk dei eigen kraftstasjon i 1922, fleire ti-år før straumen kom til naboane lenger ute i fjorden. Telefon fekk dei også tidleg. Koss kunne det ha seg at dei nye tidene kom så tidleg til den nå avfolka garden mellom Vadla og Førre inst i Jøsenfjorden?


Jone Segadal (1884 - 1962) var mykje meir enn ein navngjeten jeger. Dette var ein mann som ville prøva det som var nytt i tida og som kunne gi garden større inntekter og gjera det enklare å bu der.


I hans tid svirra det allslags idear om kraftstasjonar og industri-utbygging i Jøsenfjorden som i mange andre fjordabygder. Det blei bygd smelteverk i Sauda og dette kunne skjedd i Jøsenfjorden også. Det blei med planane.


Kraftstasjonen i Segadal blei teken i bruk i 1922. Den leverte straum til garden fram
til 1973.



Men Jone Segadal let det ikkje vera med planar og snakk. Han fekk bygd sitt eige kraftverk på garden. Det sto ferdig i 1922. Seks kilowatt leverte kraftverket til garden. I 1945 blei det ombygd og produserte nå ni kilowatt. Dette var det private kraftverket som sveiv lengst i Hjelmeland kommune. Fyrst i 1973 fekk dei straum frå Suldal e-verk. Innlagt vatn fekk dei alt i 1908.


Segadal-garden ligg eit stykke frå fjorden. Alt som dei trong, måtte berast til gards. Ein taubane blei bygd frå sjøen og heim i Jone si tid.


Telefonen kom til Segadal i 1924. Det kan ikkje ha vore billeg å byggja ei linje langs dei stupbratte fjellsidene mellom Hauge og Segadal.


Sjølv om Jone Segadal hadde ein brukbar økonomi i si samtid, må det ha vore grenser for kva han kunne kosta på seg. Det blir sagt at han fekk pengar av hermetikk-fabrikant Christian Bjelland i Stavanger til telefonlinja.


Det var eit rikt brislingfiske i Jøsenfjorden i desse åra. For Bjelland i byen var det viktig å få rask melding om innsiget av brislingen og innmelding av brisling-fangstane.


Fisken i fjorden var ein viktig del av livsgrunnlaget i Segadal, heile året. Ferdatorsken var ein fast gjest innerst i fjorden kvar einaste vinter. Segadalskarane fiska torsk i søkk og kav og sørga for gode pengar.


Men dei fekk tid til så mangt slags arbeid og aktivitet. Heiamannen Jone Segadal fekk liv i fisketome fjellvatn. Han bar aure dit når han hadde tider til det. I tillegg var dei navngjetne for gode geiter på denne garden.


Sølvrev-feberen herja i Ryfylke i mellomkrigs-tida. Revagardane spratt opp på den eine garden etter den andre. I Segadal også. Han var ein sentral mann i Jøsenfjord Sylvrevlag frå start til slutt.


I tillegg til alt dette fekk Jone Segadal også tid til å vera med i lokalpolitikken i Hjelmeland kommune. Han var mellom anna med i heradstyret i fleire periodar.


Jone Segadal sine meritter som jeger fortalde eg om i den forrige bloggen. Eg kjem med ein avsluttande Segadal-epistel så snart eg får tid.


(Eg har funne det meste av opplysningane om Jone Segadal i Aftenblad-arkivet. Mest av dette står i ein 70 års-omtale frå juli 1954. Den er skriven av Jakob Krumshagen.)

fredag 19. august 2022

Jone Segadal: Eg har fire jervar på samvitet!


Henry Imsland sin teikning til artikkelen om Jone Segadal i Aftenbladet i 1966.      



Ein opphissa Jone Segadal rigga seg til med penn, blekk og papir ved stovebordet heime og skreiv lesarbrev til Aftenbladet i februar 1952.



Jone Segadal var ein
vidgjeten jeger. Bildet
tilhøyrer Reidun Segadal.
Årsak? Ein ung mann, Karthon Håland, som seinare blei ein kjend naturfotograf og forfattar, hadde skreve i avisa at ein måtte ta vare på dei siste ville bjørnar og jervar i norsk natur. Han stilte seg uforståande til at styresmaktene betalte ut skotpremie til jegrar som felte bjørn og jerv.

Ein skikkeleg kulturkollisjon! 67-årige Jone Segadal hadde budd heile sitt liv på den einbølte og veglause garden Segadal i Jøsenfjorden. Fjordabonden hadde levd av garden, fjordafiske og jakt i heia. Han fnyste når ein spirrevipp utan kjennskap til livets harde realiteter tenkte på eiga hand og skreiv innlegg i avisa.

- Eg er ikkje samd med deg, Håland, i dette. Me som eig heiar, og har krøter, villrein og småvilt der oppe, er takksame til stat og kommune for premiering av felte rovdyr, skreiv han.

Det er særleg jerven du vil verna om. Skulle berre likt at du hadde vore med meg oppi heia då jerven herja her, så trur eg du skulle fått ei onnor meining enn du no har. Der oppe låg skuldlause sauer og lam sundrivne og drepne på den grufullaste måten ein kan tenkja seg. Og i reinflokkane har han nok slakta mykje.

Du seier: "Og vi burde vel også være stolte over at det ennå rusler en og annen jerv i de norske heiene". Eg har fire jervar på mitt samvit og eg skulle likt at jerven var heilt utrydda i dei norske heiane.

Slik var konklusjonen i lesarbrevet i Aftenbladet.

- Jone Segadal var vel ein av dei beste jervejegrane i Hjelmeland, skreiv Jakob Krumshagen i Aftenbladet i 1960.

Ein haustdag han var på fjellet oppdaga han 20 lam som var drepne av jerv. Medan han gjekk der og såg på dei daude skrottane, oppdaga han tre jervar ikkje så langt unna. Jone var rask med å gjera børsa klar og komma seg på skothold. Han brende laust. Fyrst datt ein. Han ladde på nytt. Så stupte nummer to. Jone ladde børsa endå ein gong og sikta på den tredje. Då klikka børsa.

Seinare felte han to jervar til. Den eine av desse jervane beit det ikkje skot på, sa folk. Dette var rekna som endå eit meisterstykke av den same jegeren.

- Ein haust på rypejakt sto han på same plassen og skaut ein rev og ei ørn, skriv Jakob Krumshagen i til slutt i artikkelen.

Karthon Håland sitt syn på jakt på jerv og bjørn fekk meir og meir støtte i seinare år. Men Jone Segadal var ein jegerhelt i si samtid, ikkje minst i Ryfylke-bygdene.

Dette var andre bloggen min om Jone Segadal. Det kjem fleire!

tirsdag 16. august 2022

Då kong Haakon kom til Laugaland

 

Kong Haakon. Kom han til Laugaland?



- Kom og sjå! Kong Haakon er kommen for å gratulera 'an bestefar med dagen.


Mitt to år eldre søskenbarn, Magne, drog meg med til den åpne stovedøra slik at eg også skulle få sjå kongen. Jovisst der sat han i den store øyrelapp-stolen midt i stova og drøste med dei andre karane. Bestefar sjølsagt, far min og brørne hans og 'an farbror Ola som ikkje var bror til far min, men gift med med faster Berta som var søster til far min. Dei vaksne kalt han OK (Hausken). Han også sat der og smilte og lo og fortalte kongen om sauene sine.


Dette skjedde for lenge sidan. I desember 1954. Då var 'an Magne sju år og eg var fem.


'An bestefar, Johannes Laugaland, fylte 80 år. Det var stappfullt av folk i folgehuset der han, bestemor og faster Tulla (Anna Johanna) budde. 'U Tulla budde saman med foreldra og hjelpte dei når det trongst. I tillegg hadde ho telefonstasjon og postkontor i same hus.


Ho hadde ikkje så mykje tid til å vera med på feiringa av 'an bestefar. For ho hadde full sjau med å skriva ut fest-telegramma som strøymde på til jubilanten.


For oss ungane var det ikkje overraskande at kongen kom på besøk. 'An bestefar hadde vore ein store mann i si tid. Ikkje berre var han ordførar i Hjelmeland i åravis og styreformann i Jøsenfjord rutelag. I tillegg hadde han vore ein engasjert i legpredikant når han hadde tid til det. Jakob Krumshagen fortalde meg seinare at det var bestefar min som kristna Ulladalen.


Konge-beundrarane fotografert februar 1955. Eg var seks år, Dag fem
og Magne åtte år. 



Både Magne og meg med den to år yngre bror min, Dag, på slep, prøvde å nærma oss kongen så godt me kunne. Me gjekk stilt inn i stova og kraup bak øyrelapp-stolen der kongen sat. Heilt oppe på øyrelappstolen låg der ei puta til pynt. Den gav med ein liten dytt slik at den datt ned på håvet til kongen som var snar med å leggja puta på plass igjen. Dette gjentok seg fleire gonger utan at kongen brydde seg særleg om dette.


Men det var sjølvsagt ei mor som oppdaga at me låg og kraup på stovegolvet.  Ho greip inn.


- Ka er det dokke vasa med, spurde ho.


Jone Segadal var jo prikklik kong Haakon. Ikkje sant? Bildet
tilhøyrer barnebarnet Reidun Segadal.



Det blei avhøyr på kjøkken. Me ville jo berre sjå på kong Haakon?


- Kong Haakon??


- Ja, det er ikkje kvar dag han er her, sa me.


- Tull og tøys. Det er ikkje kongen. Den mannen heiter Jone Segadal og er frå Jøsenfjorden, sa 'u mor.


Ein nedtur på ein måte. Kong Haakon kom aldri til Laugaland. Men 'an Jone Segadal var jysligt like!

mandag 8. august 2022

Enka frå Ulladalen kapra Diamander frå Erfjord

 


Eit lukkeleg brurepar i 1971. 72-årige Berta og den 14 år yngre Diamander
Skjerahaug.


Dei ser ut som nyforelska tenåringar på brura-bildet sitt, Berta og Diamander. Men dei hadde fått røynt seg i livet, enka frå Ulladalen og enkemannen frå Erjford, før dei gifta seg i 1971. Dei fekk 13 gode år saman.


Berta mista mannen, Gaute Kvestad, i 1964. Dei budde i mange år på garden Holmen i Ulladalen. Mannen som hadde vore ein staut arbeidsmann i unge år, fekk store giktplager og måtte gå med to stavar. Dermed blei det Berta som måtte ta seg av det meste av gardsdrifta på den vesle garden som ikkje kasta mykje av seg. Berta og Gaute hadde det trongt. Dei hadde ikkje råd til radio, blei det fortalt. Men ein av naboane søkte Radiogave-fondet om hjelp og dermed fekk dei radio på Holmen også.


Berta og Diamander budde i det grå huset til høgre i bildet.



Den 72 år gamle brura fekk ein heilt annan levestandard på sine gamle dagar etter å ha blitt gift med den 14 år yngre Diamander og flytta frå Ulladalen til huset hans på Erøy.


Diamander var fiskar og gardsarbeidar i yngre år. Seinare blei han vegarbeidar då Ryfylkevegen blei bygd gjennom Erfjord. Der var han like til han blei utsett for ei arbeidsulukke og blei uføretrygda.


Alle fortel om ein svært gavmild mann. Diamander var mykje ute på fjorden og fiska. Då han kom heim, gav han bort fisk til alle som ville ha. Det var aldri snakk om betaling.


Huset til Diamander sto på bygsla grunn på eigedommen til Berit og Olav Erøy. Grunnaleiga var 30 kroner året. Den blei ikkje betalt. Dei fekk rikeleg med fisk i staden.


- Han var den fyrste i Erfjord som fekk fargefjernsyn. Og alle som var forvetne og hadde lyst å sjå dette vidunder-apparatet fekk komma inn og sjå. Og den mannen sparte ikkje på fargane, blir det sagt.


Koss kunne det bli eit par av Berta og Diamander? Det var ikkje noko internett og Tinder-greier til finna ekefeller på den tida.


Dei to hadde begge slekt og kjenningar i Jøsenfjorden. Der blei dei kjende, og dette er nok forklaringa på at dei blei eit par.


Berta tilbake i Ulladalen på sine gamle dagar. Her saman med sin tidlegare 
nabo, Nille Krumshagen.



Då Diamander blei sjukleg i sine siste år, fekk begge to plass på sjukeheimen på Sand. Etter at mannen døydde i 1984, fekk Berta plass på aldersheimen på Jelsa.


Sjølv om Diamander var død, blei ikkje Berta gløymd av familien hans.


Her feirar Berta åremålsdag med frukost på senga på besøk hjå
Solveig og Kornelius Fredheim i Erfjord. 

  

- Ho var ofte på besøk heime hjå oss ved Bogsfjorden. Alltid blid og smilande og med eit handarbeid i fanget, fortel Kristin Fredheim, dotter av Solveig og Kornelius Fredheim. Faren var bror til Diamander.


Berta døydde i 2000. Ho blei 100 år gammal.


Diamander-navnet er ukjent for dei fleste. Kva er forklaringa? Faren ville visstnok døypa sonen Demann, men det ville ikkje presten godta. Kompromisset blei Diamander, blir det sagt. Men i kyrkjeboka står det Demander. Dette er nok forklaringa på at dette navnet blir brukt i den nye bygdeboka for Erfjord med Ernst Berge Drange som forfattar. I etternavnet er det blitt både æ og e. Eg har halde meg til Skjerahaug med e.


Faren, Tønnes, hadde 17 barn fordelt på to ekteskap og eit barn utanfor ekteskap. Tre i det fyrste ekteskapet og 13 i det andre. Fleire hadde navn som kan seiast å vera sjeldne. Her kjem dei i kronologisk rekkefølge: Fyrste kull: Berta Ragnhilda (1896), Sven (1897), Karen Celia (1899). Andre kull: Torvald (1908) Alfred (1910), Amanda Sofie (1912), Diamander (1913), Bendik (1914), Melia Bonette (1916), Selmer (1917), Monrad (1919), Kornelius (1920), Thommes (1922), Alida Johanna (1924),Hartvig (1925) og Sigve (1926). Dessutan hadde han ein son utanfor ekteskap: Han heitte Knut (1892).


I dag brukar Åslaug Erøy Jåsund og familien hennar huset til Berta og Diamander som fritidsbustad.



Huset der Berta og Diamander budde på Erøy, arva grunneigarane Berit og Olav Erøy. I dag er det dotter deira, Åslaug Erøy Jåsund, som er eigar og brukar dette som fritidsbustad.

Kommentar på Facebook frå Laila Fuglestein:Veldig kjekt å sjå og lesa om mine tidligere naboer! Han/dei var veldig gavmilde ja. Me hadde gratis fisk på døra i heile min barndom, på lik linje med fleire andre. Flotte sengeteppe hekla dei og gav vekk til mange. Har ennå dokka med ein heil klesseksjon fra han hos meg. Som han hadde vunnet på basar og som han ivrig deltok på - med stor vinnerlykke. Eg og andre ungar i seks/sju års alderen "snuste" litt rundt huset deira, når dei fekk seg farge - TV, i håp om me kunne sjå noko til fargene! Tenkte han var rik som hadde råd til dette. Koselige minner!


onsdag 3. august 2022

Gaute Kvestad, fattig fjellbonde som var heldig med kona

 


Gaute Kvestad, ein fattig fjellbonde frå
Ulladalen. 


Han blei fødd på ein liten husmannsplass, Holmatre i Ulladalen, men han vaks opp i Suldalsdalføret på plassen Bruna under Kvestad-garden. Som vaksen kom han attende til Ulladalen og blei leiglending på garden  Holmen. Gaute blei buande i Ulladalen til han døydde i 1964, 75 år gammal.


Eg fann eit godt bilde av Gaute Kvestad i samlinga etter Bastian Bærheim. Så rota eg i Aftenblad-arkivet og fekk fleire opplysningar i den nye bygdeboka for Suldal: Ernst Berge Drange: Gardar og folk. Nok til å laga ein epistel om ein slitar som snart alle har gløymt.


Eit liv med mykje slit og små kår etter dagens mål. Men han var heldig med kona. - God hjelp har han hatt av ei rask kone som har teke mange tunge tak, sto det i Aftenbladet då han fylte 70 år. Dei hefta seg ikkje vekk med å skriva navnet på kona i avisa på den tida.


Berta heitte kona som var ti år yngre og kom frå garden Østerhus i Jøsenfjorden. Dei gifta seg i 1924 og busette seg på garden Holmen i Ulladalen året etterpå.


Berta og Gaute Kvestad flytta inn på Holmen i 1925. Dei var leiglendingar fram
til 1950. Då fekk dei kjøpa garden av staten. Foto: Albret Vasshus.



Gaute måtte tidleg ut og gjera nytte for seg. Han blei ein dugande arbeidskar og dreiv mest med gards- og skogsarbeid, men han prøvde seg også som skyssgut mellom Sand og Suldalsosen. Då arbeidet på Ulladalsvegen starta, drog Gaute over heia og blei vegarbeidar. Det var nok då han møtte Berta frå Jøsenfjorden. Dei gifta seg i 1924.


- Gaude, sa Berta då ho omtala ektemannen. Ho var frå Jøsenfjorden der dei hadde blaude konsonantar og sa maden og kaga. Ho heldt på dialekten sin sjøl om flytta til Ulladalen som ligg på andre sida av denne viktige dialekt-grensa. Der bruka dei harde konsonantar. 


Men den sterke arbeidskaren blei sterkt plaga av gikt og blei etterkvart tvinga til å bruka to stavar. Då kom det nok godt med å ha ei rask kone som tok mange tunge tak.


Det unge ekteparet på Holmen levde ikkje i rikdom. I 1927 søkte dei to vegarbeidarane Gaute Kvestad, Ulladalen og Jørgen Årtun, Jøsneset, Hjelmeland heradstyre om å få ettergitt skattegjelda si, men dette blei ikkje innvilga. Men dei fekk gjelda si nedsette, den fyrste til 75 kroner og den andre til kr. 33,11.


I 25 år levde Berta og Gaute som leiglendinga på garden Holmen. Deretter var dei sjølveigande.


8 mai 1950 melder Aftenbladet at Ulladalsbøndene blir sjølveigarar igjen. Staten kjøpte dei fem småbruka i 1912 for å få hand om vassrettane i Ulla-elva.


Salgssummen for dei fem bruka blei i 1950 sett til 21 100 kroner. Det er fire kjøparar til fem bruk: Jakob Krumshagen, Svein Mæland, Nils K. Mæland og Gaute Kvestad.


Salgssummen for det dyraste bruket, Bøen, er på 9000 kroner og det billigaste, Holmen, går for 1500 kroner.


Då staten kjøpte gardane med vassrettar i 1912 var det fordi dei meinte ein trong jorda når det skulle byggjast ut, men seinare fann dei ut at ein skulle byggja ut Ulla og Førre-elva saman og då gjekk innmarka på gardane fri.


Fylkeslandbrukssjef Johan Askeland meinte at det var lite framsteg å merka både i sjølve gardsdrifta og for bygningane i Ulladalen. Grunnen var at brukarane var leiglendingar. Derfor meinte han dei måtte få bruka til ein rimeleg pris. Halve innmarksvidda var i høgda steinfylt natureng.


Berre fjellfolk kan finna seg til rette i Ulladalen og leva av desse små bruka. Den prisen staten betalte i 1912 og tilsvara omtrent omsetnadsprisen i 1940. Landbrukssjefen meinte at ein nå måtte selja for det halve. Slike bruk tålte ikkje høge kapitalutgifter.


- Bruket til Gaute Kvestad ligg ulageleg til og der må det gjevast ekstra avslag, var dommen frå landbrukssjefen.


Gaute skulle ha vore noko mismodig og misnøgd av seg, står det i den nye bygdeboka. - Eg likte meg aldri ein dag på Holmen, sa han. Det var elvesus og bråk på alle kantar, ikkje minst frå Kvednåno når den var på sitt største. Berta og Gaute fekk ikkje barn. Det blei sagt at Gaute ikkje ville ha ungar.


Til slutt flytta dei frå Holmen og budde på Garen i Ulladalen dei siste åra Gaute levde. Han var ein rettskoren og plikttru kar, sto det i avisa.


Ein mann som gjekk stilt på jorda, vil eg seia.


I 1971 gifta Berta seg med enkjemannen Diamander Skjerahaug frå Erfjord. Dei budde på Hauaneset på Erøy i Erfjord. Berta blei 100 år gammal.


Facebook-kommentar frå Velaug Innvær:

 Berta og Gaute krevde ikkje mykje. Radio hadde dei ikkje. Det blei søkt om å få radio frå radiogavefondet og radio fekk dei.

 Dei hadde ikkje hest, så det var Berta som drog plogen, men ho fekk hjelp av andre i dalen med tunge tak.

Det var ikkje lett for Gaute,så ufør han var. Berta var god, bar inn både vatn og ved. Ho sparte seg ikkje. 


Facebook-kommentar frå Wenche Liv Karlsen: Da jeg var liten jente leide mine foreldre hos Berta og Gaute på Holmen i Ulladalen om vinteren og påsken. De gikk på ski, først opp Brekkå og så innover mot Sandsa. Jeg var da ofte igjen i dalen med Berta. Det var krig, og jeg husker jeg fikk havregryn og sukker i kopp som snop av henne. Hun hadde en lang flette minnes. Gaute var engang på besøk hos oss i byen og gikk til Vistemannen siden han var så giktisk. Wenche Liv Karlsen: Da jeg var liten jente leide mine foreldre hos Berta og Gaute på Holmen i Ulledalen om vinteren og påsken. De gikk på ski, først opp Brekkå og så innover mot Sandsa. Jeg var da ofte igjen i dalen med Berta. Det var krig, og jeg husker jeg fikk havregryn og sukker i kopp som snop av henne. Hun hadde en lang flette minnes. Gaute var engang på besøk hos oss i byen og gikk til Vistemannen siden han var så giktisk.

Facebook-kommentar frå Annfrid Halsne: 

    Eg minnest Berta i arbeid, var med henne og sandskura tømmrastova i Ulladalen. Ho var og aktiv i slått og anna onnearbeid hos bestemor. Ho stod i tunet på Holmen og vinka til oss då me gjekk opp Bakkalia på veg heim til Suldal