onsdag 23. mai 2018

Svær fjordabåt gjennom smalt sund i Ryfylke




Djupasund ligg midt i leia mellom Finnøy og Hjelmeland. Foto: Bloggaren.

Viss du er på båttur med eigen båt i Ryfylke, er det kjekt å ha ein del godbitar på lur når du har invitert folk med deg og vil imponera gjestene. 

Fisterøyane ligg midt i smøraua viss du er på fjordatur. Her er det vakkert og passeleg tronge farvatn til at du kjem nær holmar og skjer utan at det utartar  til nokon sjanseseilas. Sjå på kartet og følg nøye med fyrste gongen du ferdast her, så veit du kor du er neste gong du går same leia. 
Her finn du Børøy i Hjelmeland kommune. Kart: Google.

Djupasund finn du mellom Børøy og Børøyholmane i Hjelmeland kommune. Det er djupt som navnet fortel, men ganske smalt. Viss du skal frå Finnøy til Hjelmeland/Fister eller omvendt, kan det vera ein snarveg å gå gjennom dette sundet. 

Når du går inn i sundet, ser du fort staken som visar kor du skal gå. Det er djupast på Børøy-sida. Viss det ikkje er møtande trafikk, kan du berre peisa gjennom sundet. 

Viss gjestene dine gjer store auer og er usikre på om du har kontrollen, kan du berre slå ut med handa og seia som eg pleier: 

- Ikkje farleg å gå her med den litle båten vår. Her gjekk «Hjelmelandsfjord» si tid. 

Og det er ikkje tull. Dette kan eg dokumentera:


Onsdag 20. juli 1960 var «Hjelmelandsfjord» på ekstratur med Aftenblad-lesarar.  Då gjekk den gjennom Djupasund.

Nesten 300 passasjerar var om bord i båten denne kvelden. Djupasund var eit høgdepunkt på turen. Ifølge avisa var det ein ferierande skipskaptein i utanriksfart med på turen. Han sendte helsing til kaptein Johan Warland på tur og gratulerte med godt sjømannskap. Om alle andre skipskapteinar ville vore like begeistra for slike oppvisningar, er eg slett ikkje sikker på. Den var jo litt dristig med den svære båten.


Men nå har du iallfall fått tipset om eit kjekt, smalt, men djupt sund i idylliske Ryfylke. Du treng ikkje vera redd for å gå på grunn her.

Ryfylke friluftsråd har laga ei 18 meter lang brygge på den søre Børøyholmen. Fin plass å liggja viss det ikkje er nordavind. Favorittplassen min i dette området er steinbrygga på Fårøy tvers overfor Børøy. Flott plass, der det fort blir opptatt.

 Men på dei flotte sommardagane me har nå, er det nok lett å finna plass for dei som har fri og kan nyta den tidlege sommaren. Det blir meir kamp om plassen når skuleferien startar. God tur!

Føler det heilt naudsynt med et bilde av «Hjelmelandsfjord» til slutt i denne bloggen:

«Hjelmelandsfjord» på veg frå byen. «Fjorddrott» til venstre. Foto: Stein Erik Gilje.

Arild Hansson Då eg sommarjobba på Hjelmelandsfjord va eg me fleire gonger gjønå der. På 60-talet ein gong styrte eg og.

Helge Salte Begynte i «selskapet» på Hjelmelandfjord, 17.03.1978 som styrmann under Johan Warland. (Er der forsatt, når de ringer og eg har lyst) Gikk gjennom Djupasundet flere ganger med han, og senere med Tor Halsne, som kaptein,men da med Hidle, ex»Rennesøy». Mener og vi gikk gjenom med Ternøy, ex»Skudenes», med Jon  Meland som kaptein. Etter det har eg gått gjenom sundet med de fleste hurtigbåter som eg har ført i Hjelmelandsruta. Men dette var før vi fikk anbefalte (pålagte rute-traseer) fra rederiet i 1993. Dette ble gjort fordi fritidsbåter skulle vite hvor hurtigbåter hadde sine rute-traseer. For å kunne fortøye trygt og nyte holmer og skjær, uten å frykte bølger fra en hurtigbåt som plutseligt rundet en holme. Rutene ble publiser til båtforeningene i Rogaland.





torsdag 10. mai 2018

Skandale-ferja «Tau» blei hata frå fyrste dag

«Tau» fekk motorstopp midt på Hidlefjorden og blei liggjande og driva i
to timar til ein taubåt fekk buksert ferja til kai på Tau. Foto: Aftenbladet.


Pendelferja «Tau» som blei sett inn i Tau-sambandet 24. januar 1977 var både forakta og hata mellom dei reisande. Fleire opprivande hendelsar med denne ferja førte til at gleda var stor den dagen då  den forsvann til Nord-Norge. Den gjekk på grunn to gonger og verst av alt: 5. juli 1978 blei «Tau» liggjande og driva med motorstopp midt på Hidlefjorden i to timar. Det var fullt av pendlarar og bilar om bord.  

Den flunkande nye ferja var ikkje ein gong velkommen då den kom til Stavanger for å bli sett inn i Tau-ruta. Lokalpolitikarar og reisande ville ikkje ha ei åpen pendelferje. Dei var meir kravstore enn som så. Fire år tidlegare kom fjordferja «Stavanger». Det er det flottaste og mest eksklusive fartyet som nokon gong har gått i rutefart i Ryfylke. Salongane var heilt eineståande for passasjerane og bildekket var innelukka og skjerma bilane for øydeleggjande sjøskvett og ekkel måkaskit. 

I staden for å skaffa ei ny ferje lik den flotte «Stavanger», bestilte  Stavangerske ei åpen pendelferje som ingen av brukarane ville ha. 
Pendelferja «Tau» gjekk fyrste tur i Tau-sambandet 24. januar 1977. Foto: Aftenbladet. 



Radioen i styrehuset på den flunkande nye ferja var innstilt på NRK Rogaland  då «Tau»  kom sørover i Karmsundet på veg mot Stavanger i januar 1977. I radioen kom det klart fram at dette ikkje var ein ferjetype folk ville ha i Tau-sambandet. 

- Me er ikkje velkomne her sør. Eg trur det er betre å snu og gå tilbake til verftet i Ulsteinvik igjen, sa kaptein Esra Olsen. 

Den kjende forsvarsadvokaten Atle Helljesen var den fyrste som gjekk til angrep på nye «Tau». Han budde på Strandalandet på den tida. Helljesen nekta å betala på ferja på grunn av maskinstøyen i nedre salong. Propellakslingen som gjekk under golvet i salongen var ikkje støyskjerma godt nok.

 I eit lesarbrev i Rogalands Avis kalla Helljesen «Tau» for slaveskipet sidan fleirtalet av dei reisande var henvist til å bruka den store salongen under bildekket. Salongen på øvre dekk var altfor liten på turar med mange reisande. 

«Tau» gjekk ut av ferjeleiet på Tau og rett på Sagholmen i tjukk skodde søndag 13. mars 1977.


Søndag 13. mars 1977 gjekk «Tau» i tjukk skodde rett på Sagholmen ved utløpet av Tauvågen, fullasta med bilar og passasjerar. Neste dag prega grunnstøytinga fyrstesida på Aftenbladet. Kapteinen skulle ha svinga hardt til styrbord i det ferja gjekk frå kaien på Tau. Men ferja gjekk rett fram og traff holmen. «Tau» blei ståande i vel 10 minutt på grunn før den kom seg av for eigen maskin. 

Då hadde folka om bord sjekka at det ikkje var lekkasjar om bord. Ferja gjekk deretter til Stavanger for eigen maskin. Dermed var punktum sett for ei problematisk helg. På fredagen hadde ferja hatt maskinproblem, på laurdagen hang den fast i ferjelemmen i Stavanger og på søndagen altså på grunn på Tau.
Aftenbladet 16. august 1978.

Samme ferja gikk også på land ei nattt ved fyrlykta ved innseilinga til Tau. Då hadde «Tau» gått ein ekstratur på natta med ein ambulansebil. Det var tjukk skodde og kapteinen sakka på og mista styrefarten og havna i strandsteinane.

 Men motorstoppen midt på Hidlefjorden på ettermiddagen 5. juli 1978 var den store skandalen som «Tau» blei hugsa for lenge etter at den forsvann til Nord-Norge.  

Fullasta med pendlarar låg ferja og dreiv midt på fjorden i to timar før ein taubåt kom og bukserte ferja til lands. 

Vatn i drivstoffet var årsaka til motorstoppen. For å spara pengar var det ikkje montert brennolje-separator. Dermed gjekk vatnet rett i motoren. 

«Tau» fekk så dårleg rykte at den fekk skulda for alt som gjekk gale i Tau-ruta. Då den nye ferja «Solbakk» kom i 1978, hadde den ein samanstøyt med «Finnøy» omtrent ved Bybrua. For Aftenblad-journalisten som skreiv om denne saka blei dette forvirrande. Vedkommande begynte å skriva «Solbakk», men i slutten av artikkelen var det blitt «Tau» her også.

I 1982 blei «Tau» seld til Nord-Norge og skifta navn til «Røsund». Her skal den visstnok vera i bruk ennå. 

«Solbakk» var ei forbetra utgåve av «Tau». Bortsett frå uhell under Bybrua i 1978, gjekk den utan uhell av betydning fram til den blei seldt i 2000. I dei siste åra har «Solbakk» vore tilbake i Ryfylke som reserverferje med navnet «Stallovarre».



«Tau» 1977 - fakta: Bygd ved Ulstein-Hatlø Mekaniske Verksted i Ulsteinvik. Som ny sertifisert 388 passasjerar. Den hadde plass for 50 bilar. Lengde: 80,29 meter. Bredde: 11,26 meter. Ferja blei forlenga med 16 meter i 1987. Då fekk den hengedekk også.



onsdag 2. mai 2018

«Tau»-styrmann hoppa på sjøen for å redda mann frå å drukna


Styrmann Kristian Vervik på «Tau». Bildet tilhøyrer Else
Vargervik.


- Mannen i sjøen reagerte ikkje då eg kasta ei kastelina til han. Han var i ferd med å gå under.  Eg hoppa i sjøen etter han, fortel Kristian Vervik som var styrmann på «Tau» denne dramatiske natta i april 1968.  

Ferja hadde lagt seg til ro for natta på den faste plassen ved Jorenholmskaien i Stavanger. Styrmannen hadde gått til køys i lugaren sin, men blei vekka av skriking. På den tida var det ein maskinist om bord som hadde ei fortid som krigsseilar. Han var plaga av mareritt av og til.

 
Fyrstesida i Aftenbladet 28. april 1968.
Vervik sto opp for å hjelpa han til å få ro. Men ropa kom ikkje frå maskinist-lugaren. Oppe på bildekket traff han maskinisten. - Mann overbord, ropa han.


- Han hadde  rett. Eg såg mannen som låg i sjøen. Då han ikkje reagerte, fekk eg maskinisten til å springa og vekka dei andre om bord. Sjølv hoppa eg sjøen. Eg fekk tak i beina på mannen som var i ferd med å forsvinna i djupet. 

Styrmannen fekk dradd med seg mannen bort til skutesida på ferja. Der hadde dei andre om bord fått ut ein ein leider og dermed fekk dei tak i mannen og drog han om bord. Kort tid etter kom det ein ambulanse og henta han. Det viste seg at dette var ein mann med psykiske problemer. 

Kristian Vervik greidde å karra seg om bord ved eiga hjelp. 

Neste dag, 26. april 1968  skreiv Aftenbladet om det nattlege dramaet på Jorenholmskaien i Stavanger. 

Koss hadde Aftenbladet fått vita om denne hendinga?

Eg kom ikkje på å spørja Kristian Vervik om dette, men eg trur eg veit svaret likevel. Eg var matros på Tau-ferjene fire somrar på rad frå 1967 til 1970.  Aftenblad-journalist Johan Lundbø var fast gjest om bord i Tau-ferja kvar morgon. Lundbø hadde eit spesielt ansvar i avisa for å skriva om ferjer og fjordabåtar. 
Journalist Johan Lundbø i Aftenbladet.
Bildet er henta frå boka Avisen og
menneskene.

 
Når ferja kom frå Tau til Stavanger klokka 7.15 kvar morgon sto Lundbø og venta på kaien. Han gjekk straks om bord og ned i messa der han drakk kaffi saman med kapteinen som var på jobb. Rett før ferja skulle gå, steig journalisten i land og gjekk på jobb i Aftenbladet. På den tida starta arbeidsdagen for journalistane med morgonmøte klokka 7.45. Då kunne Lundbø melda inn dagens nyhet frå Tau-ferja. 

Då avis-pressa begynte å sviva klokka 12, var Tauferje-dramaet plassert på fyrstesida.

Johan Lundbø var den fyrste journalisten eg visste om. Men han var gått av med pensjon då eg kom inn i Aftenbladet som sommarvikar i redaksjonen sommaren 1976. Lundbø hadde hytta i Alsvik ved Årdalsfjorden. Saman med buhunden sin, Bamse, hadde han fast plass på styrbord bruving på Tau-ferja når han reiste til og frå hytta på fine sommardagar.