lørdag 25. november 2017

Kor i fjordane er du, "Eira"?

Kor er dette henne? "Eira" fotografert ein stad i Ryfylke. Bildet tilhøyrer Per Magne Vølstad. 


Dampbåten "Eira" med dampen oppe ein plass inne i ein fjord i Ryfylke. - Kor er dette bildet teke henne? Spørsmålet har Per Magne Vølstad retta til Ryfylkemuseet på Sand. Fotograf var Erling Søiland som var morfaren til Vølstad. Museet har sendt biletet vidare til Terje Bråtveit som har maila det vidare til meg.

Koss i all verda skal eg vita dette? Dette må vera lenge før mi tid.  Dessutan er det berre bratte fjellsider å sjå på biletet. Dei kjenner ikkje eg igjen. Derfor sender eg dette vidare til dei som  måtte orka å lesa denne bloggen.

Forvetenskapen min blei likvel så pass pirra at eg henta fram boka til min gamle Aftenlblad-kollega Magnus Torgersen. Den har tittelen "Fjordabådane" og kom ut i 1980.

- De er få de båtene som har gått lenger i Høgsfjorden enn gamle "Eira", skriv Magnus Torgersen.

"Eira" etter diverse ombygningar. Den gjekk i rutefart frå 1891 til 1950. Bildet er henta frå boka "Fjordabådane" av
Magnus Torgersen. 
"Eira" blei bygd i 1891 i Trondheim for Romsdalens Dampskibsselskab i Molde. Men fem år seinare blei den seldt vidare til Sandnæs, Stavanger og Høgsfjordens Dampskibsselskab og sett inn i rutefart på Høgsfjorden. Dette rederiet hadde alt ein større båt med navnet "Oscar II" som gjekk i same området. Den sistnevnte båten ligg jo i Sandnes som veteranbåt i dag.

I 1924 blei "Eira" seldt til Harald Eide, Fiskå. Nå havna "Eira" i Årdalsruta i konkurranse med Jøsenfjord-selskapet sin "Robert". Etter ei tid blei "Eira" overteken av Jøsenfjord som hadde den fram til 1931. Då dampa båten vidare til Bergen.

Ny eigar var Hjelme & Herløe Dampskibsselskab. "Eira"  blei nå registrert i Bergen og gjekk i fjordafart her fram til 1950.

I 1952 var "Eira"  tilbake på våre kanter. Då blei den opphoggen på Buøy.

På biletet til Vølstad ligg det ein båt på innsida av "Eira".  Eg har lese så mykje i Torgersen-boka at eg fekk mistankar i ein bestemt retning.

"Farmann" med klipperbaug og baugspryd. Bilder er henta frå boka "Fjordabådane" av Magnus Torgersen. 


Torgersen skriv at i 1910 fekk "Eira"-rederiet ein ny båt med navnet "Farmann". Dette var opphaveleg ein yacht med klipperbaug som var bygd i Skottland for ein engelsk lord.  "Heather Bell" var den døypt. Seinare fekk den navnet "Black Pearl" og var svartmalt som det britiske kongeskipet.

Den kom til Stord for å bli norsk rutebåt. Planen var at "Farmann" skulle gå i rutefart mellom Haugesund, Stord og Bergen. Dette blei ingen stor suksess. Etter ei tid kolliderte den med ein annan rutebåt og blei liggjande i opplag i Bergen ei tid før den blei overteken av Sandnes-rederiet.

I 1916 blei "Farmann" seldt tilbake til Bergen og blei ombygd til fraktebåt. Kort tid etterpå kolliderte "Farmann" på veg frå Bergen til Bodø med tomtønner. Den gjekk ned i Alstenfjorden utanfor Sandnessjøen.

Ut frå dette trur eg at bildet er teke ein gong mellom 1910 og 1916 ein stad i Høgsfjord-området. Men kor henne har eg inga meining om. Er det andre som vil prøva seg?


Svar på spørsmåla er stilte i denne bloggen, endar jo alltid opp på facebook istaden for på  bloggen. Derfor har eg klippa og lima slik at blogglesarar får med seg det viktigaste:



lIngvar Mikal Fossan Trebåten "Høgsfjord" bygget 1913 inne ved kai. Kan det være Oltesvik?
LikerVis flere reaksjoner
Svar
2
25. november kl. 14:39
Fjern
Kjell Magnar Stangeland Godt alternativ og sikkert riktig 🤗
LikerVis flere reaksjoner
Svar25. november kl. 14:52
Fjern
Jone Laugaland Du har heilt rett, Ingvar Mikal Fossan, dette er Høgsfjord. Farmann var jo spinngale. Denne gjekk på Høgsfjorden fram til 1930.



ngvar Mikal Fossan "Høgsfjord" ble solgt i 1931 for da kjøpte Høgsfjord ruteselskap "Lysefjord 1", som forliste i innløpet til Årdalsfjorden i 1941. Utleigt til Jøsenfjord Ruteselskap.
LikerVis flere reaksjoner
Svar
3
25. november kl. 15:38Redigert
Fjern
Steinar Warland Jeg hadde en prat med Nils Vold på telefonen i dag. Han mente også at det var Oltesvik.
LikerVis flere reaksjoner
Svar
1
25. november kl. 19:35
Fjern
Kenneth Kristensen E nok Oltesvik,har lasta mye steinstøv dere senere tid😊
LikerVis flere reaksjoner
Svar25. november kl. 21:56










onsdag 22. november 2017

Styrmann Olsen på hesteryggen

"Lilly", siste gardshesten på Kvitsøy, fekk hjelp av både styrmann Erling Olsen og kaptein
Sankey Fjeld  då ho skulle i land frå "Sjernarøy" i 1973. Foto: Leif Berge.


Lilly - den gamle merra - nekta plent å gå i land frå "Sjernarøy" i Stavanger. Ikkje løye det. Slakthus-bilen venta på den krok-hasa og stivbeinte 33-åringen når ho kom seg over landgangen og inn på kaien.

Lilly var den siste arbeidshesten på Kvitsøy. Heilt sidan 1947 hadde ho vore ein trufast gardshest for eigaren, Ingvald P. Håland.

Øyken nekta plent å gå i land frå fjordabåten "Sjernarøy". Ho sto sta og stiv under bakken og ville ikkje rikka seg.  Men styrmann Erling Olsen frå Mosterøy var ikkje rådlaus. Ute på øyane var dei vande med husdyr av alle slag.

Styrmannen fekk på seg kjeladressen og svinga seg opp på hesteryggen. Då blei det liv i Lilly. Ho trippa tvilande over dekket og ved landgangen sto kaptein Sankey Fjeld som tok tak i grima og hjelpte hesten trygt ned over landgangen.

På kaien sto Aftenblad-fotograf Leif Berge og fekk foreviga den historiske hendinga. Neste dag, 30. januar 1973, var Lilly frå Kvitsøy fyrsteside-stoff i Aftenbladet.

Fotografen fekk nok  hjelp av ein journalist i avisa som skreiv ein inspirert tekst til bildet frå kaien. Skulle ikkje forundra meg om det er Jon Moe eller Per Surnevik som har forfatta dette:

"Lilly hans Ingvald P. Håland har gått i skjekene dei fleste av sine 33 år. Opphavleg kom ho til verda i 1940, men først i 1947 kom ho til husbonden sin på Kvitsøy. På den tida var ho i godt lag på øyane vest i havet, men med åra har traktorane fortrengt den eine merra etter den andre, og nå var det ikkje rom for Lilly heller. På kaien venta slakteribilen.

Det er alltid sakn når hesten dreg av garden. Når siste hesten fêr frå kommunen, då er det ein epoke som ebbar ut. Det er ein milepæl i ei endelaus utvikling: Det året då vårsilda ikkje lenger sto i fjorden, og det var det året då Kvitsøybuane lærte seg å mata krabben.

Men dette er det året då siste merra fôr frå øya. Ingen veit om noko hestemule skal gnaga Kvitsøygras meir. "

Lilly var nok den siste gardshesten på Kvitsøy. Men det har vore "fornøyelseshestar" her seinare.

Dette bildet fekk Erling Olsen av fotografen og han har hatt det hengande i stova si heime på Mosterøy. Eg fekk ein kopi av han. Nå er det også forsvarleg arkivert i Aftenbladet.





lørdag 11. november 2017

Nesten-forlis forsinka forlovelsen

Forlova ein dag forsinka. Solveig Norland og
Arnt Søllesvik 23. august 1953.


Ei spent Stranda-jenta sto på Ryfylkekaien i Stavanger og venta på fjordabåten "Bokn" på laurdagskvelden 22. august 1953. Ikkje rart ho var litt oppspilt. Ho skulle forlova seg med styrmannen om bord, Arnt Søllesvik, nettopp denne kvelden.

Gullringane var trygt plassert i styrmannslugaren på "Bokn". Arnt hadde fått låna ein ring av Solveig slik at han hadde ordna med passeleg stor ring til henne. Solveig hadde jobb på Forbruken på Tau. Ho kunne ikkje ta seg fri midt i veka for å dra til gullsmed i byen.

Denne kvelden skulle båten komma i rute frå Muslandsvåg. Men den kom ikkje. Solveig venta og venta. Ingen båt.

Til slutt måtte ho ta båten tilbake til Tau og overnatta der. Ho visste ikkje kva som hadde skjedd. Folk hadde ikkje mobiltelefon på den tida. Kan du tenkja deg?

"Bokn" i Børevigå mange år seinare. Foto: Johannes Østvold.


På søndagsmorgonen drog ho til byen igjen. Då låg "Bokn" ved Ryfylkekaien, klar til å gå til Rennesøy på føremiddagen.

Då fekk ho forklaringa: "Bokn" hadde gått på land på Vassøy. Rorkjettingen hadde sett seg fast og dermed mista kapteinen styringa på båten. Dei som var om bord måtte ta seg av passasjerar og båten. Dei fire passasjerane om bord blei tekne om bord i ein passerande båt og kom seg til byen.

Men skipper og styrmann måtte få kontakt med folk i Stavangerske som kunne skaffa hjelp til å få "Bokn" brakt flott som dei kalte det på den tida.  Slepebåten "Klas" kom etterkvart dampande frå Klasaskjæret til Vassøy for å dra "Bokn" av grunnen.

Då båten gjekk frå byen måtte styrmannen selja billettar aller fyrst. Så kom han i full fart ned i lugaren og dermed fekk dei endeleg gullringane på ringfingrane ein plass på veg mot Sørbø på Rennesøy. Dei var ringforlova, men dei gjekk ikkje akkurat rundt og vifta med fingrane. Ingen andre visste om kva dei hadde planlagt.

Side 2 i Aftenlbladet mandag 24. august 1953,

Systrene til Arnt Søllesvik var dei fyrste som fekk vita om forlovelsen. Og dei handla raskt. Neste morgon var dei nede i Aftenbladet og sørga for forlovelsesnotis som sto i avisa same dagen. Mor til Solveig ante ingenting før ho les i Aftenbladet at dottera var forlova.

På same sida i Aftenbladet sto det også om grunnstøytinga til "Bokn".

Aftenbladet side 2 mandag 24. august 1953.


Alt gjekk etterkvart som det var tenkt. Men forlovelsesdatoen blei ein dag seinare på grunn av denne rorkjettingen på "Bokn".
















mandag 6. november 2017

Solbakk-jenta som forelska seg i "Fjordbris"-matrosen

Dei fann tonen, Solveig Norland frå Solbakk og matrosen på  «Fjordbris»,
Arnt Søllesvik. Dei traff kvarandre i 1952.


Av og til blir det med lange blikk. Andre gonger seier det klikk. Solveig frå Solbakk og styrmann Arnt Søllesvik på «Fjordbris» sende blikk, men stoppa ikkje der. Dei blei kjende og kjærastar. Seinare forlova dei seg, gifta seg og stifta familie.

Solbakk var ingen filleplass i 1950. Rutebåten «Fjordbris» var innom på Solbakk fleire gonger til dagen i ruta mellom Stavanger, Tau og Jørpeland. På den tida var det to butikkar der. Du kunne velja om du ville vera kunde hjå Byberg eller Tveita.

I dag hadde ingen ant noko om dette vegkrysset mellom Tau og Jørpeland viss det ikkje var for Ryfast-tunnellen. Den stikk ned under fjorden frå Solbakk og skal enda opp på bylandet etterkvart.

«Fjordbris» var eit dagleg syn på kaien på Solbakk. Bildet er teke 1. juni 1954. Tveita-butikken til venstre. Byberg
til høgre. (Flyfoto) 


20 år gamle Solveig Norland jobba som butikkjente på Forbruken på Tau på den tida då ho blei kjend med sjømannen om bord i «Fjordbris».

- Eg gjorde meg ærend på kaien når båten kom viss han var på om bord. Og på søndagskveldane reiste me til byen med «Fjordbris», fortel Solveig.

Den unge tysværbuen Arnt Søllesvik starta karrieren i Stavangerske i 1952. 23-åringen var styrmann om sommaren og matros om vinteren dei fyrste åra. Sjømannskap hadde han lært seg på fiskeskøyta «Sjøliv» til onkelen på Bremnes. Han hadde også vore dreng både på Finnøy og på Jæren. Som 16-åring pløydde  han med to hestar. God trening for ein som seinare blei hurtigbåtskipper og måtte manøvrera med to motorar på ein gong.

 Solveig Norland måtte også tidleg ut i arbeidslivet. Fyrste jobben hadde ho på telefonstasjonen på Tau. Den var plassert i Ødvin-butikken. Der var ho i eit år før ho begynte som butikkjente på Forbruken som låg vegg i vegg med Ødvin. Venninna Bjørg Kleven sto på Ødvin-butikken.

På Forbruken på Tau var det fire butikk-jenter på denne tida. Sofie Høiland, Kjellaug Riveland og Ingfrid Tveit var kollegene til Solveig. Dei jobba ikkje berre på butikken. Dei hadde også som oppgave å laga middag for dei to mannlege butikk-betjentane Bjarne Mæland og Reidar Skogerbø.

I dag tek det ikkje mange minutt med bil frå Tau til Solbakk. Men tidleg på 1950-talet blei det rekna som langt. Vegen mellom Solbakk og Tau var ikkje rare greiene.  Solveig budde heime om sommaren og sykla til jobben på Tau. Om vinteren budde ho på hybel på Tau.

Dei tre matrosane på «Fjordbris» fann alle kjærastar på Strandalandet.
Frå venstre: Kåre Sjursen, Arnt Søllesvik og Olav Høyvik. Bildet tilhøyrer
Søllesvik. Bildet tilhøyrer Solveig Søllesvik. 
  

Berit Lauvsnes frå Jørpeland og
Kåre Sjursen frå Hjelmeland. 
Ein laurdagskveld etter at Solveig og Arnt var blitt kjærastar, var ho med «Fjordbris» til Jørpeland på siste turen om kvelden. Koss kom ho seg då heim til foreldra på Solbakk.

Null problem. Den unge kavaleren treiv ein sykkel som sto og støtta seg til ein stolpe på kaien. Sette Solveig på stanga og sykla henne heim til Solbakk.

«Fjordbris»-matrosane hadde sans for Stranda-jenter i 1952. Arnt Søllesvik seilte saman med Kåre Sjursen frå Hjelmeland og Olav Høyvik som også traff sine seinare ektefeller medan dei seilte i rutefart på Strandalandet.

 Kåre Sjursen møtte ei jenta frå Jørpeland, Berit Lauvsnes. Ho jobba på Forbruken på Jørpeland. Hjelmelandsbuen gjekk i land, gifta seg med Berit og blei stålverksarbeidar. Olav Høyvik blei kjærast og gift med Marit Eie frå Kjølevik.  Olav Høyvik seilte i Stavangerske i nærare 40 år før han blei pensjonist.

I neste bloggen min skal eg fortelja om då Solveig Norland og Arnt Søllesvik skulle forlova seg. Det blei meir komplisert enn dei hadde tenkt.

Solveig Søllesvik fortalte meg denne historien for eit par år sidan. Ho var ein flink forteljar. Dette resulterte i fleire bloggar. Solveig Søllesvik døydde i sommar, 86 år gammal.