onsdag 20. mai 2020

Ikkje någe snikk-snakk, Fister hermetikk takk!



Fister hermetikkfabrikk fekk ingen lang og minnerik historie. Men flotte etikettar fekk dei laga. 


- Ser du det huset der borte. Ja, nettopp, det rauda og gula. Der var det hermetikkfabrikk i si tid.

Det er mange år sidan ein eller annan peika ut dette huset på Fister for meg medan me venta på rutebåten på Fisterkaien. I aldri så mange år har eg visst at der var det hermetikkfabrikk. Dette hadde eg aldri tenkt å bruka tid på.


Bjørn Solberg framføre Fister hemetikkfabrikk. Her blei det seinare garasje då kompanjongane Solberg og
Meland gjekk over i transport-bransjen. 


Men så kom det ein mann med store auer og tok tak i meg. - Veit du at det finst svære haugar med ubrukte etikettar på Fister i den gamle, nedlagde hermetikkfabrikken. Du må reisa til Fister og snakka med Bjørn Solberg, far hans dreiv denne fabrikken for mange år sidan. Kontoret ser ut som det gjorde i 1950-åra. Dette må du skriva om, sa han. 

Kort tid etter kjørte eg tilfeldigvis forbi den gamle hermetikkfabrikken. Der sto Bjørn Solberg tilfeldigvis. Han hadde ingenting mot å visa meg det han hadde av minne frå den tida Fister hermetikkfabrikk var i full drift. 


Plommesyltetøy sto også på menyen.


Fargerik etikettar som fortel innhaldet i hermetikkboksane var det mange av. - Du må berre ta med deg, sa Bjørn Solberg. - Takk, men eg trur det held lenge at eg fotograferer eit utval, svara eg. 

Det gamle kontoret var meir eller mindre intakt. Fabrikkdrivarane hadde ikke kasta vekk tida med å rydda vekk etter fabrikkdrifta. Dei hadde kasta seg rundt og starta med biltransport, drosje og lastebil. Seinare dreiv dei også med skulekjøring.

På veggen bak skrivebordet heng det ein kalender med eit bilde av ei lett påkledd, engelsk dame. Kalenderen hadde eit blad for kvar månad. Desember 1956 står det på bladet som heng igjen. Då var nok tida med hermetikkfabrikk  på Fister definitivt over.
Kompanjongane Tormod Meland og Dagfinn Solberg.

Hermetikkfabrikken på Fister blei starta rett etter krigen av Dagfinn Solberg (fødd 1925) og Tormod Meland (fødd 1923).  Dei to ungdommane ville skapa seg arbeidsplassar og driva eiga næring då etterkrigsåra starta. Begge hadde vel litt kræmarblod i årene. Far til Dagfinn, Ola O. Solberg, hadde krambu på Fister. Faren til Tormod, Jakob Meland, var lærar, men var også kjent i Ryfylke som ein som var svært engasjert i sølvrev-oppdrett som var store greier i mellomkrigstida. Ikkje rart at dei to unge mennene ville driva eigen business.


Arbeidet med å byggja hermetikkfabrikken starta mot slutten av andre verdenskrig. Sement var mangelvare, men via kontakter fekk dei tak i både sement og kalk. Dei var sjølv i skogen og hogg tømmer til materialar til fabrikken.



Plommesyltetøy produserte dei også.


Då fabrikkbygget sto ferdig på eigedommen til far til Dagfinn Solberg, oppsto det nye problem. Det var ikkje råd å få tak i sukker til produksjonen. Sukkeret var rasjonert. Ole Bjelland i Hetlandsbygda hjelpte dei. Han hadde gode kontaktar og ordna med sukkerkvote gjennom folk i Landbruksdepartementet.

Fister hermetikkfabrikk la ned frukt, bær og grønnsaker, men det var mest plommer og pærer. - På det meste arbeidde det kring 10 personar, mest vaksne kvinner, i fabrikken i toppsesongen, fortel Jostein Meland, ein yngre bror av Tormod.

Men kven var desse kvinnene som jobba på den lokale hermetikkfabrikken? 88-årige Øystein Sandvik har granska saka og legg fram følgjande navneliste: Hansine Barnevik, Kari Holta som blei kalla Litla-Kari. (Ho vaks opp hjå tanta Kari Solberg. Blei seinare gift med Sven Kleppa, Nessa), Kjellaug Meland (seinare gift Hauge), Sigbjørg Meland (seinare gift Nessa), Annbjørg Barnevik, Eli Solberg (tante til Dagfinn Solberg) og Klara Barnevik (seinare gift Øvrehus).

Øystein Sandvik har nå funne fleire navn på folk som har vore på fabrikken: Berta Fister, Annbjørg Erland, Ragna Øvrehus, Gunhild Hauge (reiste seinare til USA), Olga Sandvik, Mallin Gjøse, Synnøve Øvrehus, Petra (ukjent etternavn) og Kjell Erland.

Då Fister hermetikkfabrikk skulle starta arbeidet med å hermetisera pærer 10. oktober 1950 blei følgjande arbeidsfolk meldt inn i trygdekassen på Fister: Annbjørg Erland, Klara Barnevik, Eli Solberg, Kjellaug Hauge, Berta Fister, Gunhild Hauge og Jostein Mæland. 

Men tida arbeidde mot hermetikkfabrikantane på Fister. På 1950-talet blei det fri import av utanlandsk hermetisk frukt. Den fortrengde den norske frukta. Dessutan blei sukkerrasjoneringa oppheva. Då kunne folk sjølv leggja ned plommer og pærer på Norgesglass. Tida var ute for norsk frukt på boks.


Plommer og moreller frå Fister på boks.

Det er ikkje skrive mykje om Fister hermetikkfabrikk. Bjørn Solberg, son av Dagfinn, er altfor ung til å hugsa noko av dette. Jakob Meland, son av Tormod, har heller ikkje noko å bidra med. Njål Tjeltveit har skrive litt om dette, men det var heller ikkje særleg mykje. 

Øystein Sandvik (88), mange hugsar ennå som matros på Tau-ferja, er utflytta fisterbu. Han var mykje saman med Dagfinn Solberg i ungdommen. Han hadde også oppdrag som leigesjåfør for kompanjongane Solberg og Meland. 

Ingen suksess med lapskaus-salg på Kristi Himmelfartsstevne på
Fister i 1953.
- Dagfinn Solberg planla ein kjapp forretning då det skulle vera Kristi Himmelfartsstevne på Fister i 1953. Han fekk laga store mengder lapskaus som skulle seljast til stevnedeltakarane når dei var forsynt med åndeleg føde.  Men dette blei ingen suksess. Dagfinn Solberg sat igjen med store mengde lapskaus. Trur du Dagfinn Solberg var rådlaus? Nei, han heiv seg rundt og la ned lapskausen på boks. Eg hjelpte han med dette arbeidet, fortel Øystein Sandvik som ikkje hugsar kor lapskausen blei av. 

Dette er alt eg har funne ut om Fister hermetikkfabrikk. Ingen bilder som viser produksjonen i fabrikken. Heller ikkje opplysningar om navn på dei som arbeidde her eller kundane som tok mot produkta frå Fister. Eg er takknemlig viss eg kan få bidrag som kan fylla ut soga om fabrikken. Det burde vera råd å få meir ut av dette enn fargerike etikettar sjølv om dei var flotte nok. 


Desember 1956 står det på kalenderen. Tida var ute
for Fister hermetikkfabrikk.



















fredag 8. mai 2020

Svane-sensasjon i Ryfylke?

Svaneparet kosa seg i den isfrie delen av Storsteinsvatnet, 600 meter over havet. Foto: Eldfinn Austigard.
Svaneparet kan ha mista lysten på flygeturen heilt nord til Finnmark og tundra-landskapet i Nord-Russland og landa på det delvis isfrie Storsteinsvatnet i Hjelmelandsheia for å vera der i sommar og laga sin eigen svane-familie. Men dette kan jo også vera lokale svaner som er ute og gjer seg kjende i sine nærområde. Hekkande sangsvaner i Ryfylke-heiane, derimot, vil vera ein sensasjon.

Ikkje lett å seia om dette er sangsvaner
eller knoppsvaner. 
Spekulasjonane er nå i full gang etter at Eldfinn Austigard, kultursjef i Hjelmeland, fotograferte svaneparet i Storsteinsvatnet sist søndag. Han var ute for å tilretteleggja for Kodejakta 2020 og skulle merka opp stien frå Kleivaland, via Kløv og Helgaland til Storsteinsvatnet og vidare til Bjødnabu og Årdal.

Svanene såg ut til å ha funne seg godt til rette i dei isfrie delene av vatnet, men var så pass sky at Eldfinn Austigard ikkje greidde å få så veldig gode bilde av dei med mobiltelefonen sin.

Ingen kjenner til at svaner har hekka ved dette vatnet tidlegare. Storsteinsvatnet ligg 600 meter over havet. Sjølv om talet på hekkande knoppsvaner har auka kraftig i Ryfylke i dei seinare år, er det ikkje vanleg at dei finn hekkeplasser så høgt til fjells.

Sangsvane. Foto frå Store norske leksikon.
- Sangsvaner er trekkfuglar. Dei dreg vanlegvis minst til Finnmark for å hekka. Men det hender at sangsvaner forlet trekkflokken sin og slår seg til på det indre Austlandet og i Trøndelag, men me kjenner ikkje til at dette har skjedd i vår del av landet, seier Håvard Husebø, ornitolog og rådgjevar ved Stavanger Museum.


Sangsvanene er ikkje ukjende på Jæren. Der har dei overvintra frå tid til anna.

Sangsvanene har gult nebb. Knoppsvanene har meir oransje nebb med den karakteristiske knoppen.

Store norske leksikon skriv fylgjande om knoppsvana:

Knoppsvane. Foto frå Store norske leksikon.

Knoppsvanen veier fra 9 til 14 kg, men en vekt mellom 10 og 12 er vanlig. Det er også registrert et rekordstort individ på 23 kg.
Ruger i vill tilstand i Nord- og Mellom-Europa og i store deler av Asia. I Europa har antallet økt fra 1960-årene. Ble første gang funnet hekkende i Norge utenfor Fredrikstad i 1937. Hekker nå i sivsjøer og enkelte steder i skjærgården på Østlandet, Sørlandet og i Rogaland og Hordaland, sjeldnere nord til Vesterålen. Har økt betydelig i antall her i landet fra 1970 (25–30 par) til begynnelsen av 1990-årene (nær 500 par). Mange overvintrer langs våre sørlige kyster. I motsetning til sangsvanen er knoppsvanen nærmest stum.
Kultursjef Eldfinn Austigard.
Kultursjef Eldfinn Austigard sette opp ein kodepost på vestsida av Storsteinen på søndag, men det var så mykje snø der turløypa skal gå at merkinga ikkje blei ferdig, Men det blir nok mange turgåarar som vil passera Storsteinen på kodejakt i sommar. Kodejakta 2020 har ti vanlege turar rundt om i Hjelmeland med turen frå Kleivaland om Storsteinen til Årdal eller Hjelmeland som langturen.
Det blir spennande å sjå om svaneparet blir verande eller om dei er like flyktige som turgåarane. Viss du ser svanene, må du vera rask med å få fram kikkerten og slå fast om nebbet er gult eller oransje.
For meg personleg er jo dette spesielt spennande. Far min, Johan Laugaland, bygde hytta ved Storsteinsvatnet i 1945. Den overtok eg seinare og nå er sonen vår, Johan Mihle Laugaland og hans familie, som eig hytta. Me har aldri sett svaner i vatnet.

tirsdag 5. mai 2020

Her er familien som fall for Fossane!

Her er heile familien på plass på Fossane framføre eit av dei gamle husa som blir utleigde til turistar. Frå venstre: Janneke
 Wijgergangs. Juul, Noor og Martijn Bellemakers.



Dei nye eigarane på Fossane-garden i Vormedalen, er nå på plass. Dei overtok garden frå 1. mai og har alt hatt dei fyrste gjestene på besøk og kraftstasjonen sviv som før på den spesielle garden i dei indre deler av Hjelmeland.

Det nederlandske ekteparet kom til Norge for ti år sidan. Etter ti år i Suldal, har dei seldt huset på Sand og teke med seg dei to døtrene Juul (23) og Noor (19) og flytta til Vormedalen.

Sjukdom og alder førte til at Kari og Sven Egil Sørensen måtte selja garden. Ingen av dei tre ungane deira ville driva gard. Dermed blei denne spesielle garden lagt ut for sal. Ikkje rart at det blei ein snakkis i bygdene at Fossane-garden med tilleggsaktiviteter som kraftstasjon, utleige-hytter var ute på marknaden.

Ekteparet Sørensen kjøpte seg leilighet på Hjelmeland og ville levera garden. Dei rakk ikkje å flytta frå Fossane før Sven Egil Sørensen døydde i mars månad.

Fosane-garden slik den tok seg ut på eit flyfoto frå 1960-åra.


På Fossane er det eigen kraftstasjon som leverer straum nok for 50 – 60 husstandar og i tillegg tre eldre, moderniserte hus som blir utleigde til turistar. Dei siste åra har jorda på garden vore utleigd til andre bønder i bygda og driftsbygningen er for tida ikkje i bruk. Men her var det med andre ord nok å kasta seg over og driva med for folk som ville satsa.

Det tok ikkje mange dagane frå dei nederlandske suldølene oppdaga Fossane-garden til dei bestemte seg for å kjøpa garden. Martijn var veldig fascinert av tanken på at dei kunne produsera sin eigen straum. Dei fekk tilslaget, og nå har dei seldt huset sitt på Sand og held på å installera seg i det store, moderniserte gardshuset på Fossane.

Er desse nederlenderane bønder? Nei, men Janneke Wijgergangs kjem frå ein gard i Nederland der dei dreiv med mjølkeproduksjon. Så livet på ein gard er ikkje ukjent for henne. Nå håpar ho inderleg at reiserestriksjonane blir oppheva i løpet av sommaren slik at faren kan få komma og sjå Fossane-garden slik planen var før denne korona-elendigheta la ei klam hand over verda.

Både Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers er utdanna biologar, men har etterkvar drive med heilt andre yrke enn det utdanninga skulle tilseia.

Dei siste åra før dei drog frå Nederland jobba Janneke i reisebyrå og hadde kundar som ville ut i naturen til spesielle reisemål. Ho og mannen besøkte mange ulike stader der Janneke sende folk, og det var slik dei oppdaga Suldal.

Martijn var forskar i Nederland. Metodar for å redusera skaden av sur nedbør i naturen, var målet for forskinga hans.

For ti år sidan kom den nederlandske familien til Suldal og blei vertskap på Vikane hyttetun ved Suldalsosen. Martijn fekk seg fyrst jobb som skulebuss-sjåfør i Suldal billag. Seinare blei han tilsett som lektor ved Sauda vidaregåande skule. Nå er biologen "outsoursa" til Nettskolen Rogaland der han underviser i IT-teknologi. Han skal ha heimekontor på Fossane. Han reknar med å halda fram med denne jobben i fleire år framover.

Janneke, derimot, har sagt opp stillinga si som formidlingskoordinator ved Ryfylkemuseet på Sand, og vil nå sjå om ho finn ein jobb litt nærare Fossane etterkvart.

Om dei to døtrene blir vormedalsbuar er vel meir usikkert. Juul har studert fleire år i Nederland. Ho er ferdig utdanna lærar neste år. Kor ho blir av etterpå, er ho usikker på.

- Då eg budde i Suldal, følte eg at eg var mest nederlandsk. Men i den seinare tid har eg begynt å kjenna meg meir norsk, seier Juul som ikkje ser det som utenkeleg at ho endar opp som lærar i Norge.

For ordens skuld: Bloggaren gjorde det klar for Juul at viss foreldra sitt med Fossane-garden i dei kommande ti åra, vil ho ha odelsretten der!

Noor var ferdig med vidaregåande skule i fjor og har hatt eit fri-år. Ho var på reise i Asia då korona-krisa slo til. Dermed enda ho opp i Ryfylke litt raskare enn ho hadde planlagt.

- Til hausten skal eg til Nederland for å studera filosofi, samfunn og politikk. Kva slags jobb det vil føra til, får me sjå etterkvart.

Så til hausten er Janneke Wijgergangs og Martijn Bellemakers åleine igjen på Fossane når jentene er reist til Nederland og hytteturist-sesongen er ferdig.

Spennande tider ligg føre. Koss vil dei finna seg til rette på ein ny stad?

(NB: Vil du vita meir om Fossane, kan du lesa ein blogg med tittelen: Her kan du leva av å selja straum og husa turistar! Den skreiv eg i november i fjor.)