mandag 31. mai 2021

Ryfylke-cruise for fullvaksinerte

 


Fint på Nedstrand når sola skin. 


Den fordervelege skodda låg over Hjelmelandsvågen då med vakna på søndag. Me hadde tenkt å åpna sommarsesongen med å krusa av garde over fjorden til Nedstrand på denne fine søndagen. Brått var turen i ferd med å forsvinna borti skoddå.


Travelt å vera matros på crusebåt.


- Denne skoddå forsvinne snart når sola får tak. Du ser litt av Ombo alt. Me kan trygt ta ut. Eg har jo kartplottar i båten så me veit akkurat kor me er heile vegen, sa eg til den umuliga kånå som la ned veto mot å dra på tur før skoddå var letta. Ho hadde ikkje tru på meg som skodda-los.


Heldigvis steig Ombo stadig klarare fram for oss som sat i Hjelmelandsvågen og hadde fått sol alt. Til slutt fekk eg løyve til å løysa fortøyningar og leggja ut på fjorden. Eg var skipper og matrosen rigga seg til med spøtet i solskinnet på akterdekket,


For akkurat to år sidan var me på ein liknande tur til Nedstrand. Den blogga eg også om. Men det har skjedd mykje på dei siste to åra. Mellom anna denne elendiga omgangssygå som har lege over oss som ei mara dei siste åra. Men nå er me vaksne som bygde landet, blitt prioriterte av helsevesenet og blitt fullvaksinerte. Dermed tek me ikkje store sjansen om me legg ut på reiser til stader der me ikkje er til kvardags.

Søndag føremiddag på Buer på Ombo.



For vår del har me stort sett budd på hyttå i Hjelmelandsvågen det siste året og her er det ingen som har observert ein corona-virus på nedsida av Vågabrua på aldri den tid. Sjansen for å komma opp i eit smitte-sodoma på Nedstrand i Tysvær kommune, vurderte me som minimal.


Snaue to timar brukte me til Nedstrand. Ikkje så raskt, men me skulle studera Ombo: Tuftene, Buer, Kjeahålå, Bandåsen og Røykjanes. Eg fekk også greia ut for kånå om at Jøsenfjord rutelag i si tid hadde eit stopp ved ein kai på Bandura med det flotte navnet Bandeberg.


Ikkje mange kafear med dette navnet. 

Eg trur ikkje det er mange kafear i Norge med navnet Nais. Sjølv meg som snart ikkje kjem på eit einaste navn før eg har tenkt lenge og vel, hugsar dette navnet imidietly, som det heiter på engelsk.

Alle aldrar på Naisen. Til og med
resirkulerte ungdommar.


På Naisen hadde dei søndagsbuffet. Etter at me hadde registrert oss med navn og telefonnummer, var det berre til å hogga inn. Svingod mat. Fløytegratinerte poteter og mykje anna godt, til og med og Dronning Maud-pudding som eg meiner ein slags spesialitet for haugesundarar.


Apropos fullvaksinerte. Me var ikkje åleine om å vera det. Lokalet var fullt av jamaldringar av oss som slo seg laus på Naisen. Herligt å komma seg ut og treffa kjende etter å ha kjeda seg heime i måndadsvis.


Forresten var det ein del unge også innom. Dei kjøpte is og brus og kosa seg ved borda utanfor i solå.


Ein kjekk tur. Me kjem attende til Nedstrand om to år.

onsdag 26. mai 2021

Hjemlyen er ikkje hima

 



Her budde Hjemlyen eller Johannes J. Kvame i alle år.


Han kjørte likkister i byen. Dette er den einaste jobben han skal ha hatt i si tid. Men mora, Rakel, var bekymra for koss det skulle gå med sonen i byen. Han kunne bli lokka av låke venner til å drikka og driva dank. Derfor tok ho båten til byen og fekk sin einaste son med seg heim til eit trygt tilvære på Hjelmeland. Der blei han buande heilt til han blei så gammal og skrøpeleg at han måtte flytta på sjukeheimen i Årdal.


Rakel og Johannes J. Kvame heime i Hjemly. Bildet tilhøyrer
Lasse Kvame.



Hjemlyen blei han kalla av folka i bygda. Hjemly var navnet på eigedommen på Kvame i Hjelmeland der han og mora budde. Men hans fulle navn var Johannes J. Kvame.


Grunnen til at eg skriv dette? På siste søndagsturen passerte eg plassen der han budde. Huset og uthuset står der ennå. Mest av gammal vane såg det ut til. Fleire tre er i ferd med å trengja seg inn mellom tak og vegger og det meste av takskiferen klamrar seg fast som best den kan inntil vidare.


Nekrolog i Aftenbladet 1. desember 1952.

Eg stoppa ikkje lenge, men nok til å sjå at dette har vore ein fin buplass i si tid med vidt utsyn over Kvame-gardane og Steinslandsvatnet. Her hadde Hjemlyen god oversikt og fekk med seg det meste som rørte seg i bygda.


Denne mannen kjente eg ikkje. Men me såg han av og til på vegen til eller frå Hjelmelandsvågen dragande på ei handkjerre. Hjemlyen var eit trufast medlem i Handelslaget i all si tid. På tide å skriva litt av historia om mannen medan det ennå er folk som lever og kan fortelja om han.


Hjemlyen eller Johannes om du vil, blei fødd i 1895 på garden Røgjelstad i Hjelmeland. Far hans var død då han blei fødd. Mora, Rakel, fann ut at ho ikkje kunne sitja med garden etter at mannen var død. Dermed flytta ho til Kvame der ho kom frå og kjøpte eigedommen som ho kalla Hjemly. Der blei ho og sonen buande i all si tid.


- To gonger i veka kom Johannes til oss for å kjøpa melk. Då mora døydde i 1952, kjøpte han mjølk berre ein gong i veka, fortel Jone A. Kvame som er fødd i 1933 og har mange minne både etter mannen og mora hans.


Han var ein grundig avislesar og fast abonnent på Aftenbladet. Dette var ei avis som blei stifta av presten Lars Oftedal og dermed følte han seg sikker på at det ikkje fanst løgn der.


Me kunne stå i timasvis og diskutera politikk, innanriks og utanriks. Det kunne bli oppheta diskusjonar.


Nei, nå må eg gå før eg blir sint, kunne eg seia av og til.


Det er godt for helsa å bli sint av og til. Det friskar på levra, svara han då, fortel Jone A. Kvame.


Ungdommane dreiv og erta på han og ville vita koss mykje pengar han hadde i banken. 10 000 kroner har du på bok, sa ein. Då trudde Hjemlyen at folk i banken hadde vore lausmunna. Han gjekk til Hjelmelandsvågen neste dag og tok ut pengane or Hjelmeland sparebank.

Mykje folk på auksjonen etter Johannes J. Kvame 23. mai 1992. Lensmann Arne Haga er
auksjonarius. Foto: Bygdaposten.




Den gamle ungkaren var redd jentene noko som dei sjølvsagt la merke til. Det hende dei erta han med å stilla seg opp heilt inntil han, noko som han mislikte sterkt.


Men denne mannen hadde eit godt hovud. Han les mykje og skreiv dikt og prologar.


- På søndagskveldane når ungdommane i Hjelmelandsbygda ovanom Krofjellet samla seg hende det av og til at me fekk overtala Johannes til å lesa sjølvskrivne dikt og prologar. Han hadde ein skarp penn og det hende at enkelte i bygda kunne få passe påskrive i versa hans, fortel Harry Breiland som fryktar at papira og dikta til Johannes J. Kvame er borte i dag.



Hjemly-eigedommen var på fire dekar. Her hadde dei to-tre sauer og frukttre. Johannes kjøpte kraftfor på handelslaget i Hjelmelandsvågen. Dette drog han heim til Kvame med handkjerra si. Då kreftene minka dei siste åra, greidde han ikkje å dra 50-kilo-sekken opp den siste bakken. Han måtte dela opp innhaldet i fleire sekker slik han greidde å baksa med det. Sønnene til Per Kvame hjelpte også til med å få mjølsekkene heim.


Mora, Rakel, døydde i 1952, 87 år gammal. Etter den tid blei sonen buande åleine. Han stelte seg sjølv, på ungkars vis. Sjølv om husstellet ikkje var heilt patent, greidde han seg godt og overlevde dei fleste sambygdingane sine. Dei siste åra budde han på sjukeheimen i Årdal. Der døydde han i desember 1991, 96 år gammal. Sidan han ikkje hadde nære slektningar, blei det halde dødsboauksjon etter han i mai 1992. Hjemly-eigdommen tilhøyrer i dag gardsbruket til Silje Jørmeland.



Hjemlyen er snart plassert i gløymeboka, men me er ein del gamlingar som hugsar han som eit originalt innslag i bygda med hatt og handkjerre på vegen til eller frå Hjelmelandsvågen.


(Per Kvame, Jone A. Kvame og Harry Breiland har hjelpt meg med opplysningar om Johannes J. Kvame. Viss nokon har opplysningar av interesse, kan dei ta kontakt med meg.)


Hjemly sett frå Hagali-vegen.

På Facebook er det fleire som har komme med kommentarer etter å ha lese denne bloggen omHjemlyen. Eg legg inn ein del av desse her:

Karl Einar Kleppa
Ei tante av meg fortalde om at dei unge i bygda samlast ovanom Krofjedle i Råså. Hjemlyen heldt tale og innleia med « Kvinder og menn utav bygden i dag!».

Magnhild Meltveit Kleppa
Er kje dette etter Hjemlyen: No kjem Fjellbuen! Eg seier frå meg alt ansvar!
Kanskje han var vakt på Losjehuset eller på Ungdomshuset?

Borghild Dale
Det vert sagt at han bar førningsskrin dersom han ikkje nytta kjerre. Fint førningsskrin. Eller førningskorg?

Odd Steinar Eide
Og melkekjerra hans mangla fett i navå . Høyrde Ann godt når han var på tur til Vågen.

Sigrun Kvamme
Eg hugsar godt Hjemlyen. Han var jevnleg innom besta og besten, Sigrid og Erling Kvame.
Då eg var lita jente fekk eg ein nydeleg oransj kattunge av han.
Han hadde mange kattar og det lukta sterkt kattelukt både inne i huset og utanfor. Me ungar synes han var litt skummel. Men det var og spanande å lure seg forbi huset hans, utforske Hagen og smake på eit eple eller ei pære.


onsdag 12. mai 2021

Med «Fisterfjord» til Himmelspretten

 

Eg reiste med «Fisterfjord» til Kristi Himmelfartstevne på Nedstrand i 1962.


Eg heiv meg på sykkelen og suste av garde på vegen frå Laugaland og nedover til Tytlandsvik tidleg på morgonen torsdag 23. mai 1963. Vêret var flott og eg var 14 år og på full fart inn i "de voksnes rekker".


Tre veker tidlegare hadde eg meldt meg for presten på Hjelmeland saman med ein flokk med jamaldringar. Det var den sommaren me gjekk og les, som alle på bygdene sa på den tida. I september skulle me komfirmerast. Og då var me vaksne!

Kristi Himmelfart i Årdal 1967.



Denne sykkelturen var ein del av denne "bli vaksen-prosessen". Ein tur til Kristi Himmelfartsstevnet som skulle vera på Nedstrand det året, passa godt inn her.


Det åndelega innhaldet sto ikkje så sentralt for meg. Det stora var at dei aller fleste fjordabåtane i Ryfylke var tekne ut av si vanlege ruta og gjekk ekstra til stemnestaden denne dagen. Båtane låg utanpå kvarandre med sjølvaste «Haugesund» innerst. Her kunne du gå frå båt til båt og studera ukjende båtar og gjera deg opp ei meining om kaffor dei ikkje heldt mål samanlikna med "våre" båtar.


«Fisterfjord» var min båt denne Himmelfarten. Den kom frå Vadla i Jøsenfjorden og kom innom i Tøtlandsvik og henta meg og to-tre andre stevne-reisarar.


Tenk den følelsen. Fri og frank på veg ut Jøsenfjorden. Eg kjøpte tobakk og sigarett-papir av stuerten då «Fisterfjord» bakka ut frå kaien. Han var ikkje så nøye på koss gamle tobakkskundene var som handelsmannen på kaien.

Kristi Himmelfart på Finnøy i 1954.

Det var ikkje alle dei nye kjenningane mine frå lesarflokken hjå presten som hadde prioritert Himmelspretten like høgt som meg. Men det dukka opp tre-fire ombobuar og ein enkel jøsnes-bu viss eg hugsar rett. Ikkje mange, men stemninga blei god nok. Me røykte og drakk Sisu, ein eineståande leskedrikk frå Tou, utan sjenerande kullsyra.


Vel framme på Nedstrand gjekk me i land for å studera både dei innfødde og tilreisande. Som 14-åringar på den tida, måtte me begynna å venja oss til verda den vide utanfor heimbygda. Eit år med framhaldskule venta til hausten. Året etterpå måtte me reisa ut i verda for å gå på skule eller jobba. Slik var det då. Eg skal ikkje vera frekk å påstå at det var vår generasjon som bygde landet. Men det var ikkje langt i frå!


Nå har eg skrive meg langt vekk frå det som var planen med dette eposet. Eg hadde tenkt å gi eit oversyn til alle interesserte om kor det var store Kristi Himmelfartsstevne i fjordabåtane si glanstid. Indre og Ytre misjonar laga til åndelege stemne rundt i Ryfylke og samla tusenvis av gamle og unge som møttes. Ikkje alle var like opptekne av det åndelege, men det var jo kjekt å møta folk uansett.


Eg har funne følgjande stemnestader for dei tradisjonelle Kristi Himmelfartstemna i Ryfylke: Finnøy 1954, Jelsa 1955, Hjelmeland 1956, Tau, 1957, Sjernarøy 1958, Vikevåg 1959, Nedstrand 1960, Finnøy 1961, Hjelmeland 1962, Nedstrand 1963, Vikevåg 1964, Jørpeland 1965,
Finnøy 1966, Årdal i 1967, Nedstrand i 1968, Hjelmeland i 1969 og det siste Vikevåg i 1970.


Eg kom velberga heim frå Himmelspretten på Nedstrand og har tenkt ofta på det i åra etterpå. Men dette blei det siste stevnet eg var på.


God himla-torsdag!

Aftenbladet sin reportasje frå stevnet på Nedstrand i 1963. 



fredag 7. mai 2021

Minstepensjonistar strødde 100-lappar rundt seg på Ombo

 

Mørke skyer innhenta oss og dei oransje stemorsblomane på veg heim
frå Ombo i dag.


Viss du brukar 250 kroner på Ombo blir det ei krona per fastbuande. For i dag er det ikkje fleire som bur der. Men når det skine opp og dagane blir lange og varme, aukar folketalet. Fullt av hytter og sommarhus. Og dei innfødde er vennlege.


Oransje-farga stemorsblomster! Det har dei berre på Ombo!


Dette påsto kånå mi for eit par år sidan. Eg trudde jo at ho hadde greia på planter og slikt. Men det stemmer ikkje. Du får dei visst overalt.


På grunn av denne misforståelsen om allslags sjeldne planter på den nest største øya i Rogaland, har det blitt ein vane for oss å ta ein Ombo-tur eller to i løpet av sommarsesongen.


I dag lova jo yr.no ein flott fredag. Sol og vindstilt. Me rusta oss ut til den fyrste båtturen dette året med Ombo som mål. Det er ikkje så langt frå Hjelmeland.

Kem hadde største båten i gjestehavna på Eidssund i dag? Det var oss. 


Og det blei ein suksess. Kim trur du hadde den største og flottaste båten i gjestehavna på Eidssund på føremiddagen fredag 7. mai 2021? Det var oss. Men så var det ingen andre gjestebåtar heller. Me kosa oss og steig i land. Fine sol og passeleg god temperatur.


Første målet var blomstergartneriet opp i bakken frå ferjekaien. Her er det full fres nå. På vegen opp dit, traff me to karar på veg nedover med kvar si trillebår søkklasta med buskar og blomar. Vel framme møtte me sjølvaste gartneren, Henry Ådland, som var på veg til byen med blomsterleveransar. Men no problem!


Servicen var på topp sjølv om sjefen forsvann. Det blei både oransje stemorsblomar og diverse andre vekster før kånå hadde handla frå seg. Så blei det trilla med lånt tralle ned til båten.


Deretter blei det helgehandla hjå Karin Ågesen i Joker-butikken på kaien.


For å vera heilt ærleg! Dei har hatt folk som har handla for meir pengar både på gartneriet og på butikken. Men pengane til oss minstepensjonistar er både slitesterke og dryge.


Vêret blei ikkje så fint som yr.no lova. Regnet nådde oss igjen på heimturen. Dei oransje stemorsblomane blei våte på turen.


Men Eidssund og Ombo er på plass i år også. Like fint og gjestfritt som før. Det var ikkje ein einaste virus å sjå på verken på rettsida eller vrangsida av øya.


God tur!

lørdag 1. mai 2021

Astrid og Mikal - reine medalje-grossistane!

 


Ekteparet Astrid Fossaa Viga og Mikal O. Viga driv Mikals Laks.


Lakserøykarane frå Hjelmeland er blitt reine medalje-grossistane. Mikals Laks fekk med seg tre medaljer, to gull og ei sølv, frå norgesmeisterskapet i Sjømat dette året. Sidan 2009 har dei fått i alt 19 medaljer i dette bransje-meisterskapet.


Norgesmeisterkapet i Sjømat blei avvikla av sjømatbransjen saman med NTNU i slutten av april. Over 170 produkt blei bedømt i konkurransen. Fagjuryen melder at det er svært høgt nivå på norsk sjømat spesielt i ein del av klassane. Juryen har vurdert produkta etter utsjånad, lukt, smak og konsistens. Alle produkta er vurdert anonymt, utan emballasje.


- Spesielt gjevt var det å vinna klassen for kaldrøykt laks. Der var det mange deltakarar og skarp konkurranse, seier Mikal O. Viga som driv røykeri-bedrifta på Jøsneset saman med kona Astrid.


Ekstra gjevt å vinna klssen for kaldrøykt laks, meiner Mikal O. Viga.


Det blei også gull i klassen for kaldrøykt aure og sølv for varmrøykt laks. For oss er det viktig å sjå koss produkta våre greier seg samanlikna med dei beste røykeria i landet. Dei er også med i denne konkurransen.


Nå føler me oss rimeleg trygge på kvaliteten på produkta våre, seier Mikal O. Viga som ikkje legg skjul på at det siste året har vore vanskeleg, men det har også vore lyspunkt.


Hotell, restaurantar og catering-bedrifter er svært viktige kunder for Mikals laks. Når desse bedriftene blir sett ut av spel på grunn av pandemien, er dette merkbart for røykeriet i Hjelmeland. Enkelte kunder har redusert innkjøpa med 60 prosent.


Det har vore plussar også: Eksporten har auka med 20-30 prosent og utgjorde omlag 20 prosent av produksjonen i fjor. Salget til matvare-butikkane har auka, nettbutikken har også auka omsetningen og fleire gardsutsalg har meldt seg som kundar.


Desember-salget redda oss. Me har aldri opplevd ein så god julemånad. Fire millionar kroner enda me på. Årsomsetninga ligg opp mot 15 millionar kroner i eit normalår.


Nå gledar me oss til me har lagt denne pandemien bak oss. Det har vore tøft. Tidlegare var me seks personar i arbeid. Nå er me ned i 4,5 årsverk. Eg ser fram til å dra ut å møta kundene våre igjen, seier Mikal O. Viga som er åleine om å vidareforedla fisk i sin del av Ryfylke.


Han undrar seg over at ikkje andre prøver seg med å laga fiskeprodukt. For dei siste åra har det vore mange nye aktørar som driv med vidareforedling av landbruksprodukt som eplemost, eplesider, ost og kjøtprodukt.