![]() |
| Liv Vadla Hausken og Anna Sæbø utanfor blomsterbutikken på Vågadagen i 1987. Foto: Annmari Hassel-Sørensen. |
I 17 år var ho blomsterhandlar på Hjelmeland og best kjend som Liv Blomster i heile kommunen. I dag er ho pensjonist. Men er stadig på farten og du treffer Liv Vadla Hausken som regel på elsykkel, smilande og blid, med eit HEI til alle ho møter. For ikkje mange dagar sidan sykla ho over både Ombo og Finnøy med ektemannen Olav på slep.
Det heile starta i kjellaren i Mallinhuset i 1986. Her dreiv ho forretningen sin dei to første åra.
- Ein av dei fyrste dagane i desember vil Hjelmelandsvågen få sin blomsterbutikk. Det er i alle fall planane til Liv Vadla Hausken, skreiv Bygdaposten i november 1986.
Liv hadde vore på kvinnekonferanse tidlegare på hausten. Der blei ho inspirert av Venke Linndal som dreiv ein liknande butikk på Finnøy.
![]() |
| Liv Blomster hadde travle dagar, men ville ikkje klaga for det. Foto: Bygdaposten. |
- Det har ikkje vore lett å driva spesialbutikk i Hjelmeland, men eg kan ikkje klaga sa ho i eit intervju med Bygdaposten etter å ha seldt blomster i fem år. Fyrst to år i Mallinhuset. Deretter flytta ho opp i Gjensidige-bygget som ligg på sida av banken. Her disponerte ho 72 kvadratmeter nede mot vegen der det seinare har vore "beauty salong".
Somme var skeptiske til om det kunne vera plass for ein blomsterhandel i eit så lite samfunn. Men det gjekk godt.
- Eg er godt nøgd med desse åra. Eg kunne nok ønskt at eg kunne ha seldt meir, men eg greier meg, sa ho til lokalavisa. Det gjekk mykje blomar til spesielle høve, både glede og sorg. I løpet av desse åra tok ho også fagbrev som blomsterdekoratør.
I 1999 flytta Liv Blomster til Sandetorjå. Det var Anders Romsbotn som overtalte henne til å flytta til det nye kjøpesenteret ved ferjekaien. Her fekk ho leiga 100 kvadratmeter nede på gateplanet med fasade mot ferjekaien.
I 2003 gav ho seg som blomsterhandlar. Ho selde til Reidun Haaland som jobba på butikken.
Men ho fekk ikkje kvila lenge. Dei trong hjelp i barnehagen. Ho sa nei, men let seg overtala. Der blei ho i tre år fram til 2006.
Då fekk ho jobb på det nye hotellet på Hjelmeland. Her hadde ho ansvar for kurs- og konferansar. Seinare flytta ho over i resepsjonen der ho jobba til hotellet gjekk konkurs i 2019.
Etter det var ho fire år på sjukeheimen. Der hender det ho er innom ennå av og til når dei er skikkeleg i nauå.


