tirsdag 29. mars 2022

Lovlydige Kåre Palmer Holm blei ein populær vaktmeister

 

Kåre Palmer Holm blei ein populær vaktmeister for bygget til NSB bilruter og området der
mange av bussane i distriktet hadde oppstillingsplass. Holm hadde sitt eige kontor ved trappa
i enden av bygget.  Foto: Byarkivet.


Midt på 1960-talet la Kåre Palmer Holm si fortid som rømmingsekspert, skapsprengar-konge og gentlemannsforbrytar bak seg. Nå blei han ein seriøs samfunnsborgar og med jobb som vaktmester på NSB sin eigedom ved jernbanestasjonen i Stavanger.


Han hadde tilsynet med bygget der NSB bilruter hadde sine kontor og området der dei andre busselskapa hadde sine oppstillingsplasser.


Egil Nylund var disponent for NSB Bilruter
då han blei kjent med Kåre Palmer Holm.

- Han var ein gentlemann. Alltid velkledd, smilande, blid og hjelpsom både for reisande og alle som hadde sitt arbeid her, seier Egil Nylund som var disponent for NSB bilruter frå 1985 til 1988.


Fortida hans som kriminell var ikkje noko tema til vanleg. Men så ein vakker dag gjekk døra på den store safen til NSB bilruter i vranglås. Her var det vekslepengar og bussbillettar oppbevart. Kva skulle dei nå gjera?


- Kan me ikkje spørja om Kåre Palmer Holm kan hjelpa oss, var det ein som sa.


Han kom opp på kontoret og lyste opp i eit stort smil då han fekk spørsmålet. Men han hadde eit krav. Han ville vera åleine mens han gjorde jobben. Det fekk han.  Skapdøra blei åpna og fungerte bra etterpå.


- Eg har berre gode minne om Kåre Palmer Holm, seier Egil Nylund.



Lars Skipevåg møtte Kåre Palmer Holm då dei begge var elevar på Vaktmesterskolen på Bergeland i Stavanger.


Lars Skipevåg, klassekamerat frå 
vaktmesterskolen.

- Eg er usikker på årstalet, men eg trur det var tidleg på 1970-talet. Eg drog kjensel på denne karen og forsto kven det var då navnet hans blei ropt opp under presentasjonen. Eg er fødd i 1945 og var ein god eldre enn dei andre elevane som tydelegvis ikkje visste om dei tidlegere merittene til klassekameraten.


I friminutta kom me i drøs og eg fortalte at me som guttungar i 1959 hadde sykla rundt på Revheim og Sunde og lagt ut nistepakkar til han som var rømling frå fengslet og overnatta i løer og hesjer i dette området.


Det var viktig for han at dei andre medelevane ikkje fekk greie på kven dei hadde til klassekamerat.


For meg var det jo litt overraskande at ein tidlegare skapsprengar skulle bli vaktmester, men eg meiner han sa at dette var eit opplegg som kriminalomsorgen sto bak.


Sjøl fullførte eg ikkje kurset. Eg drog til sjøs. Men seinare traff eg han igjen som  vaktmester på jernbanen i Stavanger. Der besøkte eg han. Me hadde mange fine mimrestunder. Det var ein hyggeleg mann, seier Lars Skipevåg som i dag bur i Danmark.


Kåre Palmer Holm var bygutt, men hadde eit nært forhold til Strandalandet. Mora kom frå Tau og familien hadde ein eiendom der inne. Her var han mykje både som guttunge og som vaksen. I ein del år hadde han også ein eiendom ved Botnefjorden saman med ein bror.


På sine eldre dagar budde han i barndomsheimen i Skreddarsmauet i Østre bydel i Stavanger. Han fekk problem med beina og blei sittande i rullestol. Heimesjukepleien hjelpte han med dagleg stell. I periodar fekk han kortidsopphald på sjukeheim. Mange av pleiarane hugsar han stadig med glede.


Kåre Palmer Holm var ein storrøykar. Han sørga for alltid å ha eit rikeleg lager med Prince-sigarettar innan rekkevidde.


I 1999 sovna han frå ein brennande sigarett. Heldigvis vakna han og fekk varsla brannvesenet. Men han fekk stygge brannsår og havna på sjukehus.


I august 2004 gjekk det gale. Kåre Palmer Holm brant inne i Skreddarsmauet. Han blei 83 år gammal.


Eit spesielt liv var slutt. Men ein ting er sikkert. Mange hugsar han ennå med glede.


Oppslag i Aftenbladet 20. august 2004.


mandag 28. mars 2022

Politiet mistenkte Jan for å vera Kåre Palmer Holm på rømmen.

 

Unge Jan Hansen jobba for bror til Kåre Palmer Holm sommaren 1959 då det store 
rømmingseventyret foregjekk. I dag er han 86 år og bur på Vardeneset.


- Kem faen e du? Ein stressa politimann reiv opp bildøra og såg strengt på Jan Hansen i passasjersetet.


Dette var sommaren 1959. Rømmingseksperten, skapåpnar-kongen Kåre Palmer Holm var på rømmen. Han leika katt og mus med politiet. Han hadde rømt frå fengslet på Lagårdsveien i Stavanger. Klassisk oppskrift: Laga eit provisorisk tau av eit par-tre sengelaken og firte seg ned frå taket og var sporlaust borte.


Folk hadde sett ein bil med broren til Kåre Palmer Holm bak rattet. Han hadde ein passasjer med seg. Var dette rømlingen? Politiet blei varsla og slo til i Kannik i Stavanger. Men null fangst. Passasjeren var uskuldige unge herr Hansen.


Dette er ein Oliver bulldozer av same typen som Holm-brørne hadde i sitt firma.



Unge Jan Hansen, opprinneleg frå Vennesla på Sørlandet, kjente ikkje Kåre Palmer Holm. Han hadde nettopp fått jobb som hjelpesmann i entreprenørfirmaet som rømlingen hadde starte eit par år tidlegare saman med den yngre broren Kjell.


Entreprenørfirmaet med hovedvekt på grave-oppdrag med bulldozer var ikkje spesielt lukrativt. Kåre Palmer Holm var slått konkurs hausten 1958, men Kjell greidde å halda drifta oppe mens broren havna utpå igjen med fleire skap-åpningar og havna etterkvart i varetektsfengsel etter å ha letta postkontoret på Sola for 67 000 kroner i april 1959.


Jan Hansen kjente ikkje til Kåre Palmer Holm. Svogeren hadde skaffa han jobb. Rømminga frå fengsel snudde opp ned på det meste. Politiet heldt broren og bulldozer-drifta under oppsikt. Dei rekna med at rømlingen kunne oppsøka broren som hadde oppdrag i same området der Kåre Palmer Holm hadde vore observert. Der hadde firmaet oppdrag med nydyrking og utgraving av hustomter, både på Madla, Tasta, Sola og Randaberg.

Ein lastebil frå Strømmen mek av same type som den som Holm-brørne hadde. Bulldozeren
blei transportert på ein tilhengar kopla til lastebilen.



Det var fleire enn politiet som trudde at rømlingen hadde kontakt med broren. Folk kom med diverse pakkar, mat, tobakk og brennevin, som dei ville gi til Kåre Palmer Holm.

- Den slags blei kontant avvist. Broren hadde ingen kontakt med rømlingen i desse dagane. Sjølv møtte eg Kåre Palmer Holm saman med broren under ein pause i rettsaka i Stavanger seinhaustes 1959. Då var det eit møte der også to politimenn var til stades.


Dette var den einaste kontakten Jan Hansen hadde med Kåre Palmer Holm.


- Inntrykket mitt var at han var ein dyktig mann. Eg blei fortalt at han fekk laga ei slags bulldozer-greip som me brukte i nydyrking. Frå skipsopphoggingfirmaet Høvding kjøpte han panserstål frå vraket av det tyske slagskipet «Tirpitz». Av dette stålet fekk han horva produsert ved Rosenberg mek. Verksted, seier Jan Hansen som legg til at Kjell Holm var ein dyktig og arbeidssom kar.


Maskinparken bestod av ein amerikansk-bygd bulldozer av merket Oliver og ein norskbygd lastebil frå Strømmen mek. Verksted. Lastebilen blei brukt til å transportera bullozeren frå ein oppdraget til det andre. Vidare hadde dei ein personbil som var ombygd til «pick-up» og ein gammal amerikaner. Dette var ein utrangert drosjebil, visstnok kjøpt av busseigar Bertelsen på Madla. 


«Pick-upen» blei kalla Maria og den gamle drosjen var Dronningå.


Dei tre karane som nå jobba i firmaet, hadde planar om å skaffa seg ein ny bulldozer. Stormbull i Oslo gav dei eit interesssant tilbud på ein maskin. Den ville dei sjå på.


Turen til Oslo gjekk med firmabilen Dronningå. Kjell kjørte. Det var snø i lufta då dei kom til Kvinesdal. Dette blei for tøft for vinduspussarane. Det var eit kjede frå vinduspussar-motoren som rauk. Svogeren fekk ansvaret for å dra i kjedet slik at vinduspussarane kunne halda frontruta fri for snø. Men så streika girkassen. Problemet blei løyst ved at dei åpna lokket på girkassen. Ved hjelp av eit skruejern sørga så Jan for å skuva tannhjula i rett posisjon når sjåføren tråkka inn clutchen. Ein minnerik tur.


Det blei aldri orden på bulldozer-kjøpet. Og Kåre Palmer Holm fekk ein lang fengselsdom. Entreprenør-firmaet blei avvikla.


- Eg reiste til sjøs igjen året etterpå. I 1967 gjekk eg i land. Seinare jobba eg mange år i oljå, seier Jan Hansen som nå 86 år. Ein sprek pensjonist som bur på Vardeneset i Stavanger.



torsdag 17. mars 2022

Kåre Palmer Holm via Sandeid til Oslo på moped

 

Kåre Palmer Holm på moped-tur til Oslo.



Tirsdag 7. august 1962 reiste Kåre Palmer Holm med rutebåten «Fjorddrott» til Sandeid. Han hadde moped med seg. Stavanger-mannen var nå ein fri mann etter å ha sona dommen han fekk i Gulating lagmannsrett i 1959 for skapsprengningane på herredskasserar-kontoret på Randaberg og på Sola postkontor. Tre års fengsel var nå ferdig sona.


39-åringen hadde ingen planar om å gjera seg kjent i Vindafjord. Han skulle kjøra austover. Oslo var truleg målet. Kåre Palmer Holm var jo blitt ein kjendis i Rogaland etter sine bravader i 1959. Han var på rømmen og leika katt og mus med politiet i fleire omgangar denne sommaren. Store oppslag med tilhøyrande bilete i avisene.


Var dette fyrste kapittel i historia om den sjarmerande rømmingseksperten og skapsprengaren som hadde kutta ut si kriminelle karriere og nå hadde slått inn på den smale veg som ein anonym, fredeleg lønnsmottakar?


Nei! Dette var siste episode i den lange serien om Kåre Palmer Holm som kriminell!


Mopedisten kom på besøk til kjenningar i Oslo 19. august. Kvinna i huset hadde Kåre Palmer Holm kjent i alle år. Då han pakka ut bagasjen oppdaga vertinna ein plastpose full av penger – tusenvis av kroner. Ho lurte på kor alle pengane kom frå.


- Har ikkje eg alltid manger pengar, svarte Kåre Palmer Holm.


Sjølv om han seinare forklarte i retten at han hadde hatt 20 000 kroner med seg i bagasjen då han starta på turen austover frå Stavanger, er det all grunn til å tru at pengane stamma frå eit kupp på Fagernes to dagar før Kåre Palmer Holm kom fram til Oslo.


Frå  Oppland Arbeiderblad 19. mai 1962.


Bilde i Oppland Arbeiderblad 19. mai 1962.


Saman med vertskapet sitt i Oslo drog Kåre Palmer Holm til Sandvika. Der kjøpte han ein hurtiggåande båt som han betalte kontant: 2000 kroner.


Ein dag hadde husverten overraska Kåre Palmer Holm mens han tørka tusenvis av kroner i badekaret. Pengane hadde blitt våte då han fall i sjøen frå den nyinnkjøpte båten, forklarte han.


20. august vinka den ferske båteigaren farvel til sitt vertskap i Oslo. Nå stevna han utover Oslofjorden med mopeden om bord. Han forklarte seinare at han var på fisketur. Dyrt fiskeutstyr hadde han også handla inn før avgang i Oslo.


Medan Stavanger-mannen var på sin kombinerte båt- og mopedtur på Austlandet, var uvedkommande inne på eit nytt kontor med pengeskap. Lågendalsrutens kontor i Svarstad i Vestfold blei tømt for alt innhald: 12 500 kroner. Dette skjedde natt til 28. august.


Fleire vitne hadde sett ein moped i området denne kvelden og natta. Den minna mykje om den som Kåre Palmer Holm hadde med seg i båten. Det var også funne fotavtrykk frå sjøstøvlar inne på kontoret. Slike støvlar hadde vår mann hatt med seg på turen.


Etterkvart viste det seg at han hadde vore innom på det lokale gjestgiveriet og drukke kaffi. Der hadde han komme i snakk med eit ektepar som tydelegvis kjente han frå før.


Eit par dagar seinare, 30. august 1962, blei Kåre Palmer Holm arrestert i Larvik. Då låg han og sov i båten. Spelet var slutt.


Dei to skap-åpningane blei behandla i to rettsinstansar. Fyrst i Larvik byrett og deretter i Agder lagmannsrett. Som vanleg når Kåre Palmer Holm var i retten, var det mange journalistar i salen og ein god del lått og løye. Dei likte hans sjarmerande Stavanger-dialekt. Og aktor i saka, politimesteren i Larvik, Severin Bredal, også hans fra Stavanger, håpa at hans bysbarn snart ville slå inn på den lovlydige veg.


Tiltalte skreiv notater og hadde mange kommentarer til det som kom fram i retten. Han påsto også at han var utdanna ingeniør, men blei litt kort i svara då lagmannen påpeikte at dette ikkje kunne stemma utan middelskule.


Men stemmen brast og auene hans blei blanke då det kom spørsmål om hans gamle mor i Stavanger.


Då andre runde i straffesaka blei avslutta og Kåre Palmer Holm fekk dommen på tre år og tre månaders fengsel i Agder lagmannsrett, hadde han sin siste dag i retten. Nå venta Botsfengslet i Oslo på sin gamle kjenning. Rømmingseksperten hadde gitt seg. 


Neste kapittel handlar om mannen som endeleg la all kriminalitet bak seg.


PS.

I november 1972 var det ei ny skapåpning på Lågendalsruta sitt kontor. Då uttalte sjefen i selskapet følgjande: Den forrige skapåpneren gjorde et bedre arbeide. Den gangen "skapåpnerkongen", Kåre Palmer Holm, hadde avlagt oss et besøk, kunne vi bare sette inn en ny lås i pengeskapet, det nytter ikke nå."

DS.


Takk til mine tidlegare Aftenblad-kolleger, Toralf Sandø og Steinar Brandslet. Dei hjelpte meg med søk i gamle aviser i Nasjonalbiblioteket.

mandag 14. mars 2022

Spreke Martin Stokken frykta raske Kåre Palmer Holm

 

Den kjente idrettsmannen og politi i Trondheim, Martin Stokken, 
 sette handlenker på Kåre Palmer Holm då han skulle framstillast
 i forhørsretten. Foto: NRK. 

- Martin Stokken eskorterte meg inn i retten i går. Han virka nervøs og redd for at eg skulle stikka av. Trur ikkje han stolte på sine eigne bein og overvurderte mine, sa ein smilande Kåre Holm til Trondheimsjournalistane i det han forsvann inn i Svartemarja og kjørte tilbake til fengslet i Trondheim 25. september 1948.


Martin Stokken var ein av dei mest kjende idrettsfolka i Norge i åra etter krigen. Han var både skiløpar og friidrettsmann. Og i den tidas amatør-idrett hadde han ein sivil jobb i tillegg som politimann i Trondheim.


Utklipp frå Adresseavisen.

Då Kåre Palmer Holm blei framstilt i Trondheims forhørsrett, ville ikkje politiet ta sjansar i det heile tatt på fleire rømmingar. Holm hadde solide handlenker. Men med den tiltaltes sans for litt ekstra dramatikk, hadde han nå anlagt fullskjegg mens han hadde vore  i varetektsfengsel i tre vekers tid. Og dette skjegget var ekte, sto det i ei avis.


For sine eventyr i Trøndelag blei Kåre Palmer Holm dømt til eit års fengsel for tjuveriet av 5000 kroner frå ein hotellresepsjon, for attestforfalskningar og for salg av to halvflasker konjakk til ein pris av 35 kroner.


Litt spesielt med denne dommen: Holm hadde vore totalt 80 dagar i varetektsarrest, men sidan han hadde rømt to ganger frå fengselsopphaldet, ville ikkje retten gi han fradrag for heile denne tida. Då han stakk av andre gongen, var saka hans ferdig til pådømmelse. Derfor var han sjølv ansvarleg for at varetektstida blei så lang, meinte retten.


Etter at dommen var avsagt, fekk journalisten frå Adresseavisen eit intervju med Holm.


- Jeg synes ett år var vel hardt, men jeg har ikke tenkt å rømme. Det er for sent nå.

- De har beklaget Dem over publisiteten i avisene?


- For så vidt ikke, men det sto noe i en avis om at jeg var arrestert av rusdrikkspolitiet. Det vil jeg nødig ha sittende på meg. Jeg har ikke noe imot å bli i avisene en gang mer eller mindre, bare det skjer i en humoristisk form!


- Er det indiskret å spørre om hvor De fikk tak i dameutstyret?


- Naturligvis er det noen som har hjulpet meg, men hvem får ingen vite. Verst er det at jeg blir beskyldt for alt mulig. Det ble stjålet 40 kroner på Heimdal, og straks var det meg som hadde tatt dem. Slikt er kjedelig, for jeg setter pris på heimdalingene, sa Holm til Adresseavisen.


Han forsvann inn i politibilen og etterkvart ut av Trøndelag. Men minnet om bravadene hans heldt seg levande i mange år etterpå.


"Han er ein ganske stram kar og har talegaver som en forsikringsagent kan missunne ham. Og bløffer verre enn en pokerspiller. Kvinner har lett for å falle for en slik kar. Ofte skal det atskillig mindre til", skreiv Arbeideravisa i Trondheim.


torsdag 10. mars 2022

Kåre Palmer Holm arrestert – forkledd som døvstum kvinne!

 


Ein fotograf frå Adressavisen fekk komma inn på politikammeret i 
Trondheim for å fotografera ein halvnaken Kåre Palmer Holm etter at
kvinne-kostymet var fjerna. 


"Fantastisk pågripelse i kupe på Rørostoget i går. Kvinne med flott make up, mannfolklegger og herresko vakte konduktørens mistanke. Hvem er rømlingens hjelpere?"


Svært oppslag i Adresseavisen i Trondheim 3. august 1948. Rømlingen Kåre Palmer Holm var endeleg arrestert etter å ha sett grå hår i hovudet på Trondheimspolitiet i vekevis. Dei hadde rykka ut for å ta han mange gonger. Av og til var han forveksla med andre folk som var ute på farten. Andre gonger forsvann han før politifolk og vitne fekk sukk for seg.


"Plattenslageren Palmer Holm avsluttet i går sitt nye rømningskapitel på en måte som nærmest grenser opp til den groteske kriminal-komedie. Han ble pågrepet ved 16.30-tiden i går etter at han hadde satt seg til rette i Røros-toget på Trondheim jernbanestasjon – forkledt som dame!" Slik starta den dramatiske historien i avisa.


"Dama" var sminka etter alle kunstens regler og eit kledeleg skaut dekka herrefrisyren. Ho hadde grå genser og svart skjørt. Men skjørtet var litt kort etter den tidas mote.


Det var beina som avslørte rømlingen. Under chiffonstrømpene var leggene hårete og var vel maskuline. Då dama i tillegg var døvstum gjorde blei endå meir mystisk.


Konduktøren som gjekk ein tur gjennom toget før avgang, hadde aldri sett slike damebein før. Og i tillegg hadde denne skapningen mannfolk-sko. Dette måtte vera rømlingen Kåre Palmer Holm, meinte konduktøren etter å ha kontrollert billetten. Dermed gjekk han roleg ut av toget og ringte politiet.


Politiet var raskt på plassog tok den døvstumme dama som havna i politiarresten. Koss hadde Kåre Palmer Holm greidd å komma seg på toget? Det dukka opp mange spørsmål etter at han var tatt. Ein politimann sto på vakt på stasjonen. Hans jobb var å sjå etter mystiske reisande. Han hadde ikkje sett kvinneskikkelsen passera. Og kven hadde skaffa kvinnekleda?


I avisene sto det at kostymet var godt gjennomført frå ytterst til innerst. Rømlingen hadde til og med vore iført kvinneundertøy med hofteholdar og andre pikante plagg. Kven hadde hjelpt han?


Kåre Palmer Holmer var rasande då ein fotograf frå Adresseavisen fekk komma heilt inn på politikammeret der han sat meir eller mindre avkledd.


Rømlingen klaga på avisomtalen i Trondheimsavisene. Han sa at han hadde sendt brev til Adresseavisen og klaga på omtalen han hadde fått i spaltene. Han skulle sørga for å få ei rett framstilling av saka si i Stavanger Aftenblad når han kom ut.


Holm blei heller ikkje svar skuldig då ein politimann sa: - Du greidde ikkje å stikka av denne gongen heller.


- Alle gode ting er tre, svara Kåre Palmer Holm.



tirsdag 8. mars 2022

Kåre Palmer Holm på ingeniør-eventyr i Trøndelag

 

Overskrifta i avisa Nidaros 5. juli 1948 då Kåre Palmer Holm var på rømmen i Trøndelag.



I 1948 drog den unge Stavanger-mannen Kåre Palmer Holm til Trondheim. Her sette 25-åringen spor etter seg og blei eit kjent navn i Trøndelag. Trondheimsavisene skreiv om han dag etter dag heile sommaren 1948.


Ifølge avisene fekk han først jobb som portier ved eit av hotella i Trondheim. Så fekk han greie på at Forsvarsdepartementet hadde ein ledig ingeniørstilling ved Forsvarets bygningstekniske avdeling. Problemet var berre at stillingen var forholdsvis dårleg lønna. Dermed var det ingen kvalifiserte søkarar.


- Dette var synd for staten, meinte Kåre Palmer Holm. Dermed søkte han jobben og blei tilsett. I departementet var dei glade over å få ein slik dyktig mann til jobben.


Men var Kåre Palmer Holm ingeniør? I søknaden hadde han lagt ved flotte attestar og vitnemål. Av desse papira gjekk det fram at søkaren hadde gått på middelskule (realskule), Stavanger elementærtekniske skole og Horten tekniske skole. Det var også lagt ved vandelsattestar frå Stavanger politikammer og rektor Olden. Problemet var at desse papira tilhøyrde ein annan mann.


Kåre Palmer Holm - etterlyst av
Trondheimspolitiet i juli 1948.

Men Kåre Palmer Holm hadde forfalska dei og greidd å få eit stempel frå eit avskrivningsbyrå. Dermed fekk han seg først jobb som hotellportier i Trondheim og seinare som ingeniør.


Som ingeniør i Forsvarsdepartementet kom Kåre Palmer Holm tilbake til Trondheim på tjenestereise. Han tok inn på hotell i byen.


- Hadde det ikke vært for den ubetvingelige eventyrlyst hr. Holm er besjelet av, ville han sikkert innehatt ingeniørtittelen framleis. Det er ikke godt å si om det var pengene som fristet eller lysten til å gjennomføre den fullkomne forbrytelse som fikk ham til å sette sin "stilling" på spill for tyveriet av 5000 kroner. Det er grunn til å tro at det siste er tilfelle, skreiv Adresseavisen 5. juli 1948.


Pengetjuveriet skjedde på hotellet der Kåre Palmer Holm var gjest. Han fekk portieren på hotellet til å forlata kontoret der pengene var oppbevart. For Holm klaga på at det var rotter på hotellrommet hans. Dette ville portieren undersøka. Då han gjekk opp trappene, sat gjesten og drakk brus nede i resepsjonen. Men då portieren var ute av syne, lurte Holm seg inn på kontoret og tok pengene. Då portieren kom ned igjen og hadde funne ut at det ikkje var rotter på hotellrommet, sat Holm der tilsynelatande uskuldig og drakk brus.


Men den fullkomne forbrytelsen var likevel ikkje så perfekt som Kåre Palmer Holm. Politiet fann spor og tjuven blei avslørt.


Han blei arrester og då politiet starta etterforskinga kom det fram at alle attestane var falske.


Kåre Palmer Holm havna i varetektsfengsel. Men det gjekk ikkje lenge før han hadde rømt frå fengslet. Då Adresseavisen gjekk ut med denne omfattande historien om hans meritter pluss navn og bilde av Stavanger-mannen,var han på frifot. Det var ikkje lett å halda denne karen bak murane. To gonger stakk han av i løpet av opphaldet i Trondheim i 1948.