onsdag 19. januar 2022

Bil-Ola og gubbane i Ulladalen var gode bussar

 

Foto: Bastian Bærheim.


Dette herlege bildet av Bil-Ola, som han blei kalla, og dei to gamle karane frå Ulladalen berga dagen for meg. Bildet er tatt ein gong på 1960-talet av heiatravaren Bastian Bærheim som var ein fast gjest i Jøsenfjorden, Ulladalen, Sandsa og heiatraktane i Suldal.


Alle i Jøsenfjorden kalla han for Bil-Ola. Det offisielle navnet var Ola O. Hauge, men det var vel helst på papiret det blei brukt. I daglegtalen var det Bil-Ola. Det var praktisk. For det var jo sjølvsagt ein jamaldrande Ola Hauge også. Han skreiv seg for Ola J. Hauge.


Bil-Ola og sonen Terje klar til avgang. By-turistane fekk plass på lasteplanen. 
Bildet er tatt i 1951. Terje er fødd i 1943. Bak på bildet er det helsing frå 
E. Christiansen i Stavanger.


Bil-Ola var frå Hauge eller Haua om du vil. Han voks opp som ein av fem brør i ein syskenflokk på ni. Fem guttar og fire jenter. Brørne var store og grovbygde med godt synlege nasar. Fellesbetegnelsen på dei var Haua-gudane. Dei sa ikkje gutane på den ekta og originale fjordadialekten med blaut konsonant. Her var dei gudar.


Haua-gudane var arbeidskarar som passa på det dei hadde. Pengane også. Gamle-Ola, far til gudane, fortalde om koss dei ordna seg: - Dei fer av garde og tek seg arbeid på eigen kost. Så kjeme dei him og ete godt, sa han og lo. Gamlingen var blid og full av lått, han også.


Som 35-åring blei Ola til Bil-Ola. I 1939 kjøpte han seg sin fyrste lastebil, ein brukt Ford frå 1932. Nå tok han alle slags kjøreoppdrag i Jøsenfjorden og på den smale vegen til Ulladalen. Ikkje berre last. Lastebilen gjorde jobben som bygdadrosje også.


Bil-Ola selde merkelappar til turistane. 



Bil-Ola og Forden sto alltid klar når rutebåten kom til Vadla for å kjøra dei som trong skyss. Høgsesongen var påskadagane når by-turistane kom med båten og skulle til Ulladalen og vidare til Sandsa. Då blei det mange turar opp med folk og bagasje. For å halda orden på alt utstyret til turistane, hadde Bil-Ola skaffa merkelappar til bagasjen. 


Ulladalsvegen gjekk inn under Hesthidler. Den blei sprengt vekk i 1975. Bildet er 
frå Aftenbladet.



I sommarsesongen sette Jøsenfjord rutelag opp turist-ruta mellom Stavanger og Vadla fleire dagar i veka. Då kunne byfolk ta båten frå byen til Tau for så å reisa vidare med buss til Tøtlandsvik. Der gjekk dei om bord i båten igjen og på Vadla venta Bil-Ola med bilen. Denne bilturen der ein fekk sitteplass på harde trebenker bak på lasteplanet, var høgdepunktet på turen.


Eg trudde at det var laga avisreportasjar om Bil-Ola og den spesielle turistruta med lastebil mellom Vadla og Ulladalen. Det har eg ikkje funne, men han er omtala i andre avis-artiklar frå distriktet.


Dette er fyrste Bil-Ola-bloggen. Eg skal greia å få til fleire i dagane som kjem. 


1 kommentar:

  1. Kjekt å lese dette! Mange gode minner fra helgeturer til Vadla på laksefiske på femti- og sekstitallet. Ofte sammen med Bastian på båten. Han var lett kjennelig, med vandrestaven og halstørkledet. Slik jeg husker det kjørte vi med Ola Bil til "Neonde bakkjen" som Torjer sa. Der camperte vi i telt og far fiska laks. Men navnet: Vi sa aldri Bil-Ola, for oss var det Ola Bil. Var Bil-Ola det som blei brukt på Vadla, og vi byfolk som hadde en "talefeil"?

    SvarSlett