søndag 26. september 2021

Tøffe cowboyar på ku-jakt i ville Vormedalen!

 


Cowboyar i ville Vormedalen i 1956. Frå venstre: Dag fem, Tore åtte,  Magne ni og meg sju.
Fotograf var Anna Johanna Laugaland, til dagleg kalla faste Tulla.


Kan du sjå det for deg? Ni år gamle Magne med cowboy-hatt til skrevs over hesteryggen med meg, berre sju år, bakpå. Eg må ha klamra meg fast til ryggen til søskenbarnet så godt eg kunne. Dette var ein spontan-utrykning etter at kyrne til Magne og dei, hadde trødd ned gjerdet og teke seg inn i kornåkeren til naboen.


Haustferie var eit relativt ukjent begrep på Laugaland på 1950-talet, men reinsdyrjakta var ein slags brukbar erstatning. Då dyrajakta starta slik passeleg utpå hausten, var plutseleg dei aller fleste mannfolk vekke ei vekes tid.


Kåner og ungar fekk eit pusterom. Ein spontan bytur kunne det bli for kvinnfolka og guttungane på gardane tok på seg rollen som gardsbestyrarar med varierande alvor.


Søskenbarn Magne var frå garden, men ikkje odelsgutt. Når faren og eldstebroren var hima, spelte han ein perifer rolle i "gårdsbestyrerelsen". Nå tok han igjen med meg i ein bi-rolle.


Me var jo cowboyar, kan du skjøna der inne i ville Vormedalen. Kunnskapane om cowboy-livet blei henta frå den kulørte vekepressa. Teikneserie-blada "Texas" og "Vill Vest" inneheldt mykje verdifull informasjon. Spesielt for Magne som kunne lesa. Eg måtte på denne tida nøya meg med å studera teikningane.


Hesten på garden hadde det lite spektakulære navnet Gamlå i daglegtalen. Denne hesten hadde mange rolege dagar etter dei hadde fått traktor. Ikkje unaturleg at Magne og meg tok ansvaret for å mosjonera hesten og gi den eit nytt og meiningsfylt liv som cowboy-hest.


Det blei fleire treningsturar i desse haustdagane. Ingen vaksne mannfolk som kunne slå ned på guttungar som dreiv med tull og tøys.


Pluseleg gjekk alarmen. Kånå på nabogarden, Malfrid, hadde sett at kyrne til Magne og dei dreiv og meska seg i kornåkeren til naboen. Ho trong hjelp til å jaga kyrne og retta opp gjerdet.


Denne nabogrensa gjekk langt utpå prærien, på andre sida av elva. Her var det husdyra hadde sett sitt snitt til å krenka nabo-grenssa.


Magne tok ansvaret. Gamlå blei sala opp. Me tok plass på hesteryggen. Så reid ordensmakta ut på eventyr.


Malfrid gjorde store auer då ho såg grensepolitiane som skulle hjelpa henne med å driva dyra over nabo-grensa. At ho sette særleg pris på hjelpa, veit eg ikkje sikkert. Du ser det at hesten trakka jo ned ein heil del av kornavlinga under kujakta. Malfrid måtte vel ta seg av det meste av ku-jaginga aleina. Me hadde jo ein hest å styra.


Men alt gjekk godt. Kyrne blei jaga over grensa igjen. Og gjerdet retta opp. Cowboyane kom uskada frå dramaet. Alle fekk pusta ut. Då mannfolka endeleg kom heim frå dyrajakta, var dette i ferd med å bli eit muntert minne.


Du så kjekt det var før i tida. Og så mykje fint haustvêr!

fredag 24. september 2021

Ane fekk si siste reis med «Hjelmelandsfjord»

 




"Hjelmelandsfjord" måtte avvika frå si vanlege ruta frå byen og gå innom Helgøy for 
å henta kista til Ane Laugaland.




Rutebåten «Hjelmelandsfjord» måtte avvika frå si vanlege rute då båra til Ane Laugaland skulle heim frå Helgøy i Årdalsfjorden til gravplassen i Vormedalen i februar 1955. Båten kom frå byen og gjorde ein sving innom til Helgøy-kaien etter å ha vore på Sørvåg på Fogn. 

- Heilt spesielt at «Hjelmelandsfjord» var innom på Helgøy. Kista til Ane var kjørt på kaien med hest og slede. Der blei den boren om bord. Då dette var gjort, senka styrmannen flagget på halv stang før båten gjekk vidare mot Fister, fortel Håkon Helgøy som var sju år då dette hende. Heile Helgøy, rett nok ikkje så veldig mange, var på kaien for å ta farvel med Ane og sjå «Hjelmelandsfjord».



Dødsannonsa i Aftenbladet.

Jula feira Ane saman med dei to døtrene sine, eine året på Ullestad i Årdal med Anna og familien, neste året hjå Inger og familien på Helgøy.


Julehelga i 1954 var ho hjå Inger på Helgøy. Der blei ho sjuk og sengeliggjande. Ane ville ikkje høyra snakk om sjukehus. Ho blei liggjande heime hjå dottera heilt til ho døde i slutten av februar.


Ane var syster til Serina, bestemor mi på Laugaland. Ei tid før Ane døde reiste heile familien vår til Helgøy for å ta avskil med moster Ane som alle i vår familie kalte henne. Det blei ei heil reis. Fyrst med rutebussen tidleg om morgonen frå Laugaland til Hjelmeland og så vidare til Fister.


Der sto Dagfinn Solberg og venta med bussunge (minibuss). Han kjørte oss til Grønvik. Derifrå var det i robåt over til Helgøy. Ane låg i senga, sjuk og svak, men ho ville sjå oss alle. Eg får stadig klump i halsen når eg tenkjer på at ho tok meg i handa, smilte til meg og sa eit par ord med svak stemme.


Fredag 4. mars kom kista til bedehuset der storparten av gravferdsgjestene venta. Det var ein kort seremoni. Så var det mat. Mange av gravferdsgjestene hadde reist langt. Til og med frå Oslo. Det eine måltidet avløyste det andre.


For meg som seks-åring var det kanskje ikkje sjølve høgtida eg hugsar best. Meir alt som skjedde rundt.


Ane, Serina og Johannes Laugaland på sine eldre dagar. Serina og Johannes var
besteforeldrene mine. Bildet tilhøyrer Nils Viga Hausken som er oldebarn av
Serina og Johannes. 


Paul Mæland sto med hest og slede og venta då sokneprest Langeland hadde gjort seg ferdig på bedehuset. Eit langt gravferdsfylgje gjekk etter kista på sleden over elva og opp til kyrkjegarden.


Gravferdshelga blei lang og minnerik. Folk møttest og mintest Ane. Men dei var opptekne av meir materielle ting også. Mange av dei mannlege gravferdsgjestene tok seg ein tur ned i redskapshuset til farbror Andres for å studera den flunkande nye traktoren, ein raud McCormick som var kommen til gards i god tid før vinna.


Etter det har moster Ane vore eit gildt minne. Ho var så lett på foten. Eg masa på ho og bestemor. Ville ha dei til å kappspringa. Sjølvsagt gjorde dei det. Ane sprang frå Serina kvar gong, sjølv om ho var tre år eldre.


Tenk i mårå er det 150 år sidan ho blei fødd.


Grava til Ane og Jone på kyrkjegarden i Vormedalen.






torsdag 23. september 2021

Ingeborg (7) måtte bu hjå bestemor for å begynna på skulen

 

Ingeborg Øvrehus fekk ein tøff start på skulegangen. Heile fyrste skuleåret
måtte ho bu hjå bestemora på Laugaland.

- Eg lengta meg nesten sjuke. Heile vinteren måtte eg bu hjå bestemor. I haustferien fekk eg grina meg til to-tre dagar heime på Helgøy. Deretter var eg berre heime jul og påske, fortel 85 år gamle Ingeborg Øvrehus frå Fister.


Ingeborg var sju år gammal og skulle begynna på folkeskulen hausten 1943, midt under krigen. Helgøy i Årdalsfjorden høyrte til Fisterneset skulekrins i dåverande Fister kommune.


I dette føreståande skuleåret blei det bestemt at det ikkje skulle vera skule her. Alternativet for fyrsteklassingen frå Helgøy var å gå på skule på Sør-Bokn, ei av Fisterøyane på andre sida av Fisterfjorden.


Fyrsteklassingen måtte bu på Sør-Bokn viss ho skulle gå på skulen der. Det var ikkje skuleskyss over fjorden. Foreldra, Inger og Jone Kleiveland, meinte dette var håplaust for yngstejenta.


Ane Laugaland med fosterdøtre og barnebarn. Inger og dottera Ingeborg til venstre. 
Jan Ullestad på fanget til Ane og Anna Ullestad til høgre. Jan er fødd i 1940. Bildet
er truleg tatt før Ingeborg begynte på skulen. Bildet tilhøyrer Nils Viga Hausken,



Dermed vende Inger seg til fostermor Ane på Laugaland. Kunne vesle-jenta bu hjå henne og gå på skule i Vormedalen? Bestemora var eit ja-menneske. Ho kunne sjølvsagt ta seg av Ingeborg. Ikkje noko problem for Ane som nå blei 72 år gammal, å få ein sju år gammal jentunge i huset.


På den tida var det ei dagsreis å komma seg frå Helgøy i Årdalsfjorden til Laugaland i Vormedalen. Dei måtte ro frå Helgøy til Fister. Ta rutebåten til Hjelmeland. Derifrå gjekk det buss til Vormedalen.


Ingeborg Øvrehus hugsar godt sitt fyrste skuleår.


- Småskulen i Vormedalen heldt til på bedehuset. Me hadde Magda Sæbø som lærar. Jorunn Laugaland, Sigfrid (Diddi) Hauge, Jørgen (Tremoen) Helgeland, Karen Moen og Anna Vikedal var også fyrsteklassingar pluss eit par-tre til som eg ikkje hugsar navna på i dag.


- Koss var det å bu hjå bestemor så lenge?


- Eg hadde ein voldsom respekt for henne. Ho følte eit voldsomt ansvar for meg. Det var viktig å komma seg tidleg heim og ikkje vasa seg vekk med dei andre ungane. Eg gav henne aldri ein klem. Syster hennar, Serina, derimot, klemte eg rett som det var, fortel Ingeborg.


Heldigvis blei det orden på skuledrifta på Fisterneset i åra etterpå, Dermed kunne Ingeborg bu heime på Helgøy i åra som kom.


- Minna frå denne vinteren førte til at eg ikkje likte bestemor så godt seinare. Men som vaksen har eg forstått meir. Ho som var eit gammalt menneske, tok det på største alvor å få ein sju år gammal jentunge i huset. Og det var tøffe tider med ein verdenskrig som herja, seier Ingeborg Øvrehus som i dag er den einaste som lever igjen av borna til Inger og Jone Kleiveland. 


PS. Inger (1895), Ane si fosterdotter, blei i 1919 gift med Jone Kleiveland, også han frå Vormedalen. Dei kjøpte gard på Helgøy og busette seg der. Dei fekk fem barn.


Anna (1907), den andre fosterdottera, blei gift med Ivar Ullestad frå Årdal og dei budde i Årdal.Dei fekk to barn. DS.


Dette var fjerde bloggen om Ane Laugaland. Planen min er å avslutta dette med ein oppsummerande femte blogg i morgon. - Viss eg lever og har helså, som moster Ane alltid sa. 


onsdag 22. september 2021

Ane blei fostermor til to gilde jenter, men mista mannen

 

Ane og Jone Laugaland med fosterdøtrene Inger og Anna (på fanget). Bildet tilhøyrer 
Jan Ullestad.

For den blide, livskraftige og rause Ane blei det ei sorg at ho og mannen, Jone, ikkje fekk barn. Då søstera Serina blei gift til nabogarden fem år seinare, gjekk det berre eit års tid før det fyrste barnet kom, Seinare kom ungane i tur og orden. Der blei det ni ungar som vaks opp.


Men den unge Ane sette seg ikkje ned og tykte synd på seg sjølv. Tvertimot. Ho blei omsorgsperson for heile Vormedalen. Var det nokon som trong hjelp, var Ane Laugaland på plass og passa på. Ho lika ikkje at folk leid.


I ei tid då avstandane var lange og helsevesenet på bygdene lite utbygd, blei det til at Ane blei ei hjelpejordmor for heile bygda. Med åra blei det ganske mange små vormedalsbuar som ho tok mot. Fødslar var tøffe tak på den tida og av og til gjekk det gale. Alle som har interessert seg for slektshistorie og lokalhistorie har høyrt om kvinner som blei alvorleg sjuke og døydde på barselseng, som det heiter.



Stova til Ane og Jone Laugaland. Legg merke til bilde av biskop Johan Lunde på veggen
ved stoveklokka. Foto: Digitalt museum. 


Slike kvardagstragediar skjedde her inne også. Dette var forklaringa på at det kom ungar i huset til Ane og Jone. I 1905 kom den ti år gamle Inger til Laugaland. Mor hennar var blitt sjuk og ikkje i stand til å ta ansvaret for ein stor barneflokk. To år seinare kom den nyfødde Anna. Mor hennar døydde under fødselen og faren såg seg ikkje i stand til å ta seg av den litle jenta.


Dei to jentene fekk ein god og trygg heim hjå Ane og Jone. Dei kalla Ane for mor resten av sine liv.


Ekteparet var gjestfrie og glad i folk. "Saman skipa dei då ein gild "Bethania-heim". Her kjende ein "så vel kor det anda av Guds fred", og kor kristenkjæleiken lyste varm mot ein frå dei båe. Derfor var det alltid ein festleg hugnad å vitja den stille og fredlyste heimen deira. Det var som å koma til ein oase for trøytte ferdamenn. Og mange vener fann vegen dit gjennom åra. Biskop Lunde t. d. kom dit år etter år i sommarferien sin", sto det mellom anna å lesa i 80 års-omtalen i Aftenbladet i 1951.


Nekrologen i Aftenbladet i oktober 1916.

At sjølvaste barnebispen, Johan Lunde, var ein hyppig og kjær gjest på Laugaland, fekk til og med eg med meg i 1950-åra. Dei gamle snakka ofte om då biskopen deltok i leik og moro med dei unge og han var visst litt med i arbeidet på garden også. Trur kanskje det var ei fiskehistorie eller to. Fekk biskop Lunde ein laks, kan henda?


Biskop Lunde var opprinneleg frå Lillehammer. Men i sine unge presteår var han ei tid i Stavanger. Det må ha vore i den tida han fekk kontakt med dei fromme på Laugaland.


11. mars 1911 melder Aftenbladet at det er danna sanitetsforening (helselag) i Hjelmeland. Mellom stiftarane er Ane Laugaland. Saman med fru sokneprest Aafos, fargar Ole Larsen, dr. Jens Holst og lærar Joh. Hovda var ho med i det fyrste styret. Hjelmeland sykepleie og tuberkoloseforening var det offiesielle navnet. - En sykepleier skal ansettes snarest mulig, skreiv Aftenbladet.


Heimen er både vond og god; det skifter med sut og gaman. Hæv er den som med same mod kan taka mot alt i saman, skriv Ivar Aasen.


Sorga melde seg i all si gru då ho mista sin kjære Jone i 1916.


Han var innlagt på sjukehus i Stavanger. Der døydde han av komplikasjonar etter ein operasjon. Jone blei 50 år gammal,


Dermed sat Ane som igjen som 45-årig enke med to fosterdøtre og ein stor gard. Det blei ei tøff tid.


Men ho gav ikkje opp. Garden leverte ho vidare til svogeren, Johannes L. Laugaland (bror til Jone) i 1925. Då hadde ho skild i frå eit jordstykke frå garden der ho fekk bygd huset som ho blei buande i resten av sitt liv.


Dette er den tredje bloggen eg har laga om Ane Laugaland. 25. september er det 150 år sidan ho blei fødd på Svadberg i Årdal.




tirsdag 21. september 2021

Emissær-døtrene som fekk tak i kvar sin odelsgutt

 

Emissærdøtrene frå Årdal, Serina (til venstre) og Ane 
Svadberg. Dei blei gifte til kvar sin gard på Laugaland. 
Bildet tilhøyrer Nils Viga Hausken. 


Dei to emissær-døtrene frå Årdal sperra auene opp då dei oppdaga to lys levande, ledige odelsguttar frå Vormedalen. Ane var den eldste og ho var ledaren i jakta på naboguttane Jone og Johannes. Søstera Serina heldt seg litt positivt avventande i bakgrunnen. Det var ikkje tvil om kven som var sjefen.


Fristande å dikta om ein rørande kjærleikshistorie om dei unge som fann kvarande sjølv om avstandane var lange og bakkane bratte. Fantasi må til når ein ikkje har nok fakta å byggja på. Det kan lett bli litt romantikk av slikt.





Dei to karane frå Laugaland var nok passande parti for jentene frå Årdal. Far deira, Andres Svadberg, var ikkje berre predikant. Han var bonde også. På Svadberg, ein av dei større gardane i Årdal.

Men koss i all verda kunne det oppstå varme følelsar og kjærleik mellom jenter frå Årdal og mannfolk frå Vormedalen? På 1890-talet. Det fanst verken bilar eller veg mellom bygdene. Ikkje mobiltelefon ein gong.


Viss folk frå Vormedalen hadde ærend i Årdal, måtte dei gå over heia og komma ned den lange og seige Bønardalen til denne bygda med mange gjeve gardar og folk som rekna seg for å tilhøyra ein høgareståande rase enn simple vormedalsbuar.


Johannes J. Laugaland, bestefaren min, i sin ungdom. Bildet
tilhøyrer Nils Viga Hausken. 



Jone L. Laugaland (1866) og Johannes Laugaland (1874) traff ikkje Svadberg-systrene på bygdadans i Årdal. Dei var altfor fromme til det. Dette var folk som var prega av dei sterke kristelege straumdraga i Ryfylkebygdene i desse åra, og dei to systrene var så grundig omvende til kristenlivet at dei er omtala i bygdeboka for Årdal som kom ut i 1969 med Sigurd Eikeland som forfattar.


Den landskjende predikanten Ludvig Hope kom til Årdal i 1883. Ungdommen i bygda strøymde til møta. Søstrene Anna (Ane) og Serina blei omvende, og då dei seinare blei gifte til Vormedalen, gjekk dei i gong med eit jentelag, står det å lesa på side 246 i denne boka. Ludvig Hope var ein av grunnleggjarane av Kinamisjonen (Misjonssambandet).


Det som er litt rart, er at Ane også er omtala i bygdeboka som eit sentralt medlem i det frilynde ungdomslaget i Årdal. Her var ho med i styret i 1892 saman med K. S. Schmidt og Åsmund Mæle. Anten har Ane då vakla litt i trua i desse åra eller så var det slik at ungdommane som rekna seg som omvende også kunne vera med i ungdomslaget der dei dreiv med ordskifte, foredrag, song og kaffikveldar med småmoro, ifølge bygdeboka.


Serina blei gift til garden til venstre med raud løe. Ane gifta seg til nabogarden med grøn løe
til høgre. 


Men friarane frå Laugaland hadde eit pund i Årdal å slå i bordet med. For gamle Lars Laugaland, far til Jone, var ikkje berre bonde i Vormedalen. Han hadde ein gard på Egeland i Årdal også. Han sto heilt sikkert på god fot med faren til dei Svadberg-jentene.


Lars Laugaland (1831) budde ein del år på Egeland i Årdal. Han var med i heradstyret både i Årdal og seinare i Hjelmeland . Han var også presten sin medhjelpar i mangfoldige år. I tillegg var han akta leiar i det kristelege miljøet i heimbygda, skreiv Aftenbladet 16. januar 1922 då gamle Lars var død, 91 år gammal. 


Ane Svadberg og Jone Laugaland gifta seg i 1893. Eg har ikkje noko slags grunnlag for å skildra kva som skjedde i den gamle raudmalte kyrkja i Årdal denne dagen. Heller ikkje har eg kunnskap om eit eventuelt gjestebod på Svadberg. Men dei busette seg på Laugaland. 


Det er jo slett ikkje sikkert at nabogutten Johannes hadde vore på friarferd til Årdal saman med den åtte år eldre Jone. Kan henda var det Ane som oppdaga at det var ein ledig odelsgutt på Laugaland då ho blei busett der inne. Så ho ba systera Serina om å komma på besøk. Dermed kunne Ane kopla Serina og Johannes. Ho var truande til det. Ho var ikkje berre snill. Bestemt var ho også. 


Eg skriv om Ane Laugaland i desse bloggane for å minnast denne spesielle kvinna. 25. september er det 150 år sidan ho blei fødd.  





 




mandag 20. september 2021

Ane Laugaland - ho var meir enn ei gammal, godslig tante

 

Ane Laugaland var ei spesiell kvinne i Vormedalen. Blid, 
aktiv og full av omsorg. 25. september er det 150 år sidan
ho blei fødd i Årdal.



Ane var mitt fyrste damebekjentskap utanfor den aller næraste familien. Følelsane var varme og gjensidige. Ho lærte meg å drikka kaffi godt utspedd med melk i god tid før eg lærte å snakka. Seinare fortalte ho meg så inngåande og detaljert om Jesus og Himmelen at eg var sikker på at ho hadde vore på besøk hjå Jesus både nå og då.


Ho var tanten til far min. Derfor kalte me henne moster Ane. Foreldrene mine flytta inn andre etasje i huset hennar då dei gifta seg i 1948. Så eg kom til verda her midt på Laugaland i 1949, og det gjekk nok ikkje mange timane før ho fekk hjå meg. Eg kan ikkje hugsa vårt fyrste møte av naturlege grunnar. Men det blei eit varmt og tett forhold i åra som kom.


Moster Ane sitt hus låg rett ved krossen på Laugaland. Ho budde i fyrste etasje og familien min
heldt til i andre etasje. 


Ein viktig grunn til at me blei så nære, var navnet mitt. Eg blei døypt Jone, oppkalla etter den eldste broren til far min. Men same navnet hadde mannen til moster Ane også.


Hennar store kjærlighet, Jone, hadde vore død i 33 år då eg kom til verda. Det var stort for henne å få ein ny Jone i huset.

Ho hadde jo passert 80 då eg blei kjend med henne, men stadig på farten og engasjert. Når ho hadde vore ute og farta og møtt folk fortalde ho om det då ho kom heim: Dei var kjenneslege og gilde, sa ho då.


Og ho var heilt oppi vêret då ein mann i Årdal, Kolbein Riveland, runda 100 år.  - Tenk an Kolbein Røvjaland er på det andra hundre, sa ho.


Me hadde møje løye saman. Men ingen lever evig. Moster Ane døde i februar 1955. Eg var seks år gammal. Forsto eg heilt koss trist dette var? Eg veit ikkje heilt.


Dødsannonsa i Aftenbladet

Det blei ein god gammaldags bygdabegravelse på bedehuset i Vormedalen med alt som fanst av slekt og venner til stades, tre dagar til ende. Dei tilreisande kom på fredagskvelden og blei trakterte med mat på bedehuset og seinare innlosjerte på soverom, kammers og loft. Det blei mange inntrykk for ein liten guttunge.


Eg har aldri gløymt henne. Og det var fast bestemt at viss me fekk ei jenta i vår familie, skulle ho bli døypt Ane. Men det blei berre guttaslampar hjå oss. 25 september er det 150 år sidan Ane Laugaland blei fødd på garden Svadberg i Årdal.


Ein blid gammal mann med bart tok seg av veden for moster Ane. Han saga og kløyvde veden og lødde den fint opp i vedaskuten. Denne mannen heitte Sven Seltveit og budde i huset rett under Fuglahammaren på Meland. Eg blei godt kjent med han. Men plutseleg ein dag var han død.


Dette gjekk innpå meg. Eg måtte snakka med moster Ane om dette.


- Nå er Sven Seltveit hjå Jesus i himmelen, sa ho.


-Koss kom han der til, spurte eg.


Ho forklarte at det var englane som henta han frå Meland til himmelen. Eg lurte på om det ikkje var kalt å fyka opp igjønå til himmelen. Nei, det gjekk fint, forsikra ho. Han var pakka godt inn i tjukke ullteppe, fortalde ho. Eg trudde jo alt dette, kan du skjøna.


Men tvilen melde seg hjå meg etter at eg hadde vore på søndagsskulen og fått eit bilde av Jesus med meg heim. Dette oppfatta eg som fem-åring som eit fotografi frå himmelen. I dag veit eg at dette var eit maleri som viser Jesus og læresveinane som deler det fyrste nattverdsmåltidet.


Eg fann ikkje Sven Seltveit på bildet frå himmelen. 


Eg gjekk strake vegen frå bedehuset og søndagsskulen og heim. Rett inn til moster Ane og la bildet på bordet og spurde: - Kor e an Sven Seltveit henne? Spørsmålet kom så brått på henne at ho trong ei stund på å svara.


Frå den dagen blei eg ein tvilar.

fredag 3. september 2021

Bjørnen rauta i Sauda-skogane!



Den rautande Sauda-bjørnen teikna av Roar Hagen.


- Bjørn i Sauda? Nei, den må du gå lenger inn i Ryfylke med, bles sjefen min på desken i Aftenbladet.


- Men den har jo drepe fleire sauer på Hustveit. Det er jo bevis godt nok, innvende spake meg i telefonen frå Sauda-kontoret.


Ganske deprimerande når du har slete i eit år med å finna noko skikkeleg opprivande å skriva om, så blir du møtt med skepsis og vantru frå dei som skal sørga for at sensasjonane kjem på trykk. Det var stort sett stille og fredeleg i Sauda i 1979. Det var ikkje så lett å finna stoff som var egna for fyrstesida i fylkeshovedstaden.


Difor var eg i fyr og flamme då Ola O. Hustveit, ein seriøs bonde, ringde og fortalde at ein bjørn hadde herja i saueflokken hans. Saue-bonden viste fram saue-kadaveret og eg fotograferte. Bildet og manuset med den dramatiske bjørne-historia blei sendt til byen med båt. Eg håpa på å finna stoffet mitt på ein prominent plass på fyrstesida neste dag, men var jo slett ikkje sikker etter å ha blitt møtt med så mykje tvil.


Bjørneeksperten i midten var ikkje i tvil om at det var bjørn på ferde i Sauda. Dette bildet
sto på fyrstesida i Aftenbladet 28. september 1979.


Bjørne-skepsisen på Stavanger-kontoret la ingen dempar på mitt engasjement. Neste dag stilte eg Aftenbladet sin reportasje-bil til disposisjon. Med sauebonde Ola O. Hustveit og Olav Hugdal, formann i viltnemnda i Sauda, som passasjerarar kjørte med over Saudafjellet med sauekadaveret i bagasjerommet.


Grimo i Hardanger var målet for turen. Der venta Jon Velken på oss. Han var ekspert på rovdyr-drap på sau. - Ingen tvil, konstaterte han. Skadene på sauene tala sitt tydelege språk. Eksperten trudde det kunne vera fleire bjørnar på ferde i Ryfylke.


Sauda-bjørnen fekk sin velfortjente plass på fyrstesida. Bilda av Ola O. Hustveit og den daude sauen pryda avisa to dagar i løpet kort tid trass i skepsisen frå by-kollegene.


Eg hadde det ikkje like travelt kvar dag på Sauda.kontoret. Foto: Sigvart Løland.



Bjørne-stoffet fenga uansett i Ryfylke-bygdene. Kontor-telefonen kunne stå livlaus og ubrukt i timesvis. Nå ringt det meir og mindre i ett. Det var mistanke om bjørnedrap fleire stader både i Sauda og i Suldal. Eg fekk mykje interessant å skriva om.


Det toppa seg då bjørnen gjekk rundt og rauta ein månelys fredagskveld i oktober på Hustveit.


- Rett etter at fullmånen var kommen opp ved åtte-tida, høyrde eg fleire raut og eit høgt brøl berre 200 meter unna. Neste dag fann eg to sprengde lam nesten like ved gardshusa, fortalde Ola O. Hustveit til Aftenbladet.


Rautinga minna om raut frå kyr og kviger, men låg i eit høgare toneleie. Det kunne vera ei binne som kalla på ungane sine eller ei binne som var på jakt på ein passande hann.


I ettertid er det grunn til å tru at bjørnen som labba rundt i Sauda-skogane, aldri fann nokon partner her. I åra som kom etterpå var det lite bjørnestoff frå indre Ryfylke.


Kva kollegene mine i byen eigentleg trudde om Sauda-bjørnen, veit eg ikkje. Men dei lika tydelegvis bjørnerauta. Dei fekk dåverande Aftenblad-teiknar, Roar Hagen, til å foreviga den brølande bjørnen. Den kom på fyrstesida 8. oktober 1979.


Noko ekta bjørne-bilde fekk eg aldri tak i.