lørdag 29. oktober 2022

Mannfolka styrte då basaren starta

 

Ein mannfolk-jobb å ta seg av trekninga på basaren. Emissær Sigmund Hauge, Ola Anfinn
Vadla, Daniel Gjil og Jon Hauge. Berta Krumshagen viser fram gevinsten.
Foto: Jonas Haarr Friestad. 



Dei 12 foreningsdamene hadde hekla, strikka, sydd og brodert i eit heilt år for å få til nok gevinstar til Finnabasaren i november 1977. Men kven sto i spissen då basaren blei avvikla på bedehuset? Mannfolka! Dette var jobben for dei.


Damene hadde pynta og klartgjort bedehuset til basaren. Dei hadde hengt opp gevinstar langs veggene, seldt lodd til dei ivrigaste basar-gjengarene som hadde møtt opp etter at dørene åpna ved sju-tida på kvelden.


Etter ein god halvtimes loddsalg, var det ei av damene som nikka til Jon Hauge. Nå var det tid for mennene.


Jon Hauge steig fram på golvet. Han kremta grundig før han tok ordet. Alle var hjerteleg velkomne på basaren. Ikkje minst den tilreisande emissæren, Sigmund Hauge, som så fekk ordet etter litt syngjing


Karbonade-smørbrøda og kaffien sto klar i bedehus-kjellaren kort tid etter at emissæren hadde gjort jobben sin. Steminga var stigande. Det var fleire svultne rundt borda i kjellarene enn det hadde vore tilhøyrarar då emissæren talte. Folk åt og drøste.


Då måltidet var slutt. Måtte ein ny mann i sving. Fem kroner skulle Jonas Krumshagen ha for maten. Ikkje nokon upris på nokon måte.


Nå var det tid for meir loddsalg, drøs og anna kos. Dei siste mannfolka var også komne. Dei fleste inne i den store møtesalen. Andre utforbi eller rett oppi vegen og kosa seg med sitt. Dei hadde sendt betrudde ungar inn for å ta lodd.


Spenninga var til å ta og føla på under trekninga på Finnabasaren.
Foto: Jonas Haarr Friestad.



I Jøsenfjorden som i mange andre bygder var det meir eller mindre etablert at kvinner og menn sat på kvar si side på bedehuset. På basarane var det også slik. Dette hadde ikkje minst med interesser å gjera. Mennene snakka om vinden, veret og veren, så seint på hausten. Kvinnene var nok meir opptekne av gevinstar, ungar og meir huslege ting.


Høgdepunktet på basaren var trekninga i ti-tida på kvelden. Dette var også mannfolk-arbeid.


Daniel Gjil og Jon Hauge tok seg av trekninga av alle dei gilde gevinstane. Dei fann vinnarane, emissær Sigmund Hauge les opp navna og foreningsdamene plukka fram gevinstane og fordelte dei etterkvar som trekninga gjekk unna.


Alt gjekk fredeligt og greit unna. Før klokka var elleve på laurdagskvelden var det mørkt på bedehuset. Nok ein Finnabasar var ferdig.


Slik var det den gongen. I dag er berre Finnabasaren eit minne.

torsdag 27. oktober 2022

Lang emissær-time før basar-mat og bedehus-kaffi


Den andektige forsamlinga, med kvinneleg dominans, fekk høyra emissær Sigmund Hauge
tala, syngja og syna lysbilde i ein times tid før det blei tid for basarmat.
 Foto: Jonas Haarr Friestad. 
 
 


- Blir det aldri mat på denne basaren?


Ein fire-fem år gammal smårolling begynte å bli både lei og svolten etter at emissær Sigmund Hauge hadde drive på med tale, solosang, og lysbilde-show i 40 stive minutt.


Alt gjekk etter det tradisjonelle progammet på Finnabasaren på bedehuset i Jøsenfjorden i november 1977. Fyrst ein roleg start med eit par timars fredeleg loddsalg før det var andakt med den tilreisande emissæren.


Sigmund Hauge varSamemisjonen sin utsende emissær på Finnabasaren i Jøsenfjorden.
Hauge var frå Sjernarøyane og bror av forfattaren Alfred Hauge. 



Sigmund Hauge, den utsende predikanten frå Samemisjonen, nøydde seg ikkje med oppbyggjelege ord til dei frammøtte. Denne karen var frå Sjernarøyane og bror av den meir navngjetne Alfred Hauge, kunne både syngja og spela trekkspel. Fyrst fekk han forsamlinga med på den kjende bedehussongen "La meg få høre om Jesus". Deretter song han solo til eigen trekkspel-musikk.


Gudsorda henta han frå Johannes Openberring: "Hold fast ved det du har, så ingen tar din krone".


Til slutt viste emissær Hauge lysbilde frå Samemisjonen sitt arbeid i Finnmark. Då presiserte han at Samemisjonen ikkje måtte samanliknast med dei ytre misjonane. Samemisjonen dreiv ikkje ei offensiv kristning av samar. Arbeidet her måtte ein samanlikna med indremisjonen sitt arbeid, sa han.


Det gjekk ein times tid før emissæren var ferdig og pakka trekkspel og lysbilde-apparat ned.


?Endeleg, tenkte smårollingane og sikkert også mødrene deira som hadde kjempa for å halda ro i salen.


Det var snart tid for maten i kjellaren: Karbonade-smørbrød og bedehus-kaffi.


Pliktløpet var avslutta, nå var bygdafesten i gang.


Og nå kom mennene også på basaren. Dei var endeleg ferdig med fjosstellet.

tirsdag 25. oktober 2022

Basarane på bedehuset var reine bygdefestane!

Kø for å kjøpa lodd. Kvinnene som skriv i basarbøkene frå venstre: Liv Berit Moen,
 Ingrid Skjølingstad og Helga Hjorteland. Dei to fyrste loddkjøparane er ukjente, Mette Berge, 
Nina Skjølingstad, Terje Skjølingstad, Laila Abotnes med Tomas på armen, Bjørg Grete Solheim og Haldis Steinsland.



Finnabasaren var den gjevaste av alle basarane på bedehuset i Jøsenfjorden. I 1977 var det 12 kvinner i bygda som dreiv kvinneforeninga som støtta opp om arbeidet til Samemisjonen. Desse kvnnene strikka, hekla og sydde i eit heilt år for å skaffa nok gevinstar til å halda basar.

 Det var tre dominerande kvinneforeningar i Jøsenfjorden på den tida. Foreninga som laga basar der pengane gjekk til Misjonsselskapet, blei kalla kånene. Indremisjonsforeninga heitte jentene i daglegtalen og kvinnene bak Finnabasaren var finnane. Ei mindre kvinnegruppe  støtta arbeidet til Misjonssambandet som tidlegare hadde navnet Kinamisjonen.

 I tillegg til desse basarane var det to årlege bedeshus-basarar som heile bygda støtte opp om. Inntektene her frå gjekk til bedehuset som ikkje berre var ein samlingsplass for dei truande, men også blei bruka som kapell for bygda. Her var det både gudstenester og gravferder.

 Dei gamle kvinneforeningane, foreningskvinnene og basarane deira er berre minne nå. I dag er det berre bedehus-basaren som er igjen. Denne basaren foregår på skjærtorsdag. Dessuten er det ein haustmarknad med loppemarked. Inntektene her frå går også til bedehuset.

Basar-reportasjen i Aftenbladet laurdag 19. november 1977.



 Det var eit klar skilje mellom bedehus-gjengarane, dei kristne, og resten av bygdefolket. Dei kristne gjekk på bedehuset når det kom emmisærar som heldt oppbyggjelege møte. Dei andre heldt seg stort sett heime då. Men på basarane gjekk alle. Basarane fungerte som bygdefestar der til og med dei som skjenkte seg var velkomne når det leid så langt på kvelden at det nærma seg trekning. Desse som hadde fått seg ein dram, var ofte rause når dei kjøpte lodd, ser du.

 Fyrste året eg arbeidde som journalist laga eg basar-reportasje frå Finnabasaren i Jøsenfjorden saman med fotograf Jonas Haarr Friestad. Denne sto på trykk i Aftenbladet laurdag 19. november 1977. Basaren gjekk av stabelen laurdagen før.

Det kjem fleire basar-bloggar!

søndag 9. oktober 2022

Jord- og stein-ras i Jøsenfjorden

Raset reiv med seg mange tre og mykje jord på veg ned mot fjorden.
Staden heite Geitakvile og ligg litt innanfor Gåsnes i Jøsenfjorden.
Foto: Andreas Hauge.

 

Store steinar losna og dundra nedover fjellsida og reiv med seg jord og mange tre på veg ned mot Jøsenfjorden. Folk på andre sida av fjorden vakna av dunder og brak ved 6.30-tida tidleg søndag morgon. Men då var det for mørkt til at ein kunne sjå omfanget av raset.


Rasstaden ligg omtrent tvers over for Vadla-kaien.  Dette er innanfor Gåsnes på ein stad som dei skikkeleg lokalkjende kallar Geitakvile.


?Raset har starta omlag 150 meter oppe i fjellsida. Det blei ikkje noka flodbølge av raset, men dersom det sto fiskereidskapar som garn eller teiner i området, kan dei reknast som tapte, seier Andreas Hauge som har vore over fjorden og studert omfanget av raset og fotografert.


Ras er ikkje uvanleg i fjorden. Det skjer frå tid til anna, men dette var større enn det som vanlegvis kjem.


Andreas Hauge er ikkje overraska at det rasa i fjorden nå. Det har regna mykje dei siste dagane. Akkurat på denne staden er det ein flaumbekk som kan bli ganske stor. Det er nok den som har rive med seg steinane og utløyst raset.


?Overraskande stort ras, seier Helge Hjorteland frå Jøsenfjorden. Han er for tida på haustferie i Spania, men har fått bilete tilsendt heimanfrå. Det er lenge sidan han har sett så store ras på denne strekninga av Jøsenfjorden.