lørdag 30. juli 2022

Kjempestein på hyttebesøk!

 

Hytteeigar Audun Tenden viste fram skadene på hytta.


Ein svær stein på minst tre tonn kom dundrande ned bakken og inn gjennom hytteveggen. Den gjekk rett gjennom stova og la seg til ro på det eine soverommet. Det meste av hytteinventaret blei knust til pinneved. Takk og pris for at det ikkje var folk heime. Då kunne dette ha blitt ei tragisk ulukke.


Dette hende i januar 1979 i Ilstadvika i Saudafjorden. Det var familien Tenden frå Sauda som var hytteeigarar. På den tida pågjekk det omfattande vegarbeid på vegen mellom Sauda og Ropeid og denne steinen begynte å trilla etter at ein gravemaskin hadde blitt for nærgåandde mot den.


Arbeidsformannen hadde sett at steinen hadde begynt å trilla og ante uråd. Difor gjekk han nedover lia og fann ut kor steinen hadde enda. Dermed blei hytteeigar Audun Tenden varsla. Han reiste ut og såg på koss steingale dette hadde gått.


På denne tida var eg journalist på Aftenbladet sitt Sauda-kontor og var stadig på utkikk etter noko å skriva om. Eg fekk tips om denne saka og ringde til Audun Tenden, som var ein av sjefane på smelteverket, og spurde om han kunne riva seg laust frå jobben og visa meg koss det såg ut på familiehytta.


Joda, Tenden stilte opp og me tok oss ein tur ut og studerte elendigheta. Han understreka at han på ingen måte var forarga på Vegvesenet. Dei hadde vore raska med å varsla han, og han var lova skikkeleg kompensasjon for øydeleggingane. Det einaste han kritiserte var at folk ikkje var advart mot å vera i dette området medan vegarbeidet pågjekk.


Sjølv var eg glad og fornøgd over at Tenden var så grei å visa meg hytta slik at eg fekk laga ein passeleg dramatisk historie til avisa.


Dei tilsette i lokalavisa Ryfylke i Sauda vinteren 1979. Frå venstre:
forretningsførar Turid Tafjord, journalist Wenche Pleym og redaktør Dagny
Salveson Fløgstad.


Koss fekk eg vita denne hyttekatastrofen? For meg var dette det løgnaste og grunnen til at eg hugsar dette ennå.


Telefonen ringde på ein stille januardag på Sauda-kontoret. Det var redaktøren i lokalavisa Ryfylke, Dagny Salveson Fløgstad, som ville snakka med meg.


- Kan eg inngå same avtalen med deg som eg hadde med din forgjengar på kontoret, Torbjørn Kindingstad?


- Koss var den avtalen?


Det viste seg når Ryfylke-redaktøren fekk eit godt tips og ikkje kunne rykka ut frå kontoret, då ringde ho til Aftenblad-journalisten og tipsa han. Så fekk han saka og tok bilder. Poenget med avtalen var at han hadde med seg to film-rullar. Den eine sende han til byen til Aftenbladet. Den andre blei levert til fotograf Jakobsson i Sauda som laga bilda som Ryfylke trong.


Derme fekk både Aftenbladet si nyhetssak og Ryfylke sin eit par dagar seinare.


Dagny Salveson Fløgstad var eit kjekk dame som eg kom godt ut av det med. Eg tenkjer ofte med glede på henne og kollegene hennar i Ryfylke.


Her kjem reportasjen som sto i Aftenbladet i januar 1979:




torsdag 28. juli 2022

Bensin – snart dyrare enn brennevin!

 

Shell Haukås ved E 39 i Sveio hadde lågast bensinpris mellom Bergen 
og Stavanger sist mandag.



Hei! Bensin til 22 kroner literen. Eg bråsvinga inn på Shellstasjonen ved E 39 på Haukås i Sveio og fylte tanken. Eit røvarkjøp!


Auene mine blir store som tinntallerkar når eg fyller bensin og ser at telleverket på bensin-pumpa går bananas og nærmar seg tusenlappen før det blir fullt på tanken.


Som den gamle mannen eg er, kan eg hugsa bensinprisar mellom ei og to kroner og eg ser endå for meg at far min som var buss-sjåfør, fylte diesel til 39 øre pr literen for mange år sidan.


Eg kjører ikkje mykje bil lenger. Men det hender at eg fyrer opp doningen og tek ut på landevegen. Den siste veka har det blitt meiningslaust mykje kjøring etter min målestokk. Det har blitt to dryge dagsturar: Ein dagstur Stavanger – Sand og deretter ein endå drygare frå Stavanger til Bergen og heim igjen. Det blei 70 - 80 mil tilsaman.


- Du må ikkje fortapa deg i desse prisvariasjonane. Det er berre snakk om to-tri få kroner når du fyller tanken likevel, har eg sagt til kona. Men eg har begynt å lura litt etter det eg såg då eg var ute og kjørte nå nettopp.


På Hjelmeland fylte eg bensin som kosta 22 kroner 99 øre pr. liter for to veker sidan. I byen var den minst ei krone dyrare då eg skulle fylla opp før turen til Sand. Då eg passerte Hjelmeland på veg innover såg at det stadig var billegare der enn i byen.


Sist mandag gjekk så turen til Bergen. Når du kjører E 39 gjennom Sveio, er det ikkje all verda å studera på langs vegen. Derfor kunne eg ikkje unngå å få med meg bensinprisen på Shell-stasjonen på Haukås. Den var lågare enn i Stavanger.


På turen heimover var eg på vakt då me kom sørigjønå Sveio. Då var prisen endå lågare. 22,09 for både bensin og diesel. Eg slo til og fylte tanken. Den var dessverre halvfull frå før. Fekk ikkje spart så mykje som eg kunne tenkt meg.


- Folk bemerkar av og til at me ligg forholdsvis lågt i prisar, seier Evy Ann Økland på Shell Haukås. Inntrykket er at det er mindre turist-trafikk denne sommaren enn i fjor. Årsaka er ikkje drivstoffprisen, men at fleire dreg til utlandet på ferie. Prisane i Sveio låg i dag torsdag på 22,59 for både bensin og diesel då eg snakka med Evy Ann Økland.


På Hjelmeland var torsdagsprisen 22,29 for diesel og 23,29 for bensin.


Kor skal dette enda henne?


Når det gjeld brennevin, har eg slutta med det. Du kjører tross alt mykje bedre med bensin.

tirsdag 26. juli 2022

Rasande billeg: Tri fleskapannekaker for 100 kroner!

 

Me let oss frista av dei billege fleskapannekakene på Søfteland.


- Tri fleskepannekaker for ein hundrelapp, seier kånå mi heilt plutseleg til meg. Me sat på ferja «Samnøy» mellom Sandvikvåg og Halhjem og togg på kvar sitt seigt frøhorn til 69 kroner pr. stykk då kånå mi begynte å snakka om fleskepannekaker.


Eg stokk, kan du skjøna! Hadde det begynt å rabla for henna?


- Ka??? sa eg.


- Det står på skjermen i taket bak ryggen din, at Joker-butikken på Søfteland har hatt stor suksess etter at dei begynte å selja rasande billige fleskepannekaker. 100 000 stk skal dei visst selja i år, sa ho.


Fleskapannekaker - det store trekkplasteret på Joker Søfteland.
Foto: Joker Søfteland.


- Javel, svara eg utan å snu meg. Eg hadde andre ting å bekymra meg for der eg sat og tenkte på kaslags vegar eg skulle velja når me nærma oss Bergen sentrum og målet vårt som var Haukeland sjukehus. Eg var lommekjent i Bergen på 1970-talet, men dei har forandra og herja der også. Dermed er det lett å tulla det til når ein skal ta seg fram på eiga hand.


For eit par-tre veker sidan, var me også ein tur i Bergen. Då gjekk turen med Kystbussen. Desse bussfolka hadde funne på noko nytt. To-etasjes buss som gjekk «Strake vegen» frå Stavanger til Bergen. Der var det lågt under taket. Eg dunka meg i håvet både nå og då. Derfor prøvde eg eigen bil denne gongen.


Heimturen starta litt krøkkete. Me var plutseleg på veg mot Ålesund og Åsane på grunn av at eg misforsto vegvisarane. Heldigvis greidde me å snu kursen sørover ved Bystasjonen. Det var eit heilt stress for oss gamlingar å komma seg forbi Danmarks plass og Nestun og inn på den smale veg mot Stavanger: E 39.


Då kom plutseleg fleskepannekakene frå Søfteland fykande inn i håvet mitt.


- Skal me ikkje stoppa på Søfteland og prøva desse berømte fleskepannekakene, spurde eg og fekk positiv respons.


Søfteland-navnet har eg hatt i håvet mitt sidan 1950-åra. Skøyeløparen Sigmund Søfteland var ein berømt norsk skøytesprinter på 1950-talet. Han deltok på 500 meter i olympiadane i Oslo i 1952 og Cortina i 1956. Dessutan vann han 500 meter i norgesmeisterkapet vinteren 1955. Dette starta med mildvær og blaut is på Krohnsminde stadion i Bergen på laurdag og måtte flyttast til Voss på søndagen.


Då me kjørte bil mellom Stavanger og Bergen på 1970-talet, oppdaga me ein løyen allé med firkanta tre i Søftelandstraktene. Dei står der ennå.


Bak delikatesse-disken på Jokeren på Søfteland sto ei smilande ung dame med dei lengste falske øyenvippene eg har sett til nå. Ho putta dei varme godsakene i ein pose fora med aluminiumsfolie. Dette skulle halda dei varme lenge.


På Halhjem gjekk den fyrste ferja i frå oss. Då gjekk me laust på godsakene. Fleskepannekakene blei fingermat. Me brukte begge hender. Me hadde ikkje bestikk i verktøy-kassen.


Men dette var godt. Eg sov middag på ferjeturen. Kvilte håvet på skulderen til kånå.

lørdag 23. juli 2022

Hunda-dagane startar i dag! Voff voff.

 

- Koss skal det gå i desse hundedagane, undrar Leo



Hundadagane går inn i dag! Slik som vêret er i dag, slik skal det vera i den kommande månaden til dessse dagane går ut i august.


Me som har levd ei stund har høyrt mykje om desse dagane. I Ryfylke blei det mellom anna sagt at fisket i sjøen var dårleg i hundedagane og det var spesielt på den tida at sjøen blei grønn. Eg meinar bestemt at det blei sagt at eit hundebitt kunne vera ekstra farleg i hundedagane. Det var ein haug av andre ting som det også var viktig å leggja merke til.


Vêret har vore ganske bra i dag på våre kanter. Det får me sjå positivt på. Me håpar på mange fine dagar i tida som kjem.


Eg har rota litt rundt i gamle aviser og lese meg litt opp på dagane som startar i dag.


Det har ingenting med Tore Hund å gjera, berre for å gjera det klart med ein gong.


Hundedagane har fått navnet sitt etter Sirius, den klaraste av alle stjernene på himmelen. I antikken heitte denne stjerna Hunde-stjerna, og frå i dag og ein månad framover står den i eit spesielt forhold til sola.


I antikken meinte dei at nettopp i denne perioden hadde denne stjerna ei skjebnesvanger makt. Desse førestellingane blei spreidde vida omkring og levde i folketrua opp til våre tid.


Det skulle svært uheldig å la seg årelata i desse dagane. (Lite årelating i dag). Då kunne ein bli overvelda av tungsinn som det var vanskeleg å bli kvitt. Dessutan skulle ein ta seg i akt for huldra, for makta hennar var ekstra stor i hundedagane.


Nå for tida er det berre oss gamlingar som ser på vêret og tenkjer på at i dag startar hundadagane.


Har du eit merke eller visdomsord om hundedagane, så skriv det ned og send det til meg. Og pass deg for huldra!


Her er kommentarar til denne bloggen som kom på Facebook:

Jan Poseidon Welde:  Man kunne ikke lage fiskemat i hundedagene, farsen ville "sprenges".


Odd Asheim: Var umulig å tørke fisk denne mnd.


Ola Helgeland: I oppveksten min budde huldra i ei røys mellom Helgeland og Hauane, etter stebestefar, Anders Tveit, sine ord. Når han fortalde om det sa me: "Det er ikkje sant"! Då svara han: "Det er truleg sant, for han lever han som sist fortalde det". På kveldstid måtte bestefar ofte fylgja oss forbi den røysa 


Jonas Jørstad: Ein rolsekopp lurte oss ungane til å tru at i hundedagane var det hundane som styrte og bestemte.


Lill Harriet Nag: Har og hørt at sjøen/havet kvitte seg med det som ikke hører til der.


Lars Gausel: Gjekk hundedagane inn med godt vær, skulle dei gå ut med dårlig vær, og omvendt


Signe Jauslin Stangeland

Melkå blei fort sure i hundedagane. Men det tok berre to-tre dagar for å laga flødekodla, surna fløyde med sukkerkavring. Sumarmad på landet!

Solfrid Foseide
…da kom alle brennmanetene


Geir Frode Leirflåt
Melkå blir fort sure.



Gunvor Hustoft
Sauene har lettare for å få problem med makk.



Janken Nylund
Blir du bitt av en hund,setter det seg fort vondt i såret.


Bjarte Farfar Tveit
Eg meiner mor og far sa noko slikt som er «første dag honde god vert dei andre dagar vonde» ? Trur det var slik 😊



fredag 15. juli 2022

Den grusomme dompappen har herja i plommetrea!

 

Dompappen er hata av fruktbøndene.


Fruktdyrkarar i Ryfylke har i alle år kasta julekort med dompapp rett i bosset. Dei hatar denne raudbrysta, fjørkledde skapningen som år om anna kan komma på besøk i frukttrea og gjera ende på plomme-knoppen på kort tid.


For å seia som sant er, det har blitt skote massevis av dompapp i Ryfylke opp gjennom åra.


Eg, mi enkle sjel, har knapt nok sett dompapp andre stader enn på julakort. Derfor var eg vilt begeistra her i vinter då eg såg ein skapning på fuglabrettet i hytte-hagen på Hjelmeland. Der tok eg feil.


Georg Sæbø gav niese Tone hagle-
gevær då ho overtok garden.

Mellom alle ting som eg ikkje har greia på, må også fruktdyrking reknast med. Men for eit par år sidan planta me tre plommetre i hagen. To med gammaldags blåplomma og eit opaltre. Eit opaltre skal trekkja til seg meir bier, homler og vaps enn dei andre trauste plommetrea. Dette er til gunst også for dei andre plommetrea, har eg forstått.


Plommehausten vår var heilt eineståande i fjor. Det var godt med blåplomma og på opaltreet var det mange fine plommer. Me åt oss mette på plomma to dagar på rad. Kva meir kan du kreva som frukt-amatør?


Denne våren gjekk eg og kosa meg. Det kom fint med blom på begge blåplomme-trea. Opal-treet blømer litt seinare, konstaterte eg då. Men det kom aldri ein einaste opal-blom, viste det seg.


Det har vore så mykje anna å undra seg over denne sommaren. Difor har eg ikkje fått undersøkt dette spørsmålet før nå.


- Dompappen har forsynt seg grovt av knoppane på opaltreet mitt. Avlinga blir redusert med 90 prosent i år. Det ser noko betre ut med blåplomma. Dei andre plommesortane har klart seg mykje betre, seier fruktbonde Tone Sæbø. Ho er nabo av meg på Hjelmeland.


Ho såg aldri dompapp nå i år, men ut frå skaden som ho har sett på fruktknoppane, er ho sikker på at det er denne fuglen som har vore på ferde. Dei brukar ikkje lang tid på å forsyna seg i trea.


Då Tone Sæbø i si tid overtok garden til farbror Georg, fekk ho og broren Oddbjørn ei hagle i presang slik at dei skulle vera i stand til å skyta den fordervelege dompappen.


- Eg har aldri brukt børsa. Oddbjørn har heller ikkje vore nokon ivrig skyttar, seier Tone Sæbø.


Viktig å tynna i både plomma og eple,
seier Terje Pundsnes.

Tidlegare kommunegartner i Hjelmeland, Terje Pundsnes, har også sett dompapp i frukthagen sin i år, men stiller seg litt tvilande til at det er julakort-fuglen som har heile skulda for reduserte plommeavlingar dette året.


- Det var eit godt plommeår i fjor. Viss ein ikkje tynna godt i plomma i fjor, blir avlingane mindre det påfølgande året, seier Pundnes som akkurat nå tynnar i epletrea.


Blomster-knoppane på Opal-trea har ei spesiell lukt. Denne likar dompappen og dermed går den amok i akkurat denne sorten plommetre. Og den brukar ikkje lang tid på å gjera stor skade.


Forresten var det Terje Pundsnes som sa at han kasta julekort med dompapp-motiv. Og så lo han godt etterpå.


Eg har vore inne i Aftenblad-arkivet og funne ein del dompapp-meldingar frå tidlegare år. Les og lær:











Aftenbladet 5-6-1954.


onsdag 13. juli 2022

Fillerye-festival på Hjelmeland?

 

Nils Viga Hausken er mannen bak vevnad-utstillinga på Hjelmeland.



- Tenk ein ekta fillerye-festival, sa eg då eg tok turen til Spinneriet i Hjelmelandsvågen for å møta Nils Viga Hausken, mannen som har laga denne sommarutstillinga for Hjelmeland kommune.


For noko filleflåseri! Dette er ein seriøs utstilling med all slags vevnad som er laga i Ryfylke dei siste 150 åra. Her er det rugger (sengeteppe), kvitlar (ullteppe), åkle og all slags anna interessant for dei som forstår seg på slikt.


Dette åkle frå Viga blei vist fram på ein utstilling i Stavanger i 1955.
Eit bilde av det heng på Norsk folkemuseum i Oslo.



150 ulike gjenstandar blir vist på utstillingen som åpna i juni og blir ståande fram til 21. august. Den eldste gjenstanden på utstillinga er ei rugga frå 1857. Den tilhøyrer Jorunn Skålevik. Oldemora henna fekk den då ho gifta seg til Hjelmelandsvågen i 1857.


I det gamle, fattige Ryfylke var det sjølvsagt viktig å halda seg varm om nettene. Dermed vov dei rugger og kvitlar til å breia over seg i sengene. Etter som velstanden auka, blei det vove golvteppe som gjorde det lunare i stovene. Her kom fillene inn som råstoff teppa som dei la på golvet.


Veggteppe og bordløparar var det ikkje aktuelt å hefta seg vekk med i tidlegare tider. Dette kom fyrst då velstanden blei meir vanleg.


Vevstolen blei viktig for mange heimar i Hjelmeland. Det blei seld store kvanta ullstoff som var ein viktig del av økonomien. Hjelmeland hadde gode sauebeite og rikeleg med sauer. Dette førte til at spinning og veving blei ein viktig del av bygdeøkonomien.


- Einslege kvinner kunne ha spinning og veving som ein viktig del av levevegen. Men desse aktivitetene blei ikkje påakta i same grad som til dømes jærstol-produksjonen fordi det var kvinnene som spant, fortel Nils Viga Hausken.


Ryfylkerosa i rosemaling har inspirert den som laga dette putetrekket.



Utstillinga viser også korleis oppfatningar, motar og ideal skiftar. Dei eldste vevnadane var mønsterrike. Seinare blei dei enklare med færre fargar for så å få meir eksperimentelle uttrykk. Dei gamle vevnadane hadde heimelaga plantefargar. Seinare kom det sterkare industrifargar på vevnadane.


Ein av gjenstandane på utstillinga, eit åkle frå Viga, blei utstilt på Stavanger Museum i 1955. Det heng eit bilde av dette på Norsk Folkemuseum i Oslo. Dette åkle tilhøyrer Oddbjørg Randa Heggland.


Dei aller fleste av dei utstilte vevnadane er i privat eige. Nils Viga Hausken reknar med at det meste av det som nå blir vist fram, kjem til å forsvinna etterkvar som slektene går sin gang. Dei unge kjem ikkje til å ta vare på så mykje av dette.


Men utstillinga i Hjelmelandsvågen er åpen fram til 21. august.