![]() |
| Her på endestasjonen i Søndre Skogvei kan du ta bussen heilt til Mulen i dag. |
Nå er det heilt på trynet. Mulebussen går til Søndre Skogvei. Men det er ikkje linje fem lenger. Den er fordobla til nummer ti. Kor skal det enda henne?
Av og til tar mi kjære og eg oss ein tur til Bergen for å studera kor langt buss-forfallet er komme nå i byen. Eg var studentsjåfør i åravis i den tida då det var orden i verda og Bergen Sporvei eksissterte. Kona mi blei fyrst bussjåfør og seinare plassert i forbygningen til fengslet der sjåførane leverte oppgjøra sine og fekk utlevert nye billettar.
![]() |
| Berit som sporveissjåfør i 1973. |
Eg kjørte buss i åravis. Eg kjørte alfor mye. Det gjekk utover studiene. Eit under at eg klarte å enda opp som adjunkt med opprykk til slutt.
Det var ikkje bare sporveiens vekst og fall me skulle ta oss av på turen til Bergen. Me har eit barnebarn som er i Bergen. Den stakkars jenta på bare 23 studerer i Bergen og er plassert heilt aleina i ein leilighet i Formanns vei. Me gamlingane kjente jo begge til Formanns vei. Der var jo endestasjonen for linje 8.
![]() |
| Slik såg det ut då linje 8 gjekk til Formanns vei på 1970-talet. Bussen er ein danskbygd Leyland (DAB). |
- Ta buss nr. 10 til endestasjonen, sa jenta.
_ Hallo. Skal me ta bussen til Øyjorden, spurte eg. Nummer 10 gjekk til Øyjorden i vår tid.
- Ti-bussen går til Mulen, sa jenta.
Me måtte berre innretta oss i den nye tida og ta ti-bussen. Me var jo kjende der i strøket. Tidleg på 1970-talet hadde me leilighet i Hans Hauges gate.
På bussen strekte me hals då me nærma oss Frelsesarmeen og fekk me oss huset der me har budd.
![]() |
| Mariakirken var akkurat som før i tida. |
Eit gløtt av Mariakirken blei det også. Der gifta me oss i 1972. Gudshuset består. Det gjer ektskapet også.
Etter å ha besøkt barnebarnet og sove ei natt på hotell, avslutta me besøket i Bergen med å reisa til den andre endestasjonen til Mulebussen, Søndre Skogvei. I gamle dagar var dette endesjonen for linje 6, Mindeveien – Nordnes.
Traseen for bussen var ikkje slik eg venta. Trur du ikkje me var så vidt innom Møhlenpris der Mulebussen gjekk i trolleytida, deretter Gyldenpris og Soheimslien der nr. 15 gjekk for så og komma til den gamle endestasjone i Søndre Skogvei som eg hugsa frå mi tid.
Tenk det du! Slik er det nå for tida.
Bare ein ting som eg synes er skikkeligt gale. Den gamle kontrollørkiosken i sentrum er fjerna. Ein gang eg satt som disponibel sjåfør, kom ei voksen dame og klaga på ein frekk sjåfør til kontrollørane. Hu hadde stått oppe ved Danmarks plass og venta på bussen. Hu spurte sjåføren om han kjørte til Mindeveien eller Gyldenpris. - Gå fram og se sjøl. Eg e tørr i kjeften av å svare, sa sjåføren.
![]() |
| Her i fyrste etasje på Det gamle rådhus hadde sporveissjåførane oppholdsrom i mange år. |
P.S. Ikkje mange i dag som veit at sporveissjørane hadde oppholdsrom i første etasje i det gamle rådhus. Bak dei store vinduene satt sjåførane og varma seg før dei gjekk på vakt. Her var det også vaktlister for oss vikarsjåførar på veggen og lønnsutbetaling med kontanter i ekta lønningsposar annankvar torsdag.
Takk for turen!




