søndag 2. august 2015

Frå slagpasient til flybuss-sjåfør




Onsdag 17.juni var eg bak bussrattet igjen.

Det kom som eit sjokk at eg fekk slag og blei lam i venstrehanda søndag 15. mars i år. Brått var eg blitt passasjer i min eigen privatbil og var sjukmeldt frå jobben som flybuss-sjåfør.  Nesten like uventa var det å vera tilbake i full jobb frå onsdag 17. juni.

 Heilt ærleg: Eg fann meg ganske godt til rette med å gå heime og driva dank. Rundt 1. september tenkte eg det var eit passande tidspunkt å vera bak bussrattet igjen.

Då eg blei utskriven frå sjukehuset fekk eg forbud mot å kjøra bil i tre månader. Fastlegen kunne gi grønt lys for å kjøra igjen når den tida var gått. Førarkortet blei ikkje inndratt. Det hadde eg heile tida. Men som den snille gutten eg er, respekterte eg forbudet mot å kjøra bil. Kona mi har vore bussjåfør i si tid, men me har nokså ulik kjørestil, kan du seia. Dermed kom det til ein del opprivande samtalar av og til på bilturane våre. Men både bilen og ekteskapet overlevde denne tida også.

Fastlegen min blei overraska då eg opplyste at han kunne gi meg lov til å kjøra bil etter tre månader. - Eg meiner du må venta eit år med bilkjøring, sa  han og la til at busskjøring måtte eg innstilla meg på å gløyma. Som pensjonert Aftenblad-journalist har eg aldri tvila på at eg ville overleva utan å jobba i det heile tatt.

I vår var eg ikkje sikker på om det blei meir buss-jobbing på meg. Eg høyrde litt av kvart. Men fleire sa at eg hadde gode sjansar sidan slaget var så begrensa. Eg var oppegåande og klar heile tida. Det var berre handa som tok ein pause. Situasjonen ville vore ein heilt annan viss eg hadde vore bevisstlaus, sa folk som hadde betre greie på dette enn meg.

I løpet av eit par-tre veker var handa mi mykje betre. Dessutan har eg gått til fysioterapeut og trena og styrt på. Det meste av styrken har eg fått tilbake. Eg kan knyta sko og eta middag med kniv og gaffel. Kappa toppen av frokost-egget er heller ikkje noko problem. Det var det dei første vekene.

Ein av dei siste dagane i mai var eg hos fastlegen. Men min faste lege var vekke. Det var ein kvinneleg vikarlege som tok mot meg.

Eg ville ha klarsignal for å kjøra bil igjen. Etter å ha vist fram handa og demonstrert mine kunster med venstrå og klemt til alt eg greide rundt armen hennar og gitt henne eit kraftig handtrykk, var ho klar for å la meg kjøra bil igjen frå 15. juni.

Etter å kjørt flybuss i fire år har eg fått mange kjenningar på Sola. 

For meg som pensjonist er det ganske dumt å gå rundt å vera sjukmeldt. Derfor spurte eg kva som ville skje med vidare busskjøring. Viss det var slik at eg ikkje fekk kjøra meir, ville eg kutta ut denne sjukemeldinga med ein gong og leva vidare som pensjonist.

Legen tok telefonen og ringte til vakthavande nevrolog på sjukehuset.

Då ho la på telefon-røyret var alt avgjort. - Du er friskmeldt og kan kjøra buss igjen frå 16. juni, sa ho.

Torsdag 17. juni klokka åtte om morgonen kjørte eg flybuss frå Fiskepiren til Sola. Eg var litt spent. Lurte på om eg ville bli fort trøtt, ukonsentrert eller fekk andre rare utslag.

Nå er jo eg subjektiv, men eg føler at det går heilt fint å kjøra. Akkurat som før. Det var veldig kjekt å komma tilbake og treffa alle kjenningane eg har fått i løpet av dei fire åra eg har kjørt flybuss, både tollarar og syndarar.

Davy Wathne meiner eg kjører like godt nå
 som for 40 år sidan i Bergen.
I går hadde eg med TV 2-Davy Wathne på bussen. Han kjenner eg frå mi studietid på Sydneshaugen i Bergen for over 40 år sidan. Me er vel begge eigenleg adjunktar med opprykk.

- Akkurat like behageleg å reisa med deg nå som då du kjørte i Bergen Sporvei, sa han då han gjekk av. Davyen fekk reisa gratis med meg frå Bergen sentrum til Minde meir enn ein gong. Om eg kjørte like fint alltid, er eg ikkje sikker på. Gamle Leyland-bussa på brustein mellom trikkeskinner var vel ikkje verdends mest komfortable skyss.

Herligt å leva å sjå koss det går!