tirsdag 29. september 2020

Oddvar fekk svær lange på 23 kilo

 


Oddvar Skiftun med den svære langa som var
nesten like lang som han sjølv.


Det var litt av ei langa Oddvar Skiftun frå Jøsneset halte over ripa i går føremiddag. Fisken var 23 kilo tung og omlag 160 centimeter lang. 


- Eg var ute og trakk eit par makrellgarn i det flotte vêret. Ein del av makrellane var sprell levande. Dei prøver eg som agn på sniksnøret, tenkte eg. Som tenkt, så gjort. Snøret gjekk i sjøen med fersk makrell som agn. Deretter måtte eg til lands og gjera opp garna, fortel den ivrige hobbyfiskaren som tenkjer mest på hummarfisket akkurat nå. Det er berre to dagar til teinene går i sjøen 1. oktober.


23 kilo viste vekta på Jøsneset.

Oddvar Skiftun fann ikkje sniksnøret sitt igjen då han drog ut på fjorden for å hala det opp. På dette meet der han sette sniken, er det ofte stor lange å få. Han vil ikkje ut med posisjonen, men seier det er ein stad ute på fjorden mellom Jøsneset og Ombo. Det var 80 meter djupt her.


500 meter lenger nord i fjorden fann han oppstøet eller blåsa om du vil.


- Det var tungt å dra i begynnelsen. Men plutseleg flotna både langa og sniksnøret og søkket opp. Eg gjorde store auer, kan du skjøna, då eg såg fisken, seier fiskaren.


- Har du fått så stor langa før?


- Eg har fått liknande fiskar før, men det er ikkje mange. Denne ville vore over 25 kilo viss det hadde vore i gytetida og fisken hadde vore full av rogn eller melke. Eg målte ikkje langa, men følte meg ikkje så veldig stor ved sida av den.Eg var 1,76 meter då eg var på sesjon i min ungdom.


Før i tida var det ei tid på å året at Oddvar Skiftun og andre jøsnesbuar drog på fjorden med svenskepilk med godt med agn på kroken for å fiska langa. Dei festa snøret i ei lita stang festa på ripa. Spenninga var på topp når fisken beit og stanga brått bøyde seg.


Då den svære langa var på land i går føremiddag, var det tid for å flekkja fisken og gjera den opp etter alle kunstens reglar. Oddvar Skiftun let den liggja i salt til kvelds. Nå har han rikeleg med saltsprengd langa i tida som kjem. Det var så mykje at han delte rundeleg med sonen Ola.



Tungt å dra ei stund, men så kom både fisk, snøre og
søkket av seg sjøl.


- Fiskar du ofte med snik?


- I grunnen ikkje. Dette sniksnøret fann eg drivande i sjøen ein gong i vår. Det var ikkje merka med nokon eigar. Dermed har eg hatt snøret liggjande i båten. Eg må visst prøva dette fleire gonger, seier den heldige langefiskaren.

lørdag 26. september 2020

Passiv pensjonist blei travel redaktør i Øyposten

 

Rune Nedrebø er stadig på farten for å skaffa stoff til avisa som han er redaktør for.


Øyposten auka mest i Rogaland i fyrste halvår. 223 fleire aviser. Det er ein framgang på nesten 17 prosent. Avisa på Finnøy som nå tek sikte på å dekka Ryfylke-øyane i Stavanger kommune, har eit opplag på 1539 aviser.


- Aftenbladet og Sandnesposten hadde størst auke i talet på aviser, men prosentvis er det ingen som kan måla seg med oss, fastslår redaktør Rune Nedrebø. Han meiner at framgangen kjem som eit resultat av hardt og målretta arbeid.


66-åringen har berre eit år bak seg i redaktør-stolen i Øyposten, som held hus på kaikanten på Judaberg. For fire år sidan, pensjonerte han seg etter 30 år som journalist i Aftenbladet. Nå blei han birøktar og hobbybonde på Bjergøy i Sjernarøyane.


Pensjonistlivet blei litt kjedeleg på vinterstid. Difor takka han ja då han fekk tilbod om å begynna i Øyposten. 

- Nå har eg ikkje tid til noko anna enn jobben, seier Rune Nedrebø, utflytta sjernarøybu som bur på Hundvåg i Stavanger saman med kona Turid frå Finnøy.


Øyposten blei starta for snart 50 år sidan som ei lokalavis for Finnøy kommune og den held stadig stand som ei sjølvstendig avis. Finnøybuane er lojale og støttar opp om avisa. Papiravisa kjem ut ein gong i veka medan nettutgåva skal ha fire nye saker kvar dag heile veka. Sjølv om nettutgåva tek ein del tid nå i desse tider, er det ingen tvil om at papiravisa er den absolutt viktigaste delen av verksemda. Annonseinntektene frå papiravisa er ein viktig del av inntektsgrunnlaget.


Avisfolk på Finnøy: Journalist Oddbjørg M. Måland, redaktør
Rune Nedrebø og dagleg leiar Kristian Spanne.
 Foto: Øyposten.


Det er dagleg leiar, Kristian Spanne, ingen ungfole han heller, som tek seg av forretningsdrifta og annonser. I redaksjonen har redaktøren med seg to journalistar, Jon Asgaut Flesjå og Oddbjørg M. Måland. Det er finnøybuen Stephan Dickinson som eig Øyposten. Han er forretningsmann og blandar seg ikkje opp i det redaksjonelle arbeidet i avisa.


Etter at Finnøy og Rennesøy nå er slått saman med Stavanger kommune, har avisleiinga på Finnøy retta blikket mot Rennesøy som ikkje har eiga lokalavis, men blir dekka av Bygdebladet på Randaberg som også dekker Kvitsøy.


- Dette er eit langsiktig arbeid, men me har fått god mottaking og folk set pris på at det også er Rennesøy-nytt i avisa vår, seier øya-redaktøren.


- Eg har ingen planar om å bli pensjonist igjen, seier Rune Nedrebø.


I 1974 blei den unge sjernarøybuen tilsett som journalist-lærling i Dagbladet Rogaland der Jon Bergsåker var redaktør. Seinare kom han til Bondevennen og redaktør Per Vabø i 1982. Etter fire år i Felleskjøpet sitt medlemsblad fekk han jobb som landsbruksmedarbeidar i Aftenbladet i 1986. Dette var i dei gullkanta Aftenblad-åra då pengane strøymte inn i avisa. I alt var me fem nye journalista som begynte på same dagen, seier Rune Nedrebø.

onsdag 23. september 2020

Daniel – entreprenør og leigesjåfør

 

Som gutunge bestemte Daniel Gjil seg for å bli entreprenør. Nå driv han eigen forretning, men 
leiger seg utan maskiner når han ikkje har oppdrag nok. Ingen problem å ha nok å gjera. Han 
har ikkje hatt til å ta ferie i år.

- Eg håpar på mykje snø i vinter og at eg får brøytekontrakten for Jøsenfjorden for dei kommande åra, seier 24-årige Daniel Gjil. Heilt sidan han var guttunge drøymte han om å starta sitt eige entreprenørfirma og for seks år sidan starta han eige firma etter å ha fått sin fyrste brøytekontrakt i heimbygda.


Entreprenøren har beina trygt planta på jorda. Han driv ikkje med nokon vill ekspansjon, men tek eit steg om gangen. Nå har han to traktorar, gravemaskin, hengar, to slåmaskiner, brøyteutstyr og flisekuttar. To slåmaskiner skaffa han seg før sommarsesongen og inngjekk avtale med ein entreprenør-kollega med ballemaskin. Over to millionar kroner har han investert i maskinparken sin, men han har ikkje oppdrag nok til å driva for seg sjøl på heiltid.


Daniel håpar på fornye brøytekontrakt og mykje snø i 
Jøsenfjorden til vinteren.

- Derfor leiger eg meg sjølv ut til dei andre som treng folk til å kjøra lastebil, gravemaskin eller hjullastar. Norsk Stein, Norstone og Natland graveservice driv med slikt arbeid og derfor har eg jobba ein god del for dei. Det reknar han med å gjera i tida som kjem også.


Som kyndig maskinkjørar bur Daniel Gjil midt i smørauga. Pukkverket på Berakvam ved Jelsa og Norstone i Årdal har ofte bruk for ein som kan steppa inn på travle dagar. Også i Jøsenfjorden blir det skipa ut sand og stein. Alle desse stadene er han innom rett som det er.


Det har vore arbeid nok i år. Han har ikkje hatt tid til å ha sommarferie.


Eg kunne levd av å jobba for andre, men eg ynskjer å driva min eigen business. Førebels har eg ingen planar om å ta folk inn i arbeid, men kven veit kva som skjer i åra som kjem, smiler Daniel.


Her er Daniel på oppdrag med 
gravemaskin og traktor.

Dei fleste arbeidsoppdraga har han fått i heimebygda, men han har hatt jobbar med gravmaskinen både på Hjelmeland og i Vormedalen. Erfjord og Suldal har ikkje hatt bruk for Gjil Maskin til nå. Det finst nok andre liknande firma i desse bygdene, men Daniel Gjil ser ikkje på dei som konkurrentar.


Akkurat nå går entreprenøren og håpar på at brøytekontrakten blir hans. Den er viktig for firmaet hans.


Eg har betaling for å vera i beredskap viss det blir snø. Når snøen legg seg, får eg betaling for å brøyta. Difor er det positivt for meg viss det blir mykje snø og bala med. Men dei siste seks åra, har det vore heller lite brøyting. Vinteren 2014 – 2015 var den beste, seier Daniel Gjil som ynskjer seg metervis med snø til jul og nyttår.


NB: Gjil Maskin har eiga side på Facebook!

lørdag 19. september 2020

Oleiv Hoftun - 80 år og like blid!


Mange hugsar Oleiv Hovtun som ein blid Suldalsjåfør.


Eit strålande smil, ein kjapp replikk, kanskje fekk du ein pakke overlevert. - Brumm, brumm, sa lastebilen. Før du fekk sukk for deg var sjåføren og bilen hans over alle haugar. Nå er det 18 år sidan han pensjonerte seg, men stadig er det mange ryfylkingar som hugsar den blide sjåføren, Oleiv Hoftun frå Suldalsosen.
Oleiv Hoftun fotografert av Egil Eriksson i 2002.
Då blei han pensjonist og hadde travarhestar som 
hobby.


Eg snakka om han for eit par-tre dag sidan. - Han er frisk og rask og bur på same plassen, sa sonen hans.-Kaffor dreg du ikkje inn og besøker han. Du har tid til det, sa kona mi. Dermed blei det ein tur til Suldal. Eg kunne jo laga litt sjåfør og rutebil-hitstorie samstundes.

Oleiv Hoftun sto på trappa og venta på meg. - Kom inn, eg har kokt kaffi, sa han. Eg sette meg ned og tok fram  skriveblokka. Eg har kjent mannen sidan 1968, men nå ville eg få fakta med meg. 

Han har budd i det same huset på Hoftun-moane i heile sitt liv. Her blei han fødd som nummer to av fire søsken. Seinare overtok han og kona, Liv Borghild, huset og etterkvart blei det seks ungar. 



Som 15-åring var Oleiv dreng på Finnøy og seinare var han i to periodar dreng på Heigre på Jæren. Men det var sjåfør han ville bli. To eldre syskenbarn, Harald og Jon, hadde blitt sjåførar. Det såg kjekt ut å kjøra bil. 

I Suldal kommunale rutebilar fekk han sin fyrste jobb i 1958 som mjølkegut som dei sa i Suldal. Han lempa spann på ruta frå Kvilldal til meieriet på Sand. Sjølvsagt hugsar han navna på sjåførane den dag i dag: Lars Herabakka, Tormod Mehus, syskenborna Harald og Jon Hoftun og Tormod Fisketjøn.

I 1961 drog han i militæret, Flyvåpenet på Sola.

- Eg hadde alltid hatt lyst å bli sjåfør og melde meg på kurs for å utvida sertifikatet til lastebil. Difor søkte eg også som sjåfør i militæret, men fekk vita at nesten alle andre også ville bli sjåfør. Det kunne eg berre gløyma. Men eg var omtrent den einaste som fekk sjåfør-jobb. Ambulanse-sjåfør på militærsjukehuset på Joa, fortel Oleif.



Før han var ferdig i militæret i 1962, fekk han brev frå Suldal kommunale rutebilar (Suldal billag frå 1976) med tilbod om fast jobb. Han slo til og starta sjåfør-karrieren i Suldal. Sjåførane veksla mellom buss, lastebil og mjølkebil.

I 1965 åpna Ryfylkevegen. Det blei råd å kjøra bil frå Suldal til Oanes på smale grusvegar. Og frå 1968 kjørte Oleiv Hoftun godsruta frå Suldal og Sand til Stavanger. Men han kom aldri til byen. Når han kjørte innante, sto det ein annan Suldalsbil og lasta i Stavanger. Dei to bilane møttest ein stad mellom Årdal og Tau. Sjåførane bytta bil. Oleiv kjørte innover igjen.

Ryfylkevegen var ikkje rare vegen. Smalt og bratt. Han opplevde at vegdekket var så dårleg at hjula seig gjennom og sette seg fast. I den stupbratte Fossane-brekka var det også episodar på glatta. Ein gong måtte han skuva ein kollega opp desse bakkane for bilen hans greidde ikkje å dra lasset åleine.

Han kjem ikkje på at vegen nokon gong blei stengt av ras.

-Men eg måtte bråbremsa fleire gonger i Rødsliane fordi eg såg steinar som kom rasande ned mot vegen, fortel han.

- Blei du nervøs av dette?

- Nei, det kan eg ikkje hugsa.



I 1992 inngjekk Aftenbladet og Suldal billag ein avtale om avistransport til Ryfylke og nå blei Oleiv Hoftun avis-sjåfør. Han kjørte frå Suldalsosen klokka åtte kvar morgon for å henta aviser på Tau. Så snudde han og kjørte innover med avisene. Fyrste stopp i Bjørheimsbygd og endestasjon på Suldalsosen. Eg møtte mange kjekke folk etter vegen. Men det var travelt og fleire ferjer å nå. Dermed blei det ikkje altfor mykje prat etter vegen.

I 2002, som 62-åring, pensjonerte han seg.

- Då hadde eg kjørte nok, seier han.

Han har vore ein aktiv pensjonist. Ei tid hadde han travarhester saman med sonen, Leiv Åmund. Det tok slutt etterkvart, men han har 20 vinterfora sauer. Denne helga er det sauesamling. Den er det ungane som tek seg av. 

Oleiv har ikkje helsa til å springa i heia lenger, men han likar å ta seg av sauene når dei kjem heim. 

For tre år sidan mista han Liv Borghild. Sjølv om saknet er stort, er han ikkje åleine i verda. Fire av borna er busette i Suldal. Det går ikkje ein dag utan at nokon er innom hjå faren som steller seg sjølv.

- Eg er ikkje typen som svelt i hel framføre brødskuffa, seier Oleiv med eit smil.

Han har budd i same huset på Hoftunmoane på Suldalsosen heile sitt liv.

- Dette huset har alltid vore ein samlingstad for ungar, både våre og vennene deira, sier Oleiv Hoftun.

Ikkje rart. For her har folk følt seg velkomne. Det har bloggaren sjølv erfart:

I si tid var eg lærar på Suldalsosen. Då hadde me ein eit år gammal gut som gjekk og stødde seg rundt veggene når han skulle gå. Å gå på besøk til folk utan småungar var ein prøvelse. Eitt-åringen rørte allslags pynteting og mora sprang etter han for å berga alt før det blei knust. Då var det herlig å gå på ettermiddagsbesøk til Liv Borghild og Oleif Hoftun for der mangla det ikkje  på småungar og alle pynteting i stova var plassert så høgt at småungane ikkje fekk tak i dei. Her kunne me slappa av.

Oleiv Hoftun sat med sitt vanleg smil og såg på ungane. Plutseleg seier han til ein av dei. Spring ut i løa og hent kje. Før me visste ordet av det sprang det eit lys, levande geitekje rundt på stovegolvet saman med ungane. Eg gløymer det aldri!

I morgon fyller Oleiv Hoftun 80 år. Dagen feirar han saman med sine næraste i pakt med dagens smittevern-reglar. Ein gild mann som mange stadig hugsar med glede og ynskjer mange gode dagar framover.

( Dei tre siste bilda er henta frå ein plakat som Aftenbladet gav ut i 1993)





 


 





 

fredag 11. september 2020

«Vikingen» - ferje-navn med historisk sus




«Vikingen» på veg til kai på Hjelmeland.

Brått var det ein annan lyd, meir fart og litt meir ferjesjø på Hjelmeland. Reserveferja «Vikingen» kom inn Garsund-fjorden nå på onsdag og løyste av «Hjelmeland» som har hatt litt klatt med maskinane sine nokre dagar. Nå er det «Vikingen» som pendlar fram og tilbake mellom Hjelmeland og Nesvik. Dei har det travelt der om bord. Ferjekjeftane står åpne på turen over den blikkstille fjorden.


Dei fleste reisande bryr seg ein døyt om ferjenavna. Det som er viktig er at ferja går i rute og at bilane kjem med. Men nokon få av oss har eit meir alvorleg forhold til ferjer, navn og rederier og den slags. Difor denne bloggen her.


Heilt frå 1883 er «Vikingen»-navnet brukt som navn på rutebåtar og ferjer i det ein gong så stolte og tradisjonsrike rederiet Hardanger Sunnhordlandske Dampskipskap (HSD). To dampskip og to ferjer har hatt dette navnet. Men HSD blei slukt av Stavangerske, og det som er igjen av den tidlegare HSD-flåten er nå ein del av det som nå har navnet Norled. Stavangerske har forresten kvitta seg med Norled som nå er på nye hender.


Som ny hadde «Vikingen» den kjende HSD-rosetten på skorsteinen. Seinare har den skifta skorsteinspynt fleire gonger. Nå har den dei tre raude Stavangerske-ringane på den eine eksos-skorsteinen. Men dei skal vekk. Norled er i full sving med å skifta desse fargane. Fleire ferjer er alt ferdige med denne jobben.


Dagens «Vikingen» er ingen ny båt lenger. Den blei bygd i Sandnessjøen i 1992. Som ny hadde den plass til 399 passasjerar og 86 personbilar. Ferja har ein 8-sylindra Wichmann-maskin på 3261 brutto HK står det å lesa i HSD si jubileumsbok frå 1980. Frå 1992 til 2006 gjekk «Vikingen» fast i sambandet Hufthamar – Krokeide. Seinare har den blitt brukt til reserveferja i mange samband. Den gjekk mykje mellom Tau og Stavanger.


«Vikingen» frå 1957.

Men «Vikingen»-navnet var kjent mykje tidlegare for folk som var seriøst interesserte i Tau-ferja og alt dens vesen. Då den fyrste «Tau» kom i 1961, var det ei storhending. Difor gjekk det heller ikkje upåakta hen då den skulle på sitt fyrste verkstadopphald etter ei tid. Då måtte ein ha ei reserveløysing. DSD fekk leiga ferja «Vikingen» av HSD.


Denne ferja var bygd i 1957 i Bergen og blei mykje brukt i ferjesambandet Kinsarvik – Kvanndal. I jubileumsboka til HSD står det fylgjande: «Vikingen» skulle i hovuddrag bli prototypen for dei ferjer HSD fekk bygd i 60-åra, og som kan reknast mellom dei venaste fjordferjer i landet – i den grad estetiske mål kan leggjast på bilferjer. HSD kvitta seg med denne ferja i 1989.


Den legendariske «Vikingen» - HSD-båt frå 1900 til 1959.

Dampbåten «Vikingen» som blei bygd i Bergen og levert til HSD i 1900, var båten som gjorde dette skipsnavnet til eit av dei legendariske skipsnavna i eit rederi der dei har visst å dyrka historia si. Denne båten var bygd for å gå i rutene til Hardanger og Stavanger. Som mange veit, hadde HSD ruter på Stavanger i aldri så mange år med fast liggeplass innerst på Skagen-kaien og ekspedisjon der utestaden Beverly held til i dag. Dampbåten mista navnet sitt i 1957 og blei opphogd i 1959.


Fyrste «Vikingen»  som HSD kjøpte i 1883.

Den fyrste «Vikingen» blei bygd i 1865. Den blei HSD-båt i 1883 og rederiet skifta ikkje navn på båten. Den blei seldt til Trondheim i 1898. Dette skipet heldt det gåande med ulike navn like til det enda i Stavanger der skipsopphoggarane, Brødrene Anda, gjorde ende på det i 1952.



(Det meste av opplysningar og illustrasjonar til denne bloggen har eg henta frå Bård Kolltveit si jubileumsbok om HSD frå 1980.)


mandag 7. september 2020

Den smale, stupbratte Fossa-brekkå - eit mareritt for mange bilturistar


Nå veks det gras i grusen i Fossane-brekkå.


Vegen var stupbratt og smal med to skarpe svingar. Det høyrte ingen stad heime at dette skulle vera ein del av riksveg 13 som skulle knytta Ryfylke saman til ein kjørbar landsdel, frå Sauda til Sandnes. Men slik blei det. Frå 1965 til 1976 fungerte denne geitastien som riksveg 13.

Du kjørte Fossanebrekka, opp og ned, viss du skulle bila frå Hjelmeland til Tøtlandsvik. Denne vegen var 50 år gammal då den blei riksveg 13. Den var bygd for kjøring med hest og kjerre og ein og annan våghals med personbil. Den sto ferdig medan fyrste verdenskrig rasa i Europa, lenge før nokon drøymte om massebilisme og galningar som kopla på campingvogn når dei skulle ut på ferie. For å seia som sant var: Vegen blei så lite brukt at gamle Jens Vormeland sa at dei like godt kunne setja poteter på den.

Desse kjøretya hadde mange turar i Fossane-brekkå. Drosjen til Ola Almenningen og Chevrolet-bussen som far min
kjørte på 1950-talet. Her på Hjelmelandskaien.


Etter som åra gjekk, blei det jo meir trafikk på vegen. I god tid før andre verdenskrigen blei det oppretta bussrute og det kom lastebilar og drosjar.

Aftenbladet 20-12-63.
For oss som budde i dei innerste delane av Hjelmeland i 1965, var det storarta å få gjennomgangstrafikken rett gjennom bygda. At uskuldige turistar frå meir siviliserte deler av landet var like begeistra, er eg ikkje heilt sikker på.

Mang ein bileigar med campingvogn gjorde ende på kløtsjen sin på det smalaste i Fossane dersom han traff ein buss eller lastebil og skulle på rygga med campingvogna. Kva veg skulle han då snu på rattet. Uff, der var det ein stabbastein. Fram litt. Rygg igjen. Den ustyrlege vogna gjekk i hytt og vêr. Mange av oss som ferdast her i desse åra, var med på å hjelpa campingturistar i Fossane-naud. Vogna blei kobla frå og skubba i veg med handamakt til ei passeleg avkjøring. Bilane som hadde tatt knekken på kløtsjen, trong også hjelp. På Hjelmeland tjente dei store pengar på å skifta turist-klutsjar.

Far min kjørte buss i alle år på denne vegen, fram og tilbake til Hjelmeland. Han forsynte rutebåten til Stavanger med passasjerar frå Vormedalen, Fjellet og bygda ovanom Hjelmelandsvågen. Ein tøff jobb på den smale veg. Sjølv om det hende av og til at han måtte setja utføre ned Fossanebrekka før brøytebilen gjekk det stort sett bra. Men det kunne vera stressande.


Far min, Johan Laugaland, kjørte buss i heile sitt yrkesliv. Her på siste tur
i 1983. Foto: Asgaut Næss.
Ingen rekna far min for å vera ei solstråla, men så sur som han blei dersom det plutseleg begynte å snøa ein fin vintersøndag, er vanskeleg å skildra i detalj. Han frykta at dette skulle bli til vinterføre med holka og issvullar i løpet av dagen. Ikkje bitten kjekt å kjøra ned Fossane-brekkå med ein buss full av folk på ettermiddagen. Søndagsettermiddagen kunne det vera ein god del reisande som hadde vore på helgebesøk og skulle tilbake til byen. Dette var før personbil-tida. Folk reiste kollektivt utan å vita at dette framandordet betydde at du tok bussen.

Frå  Aftenbladet 23-11-71
På slike vintersøndagar varte det ikkje lenge før far min var i sving med å sjekka kjettingar og mønsterdybde på dekka og fylgja med på om det verkeleg blei noko av denne snøen. Ikkje rart at han såg på piggkjettingen som ei av dei største oppfinningane som blei gjorde i etterkrigstida.

Sjølv om Fossane-brekkå var ei plaga for både sjåførar og reisande, gjekk det av i likaste laget. Det skjedde heldigvis aldri alvorlege ulukker på denne vegstrekninga. Vegen var smal og bratt, og farten
blei deretter.

Sommaren 1976 var det slutt på elendet. Då blei Fossane-brekkå erstatta av ein vel tre kilometer lang veg og ein 330 meter lang tunnel. Nå kunne ein kjøra sutalaust mellom Steinsland og Gåsatjødnå. Ein flaskehals på riksveg 13 var historie.

Aftenbladet 15-5-75.




torsdag 3. september 2020

«Stavanger 1» - vakraste båden, tøffaste kapteinen


«Stavanger 1» - vakraste skipet som har seilt med tre raude ringar i skorsteinen, er det blitt sagt. (Foto: Stavanger Museum)


«Stavanger 1» var båden, Petter Lange var kapteinen. Heila Stavanger var enige om det. Folk kunne gå på kaien fleire kveldar i veka og sjå når nattruteskipet «Stavanger 1» skulle gå. Vakrare båd var ikkje å sjå på kysten. Og den ranke kaptein Lange på bruvingen. Stautaste mannen i heila Stavanger. Fetteren til diktaren Kielland var han også.

Som Stavangerske sin mann hadde han vore på plass på verftet i Trondheim og sett etter byggjearbeidet. Med sin eigen hammar hadde han sjekka kvar nagle i skroget på «Stavanger 1». 

Ikkje rart at folk fortalte historier om båden og maen. Eg skal ikkje påstå at noko som helst er oppdikta, men det slår meg at forteljarane ikkje akkurat har slått av for kjende då dei fortalde om båden og kapteinen.

Etter at Bergensbanen var åpna i 1909, blei dette i mange år raskaste og sikraste reisemåten mellom Stavanger og Oslo. Nattruta til Bergen og Oslo-toget vidare til hovedstaden. 

I 36 år var navnet på dette skipet «Stavanger 1» og i like mange år gjekk skipet tre rundturar i veka i nattruta utan eit uhell og frakta minst ein million passasjerar. Men i 1950 var det slutt. Då mista skipet navnet sitt og blei erstatta av den nye og moderne «Stavanger». «Stavanger 1» skifta navn til «Kong Sverre» og blei nå reservebåt snart her og snart der. Men i periodar gjekk båten ein tur i veka i nattruta.

«Stavanger 1» var så vakker sommaren 1914 då den kom nybygd sørover langs kysten frå Trondhjems Mek. Verksted at folk blei heilt rivne med av synet. Maken til linjer hadde ein aldri sett før. Det blei påstått at direktør Torgersen i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane blei så begeistra at han straks slo fast: "Ein slik båt vil me også ha". Dermed blei selskapet sin «Nordfjord 1» bygd ved same verft. Litt mindre, men like vakker, blei det sagt.

Denne vakre historia stemmer ikkje, viste det seg. «Nordfjord 1» blei bygd i Helsingør i Danmark. Arbeidet starta i 1913 og båten blei levert i 1915. Men det er i allfall rett at begge hadde eit ett-tal i navnet.

Grunnen til ett-talet? «Stavanger»-navnet var opptatt. Eigaren ville ikkje gi det frå seg. Stavangerske omgjekk probemet ved å kalla båten for «Stavanger 1». Heilt genialt, meinte alle i Stavanger etterpå.

Kaptein Petter Lange var ein liten kar, men langt sprekare enn han såg ut til. Han var ein vaksen mann i 60-åra då han gjekk på hendene opp og ned salongtrappa på «Stavanger 1» blir det fortalt.

Reinhald om bord var også svært viktig for kaptein Lange. Han understreka at det skulle vera reint på innsiå av båten der passasjerane skulle vera. Udsiå kunne ein gå laust på når det passa. Då han gjorde sin siste tur, foretok han ein alvorleg inspeksjon, kraup oppunder taket og saumfor dette med eit reint lommetørkle. Han var heilt rørt då han etterpå kunne visa fram eit reint lommetørkle og sa: Tenk ikkje ett støvgrann itte adle desse årå!

Kaptein Edvard Svanes som i si tid hadde seilt som styrmann på «Stavanger 1» i mange år saman med kaptein Lange, skildra han som ein framragande dyktig mann som alle beundra. Han var streng, men rettferdig. Aldri redd for å våga trøya.

Ein gong kom det ein kjend og mektig skipsredar om bord i Haugesund. Båten var heilt fyllt opp til siste plass. Redaren ville ha lugar likevel. Det enda med at kapteinen blei kontakta. Svaret blei kontant: Eg kan ikkje skaffa deg lugar sjølv om du kjøpte heile skipet! Ein mektig haugesundar blei sett på plass. Slike historier likte ein godt i Stavanger.

Det blir også fortalt at den erfarne kapteinen kom med dette rådet til ein ung, ambisiøs styrmann:Viss du vil bli populær og komma deg fram her i verda, skal du behandla eldre damer pent. Då blir du omtalt i humanitære foreningar i Stavanger og ordet om den kjekke mannen blir spreidd vidare.

- Nattruten går klokken ni enten Gud vil, eller ei, frue, skal Petter Lange ha svart ein gong.

«Kong Sverre» sto godt på
Lauplandsholmen i 1960.
Bråkmakarar fekk resolutt behandling om bord. Då var kaptein Lange snar i snuen. På veg nordover var det enkelt å få sett slike folk i land i Haugsund. Verre var det på sør. På Leirvik på Stord var det ikkje politi. Dermed kunne ein ikkje kvitta seg vanskelege passasjerar der.

Den legendariske kapteinen gjekk i land i 1932 og blei pensjonist. Han døde i 1956, 89 år gammal.

Skipet hans heldt det gåande 30 år lenger. Heilt til desember 1962 . Men då blei det gamle nattruteskipet seldt til Brødrene Anda for opphogging.

Etter at «Stavanger 1» hadde seilt utan uhell i alle år, skjedde det eit forsmedeleg uhell i 1960.  Då var rett nok navnet endra til «Kong Sverre». Sjølv om det var installert radar om bord i løpet av 1950-åra, gjekk båten på land ved Lauplandsholmen rett før Boknasundet natt til 26. januar 1960. Med 70 passasjerar om bord var «Kong Sverre» på veg nordover i nattruta. Den kjørte seg så fast at den blei ståande i fleire dagar før den blei brakt flott, som det heiter på gammaldags fagspråk.

Det er lenge sidan både kapteinen og skipet hans var ute av soga, men me er stadig mange som hugsar båten og har høyrt om den legendariske kapteinen.

«Sandnæs» og «Stavanger 1» var navna i glanstida for dei to nattruteskipa. Her fotografert i Sandnes av Johannes Østvold
som «Soma» og «Kong Sverre».