![]() |
| Laura Kolstø og sonen Sven var mellom hjelparane for flyktningane. |
Flyktningen skriv ikkje berre om korleis han og kameraten flykta for å komma seg unna nazistane og berga sine eigne liv. Spennande nok. Men han fortel koss mykje hjelp og omsorg dei fekk der dei la vegen inne i fjordane. Skildringa av dei flotte folka innerst i Tyssefjorden er til å få klump i halsen av.
Hans Laab og Raimond Huber flykta frå nazistane i Austerrike. Denne flukta enda i Stavanger i 1937. Dei var kommunistar og fagforeningsleiarar. Den slags folk putta nazistane i fengsel og fangeleirar.
Dei to karane fekk god hjelp av likesinna i Stavanger. Snart var dei i arbeid og lærte brukbart norsk etterkvart. Men då tyske krigsfly flaug lågt over hustaka i byen reagerte dei fort. Same dagen fekk dei skyss innover i Ryfylke og enda opp på nordsida av Randøy. Dei fekk husly i Vodalen ved Sandanger der dei blei verande eit par månader, før dei flytta over fjorden til Barnevik ved Fister.
Etter eit par månadar drog flyktningane lenger innover i Ryfylke. Dei fekk skyss med ei skøyte som skulle til Nedstrand. Skipperen sette dei i land ved Jelsa. Derifrå tok dei seg fram innover langs Økstrafjorden til Romsbotn. Her blei dei ikkje så lenge. Dei drog vidare over haug og hammar til dei enda i Hålandsosen i Erfjord. Handelsmann Lars Våge ordna opp. Han skaffa motorbåtskyss inn til botn av Tyssefjorden der Jonas Tysse tok seg av dei.
Han sørga for at dei kunne bu på ein nedlagt husmannsplass der dei kunne vera rimeleg trygge. Dei kalla "hytta" si for Ormeslottet. Her hadde dei godt utsyn og ville oppdaga nazistane viss dei kom til Tysse og leita etter dei.
Mest ikkje til å tru i dag. Dei to flyktningane heldt seg tilsaman i 883 dagar i Tysse og fjordlandskapet i dei indre delene av Ryfylke før dei var trygt framme i Sverige seinhaustes i 1942.
Dei gjorde eit forsøk på å komma seg til Sverige året før. Då snudde dei i Oslo og drog tilbake til Erfjord. Etter ei spennande reise til hovedstaden, kom dei i tvil om det var trygt i Sverige. Tyskarane kunne kanskje angripa dette landet også. Dermed returnerte dei til kjende trakter i Ryfylke og blei der til sommaren 1942.
Den nye fluktruta gjekk over til Suldal og med dampbåten over vatnet. Dei hadde eit stopp i Roaldkvam før dei drog til Røldal og med buss over Haukelid.
Denne boka var medrivande. Eg greidde omtrent ikkje å leggja den frå meg før eg var ferdig. Ikkje nok med at sjølve flukta var levande skildra. Men så herligt å lesa om dagleglivet i Tysse og all omsorga dei fekk. Folk gav dei mat og pengar og all slags hjelp. Då det kom nazistar til Tysse, hengde ei av kvinnene eit raudt dynetrekk på klessnora. Der hang det til faren var over og flyktningane kunne slappa av.
![]() |
| Tor Olav Følgesvold har gitt ut boka på eige forlag. Foto: Paul Sverre Fyljesvoll. |
Hans Laab blei buande i Sverige fleire år etter krigen. Då skreiv han om opplevingane han og Raimond Huber hadde i Norge desse to dramatiske åra. Manuskriptet blei fyrst publisert i Austerrike 2009. Erfjordbuen Tor Olav Følgesvold blei kontakta av Georg Tiel, mannen som publisert boka. Han trong bilde frå Erfjord-traktene.
Georg Tiel gav Tor Olav Følgesvold lov til å laga ei norsk utgave av boka. Jelsabuen Tore Thorsen tok seg av oversetjinga frå tysk til norsk. Boka blei utgjeven av Følgesvold på eige forlag. Den er trykt i 400 eksemplarer. Boka kan kjøpast på bokhandelen på Sand, butikkane i Erfjord og i Jøsenfjorden. Diverse lokale sogelag vil også hjelpa til med sal av boka. Følgesvold har rikeleg med bøker førebels.
OBS: Viss du vil hjelpa Tor Olav Følgesvold med litt PR for boka. Trykk på Facebook-logoen rett under her og del bloggen med fb-vennene dine.



















.jpg)
.jpg)


