onsdag 12. januar 2022

Gamling i data-helvetet

Kvardagsidyll frå min arbeidsbenk. Frå venstre: Nye kablar som eg ikkje hadde bruk for, ein 
dvd-spelar som er utgått på dato pluss eit bilde av barnebarn Åsne som hjelpte oss. I 
midten den nye ruteren med grønne lys og til høgre dekoderen som viste seg å virka. Bak ruteren står
det ein kvit løgnas og lyser. Anar ikkje kva nytte den har. 

 

Alt det me stakkars gamlingar skal utsetjast for i dette landet berre fordi om me vil sjå litt fjernsyn og prøva å følgja med på det som skjer rundt oss. Digitalt, seier dei unge. Galskap, seier eg som er blitt utsett for store prøvelsar dei siste dagane.


Etter tre dagars arbeid, svette, stygge ord, telefonar til vår nettleverandør og hjelp av ei gilde jenta som tilfeldigvis er vårt barnebarn, kan me igjen sjå på tv og bruka nettet som me gjorde før me havna i dette data-marakkelet. Nå skal du høyra kva eg og kånå  opplevde:


Plutseleg sto eg der med to kartongar, ein med ny tv-dekoder og ein med ny data-ruter. I begge kartongane var det ein bråte med kablar. Av alle desse kablane var tre-fire som passa til det utstyret eg nå skulle få til å virka i min eigen heim. Resten kunne eg  kasta.


Alt dette starta heilt uskuldig sist søndag mens eg sat og såg slalåm på tv. Brått blei det forstyrrelsar i sendinga. Dette er ikkje uvanleg når ein ser fjernsyn frå eit eller anna utland. Etter at dette hadde pågått ein halvtimes tid, begynte eg å lura. Det kom ingen meldingar om at det var problem med sendinga. Eg kikka ut stoveglaset og oppdaga at den same sendinga sto på hos ein av naboane. Altså var det ikkje sendinga, men ein personleg feil hjå oss, for å seia det på idrettsspråk.


Den nye tv-dekoderen i stova tek ikkje stor plass, ser du.



I vår beskjedne leilighet har me to dekodarar. Ein ekstra på eit siderom der eg kan sjå på fotballkampar og anna lauslivnad når kona har besøk av kultiverte menneske. Denne dekoderen flytta eg inn i stova og då virka fjernsynet heilt perfekt igjen. Altså var dette ein dekoder-feil, fann eg ut.


På mandagen drog eg av garde til vår dataleverandør for å skifta dekoder. Den gamle var ingenting å bry seg om. Den kunne eg ha kasta før eg drog for å få ny. Slikt utstyr blir ikkje reparert lenger. Det blir kasta.


Servicen hjå data-leverandøren var god. Ei kjekk dame som kikka på dataskjermen sin og fann ut at me hadde ein gammal data-ruter også. Me kunne få ein ny med oss. Då ville me få mykje raskare nett, og det var ikkje å forakta. Eit slikt tilbod kunne me ikkje seia nei til. Dermed sørga dama for at nettet vårt blei innstilt for ein ny ruter. Den gamle kunne me kasta i bosset. Nå var det berre å plugga inn nye remedier for å sjå fjernsyn og driva med datatrafikk.


Stresset starta då me kom heim. Me pakka opp all slags moderne utstyr og ein haug med kablar som skulle sørga for signal ut og inn av remediene.


Eg starta med å få oss på nettet. Leita etter passande kablar og les litt i bruksanvisningen. Sette på straumen og fekk det til å blinka i grønne lys på ruteren. Men i manualen meinte dei at ruteren ikkje virka før dei grønne lysa slutta å blinka. Etterkvart var det fleire lys som slutta å blinka.


Var det trådlausa nettet i full sving nå? Slett ikkje. Eg fekk ikkje tilgang til mailen min eller nett-utgåvene av Aftenbla og VG. Dette var ulovleg og tvilsomme forbindelsar, sto det på skjermen hjå meg.


I mi naud ringde eg til barnebarn Åsne. Ho lova å komma klokka åtte om kvelden. Men nå var klokka seks!! Eg var både sur og forvirra eller stressa som ein seier i dag. Eg trykte på knappar og drog i kablar. Og under over alle under: Plutseleg var eg på nettet!


- Koss fekk du det til, spurte kånå.


- Har ikkje peiling, svara eg som sant var. Forresten trur eg at det er slik dei unge også ordnar seg. Dei trykkjer i hytt og vêr til alle problem er løyst.


Den nye dekoderen var ikkje rare greiene. Den tok ikkje stort meir plass enn ein Paracet-pakke, som du ser av bildet. Men den representerte store utfordringar for ein gammal mann. For dette var ikkje berre ein boks med ein ledning med tv-signal frå veggen og ein ny ledning vidare med tv-signal til fjernsynet.


Nei, denne dekoderen kunne også formidla data-signal frå den nye ruteren til fjernsynet vårt. Men før den var i stand til det, måtte den trimmast og justerast etter alle kunstens regler. Dette let eg barnebarnet bala med.


Nå er kan me altså både sjå fjernsyn via kabelen frå veggen og via signal frå ruteren. Dette styrer me frå den nye fjernkontrollen. For å vera heilt ærleg: Eg er livredd for trykka på ein knapp slik at ruteren vil levera fjernsyn til oss. Her i huset er det meir enn nok med gammaldags NRK. Berre me får me oss "Hjartet på rette staden" med siste nytt frå Aidensfield, er me fornødde.  Alt det andra rolset kan dei ha for oss!


Då me tok kvelden, virka både nettet og den nye dekoderen.


Neste dag gjensto det berre å setja på plass dekoderen på siderommet. Ein lett jobb, trudde eg. Men det virka kult umulig å få fjernsynet til å virka. Null signal, sto det på tv-skjermen. Det var rett før eg gjekk laust på tv-apparatet som er fastskrudd på veggen for å sjekka kablane på baksida. Men eg har så mange tommeltottar at det endar som regel med større reparasjonar etterpå når eg har prøvd å ordna noko sjøl.


Før eg reiv ned fjernsynet frå veggen, henta eg difor pc'en og kobla den til ledningen som skulle gå frå dekoderen til fjernsynet. Då fekk eg opp skjermbildet frå PC'en på TV. Altså var kabelen iorden. Så ringte eg til nett-leverandøren. Der forsikra dei at dei ikkje hadde kødda med tv-signalet slik at denne dekoderen ikkje var brukande lenger.


På ny kobla eg dekoderen til fjernsynet og kraup så på kne og albogar på golvet og trykte inn kabelen i veggen for tiande gong. Der var det plutseleg liv i tv'en igjen. Eg forstår ikkje koss dette plutseleg ordna seg, men det er stadig i orden.


Konklusjon: Det var mykje lettare å vera gammal før i tida. Då trong ein berre ein antenne-ledning med tv-signal og så måtte du putta støpslet på tv-ledningen i kontakten i veggen. Då rann slalåm-kjørarane i fjernsynet utan eit einaste problem.

1 kommentar:

  1. Dette trur eg er heilt sant - fordi det likna på eiga oppleving!

    SvarSlett