tirsdag 30. juni 2020

Trangt innløp til trivelege Røvær!



Trangt innløpt frå sør på Røvær. Foto: Aksel Håland Laugaland.


- Stopp! Snu! Her er det altfor smalt for oss, ropte kånå eller matrosen om du vil.

- Roa deg! Me har gått inn her før, protesterte eg, kapteinen.

- Nei! Då gjekk me det andra innløpet!

- Rutebåten går her. Ingen problem for oss med den litle båten vår.

Rutebåten har ikkje stor klaring i sundet inn til Suggevågen. Komlekafeen
finn du i det raude sjøhuset. Foto: Aksel Håland Laugaland.

For ein gongs skuld hadde eg rett. Me glei flott gjennom det tronge sundet og inn til den romslege Suggevågen. Harmonien kunne senka seg om bord igjen. Trygt framme på Røvær nok ein gong.

Velkommen til tredje kapittel i vår reiseskildring frå sommaren 2020! 

Tilsynelatande er alt som før på Røvær. Godt med båtturistar i gjestehavna, varmt og fint vêr. Rutebåten kjem og går til kaien i Suggevågen som før. På sjøhuset er kafeen åpen. Det er berre å slå til. Komlemiddagen er akkurat like god i år.

Suggevågen, Røvær. Rutebåtkai og butikk til venstre. Gjestebrygge oppe
til høgre i bildet. Foto: Aksel Håland Laugaland.


Sola og varmen lokka oss ut til Røvær på vårt korte sommartokt. Me blei ikkje skuffa. Like triveleg som alltid.


Koss kan det ha seg? På kalenderen sto det 24. juni då me kom til øya som også blir kalt Haugesunds beste vestkant. Her har ikkje alle nedslåande meldingar frå omverda fått folk til å dra ned rullegardina for sommaren 2020 og heller vente på neste sommar. Kan det ha å gjera med den dårlege mobildekninga i Suggevågen? Eg veit ikkje. - Ingen tjeneste sto det på telefonen. Her kunne du ikkje ringja, senda meldingar eller sjekka sosiale medier. Eg stappa mobilen langt ned i bukselommen og konsentrerte meg om menyen.

Røvær-komla. Nam nam.


Mykje å velja i. Kva skal me eta i dag? Komla sjølvsagt på Røvær. At eit gammalt fiskarsamfunn i havgapet utanfor Haugesund av mange utanforståande fyrst og fremst blir assosiert med komla, har dei skulda for sjølv. Då dei starta med matservering på sjøhuset ved rutebåtkaien for mange år sidan, satsa dei ikkje på makrell eller lutafisk eller andre matretter som hentar råstoff frå havet. Nei, det blei den trauste komla! Seinare blei det ein fast tradisjon med jazz på bedehuset og komla på kafeen kvar torsdag under den årlege Sildajazzen i Haugesund. Komlejazz på Røvær har trekt mykje folk til øya i mange år.


Koronaen har ikkje tatt knekken på komlejazzen. Røvær-entusiastane legg opp til komlejazz torsdag 6. august. Dersom du er interessert, sjekk på nettet korleis det går og koss du eventuelt kan komma deg dit, men slik låg det an den dagen me var der ute.



Taxi? Null problem på Røvær.

Men Røvær har mykje meir å by på. Her er det mange flotte turstiar. Eit rikt fugleliv og knapt ein bil å sjå viss du ser vekk frå firhjulingane. Og taxitilbodet! Trillebårer til låns for dei som ikkje greier å bera det dei har med seg i land frå båten.


Ta deg ein tur til Røvær ein dag når sola skin! Det er lett å bli sjarmert der. Og komlå smakar alltid godt!



mandag 29. juni 2020

Fuglasong, pølser og makaroni berga Borgøy-kvelden


Ein fredeleg kveld heilt aleina på Strandly gjestebrygge på
Borgøy.

Har du høyrt fuglasongen på Borgøynå ein førsommar-kveld er du selde. Fuglane også likar seg her ved Hattavågen. Eg også. Rette plassen å kvila vitet.


Difor greier eg å lokka med kånå og fortøya her av og til.


Her enda me etter ein heller mislukka tur til innlandshavet på innsida av Skjoldastraumen. To gamle menneske i ein liten båt fekk Strandly gjestebrygge heilt for oss sjølv. Det blei ein fantastisk middag beståande av pølser og makaroni innkjøpt på Coopen i Skjoldastraumen. Etterpå sat me og sløva og kosa oss. Overvelda av inntrykk etter dagens tokt.

Gammalt flyfoto av Hattavågen på Borgøy. Her ligg Strandly gjestebrygge nesten midt i bildet.


Eg skal ikkje påstå at me er Borgøy-ekspertar, men dei siste 25 åra har me vore innom her omtrent kvar sommar og kosa oss omtrent utan unntak. Rett nok var det ein nedtur den gongen me mista baugstigen på sjøen og ikkje fann den igjen. Men me tok oss ein ny tur litt seinare på sommaren og fann den igjen. Dermed ordna det seg.



Denne sommaren er ikkje heilt rektige, som me veit. Derfor var det nok uvanleg stille denne jonsokafta på Borgøy. Det låg ein einsleg seilbåt på gjestebrygga utanfor sjøhuset med komlekafeen. I ei og anna hytte var det folk, men det hadde nok vore eit heilt anna folkeliv viss sommaren hadde blitt som me trudde på denne tida i fjor.


At den kjende kunstmalaren Lars Hertervig er fødd her, veit dei fleste. Stien er godt oppmerka bort til grunnmurane etter barndomsheimen til bildekunstnaren. Familien plukka huset frå kvarandre og tok det med seg då dei flytta til Stavanger. Dette huset er stadig å sjå i Rosenberggata ved Bjergsted i Stavanger.


Strålande utsyn frå toppen av Borgøy. Ungdomsbilde frå 2011.

Då eg var ein ungdom i 60-årsalderen, lokka eg med meg kånå opp på Borgøynuten som stikk 293 meter opp i lufta. Ganske tungt å slita seg opp, men utsikta var flott. I år passa det betre å gå den 1,3 kilometer vegen til Østebøvik heilt sør på øya. Omtrent heilt flatt, latmannstrim med andre ord.


Denne sommaren er den vidgjetne kafeen på øya stengt. Der held dei berre åpent for slutta lag. Dermed var det ingenting å henta der for oss.


Viss du er på jakt etter eit litt eksotisk reisemål i nærmiljøet, kan du prøva Borgøy. Her finn du garantert ein plass å leggja båten. Har du ikkje båt, går det rutebåt til øya frå Steinsvik. Du finn ruter på nettet.


Fyrste ledd av Borgøy-navnet har, ifølgje professor Inge Særheim, samanheng med ordet borg som kan ha vore brukt om ein høgde. Gardsnamnet Borgenvik i same området kan tyda på at dette er eit gammalt Borgund-navn. Borgund er ein svært gammal navnelagingsmåte som er brukt fleire stader i landet. Und-endinga knyttes til ei ordrot med tydinga høg, ifølge Særheimen.


Utkvilde og avslappa kasta me loss neste dag på Borgøy og sette kursen mot nye eventyr.

Kun kontant, ikkje Vipps her!


OBS: Viss du vil liggja på Strandly gjestebrygge, må du ta med kontantar. Eigaren ville ikkje vita av Vipps. Eg tok kontakt med han og ville gjera ein avtale om å senda pengar til han. Det ville han ikkje høyra snakk om, men me hadde ein gild samtale for det. Dermed drog me frå Borgøy utan å lagt igjen ei krona der.







søndag 28. juni 2020

«Frøken Fryd»-fiasko og null slusing i Skjoldastraumen!



Slusene i Skjoldastraumen. Lilleskog bilverksted i bakgrunnen ordnar slusing.


«Frøken Fryd»-besøket i Isvik gjekk i vasken og draumen om å gå gjennom Norges einaste saltvannsslusa i Skjoldastraumen med eigen båt, blei ikkje realisert.

At det fanst ei slusa i Ryfylke, har eg visst om sidan eg var guttunge, og det har fascinert meg i alle år. Her gjekk Stavangerske sine rutebåtar til Skjold gjennom i alle år til rutene blei nedlagde. Men slusa er stadig i stand og operativ for dei som ynskjer å sjå seg om i Skjoldafjorden og Grindafjorden.

Me har feriert i båt i mange år og vore på tokt både til Nord-Norge og til Sverige og Danmark. Men nå har me kvitta oss med den store motorbåten og fått ein av meir beskjeden storleik. Og sidan det av ein eller annan grunn ikkje lenger er så in å reisa så langt av garde på omfattande turar i år, planla med turen til ein for oss ukjent del av Ryfylke-bassenget.

Alt låg til rette for ein strålande tur. Fjorden låg blank mellom Hjelmeland og Ombo. Det var berre å olja seg inn for ikkje å bli oppbrende av sola. Strålande flott til Skjoldastraumen.

Gammalt luftfoto av Skjoldastraumen. Me gjekk i løpet til høgre utanom slusa.

Før me starta, hadde eg forvissa meg om at slusa framleis var i drift. Berre å henvenda seg på Lilleskog bilverksted for å få hjelp til å gå gjennom slusa. Kvar dag i arbeidstida var dei klar for å hjelpa oss gjennom. Kånå hadde også vore inne på nettet og studert tilboda på innsida av slusa. Ho fann ei fantastisk forretning og kafe med det flotte navnet «Frøken Fryd» i Isvik. - Der har dei mange flotte pynteting til salgs og me kan få servert fine smårettet og gå på butikken i nabolaget etterpå og kjøpa det me treng av daglegvarer, sa kånå.

Alt var klart, men så var det eit men: - Du som har så liten båt, treng ikkje gå i slusa. Du kan gå under bruene i straumen ved sida av slusene, var det ein lokalkjent som sa til meg rett før start.

Aldri hatt så store bokstavar på eit båtnavn før.

Tenkt det, du. Så liten båt at du ikkje treng slusing. Eg hadde sjekka i papirene eg fann i båten. Vår NB 820 Sport hadde ein høgde på 2,5 meter over havet. Det var viss eg la ned VHF-antennen. Slusevaktar Lilleskog sa at det var tre meters klaring under bruene på normal vass-stand. Men han kunne godt hjelpa oss gjennom slusa. Det kosta berre 100 kroner.

For ein nedtur: Med dei største bokstavane dei hadde på lager ordna Fredriksens Silketrykk på Hjelmeland navnet «Berit av Hjelmeland» som eg fekk limt på hekken på båten. Så store bokstavar, men båten var så liten at den ikkje trong slusing. Me har hatt seks båtar i alt, alle dei andre måtte gått i slusa.

Det gamle båtsportkartet viser farvatnet der me drog på tokt.

Eg er ikkje så tøff at eg beordrar slusing når eg veit at dette betyr at brua over straumen måtte hevast, bommane over vegen senkast og biltrafikken stoppast. Tenk viss irriterte bilførarar storma fram til slusa og oppdaga at dei måtte stoppa fordi ein stormannsgalen båteigar på død og liv skulle slusa med ein liten fillebåt. Dei ville kanskje spytta etter båten og vist meg den lengste fingen sin.

Me gjekk gjennom straumen, under bruene, utanom slusa. Like blide og vêret var like fint. Ingen problem å navigera i ukjent farvatn med plottar og papirkart. Båtturistar var det lite av før Skjoldastraumen. Her inne var det stort sett berre oss.

I Skjoldavik var det ei heilt ny båthavn. Der kunne me sikkert lagt oss til og overnatta. Men det var ganske langt å gå til «Frøken Fryd» og daglegvarebutikken i Isvik. Og der såg det ikkje ut til å vera ei brygge der me kunne fortøya. Kånå måtte innsjå at «Frøken Fryd»-besøket gjekk i vasken.


Greit å liggja ved Grindafjord naturcamping.


Grindafjord naturcamping blei det neste målet.

Frå sjøen var det lett å kjenna seg igjen. Alle dei gongene me har kjørt vegen mellom Ropeid og Haugesund. Denne vegen var synleg frå fjorden, så det var lett å forstå kor me var henne i verda. Bilane suste av garde, hit og dit på vegane til Aksdal, Haugesund og Bergen.

Ingen problem å fortøya ved naturcampingen i Grindafjord. Men nå fekk me den dårlege planlegginga vår midt i fleisen. Me hadde ikkje kjøpt oss matvarer då me gjekk inn i denne ukjende fjorden. Og satsa nå alt på å få kjøpa det me trong på naturcampingen. Men der var korkje kiosk eller kafe åpna for sesongen. Koss langt det ville vera å gå for å finna næraste daglegvarebutikk, visste ikkje gutten i kiosken.

Vår litle slepejobb i Skjoldafjorden.

Det var litt av ein nedtur. I stadig fint vêr gjekk me tilbake til Skjoldastraumen med den litle båten med det store navnet. På veg tilbake til Straumen tok me oss av ein jentegjeng i ein gummibåt med ein streikande påhengs. Dei fekk slep.

Dei hadde vel ein ting til felles med oss. Manglande førebuingar før turen.

Kan någen hjelpa oss med eit ferskt bilde av ein motorbåt på veg gjennom slusa i Skjoldastraumen?

Gamle "Espedal" på veg gjennom slusa i lasteruta for Stavangerske.

mandag 15. juni 2020

64 hjortar forsynte seg av gras-avlinga!


Lars Ove Frette og Børge Laugaland viser fram restene av gras-avlinga etter at hjorteflokkane har forsynt seg.


- 64 hjortar talde eg på vår eigdom i løpet av kort ein kjøretur ein kveld for ein månads tid sidan. Nå er hjorten blitt så talrik at det er eit problem for gardsdrifta vår. Den et opp alt for mykje av grasavlinga, seier Lars Ove Frette (32).

For halvtanna år sidan overtok han saman med kona Rannveig Laugaland Frette (31) garden til svigerforeldra, Liv (62) og Børge Laugaland (66), på Laugaland i Hjelmeland. På garden har dei 20 mjølkekyr og 80 vinterfora sauer.

Her har Lars Ove Frette fotografert litt av hjorteflokken frå bilen for ein månads tida sidan.


Innmarksarealet er på 236 dekar som blir brukt til grasproduksjon som så blir til fôr for sauer og kyr. Nå meiner dei at hjorten et opp så mykje som 30 prosent av den samla grasproduksjonen. Det er eit nydyrka areal på omlag 25 dekar som grensar opp mot furuskogen som er spesielt utsett for hjorten.

- Det fanns ikkje hjort på desse trakter i tidlegare tider. For 60 år sidan var det ein sensasjon viss nokon såg ein elg. Hjort såg ein berre i skulebøkene, seier svigerfar Børge Laugaland som har budd heile sitt liv på Laugaland i bygda Vormedalen der det nå er meir hjortedyr enn fastbuande. I dag bur det snaut 100 menneske her.

Ein einsleg elg greier ikkje gjera så stort innhogg i graset som hjorteflokken, Foto: Lars Ove Frette.

Lars Ove Frette kjørte bil frå teig til teig på garden og brukte ein god kikkert då han kom til at han såg 64 hjort. Dette var før kalvinga starta. Minst 20 - 30 kalvar er komne til nå i det same området. I tillegg observerte han fem elgar og åtte – ti rådyr på turen. Hjorten har laga seg mange stiar der den tek seg ut av skogen og inn på grasteigane der den forsyner seg grovt av grasavlinga.

På nabogarden Meland såg han 20 hjortar og ein elg same mai-kvelden.

Både Lars Ove og Børge meiner at ein må få bukt med hjorteproblemet. Men løysinga er ikke så enkel. Dei kan setja opp eit to meter høgt viltgjerde rundt dei hjorte-utsette teigane sine. Det vil kosta totalt 200.000 kroner dersom ein skal leiga hjelp for å få arbeidet gjort. Hjelmeland kommune stilte seg positiv til å gi stønad til eit slikt gjerde, men dette blei på høgare hald.

Her har hjorten teke ei jafs.
Dei seks gardsbruka på Laugaland har 10 fellingsløyve for hjort. Dei siste tre åra har dei fått dei hjortane dei har løyve til å fella, pluss to dyr som dei fekk "låna" av nabogarden Meland.

Å utnytta hjortejakta som ei attåt-næring har ikkje vore aktuelt til denne tid på Laugaland. Med så mange eigarar skal ikkje dette vera så lett å løysa. Men det finst andre gardar i Hjelmeland der dei leigar vekk hjortejakta til utanforståande jegrar.

Arne Kleppa, tidlegare rådmann i Hjelmeland og ivrig jeger etter gammalt, undrar seg over at det ikkje er råd å utnytta hjortejakta som inntektskjelde for gardsbruka. Det er lite utleige av hjortejakt i Hjelmeland og Suldal.

- Kvar haust får eg kjøpa flott hjortekjøt av grunneigarar som skyt hjorten sjølv. 90 kroner betaler eg pr kilo. Du får ikkje kjøpa torsk rimelegare enn dette.

Pengesterke hjortejegrar ville sikkert betalt 10 – 15.000 kroner pr felt hjort. På Laugaland ville dette bli ein brukar som til kvar av grunneigarane, seier Arne Kleppa.

Kvifor kom hjorten til Vormedalen der dei aldri hadde sett hjortdyr i tidlegare tider?

Tidlegare gjekk både sauer og større husdyr på beite i utmarka. Alt areal blei utnytta for å skaffa mat nok til dyra. I tillegg gror det til med lauvskog over alt. Til denne tid er det ingen som har gitt eit skikkeleg svar på dette spørsmålet.

Då elgen kom til Ryfylke, skal desse dyra komme over frå Setesdalen der det var mykje elg. Spesielt i Hjelmeland og Suldal var mykje elg. Seinare kom rådyra og så hjorten. I dag ser det ut som hjorten er i ferd med å ta livsgrunnlaget frå elgen.

Hjort på beite fotografert av Lars Ove Frette.

- I Hjelmeland kommune er det snaut 400 fellingsløyve for hjort. Men berre halvparten av dette blir skote. I fjor blei det skote 192 hjortar i kommunen. I 2018 blei det teke ut 218 dyr. Sjølv om talet på felte dyr var lågare i fjor, har tendensen dei seinare år vore stigande, opplyser rådgjevar for næring og landbruk i Hjelmeland, Torborg Kleppa.

I 2019 blei det skote 18 elgar. Tendensen er at det blir færre elgar. På det meste er det felt 26 elgare i Hjelmeland.

Det er 1200 fellingsløyve for rådyr. Men talet på felte rådyr er forholdsvis lågt. Berre 80 – 90 felte dyr blei innrapportert til kommunen i fjor.

Kravet for å få fellingsløyve for hjort er eit areal på 1500 dekar. For rådyr er kravet 500 dekar.

Det blei skote 46.350 hjortar i Norge i fjor. I Sogn og Fjordane blei det teke ut mest: 12.950 hjort. Ti år tidlegare blei det skote 39.100 hjort. 






onsdag 10. juni 2020

«Kløver» fin og fjong igjen!


Paul Sverre Fyljesvoll med tre av dei gode hjelparane om bord i «Kløver». Frå venstre barnebarn Sondre, reiaren,
barnebarn Andre og svigerson Helge Hjorteland.

For snart fire år sidan kom dei sørgjelege restene av den ein gong så flotte mjølkebåten «Kløver» heim til Erfjord igjen etter 50 år i Sverige. Nå ligg den gamle svana på sjøen etter fire vintrar på slipp på Erøy. Den er sett i stand etter alle kunstens regler og nå gjenstår berre den meir kosmetiske delen av restaureringa før «Kløver» er tilbake i fordums glans.

Barndomskameratane Olav Erfjord og Paul Sverre Fyljesvoll henta
«Kløver» i Lysekil i Sverige.
 Erfjordbuen Paul Sverre Fyljesvoll (73) drog til Lysekil i Sverige og kjøpte «Kløver» for ei krone. Det hadde vore diverse planar opp gjennom åra om å henta båten tilbake til Erfjord. Suldal kommune lova også i si tid fleire hundre tusen kroner i støtte til dette prosjektet, men det blei med snakket.

Dermed var det Paul Sverre Fyljesvoll som redda «Kløver». Saman med gode hjelparar fekk han båten heim, sett den på slipp, fjerna den gamle råtaskapen og sett båten i stand utan å ha fått ei krone i støtte frå verken stat eller kommune.


Barndomskameraten Olav Erfjord var med til Sverige og henta «Kløver» heim i 2016. Deretter stilte han sin eigen slipp på Erøy til disposisjon og let Paul Sverre Fyljesvoll henta ut tømmer frå hans skog til å skifta ut alt råte treverk på skroget. Tømmeret er så skore opp til skipsmaterialar på sagbruket til svigersonen Jan Ove Haugsland. Ein annan svigerson, Helge Hjorteland, finsnikker og hjullastar-sjåfør, har saman med sønene sine hjelpt til med mange store og små deler av arbeidet med «Kløver».


Paul Sverre Fyljesvoll har all gurnn til å vera stolt av «Kløver» slik den
ser ut i dag. 

Men det aller meste av arbeidet, tusenvis av timar, er det båteigaren sjøl som er ansvarleg for. Store deler av treverket over vasslinja er skifta ut. Nytt stevne, rekker, rekkestøtter, ein del spant, heila dekket, ein del dekksbjelkar, det meste at styrehuset med taket og veggene på salongen bak er fornya. Koss mykje pengar han har brukt av eigne pengar på dette arbeidet, veit han ikkje. Men det er snakk meir enn 100.000 kroner. Koss mykje meir, har han ikkje rekna på.

Nytt, moderne toalett er installert heilt akter, hydraulisk styremaskin og barnebarn André har dreia ny propell-aksling.

Volvo-maskinen som blei sett om bord i Sverige er i god stand. Der er det skifta dyser og den er mala opp. Maskinen er på 160 hestar og gir ein marsjfart på vel åtte knop.

Nå manglar det master, ein del innreiingsarbeid og diverse mindre detaljer både ute på dekk før «Kløver» er ferdig.

Etter at «Kløver» var sjøsett på Erøy laurdag 6. juni tok den stolte reiaren med seg heile familien på tur Erfjord rundt: Tednes, Hålandsosen og Vik. Dei viktigaste stadene i den nære verda. 

Det meste av festival og bygdadagar er jo avlyste denne sommaren, men viss det blir fiskefestival i Jøsenfjorden slik det var planlagt 27. juni, blir «Kløver» å sjå der. Planar utover dette er det ikkje ennå. 


«Kløver» på sin faste liggjeplass på Erøy.


«Kløver»:

Historikk:
Bygd i 1954 - 1955 som byggenr. 2 ved Erøyvik båtbyggeri i Erfjord for Magnus Fuglestein. Navn: «Kløver». Blei sett inn i den kombinerte mjølke- og passasjerruta mellom Erfjord og Sand. Slutta i ruta 6. juli 1966. Då gjekk mjølketransporten fra Erfjord til Sand med bil. Båten blei seinare seldt til Rudolf Stangeland, Forsand. Seinare seldt til nordmann bosatt i Sverige. Skiftet eigar fleire gonger. I 1993 blei båten kjøpt på tvangsauksjon i Lysekil for 90.000 svenske kroner av Bjarne Isaksen, opprinneleg norsk. Han gav båten navnet «Vågen». Den låg lenge i Lysekil.


Maskineri: Hovedmotor som ny. Finnøy tosylindret diesel- motor på 60 HK. Motoren blei skifta ut av de nye svenske eigarane i 1972 med ein Volvo Penta MD 100 B på 150 HK. 

Marsjfart: 8 knop.

Kapasitet: Som ny passasjer-sertifikat for 11 passasjerar. Mål: Lengde: 15,25 meter. Breidde: 3,97 meter. Djuptgåande: 2 meter.