søndag 27. juni 2021

Marta fletta for dronning, kronprins og resten av fiffen

 

Marta Kleppa viser kronprins Fredrik koss ein flettar sete i jærstolar i september 1993.
Bildet sto i Aftenbladet.  Fotograf Jan Soppeland.


Mange kvinner har fletta jærstol-sete i Hjelmeland, men det var Marta Kleppa som stakk av med overskriftene i avisene. Det var ho som viste den danske kronprins Fredrik korleis ein fletta sete på stolane. Ho gav liknande opplæring til dronning Sonja og til den norske ambassadøren i København, Ole Ålgård.


Marta var verken brautande eller påtrengjande, men var dyktig og sjarmerande. Dermed tok arbeidsgivar Aksel L. Hansson henne med når han drog på møbelmesser i inn- og utland. Der demonstrerte ho fletteteknikken for alle som ville sjå og mange journalistar fekk eit artig innslag til sine møbelmesse-reportasjar.


Marta Kleppa i aksjon på møbelmessa i København i 1983. Her viser ho flettekunsten til
ambassadør Ole Ålgård. Bilde frå boka til Njål Tjeltveit: Jærstolar frå Hjelmeland.


I !983 var ho med til møbelmessa i København. Der kom den dåverande norske ambassadøren, Ole Ålgård, til Hansson-standen for å sjå Marta i aksjon. Stor stas og bilde i Aftenbladet, kan du veta. Ålgård var på den tida ein svært navngjeten rogalending. Han hadde tidlegare vore norsk ambassadør i Kina og hadde som diplomat spela ein viss rolle i arbeidet med å få slutt på Vietnam-krigen. Kor stort dette var ute i verda veit eg ikkje, men det var stort både i Aftenbladet og i Rogaland.


Marta gjorde jobben så godt at ho fekk ein ny tur til København i september 1994. Det blei ein ny PR-suksess. Trur du ikkje den danske kronprins Fredrik kom til hjelmelandsbuane sin stand og den framtidige danske-kongen viste stor interessse for arbeidet til Marta som nå var blitt 73 år, men stadig i full sving. Det kom nye flotte bilde i avisa og meir Hansson-reklame.


Lise Hansson stakk av med overskrifta då dronning Sonja besøkte Hanson-fabrikken
 på Pundsnes i 2001. Oppslag i Aftenbladet 13. juni 2001. 


Åra gjekk, men Marta Kleppa var med. Ho var 80 år då kongeparet reiste rundt i Ryfylke med kongeskipet. Då kom dronning Sonja til Hansson-fabrikken på Pundsnes. Der fekk ho sjå Marta som stadig kunne demonstrera flettekunsten. Men denne gongen stjal sjefen hennar, Lise Hansson, overskriftene då ho overrekte dronninga ein barnastol som ei gåve til litle Marius. Fotografane gjekk amok, kan du skjøna.


Då Marta Kleppa døde i 2005, sto det ein lang omtale i Aftenbladet. Det viste at den blide, flinke dama hadde sett spor etter seg. Ein verdig representant for alle dei flinke flettekvinnene i Hjelmeland.


Nekrolog i Aftenbladet 20. juli 2005.

I sommar er det ein stor jærstol-utstilling i Spinneriet i Hjelmelandsvågen.

tirsdag 15. juni 2021

Kong Olav sat i luksus-jærstol, fylkesmannen fekk enklare modell

 

Kong Olav på heidersplass i jæstol med armlen ved åpninga av
 Randøybrua. . Fylkesmann Konrad B. Knudsen, til venstre,
og ordførar Arne Hetlelid fekk enklare stolar.


Kong Olav fekk sjølvsagt heidersplassen då han skulle åpna Randøy-brua 16. juni 1976. Han fekk ein fin jærstol med armlen til å sitja på under den innleidande seremonien. Fylkesmann Konrad B. Knudsen og Hjelmelandsordføraren Arne Hetlelid måtte greia seg utan armlen på sine stolar. Det er då skilnad på folk!


Eg tippar at ordførar Arne Hetlelid var meir enn god fornøgd både med stolen og dagen. Jærstolane hadde han og sonen, Njål, sjølv laga på møbelverkstaden deira på Laugaland i Vormedalen.


Kongestolen er ein av dei over 80 ulike jærstolane som blir vist fram på den store jærstol-utstillinga som blir arrangert på Spinneriet i Hjelmelandsvågen i sommar.


Njål Hetlelid var tredje og siste generasjon som jærstolprodusent
i Hetlelid-familien.


Hetlelid-familien har vore sentral i jærstol-historien i Hjelmeland. Johannes Hetlelid starta med jærproduksjon i Vormedalen for godt over 100 år sidan. Fleire av sønnene hans dreiv også med jærstol-produksjon og barnebarnet, Njål, blei den siste jærstol-produsenten i familien.


I min barndom på 1950-talet var det fire jærstolprodusentar på Laugaland.

Arne Hetlelid, Harald Laugaland, Magnus Hetlelid og Paul J. Mæland og far min Johan Laugaland. Dei to siste skreiv eg om i min forrige blogg.


Arne Hetlelid bygde hus med verkstad nede og bustad oppe.


Hetlelid-familien hadde vel det som i dag ville bli kalla åpent hus. Ein snåttete nabogutt blei ikkje avvist om han stakk innom på verkstaden ein dag der heile Hetlelid-familien kunne vera i full sving med stola-produksjon.


Den som fekk oppleva den seinare ordføraren i sving ved bandsaga, såg ein trollmann i arbeid der fingrane stadig berre var millimeter frå sagbladet. Så vidt eg veit blei han aldri skada i arbeidet. Han var lynrask, djupt konsentrert og heldig i all si ferd, den mannen.


Eg gløymer aldri ein gong eg var blitt litt langhåra og spurte om Arne Hetlelid kunne klippa meg. Han hadde det travelt, men ville ikkje seia nei. Akkurat då Arne skulle ta pause og eta middag, treiv han klippemaskinen og friserte meg i lynande fart. Sjeldan har eg vore så glad for å ha øyrene mine i god behold som då eg gjekk snauklipt him den dagen.


Arne Hetlelid var fødd i 1912. Han var nummer ni av ti sysken. Han bygde seg kombinert fabrikklokale og bustad like ved barndomsheimen. Jærstolfamilien laga stolar i fyrste etasje og budde i andre etasje. Etter krigen bygde Arne og kona, Margit, eit nytt og moderne hus der det var plass til mor, far og seks born.


Njål  Hetlelid bygde ny verkstad i 1980. Slik står den i dag.


Sonen, Njål, som var jamgammale med meg, blei med i jærstolproduksjonen og han heldt det gåande til 2005. Då blei han kommunearbeidar. Nå er han pensjonist, men han har nok laga ein og annan barnastol innimellom. Han er ofte innom på verkstaden på Laugaland nå også.


Fjellbuane Olav Saghaug og Jakob Heggland hugsar eg som arbeidsfolk hjå Arne Hetlelid i 1950-åra. Jakob gjorde eit sterkt inntrykk på oss ungane. Han hadde mista ein arm i eit arbeidsuhell i ungdommen, men var tilsynelatande lite hemma av det. Me var fulle av beundring når me såg han i arbeid.


I det fremste huset hadde Magnus Hetlelid sin møbelverkstad. Familien budde i huset 
i bakgrunnen.

Magnus Hetlelid, fødd i 1910, dreiv også med jærstolproduksjon med eige fabrikklokale på Laugaland i mange år. Den tidlegare jærstolverkstaden er i god stand og godt synleg frå vegen.

Magnus Hetlelid hadde den annonsa i Aftenbladet i 1941.



Eg hugsar at Ingvald Mæland og Torleif Hetland var tilsette hjå Magnus Hetlelid i si tid. Ingvald blei seinare vegvaktar og den andre dreiv seinare eigen jærstolproduksjon.


I dette huset dreiv Harald Laugaland jærstolproduksjon i mange år. I slutten av 
1960-åra flytta han med verksemd og familie til Tau.


Den fjerde jærstol-produsenten var Harald Laugaland som etablerte seg i eit uthus på heimegarden. Han var aktiv og hadde to-tre mann i arbeid på 1950-talet og utover til andre halvdel av 1960-talet. Han utvida produksjonslokala etterkvart som produksjonen auka.


På den tida hadde bøndene på Laugaland sitt eige kraftverk. Det blei fleire kalde og lange vintrar i dei tider. Det var ikkje vatn nok til å driva kraftverket. Dette førte til at det blei problem å halda maskinene på verkstaden i gang når straumen forsvann.


Harald Laugaland med ein jærstol som blei 
produsert på Tau. Foto: Rogalands Avis.


Harald Laugaland gjorde kort prosess. Han tok med seg familien og produksjonsutstyret og flytta til Tau. Der heldt han fram med å laga jærstolar fram til helsa svikta.


Arbeidsfolk som var hjå Harald Laugaland: Jørgen Helgeland, Karluf Bråtveit, Lars Breiland, Kåre Tytland, Odd Hauge, Thomas Kåre Mæland, Kjell Rødde, Ommund Bjelland, Einar Thomsen.

søndag 13. juni 2021

Med jærstol i hjerta og gyngestol på loftet

 


Laugaland Trevarefabrikk produserte jærstolar i dette bygget for 70 år sidan. Her blei denne gyngestolen laga. Bamsen vann eg på tivoli på Jørpeland i1969.

Ein snart 70 år gammale barna-gyngestol er eit minne eg har frå den tida då far min var ein av dei mange jærstol-fabrikantane i Hjelmeland. Det var fire av dei berre på Laugaland då. Far min sitt industri-eventyr blei ikkje langvarig. Laugaland Trevarefabrikk var avvikla før eg begynte på folkeskulen i 1956.

Nils Viga Hausken har laga jærstol-utstilling
på Spinneriet.

Over 80 gamle og nyare jærstolar skal stillast ut i Spinneriet i Hjelmelandsvågen nå i sommar. Eg var ein tur og snakka med Nils Viga Hausken som har sørga for å få utstillinga på plass. Her er det mange variantar av denne stolen som har betydd så mykje for mange hjelmelandsbuar. Både som sysselsetjing og sitjeplass.

Tilbake til Laugaland. Far min var bussjåfør med litt god tid mellom turane til og frå Hjelmeland i etterkrigsåra. Han sette opp eit lite hønshus i Juvalia på garden der han kom frå. Bussjåføren blei eggprodusent. Eg veit ikkje koss lenge han dreiv med egg. Men etter ei tid blei hønshuset til jærstol-fabrikk.

Far min var ingen fin-snikker. Han gjekk i kompaniskap med Paul J. Mæland, Paul Hauen i daglegtalen i Vormedalen. Paul hadde handlag og var snikker. Dei to delte ansvaret seg i mellom. Paul tok ansvaret for å laga stolar. Far min var kontorist. Flott brevpapir med firmanavn og reknemaskin kom på plass i eit kammers hima hjå oss. Fabrikkdrifta var i gang.


Paul og far min var ikkje åleine på fabrikken. Dei tok inn folk. Øystein frå Breiland og bror til Paul, Andres, fekk jobb i Juvalia. Eg hugsar godt desse to. Begge hadde motorsyklar. Eg meiner det også var andre arbeidskarar innom.


Jærstolproduksjonen i Juvalia blei ikkje nokon stor økonomisk suksess. Det veit me jo i ettertid. Men det gjekk godt nok til at produksjonslokalet blei utvida. Det tidlegare hønshuset blei dobbelt så langt.


Nå var det god plass til høvlemaskin, båndsag, kappsag, boremaskin og potetkokar. Kva i all verda skulle dei med potetkokar når dei laga jærstolar? Jo den var obligatorisk på alle jærstolfabrikkar. For å få bøy på ryggjabanda (ryggspilene) må dei få eit oppkok fyrst og deretter klemmast inn i ei treramma der dei sto bøygde så lenge at dei blei slik for ettertida.


Aslaug Heggland fletta stolasete
for Laugaland Trevarefabrikk. Seinare
arbeidde ho for andre fabrikantar.
Bilde i Aftenbladet 26-11961.

Mennene var på verkstaden (fabrikken) og laga stolar. Fiks ferdige. Men setet mangla. Å fletta sete eller leggja stol som dei sa i Vormedalen, var kvinnfolk-arbeid. Far min lånte lastebilen til farbror Andres, ein gammal Ford, og kjørte bygda rundt med stolar som trong sete laga av kinesisk sjøgras.

Laugaland Trevarefabrikk hadde mellom anna avtale med Karen Moen som la stolar i ei tom stove hjå Olav Fossane og Aslaug Heggland som baksa med jærstolar og kinesisk sjøgras i eit hus i Hegglandsånå på Fjedlet.


Det var eit hål i golvet i styrehuset på lastebilen til farbror Andres. Spennande greier å vera med far min og kjøra rundt med jærstolar og sjå ned på vegen som suste forbi mellom skonå mine.


Ein solfylt ettermiddag var lastebilen lasta full med ferdige stolar som skulle sendast til byen med rutebåten frå Tøtlandsvik. Bilen kom opp den bratte vegen frå Juvaliå og svinga inn på hovudvegen. Akkurat der sto eg med rikkalause tenner og kulerunde auer og beundra bilen og stolalasset og dei to tøffe mennene som sat oppå stolane.


Bilen stoppa eit par sekund og ein av mennene bøygde seg ned og gav med ein barnagyngestol. Den må du ta med deg him, sa han. Denne stolen har vore med meg og familien i alle år etterpå. Mest parkert på loftet med ein Bamse i setet.

mandag 7. juni 2021

Skulegutten som blei kaptein om bord!


Gunstein Aukland reiste som 15-åring til ungdomsskulen med ferja «Hjelmeland». Nå er
han administrerande kaptein om bord. 

 

Gunstein Aukland frå Ombo var berre 15 år og gjekk på Hjelmeland ungdomskule då den flunkande nye «Hjelmeland» blei sett inn i ferjeruta Hjelmeland – Nesvik – Ombo i januar 1993. Skulegutten tykte det var ei flott, moderne ferja som han reiste med fram og tilbake over fjorden til skulen.


- «Hjelmeland» er stadig ei moderne og driftsikker ferja som har mange år igjen sjølv om den skal skiftast ut i denne ferjeruta nå i juli, seier Gunstein Aukland i dag. Sidan 2015 har 43-åringen vore administrerande kaptein på «Hjelmeland».


Kapteinen bur i gangavstand frå ferjekaien i Skipavik og nå er det ungane hans som brukar ferja som skuleskyss. Dei har nå blitt Stavanger-borgarar, men får fullføra skulegangen sin på Hjelmeland sjølv om Hjelmelandsfjorden i dag er kommunegrensa mellom Stavanger og Hjelmeland.


Gunstein Aukland har skipperblod i årene. Faren var 
styrmann og skipper på Jøsenfjord-båtane. Her til rors
på «Fisterfjord»

Når ferjeskipperen er på jobb, ser han huset heime. Når han er ein fri mann heime på Ombo, ser han «Hjelmeland» som pendlar fram og tilbake mellom Hjelmeland og Nesvik. 

- Eg kuttar ut jobben når eg er fri. Men eg ser jo kva klokka er, når eg ser ferjene, seier han.


Gunstein Aukland begynte ferjekarrieren som matros i 2000. Året etterpå blei han styrmann og i 2007 blei han kaptein på «Sjernarøy» i Midtsambandet. I 2015 blei han administrerande kaptein på «Hjelmeland».


Ferjeskipperen er arveleg belasta. Faren, Gunvald Aukland, var styrmann og kaptein på Jøsenfjord-båtane i mange år.


Berre veker igjen før «Hjelmeland» er ferdig i sambandet etter 28 års teneste.


Nå er det berre veker igjen, før Gunstein Aukland blir kaptein på den nye ferja «Hydra». Denne ferja skal gå på diesel når den startar i ruta. Seinare blir det elektrisk drift før den skal byggjast om til også å kunna gå på hydrogen frå neste år.


- Me går frå «Hjelmeland» til den nye «Hydra» og håpar den blir like god, seier kapteinen som ikkje vil seia noko som helst om kva han meiner om utsjånaden på dei nye ferjene.


«Hjelmeland» har eit maskineri som yter 2400 kilowatt. Rutefarten i sambandet er 9,5 knop. Den kan ha 399 passasjerar om bord. Inntil 76 personbilar er det plass til. Dei siste åra har ferja hatt 7500 driftstimar årleg. Ferja er 84,7 meter lang og 1183 bruttotonn.


Tvillingferja «Høgsfjord» gjekk i Høgsfjord-sambandet til 2009. Då blei den avløyst av ferja «Finnøy» som var blitt arbeidslaus etter at Finnfast blei åpna i 2009. «Høgsfjord» er nå i bruk i eit ferjesamband i Nord-Norge.

søndag 6. juni 2021

Thomas er veteranmatrosen på «Hjelmeland»

 

Matros Thomas Fuglestein Bog (til høgre) har vore på "Hjelmeland" sidan den var ny. Kollega
Morten Bentsen frå Karmøy har "berre" seks år om bord. 


Matros Thomas Fuglestein Bog gjekk om bord i ferja «Hjelmeland» då den kom flunkande ny til ferjesambandet på Hjelmelandsfjorden i januar 1993.


Den blide erfjordbuen er den einaste som har vore på ferja heilt sidan den var ny. Han fyller 62 år i inneverande år, men har ingen planar om å pensjonera seg. Du ser det forresten på han at han likar jobben og ferjefarten. Det lyser trivsel lang veg.


Thomas Fuglestein Bog begynte karrieren på 
"Jøsenfjord-ferjen" i 1980. 

Det var ingen fyrstereisgutt i ferjefarten som gjekk om bord i «Hjelmeland» i 1993.

Thomas Fuglestein Bog starta karrieren som ferie-avløysar på den gamle «Jøsenfjord-ferjen» i 1976 og 1977. Då var rederi-navnet Jøsenfjord Rutelag og ferja gjekk mellom Tøtlandsvik og Vindsvik.


-Då eg kom heim frå militæret i 1980, mangla dei ein mann på ferja, fortel ferjematrosen.

Telefonen ringte og Thomas Fuglestein Bog fekk fast jobb på «Jøsenfjord-ferjen». Ferjene har blitt utskifta og ferjesambandet blei flytta frå Tøtlandsvik - Vindsvik til Hjelmeland - Nesvik i 1990, men matrosen held ut.


Ferjematrosen i arbeid.

- «Hjelmeland» har vore ei makalaust påliteleg ferja. Det har omtrent ikkje vore driftsproblem. Vêr og vind har den heller ikkje nauda av. Berre nokon ytterst få gonger har «Hjelmeland» sløyft avgangar på grunn av vinden, seier Bog.


Ferjesambandet mellom Hjelmeland, Nesvik og Ombo var ikkje kjent som det travlaste ferjesambandet i landet. Her var det tid til å bli kjent med dei reisande.



- Eg har kjent folk frå dei sat i barnevogna til dei er blitt vaksne familie-folk i dag, seier Bog.


Men trafikken har auka med åra. Fyrst blei det to ferjer i sambandet og då Ryfast åpna for halvanna år sidan eksploderte trafikken, spesielt i helgene. Mange av dei som har hytter i Røldal og Vågslid, valde vekk ferja over Boknafjorden og foretrakk Ryfast-tunnelen og ferja til Nesvik i staden. Ferjetrafikken på dette sambandet auka med 20 prosent i 2020.


I dag går «Hjelmeland» så godt som heile døgnet. Den ligg roleg ein snau time frå klokka 2.30 til 3.30. Resten av tida er ferja i farten. Det er åtte mann om bord. Kaptein, overstyrmann, fyrstestyrmann, maskinsjef, fyrstemaskinist og tre matrosar. Desse går på skift og må sova om bord. Dei er ei veke på jobb og to veker fri.


Med pandemien og strenge smittevern-reglar forsvann den personlege kontakten mellom 
mannskap og reisande.


Det er ein del av matrosjobben å dirigera bilane om bord og gjera billettør-arbeid. Men med pandemien forsvann det meste av den personlege kontakten med dei reisande. Det er ingen klippekort eller ferjekort å behandla nå lenger. Billettøren går rundt og registrerer bompenge-brikka som dei aller fleste bilar har montert på frontruta i dag. Viss den manglar, blir bilnummeret notert og rekning sendt til bileigaren i ettertid.


- Ein forunderleg ting: På bilar med RJ- og SD-nummer går det ikkje an å registrera reisa med bombrikka, fortel matros Bog.


Magnus Fuglestein, faren til ferjematros Thomas Fuglestein Bog, dreiv i si
 tid mjølkebåt-rute mellom Erfjord og Sand med melkebåten "Kløver"


NB: Eg kan ikkje skriva om Thomas Fuglestein Bog utan å ta med at han er arveleg belasta med fjordafart. Det var far hans, Magnus Fuglestein, som dreiv mjølkebåt-ruta mellom Erfjord og Sand. Han fekk bygd den legendariske mjølkebåten «Kløver» som frakta mjølk til Ryfylkevegen blei åpna i 1965. Båten forsvann til Sverige, men ligg nå oppussa og flott i Erfjord igjen.


Dette var den andre bloggen om ferja «Hjelmeland» som blir teken ut av ferjesambandet Hjelmeland – Nesvik i juli månad. Det kjem meir bloggestoff i kommande veke.

lørdag 5. juni 2021

Ein kraftig storm og ein saftig smell då «Hjelmeland» var ny

 

"Hjelmeland" har nå gått i over 28 år på Hjelmelandsfjorden.

Forsinka av ein heftig storm på veg til Stavanger og skada av ein saftig smell i ferjekaien på Hjelmeland. Slik startar historien om ferja «Hjelmeland» vinteren 1993. Seinare har det meste gått på skinner for denne trufaste farkosten som nå har seilt i over 28 år fram og tilbake på Hjelmelandsfjorden. I juli er den ferdig i denne farten. Nå skal den erstattast av ein meir miljøvennleg farkost, ferja «Hydra».


                             "Hjelmelandsfjord" som ny i 1949.


Omtrent uforståeleg for oss eldre innante-buar, men «Hjelmeland» manglar nå berre eit år på å ha same fartstida i Ryfylke som den sagnomsuste fjordabåten «Hjelmelandsfjord». Den gjekk mellom Austre Ryfylke og Stavanger frå 1949 til 1978. Me gamlingane voks opp med at denne båten hadde vore her i all vår tid. Frå me var fødde til me blei vaksne. Men då forsvann den ut av soga. Så gjekk det 15 år. Då kom ferja «Hjelmeland». Og nå har det gått nesten 30 år til. Det er på frakomstmidla me ser at me er blitt gamle, kan du seia.


Frå Aftenbladet 19. desember 1992.

Lat oss gå tilbake 18. desember 1992. Då blei dei tvillingferjene «Hjelmeland» og «Høgsfjord» døypte ved Trønderverftet i Hommelvik i Trondheimsfjorden. Tørny Kvaløy var gudmor for «Hjelmeland» og Åsa Gjølme for «Høgsfjord». Dei to ferjene kosta 130 millionar kroner tilsaman, sto det i Aftenbladet dagen etterpå.


Sjølv om tvillingar er like gamle er det alltid ein av dei som er eldst. I dette tilfellet var det «Høgsfjord» som fyrst var ferdig og kunne setja kursen sørover mot Ryfylke. Den kom trygt fram. Men då tvillingssystera skulle fara nymalt heim rett over nyttår blei det storm og orkan i vekesvis. Alle som har fare forbi Statt i dårleg vêr forstår at då skal ein venta med å gå rundt denne knyttneven på kysten med ei nybygd ferja.


Kaptein Jakob Langvik var letta då han endeleg kunne leggja til kai i Stavanger onsdag 20. januar 1993. Då hadde «Hjelmeland» brukt 23 timar på turen frå Ålesund til heimbyen.


Eit par dagar seinare var «Hjelmeland» sett inn i si ordinære ruta mellom Hjelmeland, Nesvik og Ombo. Alt var i skjønneste orden, får ein seia.


Frå Aftenbladet 26. januar 1993. Det er feil ferja som avbilda i avisa.


Med eit smell var «Hjelmeland» i nyhetsbildet nokre dagar seinare. Då hadde den flunkande nye ferja gått rett inn i ferjekaien på Hjelmeland. Kaien blei litt skada, men det gjekk verre med ferja. Den blei taua til Stavanger og sett i dokk på Klasaskjæret. Årsaka til uhellet var menneskleg svikt. Vakthavande ferjeførar hadde ikkje slått av autopiloten då han skulle manøvrera ferja inn til kai. Dermed virka ikkje manøvreringshendlane som dei skulle.


Skadene på ferja var ikkje så store som ein fyrst frykta. Etter kort tid var ferja i fart igjen. Og sidan har det stort sett ikkje vore større uhell med ferja.


Denne ferje-historia om «Hjelmeland» er alt for lang for ein enkelt blogg. Eg kjem med meir før du veit ordet av det.