onsdag 20. desember 2023

«Fisterfjord» redda fiskar i forbifarten

 


"Fisterfjord" i full fart. Ukjent fotograf.


Rutebåten «Fisterfjord» var på veg over Hidlefjorden med kurs for Stavanger på føremiddagen laurdag 14. april 1962. Då berga dei livet til ein rekefiskar i forbifarten.


Fiskaren som var åleine, var i ferd med å få reketrålen ut frå skøyta si. Då var han så uheldig å ramla på sjøen. Han greidde å få tak i vaieren som var festa i trålen og  heldt seg fast i den. Skøyta var i fart og fiskaren var i livsfare.


Frå fyrstesida på Rogalands Avis mandag 16. april 1962



Frå «Fisterfjord» såg både passasjerane og ein av mannskapet den stakkars mannen som låg og vinka og ropte på hjelp. Matros Sigvald Rosså som sto til rors, slo alarm.


Kaptein Knut Øye beordra livbåt på vatnet.


- Han var svært medteken då han blei dradd om bord i livbåten, sa ein av mannskapet, Arthur Øye, til Rogalands Avis.


Fiskaren fortalde «Fisterfjord»-folka at han hadde mista balansen og datt i sjøen. Han var redd for å havna i propellen på båten dersom han prøvde å komma seg om bord igjen. Dermed klamra han seg til vaieren og håpa på hjelp.


Det var ikkje all verda med trafikk på fjorden denne føremiddagen. Fiskaren var flaksen som blei oppdaga av folka på «Fisterfjord».


Om bord i «Fisterfjord» fekk den våte fiskaren tørt undertøy av skipperen før han blei sett om bord i reketrålaren igjen.


- Ka hette denne mannen og kor var han i frå, spurte journalisten.


- Nei, det hadde ingen av «Fisterfjord»-folka spurt han om. Heller ikkje kor han kom i frå. Dei hadde vore for opptekne med å redda mannen til å sjå etter navn og registreringsnummeret på båten hans.


Frå fyrstesida på Aftenbladet mandag 16. april 1962.



Rogalands Avis var morgenavis og var fyrst ute med denne saka. Det kan sjå ut som om Aftenbladet ikkje hadde fått med seg den dramatiske hendinga på Hidlefjorden. Men då dei les om dette hjå konkurrenten, fekk dei fart på seg og kom med fleire opplysningar i avisa på ettermiddagen.


Det var den då 23-årige Børge Vassøy som blei berga av «Fisterfjord»-folka. Der står det at mannen var et kvartes tid i sjøen før han blei redda. Då hadde han begynt å få krampa og hadde nok ikkje greidd seg så mykje lenger til tross for at han var ein kraftig kar.


Børge Vassøy var rask til å hiva opp trålen og komma seg heim til Vassøy igjen etter den dramatiske hendinga.


Heldigt for han at «Fisterfjord» kom seilande akkurat då.


fredag 15. desember 2023

Sjøsterke Otto var matros på «Fisterfjord» over Nordsjøen

 


Otto Aukland var matros på "Fisterfjord" i 1924.


- Eg var den einaste om bord i «Fisterfjord» som ikkje blei sjøsjuk på turen over Nordsjøen, sa Otto Aukland.


Yngre sambygdingar kjente han som gardbrukar Otto Aukland på Ombo. Men dette var ein mann som hadde sett seg i respekt i sine yngre dagar. Dette kom fram då han fylte 70 år i desember 1966 og Aftenbladet skreiv om jubilanten.


Her sto det om den stødige bonden på den vakre Auklandsgarden som hadde vore i slekta i over 500 år. Garden hadde han overteke i 1929. Før det hadde han gått på jordbruksskulen på Nedstrand. Seinare hadde han vore eit engasjert medlem i bondelaget i mange år. Men så kjem det fram: I unge år var han tilsett i Jøsenfjord Rutelag, og var med på den turen «Fisterfjord» gjorde til England med 9000 korger bær.


"Fisterfjord" i 1920-åra. Bildet er henta frå ei bok av Njål Tjeltveit.



Otto Aukland var fødd i 1896 og var 27 år gammal då han var matros på «Fisterfjord» på den fyrste turen over Nordsjøen i august 1924.


Gamle Otto Aukland er ikkje den einaste sjømannen i familien. Barnebarnet med same navn: Otto Aukland, som er busett på Hovda på Fogn har vore sjømann i mange år. Han er utdanna som kaptein og har mange år bak seg på supply-båtar i Nordsjøen. Han har også eit par års fartstid på ferjer i Ryfylke. I tillegg har han vore med på fiske og jobba på oljeplattformer. Så han er heilt sikkert like sjøsterk som farfaren.


Otto Aukland junior. Besterfaren var matros på "Fisterfjord" over
Nordsjøen. Barnebarnet er stabilitetssjef på oljeplattforma
"Askeladden" i Nordsjøen. Selfie frå Nordsjøen.


I dag er 55-årige Otto Aukland stabilitetssjef på jack up-plattforma «Askeladden».


- Stabilitetssjef på oljeplattform tilsvarar overstyrmann på eit skip, fortel Otto Aukland til oss på telefonen. Han er på jobb i Nordsjøen akkurat nå i førjulstida.


Gunvald Aukland, nevø av Otto den eldre, var kaptein-avløysar på "Fisterfjord"



Det er fleire sjøfolk i Auklandsfamilien. Nevøen til Otto Aukland senior, Gunvald Aukland, var om bord i «Fisterfjord» som matros, styrmann og skipper-vikar. Han gjekk i land og blei gardbrukar på Ombo. Sonen hans, Gunnstein, er kaptein på ferja «Hydra» som går i Hjelmelandssambandet.


Gunnstein Auland, sonen til Gunvald, er kaptein på ferja "Hydra.



Då har me greidd å finna ein ekta «Fisterfjord»-matros som var med på turen over Nordsjøen for 99 år sidan. Dei var ni mann om bord på turen. Greier me å finna fleire av karane som var med? Takk til Jan Skaar som tipsa meg om Otto Aukland. Dei to andre som me veit som var med: Kaptein T. C. Strømberg og den faste «Fisterfjord»-skipperen Magnus Kalheim.


onsdag 13. desember 2023

Kor mange englandsturar gjorde «Fisterfjord»?

 


"Fisterfjord" ved Vadla-kaien ein gong på 1960-talet. Foto: Olav R. Hauge.


Gjekk den gromme fjordabåten vår, «Fisterfjord», i skytteltrafikk mellom Ryfylke og England om somrane for 100 år sidan? Då me høyrde på når dei vaksne som snakka om desse englandsturane fekk me guttungar kanskje ein litt urealistisk oppfatning av omfanget for denne trafikken. Når ein går inn og søker i avissamlinga i Nasjonalbiblioteket virkar det slik.


I min forrige blogg skreiv eg om englandsturen som blei gjennomført i august 1924. Kaptein på turen, T. C. Strømberg, blei intervjua i 1ste Mai om turen. Han skildra ein særs vellukka tur. Det var planlagt ein ny tur eit par dagar etterpå, men denne blei avlyst. Bæra blei sende med ein annan båt. Dermed blei det ikkje fleire turar i 1924, etter det eg forstår.


Annonse i Aftenbladet 1925.



I 1925 er det råd å finna planar om nye englandsturar med «Fisterfjord». Den fyrste skulle gå frå Stavanger 21. juli, meldte Aftenbladet som også slo fast at det ikkje blei mangel på båtar som kunne frakta bæra til England. Denne sommaren var Ommund Torgersen hyra inn som kaptein i Nordsjø-farten.


Stavangeren meldte at «Fisterfjord» kom vel fram til Newcastle 23. juli 1925. Avisa skriv i same artikkelen at båten vil vera tilbake i fjordane nokre dagar seinare i bærrute saman med «Jøsenfjord». Men det ser ut til at desse bæra har blitt sendt med ein annan båt til England. Eg finn ikkje spor av fleire englandsturar dette året.


Dette tyder på at det blei med desse to turane til England for «Fisterfjord». Ein i 1924 og ein i 1925. Viss det finst folk som kan dokumentera at det var fleire vender over Nordsjøen, vil eg straks retta opp i dette.


Magnus Kalheim var fyrste skipper på "Fisterfjord". Seinare var han disponent i Jøsenfjord 
Rutelag i mange år. Her teikna av Henry Imsland i Aftenbladet. 



Magnus Kalheim som på den tida var skipper på «Fisterfjord» og seinare disponent i Jøsenfjord Rutelag, var med på turen til England fyrste året, fortel han i eit intervju med Aftenbladet i 21. februar 1970. Då var T. C. Strømberg innleigd som kaptein med papirer for utenriksfart. Det skal ha vore eit mannskap på ni om bord. Er det nokon som har navn på ein eller fleire av mannskapet?


- Året etterpå var eg og kona med som passasjerar. Me gjekk endåtil i land i Newcastle og ville vera over ei veke til «Fisterfjord» skulle komma tilbake med sending nr. to. Men då hadde rederiet Brødrene Olsen sett inn ei frakterute over Nordsjøen som gjorde at me måtte avvikla Englandsfarten, og eg og kona måtte ta rutebåt heimatt, fortalde Magnus Kalheim.


Det var solbæra frå Ryfylke som la grunnlaget for denne farten. Det var ei kolossal solbærdyrking i Ryfylke. Å selja solbær i Stavanger var ikkje greitt, men England var ein stor marknad. William Bullman heitte grossisten som var mottakar i Newcastle, fortalde Magnus Kalheim i 1970. Då hadde «Fisterfjord» nyss enda sine dagar i ein brann på Foreneset.


Det utbrende vraket av "Fisterfjord" ved Foreneset i 1970. Foto: Egil Eriksson.




tirsdag 12. desember 2023

«Fisterfjord» frakta 8400 bær-korger over Nordsjøen

 


"Fisterfjord" slik den såg ut i 1920-åra. 


Ein veldig tilfreds «Fisterfjord»-kaptein blei intervjua i Stavanger-avisa 1ste Mai då han var kommen tilbake etter den fyrste turen med bær til England. Intervjuet sto på trykk 21. august 1924. Eg har ikkje funne andre intervju med englandsfararane rett etter at dei var komne heim igjen. Derfor har eg skrive det av slik det sto på trykk i avisa for 99 år sidan.


1ste Mai hadde kaptein-intervju etter fyrste turen over Nordsjøen.



"En av vore medarbeidere avla en visit ombord umiddelbart etter ankomsten og fik et lite prat med skibets fører, kapten T. C. Strømberg, som med stor elskværdighet fortalte om turen, der i alle dele hadde været vellykket.


- Vi gik herfra forrige lørdag nat kl. 2, fortæller kapteinen , lastet med ca. 8400 kurver bær og 15 kasser egg. Utenfor kysten mødte vi endel kuling, men maskinen arbeidet utmerket, saa vi holdt god fart. Vi kom opunder den engelske kyst søndags kveld og mødte der et rusket veir med tordenbyger.


Fem-liters bærkorg frå Hjelmeland. Ei slik korg full av solbær fekk dei ei krone og
25 øre for i England viss dei var heldige.


Paa grund av veiret kom vi ikke ind til Newcastle før tidlig mandagsmorgen. Umiddelbart etter ankomsten gik vi i gang med losningen av bærkurvene og allerede tidlig på eftermiddagen var utlosningen tilendebragt. Det viste sig at bærrene var kommet frem i utmerket stand, idet ikke en eneste kurv som var blitt fugtig i bunden. Bærrene kunde bringes direkte paa markedet, tørre og friske, som da de sendtes fra Stavanger.


Etter utlosningen gik vi direkte til Howden dok for at indta kul og gik ut ved høivande tirsdag kveld lastet med 77 tons kul.


«Fisterfjord» passerte piren ved Shields tirsdag kveld kl. 7 og efter 39 timers forløp passertes Feisteinen.


Paa overturen var der fint veir med frisk sydostkuling. Naar turen blev saa vellykket, fremholdt hr. Strømberg, saa skyldtes det i første række skibets maskin av den saakaldte Rakkestadmotor (Rubbestadmotor skulle det stått), som hele tiden arbeidet utmerket uten at klikke en eneste gang.


Skibets besætning bestod av ialt 9 mand.


I England var veiret helst surt med storm og bygeveir, fortalte kapteinen tilslut.


«Fisterfjord»gaar imorgen paany til Newcastle med et større parti bærkurver".


Den neste turen for «Fisterfjord» over Nordsjøen gjekk ikkje som planlagt. Det var for lite bær som var klar for sending. Lasta blei overført til lastebåten «Relis» som gjekk til England ein dag seinare med 6500 bærkorger, for det meste solbær, og 600 kassar med egg.


Denne turen blei den einaste Englandsturen for «Fisterfjord» i 1924, etter det eg har funne av avisskriverier frå dette året.


Før turen til England hadde «Fisterfjord» vore på Rosenberg verft for "besigtigelse" sto det i 1. mai. Frakta for å senda bæra med denne båten var den same som for konkurrentane, men Jøsenfjord-selskapet skulle forsikra frakta for å unngå unødvendige tap for eksportørane, skreiv 1. mai som også meldte at Magnus Kalheim, som var kaptein på «Fisterfjord» i vanleg fjordatrafikk, var med på turen til England.


Det blei fleire turar over Nordsjøen i 1925. Eg skriv om dette i neste blogg.


Kommentar på Facebook:

Kjell Hetlelid

Bestefaren min, Johannes Hetlelid lagte enorme mengder med bærkorger for eksport til England - korgene blei då kalt for EKSPORT-kurv! 3kg som tilsvarer nesten 5 liter - denne korga blei i mi tid feilaktig kalt for 5-liters korg! Det korrekta namnet var vel 3kg's Bærkorg! I mi beste tid laga eg sjølv 110 slike korger per dag! Far min var mektig stolt over EKSPORT-KURVEN!





mandag 11. desember 2023

«Fisterfjord» - Fjordabåten som gjekk til England



"Fisterfjord" i fordums glans på 1930-talet. Utsjånaden blei endra fleire gonger frå den var ny
i 1921. 



«Fisterløå», den gamle holken, alltid for seine i rutå, fnyste me som var bråkjekke guttungar på 1960-talet. Dei vaksne såg på oss med eit overbærande smil.


- Ikkje snakk stygt om «Fisterfjord». Den gjekk til England med bær då me var guttungar. Ingen andre fjordabåtar har gjort det. Dessutan var «Fisterfjord» flaggskipet til Jøsenfjord-selskapet i aldri så mange år. Heilt til «Hjelmelandsfjord» kom til Ryfylke etter krigen, sa dei vaksne.


Til og med latinlæraren min på Bryne, lektor Håkon Austbø, gløymte seg ut og spora av frå den knusktørre latinleksa og sa følgjande: - «Fisterfjord» ja, det var den som gjekk til England, ja.


 
Romersk slagskip eller trirem på fagspråket. Eit slik skip greidde visstnok
same toppfart som "Fisterfjord" 



Austbø var rennesøybu og hadde litt fjordabåtar i blodet, han også. Grunnen til distraksjonen? Me var inne på krigsskipa til dei gamle romarane, triremane, meiner eg dei blei kalla. Der sat det mannskap i fleire etasjar i båten og rodde for livet. Dei klarte å få desse farkostane opp i ni-ti knop, fortalde lektor Austbø.


«Fisterfjord»-fart, sa eg høgt. Austbø såg opp og smilte. Han spora av eit halvt minutt. Tenk det du. Det skjedde ikkje ofta at han var så lettsindig.


Denne englandsfarten var alltid eit tema når det blei snakka om «Fisterfjord». I dag er det ikkje mange igjen av oss som hugsar båten, for ikkje å snakka om dei som har reist med den. Det er omlag 100 år sidan at denne fjordabåten gjekk over havet lasta med bær og kom heim igjen med kål som returlast frå «kålaholmen».


"Fisterfjord" som ny. Her fotografert på Sand.



Men koss mange turar gjekk «Fisterfjord» over Nordsjøen og kva tid skjedde dette? Dette spørsmålet har eg prøvd å finna ut av den siste tida. Eg har rota i gamle avisarkiv og eg har funne ein del interessante avis-artiklar, men kan ikkje garantera at det ikkje er meir å finna ein plass. Difor stiller eg meg heilt åpen for innspel!


I Magnus Torgersen si bok «Fjordabådane» frå 1980 skriv han om Englands-farten: I 1920-årene gjorde «Fisterfjord» et par turer til England med bær til Newcastle, og det sies at på en av turene var været ikke det aller beste, så skipperen sto på brua under hele overfarten – helt til han så naustå i England.


Men Magnus Torgersen skriv ikkje koss mange turar det blei over Nordsjøen, men han reknar med at det var fleire. Han tidfestar heller ikkje desse turane som det gjekk gjetord om i aldri så mange år etterpå.


Jøsenfjord-selskapet sette den nybygde «Fisterfjord» i fart ved jonsoktider i 1921. Fyrste turen gjekk til eit misjonsstevne på Randøy. Den nye båten var litt av eit syn. Stor og fin – den største motordrevne rutebåten. Det var dampbåtane som hadde rådd grunnen til den tid.


Dei dyrka bær som aldri før i Ryfylke ved inngangen til 1920-åra. Ripsbær og solbær. I England kunne dei få ei krona og 20 øre for ei fem-liters korg. På Torjå i Stavanger fekk ryfylkingane 25 øre for same korga, viss dei var heldige.


Bær-eksporten til England blei ei svær greia. Bergenske sin englandsbåt «Venus» frakta mykje bær fra Stavanger til Newcastle. Av ein eller annan grunn blei det vanskar med å få sendt bær med «Venus». Det var då dei fann ut at det ville vera både billegare og raskare å senda «Fisterfjord» over Nordsjøen med bærlastene.



Eg held fram med «Fisterfjord» og englandsfarten i neste blogg. Den kjem snart!


tirsdag 14. november 2023

Aksel bygde flukt-båten til Kåre Palmer Holm!

 

Denne båten var det eg som bygde, seier Aksel Gilje Sørnes.



- Racerbåten til Kåre Palmer Holm! Den var det eg som bygde.


Sandnes-mannen Aksel Gilje-Sørnes er best kjent som blomstergartner. Aller best som orkide-spesialist. Bygde han racerbåtar?


Kåre Palmer Holm, kjent som rømmingsekspert, skapsprengarkonge og gentlemansforbrytar, enda som mange veit opp i strandsteinane på Nærland i Hå om bord i ein 14 fots racerbåt. Dette skjedde i april 1959. Då var Holm etterlyst av politiet etter at han robba Sola postkontor for 67000 kroner eit par veker tidlegare. Ein kjempesum i den tid, tilsvarar nærare ein million kroner i dag.


?Båtar og båtbygging var hobbyen min som ung mann. Som guttunge sto eg på Torget i Stavanger og selde blomster for far min. For lønna eg fekk for jobben, kjøpte eg seilduk og bygde kajakk, fortel 87-årige Aksel Gilje-Sørnes.


18 år gammal drog han til USA. - Eg emmigrerte og slo meg ned i Chicago. Der fekk eg jobb på ein planteskule. Men eg blei ikkje så lenge der. Kameratane mine fekk seg jobbar som bygningsarbeidarar. Derfor begynte eg også i ein slik jobb. I to år trilla eg betong i Junaiten.


Annonsa i Aftenbladet 10. april 1959.



Då eg reiste heim til Sandnes igjen, hadde eg med meg teikningar av ein liten racerbåt, også kalla passbåt. Ein model kalla "Flying saucer" eller Flygande tallerken på norsk.


Båten bygde han i løa heime på Sandved. Den var ferdig våren 1957. Ein spennande, sjelden båt på den tida. Den vekte oppsikt når Aksel kom fresande. Ein Evinrude påhengsmotor på 25 hestar, gav båten ein fart opp mot 25 knop.


Sommaren 1958 selde Aksel Gilje-Sørnes båten til Olav Egeland frå Lura. Nå var det tid for å etablera seg. Han gifta seg med Bjørg. Ho var ikkje så begeistra for å vera med i racerbåt.


- Eg hugsar ikkje akkurat korleis salget føregjekk. Men Olav Egeland hadde vore og henta båten ein dag eg ikkje var heime. Far min hadde ordna opp. Eg gløymer ikkje den svære budda med pengesedlar eg fekk i hendene, seier han.


Bildet av "Flying Saucer" i Aftenbladet 20. april 1959.



Lura-mannen hadde ikkje båten så lenge. Men lenge nok til at han fekk lagt eit lag med glasfiber på skroget. Dette var "siste skrik" på den tida. 


Aksel Gilje-Sørnes blei ganske overraska då han såg bildet av båten i Aftenbladet 20. april 1959. Då låg den i strandsteinane på Nærland og Kåre Palmer Holm var havna bak lås og slå i fengslet på Lagårdsveien i Stavanger.


Ved eit raskt søk i Aftenbladet sitt arkiv viste det seg at Olav Egeland averterte sin "passbåt" for salg i avisa 10. april 1959. Dette var ei veke før Kåre Palmer Holm robba postkontoret på Sola. Akkurat dette salget blei aldri omtala i nokon av dei mange avis-artiklane frå denne tida om Kåre Palmer Holm, men det står at han hadde kjøpte den i Sandnes og betalt 6500 kroner for båten.


Laurdag 18. april låg Kåre Palmer Holm i Hafrsfjord med racerbåten som var godt lasta med både bensin og brennevin. Han var nå etterlyst med navn og bilde i avisene og ville flykta til Austlandet. Han gjekk sørover langs jærkysten. På dette tidpunktet var politiet klar over at Holm var på veg langs kysten i båt. Dei låg og venta på rømlingen med fleire båtar ved Eigerøy.


Kåre Palmer Holm blei etterlyst med navn og  bilde i 
aprildagane i 1959.



Men det blei aldri ei spennande forbrytar-jakt ved Eigerøy. Kåre Palmer Holm fekk motortrøbbel og måtte vassa i land i strandsteinane på Nærland. Derifrå tok han drosje til Stavanger der politiet tok han. Denne historia er fyldig omtalt i Aftenbladet 20. april 1959.


.Eg veit kva som skjedde med motoren. Kåre Palmer Hom har komme for nær land og øydelagt splinten eller brytepinnen på motoren. Denne splinten var ikkje den originale. Den hadde eg øydelagt då eg havna på ein sandbanke ved utløpet av Storånå i Sandnes. Eg tok kontakt med brannmeister Viste på Brannvakta i Sandnes. Han skaffa meg ein ny splint i koppar. Den var kanskje litt svakare enn den originale, seier Aksel Gilje-Sørnes.


Båtbyggjaren har ikkje bilde av "Den flygande tallerken" i fordums glans. Han veit heller ikkje kor racerbåten blei av etter havariet på Nærland.


Olav Egeland som kjøpte båten av Aksel Gilje-Sørnes og seinar selde den vidare, var ein kjend Sandnes-mann.Han dreiv med med trikotasje og strikkemaskiner. Seinare blei han ein pioner i fiskeoppdrett i Øksna Bruk. Han døde i 2021

torsdag 26. oktober 2023

«Jøsenfjord-ferjen» - frå ferjetrafikk til dykkar-eventyr i Indonesia

 

"Cehili" var navnet då den tidlegare "Jøsenfjord-ferjen" var innom på Hjelmeland i 2005.
Foto: Magnar Riveland.



Kanskje ikkje den flottaste ferja i verda, men den var jo spesiell. Det var fyrst då den blei sett i fart over Jøsenfjorden, at Ryfylkevegen var ein realitet. Då kunne du kjøra bil frå Sandnes til Sauda. Berre tre ferjer skulle til: Over Høgsfjorden, Jøsenfjorden og Sandsfjorden. Og så, vips, Sauda låg der og venta heilt inne i fjordabotnen viss du hadde ærend dit.


14.juli 1965 var merkedagen. Då begynte «Jøsenfjord-ferjen» å gå i ruta. Strålande for oss som budde i nabolaget oppe i Vormedalen. Me kunne sykla ned til Tøtlandsvik, eller sjøen som me sa til dagleg, og sjå ferja komma og gå full av fremmande biler og turistar. Og fine jenter. Dei kom, me såg dei før dei forsvann i ein fei over fjorden.


"Cehili"-redaren Tore Thorsen frå Grimstad, nummer to frå venstre, viste rundt på ferja som 
nå var dykkarskip. Malvin Viga, til venstre, Gulleiv Norheim, i midten, og så Sverre Norheim.
Foto: Magnar Riveland.


Ferja var flott for Erfjord også. Dei fekk jobbane om bord. I styrehuset, på dekket og i maskinen. Frå før kjende med dei som mannskap på fjordabåtane. Nå overtok dei ferja også. For oss frå "rette" sida av Jøsenfjorden var jo erfjordbuar litt eksotiske, dei også.


For dei snakka jo litt rart. Dei sa ikkje kaga og mad, slik som oss. Mat og kaka, takk. Det gjekk ei viktig dialekt-grensa mellom oss. Når du kjørte i land på Vindsvik var konsonanten stadig blaude og fine. Men når du hadde kjørt over høgdedraget mellom Jøsenfjorden og Erfjord og passert den nye kommunegrensa mellom Hjelmeland og Suldal, rådde dei harde konsonantane grunnen.


- Store forandringar på vår gamle arbeidsplass, fastslo ferjeveteranane Gulleiv Norheim, Kåre 
Vågane og Sverre Norheim. Foto: Magnar Riveland.


Men erfjordbuane hadde klare, menneskelege trekk. Dei var jo innante som oss. Dei sa him og himante og var greie å forstå. Du måtte berre venja deg til dei.


«Jøsenfjord-ferjen» kom og gjekk. År ut og år inn. Full av turistar og andre reisande i helgene og i sommarferien. Andre tider var det lite og ingen trafikk. Og folka om bord var navngjetne for sin omtanke for kundene. Viss ein bil kom litt for seint, snudde ferja om kom inn igjen og henta dei stakkarane. Forresten må me ikkje gløyma ertersuppa.


"Jøsenfjord-ferjen" i fordums glans.



Men ein dag var det slutt på Tøtlandsvik – Vindsvik-dansen. Ferja var for liten for trafikken på Ryfylkevegen. Den blei erstatta av ei større ferja og forvist til eit mindre trafikkert samband. Nedstrand – Hebnes – Foldøy – Jelsa. Ikkje berre kos der og slett ikkje ertersuppa. Nedstrandsfjorden kunne vera tøff nok den når hauststormane herja.


Bastardnavnet, «Jøsenfjord-ferjen», blei borte. Nynorsk-forkjemparen Johan Veka gjekk heilt i spinn då han fekk høyra kva navnet skulle vera. Ein mengde bokstavar blei fjerna frå skutesida. «Ferjen» blei borte. Nå blei det berre «Jøsenfjord».


I 1991 var det slutt på ferjelivet. Kroken Fisk på Hjelmeland kjøpte ferja. Nå skulle den brukast til base for eit fiskeoppdrett på Jøsneset. Her blei ferja liggjande pal til 1999.


Men så kom oppturen. For den gamle ferja blei verken opphogd eller utsett for andre sorter elendighet. Eit firma med navnet Cehili Expeditions i Grimstad kjøpte den gamle «Jøsenfjord-ferjen» og døypte den «Cehili» og flagga den ut til Belize.


«Cehili» skulle bli dykkarskip. Den blei ombygd til det ukjennelege. Flott baug og soldekk framfor styrehuset. Nå drog båten til Sør-Kinahavet til eit prosjekt som handla om marin-arkeologi. Her hadde eit skip, lasta med 350 000 porselenstallerkar forlist. Dykkarane henta opp 200 000 av dei.


Deretter sette «Cehili» kursen mot Europa. Det blei fleire oppdrag i Middelhavet. Deretter kom den tidlegare ferja til Norge igjen i 2004. I Hustadvika på Romsdalskysten venta det neste oppdraget for dykkarskipet.


Norsk Hydro skulle legga røyrleidning frå gassfeltet Ormen Lange og inn til land. Eit ukjent vrak, truleg frå 1700-talet, var oppdaga på 200 meters djup. Dette var truleg eit hollandsk handelskip. Ved hjelp av avanserte undervass-robotar blei det henta opp mange flasker med fransk vin, engelsk gin, keramikk, porselen og sølv.


Då oppdraget på Hustadvika var avslutta sommaren 2005, sette «Cehili» kursen sørover igjen. Grimstad-mannen Tore Thorsen, primus motor for «Cehili»-prosjektet, hadde ikkje gløymt kor han henta den tidlegare ferja. Ein av dei fyrste dagane i august låg dykkarskipet ved kai på Hundsnes i Hjelmeland.


Her var viktige erfjordbuar inviterte for å sjå den gamle ferja si igjen. Utanfrå var den ugjenkjenneleg. Ingen kunne tru at den var den tidlegare «Jøsenfjord-ferjen».


Då Kåre Vågane, Sverre og Gulleiv Norheim kom om bord kjende dei både det eine og andre igjen. Rattet sto på same plass og kassen med kikkerten hang slik som før. Ellers var det svært forandra. Unntaket var maskinrommet. Ingenting nytt der.


Malvin Viga som hadde hatt den gamle ferja som arbeidsplass då den låg ved fiskeoppdrettet på Jøsneset var også med på omvisninga.


Det var gildt å sjå den gamle arbeidsplassen sin igjen.


Journalist Magnar Riveland skildra gjensynet med tidlegare «Jøsenfjord-ferjen» i ein stor reportasje i Bygdaposten.


Seinare same hausten sette «Cehili» kursen mot Indonesia igjen. Nå var det turistdykking som sto på programmet. Hobbydykkarane skulle få det godt om bord. Kurs, dykking og fotografering under vatn sto på planen. Passasjerlugararen heldt høg standard. Det same gjaldt for restauranten og kokken om bord, sto det i Bygdaposten.


Eit kjapt søk på nettet viser at tidlegare «Jøsenfjord-ferjen» og«Cehili» stadig er flytande. Nå med navnet «Voyager».

tirsdag 17. oktober 2023

Ferjemannskapet fiska sei mens dei venta på bilar

 



Kaptein Kåre Vågane og billettør Gulleiv Norheim på brua. Foto: Ola Vormeland.


Heile ferje-mannskapet sto der, utrusta med kvar si fiskestong, og fiska sei. Ser du dei for deg? Ivrige mannfolk i full sving med å hala på sei på ferjekaien. Journalisten frå Bygdaposten trudde ikkje sine eigne auer.

 

Var det avdekka ein skandale på dette tidspunktet i Tøtlandsvik for 40 år sidan?  Langtifrå. Dei tre karane som var på jobb, skipper, billettør og maskinpassar, prøvde seg etter seien mens «Jøsenfjord-ferjen» låg der i ferjestøa og venta på neste avgang i halv ti-tida ein kvardagskveld i april 1984. Ikkje ein bil å sjå! Men veret var flott og seien beit godt!




"Jøsenfjord-ferjen" med kurs for Vindsvik. Vegen til Nesvik. Arkivbilde frå Aftenbladet.


Denne skildringa er omtrent ordrett henta frå lokalavisa Bygdaposten som kom ut på Hjelmeland. Redaktøren, Ståle Eggebø, hadde fått det for seg at det ville vera spennande å skildra livet på ferja frå morgon til kveld. Eg reknar med at den sto på trykk i avisa ein dag i april. Det løgna var at folka i Suldalsposten likte denne reportasjen så godt at dei like godt trykte den i si eiga avisa i slutten av juli same året. Overskrifta var: Den menneskelege ferja.


- Kan du ha det betre enn dette, spurde ferjekapteinen med fiskestonga.


Men sjå der! Kapteinen oppdaga brått ein bil på veg nedover mot Tøtlandsvik. Er det ikkje Eiane-folka som skal heim? Dei var jo godt kjende med kvarandre, dei på ferja og dei på Eiane. For Marta og Gudmund dreiv kiosken på ferjekaien på Vindsvik og kjende ferjelivet på Jøsenfjorden omtrent like godt som dei som jobba om bord.


"Jøsenfjord-ferjen" i Tøtlandsdvik. Dette sambandet blei åpna i 1965 og nedlagt i 1990.
Foto frå Aftenbladets arkiv.

«Jøsenfjord-ferjen» hadde dei omtanke for kundene sine. I periodar med liten trafikk hende det ofte at dei avbraut avgangen og snudde for å få med seg bilar som kom for seint.


- Eg har opplevd at ferja har gått tilbake to gonger på same avgangen for å henta folk som kom for seint. Andre stader har eg opplevd at ferja gjekk frå bilar som berre var 30 meter frå ferjekaien, fortalde Jakob Galland frå Suldal som kjørte Aftenblad-ruta med ferske aviser denne dagen.


Ferja legg til i Tøtlandsvik. Foto: Ola Vormeland.



- Eg har drive kiosken på Vindsvik i mange år. Ein gong opplevde eg at ferja kom inn igjen tre gonger for å henta folk som kom for seint. Men trur du ikkje det kom endå ein bil også. Denne sjåføren var sint fordi ferja ikkje kom inn igjen, fortalde Marta Eiane.


Det står ikkje i denne artikkelen, men det var ei kjent sak at folk i Vormedalen, bygda opp forbi Tøtlandsvik, måtte vera obs på ferjeruta viss dei tok seg ein liten biltur ned til Tøtlandsvik på kveldstid. Viss ferjefolka såg billys på veg nedover moane, braut dei av avgangen og venta for å sjå kven som kom.


I 1984 var ikkje «Jøsenfjord-ferjen» stor nok i periodar med mykje trafikk. Kapasiteten var 20 bilar.


Ferjereportasjen frå Bygdaposten i april 1984 blei gjenbrukt
i Sulddalsposten i juli same året.



Ferjekaptein Kåre Vågane meinte det skulle vore ei ferje med plass til 40 bilar på dette sambandet. Han trudde at det var mange som ikke reiste denne vegen av frykt for lang ferjekø.


Bygdaposten gjorde ein grundig jobb. Her er statistikken for «Jøsenfjord-ferjen» denne onsdagen i april 1984: 117 personbilar, 10 varebilar, 22 lastebilar, 15 trailerar, to bussar og 255 passasjerar. Billettøren tok inn 5827 kroner.


To sjåførar som kom for seint dagen før, hadde fått overnatta i salongen.


Ein tur var det tomt både for folk og bilar. Bussen frå Tau til Sand med Egil Sie som sjåfør, kom klokka 11.10 til Tøtlandsvik. Null passasjerar.


Dei aller fleste som hadde arbeid om bord i denne ferja var frå Jøsneset eller Erfjord. Alle er rekna opp i artikkelen: Kåre Vågane, Odd Foss, Jan Tednes, Per Karsten Øye, Sverre Norheim, Solbjørn Bog, Arne Erfjord, Thomas Fuglestein, Odd Helge Rosså, Gunvald Kallevik og Gulleiv Norheim. Dessutan var Marta Erfjord, Leikny Bog og Valborg Surnevik i kiosken. Solveig Fylgjesvoll vaska om bord.


Stor trafikk i Tøtlandsvik ein gong mellom 1965 og 1970. Foto: Ola Vormeland.



Ferjesambandet over Jøsenfjorden mellom Tøtlandsvik og Vindsvik, blei åpna 14. juli 1965. Sommaren 1990 blei ferjesambandet flytta ut fjorden. Nå går ferjene mellom Hjelmeland og Nesvik.


«Jøsenfjord-ferjen» blei overteken av Stavangerske ved årsskiftet 1975/1976 saman med resten av flåten til Jøsenfjord Rutelag. Ferja blei omdøypt til «Jøsenfjord» i 1989. Den blei seldt i 1991.