fredag 21. januar 2022

Ved frå Ulladalen blei drivstoff for Stavanger-bussane



Bil-Ola og Forden hans sørga for drivstoff til bybussane i Stavanger. Ola frakta veden frå
Rabbane i Ulladalen til kaien på Vadla i Jøsenfjorden. Bildet tilhøyrer Terje Hauge.



Denne svære vedhaugen på Rabbane i Ulladalen skulle leverast til Stavanger Busselskap. Sjølv om dette er svartaste delen av den andre verdenskrigen, er Bil-Ola eit einaste stort smil der han står midt opp i veden med Forden sin.



All denne veden skulle kjørast ned til kaien på Vadla. Derifrå blei den frakta med vedaskøyter ut Jøsenfjorden til Kalhammaren i Stavanger. Ein kjempejobb for Bil-Ola og lastebilen hans.



Bensin blei mangelvare i krigsåra. For å bøta på dette blei veden frå Ryfylke ei dyrebare vare. Det blei teke ut ved overalt innover i fjordane.


I byen blei vedaskiene kutta opp til knott. Denne såkalte knotten blei så putta i ein generator som sto montert på alle bussar, lastebilar og drosjebiler i krigsåra. Ut av generatoren kom det vedgass som erstatta bensin som drivstoff på motorane.


Vedgassen blei ei viktig, men ikkje fullgod erstatning for bensin og diesel, står det å lesa på Wikipedia.


Svensk lastebil med vedgenerator. Illustrasjon til artikkel i Aftenbladet.




Men det var forresten ein bil som aldri kjørte ein meter på vedgass. Det var Forden til 'an Bil-Ola. Koss kunne det ha seg? Eg skal gjera greie for det i slutten av denne bloggen.



Bensinmangelen melde seg alt i 1940. Og den blei meir og meir merkbar etterkvart utover i krigsåra.



Lastebilane kan drivast med vedgenerator er overskrifta på ein artikkel i Aftenbladet 17. juni 1940.



"Det er nå så knapt om bensin at det mange stader blir vanskeleg å få kjørt veden fram. Skulle ein ikkje her hjå oss også kunna bruka ved til bildrifta?



I Sverige finst det nå over 1000 lastebilar som blir drivne med ved eller trekol. Dei har så smått teke til å nytta slike driftsmidlar til traktorar og.



Til ei hestekraft i ein time trengst det 0,3 kg petroleum eller 0,5 kilo trekôl eller 1 kilo ved. Men er motoren laga for petroleum eller bensin, får ein ikkje gagn av meir enn 60 prosent av krafta når ein brukar ved eller trekol. Med dei rette greiene kan ein likevel nå opp i 85 pst. "



Avisartikkelen var jo ganske nøytral i tonen. Men knotten og vedgassen blei ikkje nokon stor suksess. Så snart krigen var over og bensinen på plass, blei generatorane skrota.


Aftenblad-tittel frå 25. oktober 1941.



"Bare generator-biler i Stavanger fra i morgen av" melder Aftenbladet 25. oktober 1941. Dermed gjekk drosjetrafikken i Stavanger på vedgass frå dette tidspunktet. Men bussane skulle kjøra som før, opplyste driftsbestyrar Rosengren i Stavanger Busselskap. Men han opplyser at selskapet har altfor liten bensinkvote til den store trafikken. Og dette vil bli verre i tida som kom på grunn av tyngre føre. Ein månad seinare melder Aftenbladet at det blir lengre mellom buss-holdeplassane. Dette var nok eit tiltak for å spara drivstoff.



Per Rosengren var sjef i buss-
skapet frå 1937 til 1973.


Men i 1942 blei det knotta-drift for busselskapet også. I årsberetninga blir det gjort grundig greie for dette:



I januar 1942 gjekk det to bussar på vedgass på Hillevågsruta. Ved utgangen av dette året var dei resterande åtte bussane ombygd til vedgass-generatordrift.



For å sikra seg store nok mengder tørr og god knott sikra busselskapet seg rett til hogst i to skogsteigar i Vadla, i Jøsenfjorden, står det vidare i årsbetninga. Denne kubbeveden har selskapet sjølv sørga for å driva fram. Veden blei så skoren opp og tørka ved selskapet sitt knottanlegg på Kalhammaren i Stavanger.



Veden frå Ulladalen var sikkert god nok, men bussdrifta måtte innskrenkast i resten av krigstida. Bussane slutta å gå klokka 20 på kvelden og på søndagane blei alle bussruter innstilt i oktober 1942.



Men koss klarte Bil-Ola å sleppa vedgass og generator? Svaret er truleg at lastebileigaren i Jøsenfjorden blei ein så viktig mann for Stavanger Busselskap at dei forsynte han med nok bensin frå sitt eige kriselager for å halda den viktige vedatransporten frå Ulladalen i gang.



Terje Hauge, sonen til Bil-Ola, fortel at busselskapet også hjelpte til med deler og reparasjonar på lastebilen i Jøsenfjorden.



- Far min og driftstyrar Rosengren fekk til eit godt samarbeid og dei hadde også ein viss kontakt i åra etter krigen. Då Andreas Hauge, nevøen til Bil-Ola, trong sjåfør-jobb i byen, tok Ola kontakt med bussdisponenten og då ordna det seg raskt med jobb i byen. Unge Hauge kjørte bybuss-rute 3 mellom Tasta og Midjord i fleire år.



- Farbror sa alltid Rosenkvist når han snakka om Rosengren, fortel Andreas Hauge i dag.



Per Rosengren var frå Odda. Han var ingeniør-utdanna og kom til Stavanger busselskap som sjef i 1937. Den jobben hadde han fram til sin død i 1973.



Dette var blogg nummer 2 om Bil-Ola i Jøsenfjorden. Det kjem meir i neste veke. Eg er interessert både i tips og bilde frå lesarane.



Takk til Jørn Malde i Rutebilhistorisk Forening, avdeling Rogaland. Han skaffa meg kopi av årsbetninga for Stavanger Busselskap for 1942.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar