onsdag 26. august 2020

Jon - fruktbonde i fjorden og travel ingeniør i byen


Jon Eiane Brandal overtok fruktgarden på Ytre Eiane i fjor etter foreldra sine. 


- Plomma slo feil i år, men det ser stadig lovande ut med eplehausten sjølv om det ikkje blir 30 tonn eple på Ytre Eiane i år som i fjor, seier fruktbonden sjølv, Jon Eiane Brandal (33). Han overtok slektsgarden på Ytre Eiane i Jøsenfjorden i 2019. Foreldra, Ellen Lovise og Trygve Brandal, er blitt pensjonistar, men er viktige støttespelarar for sonen.


Discovery-eple frå Ytre Eiane
Discovery-epla er nå store og fine og klar for henting. Deretter kjem dei andre sortane i tur og orden: Aroma, Gravenstein og Rubinstep. Den siste sorten er ein nye type vintereple. - Me må leiga hjelp til å hausta aroma-epla midt i september. Resten er det hovedsakleg far og meg som plukkar ned av trea, fortel Jon. Han reknar med at frukthausten er ferdig uti oktober. Som alle andre håpar han på ein fin haust utan stormar, flaumar og anna elende.

Riksveg 13 går rett forbi fruktgarden og dermed ligg alt til rette for eit godt besøkt gardsutsalg der dei sel alle produkt dei kan levera frå garden: Frukt, eplemost, honning og ved. Etter kvart kan det også bli aktuelt å produsera eigen eplesider på garden. Bier og honningproduksjon er noko nytt på Eiane. Jon begynte med bier for to år sidan. Hausthonningen er blitt svært populær og den skal haustast om ei vekes tid.

Sauer har dei sjølvsagt også på denne gamle tradisjonsrike Ryfylke-garden.

 Som ikkje dette er nok, er det råd å ta ut tømmer på garden som ligg mellom Erfjorden og Jøsenfjorden og strekkjer seg langs fjorden frå Vardane til Vindsvik. Det er ikkje berre haug og hammar. Her er det mykje fin furuskog.

Hausthonning frå Eiane. 
Arbeidsoppgåvene står i kø. Her er det ikkje berre frukthausten som tek tid. Skal du veda, skoga, fora sauene, stella frukttrea før sesongen, halda eit auga med biene og så vidare, skulle det ikkje vera problem med å få tida til å gå, men Jon Eiane Brandal har eit anna liv også.

For fruktbonden er i tillegg ingeniør i byen. Han jobbar i shippingselskapet Optimarin og er engasjert i arbeidet med å renska ballast-vatn frå skip slik at kan hindra invasjon av framande, uønska arter i havet. Stillehavsøsteren er eit døme på ei slik uønska art som ein har merka på våre kantar dei siste åra. - Ein spennande og utfordrande jobb, seier Jon som ikkje har planar om å gi opp bylivet med det fyrste.

 Nå får han dette til ved å ha heimekontor ein del av tida på Eiane og ved å ha hjelp av foreldra som bur fast på garden. - Eg vil eiga garden og driva den, kombinert med eit visst liv i byen. Koss dette skal løysart etterkvar som åra går, får me ta etterkvart, seier Jon Eiane Brandal roleg og smiler.

Dei som vil halda seg oppdatert på kvar som skjer på garden, kan følgja med på Ytreeiane på Instagram.

 Jon Eiane Brandal har lagt ut dette bildet på instagram-kontoen sin. Tvilsomt
at han har tid til å driva slaraffenliv i båt på Jøsenfjorden i tida som kjem.