torsdag 11. april 2019

Går «Kløver» på sjøen i sommar?

Paul Sverre Fyljesvoll har skifta mange hudplankar på
«Kløver».


«Kløver» går kanskje på sjøen i sommar. Ein tur. Men då må den opp på slippen på Erøy til hausten igjen.

For den 64 år gamle melkebåten frå Erfjord er ennå ikkje ferdig pussa opp. Det manglar ein del før  den kan visast fram i fordums glans. Slik den såg ut då den frakta melk frå Erfjord og Jelsa til meieriet på Sand frå 1955 til 1966.

Nytt dekk, rekker og rekkestøtter er nå ferdige. 


Paul Sverre Fyljesvoll saman med familien og andre støttespelarar har gjort ein kjempejobb med å setja båten i stand igjen etter at båten blei dregen på land på slippen til Olav Erfjord på Erøy for to og eit halvt år sidan.

Sju plankar på skutesida er skifta ut på begge sider av forskipet. Lenger bak er det fire nye plankar som er skifta ut. Rekker og rekkestøtter er også heilt nye.

Styrehuset på «Kløver» blir fornya nå.


Dei nye plankane er ekte, handlaga Erfjord-vare. Paul Sverre Fyljesvoll har henta furutrea han trong i Olav Erfjord sin skog og plankane har han sjølv skore til. 

Av naboen, Olav Lovra, fekk han ein svær eikeplank som svigersonen Helge Hjorteland har forma til eit nytt stevne på «Kløver».

Alle dekksplankane er skifta ut. Akkurat nå er det styrehuset som blir fornya. Barnebarn André har dreia ny propell-aksling. Barnebarna Sondre Hjorteland og Stian Haugsland har reingjort og malt Volvo-motoren. Men ingen har jobba meir med båten enn Paul Sverre Fyljesvoll.

- Kor mange timar eg har brukt? Det er lenge sidan eg kom ut av teljinga, seier 72-åringen med eit smil.

«Kløver»-entusiasten Olav Erfjord har stilt eigen slipp og verkstad til disposisjon for Fyljesvoll. Det er planen at den gamle melke-rutebåten skal få permanent liggjeplass på brygga ved sida av slippen.


«Kløver» slik den såg ut då den gjekk med melk mellom Erfjord og Sand frå 1955 til 1966. Bildet tilhøyrer Thomas
Fuglestein Bog.


«Kløver» blei bygd i Erfjord i 1955. I 10 år frakta den mjølk, varer og folk mellom Erfjord, Jelsa og Sand. I 1966 var Ryfylkevegen ferdig. Då blei melkebåten «Kløver» og eigaren Magnus Fuglestein arbeidslause. Sjølv om båten blei seldt til Sverige, blei den aldri blitt gløymd i heimbygda.   

I 2016 drog erfjordbuane Paul Sverre Fyljesvoll, Olav Erfjord og Tor Olav Følgesvold til Lysekil på den svenske vestkysten for å henta båten som Olav Erfjord hadde fått tilbod om å overta vederlagsfritt frå den nåverande eigaren Bjarne Isaksen som var den fjerde eigaren av «Kløver» sidan den forlet Norge for 50 år sidan. Erfjord hadde ei skøyte frå før. Difor let han «Kløver» gå vidare til Paul Sverre Fyljesvoll som blei båteigar. Det var desse to karane som segla «Kløver» heim til Norge igjen.



onsdag 3. april 2019

Frå kvit skorstein til svart med tre raude ringar



«Eidfjord» med kvit skorstein. Teikninga er henta frå HSD si
jubileumsbok.

Visste du at ferja «Utstein» har skifta fargar og dekor på skorsteinen fem gonger sidan den var nybygd i 1975 og hadde kvit skorstein og navnet «Eidfjord»?

I dag føler eg at tida er inne for å gå grundig inn i denne skorsteinsproblematikken. Du treng ikkje å vera nerd for å interessera deg for utsjånad på ferjeskorsteinar. Berre ein heilt normalt interessert observatør.

Midt på 1970-talet fekk HSD fleire nye pendelferjer som alle hadde kvit skorstein: «Eidfjord», «Jondal», «Fusa», «Tysnes» og så vidare. HSD-rosetten var plassert midt på den kvite overbygninga.

«Utstein» har seilt rund med gul skorstein og tre raude ringar i to periodar.
Foto: Kåre Haga.


Slik som eg har forstått det seilte «Eidfjord» rundt i Sunnhordland i alle år med kvit skorstein. Fyrst då Stavangerske overtok i 1986 fekk den gule skorstein med tre raude ringar på, slik det var på alle ferjene og fjordabåtane til Stavangerske på den tida.

Det kan vel forresten diskuterast om desse ferjene hadde skorsteinar. Kanskje det hadde vore rettare å kalla dei for eksosrøyr.

«Utstein» med to raude ringar i 1991. Foto: Steinar Warland.
Men skorsteinen fekk ikkje fred meir enn i fire år. Då omorganiserte Stavangerske. Dei laga eit eige dotterselskap for lokaltrafikken. Dette selskapet fekk navnet Rogaland Trafikkselskap. Og for å markera at det var nye tider, mista alle desse fartya den midterste ringen i skorsteinen som fekk behalda gulfargen.

I 2003 ble det omorgansering igjen. Rogaland Trafikkselskap forsvann. Nå skulle det vera Stavangerske som dreiv lokaltrafikken i Rogaland. Dette blei markert ved å få den midterste ringen på plass igjen. Slik blei det i fire år.

For det skjedde store endringar både for Stavangerske og HSD. Stavanger-mannen Folke Hermansen som hadde slått seg opp opp på å selja fryseboksar og komfyrar, kjøpte fyrst opp det gamle, ærverdige Stavangerske på 1980-talet. Seinare kjøpte han seg opp i HSD også. Til slutt var dette selskapet også hans.

«Utstein» med Tide-skorstein i 2008. Foto: Kåre Haga.

Selskapet Tide såg dagens lys i 2008. Her blei det både Tide Buss og Tide Sjø. Dermed måtte ein fram med malarkostane igjen og få Tide-logoen på plass. Trur ikkje eg skal prøva å skildra den. Fann heldigvis eit bilde som viser korleis «Utstein» såg ut i 2008.

Det blei også innført ein ny navnepraksis på hurtigbåtar og ferjer. Nå skulle alle båtnavn starta med «Tide». Dermed fekk me «Tidesund» og «Tide-admiral» og så vidare. Ikkje særleg populært blant museumsvaktarane.

I 2012 var det slutt for Tide Sjø. Nå var dette blitt eit stor selskap som konkurrerte om å driva hurtigbåt- og ferjeruter over heile landet og skulle ha nytt navn igjen. Det skulle ikkje vera stavangerske eller noko anne provinsielt.

Norled blei det. Men til trøyst for oss nostalgikarar: Svart skorstein og tre raude ringar. Dette var den opprinnelege Stavangerske-skorsteinen med tradisjonar heilt tilbake til 1855 og hjulbåten «Ryfylke».

 «Utstein» ved Skjeltene ferjekai  i på Møre 14. juli 2018. Nå med tre raude ringar på svart skorstein.
 Foto: Sindre Furuli.

Viss «Eidfjord» hadde blitt verande «Eidfjord» og aldri rota seg ned til Stavanger, hadde ferja sluppa unna denne gul-malinga, men ellers hadde det blitt det same skorsteinsrotet. Men navnet hadde jo vore der heile vegen.

Forresten. Bare så du vett det. «Utstein» fekk hengedekk i 1990. Det blei fjerna i 2011.

Det var alt!

mandag 1. april 2019

«Eidfjord» blei til «Utstein» og gjekk til Rennesøy og Finnøy

«Utstein» og  «Fjordbuen» ved Grasholmen. «Fjordbuen» pådrog seg
 oppnavnet «Donaldbåten» blant dei reisande.Foto: Kåre Haga. 


Kaptein Jakob Langvik på «Ryfylke» fekk ein telefon frå Stavangerske-kontoret i juni 1986. - Hallo! Vil du overta som kaptein på ferja «Eidfjord»? Stavangerske skal leiga denne ferja. Du kan reisa til Bergen og henta den så raskt som råd. 


- Eg tykte det var spennande. Me reiste til Bergen og henta ferja. Som ny hadde den gått mellom Kinsarvik og Kvanndal i Hardanger. Men med den stadig aukande biltrafikken var den blitt for liten der. Då Stavangerske fekk leiga den, var den nettopp teken ut av ruta Krokeide – Austevollshella.


På brua på «Utstein» etter ein redningsøvelse. Kaptein Inge Kaada, matrosane Øyvind Johannesen, Ruben Eide, styrmann  Pål Kyrre Frise og matros Arne Samuelsen. Malvin Langvik var om bord som instruktør på øvelsen. 

Stavangerske-folka reagerte på  ein ting då dei gjekk om bord i den 10 år gamle HSD-ferja. I alt var det ein besetning på fem mann om bord. Kaptein, styrmann, maskinist og to matrosar. Ikkje mange, men ferja hadde to messer, ei for offiserar og ei for mannskapet. Den slags inndeling var for lengst avskaffa på lokalbåtar og ferjer i Ryfylke.

 «Eidfjord» avløyste «Rennesøy» i Rennesøy-ruta. Denne ferja  blei sendt til Jøsenfjorden for å gå mellom Tøtlandsvik og Vindsvik.

Maskinsjef Sverre Dahle i maskinrommet på «Utstein». 


Det var tre skift på ferja i Rennesøy-ruta. Jakob Langvik fekk med seg broren Jarleif og Jon Håvarstein som kapteinar. Magne Ravndal frå Mosterøy var ein av styrmennene. Sverre Dahle var maskinsjef. Matrosar Bjarne Nylund, Håkon og Kristoffer Galta. (Eg manglar ein del navn her. Tek mot fleire med takk).

I mars 1987 kjøpte Stavangerske «Eidfjord» av HSD. Rett etterpå gjekk ferja som nå fekk navnet «Utstein», til Trønderverftet i Hommelvik for opprusting og oppussing. 


Frå nedre salong på «Utstein».  Kjenner ikkje navna på folka på bildet.

«Utstein» blei gåande i Rennesøy-ruta til 1989. Nå var det tid for å byggja Rennfast. Dermed var «Utstein» blitt for liten. Den fekk ein ny tur til Trønderverftet. Nå blei det montert hengedekk for å få plass til fleire bilar. 

Frå 1989 til 1999 blei «Utstein» gåande i Midtsambandet. 

Tek med denne kommentaren som kom på Facebook:

Petter H. Fosse Stemninga var ikkje særleg høg i HSD, då Vegstyresmakta påla selskapet å selje «Eidfjord» med salong oppe. Vi var mange som helst såg at det vart «Jondal» eller «Ulvik» som vart «ofra» då selskapet hadde fått anledning å kjøpe Askøy-ferja «Bjørgvin» (som seinare overtok navnet «Eidfjord»). Men Stavangerske fekk seg jo ei flott ferje