onsdag 26. januar 2022

Jøsenfjord-karar med Reodor Felgen-ånd fekk Sandsa-hytta til fjells

 


85 tonn med byggjematerialar blei frakta frå Vadla-kaien til Sandsa. På lastebil til Ulladalen, 
med taubane til fjells og til slutt med motorbåt over Sandsavatnet. Foto: Johs. Gill.


Fylkesmann Norem og andre by-prominensar kunne ikkje dradd til fjells for å åpna Sandsa-hytta i juli 1936 viss ikkje Bil-Ola og sambygdingane hans hadde teke seg av all transport av byggematerial og anna utstyr frå Vadla i Jøsenfjorden til Sandsa.


85 tonn blei frakta med «Fisterfjord» til Vadla. Her blei alt av material og anna utstyr lasta på ein liten lastebil og kjørt på den smale vegen til Rabbane i Ulladalen. Eg har ingen opplysningar om kven som var eigar av denne lastebilen. Bil-Ola kjøpte ikkje lastebil før i 1938.


Rasmus Hauge, bror til Bil-Ola, konstruerte og bygde taubane frå Ulladalen slik at
Sandsa-materialane kunne fraktast til fjells. Her står han med vassrenna og 
vasshjulet som dreiv taubanen. Foto: Johs. Gill.


På Rabbane i Ulladalen hadde den lokale «Reodor Felgen», Rasmus Hauge, konstruert og bygd ein taubane som skulle frakta all denne Sandsa-lasta til fjells. Denne taubanen var 1400 meter lang og hadde ein stigning på 500 meter. Taubanen blei driven med rå vass-kraft. Eit vasshjul blei kopla til taubanen og dermed kunne transporten starta.


Rasmus var ein eldre bror av Bil-Ola. Han var sentral i det lokale arbeidslaget som tok seg av transport-oppdraget. Knut Gjil var også med på denne jobben.


Jobben var ikkje gjort sjølv om heile denne utstyrslasta var frakta opp med taubanen. Hytta skulle byggjast i den andre enden av Sandsavatnet som var ei halv mil langt. Ein motorisert gavlabåt var også frakta til fjells for den vidare transporten. Rasmus Eiane var skipper på denne båten.


Sandsa-hytta blei bygd av H. Øgreid og Sønner. Denne annonsa sto i årboka
til Stavanger Turistforening for 1937.



Det var Stavanger-firmaet H. Øgreid og Sønner som sto for byggjearbeidet på Sandsa.


Tomta, på fem-seks mål, hadde dåverande inspektør i turistforeningen, Johs. Gill, kjøpt av Anna og Ola Stråpa i Suldal.


Stavanger Turistforening satsa stort på dette prosjektet som visstnok kom på 29 000 kroner.


Eg er ikkje i mål med denne blogge-serien ennå. Etter mitt syn måtte eg skriva litt om dette Sandsa-prosjektet som førte til at Sandsa-hytta, Ulladalen og Jøsenfjorden i mange år var mellom dei viktige turistattraksjonane i Ryfylke. Eg kjem med minst ein epistel til.

1 kommentar:

  1. Fantastisk blogg! For en glede å lese om stedet jeg er så glad i :) Håper du fortsetter å skrive og å legge ut bilder.

    Beste hilsen Cecilie Gil,
    barnebarn til Solveig og Knut Gil

    SvarSlett