fredag 30. november 2018

Trailer velta og sju bilar ramponert då «Stavanger» nesten gjekk rundt!

Skadene blei store då ein semitrailer velta rundt på
Boknafjorden.


- Ferja la seg så kraftig over på sida at eg trudde den skulle gå rundt. Det blei slått stopp på motorane og eg høyrde eit forferdeleg rabalder på dekk. Eg hadde vakt i maskinrommet og sprang opp for å sjå kva som skjedde. Der låg det bilar hulter til bulter på bildekket.

Jan Samuelsen frå Sjernarøy var 21 år gammal og vikarierte som motormann på Tau-ferja «Stavanger». Ferja var sett inn som reservebåt for ei Skudenes-ferje som var på verksted. «Stavanger» hadde åpent akterskip og fekk ikkje lov å gå til Skudeneshavn som dei faste ferjene. Reservebåten gjekk til Kopervik.

Jan Samuelsen trudde hans siste time var kommen då
 «Stavanger» la seg over på sida på Boknafjorden. Så
kraftig krengning har han aldri opplevd verken før
eller seinare.
Vêret var dårleg 24. oktober 1974 då «Stavanger» var på veg frå Kopervik over Boknafjorden til Stavanger. Vindstyrken var opp i liten storm i kasta. Det kom tre uventa høge sjøar og dei førte til at ferja slingra så kraftig at ein semitrailer velta på bildekket. Traileren la seg først over til babord og så til styrbord. Traileren var ikkje surra fast i dekket før ferja gjekk ut i den grove sjøen.

Då ferja begynte å gå igjen, gjekk Samuelsen ned i maskinrommet igjen. Der hadde alt laust blitt slengt rundt då ferja krenga som verst. Han måtte plukka opp alt og rydda så godt han kunne.

- Eg hugsar at det var kaptein Georg Nesvik som var på vakt på brua. Han hadde Øystein Sandvik med seg som rormann, fortel Jan Samuelsen som ikkje tok skrekken av denne opplevinga.

Slingring var ikkje noko nytt for meg. Eg hadde vore på Skudenes-ferjene tidlegare. Men eg hadde aldri vore med på at ei ferje kunne leggja seg så kraftig over på sida. Det var ei ny oppleving, seier Samuelsen som seinare tok maskinistskulane og seilte på Stavangerske-ferjene like til han gjekk av med pensjon.

Dei ramponerte bilane var avbilda på fyrstesida av Aftenbladet neste dag. I alt var sju bilar blitt skada då tilhengaren på semitraileren velta, står det i avisa.

«Stavanger» var ikkje bygd for storm på Boknafjorden. Då
slingra ferja kraftig.
Redningsbil blei tilkalt for å få fjerna dei ramponerte bilane frå bildekket på «Stavanger».

Ferja droppa den siste turen over Boknafjorden denne kvelden, men gjekk i rute til Tau neste morgon, står det i avisa.

Seinare gjekk «Stavanger» på verkstedet til Stavangerske på Klasaskjæret for å få sveisa på fester i bildekket slik at bilane kunne surrast fast i dårleg vêr.

- «Stavanger» var ein forferdeleg slingrekopp. Heilt på høgde med «Tungenes» som Stavangerske hadde gåande over Boknafjorden mellom Haugesund og Stavanger frå 1966 til 1974. På folkemunne blei den kalla «Gyngenes», seier folk med greie på slingring.

torsdag 29. november 2018

Lastebilsjåførane tok knekken på «Stavanger»

Irriterte lastebilsjåførar frå Strandalandet avbilda i Aftenbladet 14.mai
1981 då det var opptil tre timars venting for å komma med ferja.  Frå
venstre: Hans Bjarne Voster, Reidar Eie og Oddvar Førland.

Tenk at lastebilsjåførane gjekk i spissen for å få den feiande flotte ferja «Stavanger» vekk frå Tau-sambandet. Dei som til og med hadde eige bord i salongen og alltid var garanterte å treffa kollegar dei kunne drøsa med på overfarten.

Vanlege reisande og privatbil-eigarar kunne ikkje skrøyta nok over «Stavanger» som kom i 1973. Fine salong og garantert fritt for saltskvett på dei blanke personbilane på det overbygde bildekket. 

Lastebilfolket, derimot, meinte at «Stavanger» var gammaldags. Bildekket var håplaust. I forkant av dekket var det smalt og trangt på grunn av løftebaugen. Alt for ofte blei det skader på bilane når dei skulle kjøra av og på ferja. 

- Me ville heller ha åpne pendelferjer som «Tau» og «Solbakk», sa lastebileigar Hans Bjarne Voster til Aftenbladet etter at lastebilsjåførane hadde laga ein aksjon for å visa si misnøye med «Stavanger».

«Stavanger» frå 1973 var feiande flott, men raskt umoderne. I 1982 gjekk den siste turen over
Hidlefjorden.  



Dette var stikk i strid med meininga til Norges Automobil Forbund (NAF) som jobba for at «Stavanger» skulle få ei systerferje i Tau-ruta. Gjennom åra hadde NAF fått mange klager frå medlemmer som hadde fått sjøsprøyt på bilane sine under ferje-overfarten. Spesielt klaga NAF-medlemmene på sjøsprøyt på Tau-ferjene og på ferjene over Nedstrandsfjorden. 

Men det var lastebil-folket som vant fram med sine synspunkt. 

Vegkontoret i Rogaland meinte at det ikkje var nødvendig med overbygde ferjer verken i Tau- eller Nedstrand-sambandet.

Etter vår vurdering er ferjene som trafikkerer sambandene hensiktsmessige. Det er bare i ugunstige værforhold at det oppstår skvett på bildekket, og i betraktning av de økte kostnadene sambandene vil bli påført dersom dette skal unngås, kan vi ikke anbefale et slikt tiltak, skreiv Vegkontoret  i eit brev som Aftenbladet refererte 26. juni 1980.

På denne tida gjekk «Stavanger»  saman med «Tau» og «Solbakk» i Tausambandet. Alle desse fejene tok 50 bilar. I Midtsambandet der Nedstrand høyrte med, gjekk  «Finnøy»  og dei to tidlegare Tau-ferjene «Tau» og «Strand» som nå blei omdøypte til «Ombo» og «Eidssund».

På dette tidspunktet hadde Samferdselsdepartementet orientert både det lokale vegkontoret, fylkespolitikarane og Stavangerske om korleis ein ynskte å byggja ut ferjerutene i Rogaland vidare.


Departementet ville ha to nye 90-bilars ferjer til Tau-ruta. Dei skulle erstatta ferjene som gjekk der då. «Stavanger» skulle sendast til Finnmark, «Solbakk» skulle overførast til Midtssambandet og «Tau» var tenkt sendt til Møre og Romsdal. Ferja «Ryfylke» skulle overførast frå Midtsambandet til Rennesøy-ruta. I Skudenes-sambandet skulle det gå fire ferjer som før. 

Den sju år gamle «Stavanger» var begynt på sin svanesang på Hidlefjorden. Den varte i to år.

Neste blogg handlar kor denne ferja drog vidare etter at ho forlet Stavanger i juli 1982.








søndag 25. november 2018

Njål Tjeltveit - lærar, historikar, forfattar og kulturleiar


Njål Tjeltveit ville vore 75 år dette året. Han døde i 2001. Bildet tilhøyrer
Bodil Tjeltveit.


- Snakka om Njål Tjeltveit? Sa eg.

-  Han kjente ikkje eg spesielt godt. Sa eg.

- Same svaret har eg fått frå fleire av dei eg har ringt og spurt, svara kulturleiar Eldfinn Austigard i Hjelmeland kommune. Saman med sogelaget hadde kulturkontoret laga til denne minnekvelden for Njål Tjeltveit på kulturhuset Spinneriet i Hjelmelandsvågen torsdag 20. november. Tjeltveit som ville vore 75 år i år hadde han fått leva, markerte seg på så mange måtar i kulturlivet i Hjelmeland. 

Eg hugsar veldig godt fyrste gongen eg møtte Njål Tjeltveit. Det var ei helg våren 1976 på den dåverande landbruksskulen på Nedstrand. Der arrangerte Rogaland Mållag kurs for folk som var meldarar for store og små aviser. Njål Tjeltveit var kursleiar og snakka om den nye floraen av lokalaviser som nå voks fram og kunne kanskje bli ein konkurrent for dei store regionavisene i distriktet.

På den tida var eg lærar på Vinjar skule i Suldal. Ein kollega, Johannes Lunde, lokka meg med. Han var Suldal-korrespondent for Dagbladet Rogaland.

Før den helga var Njål Tjeltveit berre eit navn for meg. Eg hadde sett det på lærebøker i norsk på lærarrommet i Suldal. Dessutan visste eg at han budde i Hjelmeland der eg hadde planar om å slå meg ned og bli lærar på ungdomsskulen.

På dette tidspunktet hadde eg søkt på den ledige jobben som redaktør i Bygdaposten på Hjelmeland, men den jobben fekk eg ikkje. Ei 20 år gammal jente fekk jobben. Ho hadde jobba i avis som journalist. Det hadde ikkje jeg.

Min arbeidserfaring begrensa seg til fjordabåt- og ferjematros og seinare bussjåfør på Ryfylkevegen og i Bergen. Eg hadde alltid hatt lyst til å bli journalist, men aldri gjort noko for å realisera draumen.

Dermed måtte eg skaffa meg erfaring og innsikt i mediabransjen. Eg søkte sommarjobb i Aftenbladet og reiste på kurset som Njål Tjeltveit hadde laga til på Nedstrand.

Han hadde skaffa gode folk til å kursa deltakarane. Lars O. Tunbø som hadde vore med å dra i gang Tysvær bygdeblad. Bladstyrar Per Håland frå Gula Tidend og journalist Einar Hauge Nilsen frå Haugesunds Avis. Han hadde også vore i Aftenbladet.

Eg hugsar også at Njål Tjeltveit fortalde at han hadde vore sommarvikar i Gula Tidend.

Med dette kurset som teoretisk bakgrunn, blei eg sommarvikar i Aftenbladet sommaren 1976. Då sto eg på det litla eg greidde for å visa igjen.  Frå 1. januar 1977 var eg fast tilsett som journalist i Aftenbladet.
Njål Tjeltveit skreiv mykje i Aftenbladet.
Denne toppartikkelen er frå 17. januar 1964.


Den fyrste tida mi i avisa møtte eg Njål Tjeltveit som NRK-meldar i Hjelmeland og seinare tok han kontakt med meg når han var ferdig med enkelte av bøkene sine. Eg var vel litt overraska då han viste så stor interesse for fjordabåtar og bussar. Der hadde me tydelegvis ein del til felles.

Å seia nei til å vera med på dette, ville jo vore enkelt. Men eg sa ja og brukte den gamle enkle journalist-metoden med å ringja rundt og snakka med folk. Eg begynte med Bodil som var gift med han frå 1973 til han døde utpå nyåret i 2001. Søstera Oddrunn var den neste eg ringde til og så har eg jobba meg vidare utover til eg følte eg hadde nok opplysningar til å kunne laga eit bilde av mannen.

Njål Tjeltveit var fødd på i Fister i 1943. Barndomsheimen på Eikehaugen var det bestefaren som hadde bygd. Mora, Magreta, var frå Vanvik i Hylsfjorden og var fødd Fatland. Både faren Hans og bestefaren Nils var lærarar. Bestefaren mista mora tidleg. Han vaks opp hjå besteforelda på Tjeltveit på Ombo og tok etternavnet Tjeltveit.

Bestefaren var lærar på Halsnøy og i Hetlandsbygda. Faren Hans gjekk ut frå lærarskulen i Elverum i 1918 og var lærar i Sjernarøy, Strandebarm og Hetland før han kom til Hetlandsbygda i Fister kommune. Viss du går inn på google og søker på navnet hans finn du eit fantastisk flott bilde av læraren og elevane hans i bygda. Dei står oppstilt på rekke og alle har tresko på. Ola Meltveit, far til Magnhild Meltveit Kleppa, står midt i elevflokken.

         Lærar Hans Tjeltveit, Peter Hetland, Hans Hetland, Åke Hauge, Julian Staurland, Ola Meltveit, Sverre Solberg,
Tomine Staurland, Sigrid Solberg, Klara Hetland, Susanna Hetland, Bibbi (Berta Malena) Hauge, Anna Meltveit.
Foto: Ryfylkemuseet.

Hans Tjeltveit overtok som lærar på Fister etter Jakob Mæland. Der var han lærar fram til han gjekk av med pensjon i 1961. Han døde i 1971.

Læraren på Fister hadde den største private samlingen av nynorsk-bøker i heile Rogaland, kanskje i heile landet. Over 5000 bøker hadde han i samlinga.

I tillegg hadde han store mengder med avisutklipp om nynorske bokmenn og meldingar om bøkene deira slik Johan Veka skreiv i ein Aftenblad-artikkel frå 1954 og fortset slik:

- Men du finn ikkje noko manuskript frå Hans Tjeltveit. Ikkje ei bok. Ikkje eit dikt. Ein kan undrast på det. For han kan skriva.

- Nei, seier han. Det ligg kje for meg å skriva bøker. Det får andre gjera. Så får eg lesa bøker og samla bøker. Det fegnast eg med. Det har eg hugnad av, står det vidare i Aftenbladet.

Men gamle Tjeltveit fekk til gjengjeld ein son som skreiv bøker. Det finst innpå 40 ulike boktitlar der Njål Tjeltveit har vore forfattar eller i nokre tilfelle medforfattar.

Lærarsonen på Fister viste tidleg stor interesse for rutebåtar og rutebilar. Han samla på rutehefte og brukte billettar og fekk seg bråtahua eller skyggehua som me sa. Dermed kunne han vera både styrmann eller buss-sjåfør når han leika båt og buss. Denne interessa hadde han med seg heile tida. Svært interessert i båt og bilruter over heile Vestlandet og vel så det.

Jan Thomsen, bror til Åsmund, var bestekameraten i barndommen. Han var så husvarm hjå Tjeltveitane at han sa far til læraren som alle dei andre ungane på Fister omtala som Tjeltveit. Det gjorde sikkert foreldra også. Slik var det i den tida.

Som seks-åring begynte lærarsonen på skulen. For å bli gammal nok til å dra ut i verda som 15-åring, gjekk han to år på framhaldskulen. Då han reiste ut som tenåring for å begynna på realskulen på Bryne i 1958, var han fast bestemt på at han aldri skulle komma igjen for å bu på Fister, fortalde han seinare til kona Bodil.

Etter realskulen var han ein vinter på folkehøgskule før han starta på fire-årig lærarskule i Kristiansand. Etter lærarskulen avtjente han verneplikta i marinen der han var ferdig i 1967.

Nå starta han som lærar på ungdomsskulen på Jørpeland der var han i fleire år. Han møtte Bodil og dei gifta seg i 1973. Dei busette seg i Klepp der ho kom frå. Njål blei lærar i Sola.

På dette tidspunktet hadde Njål Tjeltveit markert seg som målmann. Han var med på å starta mållag på lærarskulen og frå Strand mållag møtte han som utsending på årsmøte i Rogaland mållag saman med skuleinspektør Tungesvik, hugsar Harald Sel.

I 1974 kom Bodil og Njål til Årdal der han hadde fått jobb som undervisningsinspektør på Årdal skule. Bodil blei helsesyster i Hjelmeland og det var ho fram til ho blei pensjonist i 2008.

Skulestarten blei turbulent i Årdal i 1974. For det fyrste rykka Njål Tjeltveit inn som rektor fordi Jostein Jøssang hadde fått studiepermisjon eit år.

Grunnen til sjauen: Ungane frå Byrkja og Ingvaldstad, Fjellgardane skulekrins etter gammalt, var vedteke overflytta frå Årdal til Hjelmeland. Det blei  avisskriverier, skulestreik og så bort etter, opphissa foreldra og politikarar.

Det blei visst ein del vondt blod etterpå, men Njål Tjeltveit kom heilt ubemerka frå dette. Han gjorde sin jobb utan at han blei teken til inntekt for hverken den eine eller andre sida.

Ekteparet bygde hus i Mælslia i Årdal. Apropos bygde hus. Njål Tjeltveit var ingen handyman. Det var stort sett Bodil som tok seg av det praktiske. Dei fekk dei to barn: Herbjørn og Målfrid.

I 1978 gjorde han sine tankar om aldri å venda tilbake til Fister til skamme. Då flytta familien Tjeltveit inn i nytt hus på byggefeltet Eikehaugen like ved barndomsheimen der mora nå budde åleine. Ho var sjukeleg og sette stor pris på dei nye naboane.

På den tida var Njål Tjeltveit blitt kontaktmedarbeidar for NRK Rogaland i Hjelmeland. Han sette stor pris på at dåverande NRK-sjef Ottar Oddland spurte han om å ta den jobben. I desse åra var han også innom i NRK som sommarvikar og var ei kjend radio-røyst for mange. Også i NRK blir han hugsa som ein som gjekk stilt i dørene. Flink og sakleg.

I Hjelmeland mållag var han ei drivkraft like fram til han blei kulturleiar.

Venstre-mannen kom også med i kommunestyret. På upolitisk liste.

Heile tida frå han kom til Hjelmeland blei han mykje bruka som kåsør på allslags samankomstar, frå Heimvernsfestar til basarar og bondelagsmøte.

I 1984 blei han kulturleiar i Hjelmeland. Denne stillinga hadde han resten av si tid bortsett frå eit vikariat som redaktør i Bygdaposten.

Og frå nå er det han for alvor begynte å skriva bøker slik eg les den bibliografien Tryge Brandal har laga. Alle dei lokalhistoriske bøkene kjem utover på 80- og 90-talet. Han har vore utruleg flittig.

Bøkene «Gamle Fjellvegar» og «Bygda sitt hjarta » var dei bøkene han var mest stolt av og som blei mest etterspurde. Dei blei trykte i fleire opplag. «Gamle Fjellvegar» laga han saman med Trygve Brandal. 

Han skreiv tidleg og seint. Ungane hugsar faren som ein som skreiv.

Njål Tjeltveit har mykje av æra for at Spinneriet blei bevart og gjort om til kulturhus for Hjelmeland. 


Njål Tjeltveit har fått mykje av æra for at bygningane etter det gamle spinneriet i Hjelmelandsvågen blei tekne vare på og i dag er omgjort til eit mykje brukt kulturhus for heile kommunen.

Då spinneriet blei lagt ned for over 100 år sidan, overtok hermetikk-fabrikanten Ocean Packing for å driva hermetikkfabrikk. Dei skulle legga ned brisling i Vågen og då måtte brislingen røykast. Tilbygget i tre blei rive og erstatta med eit nytt i murstein. Det blei sett inn fire røykeovnar der brislingen skulle hengast inn. Røyken frå ovnen gjekk ut i pipa.

Njål Tjeltveit hadde tidene, kommuneøkonomien og rådmann Arne Kleppa med seg i arbeidet med å bevara Spinneriet.

Tidlegare hadde bygningsrådet vedteke at fabrikkpipa måtte rivast. Men den dåverande eigaren hadde ikkje pengar til å gjera det arbeidet. Pipa blei ståande.

Seinare blei det laga ein reguleringsplan. Eit smoltanlegg med høge gjerde rundt skulle anleggjast på det området der Spinneriet står nå. Dette blei vedteke i både bygningsråd og kommunestyre. Men sviktande konjunkturar førte til at planane blei skrinlagde.

Spørsmålet om kommunen skulle kjøpa Spinneriet kom då opp. Det var stor motstand, men det blei vedteke med 13 mot 12 røyster i kommunestyret.

Det trongst mykje pengar. Spinneriet blei mykje dyrare å setja i stand enn ein fyrst rekna med. På
1990-talet var det snakk om å riva pipa, men Njål Tjeltveit meinte at den høyrte med til heilskapen. Dermed søkte han og fekk kulturmidler, 30.000 kroner, til å setja pipa i stand.

På Fister, der Njål Tjeltveit vaks opp, blei det ikkje bygd bedehus før på 1950-talet. Og det var høgt under taket på bedehuset på Fister, blir det sagt. Dei unge fekk lov til å driva med folkeviseleik i kjellaren.

Likevel var kulturleiaren interessert i bedehusmiljøet. I Ryfylke var det stort sett bedehus i alle bygder og dette påverka bygdelivet.

Njål Tjeltveit laga bedehusseminar som gjekk over fleire dagar. Han var oppteken av spenningsforholdet mellom bedehusmiljøet og den frilyndte kulturen.

Han laga bok om bedehusmiljøet også.

Njål Tjeltveit fekk Aftenbladets statuett
 i desember 2000.  Her er han saman med
dåverande sjefredaktør Jens Barland.


Men i 2000 blei Njål Tjeltveit sjuk. Han hadde fått nervesjukdommen ALS. Legane gav han maks 5 år å leva. Det gjekk 13 månader frå han fekk han diagnosen til han døde i januar 2001.

Men han var lite oppteken av sjukdommen. Han fokuserte på livet.

Hausten før han døydde, arbeidde han med å arrangera eit livssynsseminar i samarbeid med Diakonhjemmet i Oslo. Dette blei arrangert våren etter at han døydde.

Sjukdommen sette ein stoppar for planane om å laga eit eige hus heime på Fister for den svære boksamlinga med tilhøyrande avisutklipp og andre papir. Alle nynorskromanane til faren blei flytta over i kjellarstova til Bodil og Njål. Resten av samlinga har systera Oddrunn. Kva som vil skje med dette veit eg ikkje om det finst planar om.

I 2000, året før han døydde, fekk Njål Tjeltveit både Rogaland fylke sin kulturpris og Aftenbladet sin statuett.
I avisa står det at han fekk prisen for sitt uvanleg omfattande lokalhistoriske forfattarskap.

- Du har gjort ein uvanleg innsats for å styrka den lokale identiteten og samhaldet. Det er eit mål som også Aftenbladet deler og me er glade for heidra deg på denne måten, sa dåverande Aftenblad-redaktør Jens Barland.

torsdag 15. november 2018

Strålande «Stavanger» og flott ferjekai på Tau i juli 1973!

«Stavanger» som  kom i 1973, er den vakraste ferja som har gått til Tau.
Foto: Johannes Østvold.



Den flottaste ferja som har gått i Ryfylke. Alle meiner det. Iallfall dei som trur dei har greia på slikt.

Ikkje rart at Stavangerske-sjefane våga å bruka «Stavanger»-navnet på ei ferja når den var så flott: Fine linjer, ein stor og komfortabel passasjersalong og lukka baug som beskytta dei blanke bilane mot sjøsprøyt. Ferja hadde linjer lik Skudenes-ferjene, men hadde åpent akterdekk.

Agnes Rettedal, kona til Stavanger-ordføraren, var gudmor for den nye ferja som blei døypt ved Smedvik mekaniske verksted i Tjørvågsbygd på Sunnmøre 12. juli 1973. Det var sol og musikkorps og mange prominente personar på plass på dåpsdagen, skreiv Aftenbladet dagen etterpå.

Tre dagar seinare, søndag 15.juli, gjekk ferja inn i Tau-ruta.

Nye «Stavanger» tok 55 bilar. Dei to gamle ferjene, «Tau» og «Strand», tok 30 bilar kvar.

Søndag 15. juli kom den nye ferja «Stavanger» og same dag blei den nye ferjekaien teken i bruk.
Foto: Svein Østerhus.


Ikkje nok med at det kom ny ferja denne juli-søndagen. Den nye ferjekaien blei også teken offisielt i bruk same dagen.

Frå då av begynte strandbuane å studera ferjerutene nøye. Dei passa på å reisa til byen når «Stavanger» gjekk.

12 år gamle «Tau», pionerferja, var nå overflødig etter å ha gått på Tau sidan 1961. Veit du kor den ferja havna henne? Av alle plasser blei den sendt til Sand for å gjera teneste som Ropeid-ferja fram til den nye «Sand» var ferdigbygd i Rosendal og blei sett i drift i september 1973. Seinare gjekk «Tau» i Midtsambandet mellom Stavanger, Finnøy og Nedstrand og blei etterkvart omdøypt til «Ombo».

Georg Nesvik, var kaptein på
«Stavanger»
Ein av dei meste erfarne kapteinane i Stavangerske, Georg Nesvik, blei administrerande kaptein på «Stavanger». Fred Petterson, tidlegare kjent som kaptein på hydrofoilane var også kaptein om bord i det nye flaggskipet. Per Stangeland var avløysar-kaptein og styrmann. Magne Ravndal og Malvin Langvik var styrmenn, Markus Eskeland og Kjell Liland maskinister. Arthur Bastlid og Alfred Løvik var rormenn. Brørne Anton og Carsten Mortensen frå Sand var motormenn.

Øystein Sandvik frå Tau og Lars Kleppa frå Hjelmeland var mellom matrosane. 

Ingeborg Galta frå Tau jobba i restaurasjonen. 

«Stavanger» var fri for barnesjukdommar og tekniske problem av betydning.

Ein gong var dei svinheldige på «Stavanger». Det var fast rutine i motorrommet kvar dag å fylla ein dagtank med drivstoff til hovedmotorane. Ein gong blei dette gløymt, men folka om bord hadde flaks. «Stavanger» var kommen til Tau og var kommen heilt inn til kaien. Det gjensto å bakka inn i støa. Då stoppa begge hovedmotorane. Dekksmannskapet fekk fram trosser i full fart og fekk fortøyd ferja slik at ho skulle liggja på Tau. Det gjekk ikkje lenge før ferja var klar til avgang igjen. Dette var det Malvin Langvik som fortalde meg. 

 Det mest minnerike uhellet skjedde likevel då Statens Vegvesen skulle utstyra ferjelemmen på Tau med utstyr som gjorde ferjemannskapet om bord i stand til å styra lemmen. Då dette skulle utprøvast, misforsto styrmannen og folka frå vegvesenet kvarandre. Dette medførte at «Stavanger» gjekk frå kai og drog med seg ferjelemmen. Lemmen blei hengande og dingla etter kjettingane. Ingen blei skadde i uhellet, men biltrafikken måtte gå over Høgsfjorden til lemmen var på plass igjen.

For ei fantastisk ferja! Men trur du ikkje det kom klager på den også.

Eg kjem med meir «Stavanger»-stoff om kort tid!

«Stavanger»-fakta:

Kapasitet: 399 passasjerar og 55 bilar.

Maskineri: To stk. Wichmann 4 AX, kvar på 1000 hk. Marsjfart på 14 knop. Baugpropellen blei driven av motor på 350 hk.

Mål: Lengde 61,8 meter. Bredde: 11 meter.

Tron Hviding var matros på «Stavanger» då ferja var ny. Han har sendt denne skildringa:

Jeg mønstret av gasstankeren «Nyhavn» av Haugesund i mai 1978 for å starte på 
styrmannskolen. Allerede i juni  spurte jeg om hyre i D.S.D. og frem til 
skolen begynte.

Kristoffersen på mannskapskontoret var velvilligheten selv og jeg fikk beskjed om å gå ombord på 
«Stavanger» som da var forholdsvis ny og et stolt fartøy.

Jeg ble møtt av kjekk gjeng selv om opplæring i fartøy og utstyr var så 
som så i den tida.

På broa sto Fred Petterson i myndig person. Jeg var vant til at kapteinene 
var myndige figurer en måtte være ydmyke  og prøve seg litt frem med og 
Petterson var intet unntak.

Fra utenriksfarten var jeg vant med å stå til rors og falt 
raskt under vingene til Petterson. Jeg lærte fort å sette pris på han og 
koste meg med de mange historiene han kunne komme med.

Jeg hadde ikke mat med første vakta, da jeg var vant til at kost ble 
holdt. Jeg fant fort ut av koden og ble tildelt et fuglebur i messa 
som var til mine matvarer. Tror faktisk hver kokte sin egen middag også 
ombord. Husket iallefall at i potetgryta var det tre poteter merket med 
tannstikkere. Jeg fikk streng beskjed at dette var maskinsjefen sine.

Arthur Bastlid var rormann på mitt skift. Petterson likte best å stå på 
brovingen under manøvrering og ropte ordrer inn til Bastlid som sikkert 
allikevel gjorde som han syntes best. Under denne seansen var jeg 
lynrask ned for å losse og laste.

Dette skulle Bastlid også være med på 
når manøvreringen var ferdig og vi lå trygt til kai. Jeg fikk aldri helt 
tak i om han var sen i bevegelsene eller om han beregnet bevegelsene. 
Han var imidlertid svært sjelden kommet ned på dekk før vi var ferdig 
med lossing og lasting og han måtte snu for å komme på bro til riktig tid.

Jeg jobbet også med styrmann Magne Ravndal som jeg husker som en koselig mann 
med mye selvironi.

En morgen...tror det var første turen og baugen var åpen og 
da med en veldig gjennomtrekk på bildekk. Ravndal kom fra toalettet og 
flere meter dopapir hadde hektet seg fast i buksa. Dette kom han ut på 
bildekk med da bilene var på vei ombord. Jeg kan fremdeles begynne å le 
av tanken på synet.

Jeg var ikke lenger en ca 1,5 mnd ombord på MF "Stavanger" men tiden 
gjorde så pass inntrykk at jeg kom tilbake til Stavangerske  og har ca 32 års fartstid i 
rederiet.






mandag 12. november 2018

På galna siå av Lindøy!



I over 100 år har Ryfylke-ungar blitt skræmde med Lindøy. Ikkje rart
 alle innante er så snille.
Hallo! Kor e me nå?

Eg måtte knega meg i auene. Dette er ikkje Lindøysundet. Har desse ungane som styrer Tau-ferjå nå til dags tatt feil av leiå?


Jobba ikkje eg som matros på Tau-ferja fem somrar på rad? Trur du ikke eg kjenner ruta. Då var det orden i sakene. Ferjå gjekk Lindøysundet ut og inn og alltid på same sida av Horje. Nå for tida går ferja innover på sørsida av Horje og på nordsida på veg til byen. Dette er någe tull. 


Som ein vind var eg ute på dekket for å sjå kva som føregjekk. Tenkte eg det ikkje. Denne reserveferja «Stord» gjekk på galna siå av Lindøy. Me hadde Tunsøy og Hellesøy på styrbord og Lindøy på babord.  Eg var raskt oppe med mobiltelefonen for å dokumentera kva som føregjekk. 

Viss du trur eg lyg, kan du berre sjå her. 


Her ser du byen i bakgrunnen. Tunsøy til venstre og Lindøy til høgre. Tau-ferja på galna siå av Lindøy!

Her er det byferjene som skal gå. Ikkje Tau-ferjå. Båten som går her nå for tiå har båtnavnet som får gamle saudabuar til å få klump i halsen: «Fjordsol».

Me leid rett nok  ikkje overlast av å reisa på galna siå av Lindøy. Men det er någe som ikkje stemmer når du ikkje får sett skulebygningen på Lindøy på veg til og frå byen. Baksida av øynå blir ingen skremde av. 

Forklaringa på at ferja gjekk på galna sida av Lindøy: Det var eit større møtande farty i Lindøysundet. Då får ferja anten ordre frå trafikksentralen på Kvitsøy om å gå på andre sida eller dei på brua ser sjølv den andre båten og legg om kursen. Dei er blitt så svære ferjene nå til dags, forstår du. 

- Viss du ikkje er snille, så må me senda deg til Lindøynå!

Kven høyrte ikkje dette i sin barndom? Ikkje rart at me som kjem innante, er grovt underrepresenterte på alle kriminalstatistikkar. Me kunne jo havna på Lindøynå.


Alle dei gongene me såg det store kvite huset når rutebåten passerte på veg til eller frå byen. Av og til stoppa båten. Du gru!



Her ser du Horje, halveis mellom Tau og byen.  Den andre ferja på vei til
byen klarer du nesten ikke sjå. Før gjekk begge ferjene på sørsida av Horje.


Dette opplevde eg ein gong på veg heim frå byen. Det låg ein stor robåt med skuleguttar ved årane og venta i Lindøysundet. Hugsar godt at det gjekk ei dama om bord i den litle båten og Lindøy-guttane rodde henne inn til Lindøy-brygga. 


Me gjorde store auer. Tenk dei guttane såg ut omtrent akkurat som oss. 


Viss me då altså var ukjurne nok, var det berre å senda oss med rutebåten og få dei på Lindøynå til å komma ut med robåten sin og henta oss. Skremmande lett å bli kvitt oss!


Denne hyperaktive presten, Lars Oftedal, starta ikkje berre Aftenbladet og grunnla Waisenhuset for over 100 år sidan. Han kjøpte også Lindøynå og bygde internatskule for  «vanartede og fordervede gutter» der. 


Eg kjente ingen som havna på Lindøy, men alle eg kjente var blitt trua med å bli sende der. Slik var det. Trur dei fleste av oss var meir avskremde av å reisa gjennom Lindøysundet enn av å gå på bedehuset og høyra på svovelpredikantar. 

Koss blir dette etter at Ryfast blir åpna? Då kjører me i tunnel under Lindøynå kanskje sånn cirka. Etter det eg har høyrt skal dei nye tunnellane ikkje vera nifse i det heile tatt. Koss blir innante-buane då viss det ikkje skal vera ei slags skrekkoppleving å reisa til og frå byen. Dommedagsprofetane varsla at det ville bli både gudløyse og stygge brotsverk på øyane når Rennfast blei åpna. Dei fekk jo rett  i det. Eit år etter åpninga blei ein eldre øybu skamfaren av galne bergensarar. 

Og nå blir Strand og Hjelmeland landfaste. Strandbuane har alltid vore litt forderva, etter mitt syn. Så på Strandalandet blir det vel ikkje så mykje verre enn før. Men tenk at gudfryktige hjelmelandsbuar skal bli utsette for dette. Heldigvis går det ferja til Nesvik til alle tider. Då kan me få alle desse fremmande over fjorden før det har vorte altfor mykje ulivnad. 

Forstår godt at forsandbuen vil behalda ferja si!







mandag 5. november 2018

1973: Då «Stavanger» gjekk til Tau og «Haugesund» til Italia

Aftenbladet 8. mars 1973


Nattruteskipet «Stavanger» blei utrangert etter 23 år i ruta mellom Stavanger og Bergen, «Haugesund» gjekk sin siste tur over Boknafjorden og forsvann til Italia. I tillegg måtte ein av dei gamle fjordbussane, «Fjordsol» eller «Fjordbris», ut av trafikken. 


I 1972 gjekk direktør Erling Aanensen av etter
å ha styrt Stavangerske i heile etterkrigstida.
I 1973 var det tid for omstilling i Stavangerske. Direktør Erling Aanensen hadde vore direktør i selskapet i heile etterkrigstida. Han gjekk av med pensjon året før. Nå var det slutt for dei fleste av skipa som hadde blitt sett i fart i hans tid.

Johan Lavik, tidlegare direktør i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, var nå ny sjef i Stavangerske. 

I 1973 kom det nye skip på rekke og rad: Skudenesferja «Ulsnes» i juni, Tauferja «Stavanger» i juli og Ropeidferja «Sand» i september. Lastebåten «Obrestad» som hadde gått mellom Vestlandet og Østersjøen i 12 år var også ferdig. Den blei seldt til Libanon og erstatta med ein ny båt som fekk same navnet. 


Men det var skjer i sjøen. DSD sleit. Utgiftene auka med 6,3 millionar kroner mens inntektene hadde ein auke på 3,9 millionar. Den totale omsetningen var på 82,6 millionar kroner. Styret avgjorde at det ikkje skulle delast ut utbytte til aksjonærane skreiv Aftenbladet 2. mai 1973.

Haugesund-ruta gjekk dårleg, lokalbåtrutene likeså. Kystfarten var spekka med problem. Stavangerske var også med på eit hurtigbåt-prosjekt i Karibien der starten hadde vore vanskeleg. 
Salgs- og assuransegevinstar hadde likevel ført til at Stavangerske kunne foreta fulle avskrivningar, skreiv Aftenbladet. Salget av «Haugesund» i mars hadde gitt pengar i kassa.

At «Haugesund» drog av garde, blei grundig dokumentert i Aftenbladet 8. mars 1973:

Tidlegare «Haugesund» som «Lauro Express»

Med italiensk flagg og et fremmedartet navn ligger «Haugesund» ved Strandkaien for siste gang. Nå heter den «Lauro Express» og er registrert i Napoli. O mia bella! Enten i dag eller i morgen eller en av de første dagene iallfall, skal den gamle Boknafjord-sliteren av gårde til varmere strøk. Den skal gå i rutefart på Napoli – under Vesuv.

Den nye rederen heter Agostino Lauro, og han er i Stavanger for å ta sin siste nyervervelse i øyesyn. Og det er så visst ikke den første båten Lauro anskaffer seg. Han har ni passasjer- og bilferjer og sju hydrofoilbåter, sier han til Aftenbladet. To av hydrofoilbåtene kommer fra Westermoen.

Som de andre skipene i rederiet skal også «Lauro Express» gå i rute fra Napoli til øyene Capri og Ischia. Kjente steder for Italia-turister. Båten skal bare gå om dagen, og det blir mest biler den kommer til å frakte. Men den skal være i fart heler året – ikke bare i sommersesongen.

Lauro vet ikke bestemt når «Lauro Express» skal gå fra Stavanger, det står på noen formaliteter enda, sier han. Men turen fra Strandkaien til Det tyrrhenske havet vil antakelig ta åtte-ti dager. Mannskapet kom til Stavanger søndag. Selv skal Lauro ikke være med båten hjem. Han tar fly.

I og med at «Haugesund» nå for godt drar ut i verden, forsvinner også et nytt kapittel i Stavangerskes lokaltrafikk. «Haugesund» var opprinnelig ubåt-jager, bygd i 1942. Etter et par års tjeneste for de allierte under navnet «Kilbinie – 47» ble den kjøpt av Stavangerske i 1947, og ble ombygd på Skjæret. Et nytt øvre bildekk kom til i 1950-årene.

Det var storveies da det i 1947 kom egen bilførende båt i Haugesund-ruten. Fra før var det den gang bare «Fjorddrott» som tok biler. Og alt i 1939 hadde jo «Fjorddrott» gått med biler til Haugesund og Sauda. «Haugesund» ble tatt ut av ruten på Haugesund midt i januar i år, og hadde da trofast holdt ut i et kvart hundreår.

«Haugesund» var en god båt, svært god i ruske-vær. Men nå var den begynt å trekke på årene. Er ikke så moderne lenger. Ikke har den gjennomkjørende dekk heller – som «Tungenes». Men for det kommer den til å gjøre nytte for seg – i Napolibukten.

torsdag 1. november 2018

Frekk, forveten tosk på nattrutå


«Stavanger» på veg inn til Haugesund som ny i mars 1950. Eg var matros der
20 år etterpå. 


- Du er ein forveten, frekke tosk. Det er ei skam at du har fått matroshyra. Du kan ikkje ein knute ein gong.
Det var litt av ein attest eg fekk av ein gammal, sur karmøybu som var matros om bord i nattruteskipet «Stavanger» i 1970.  Eg hadde latt meg lokka til å gå om bord i nattruta 15.mai for å vera matros der. Mannskapsavdelinga til Stavangerske mangla folk og dermed blei eg sendt om bord i den svarte, nokså fallerte båten. I 20 år hadde den gått trufast fram og tilbake mellom Stavanger og Bergen då eg fekk min ilddåp der.
Mikal Våge frå Bokn var båtsmann på
«Stavanger» då eg jobba der. i 1970. Ein
flott mann som kom  på eit firmerke i 1970.
I eigne auer var eg ikkje så ubrukeleg til å jobba på nattruta. Hadde eg ikkje vore på «bådane» fire somrar på rad: «Hjelmelandsfjord», «Tau», «Strand» og «Rennesøy». Hadde stått på og lagt meg opp pengar til å gå på skule for om vintrane. At eg frå fyrste dag hadde fått matroshyra, var ikkje min feil.Men det blei teke ille opp av surpompen på nattruta. Han takka meg ikkje ein gong då eg måtte gå vakta hans etter at supermatrosen hadde ramla på fylla og var ute av stand til å gjera skips arbeid. Denne mannen var unntaket. Dei andre om bord var greie med meg. Eg fekk ikkje meir kjeft enn eg fortjente.

Eg må også få med at i 2010 kom det ut ein serie frimerke med sjømannsmotiv i forbindelse med at Sjømannsforbundet var 100 år. Der var det eit bilde av båtsmannen på «Stavanger», Mikal Våge frå Bokn. Ein flotte mann som seilte på nattruta i aldri så mange år.
På dei andre båtane hadde eg vore saman med folk som hadde jobba om bord i nattruta. Ut frå det dei hadde sagt, burde eg styrt unna. Men det var ein fristelse eg ikkje kunne stå i mot. I ein alder av 21 år hadde eg aldri vore i Bergen. Kommande haust hadde eg planar om å reisa til Bergen for å studera. Det kunne jo vore spennande å sjå byen mellom dei sju fjell før eg reiste av garde dit med mitt beskjedne flyttelass.

Eg sov ikkje mykje natta til 16. mai 1970 og eg var tidleg ute og studerte innseilinga til Bergen. Kvarven, Puddefjorden, Laksevåg og Askøy. You name it. På mi frivakt klappa «Stavanger» til kaien på Bradbenken i Vågen i Bergen.
«Stavanger» blei sett i fart 19.mars 1950. Etter den dag blei det ikkje forandra mykje på arbeidsordningar og rutiner der om bord. 20 år seinare var det stadig folk som hadde seilt der sidan båten var ny. Det var ikkje heilt enkelt å finna ut kor ein skulle gjera av seg alltid.
På dei fleste båtar var det slik at viss du var på vakt og sto til rors på brua inn til kai, gjekk du bak på hekken og sette fast aktertauet før det blei slått stopp i maskinen. Slik var det ikkje på nattruta.
Ein gong hadde eg styrt til kai på Sandnes og gjekk bak for å fortøya der. Men der var det alt ein mann i arbeid. Han berre flirte hånleg av meg: – På fredagar på Sandnes skal rormannen ta tauen på baugen, sa han.


 «Stavanger» gjekk frå Sandnes på ettermiddagen etter å ha lasta der. Klokka 21 gjekk den frå Stavanger til Bergen.
Foto: Johannes Østvold.

«Stavanger» var ein komplisert båt med mange trapper og gangar. Den første veka var det lett å gå feil i den flytande labyrinten.
Og så mykje folk som jobba om bord: Kaptein, to styrmenn, to losar, båtsmann, dagmann, seks matrosar, tre maskinistar, tre motormenn, restauratør, kokk, byssegutt pluss pikene som serverte og heldt lugarane i orden. I tillegg var det alltid postfolk om bord når båten gjekk i ruta.

Johannes Fagerli, til venstre, og Mons Loftnes var begge styrmenn
på «Stavanger» i 1970. Foto. Leif Berge.
På dette skipet gjekk mannskapet sjøvakter dag og natt. Fire timar vakt, åtte timar fri. I Bergen låg båten ved kai heile dagen. Då kjørte matrosane vinsj for det meste. Som nykommar var eg henvist til å kjøra vinsjen på akterdekket dei første vekene. I rommet gjekk det mest i brennevin. Alt brennevin til polet i Stavanger, kom frå lageret i Bergen. Brennevinslasta var forsegla og sikra etter alle kunstens reglar. Det var uråd for tørste sjauarar og matrosar å få laga svinn i lasta.
I Stavanger var ikkje dagane like. Nattruta kom til byen mellom åtte og halv ni på morgonen. Som oftast gjekk turen vidare til Sandnes. Var det ledig kai ved BP sitt tankanlegg ved Lurahammaren, blei det bunkra drivstoff.
I Sandnes havn skulle det lossast og lastast. Nattruta hadde i si glanstid alltid med seg både landbruksprodukter og diverse landbruksmaskiner til Bergen. Ei blå høykanon på fordekket var omtrent eit fast innslag om bord i nattruta på veg nordover.

I mi tid gjekk «Stavanger» frå heimbyen søndag, onsdag og fredag. Frå Bergen mandag, torsdag og lørdag. På tysdagskveldane låg «Stavanger» i ro. Viss det var last til Sandnes, overnatta nattruteskipet der. Var det tombola, var skipet forvist til Kålatomta på Sølyst, rett over Skjeret.  Ein bakvendt plass. Du måtte ta byferjene til byen.
Min første rundtur som nattrute-matros var litt spesiell. Det var 17. mai, første pinsedag og full fest i byen då «Stavanger» klappa til kai. Då passasjerar og aldri så lite last var på land, forhalte me til «Haugesund» sin faste plass på Strandkaien. Medan barnetoget samla seg på land, begynte festen om bord. Ein musikalsk motormann med trekkspel samla lugaren full av feststemte vaskekåner – det blei sagt så då. Då eg kom om bord igjen forholdsvis seint på kvelden, var vaskedamene stadig på post. Det var mykje uskuldig moro i gamle dagar!
Neste morgon var det andre pinsedag og oppseiling til Bergen. Turen nordover gjekk i dagslys. Same kveld var det retur sørover.