søndag 27. mars 2016

1,3 millionar kinesarar til Preikestolen kvart år?



Ein rik kinesar har kjøpt Verkshotellet på Jørpeland. Nå strøymer nok dei
 andre kinesarane på. Kor skal dette enda henne?


Viss 5000 nordmenn dreg til Kina i løpet av eit år for å oppleva den kinesiske mur, er dette omlag ein promille av befolkninga i Norge. Dersom ein promille av kinsesarane får det for seg at dei vil dra til Norge og Preikestolen for å ta ein selfie og dra heim igjen, snakkar me om minst 1,3 millionar menneske årleg. Dei skal gå fram og tilbake til denne fjellhylla over Lysefjorden i løpet av sommarhalvåret. I tilllegg kjem spanjolar, polakkar, russarar, italienarar, tyskarar og all verdens folkeslag.

Innlysande at dette blir ein milliard-business som kanskje ikkje heilt vil erstatta den snart fallerte oljenæringa, men ein vil komma godt på veg ved å satsa på turismen. Ikkje lenge før folk med pengar vil hiva opp eit hotell eller to på Strandalandet. Eg ser det for meg: Clarion Pulpit Rock på Jøssang og Comfort Pulpit Alpin på Barka.

Det er eit problem at det til denne tid ikkje har vore råd å gå på do ved Preikestolen. Mange har teke opp dette. Derfor vil ikkje eg gå inn i dei detaljene. Eg ser derimot eit heilt anna problem og då er det ikkje dette at rike kinesarar nå kjøper opp Verkshotellet på Jørpeland og mange andre bygg på Strandalandet.

Tenk om alle kinesarane finn ut at det er eit fantastisk trygdesystem her i Norge. Til og med barnatrygd, kontantstøtta og alle slags subsidier. Når dei har teke selfien sin og ser seg omkring og slår fast at alt er såre vel og bestemmer seg for å slå seg til her i landet. Viss dette skjer, vil det i løpet av fire år vera fleire kinesarar her i steinrøyså enn det er nordmenn i dag. Eg berre nevner det. Det er mange som reknar på alle andre slags problemstillingar i dag og er blitt skrekkslagne. Dette med kinesarane har dei ikkje tenkt på. Før i tida var det mange som var opptekne av "Den gule fare". Men det har gått heilt av moten i dag.

Kineser-kalkylene mine er inspirert av forfattaren Kjell Aukrust. Han les i si tid om gjennomsnittshøyden på norske rekruttar som auka frå år til år. I 1910 var gjennomsnittshøyden 171 centimeter. I dag er den på 179,9 centimeter. Aukrust rekna seg tilbake til slaget på Stiklestad i 1030. På den tida var gjennomsnittshøyden på norske menn, ifølge Aukrust, 28 centimeter. Tilfeldig passerande på Stiklestad i 1030 ville ikkje ha sett noko slag, men dei ville høyra eit sværa ståk nede i graset.

Meir seriøse folk har ved å studera graver frå viking-tida funne norske menn var cirka 1,50 meter på den tida då slaget på Stiklestad blei avvikla. Dette har eg lese meg til på nettet før eg sette meg til å skriva denne bloggen.

Eg kjørte flybuss på skjærtorsdag og langfredag. På desse to dagane hadde eg med meg 15 unge kinesarar som alle skulle til Pulpit Rock. Flotte, høflege ungdommar som snakka godt engelsk og hadde gjort grundig research før dei landa på Sola. Eit lite minus til dei som hadde ordna seg privat innkvartering i Strandgata på Sandnes. Ikkje lett når du kjem til Sola seint på Skjærtorsdag. Då gjekk det ikkje buss til Sandnes. Dei måtte reisa med meg til Stavanger og ta Kolumbus-bussen derifrå. Ganske bakvendt spør du meg. Om dei fant husrommet sitt på Sandnes, veit eg ingenting om.

Eit knippe med italienske studentar og ei smilande russisk dame hadde eg også med meg til Fiskapiren. Eg sa pasiba tre gonger til den russiske dama. Einaste ordet eg kan på russisk.

Preikestolsesongen varer heile året nå. Men nå tar trafikken seg kraftig opp framover våren. Blir spennande å sjå om det blir ein halv million Preikestol-turistar i år. Du må håtta på at dei fleste kinesarar har moderne mobiltelefonar. Dei får sjå store mengder selfiar frå Norge før 1. mai. Dermed smittar Preikestol-feberen rasande fort.

God, gul påske!










torsdag 24. mars 2016

Ut å gå i pissevêret!


Me gjekk ut i regnet og tenkte på hytta i fjellet. Betre enn ingenting.


 - Betre å gå ut i påskeregnet enn å sitja inne og stura framføre dataskjermen og drøyma om sol og silkeføre i fjellheimen, tenkte me i dag. Som tenkt, så gjort.

Forresten går det godt an å tenka på fjellpåske når ein er i byen. Avkommet var på den litla familiehytta vår i Hjelmelandsheia i palmehelga og sende bilde til oss.  Der har eg vore mange gonger opp gjennom åra og har mange slags minne.  Me gamle klarer kanskje også ein tur opp der før snøen går. Langtidsvarslet er ikkje så gale fram mot neste helg.

Far min investerte i visebok då han innvia hytta i 1945. Den hang på ein spiker på veggen og blei henta ned når stemninga var god i kveldinga.

- Flaumen går, i Noreg er vår, song far min. Han blei nasjonalromatisk i høgfjellet.

- Tenk så hette ho Anunsia og faren var bager på Lund-sia, kunne mor mi stemma i med ein tone som eg aldri har klart å komma på seinare. Mor mi hadde eit meir poetisk sinnelag enn far min og foretrakk kjærleiksviser frå Kristiansand.

 På 1950-talet var det så primitivt at det knapt nok var ein reiseradio å oppdriva på ei lita enkel fjellhytte. Så allsang og vri-åtten var tidsfordriv om kvelden før heile familien på fem kvelva seg oppi to dobbeltkøyer og sov omtrent som steinar når me la godviljen til. 

Om morgen kunne det vera iskaldt i hytta og stakkars den som måtte hoppa berrføtt på golvet og fyra i ovnen slik at det blei leveleg temperatur for dei som låg varmt og godt under teppe og dyna.

Ein blid joggar som ropte hei. Ikkje kvardagskost.

Her i byen meir behageligt. Etter frokost i dag heiv me på oss regnklede og freste ut i naturen. Det yrte ganske lett då me starta turen langs Stokkavatnet. Me hadde ikkje turveien heilt for oss sjøl, men det var god plass. Avstressa stemning. Ein smilande joggar som ropte hei til oss. Slikt er ikkje kvardagskost på desse kanter.

Ein rar lyd fekk meg til å lura. Kva slags fugl kan dette vera? Men veit du kva det var? Ulyden kom frå ei slakk viftereim. Uff. Det var ein kjent lyd. Me må få bilen på EU-kontroll rett over påske.

Turistforeningen viste oss vegen. 

Det er ikkje så lett å gå seg vekk rundt Stokkavatnet. Dei raude T-ane til Turistforeningen viser oss både retning og gir oss navn på rutene me går.

Me kasta oss ut i naturen og baska oss trøytte. Men Turistforeningen viste oss vegen heim.

Lat flaumen gå, Anunsia!

Det er snart middag.













tirsdag 8. mars 2016

På tur med "Hundvaag 1" til "Jøsenfjord"-styrehus




Slik såg styrehuset på "Jøsenfjord" ut i januar. Det er gjort mykje
 etter den tid. (Foto: Vidar Hauge)

Ein storarta anledning torsdag kveld til å få studera arbeidet som pågår med å restaurera styrehuset på "Jøsenfjord" og til å få seg ein gratis-tur med "Hundvaag 1" i havnabassenget i Stavanger. Styrehuset blei teke av "Jøsenfjord" og sett i land på Natvigs Minde  til restaurering før båten blei slept til Kristiansand i mai i fjor.  

Andelslaget Jøsenfjord Rutelag har lagt årsmøtet sitt til Natvigs Minde. Ikkje noko problem å stilla opp sjølv om du ikkje er andelseigar ennå. Medlemskap kan du ordna på turen over til holmen i havna.

Styremedlem i Jøsenfjord Rutelag og skipper på "Hundvaag 1", Torstein Randa, fyrer opp Rubben på den gamle byferja og fraktar "Jøsenfjord"-eigarane over til Natvigs Minde. Båten går frå Ryfylkekaien der dei raude BB-slepebåtane har fast liggjeplass presis klokka 18.


"Hundvaag 1" fraktar folk til årsmøtet. (Foto: Erling Jensen)


- Koss mange passasjerar har du plass til på "Hundvaag 1" ?

- 55 passasjerar kan eg ta. Men eg går gjerne fleire turar viss det er nødvendig. Det er ikkje lengre beten, seier skipper Torstein Randa. 

Før sjølve årsmøtet blir det omvisning på byggjeplassen der skipsbyggjar Curtiss Andersson og assistent Hannes Reuter har komme godt i gang med restaureringsarbeidet. Planen er at dette prosjektet skal blir ferdig utpå ettersommaren. Då skal styrehuset takast ut i friluft og  pakkast inn i påvente av at "Jøsenfjord" skal komma tilbake frå Kristiansand. 

- Arbeidet med styrehuset er kostnadsrekna til 1,1 millionar kroner. Me manglar mellom 300.000 og 400.000 kroner av desse pengane, seier styreleiar Lars Randa.

Sjølv om Riksantikvaren snart har spytta i nesten 10 millionar kroner for å setja "Jøsenfjord" i gammal, god stand, går alle desse pengane utelukkande til gjera stålskroget tipp-topp. 

I fjor forsynte Riksantikvaren "Jøsenfjord"-selskapet med 2,9 millionar kroner. I kjem det ytterligare 6 millionar kroner. Alle desse pengane går med til arbeidet som pågår på Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter i Kristiansand. 

"Jøsenfjord" vil truleg stå i dokken her heile dette året. Pengane frå Riksantikvaren går til å setja i stand skroget frå baugen og bak til skottet i forkant av maskinrommet. Me treng meir midler frå same kant neste år for å få fullført skroget. Det må lagast ny kjøl. Berre den kjem på 700.000 kroner, seier styreleiar Randa. Det er Skipskontrollen som avgjer koss mykje av det gamle stålet som må skiftast ut. 

Torsdag kveld kjem det meir informasjon om restaureringsarbeidet på "Jøsenfjord" til dei som møter opp på årsmøtet. 

Spennande. Me gledar oss!


"Jøsenfjord" slik den såg ut som DSD-båt etter 1975. (Foto: Aftenbladet)



















onsdag 2. mars 2016

Frå kos til kaos

Slik ser det ut i stova vår. Ikkje kom på besøk!


Etter 30 år i fred og harmoni på Byhaugen er me kasta ut i det komplette kaos på Tasta.

- Kor er buksa mi? Kan du finna skjorta mi? Eg er sikker på at eg la det her då eg kledde av meg i går.

Slik er livet mitt nå. Berre rot.

Då oljeprisen gjekk mot null dollar pr. fat og husprisane rasa i oljehovudstaden i fjor haust, fekk sonen vår og hans familie eit generøst tilbod av foreldra. Viss dei fekk selja rekkehuset sitt, skulle dei få kjøpa huset vårt på Byhaugen for ein rimeleg pris. Me gamle ville flytta i blokk viss dei unge kunne løysa oss ut.

Me var jo heilt sikre på at det var totalt uråd å få selja eit rekkehus til ein brukande pris slik tidene har blitt i Stavanger. Dermed blei me heller ikkje særleg deprimerte då dei unge meldte frå om visningar utan interessentar og manglande bud. På Byhaugen er det godt å bu. Her blir me til dei må bera oss ut, sa me til kvarandre når ingen høyrde på.

Rett nok mumla kona mi noko om at me burde orientera oss litt på boligmarkedet i byen. Gå på visning av og til og finna ut koss prisane var. Eg fnyste.

- Eg gidd ikkje gå å sjå på leiligheter som blir selde lenge før me måtte vera klare for å kjøpa. På visningar går eg berre viss det er heilt nødvendig, heldt eg fram.

Kvinner har ein eigen evne til å bekymra seg over problem som aldri oppstår. Dette veit jo me mannfolk alt om. Kona mi kan liggja vaken ei heilt natt og bekymra seg for eit eller anna som muligens skal kunna skje neste dag.

Soverommet vårt. Kan du sjå senga vår?


For meg er det heilt omvendt.  Heilt sutalaus går eg omkring og anar fred og ingen fare. Men når problema plutseleg har lagt seg over meg og mine, blir det snart krise. Eg gir heilt opp. Då er det lettare for ho eg er gift med. Ho har jo gått gjennom alt som finst av problemstillingar på førehand. Då styrer ho som oftast.

Sjokket kom rett over nyttår. Då blei rekkehuset seldt. Avkommet, den slampen, hadde lova å vera ute av huset i løpet av tre veker.

Nå var gode råd dyre for oss. Det gjekk berre eit par timar frå me fekk melding om hussalget til me var på den fyrste visningen.

Den fyrste leiligheten me såg på, var heilt flott. Her var det fellesgarasje, heis og inneglassa veranda. Den var nesten ny og eigaren var på sjukeheim. Prisen var også akseptabel. Me kunne flytta rett inn så snart kjøpet var i boks. Ho som eg er gift med, var heilt i ekstase og klar til å dra til Byhaugen og pakka.

Eg er ikkje heilt idiot. Her får me vita klokka to at me må ut på husjakt. Så er me på ein visning og slår til med ein gong. Det er ein million tilsvarande leiligheter til salgs i Stavanger akkurat nå. Det var jo heilt på trynet og handla så raskt.

- Kva kan eg finna på nå, spurte eg meg sjøl og begynte å vandra rundt og kikka på vegger og tak og inventar. Det måtte jo vera ein grunn til at denne flotte leiligheten ikkje var seld for lengst. Av og til er eg heldigvis snartenkt.  Eg kikka ut på den flotte, innebygde verandaen.

- Her må det vera nordvendt. Kva tid kjem det sol på denne verandaen?

- Klokka 12, svara eiendomsmeglaren.

Vel heime på Byhaugen blei det ein heftig diskusjon om leiligheten me hadde sett på.

- Sola kjem alt for seint. Som pensjonist vil eg sitja ut i sola på føremiddagen og tenkja på alt som eg aldri fekk gjort då eg var yngre, sa eg.

- Pøh. Det er jo aldri sol i Stavanger, innvende kona.

Eg fekk viljen min. Me måtte sjå på fleire salgsobjekt. Det var jo noko gale på alle. Anten fant fruen feil eller så var det eg som protesterte. Dersom det gjekk seint å finna ein plass å bu, var det planen å leiga lagerplass for flyttelasset vårt og leiga oss eit husvære inntil vidare. Me orienterte oss på dette markedet også.

For å gjera ein fleire veker lang historie kort: Me fann ein leilighet som me likte begge to. Og alle sa at me gjorde eit godt kjøp. Masse sol og greier.

Problemet var at son, svigerdotter og tre ungar kom flyttande før me var ute. Då begynte kaoset. Kartongar og svarte plastikksekker svirra i lufta. Me bar ut og inn.

Ektesenga blei demontert på Byhaugen og skrudd saman igjen på Tasta. Me sov i vår nye leilighet for to veker sidan. Det var verken komfyr eller kjøleskap, men me ordna oss med kaffitraktar på kjøkkenbenken og  kjølebag på balkongen. Middag fekk me på Reinskau som alle andre på Tasta.

Men alt var ikkje OK i den nye leiligheten. Vegger og tak skulle malast. Det var kravet kona hadde stilt. Ingen problem å bu her for det, meinte eg.

Me inviterte malarar på besøk for å gi oss pris på jobben.

Forstå meg rett. Eg har ingenting mot utlendingar, men eg likar ikkje at dei kysser kona mi på hånda når dei kjem for å sjå på ein malarjobb. Der går grensa. Me fekk heldigvis tak i folk som oppførte seg meir sømmeleg enn som så.

Då me hadde malarar på Byhaugen, gjekk det ganske greit å bu heime mens jobben blei gjort. Det går ikkje i ein leilighet på Tasta. Dei skulle mala tak, vegger, vinduer, dører og kjøkkenskap. Dørhåndtaka blei skrudde av. Ektesenga måtte dekkast med plast og papir. Me søkte ly på det eine soverommet, men måtte kapitulera.

Etter to-tre dagar i ny leilighet på Tasta, kom det ynkelege tilbaketoget. Me måtte ta inn på eit soverom i det gamle huset vårt på Byhaugen. Her bur me som andre flyktningar med det aller nødvendigaste i kvar vår bag. To-tre netter har me overnatta i hytta på Hjelmeland og sist lørdag drog me på overnattingsbesøk til Bryne.

I den nye leiligheten ser det forferdeleg ut. Eg er heilt på gråten. - Alt ordnar seg. Til helga kan me sikkert flytta inn, seier kona.

Sånne interiørreportasjar i aviser og ukeblad har eg
berre hatt forakt til overs for tidlegare.

Nå hatar eg dei!