søndag 10. september 2017

"Stordøy"-skipperen fekk hus-arrest etter villvest på Island


Snurparen "Stordøy" med last. Bildet tilhøyrer Kjell Bøen.  
- Du skal ikkje ut på fiske meir i år. Nå skal du vera heime med meg i Erfjord og komma til hektene.

Skipperen på snurparen "Stordøy", Erling Bøen, var vane med å styra om bord, men når han kom heim til kona var han ikkje like høg i hatten. Ingen tvil om kven som hadde siste ordet der.
Nå skal du får høyra om då fru Sigrid slo i bordet i juli 1956.

Sigrid og Erling Bøen seilte mykje saman på "Stordøy". Skipperen hadde tydelegvis respekt for kona viss ho slo i bordet.
Bildet er frå den siste turen "Stordøy" gjekk i lasterute for Stavangerske til Sauda i desember 1978. Eige bilde. 

Fisket begynte strålande dette året. "Stordøy" fekk ein samla fangst på 27.000 hektoliter på vintersildfisket. Eit kjemperesultat.

- Eg følte meg søkkrike etterpå då eg hadde fått oppgjer for turen, fortel Arne Kåre Stensland som tykte han var heldig som hadde fått vera med "Stordøy" på fisket denne vinteren som 19-åring. Han var også med Island om sommaren.

"Stordøy"-skippen kan ha blitt sugen på nye  bragder. Islandsfisket venta utpå sommaren. Skipper Erling Bøen hadde vore fem-seks somrar på Island og gjort det godt. Men kanskje utan å ha sett skikkeleg spor etter seg.

Målet for sesongen 1956 blei klart på veg til Island i juli. "Stordøy" skulle vera fyrste båt tilbake frå Island med full last i juli. Då ville dei setja seg skikkeleg i respekt. Komma i aviså og greier.

Haugesundssnurparen "Kvalen" var ein frykta konkurrent i kampen om å
komma fyrst heim frå Island med last. Bildet tilhøyrer Kjell B. Sønstabø.

Anders Leirvik gløymer ikkje turen til
Island med "Stordøy" i 1956.
- Skipperen hadde sett seg ut snurparen "Kvalen" frå Haugesund som den farlegaste konkurrenten i kampen om å komma fyrst heim igjen med sildalast, fortel Anders Leirvik som også var på "Stordøy" dette året. Leirvik er også opprinneleg erfjordbu og var med Bøarane på fiske fleire år i sin ungdom. Han er fødd i 1935 var 21 år i 1956.

Tre veker gjekk det frå "Stordøy" var klargjort for islandstoktet og fram til snurparen kom heim igjen med last. På sildebankane utanfor Island blei det for det meste fiska med drivgarn. Men snurparane prøvde seg også med snurpenot fyrst på sommaren. "Stordøy" hadde gjort to turar same sesongen fleire år. Fyrst ein tur med snurpenot, deretter tilbake med drivgarn i august.

Knallhard jobbing venta på "Stordøy"-mannskapet på islandsbankane. Dei kasta etter sild og håva deretter fangsten opp og tømde den på dekk der dei bearbeida silda og salta den ned i tønner. Kvilepausane blei svært korte medan sildefangsten blei oppgjort. Opptil 40 timar i strekk blei det jobba før trålposen som låg langs skutesida var tømd. Først då var det aktuelt å sova.

- Tre timar kunne me få sova før me kasta etter sild igjen, fortel Anders Leirvik.

Erfjord-fiskarane fekk ikkje sjå mykje av Island denne sommaren. Dei var så vidt innom til kai i Seydisfjord ein tur.

Sildefisket og jobben med å gjera opp fangsten og salta den ned i tønner måtte gjerast utanfor den islandske fiskerigrensa. Dei islandske vaktbåtane slo hardt ned på brot på desse reglane.

Arne Kåre Stensland 
- Sjølv når det var vindstille og havblikk hadde dei norske båtane ein tendens til å reka mot land medan dei gjorde opp fangsten. Eg hugsar ein gong då me jobba for harde livet på dekket. Då skreik bestmann Øystein Førre ut frå styrehuset: Islandsk vaktbåt! Han skimta islendingen eit stykke unna i havskodda, fortel Arne Kåre Stensland.

Fiskarane som sto i fullt arbeid, kasta seg på dekket og kraup fram i lugaren forut og kraup til køys med oljehyrene på seg. Litt av eit syn.

Til all lukke for "Stordøy", rek båten deira bak Karmøy-snurparen "Lyn" der arbeidet på dekk gjekk for fullt då islandske vaktbåten kom over dei. Erfjordbuane slapp med skrekken.

- Altfor lite søvn og altfor mykje arbeid. Det gjekk langt over alle støvleskaft. Me sto ved sida av kvarandre og jobba. Skifta på å dra sloa ut av silda og kappa hovuda av. Sigurd Erfjord sto på sida av meg og jobba. Plutseleg skreik han ut: - Kor i h....... er Arne Kåre? Eg har ikkje sett han på lenge. Men eg sto rett på sida av han.

Sigurd Erfjord på islandsfiske.
Skipperen var minst like trøytt som dei andre. - I medisinkista har eg energi-piller. Skal me prøva dei, spurte han. Det blei med spørsmålet. Heldigvis. Det kunne vore livsfarleg for dei overtrøytte karane. Etter det eg har forstått er slike piller strengt forbudt i dag.

Dei sukka letta ut då dei var full-lasta og ferdigfiska.

- Erling Bøen sovna med hovudet ut glaset i styrehuset. Me fekk hjelpt han til køys. Han sov i timesvis etter at "Stordøy" hadde sett kursen heimover igjen, fortel Anders Leirvik.

"Stordøy" kom heim frå Island i andre halvdel av juli som den fyrste norske fiskebåten i 1956. Skipperen hadde greidd det han drøymde om.

Men det var ein strek i rekninga. Kona Sigrid oppdaga kor utsliten Erling Bøen var. Ho la ned veto mot ein ny tur. "Stordøy" blei liggjande heime i Erfjord like til nyttårstider. Erling Bøen fekk tid til å vera familiemann.

Anders Leirvik og ein av dei andre karane var innstilte på ein tur til. Dei drog til Stavanger og fekk plass på Bjelland-snurparen "Sardinen" som skulle på ein ny tur til Island. - Men den turen angra eg på. Me fekk uvêr og mista det meste av dekkslasta på veg heim, seier Anders Leirvik.

I dag høyrest det jo heilt ekstremt ut at desse fiskarane jobba på denne måten om bord i
"Stordøy".  Men dette var nok ikkje noko uvanleg for fiskarane i dei tider.

Laurits Eidesvik, den kjende fiskaren og seinare skipsredaren frå Bømlo skal ein gong ha sagt følgjande: - Viss du ikkje er millionær til du er 30 år, kan du berre gløyma det. For då er du utsliten.