torsdag 26. april 2018

Fyrste fødselen på Tau-ferja

Hallvard Livastøl, den prektige gutten som Aftenbladet skreiv, og mora Anne Marie i dag, 54 år etter den vellukka
fødselen i sykelugaren på Tau-ferja. Foto: Jone Laugaland.


Fødselen blei fyrsteside-stoff i
Aftenbladet  22. oktober 1963.
Plutseleg var fødselen i gang. Fleire veker tidlegare enn venta. Her var det berre ein ting å gjera: Komma seg til byen på sykehuset i Stavanger raskast mulig. 21år gamle Anne Marie Livastøl og mora hennar, Gunhild Gauthun, blei kjørte i drosje frå Hjelmeland til Tau. Drosjebilen kjørte rett om bord i ferja som sette kursen mot byen.

Raskt blei det klart at fødselen gjekk fortare enn ferja. Anne Marie Livastøl blei flytta over i sykelugaren der Gunhild Gauthun måtte fungera som jordmor og tok mot sitt første barnebarn. På kaien i Stavanger venta det både ambulanse og jordmor som kunne slå fast at alt sto bra til med mor og barn. Ambulansen kjørte mor og barn til Rogaland sykehus.

Einar Livastøl, ektemann og nybakt far, var uvitande om familie-dramaet. Han jobba som bilmekaniker på Stavanger Bilservice i Muségata i Stavanger og fekk fyrst telefon då kone og barn var komne fram til sykehuset.



På Bretten fekk du lesa resten av fyrsteside-stoffet
i Aftenbladet før i tida.
21. oktober 1963 kan dermed kryssast av i kalenderen som ein litt spesiell dag i historien om Tau-ferja. Det skal ha vore fleire fødslar på ferja mellom Tau og Stavanger, men dette var den fyrste.
Dagen etterpå var ferje-fødselen fyrsteside-stoff i Aftenbladet. Hallvard Livastøl, oppkalla etter farfaren i Årdal, blei fødd då ferja var i Lindøysundet. Som guttunge blei han og dei fire syskena orienterte om kva som kunne skje i Lindøysundet viss dei ikkje var snille. Tau-ferja kunne stoppa å setja dei av på Lindøynå. Der havna ungar som ikkje var snille, fekk dei fleste høyra før i tida.

Dei fire neste Livastøl-barna, Gunnar, Laila, Gunnbjørn og Sondre, blei alle fødde i ordna former på sykehuset.

- Då Hallvard skreiv i ein skulestil at han var fødd på Tau-ferja, var læraren imponert over fantasien til eleven, fortel Anne Marie som seier at 54-åringen alltid har vore snill mot mor si.  Hallvar er gift, busett på Garborg i Time og har to barn.

Anne Marie frå Hjelmeland og Einar Livastøl frå Årdal blei kjærastar som tenåringar og gifta seg i ein fart då dei blei 20 som så mange av sine jamaldringar. Dei jobba begge i Stavanger då dei tok ut lysing som det hette i den tida, i mai 1963. Bryllupet sto litt seinare litt seinare på sommaren.

Utpå hausten, då fødselen nærma seg, slutta Anne Marie i jobben på Matstova i Stavanger sentrum og budde heime hjå foreldra på Hjelmeland. Einar budde på hybel i byen.

Gunhild Gauthun var rask til å ringja etter drosje då ho forsto at dottera kunne bli mor når som helst. Og kven kjørte drosjen som dukka opp? Johan Livastøl, bror til Einar, kom frå Årdal for å henta dei. Han jobba som bilmekaniker på bilverkstedet til Lars Bjørkeland, men tok også ekstra-oppdrag for drosjeeigar Jone Skaar.

- Gunhild var ei kyndige dama. Ho tok styringa då me kom på ferja, og sørga for å få plassert Anne Marie i sykelugaren. Eg deltok ikkje i det som skjedde der, seier Johan Livastøl som karakteriserer dette som den mest spesielle opplevinga han hadde som drosjesjåfør.

Styrmann Kristian Vervik hadde undersøkt om det var passasjerar som kunne hjelpa til. Slik kom Ingeborg Tilseth frå Strand til å hjelp for fru Gauthun. - Eg hugsar det godt, men det var ikkje mykje eg gjorde, seier Ingeborg Tilseth som blir 90 år til hausten.

Styrmann Vervik sørga for det som trongst av handkle og laken i sykelugaren.

54 år etter denne hendinga er det berre den handekraftige mormora av dei involverte som ikkje er i live lenger.

Den unge Livastøl-familien flytta kort tid etter fødselen inn i ein leilighet på Madlatuå. Frå 1969 har dei budd i eige hus på Sola.

Anne Marie og Einar Livastøl har 13 barnebarn og eit oldebarn.

Anne Marie og Einar Livastøl har fem barn, 13 barnebarn og eit oldebarn. 











tirsdag 24. april 2018

Brennevinsflaska som aldri kom fram!

Med ei herrelaus brennevinsflaskeom bord gjekk «Strand» fram og tilbake
 over Hidlefjorden sommaren 1967.


- Hei, kan du hjelpa meg? Eg lova kameraten min å senda denne flaska til Tau, men fann ingen kjenningar som kunne ta den med. Han står på kaien på Tau og ventar.

Matrosen på «Strand» var i ferd med å stengja ferjeportane forut på bildekket. Klokka var 11.45 ein travel laurdag i juli 1967. Han blei litt paff av det uventa spørsmålet. Det var ikkje vanleg å hjelpa folk med transport av drikkevarer. Dessutan var det ulovleg også å driva med den slags service. 

Men akkurat denne gongen tok matrosen flaska med seg. 

Han såg vel for seg ein ung strandbu med urein hud, dårleg skjeggvekst og ditto sjølbilde som hadde planar om å dra til Heiå på dans på kvelden. Ein tår for å styrkja motet kunne kanskje hjelpa ein stakkars gut til å våga seg ut på dansegolvet. Kven veit kva som låg bak denne hendinga for snart 51 år sidan. 

Sola skein på Hidlefjorden. Alt tyda på at det ville bli ei strålande helg. «Strand» kom til Tau i rute klokka 12.30. Folk og bilar fôr på land og nye reisande kom om bord. Alt gjekk som planlagt.

Men brennevinsflaska, ei halvflaske med 60 prosent brennevin, var det ingen som spurte etter. 

Ikkje neste tur heller. 

«Strand» gjekk fram og tilbake mellom Tau og byen heile laurdagen og heile søndagen. Ingen eigar dukka opp.

Søndagskvelden blei innhaldet i halvflaska fortært i matroslugaren forut på ferja. Brennevinet blei blanda ut med leskedrikken Solo og fordelt på tre matrosar, ein styrmann og ei trisa. Då flaska var tom, var det tid for å hoppa til køys. Ved middagstider mandag gjekk helgeskiftet på to dagars fri.

Matrosen som hadde tatt mot brennevinsflaska, tok ansvar. På onsdagen var han innom på polet før han kom på jobb. Han hadde ei ny halvflaske med seksti med seg i veska si. 

«Strand» gjekk og gjekk heile sommaren. Det kom aldri eit einaste spørsmål om kor det var blitt av flaska.

Slikt kunne skje i ei tid utan mobiltelefonar og pol på Jørpeland. 

- Ein oppdikta historie, seier du kanskje. Nei, dette er sanninga.

Matrosen som tok mot flaska denne dagen, er ikkje mellom oss lenger. Men eg var matros på «Strand» denne dagen. Det var Jan Eie også. 

mandag 16. april 2018

Shipping-milliardær opplært på Tau-ferja

Herbjørn Hansson hadde aldri blitt skipsredar i Sandefjord utan
den grundige opplæringa han fekk på «Tau».

Han gjekk på landsgymnaset på Bryne og handelshøgskulen i Bergen, men utan alle sine år som sommar-matros på «Tau» og andre DSD-båtar, hadde ikkje Herbjørn Hansson frå Hjelmeland vore shipping-milliardær i Sandefjord i dag.

70-åringen kom i si tid til Sandefjord for å bli finansdirektør i Kosmos-rederiet. Seinare starta han rederiet Nordic American Tanker Shipping (NAT) med hovedsete i Vestfold-byen med ferjeforbindelse til Strømstad i Sverige.

Styrmann Kristian Vervik
I juni 1967 gjekk den unge og uprøvde hjelmelandsbuen om bord i «Tau» som ferie-avløysar. Han hadde ikkje fartstid frå før. Nå fekk han sin ilddåp av garva sjøfolk som kaptein Scheldrup Johnsen, styrmann Kristian Vervik, maskinsjef Osvald Kvamsøe og matrosane Øystein Sandvik og Edvin Stava. 

Då skipsredar Hansson i ein oppheta debatt i Dagsnytt 18 på NRK  sa følgjande til den norske skattedirektøren: - Jeg fraktet olje før du var begynt på skolen, var dette ein argumentasjonsteknikk han hadde lært på Tau-ferja. - Eg kunne spleisa vaier før du var fødde, sa dei til Hansson-jyplingen  om bord i «Tau» viss han yppa seg.

Om bord i Tau fekk han straks navnet Stolemann av kaptein Scheldrup Johnsen. Forklaring: Faren, Aksel L. Hansson, hadde jærstolfabrikk på Hjelmeland. Lastebilen hans var eit kjent syn for ferjefolket og eigaren blei då sjølvsagt kalla Stolemann. Når sonen begynte om bord i ferja, var ikkje fantasien større. Han fekk same navnet. 


Tau-ferja var ein flott arbeidsplass for dei som likar å komma i kontakt med folk.  Her var det mange å ta av. 


Ferjefolka jobba to dagar og hadde fri to dagar. Viss du budde på Hjelmeland og jobba på Tau-ferja, blei det ein del reising. Den 18 år gamle skulegutten måtte skaffa seg ei kjøregreia for å komma seg raskt til og frå. 

Han peila seg inn på ein brukt Puch-moped som var til salgs for 1300 kroner. Unge Hansson hadde berre 990 kroner, men avtala likevel eit møte med moped-seljaren utanfor Hotel Atlantic ved Breiavatnet i Stavanger. Før møtet hadde han veksla om sparepengane sine i blå femkrone-sedlar og kronestykke. 


Matros Edvin Stava fotografert i
matroslugaren i baugen på «Tau».
Seljaren gjorde store auer då han såg alle pengesedlane. Han brydde seg ikkje om å telja dei ein gong. Dermed blei det handel. Sjølv om ein Puch-moped ikkje var nok til å bli kubikksjarmør i Hjelmelandsvågen på den tida, kom eigaren seg raskt til og frå jobben på Tau-ferja. 

Heilt frå den spede barndommen var Herbjørn Hansson for seg, utadvendt og sosial. Han kom lett i prat med folk. Desse eigenskapane blei vidareutvikla på Tau-ferja der han seilte saman med den legendariske matrosen, Edvin Stava frå Karmøy. Stava hadde eit ord til alle.

- Hei du, kan du løysa meg av i ferien, sa Stava til stålverksdirektør Osland som reiste dagleg med ferja. 

- Trur du eg vil jobba for å så dårleg betaling, svara direktøren. 

- Du kan ikkje venta å få  matroshyra fyrste sommaren, svara Edvin Stava. Karmøybuen var ein fiks mann. Ein gong pløyde han ein åker med lastebil. Plogen hadde han montert bak lasteplanen.

Det var tre matrosar på «Tau» på den tida. Den eldste blei kalla rormann og hadde eigen lugar. Dei to andre delte lugaren i baugen. Hansson hugsar spesielt ein episode frå tida i to-mannslugar. 

Matros Øystein Sandvik
- Lugarkamerat Øystein Sandvik låg og sov ein kveld då eg la meg i mi køy. Plutseleg begynte han å snakka i søvne:

- Der datt han, sa han.

- Slo han seg, spurte eg.

- Ja. Ikkje lite heller, svara den sovande.

Herbjørn Hansson heldt det gåande som sommarmatros i DSD heilt fram til 1973. Han fekk med seg fleire båtar enn «Tau»: «Bokn», «Haugesund» og kystskipet «Rogaland» .Matros-karrieren avslutta han  på «Tau» sommaren1973. Då havna «Tau» i Sand-Ropeid-sambandet. Storferja «Stavanger» skviste ut «Tau» i den gamle ruta.

 I 1973 kjørte ikkje matrosen Puch-moped lenger. Nå  hadde han skaffa seg bil. Ein Renault Dauphine frå 1964.

Kiosken om bord i «Tau» sto tom då ferja begynte å gå mellom Ropeid og Sand. Her såg kremmarsjela frå Hjelmeland sjansen til å tjena ekstra pengar. Saman med Sverre Underbakke frå Sand, også ein kremmar, starta han med kioskdrift om bord i «Tau».

- Det kan ikkje ha blitt nokon suksess. Då hadde eg hugsa dette, seier Herbjørn Hansson i dag.








torsdag 12. april 2018

DSD-direktøren sørga for at «Tau» fekk radar



Stavangerske-direktør Erling Aanensen var ein mektig mann. Han styrte
selskapet frå 1947 til 1972.
- Er det ikke radar om bord i denne flotte ferja?

Stavangerske-direktør Erling Aanensen var overraska då han blei klar over at «Tau» ikkje var utstyrt med radar. Han kom heilt uventa om bord som passasjer og gjekk opp på brua for å helsa på kaptein Johan Johnsen. Aanensen var direktøren med stor D og styrte selskapet frå 1947 til 1972. Han inntok sjefstolen rett før  flaggskipet «Haugesund» blei sett inn i rute og gjekk av med pensjon då westamaranen «Sauda» blei presentert.

«Tau» var eit spesielt prosjekt som Stavangerske-sjefen personleg  hadde engasjert seg i. Han hadde sørga for at dette var den største, flottaste og raskaste ferja i landet då den blei sett inn i ruta over Hidlefjorden.

På brua på «Tau» oppsto det ein diskusjon mellom direktør og kaptein om ruta over Hidlefjorden. Direktøren spurte om det ikkje hadde vore best for sikkerheten at «Tau» og dei andre rutebåtane gjekk på den eine sida av holmen Horje midt i Hidlefjorden på vei inn til Tau og på andre sida når dei gjekk til byen. Kaptein Johnsen påpeika at det ville ta litt lengre tid å gå på nordsida av Horje. For sikkerheten hadde det vore mykje betre med ein radar om bord. 
Aftenbladet 3. januar 1962.


På «Tau» navigerte dei i 1961 på den gammeldagse måten. Dei gjekk på klokke og kompass når det var skodd og snøtjukna. Full  fart, åpne dører og vindu for å kunna sjå og høyra best mulig. Kursane hadde dei gått opp i full fart med god sikt. Viss dei sakka på farten, kunne dei ikkje vera sikre på kor dei var etterkvart som tida gjekk. 

- «Tau» skal selvsagt ha radar. Send en søknad til kontoret. Jeg skal personlig sørge for at den blir innvilget, sa direktør Erling Åanensen før han gjekk frå styrehuset på «Tau».  Og han heldt det han lova. 

Kristian Vervik var styrmann på «Tau» frå den var ny i 1961. Det var han som fortalde meg om Aanensen sitt personlege engasjement i denne saka. 

- Eg hugsar godt  då radaren blei installert. Så vidt eg hugsar heitte montøren Krogedal og kom frå Landor Larsen. Han plundra fælt med alle ledningane som skulle på plass mellom antennen og apparaturen inne i styrehuset. Men han fekk det til å virka. Vips, var det radar på «Tau», seier Jan Eie som  var matros om bord då radaren blei montert. 



Nokre dagar seinare reiste kaptein Johannes Langvik på Jøsenfjord-båten «Erfjord» med ferja til Tau. Han blei straks invitert på brua for å sjå radar-vindunderet i bruk. 


Kaptein Johannes Langvik
Jan Eie som sto til rors hugsar ennå kor imponert Johannes Langvik var av radaren. 

Johannes Langvik var ombobu, men budde på Tau i mange år. Sonen hans, Jan Langvik, var ordførar i Strand. 

Til nå har eg ikkje funne ut når radaren kom på plass. Men det skjedde tidlegast i 1962. Eg har funne ein artikkel i Aftenbladet i januar 1962 der fjordabåtane med radar er opprekna med navn: «Fjordsol», «Sand» og «Skudenes». «Fjordsol» gjekk i Sauda-ruta. I den lange og smale fjorden innover frå  Jelsa til Sauda, kom det sikkert godt med å ha radar i skodd og tjukk fabrikkrøyk. «Sand» gjekk sikkert i Haugesund-ruta på denne tida. «Skudenes» hadde også ei spesielt krevande ruta. 

Jan Eie som seier at han var om bord da radaren kom, var på «Tau» sommar-sesongen 1962. Då kan radaren ha blitt montert. Radar-antennen er godt synleg på eit bilde av «Tau» ved kai på Tau sommaren 1964. Viss det finst folk som veit eksakt tidspunkt, vil eg gjerne vita det. 


Radaren på «Tau» er godt synleg på styrehus-taket på dette bildet som skal vera frå 1964. Foto: Aftenbladet.







lørdag 7. april 2018

Den fyrste styrmannen på Tau-ferja

«Tau» som ny i 1961. Foto: Stavanger sjøfartsmuseum.


- Hallo Vervik. Du skal komme til Stavanger og gå om bord i den nye «Tau» som ligger på Klasaskjæret.

Den legendariske mannskapssjefen på Stavangerske, Rasmus Kyvik, var alltid klar og kontant når han hadde nådd fram til den rette sjømannen i rikstelefonen. 

- Ja, men....., innvende styrmann Kristian Vervik i den andre enden av telefonlinja inne på Strandalandet. 

- Ikke noe ja, men. Kom til byen og gå om bord i «Tau», brumma Kyvik. 
Kristian Vervik gjekk om bord i «Tau» i mars 1961.
Foto. Else Vargervik.

Dermed var det gjort. Medarbeidar-samtalane i Stavangerske og resten av arbeidslivet var korte og konsise i mars 1961.

 Då «Tau» blei sett inn i ruta over Hidlefjorden mellom Tau og byen laurdag 25. mars 1961, hadde 29 år gamle Kristian Vervik vore 14 dagar om bord. Han var den fyrste styrmannen på Tau-ferjene. 

I 1956 fekk han matros-jobb på fjordabåtane i Stavangerske. Då hadde han vore seks sesongar på fiske etter storsild og brisling saman med slektningane Karsten og Waldemar Vervik på skøyta «Mira». Han jobba også som murar og betongarbeidar når fiskebåten låg i ro.

Kystskipperskulen hadde han teke i 1955. Dermed gjekk det ikkje lenge før han vikarierte som styrmann på båtane når dei faste folka skulle ha fri og ferie. Frå 1959 var han fast styrmann på «Fjordbris» som gjekk på Tau og Jørpeland før ferja kom i 1961. For den unge styrmannen passa det godt å gå i denne ruta. Det var greie skift og kort veg heim til kona Målfrid og ungane på Tau. 


Kristian Vervik
Presentasjonsturen med Tau gjekk det gjetord om etterpå. Det var rikeleg med mat og drikke. Den flottaste ferja i landet hadde fått Stavangerske  til å verkeleg slå til med skikkeleg servering.


- Alle talarane på turen sa at DSD hadde tatt godt i med den store ferja. Var den ikkje i største laget, men etter to-tre år var den for liten, seier Kristian Vervik som stadig er frisk og rask.

1. juni blir han 87 år gammal. Han og kona Målfrid bur i eige hus på Tau med flott utsyn over båthavna og fjorden. Dei kjem til å sakna ferjene på fjorden når dei sluttar å gå neste år.

Eg har vore på besøk hjå Kristian Vervik og snakka om ferjetrafikken og livet om bord. Han fortalde mykje av interesse. Det kjem meir. Fylg med!

Kommentar på Facebook:

Asbjørn Stensen Husker Kristian da han var på Tau. Han hadde alltid glimt i øynene også for oss unge. Alltid korrekt. Så vidt jeg husker ble han også skipper . Han var utrolig godt likt og ser han dette vil jeg gratulere han som en av de flotteste jeg kjenner.