søndag 25. september 2022

Rasmus med 10.000 kroners-laksen!

Rasmus Hauge med den største laksen han fekk i sitt
liv. Den var 21,6 kilo. Katten var også imponert. 
Foto: Olav R. Hauge.

 


- Du må komma med foto-apparatet, Olav! Me må ha eit bilde av denne sabben på 21,6 kilo. Den største eg har fått i heile mitt liv!


Rasmus Hauge likte ikkje å bli fotografert, men då han fekk kjempelaksen gløymte han seg heilt ut og ropte på sonen. Forresten tenkte han ikkje på at han risikerte å komma med på bildet sjøl. Han ville ha bilde av laksen og var så ivrig at han heldt på å snofla i katten då han stilte seg opp med den svære laksen.


-Sjå den fine laksen, seier Rasmus til dottera Annemor. Ho tykte det var
 kjempespennande å vera med faren og sjå om kilanota. Foto: Per Magne Gil.



På slutten av 1960-talet betalte oppkjøparane i byen, Chr. Bjelland og Rogaland Fiskesalgslag, 70 kroner kiloet for laksar på meir enn seks kilo. Med dagens kroneverdi ville det ha vore omtrent ti gonger så mykje. Derfor overskrifta: 10.000 kroners-laks. Mykje pengar for ein over 70 år gammal småbrukar i Jøsenfjorden som hadde slete mykje for levebrødet i alle år.


Laksen blei teken inn i kjellaren, reingjort og lagt på den kjølegaste plassen som var å finna. Deretter gjekk den med fyrste rutebåt frå Vadla til byen.


Kilanøtene sto tett innover i Ryfylkefjordane om somrane for 50-60 år sidan. Dette var eit spennande fiske. Laksen var ein flott fisk som oppkjøparane i byen betalte godt for. Kjærkomne pengar for fiskarar og fjordabønder. På 1970-talet blei det innført stadig nye restriksjonar på kilanot-fisket. Til slutt blei det forbudt.


Rasmus Hauge var i mange år ein lidenskapeleg kilanot-fiskar. Han budde på Hauaøyrå i Jøsenfjorden og hadde nota ståande i nærleiken av utløpet av Ulla-elva.


- Innsiget av laks i Jøsenfjorden kom ikkje skikkeleg i gang før i slutten av mai. Fyrst då gjekk nota i sjøen, fortel Andreas Hauge, sonen av Rasmus. Dei tre ungane, Olav, Andreas og Annemor, måtte etter tur ta sin tørn med å hjelpa faren med laksafisket. To måtte ein vera når laksane skulle hentast ut av nota. Rasmus drog i nota og assistenten passa på at propellen ikkje skulle hengja seg fast i nota. 


Annemor og Rasmus på laksefiske. Vadlakaien i bakgrunnen. Foto: Per Magne Gil.



Men du kunne ikkje liggja på latsida viss du skulle ha kilanot. Kvar kveld, minst, var dei ute og såg om det var laks i nota. På dagar med god laksavind, som dei sa i Jøsenfjorden, var dei ute og såg i nota fleire gonger til dagen. Då var det nordvestleg vind eller solgangsbris om du vil. På slike dagar gjekk laksen høgt i sjøen.


Laksen var freda i helgene. Frå fredag kveld klokka seks til måndag kveld klokka seks var nota stengt eller nota var teken på land og reinska for svimaneter og anna skit. 


- Svimanetene var ei plaga. Det svei både på hender, armar og i auene, seier Andreas. 


- Kjempespennande då du såg det blenkte nede i nota. Eg var alltid med far ut og såg om nota viss eg var heime, fortel Annemor.


Som jentunge fekk ho fiskeredskap av faren. Ein blekkboks med snøre surra rundt. Dette var forløparen til dagens fiskestenger. Med kasteboksen drog ho opp fisk etter fisk på brygga. Slik blei ho hekta på fisket. Ho har til og med fiska med garn i Årdal der ho bur i dag og fått laks.


- Me sette garn i lovleg avstand frå elve-osen og laks blei det, seier Annemor. 


mandag 19. september 2022

Jakob Krumshagen – fjellbonde, anleggsarbeidar, jeger og Aftenblad-skribent



Jakob Krumshagen var ein mangfoldig mann. Då han var anleggsarbeidar for Statskraftverka
i sine heimlege heiatrakter, hadde han børsa med. Han fekk både hare og rype.
 Foto: Olav R. Hauge.




Jakob Krumshagen, fjellbonden som gjorde Ulladalen sagnomsust for Aftenblad-lesarane, var ikkje redd for utfordringar. Han hadde for lengst fylt 50 år då han tok seg jobb som anleggsarbeidar for Statskraftverka då dei bygde ein stor transformatorstasjon i Kreppingdalen rett opp av Førrebotnen, innerst i Jøsenfjorden.


Der blei han sett til det som blei kalla forefallande arbeide både nede i Førre og oppe i dei tilliggjande heietrakter når det var nødvendig. Mellom arbeidskameratane hans var det gamle kjenningar som Svein Meland frå Ulladalen og Jarl Hauge frå Jøsenfjorden.


Den allsidige mannen tok sjølvsagt børsa med seg då kraftverksfolka sende han til fjells midt i den beste jakttida. Det var då hans unge arbeidskamerat, Olav R. Hauge, tok dette bildet av Jakob med utbytte av jakta som han fekk tid til mellom arbeidsøktene.


- Ei arbeidsbrakke var teken av ein kraftig austavind og sopa ned i eit juv i Segadalsheia. Jakob og eg skulle samla saman restene av brakka og få desse fjerna. Me budde i hytta i Fagerdalen. Dette var etter gammalt eit ypperleg jaktterreng som tilhøyrde Segadal, fortel Olav R. Hauge som berre var eit par og tjue år på den tida.


Her passa Jakob Krumshagen på å få seg eit par jaktturar. Og han kjende terrenget og kunne skyta. Det var ikkje lenge før han hadde fått både ein hare og fleire ryper som han tok med seg i sekken. Fyrst ned til Førre og seinare heim til Ulladalen.


Høgdeskrekk var eit framandord for Jakob Krumshagen. Då dei var ferdige med oppdraget og skulle ned til Førre igjen, ville han at dei skulle gå ned den stupbratte Segadalstonå. Her gjekk hardføre, lokalkjende mannfolk ned utan å sukka. Men då protesterte unge Olav R. Hauge. Det blei til at dei gjekk den vanlege stigen ned frå Fagerdal til Segadal.


Anleggsarbeidar Krumshagen kunne ikkje gløyma Aftenbladet heller fordi om han er i jobb for Vassdragsvesenet.


Jakob Krumshagen gløymde ikkje Aftenbladet fordi om han var anleggsarbeidar
i Førre for Statskraftverkat. Dette bildet med tilhøyrande tekst hadde han på
trykk i avisa 10. november 1965. 



10. november 1965 er det bilde i Aftenbladet av den nye koplingsstasjonen i Kreppingdalen. Bildet er kreditert Jakob Krumshagen og teksten til bildet er tydelegvis også laga av same mann: Eg e meste redde, sa tiuren han sat og såg ned i Kreppingdalen i Jøsenfjorden. Der hadde han nett fare luftvegen over koplingsstasjonen og kjent bivring i bringa. Noko rart i luft og ver har laga seg den siste tida, spelege greier?


Men elles er det eit stor-teknisk vedunder med ein skog av master og ein harpeleik av leidningar fulle av kilo-volt, for ikkje å snakka om kilowatt!


Linja til venstre på biletet kjem frå Tokke, den til høgre går til Lyse og i forgrunnen til Suldal og Sauda. Enno står ein del arbeid att før stasjonen er fullt ferdig. I desse dagane held ein såleis på med montering av ein reservebrytar, og så skal heile stasjonen gjerdast inn.

Sjølve planen mellom mastene, som er mange mål i flatevidd, skal anten asfalterast, grusast eller tilsås som plen.


I 50 år hadde dei venta på vassdragsutbygging og anleggsarbeid i Jøsenfjorden. Endeleg skjedde det litt, sjølv om det berre var ein koplingsstasjon som blei bygd. Men dei var då i gong og det skjer ting, går det fram av eit seinhaustbrev frå Ulldalen 17. november 1966.


Bustad-feltet som Statkraftverka hadde anlagt på Melandsmoen var ferdig. Der var Bjarne Berge frå Forsand flytta inn på føresommaren. Og Jon Håranes hadde flytta inn for kort tid sidan, blei det meldt frå Ulladalen.


I same brevet blir det også fortalt om eit jaktlag frå Skiftun som nyss hadde skote 127 ryper og to-tri harar i fjelltraktene ved Napen.


Føre jul i 1966 var Jakob Krumshagen og arbeidskameratane uttjente i Førre. Dette skriv han om i eit lesarbrev i Aftenbladet i romjula 1966 med tittelen "Slutt i Førre":


Arbeidsfolket til statskraftverka i Førre slutta fredag før jul. Torsdagskvelden laga kokkene til julebord for dei. Det var julestemning på brakka då både kokkene og arbeidarane sette seg ved kaffibordet og song "Deilig er jorden". Ute ula sørausten så det knaka i brakka.


Eit par dagar tidlegare var Jon Håranes inne på brakka og viste fargeljosbilde frå den tida han var i Gaza. Han hadde oss med over størstedelen av Israel og nå fekk me sjå mykje av det me lærde og høyrde derfrå i folkeskulen.


Nå er det slutt inne i Førre til våren, berre Berge og Håranes er inne på koplingsstasjone ein gong imellom.


Jakob Krumshagen var ein mangfoldig mann og blei eit kjent navn for mange Aftenblad-lesarar. Breva frå Ulladalen blei lesne med stor glede over det meste av Rogaland.


Han døydde i 1999, 88 år gammal


fredag 9. september 2022

Ola enda som einebuar i Segadal

 


Ola Segadal budde åleine i Segadal frå 1987. Bildet
er henta frå Aftenbladet.


Flotte planar om bru over Jøsenfjorden og veg langs fjorden ut til Hauge og Vadla, blei aldri realiserte. Men som 78-åring opplevde Ola Segadal å bli plaga med ei grusom asfaltlukt. Då Vegvesenet starta asfaltverk på Hauge i Jøsenfjorden, blei asfaltlukta så plagsom i Segadal at Ola fekk pustevanskar når vinden bles inn fjorden. Han måtte halda seg inne til det gav seg.


Aftenbladet sende journalist Rune Nedrebø og fotograf Knut S. Vindfallet til Segadal for å snakka med Ola om den plagsomme asfalt-røyken. Dette blei til ei heilside i avisa laurdag 30. juni 1990. Fleire flotte foto frå den veglause garden langt inne i Jøsenfjorden kom på trykk og ein beklagelse frå Vegvesenet som forsikra at asfaltlukta skulle forsvinna når asfaltverket blei innkjørt.


Vegvesenet hadde planar om ein ferjefri veg gjennom Ryfylke. Jøsenfjorden skulle kryssast
med bru ved Segadal. Men dette blei aldri realisert. Bildet frå Aftenbladet i 1975.


Då den tre år yngre broren Jakob og kona Ruth kjøpte seg hus på Hjelmeland og flytta frå Segadal, blei Ola einebuar i Segadal. Tenk det du! Segadal song på siste verset som buplass.


Dei hadde alltid vore for seg i Segadal. Fyrste motorbåten i Jøsenfjorden, kraftverk alt i 1922, telefon og taubane frå fjorden opp til garden. Faren Jone og sønnene Ola og Jakob var på farten på reinsdyrjakt i heia og fiske etter brisling og ferdatorsk i fjorden. I tillegg dreiv dei det stort med sylvrev.


Då ferja begynte å kryssa Jøsenfjorden mellom Tøtlandsvik og Vindsvik i 1965, dukka det fort om planar om ein ferjefri veg gjennom Ryfylke: Ein veg frå Tytlandsvik innover langs fjorden, bru over til Segadal og veg ut til Hauge og Vadla. Mange let seg riva med av dei flotte teikningane i avisa.


Det blei med draumen. Dei gamle, Marta og Jone, døydde. Det var naturens gang. Så fôr døtrene til Ruth og Jakob, Marit, Reidun og Einy Jorunn ut fjorden for å skula seg og skaffa seg arbeid. Så drog Jakob og Ruth også. Ola blei åleine i Segadal!


Ikkje tale om at han skulle flytta, sa Ola til Aftenblad-karane i 1990. Her var han oppvaksen og her ville han bu så lenge han kunne klara seg sjøl.


Det var ikkje einsamt her. Folk var innom rett som det var. Til og med om vinteren. Dessutan hadde Ola telefon og den visste han å bruka. På kveldane ringde han til slekt og venner og prata om laust og fast. Mange gilde samtalar! Far min på Laugaland hadde telefon frå Segadal rett som det var. Drøset gjekk om reinsdyrjakt og heiatrakter. Ola hadde bore tal-lause børar med reinsdyrkjøt ned frå heia.


Ola forsto at dei unge ikkje ville busetja seg på den veglause garden. Det ville bli for tungvint. Han ville bli den siste fastbuande her inne der det hadde budd folk i minst 400 år.


To år seinare var det slutt. I 1992 måtte Ola flytta til Hauge i Jøsenfjorden. I mars 1993 døydde han. Då var han 80 år gammal.


- Ola Segadal var ein omtykt og gild mann som mange vil minnast med glede, skreiv Jakob Krumshagen i nekrologen i Aftenbladet.


Ola Segadal på Brurasteinen sommaren 1990. Fotograf: Knut S. Vindfallet.