mandag 21. februar 2022

Kåre Palmer Holm fekk tre års fengsel for sine meritter

 

Tittelen i Aftenbladet 16. desember 1959.


Det gjekk eit lettelsens drag over skapsprengar Kåre Palmer Holm sitt ansikt då sorenskrivaren i Ryfylke, Kåre Høyland, les opp dommen på tre års fengsel for hans meritter sommaren 1959, sto det på førstesida på Aftenbladet 16. desember same året. Årsaka til lettelsen var at retten ikkje hadde tatt hensyn til statsadvokatens påstand om tre års forvaring i tillegg til fengselsstraffa.


Dermed var Holm funnen skuldig i skapsprengningane både på Sola postkontor og i Finnøy sparebank. Han blei også dømt til å betala ein erstatning på 60.000 kroner til postverket. I skjerpande retning blei det lagt vekt på Holm sine tidlegare forgåelsar og at tjuveria hadde foregått i tida før han begynte soninga for den tidlegare skapsprengninga på Randaberg.


Kåre Palmer Holm fekk snakka
nokså fritt i rettssalen. 

Retten trudde ikkje på at Holm hadde somla vekk utbyttet frå Sola postkontor. Det var heller ingenting i saka som talde i formildande retning.


Men retten meinte at Holm sitt innbrot i ei hytte ved Bråsteinsvatnet ikkje kunne karakteriserast som grovt. Der hadde forresten Holm skreve i hytteboka og takka for opphaldet.


Kåre Palmer Holm blånekta i retten på at han hadde vore på Finnøy. Han hevda at dei hadde vore på Aubøsund i Sjernarøyane. Han skulda hendinga på Finnøy på båteigaren som hadde tatt han med på turen til Ryfylke. Men dette trudde ikkje dommarane på.


- Det var jo Holm som var fagmannen, meinte dei. Forresten blei skapspreninga på Finnøy mislukka på alle måtar. Dei greidde ikkje å få opp skapdøra. Det greidde heller ikkje dei tilsette i banken dagen etterpå. Fagfolk frå byen måtte tilkallast for å åpna den skadde døra.


Statsadvokat Oftedal anka dommen mot Holm til Høyesterett, sidan han ikkje fekk herredsretten med seg på å gi han verken forvaring eller sikring. Men han fekk ikkje medhald.


Rettssaka mot Holm var ein spesiell forestilling. I Rogalands Avis står det at tiltalte var godt forberedt til dysten i retten. Han greip stadig inn i forhandlingane når han meinte ting var feil framstilt. Dommar Høyland var snill og let Holm få ganske fritt spelerom. Men av og til måtte dommaren bruka klubba når det blei altfor mykje lått og løye mellom tilhøyrarane.

To uniformerte politimenn passa på i salen og ellers var ein mengde politifolk møtte som vitne. Utanfor rettssalen fekk Holm prata både med vitne og pressefolk og virka tilsynelatande godt opplagt.


Er det rart at så mange hadde sympati for Kåre Palmer Holm? Han var jo ein fargeklatt på sin måte.


Dette var blogg nr. 10 om den skapsprengaren som var kriminelt sjarmerande.


















lørdag 19. februar 2022

Kjell - den fromme broren til Kåre Palmer Holm

 

Kjell Holm sto ikkje bare langs vegane med budskapet sitt. Her er han på Gladmat i 
Stavanger. Foto: Arnt Olav Klippenberg. 


- Omvend dere, for Jesus kommer snart, sto det på plakaten til Kjell Holm. Eit kjent fjes for dei fleste. I mange år sto han langs vegane og forkynte sitt budskap til bilistane i Sør-Rogaland.


Alle visste kven denne mannen var, men dei færraste visste kva han hette. Kjell Holm var ein sju år yngre bror av Kåre Palmer Holm. Mens storebror i si tid var kjent som skapsprengar og rømningsekspert, jobba Kjell for å forkynna om Jesus og informera om at dommedag ikkje var langt unna.


Mange blei provosert av måten Kjell Holm forkynte budskapet på, men med åra var det fleire som smilte og vinka til han når dei passerte, fortalte han i eit intervju med Aftenbladet i 1996.


Stort intervju med Kjell Holm på By-siå i Aftenbladet 4. mai 1996.



- Folk tror de kjenner meg bare fordi de har sett meg ved veien. Men det skal mye til å bli skikkelig kjent med meg, sa han til Aftenbladet i dette intervjuet.


Kjell Holm hadde gått på skule i 17 år. Både på gymnas og handelsskule. Etterpå blei han immatrikulert ved Universitetet i Oslo, men han avslutta studiene etter eit år ved Misjonshøgskolen i Stavanger.


I sju år var han bussjåfør. Seinare var han menighetsarbeidar og klokkar på Hundvåg og hadde ansvaret for deler av konfirmant-undervisninga der.


Han reiste rundt som talar på bedehusa i Sør-Rogaland, men så fekk han klar beskjed av Vårherre om å gå ut og treffa folk der dei var. I begynnelsen var han ein hyppig gjest på pubar og utestader om kveldane, men det blei for dramatisk.


- Eg provoserte folk med skiltet mitt. Når folk hadde fått seg ein for mye på tånnå, hadde dei ikkje kontroll over seg sjøl, fortalde han.


To gonger ble skiltet hans øydelagt og ein gong blei han nesten kasta på sjøen.


Sjøl om Kjell Holm hadde drukke litt i sin ungdom, blei han seinare totalavholdsmann. Han blei ganske provosert viss folk sette tomme ølflasker utanfor huset hans for at det skulle sjå ut som han drakk.


Men Kjell Holm lova Aftenbladet i 1996 at han ville bli å sjå langs vegane med skiltet sitt i framtida også. Det gjorde han så lenge han hadde helsa til det.


Han døde i 2016, 85 år gammal.


fredag 18. februar 2022

Kåre Palmer Holm stakk av med Fanakofta mi!

 

Kåre Palmer Holm hadde Fana-kofta mi på seg då han stakk av frå Hundvåg, seier Astri Lunde.
Ho hadde sommarjobb på Ideal hermetikkfabrikk då rømlingen var innom der. Den heldt til 
i bygningen er vertshuset Galeien held til i dag.


- Rømlingen hadde laga seg eit reir på høgaloftet på hermetikkfabrikken Ideal i Galeivågen på Hundvåg. Der låg han truleg heilt i ro på dagtid mens eg sat i etasjen under og sorterte på iddisar. Då eg kom på jobb onsdag 22. juli 1959, var det oppstyr på fabrikken med både politi og pressefolk på plass. Utpå dagen oppdaga eg at Fana-kofta mi var borte. Eg gjorde store auer då eg såg bildet av rømlingen med kofta mi i Rogalands Avis dagen etterpå, fortel 80 år gamle Astri Lunde i dag.


I juli 1959 var Astri 17 år gammal og hadde sommarjobb på hermetikkfabrikken som heldt til i huset der vertshuset Galeien har sine lokaler i dag. Den unge jenta skulle begynna på fire-årig lærarskule til hausten og hadde sommarjobb på fabrikken der mora hennar også jobba.


Iddis frå hermetikkfabrikken Ideal.

Brevet som Kåre Palmer Holm hadde sendt til Aftenbladet, låg på lokket på eit melkespann rett utanfor hermetikkfabrikken. Då politiet kom, oppdaga dei fort at rømlingen hadde vore på loftet på fabrikken i fleire dagar. Der var det eit godt utstyrt proviantlager. Brød, smør, pålegg, poteter og sjokolade låg det igjen etter han. Matvarene hadde han stole ved å bryta seg inn i Lunde kolonial som heldt til i eit nabohus i Galeivågen.


Rømlingen hadde tatt med seg ein halv kasse med hermetikk då han stakk om morgonen. Ei snekke som låg ved Bjørnevik slipp i Galeivågen, var borte. Den var nå truleg på veg mot Ryfylke med Kåre Palmer Holm om bord. Snekka tilhøyrte Martin Husebø som var onkel til Torbjørn Kindingstad som var journalist i Aftenbladet i mange år.


Då Kåre Palmer Holm ringte til redaktør Per Thomsen i Aftenbladet denne morgonen, brukte han telefonen på kontoret på hermetikkfabrikken. Bestyrarinna på fabrikken, Anna Nystrøm hadde eit biapparat i huset sitt rett over vegen. Ho høyrte eit klikk i telefonen på det aktuelle tidspunktet. Hadde ho løfta av røyret, ville ho truleg ha høyrt samtalen mellom rømlingen og redaktøren.


Eit spann med kvitmaling og ei oljehyre var også forsvunne frå fabrikken. Var det planen å kamuflera snekka?


Då ein politimann og ein Aftenblad-journalist reiste med båt frå byen til Buøy ved halv-seks-tida på morgonen, såg dei ei snekka som var heilt inne ved Skansekaien. Var det Kåre Palmer Holm som hadde tatt seg ein svipptur innom byen før han stakk vidare innover fjordane?


- Dette var ein ganske dramatisk dag. Eg har aldri gløymt hendinga. Det var jo sjelden med den slags røvarshistorier i den tida. Me hadde ikkje TV då. Men alle hadde jo høyrt om rømlingen som leika katt og mus med politiet. Men det var jo litt spesielt å havna midt opp i dramatikken, seier Astri Lunde.


Heldigvis var rømlingen ein ufarleg mann. Han hadde gjort forholdsvis liten skade der han var innom.


Astri Lunde var lærar på Hundvåg i 40 år fram til ho var 62 år. Ho runda nyleg 80 år og er i fin form.


Dette var åttende bloggen om Kåre Palmer Holm. Det kjem meir snart.



torsdag 17. februar 2022

Kåre Palmer Holm ringte Aftenblad-redaktøren og sende brev til avisa

 


Rømlingen sin telefon til redaktøren og brevet til avisa var
toppsak i Aftenbladet onsdag 22. juli 1959.

Klokka 4 på natta ringte telefonen heime hjå redaktør Per Thomsen på Gausel natt til onsdag 22. juli 1959. Mannen som ringte, presenterte seg som Kåre Palmer Holm. Han hadde skreve brev til Aftenbladet. Brevet låg klar til henting, plassert på eit lokk på eit melkespann på brygga i Galeivågen på Hundvåg.


Kåre Palmer Holm sa til redaktør Thomsen at han rekna med å bli tatt snart. Men då Thomsen sa at han like godt kunne melda seg for politiet med ein gong, var rømlingen uenig. Politiet ville bli varsla straks, sa Thomsen. Rømlingen blei ikkje skremt. Han sa han ringte frå ein telefonkiosk og var umulig å spora opp. Dessutan kunne ein venn av Holm komma ille ut viss redaktøren varsla politiet.



Då samtalen var slutt, la redaktøren telefonrøyret på sida av telefon og ringte politiet frå eit anna telefon-apparat. Håpet var at ein kanskje kunne finna ut kor samtalen kom frå. Men i den tida gjekk telefonane til Gausel, via Hinna bisentral og forbindelsen blei kutta då samtalen var slutt.


20 minutt seinare var ein sivil politiman og ein journalist frå Aftenbladet på veg til Buøy med ekstrabåt. Dei tok vegen vidare til kaien innerst i Galeivågen. Der låg brevet frå Kåre Palmer Holm. Då var det berre gått ein time sidan han hadde ringt til redaktør Thomsen.


I dette brevet skreiv Holm at han trudde pengane som han hadde tatt på Sola postkontor, truleg var mista på motorbåtturen langs Jærkysten i april. Han hadde også ein del kritikk mot politiet. Mellom anna etterlyste han 200 kroner frå ein navngitt politimann. Dei to hadde inngått eit veddemål om Kåre Palmer Holm ville greia å rømma frå fengslet.


Telefonen og brevet frå rømlingen kom på eit heilt ideelt tidspunkt for

Aftenbladet som på den tida var middagsavis med trykkestart klokka tolv på dagen. Det blei eit stort oppslag på fyrstesida og eit langt utdrag av brevet sto også i avisa. Det har eg nå skreve av etter beste evne:


TIL PRESSEN!


Enten man vil tro meg – eller ei – blev jeg uskyldig dømt i Randabergsaken. Etter dette måtte jeg altså belage meg på å sone idømte 18 måneder.


Uansett skyldig eller ikke, så hadde nok dette vært det eneste riktige, men pga hele den lange depresjonsperioden jeg hadde vært i, fra lagmannsrettsavgjørelsen og til spørsmålet om soning med mye misbruk av alkohol, var min dømmekraft blitt så svekket at jeg begikk den dumheten på Sola.


Under min varetektsarrest kom jeg til at det eneste riktige var å skaffe de saknede penger til rette igjen. Jeg forsøkte på alle mulige vis å bevege politiet til å løslate meg i 24 timer for å kunne hente pengene, men mine beveg-grunner var ikke sterke nok. Jeg tok saken i min egen hånd og rømte fra fengslet.


Når det gjelder lakenet som brast for rømling nr. 2, forstår jeg ikke dette på annen måte enn at lakenet har vært utsatt for stort rykk. Jeg veide 8 – 10 kilo mer enn nr. 2, men meg holdt det. Jeg la heller ikke merke til at lakenet brast – dertil var jeg for opptatt, og dessuten kunne jeg vel ikke godt gå hen å spjelke låret hans?


Rømningen var nok kjedelig for vaktmester og betjent, og at det nettopp skulle være disse som både er humane, greie og påpasselige. Men at de begge ikke kan lastes får en forståelsen av når det ikke tok mer enn ca 30 – 40 sekunder fra jeg gikk fra WC og til jeg var ved Våland skole.

De mennesker som jeg har vært i kontakt med under rømningsforsøket har som regel vært hjelpsomme og elskverdige. Den beste var nå likevel bonden som påtraff meg i hans hønsehus (hvor hønene holdt et sånt spetakkel bare fordi jeg flyttet litt på dem for å lete etter 2 – 3 egg), som så meg, men som ikke så meg, som gav meg en svær matpakke, men som ikke gav meg noe mat osv.


Well nu er det snart på tide at jeg lar politiet få tak i meg igjen. Det har vært noen hektiske og spennende dager, og det beste av alt: Jeg har lagt på meg 2-3 kg.


Vær hilset


Kaare Holm


Aftenbladet 22. juli 1959


Holm i snekke? Dette var tittelen på ei sak på fyrstesida rett under oppslaget om  rømlingen. Politiet opplyste at ei snekke var stolen frå Bjørnevik Slipp i Galeivågen. Meldinga fekk forventningane til å stiga innover i fjordane. Var Kåre Palmer Holm på veg til nye eventyr i Ryfylke?


Dette var blogg nr. 7 om den skapsprengar-sjarmøren frå Stavanger. Heng på! Det er mykje å blogga om ennå. Veldig kjekt når folk deler bloggen med andre!



onsdag 16. februar 2022

Kåre Palmer Holm blei spesialist på pengeskap i Ålesund

 



Kåre Palmer Holm blei spesialist på pengeskrin og pengeskap i Ålesund. Der lærte han seg å dirka opp pengeskap som hadde gått i vrangslås. Var rømlingen frå Stavanger på veg til gamle tomter på Sunnmøre?


Stavanger-avisene var fulle av Holm-stoff i desse julidagane i 1959 då han var på frifot. Kjærkomment for journalistane. Dette var midt i agurkt-tida. Ingenting skjedde. Folk var på ferie og i avisene hadde dei eit svare strev med å fylla avisene sine med lesbart stoff. Då rømte 36-årige Kåre Palmer Holm på spektakulært vis frå fengsel. Folk var heilt ville etter å lesa siste nytt om sjarmør-banditten.


Aftenbladet skreiv følgande 16 juli: "Folk vet nok at Kåre Palmer Holm er en dreven forbryter, men siden han aldri har øvd vold mot mennesker, regner de fleste med at han er ufarlig å komme ut for. Selv om han streifer fri omkring, nøyer folk flest seg med å låse døren, og de sover godt. - Det gjelder alle, unntatt banksjefene, var det en mann på Revheim-veien som sa i går kveld."


Tittel i RA 21-7-1959.



Folk i Haugesund meinte også dei hadde sett Kåre Palmer Holm, meldte Rogalands Avis. Politiet fekk telefonar frå folk som skulle ha sett han på Haglandsbussen. Politiet rykka ut, men då var den påståtte rømlingen borte.


Ein mann frå Skjold skulle ha sett Stavanger-mannen på Haukeliveien. Då hadde han fått haik med ein bil med svenske turistar på veg austover. "At det gjaldt en svensk bil, skulle bare bestyrke mistanken om at Holm satt i den. Hvis han har prøvd å haike, ville det naturligvis være større risiko ved å forsøke seg på en norsk bil. En svensk turist vet neppe om at Holm eksisterer i det hele tatt. Hvis det virkelig var den ettersøkte skapsprengeren som satt i bilen, vil han være over alle hauger nå, kanskje i Oslo eller på Sørlandet eller over grensen", skreiv RA.


Tittel i RA 22-7-1959.



Mest spennande var melding frå Ålesund: "Sunnmøre Arbeideravis har tilfeldigvis kommet over opplysninger som tyder på at Kåre Palmer Holm er godt kjent på Sunnmøre og at han bent ut har utdannet seg her til sitt senere virke.


En Kåre Palmer Holm ble i 1950 tilsatt ved en metallvarefabrikk i nærheten av Ålesund og beskjeftiget seg da bl a med reparasjon av pengeskrin. Han var også behjelpelig på legal måte å dirke opp pengeskap som hadde gått i vranglås. Han skal også ha hjulpet til med forskjellig annet finmekanikk-arbeide.


Under sitt opphold i distriktet fra 1950 til april 1952, da han flyttet til Stavanger, skrev han seg i folkeregisteret med tittelen ingeniør, men har også ved andre anledninger titulert seg som bedriftsleder.


En har drøftet om Kåre Palmer Holm forsøker å komme til gamle tomter, og undersøkelse har vært i gang, men ingen har sett noe til ham her oppe.


Politiet i Ålesund opplyser at etter de undersøkelser som er foretatt, foreligger det ikke noe om at denne Kåre Palmer Holm har foretatt seg noe straffbart under oppholdet i Ålesundsdistriktet."


Ei spennande tid i Stavanger. Dette var blogg nummer seks. Ennå har eg mykje igjen å blogga om. Hald ut viss du tykker dette er spennande.

tirsdag 15. februar 2022

Vidar fant Kåre Palmer Holm i høyet

 

Politiet på leit etter rømlingen i potetåkeren på Madla.

Kåre Palmer Holm-feberen gjekk rett i taket i Rogaland fredag 17. juli 1959. Rømlingen hadde overnatta i ei løa på Madla og Rogalands Avis (RA) hadde intervju med den unge Vidar Revheim som fant han på låven. Holm hadde rømt frå fengslet i Stavanger søndagen før. Alle var spente på kva han nå ville finna på.


Og politiet stakkar. Dei blei avbilda i RA mens dei rota rundt i potetåkeren på Madla. Men då var hovedpersonen sjølv over alle haugar. Den same fredagen publiserte Aftenbladet Imsland-teikningen der politiet er tildelt klovna-rollen. Ikkje rart at rømlingen blei ein slags lokal Gjest Bårdsen-figur.


Vidar Revheim fann Holm i 
høyet. I dag er han 84 år og
hugsar dette godt.Foto frå RA.

- Eg drøste med Holm i ein halv time. Ein koselege kar, men han ville ikkje seia kor han gøymer pengene, sa Vidar Revheim til RA. Han hadde fått seg ein alvorlege støkk då han plutseleg dumpa på ein fremmande kar i høyet. Holm stokk, han også. Men var først til å summa seg.


Han smilte til Vidar og sa: Ta det roleg, farr. Eg er Kåre Palmer Holm.

Dette var uventa, men etter at presentasjonen var unnagjort, sette Vidar seg ned i høyet og drøste med rømlingen i ein halv times tid. Til slutt sa Vidar at nå måtte skapsprengaren ta beina fatt før han varsla politiet.


Rømlingen var ubarbert, men hadde skifta til tørre klede på låven.


- Det var ein rektigt koselege kar. Det var nesten vondt å melda han. Ikkje for det, han fortalte at det var løye å driva ap med politiet, sa Vidar til RA.


Aftenblad-teiknar Henry Imsland mora seg også på politiet sin bekostning.



- Kan du ikkje i det minsta gi meg ein halvtime før du ringer til politiet, spurte Holm. Men dette avviste Vidar Revheim. Då tok han beina fatt.  Politiet kom til garden på Krossberg eit kvarter seinare.  Dei var for seine. Rømlingen var som sunken i jorda.


I dag er Vidar Revheim 84 år, men han hugsar godt då han fann Kåre Palmer Holm i høyet. Forresten fortalde han ikkje heile sanninga til avis for 63 år sidan. Han og mora gav rømlingen mat før han stakk av. Revheim hugsar stadig Holm som ein kjekk kar. 


Politiet rykka ut med store styrker til garden Solberg ved Krossberg på Madla. I tre timar finkjemma dei terrenget. Dei brukte sporhund også. Men det tok tid før hunden var på plass.


 Og dessuten var det andre som tok Kåre Palmer Holms parti. Kyrne på garden blei heilt rebelske då hunden nærma seg. Hundeføraren blei redd både for hunden og seg sjølv. Dermed mista dei sporet av rømlingen.


I tida som kom, strøymde det inn med meldingar frå folk som meinte dei hadde sett den etterlyste skapsprengaren. 


Ein mann som påsto han kjente Kåre Palmer Holmer sa til Rogalands Avis at hadde sett han på denne  ettermiddagen på Misjonsmarka i Stavanger. Han hadde nikka og smilt og såg ut til å vera i god form. Det gjekk tre timar frå mannen meinte han hadde sett den etterlyste, til han varsla politiet.


Dette var femte blogg om Kåre Palmer Holm. Eg har mykje stoff på lager. Det er berre å stålsetja seg for fleire opprivande opplysningar i dagane som kjem.

mandag 14. februar 2022

Kåre Palmer Holm med speedbåt til Austlandet

 

Med denne speedbåten skulle Kåre Palmer Holm til 
Austlandet på nye eventyr. Men han stranda på Jærkysten.
Bildet er frå Aftenbladet.

                           


Søkklasta med kontanter, 67 000 kroner, og med politiet i hælane. Ka gjørr du då? Då kjøper du speedbåt og stikk til Austlandet.


Det var truleg slik han tenkte, Kåre Palmer Holm, i april 1959. Han hadde skaffa seg flust med pengar etter å tømt pengeskapet på Sola postkontor. Men det var ingen fred å få på våre kanter. Han var etterlyst både for skapsprengninga på Sola og ein mindre vellukka sprengningsjobb på Finnøy.


Ka nytta det med mykje 
pengar, når du har politiet
etter deg, tenkte Kåre 
Palmer Holm.

Den raske kvitlakkerte speedbåten på 14 fot, kjøpte han i Sandnes for 6500 kroner. Den gjekk 25 knop. Lørdag 18 april la han ut frå Hafrsfjord i båten. Ifølge Aftenbladet var han godt utstyrt med klede, mat og brennevin. Han hadde også ein ryggsekk med verktøy og borar til mulige jobbar på veg til Austlandet.


Han hadde drukke nesten to flasker brennevin då han gjekk frå Hafrsfjord.


- Eg hugsar så vidt at eg gjekk frå Hafrsfjord utan å venta på ein sovepose som ein slektning skulle skaffa meg, fortalte han i Ryfylke herredsrett i desember 1959, ifølge Rogalands Avis.


Stavanger-politiet hadde fått greie på at rømlingen var på veg sørover med båt. Politiet i Egersund blei varsla og dei gjekk ut med to båtar med fire politifolk om bord.


Men Kåre Palmer Holm kom ikkje så langt at han møtte politifolka frå Egersund. Någe gjekk gale. Han og speedbåten enda i strandsteinane på Nærland på Jæren. Sjølv hugsa han lite og ingenting frå heile turen.


På  Nærland vassa Holm i land. Det draup både vatn og blod av mannen då han kom inn i det første og beste huset han såg seint på laurdagskvelden. Der ville han låna telefon.


Mannen i huset, Arne T. Nærland, fortalte til Aftenbladet dagen etterpå at han hadde høyrt i radioen om ein mann som var etterlyst og fatta mistanke.


Holm sa at han var på week-end-tur. Han pleide å ta seg ein tur i helgene enten på båt-tur eller i fjellet.


Nå måtte turisten ha drosje og han fekk låna telefonen. Då han skulle betala for seg drog han opp ei klype med pengesedlar, både 50- og 100-krone-sedlar.


Drosje-sjåfør Erling Salte kom til Nærland og henta Holm. Sjåføren tenkte at dette var ein bymann som hadde dradd på fisketur og hadde fått litt for mykje sterke saker innabords.


- Karen var ikkje snakkesalig lenger då han hadde sett seg til rette i bilen og duppa av.


Drosjesjåfør Salte fekk ein mistanke om at det var ugler i mosen. Kunden hadde ikkje oppgitt kor han ville hen i byen. Difor tenkte sjåføren at han kunne avlevera Holm til ein politi på Torget i Stavanger. Men han kom ikkje så langt. Politiet stoppa drosjen i Hillevåg. Store politistyrkar var ute på jakt etter rømlingen.


Nå var Kåre Palmer Holm forkommen. Han hadde hatt eit betydeleg blodtap og måtte på sykehus før han kunne puttast i fengsel igjen. Han var ikkje i stand til nye sprell på ei stund.


Det gjekk tre månader før han han rømte igjen i slutten av juli.


Dette var fjerde bloggen, men langt frå siste, om Kåre Palmer Holm. Ein heilt spesiell type som mange stadig hugsar. Eg har brukt reportasjane som sto i Aftenbladet og Rogalands Avis om denne mannen i 1959, som kjelde til mine skriverier. 

søndag 13. februar 2022

Kåre Palmer Holm – utkledd som «døvstum kvinne»


Kåre Palmer Holm fekk rikeleg avis-omtale i 1948 då han var på rømmen utkledt som kvinne. 

 


For kort skjørt og for mye hårvekst på beina avslørte «rømningseksperten» Kåre Palmer Holm då han var på rømmen i Trøndelag, utkledd som kvinne som verken høyrte eller kunne snakka. Den ettersøkte Stavanger-mannen blei tatt av polititet på Røros-toget på Trondheim stasjon.



Denne meldinga gjekk landet over i august 1948. Forkledninga var så spesiell at heile stasen kunne havna på kriminalmuseet, sto det i avisene. Det ville då bli laga ei voks-dokka i full Holm-størrelse med nøyaktig kopi av ansiktet, sminka og stasa opp som kvinne. Håret ville bli dekka av det raude skautet og ellers ville figuren bli iført både damegenser, skjørt og hofteholdar. Men dersom klærne var tjuvagods, skulle dei tilbake til eigaren.


I Rogaland blei han ein kjendis for folk flest fyrst ti år seinare etter at han blei mistenkt for skapsprengningar på Sola postkontor og i Finnøy sparebank.


Så det var ein landskjent vinningskriminell som brått sto som ein fri mann på Lagårdsveien i Stavanger ein søndags føremiddag i juli 1959. Han hadde firt seg ned frå taket ved hjelp av eit tau laga av lakenstrimler og tatt seg over eit høgt gjerde ut på gata. Ikkje ein kjeft hadde sett han, verken tilsette i fengslet eller naboane. Nå kunne han stikka av igjen. Kva ville gentlemannsforbrytaren finne på denne gongen?


Sikkert litt pinligt for politiet og resten av øvrigheta at Kåre Palmer Holm var ute på farten igjen. Folk flest såg vel fram til spennande oppslag i avisene i dagane som kom. Forventningane blei heilt sikkert innfridde! Det blei ein flukthistorie og politijakt med tilhøyrande pressedekning som ein ikkje har sett maken til i Rogaland, verken før eller seinare.




Mediakjøret med Kåre Palmer Holm i hovedrollen starta etter skapsprengningen i 
Finnøy sparebank natt til 11. april 1959. Saman med ein kamerat drog dei med motorbåt til Finnøy og tok seg inn i banklokala der planen var å tømma pengeskapet for alt av verdi. Men skapsprengar Holm greidde ikkje jobben. Det blei gjort så stor skade på døra i safen at dei tilsette i banken heller ikkje greidde å åpna døra. Det gjekk fleire dagar før spesialistar klarte å åpna pengeskapet.

Kort tid etterpå var Holm på ferde igjen. Då sprengte han safen på Sola postkontor og fekk med seg 30 000 kroner.


Politiet meinte det var same folka som sto bak begge desse jobbane. Då gjekk dei ut med etterlysning med navn og bilder av dei mistenkte.


Året før, i mai 1958, var Holm dømt til 18 månaders fengsel i Gulating lagmannsrett for innbrot hos Herredskasseraren i Randaberg, innbrot og tjuveri på Sola trygdekontor og Sola Elektro. På Randaberg hadde han fått med seg 38.000 kroner.


Denne saka hadde Kåre Palmer Holm begjært gjenopptatt. Av den grunn var han på frifot.


Men då han blei mistenkt for skapsprengning på Finnøy og ein liknande og meir velluka jobb på Sola, var det slutt på anonymiteten for Kåre Palmer Holm. Nå blei alle i Rogaland kjent med han. Den 36 år gamle Stavanger-mannen blei ein av dei mest omtalte menn i fylket resten av 1959.


Dette var tredje bloggen min om Kåre Palmer Holm. Kjem snart meir om denne spennande mannen som for alle oss som var unge og lovande i 1959.

lørdag 12. februar 2022

Rømmingseksperten Kåre Palmer Holm laga flukt-tauet av laken-strimler

Det provisoriske tauet laga av laken-strimler, rauk då 
kameraten til Holm skulle fira seg ned frå taket. Bildet
sto på fyrstesida på Aftenbladet dagen etter flukta.

 

Koss klarte Kåre Palmer Holm å rømma frå Stavanger kretsfengsel utan å bli oppdaga? Kunne tru han hadde fått ideen ved å lesa Donald Duck. Ei klassisk røvar-oppskrift.


Han og makkeren hadde lurt seg opp på loftet på fengslet og derfrå ut på taket. Dei to hadde med seg eit sengelaken. Det reiv dei opp i strimler og laga eit provisorisk tau. Surra dette rundt skorsteinen og kasta det utfor taket og ned i bakgården. Så var det klar – ferdig – gå. Stikk av!


Kåre Palmer Holm var førstemann som firte seg ned i bakgården. Han kom velberga ned. Men kameraten hadde uflaks. Laken-tauet slitna då han hadde passert takrenna. Dermed ramla han ned og brakk lårbeinet.


Kåre Palmer Holm blei etterlyst i alle aviser.



Dermed stakk Holm av åleine mens kameraten havna på sjukehuset etterpå. Søndag 12. juli 1959 sto rømlingen ute på fortauet på Lagårdsveien i Stavanger midt på blanke formiddagen. Fangevoktarane hadde ikkje fått med seg nokon ting.


Dei to rømlingane sat varetektsfengsla sikta for skapsprengning i Finnøy sparebank tidlegare på året. Kåre Palmer Holm var også sikta for skapsprengning på Sola postkontor der han hadde fått med seg 67 000 kroner. Desse pengane var ikkje komne til rette. Holm hadde også andre skapsprengningar bak seg.


Aftenbladet publiserte dette signalementet på Holm:


"Kåre Holm er 36 år, 179 cm høy, slank legemsbygning, mørkt blondt, noe kruset hår, frisk brun, ansiktsfarge, liten nese, smal munn, litt fyldig overleppe og spiss hake. Ytterste ledd på venstre langfinger mangler.


Ved rømmingen var han iført brun dress med mørke striper i, gråblå sko. Han var barhodet. Han snakker Stavanger-dialekt."


Toppen av Aftenbladet mandag 13. juli 1959.



- Ein kjedeleg historie, sa kriminalsjefen ved Stavanger politikammer, politiadjutant Egil Breen, til Aftenladet. Han rekna med at rømlingen snart ville vera bak lås og slå igjen.


Men avisa hadde fleire kritiske spørsmål:


- Men hvordan kunne fangene komme opp på loftet?


-Det har skjedd i et ubevoktet øyeblikk og slike øyeblikk kan forekomme selv i et fengsel.


- Brukes det ikke fangedrakter?


- Ikke i mindre fengsler og iallfall ikke i Stavanger.


- Men fangene sitter vel i celler?


- Det gjør de selvsagt, men de får jo komme ut av cellene av og til, til lufting og til arbeid. Det er mangt som tyder på at rømningen har vært planlagt og så har de tatt sjansen når den bød seg.


- Det er ikke noen i nabolaget som har sett fangene på taket?


-Nei merkelig nok er det ikke lagt merke til, på tross av at det hendte midt på formiddagen.


Ein dag etter rømminga hadde ikkje Stavanger-politiet anelse om kor rømlingen var. Denne rømlingen var ingen kem-som-helst. Han hadde vore på frifot før. Dette skal eg skriva om i den neste bloggen.


fredag 11. februar 2022

Banditt-sjarmøren Kåre Palmer Holm

 


Rogalands Avis rydda fyrstesida då Kåre Palmer Holm blei arrestert på Tau. Avisa
hadde folk på kaien då rømlingen steig i land frå rutebåten i Stavanger og blei
kjørt i drosjebil tilbake til fengslet på Lagårdsveien. 


HOLM – fakket på Tau, meldte Rogalands Avis. Fyrstesida var rydda for den store kriminal-saka som heile Rogaland og halve Norge var oppslukt av. Den hadde pågått i nærare to veker då banditten Kåre Palmer Holm blei tatt av lensmannsfolka på Tau onsdag 23. juli 1959.



36-årige Holm rømte frå fengslet på Lagårdsveien i Stavanger søndag 12. juli og hadde leika katt og mus med politiet i dagesvis då han blei funnen sovande i ein motorbåt på fjorden utanfor Tau. Alle avisene brukte stor plass på politijakta og lesarane blei svært engasjerte i saka. Det verste av alt: Det store fleirtalet var heilt på rømlingen si sida. Mange var litt leie seg då han blei arrestert så pass fort.


Aftenblad-teiknar Henry Imsland kommenterte også politi-jakta på rømlingen. 



Stavanger-mannen Kåre Palmer hadde vore ein kjenning av politiet, journalistane og avislesarane i mange år då denne rømmehistoria foregjekk i den beste agurktida i juli 1959. Kriminell var han, men ikkje farleg, blei det sagt. Skapsprengningar, innbrot og all slags tjuveri. Og så var han på rømmen rett som det var.


Etter å ha overnatta i diverse løer i Stavanger-området dei dagane han hadde vore på frifot, var gentlemans-forbrytaren nå på veg mot Ryfylke. Han stal ein motorbåt på Hundvåg og sette kursen innover fjordane. Men han fekk motorstopp utanfor Strandalandet og la seg like godt til å sova i kahytta.


To guttar frå Jørpeland, Helge Thorsen og Tor Sander Helland, var ute på fisketur. Dei oppdaga båten og trudde den var tom. Dei tok båten på slep inn til Tau. Den alltid vakne forbruksbestyraren på Tau, Johannes Stensen, oppdaga mannen i kahytta og ringte til lensmannskontoret i Strand.


Lensmannsbetjent Skjørvestad med lensmann Haugen hakk i hæl var raskt på pletten og tok hand om den berømte rømlingen.


Journalistane i Stavanger fekk fort greie på at jakta på Kåre Palmer Holm nå var slutt.


Politifolk frå byen kom til Tau og tok med seg rømlingen på rutebåten «Fjordbris» tilbake til byen om kvelden. Rogalands Avis sin mann, Kjell Langholm, var på kaien og fotograferte og rapporterte slik:


"Holm var kledd i kofte og en gammel overall, men var ellers bar på overkroppen. Han var skjegget og virket trøtt. Likevel smilte han og vinket til tilskuerne som på et øyeblikk samlet seg om opptoget fra båten til drosjen.


- Hallo, ropte han muntert, da navnet Holm ble nevnt fra flere kanter.


Så gikk han rolig inn i drosjen og satte seg sammen med politifolkene."


Og avisa fekk med seg at det var sjåfør Brattås som sat bak rattet i drosjebilen. Bildet av han kom også med på fyrstesida dagen etterpå.


Tenk det, du. Det var ikkje ein politibil som venta på kaien i byen. Politiet brukte drosjebil då dei frakta rømlingen tilbake på cella i fengslet på Lagårdsveien.


Det kjem fleire Holm-bloggar i tida som kjem!


Kommentarer på Facebook:

Stein Tau Strand Auestad

Kåre hadde sin egen "båt" på Tau. Det var en gammel seng som han hadde tettet og tjærebredd. Den lå han og rodde i ute ved Skarvasteidnane. Senere mener jeg å huske at han fikk seg en liten motorbåt.

Jostein Johansen
Snakket mye med Kåre, var hjemme hos han på Storhaug, synd han omkom i brannen i hjemmet sitt

Svein Arild Aukland
Forstår det slik at han var bosatt i Botnehagen på 80 tallet. Vår familie har nå dette som hytte. Veldig interessant.

Liv Langeland Eielsen
Holm hadde hytta i nærheten av oss. Huska han og broren lånte robåten vår i Krossvatnet for å fiska. Huska og godt "følgjetongen" i avisene og når han blei tatt. Någen år seinare spurte han meg og någen andre jenter på ferja om me ville ver med han å gjera reint i hytta og ha fest ittepå. Men d ville me ikkje.

Egil Eriksson
Ja, det var 14 hektiske dager og netter, på jakt etter “ Holmen”. Spennende å følge jakten på ham med motorsykkel i min tidlige aviskariere .
Han ble «sett» overalt, på sykkel, i høyløe og i kornåkeren. «De e ikkje tale om at hynså vil verpa så lenge Holmen e fri «,- sa bonden på Håland.

Lisbeth Rimestad Løyning
Husker godt han. Var på ferie i hytta i Sirdal da og lurte på om han kom oppover den veien... veldig spennende og følge han i avisen hver dag husker jeg

Astri Lunde
Han hadde stjålet min Fanakofte på Ideal hermetikkfabrikk hvor jeg hadde sommerjobb.Det er denne vi ser på bildet.

Evy Gismervik
Har hørt mye om ham , han var bror til kona til min fars søskenbarn.

Olav Norås
Fine mann….kjørte oss unger i kassen på motorsykkelen (125 sacks) rundt på Kyvismarkå.
Kjekt å vokse opp på Risbakken

Jørgen Risdal
I min barndom blei det refert til mor til Kåre Palmer, som alltid bad foreningsdamene som kom til henne, om å ta med verdisakene inn i stova. Ho visste at sonen var kleptoman.

Geir Kleppa
Han bodde en stund i ei hytte mellom Erikstraen og mølla på Tau. Husker at vi som unger synes det var litt skummelt å være i området ved hytta.

Erik Falkeid Asbjørnsen
Kjekke lesing. Minnes «Holmen» fra Risbakken i Stavanger på -50 tallet, som en snille mann.
Vi ungene i gata fikk vite han var tyv, men ikke farlig.
Ga oss 1. krone og klappa meg på hodet, kjøp noe godt sa han. Var fest i godtebutikken til Wietfeldt i Langgata dengang. Minner som aldri glemmes!