onsdag 29. juli 2015

Sommarbåt-sjalusi i Sandnes i kveld?

"Sandnes" var "Sjøkurs" frå 1995 til 2007.

Når Sommerbåten til NRK kjem til Sandnes i kveld, ligg nok det gamle nattruteskipet "Sandnes" strategisk plassert i den same havna. For "Sandnes" har vore forgjengaren for nåverande "Sjøkurs" både som "Sjøkurs" og "Gann". Kan det bli eit sjalusidrama i Sandnes i kveld. 

Frå 1950 til 1974 gjekk "Sandnes" som nattruteskip mellom Stavanger og Bergen. Kvar natt var den innom akkurat dei same kaiane der Sommerbåten låg både på Stord og i Haugesund. Då nattruta blei nedlagt i 1974 blei "Sandnes" brukt til losjiskip ein kort periode før den i 1977 blei til skuleskipet "Gann" med base på Tømmerodden i Stavanger. 


"Sjøkurs" var "Gann" frå 1995 til 2007.


I 1995 kom det tidlegare hurtigruteskipet "Ragnvald Jarl"  til Stavanger og overtok jobben som "Gann". Då gjekk den tidlegare "Sandnes" til Randesund rett utanfor Kristiansand der den skifta navn til  "Sjøkurs" og blei nytt skuleskip på Sørlandet. 

I 2007 var det tid for ein ny "Gann". Nå kom nok eit hurtigruteskip til Stavanger som skuleskip. "Narvik" erstatta "Ragnvald Jarl" som igjen erstatta gamle "Sandnes" som "Sjøkurs".

Dermed skjedde underet: "Sandnes" kom igjen som "Sandnes" etter 33 års skuggetilvere som "Vikingfjord", "Gann" og "Sjøkurs". Nå ligg "Sandnes" med sine gamle fargar stort sett i Vågen i Stavanger til vanleg. Men i kveld tippar eg du finn båten i Sandnes.

 "Gamle Salten" har også vore  "Sjøkurs".

 Eg føler eit stort ansvar for å opplysa mine lesarar. Når me er inne på "Sjøkurs"-skip er det litt meir å leggja til. Då den tidlegare "Sandnes" kom til Sørlandet for å bli ny "Sjøkurs" i 1997, var det ein båt som blei ledig. Den havna i Stavanger som "Gamle Salten". Ny eigar blei Ryfylke Dampskibsselskab med primus motor Kåre Olavesen.  "Gamle Salten" er nå i Bodø der den opprinneleg kom frå. Der var Kåre Olavesen og kompani kjøpte tilbake "Sandnes" i 2007 og selde  "Gamle Salten" nordover.

Det var alt.









søndag 12. juli 2015

Trådlaus gambling under dyna i båten

Her på Vadholmen kunne eg tippa trådlaust. Skremmande lettvint.

Slår opp auene og famlar etter padden ved sida av køya. Må finna ut kva klokka er. 8.33 står det svart på kvitt. Kanskje ein tanke å sjå kva det står i nettavisene i dag.

Slik er det å vera båt-turist nå for tida. Sjøl ein gammal bestefar som meg er blitt utstyrt med nymotens teknologi som gjer livet både papirlaust og trådlaust.

Dermed ligg du der under dyna og klikkar og les. Om krisa i Hellas og all slags anna sørgeleg eller viktig. Eg festa meg ved ei sak i Bergens Tidende. Ein 25-åring frå Os har vunne over 90 millionar kroner på nettgambling. Han må betala 25 millionar i skatt av gevinsten. Slik går  det når du sviktar Norsk Tipping og brukar utanlandske bettingselskap.

Sjøl har eg aldri betalt skatt av tippegevinstane mine, men eg har ikkje vunne noko særleg heller. Dessutan er eg trufast mot Norsk Tipping der alle gevinstane er skattefrie.

 - Men hallo. Det er lørdag. Eg må tippa, Kan like godt gjera det med ein gong, seier eg til meg sjøl. 

Så ligg eg altså der under dyna og klikkar meg inn på denne velsigna tippe-appen og leverer ein fem vekers lottokupong. I gamle dagar måtte eg gå ned til damene på Prixen på Randaberveien på Tasta for å gambla.

Nå kan du befinna deg i hytta-heiti, Vadholmen i Sandnes kommune i mitt tilfelle, og likevel ordna dine gamble-behov. Det einaste du treng, er mobildekning.  Utviklinga har gått så langt at det kan vera for langt. Lever me i dei siste tider eller?

Ein ting er i allfall sikkert. Du får ikkje meir flaks av all denne utanlandske elektronikken. Eg vann ikkje ein skit i lotto i går.

Meir teknologi. Barn og barnebarn har skaffa seg droner. Dei kan dei bruka til fotografering. Ta luftfoto. Dette er veldig in for tida. Eg klauv opp på ein knaus på Vadholmen og tok bilde av båtane ved Ryfylke friluftsråd si brygga. Bildet markedsførte eg som dronebilde både overfor familien og på facebook. Opptil fleire gjekk på bløffen.

Grensa for meg går lenge før drone. Eg hadde aldri fått ein slik tingest til å letta. Slett ikkje til å fotografera.

Ha ein strålande dag!
















torsdag 9. juli 2015

Sol, regn, nordavind og nugatti.

To minutt sol er nok til å starta badelivet på Skartveit.

Heldigvis har eg flyskrekk. Derfor finst det ikkje nordavind nok til å skremma meg på  sommarferie til Syden.  Eg truar med meg resten av familien på båttur uansett. 

Denne sommaren er det kånå og dei to jente-barnebarna som er mannskap. Dei har holdt ut med sur skipper, piskande regn, iskald nordavind og litt sol innimellom. 

Med ein gong sola får sleppa til mellom grå og trugande skyer, går alarmen om bord. Då er det av med stillongs og ullundertøy og på med sommartøyet og badeutstyret. Full fart mot nærmaste badeplass.

Akkuratt nå har det vore 20 minutt med sol på Skartveit. Farmor og jentungane storma rett mot den vesle badestranda ved båthavna. Dei vassa og dukka og skvetta vatn på farfaren som syntes det var kaldt nok å fotografera dei badande før han trakk seg tilbake til båten der det ikkje var meir enn passeleg varmt under kalesja. 

Sju minutt seinare rista heile båten på grunn av frøsne barnebarn som hakka tenner. 

- Her på Skartveit snur sola opp og ned på heila greiå. Med solskinnet strøymer det til med folk. Heile havna, all uteplass, kafeen og butikken blir full av folk på eit øyeblikk, seier Anita Ørnes som styre heile turist-Skartveit.

Sist lørdag gjekk me i strålande vêr frå Jørpeland og hadde kurs for Skartveit. Pirfullt. Dette er tydelegvis in-havna for tida. Fleire båtar låg der alt då me kom. Dei var på jakt etter eit lite innsmett. Løysinga blei Eidssund på Ombo. Du kan seia mykje godt om Ombo og Eidssund. Men det er ikkje Skartveit. 

Nedstrand har mykje, trampoine også.
Havskodda kom sigande på søndag føremiddag. Eg går ikkje frå land i tjukk skodd. Men når den ikkje er tjukkare enn at du ser Nord-Hidle frå Omo, då går eg. Me peisa på innover fjorden. Då me kom til land, viste det seg at me var på Nedstrand. Når du kjem til ei båthavn der den nærmaste Joker-butikken heiter Rasmussen, då er du på Nedstrand.  

For å vera litt seriøs: Nedstrand er ei av dei mest attraktive gjestehavnene i heile Ryfylke for tida. Her er det to butikkar, kafe, hurtigbåtanløp og ferjekai. Ferjer og hurtigbåtar som kjem og går er uslåeleg tidtrøyte.Ikkje var det langt å gå til badeplassen heller. Men me skal ikkje klaga på dei andre havnene: Jørpeland, Ombo, Helgøysund, Haugesund, Skartveit. 

Sommarferien blir ikkje den same utan Nugatti.
Det har gått utruleg godt å ha med barnebarna på tur. Dei har vore flinke å leka og har kosa seg. I ferien har ikkje kostholdet vore så strengt som ellers i året. Nugatti til frokost, var strålande greier. 

Sola kjem og går. Nå ventar me på straumen av turistar som skal fylla opp rundt oss på Skartveit. 

Velkommen etter,