torsdag 30. mars 2023

Jakta sølvkanner på Hylsstranda!

 

Litle-Lars med Løland-kanna. 



Bøndene på Hylsstranda i Ryfylke var så velståande at dei hadde flotte sølvkanner på omtrent kvar gard. Det var ikkje utan grunn at denne sida av Hylsfjorden blei kalla for Sølvkannestranda.


Aftenblad-journalist Oddvar Lavold gjorde eit poeng av dette då han laga ein heilsides reportasje frå veglause Hylsfjorden i november 1962. Nokon stor mengde av verdifulle kanner var det ikkje lenger på den tida, men det skulle vera tre igjen. Hylsfjorden høyrer til Suldal kommune sjølv om dei nå har hatt veg til Sauda i snart 50 år. 


Lavold oppsøkte eigarane, men fekk berre teke bilde av to. Den tredje sølvkanne-eigaren, Johannes Tjelmeland, var ikkje heime. Han dreiv med frukthausting og hadde teigar med frukttre både her og der.


På Indre Bjerga hadde det vore tre kanner i si tid. Dei blei stolne, blei det fortalt. Kannene havna i fjorden. Tjuvane søkkte dei på havsens botn då dei var blitt oppdaga og blei forfølgde av eigarane.


88-årige Lars Fatland viser fram den flotte sølvkanna som hadde vore på utstilling i Paris.



88-årige Lars Fatland synte stolt fram ei diger sølvkanne til journalisten. Den var så flott at den hadde vore på utstilling i Paris i si tid, kunne eigaren fortelja. Han hadde fått eit bod på 2000 kroner, men han meinte at kanna var meir verdt enn som så. 2000 kroner i 1962 tilsvarar 27594 kroner i 2022 viser priskalkulatoren til Norges Bank.


Kor gammal Fatlandskanna måtte vera, var det ingen som visste. Det sto 1721 på ein slags medaljong som var sett inn i loket. Men eigaren meinte at kanna måtte vera eldre enn som så.


På Løland fann journalisten den neste kanna på garden som Lars Løland og kona Ingeborg dreiv på den tida. Det var litle Lars, neste generasjon, som kom berande ut med sølvkanna. Han blei fotografert med den gromme kanna framføre huset der diktaren Rasmus sat og skreiv. Diktarhuset kom ikkje med på bildet. Berre sylvkanna.


Det er mange flotte bilder på denne heilsida i Aftenbladet. Ingen er å finna i avis-arkivet. Journalisten tok heller ikkje vare på dei. Kan det vera folk som sikra seg slike avis-bilde til sine samlingar. Det hadde vore spennande å vita. Ta gjerne kontakt med bloggaren!


Hylsfjord-reportasjen i Aftenbladet 20. november 1962.


torsdag 23. mars 2023

«Fjordbris» - klar til avgang frå Sauda til Stavanger

 

"Fjordbris" klar til avgang frå Sauda i juli 1961. Doris Lavold og dottera Gro smiler til 
fotografen. Matros Harald Børve styrer vinsjen. Foto. Oddvar Lavold.


Endeleg eit bilde for ein fjordabåt-nerd. Her ser du Doris Lavold og den to og eit halvt år gamle dottera Gro på promenade-dekket på «Fjordbris» som vinsjar om bord det siste hivet før den skal gå frå Sauda på ettermiddagen ein julidag i 1961.


Kaffor veit eg at båten er «Fjordbris»? Jo, for eg kjenner igjen matrosen som står på sida av passasjerane og kjører vinsjen. Dette er Harald Børve frå Hjelmeland. Han var fast mann på denne båten i aldri så mange år.


Ein flaggsmykka "Fjordbris" passerer Sand.

 

«Fjordbris» var ny i 1948. Den gjekk i fast rute på Strandalandet - Tau, Solbakk, Jørpeland, Idse og Idsal like fram til den nye ferja «Tau» blei sett inn i Tau-sambandet våren 1961.


Då gjekk «Fjordbris» over i Sauda-ruta. Kvar morgon gjekk båten frå Stavanger til Sauda og tilbake til byen igjen etter ein halv times stopp i industri-bygda heilt innerst i Ryfylke. Systerskipa gjekk i same ruta. Dei møtte kvarandre som oftast og veksla eit vink frå det eine styrehuset til det andre, men låg på kvar sine endestopp på nattestid.


Den hvite flåte i sommarruta til Stavangerske i 1961.


Dei to båtane var så like at Stavangerske ikkje spanderte kvar sitt bilde på dei to skipa i det flotte rutebåt-galleriet dei hadde i sommarrutene sine på den tida. Dei måtte dela eit bilde der begge navna var påførte.


Sauda-ruta på mandagane sommaren 1961.



Bildet av Doris og Gro Lavold fann eg i eit familie-album som eg fekk låna av dei.


- Eg kan ikkje hugsa denne turen med «Fjordbris» i juli 1961. Ein månad seinare flytta me til Sauda. Mannen min, Oddvar, var tilsett som journalist på Aftenbladet sitt nye Ryfylke-kontor, seier Doris.


Dei kan ha vore på ein rask tur inn for å sjå på leiligheten der dei skulle flytta inn i august. Den låg i Fridomsvegen og huseigar var Ingebrigt Botnen.


For danskfødde Doris var det ganske eksotisk å flytta til Sauda heilt innerst i Rylfylke-fjordane. Mindre eksotisk blei det ikkje den påfølgjande vinteren. Saudabuane snøa ned. Det hadde ikkje vore så mykje snø på aldri så mange år. Mannen, Oddvar Lavold, skreiv metervis med avisspalter om all den ugreia som snømengdene medførte.


Men i juli 1961 kom Lavold-familien trygt fram til Stavanger med «Fjordbris».


Den elegante fjordbussen heldt det gåande fram til 1975. «Fjordbris» blei utrangert og enda sine dagar på Tømmerodden på Buøy. Der blei den brukt til brannøvingar ved sikkkerhetskurs for elevar på Stavanger maskinistskole.

tirsdag 21. mars 2023

«Jøsenfjord» påkosta 40 millionar i Kristiansand. Kjem innom Stavanger til sommaren.

 

"Jøsenfjord" ved Jorenholmskaien i Stavanger på 1970-talet. Her er den blitt DSD-båt.
Foto: Kåre Lindboe.


I mai 2015 blei gamle «Jøsenfjord» taua frå Ryfylke til Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter i Kristiansand. Til sommaren, åtte år og 40 millioner kroner seinare, vil veteranbåten avleggja Stavanger eit kort besøk før ferda går vidare til Norheimsund. Der vil båten også bli liggjande i fleire år til den er ferdig restaurert.


- I Kristiansand er alt stålet på skroget og salongdelen sett i stand. Akkurat nå pågår det sandblåsing og så skal det malast. Deretter skal Bragdøya kystlag leggja ny dørk i salongen. Planen er at alt dette arbeidet er ferdig i løpet våren slik at «Jøsenfjord» kan gå ut av dokken på Bredalsholmen i mai eller juni, opplyser Lars Randa, styreleiar i Jøsenfjord Rutelag AL.


Ein ung Jan Skaar på vakt i maskinen på "Jøsenfjord". Onkel-ungen Kurt Thu er med.
 Foto: Jan Thu.



Torsdag skal det vera årsmøte i andelslaget som arbeider for å setja «Jøsenfjord» i stand slik at den kan segla rundt i Ryfylkefjordane i fordums glans. Årsmøtet vil føregå på «Rogaland» som ligg i Vågen i Stavanger.


Førebels er det uklart kor lenge båten vil bli liggjande i Norheimsund ved fartøyvernsenteret der. Her skal det leggjast dekk og fornya treverket. Så snart det kjem meir penger inn på kontoen, vil arbeidet starta. Førebels har ikkje Riksantikvaren sagt frå kor mykje pengar det blir til «Jøsenfjord» dette året.


- Til dekk og treverk vil det gå med minst fem millionar kroner. Deretter skal det lagast ny salong og motoren skal overhalast og setjast i stand. Det er pengene som styrer alt, seier Lars Randa.


Styrehuset til «Jøsenfjord» står klart, ferdig restaurert på Engøyholmen i Stavanger. Det skal setjast om bord i båten når den kjem innom Stavanger til sommaren. Planen er at også alle interesserte skal få høve til å sjå båten før den blir taua vidare til Hardanger.


"Jøsenfjord" slik den såg ut i 1930-åra.



Rutebåten «Jøsenfjord» blei bygd ved Christiansands Mekaniske Verksted i 1886. Då fekk den navnet «Lindesnæs» og blei sett inn i rutefart mellom Kristiansand og Farsund. I 1930 blei båten seldt til Jøsenfjord Rutelag i Stavanger og blei omdøypt til «Jøsenfjord». Nokre år seinare blei dampmaskinen skifta ut med ein semidiesel frå Wichmann motorfabrikk på Rubbestadneset.


I 1975 overtok Stavangerske alle fjordabåtane til Jøsenfjord-selskapet. I 1978 blei «Jøsenfjord» seldt til utlandet. I 2011 var det lokale entusiastar som henta båten heim igjen frå Nederland. Båten kryssa Nordsjøen for eigen maskin.

torsdag 16. mars 2023

Lavold om livet på Aftenblad-kontoret i Sauda

 

Aftenbladet sitt Ryfylke-kontor i Sauda fotografert i 1968.


Oddvar Lavold blei spurt om å skildra livet på Saudakontoret for sine kolleger i Stavanger. Her er rapporten som sto i det interne bedriftsbladet sommaren 1963. Resten er rein avskrift:


Aftenbladets utpost i nord


Aftenbladets Ryfylkekontor har sin beliggenhet to meter ut i Rådhusgata i Sauda etter reguleringsplanen av 1926. Etter alle de nye reguleringsbestemmelsene aner jeg ikke hvor kontoret ligger.


Huset vi holder til i, er fra før århundreskiftet, men kontoret er innredet ved interiørarkitekt Halvorsens hjelp. Det er seks ulike tapeter på veggene og to farger i taket. Malerne fikk latterkrampe da de så tegningene første gang. Særlig lo de over at det skulle være to farger på do. Men det ser bra ut.


Aftenbladet hadde kontor her frå 1961 til 2001. Det står 1962 på skiltet. Det er feil.


Før var her tollbu, og tollerne frøs så på føttene at vi har fått 20 cm glassvatt i gulvet. Vi har ført statistikk over hvor mange som har vært inne for å hente pakker på toll-deklarasjoner. Den siste var en dame for en uke siden. Hun var nummer 26 på de to årene kontoret har vært til.


Kontoret ble åpnet med kaffe og smørbrød til alle som stakk innom 1. september 1961. Hele Sauda stakk innom med ordføreren i spissen (vår korrespondent Erling Larsson) og stortingsmann Remseth fra Arbeiderpartiet, så det er helst idyllisk.


Vi har kommet oss etter denne første dagen.


Dei to Aftenblad-folka i Sauda i 1961. Kontormann Sigvart Løland, til venstre, og journalist
Oddvar Lavold.


«Vi» omfatter Sigvart Løland og undertegnede. Løland er avd for abonnement, annonser, sinte abonnenter, bud, regninger på kaffe som vi kjøper på nabobutikken, mens jeg putler og skriver.


Det er lite snø her for øyeblikket.


Utenfor kontoret står det alltid fullt av folk og kikker på bildene i utstillingsvinduet. Det er Saudas mest populære vindu. Det er lett å arbeide her i Sauda. Aftenbladet har flere abonnenter enn alle andre blad tilsammen bort sett fra «Ryfylke» som kommer ut en gang i uken. (Det er ellers en plage med alle abonnentene. Vi har ti bud her nå, og noe gale er det støtt).


Jeg er perlevenner med «konkurrentene», både redaktørinnen i «Ryfylke» og Rogalands Avis sin korrespondent og en annen kar som er korrespondent for resten av landets aviser med få unntak nær.


Det er ellers uhyre få nyheter av sensasjonell karakter her, så lenge vi ikke har streik. Vi har så elendige veier at det aldri skjer alvorlige trafikkuhell. Sauda er både såkalt industristrøk og har skole for det en før kalte vanartede børn, men kriminalstatistikken nevner ikke Sauda. Forsyne meg kan vi få kjøpe øl på kafé her.


Men nyhetene blir helst om gjenvalg i de 320 foreninger og lag her inne, om veier som er stengt og åpne igjen når nyheten omsider kommer til Stavanger via brutte telefonlinjer og islagt fjord.


Alle journalister burde hatt et halvt års tid på avdelingskontor. På den tiden ville de ha lært mer om alle de andre avdelingene enn på et helt liv som journalist i redaksjonen! Her på kontoret oppdager vi til forbauselse at de jobber som hester i de andre avdelinger også, at de har haugevis med vanskelige saker å stri med og at de forsyne meg er like kloke som oss selv!


Og så oppdager en journalist at verdens sentrum flytter seg etter hvor en er. For oss er Ryfylke verdens sentrum, for de i hovedredaksjonen er det Kirkegata.


«Kontortid 9 – 16 og ellers når døra er åpen», står det på Ryfylkekontorets dør. Det har ført til at jeg har mottatt bladpenger kl 2.30 på natten og for et par uker siden kjørte jeg rundt med seks aviser klokken ett om natta. Ellers må Løland og meg ofte på kaien og ordne med aviser som ikke er kommet i land eller ikke er blitt bragt rundt, så arbeidstiden er romslig og god. Som dere ser blir vi nokså meget avvaset med jobbing på et avdelingskontor.


Ellers har vi det bare bra.


Oddvar Lavold


«Observatør på Jan Mayen»


PS: Kaffen er alltid kokt hos oss – hvis noen skulle til Sauda.


Fyrstesida på bedriftsbladet.




mandag 13. mars 2023

Att og fram. Ropeid – Sand.

 


Flaggsmykka «Ropeid» før avgang frå Ropeid. Mange viktige menn med hatt og frakke er
på veg over fjorden. Foto: Oddvar Lavold.


Ropeid-ferja er ute av soga. Det skjedde då brua over Sandsfjorden blei åpna 27. november 2015. Men det må då vera lov å mimra litt for ein gammal skrivemaskinist. Mange har skreve om ferjesambandet i indre Ryfylke som fekk ein lang historie. Den fyrste ferja, «Ropeidferjen», begynte å gå mellom Ropeid og Sand i 1926.



Aftenblad-journalist Oddvar Lavold hadde ein større reportasje om «Ropeid» som sto på trykk i avisa 13. oktober 1962. Dette var den danskbygde ferja som kom til Sand i 1946 etter å ha kryssa danske belt og sund med navnet «Inger» sidan 1912. I 19 år gjekk den i Ropeid-sambandet. Den hadde ein utsjånad som førte til at den stakk seg ut i fjordatrafikken og fekk raskt kjælenavnet «Blomsterkorjå».


Skipper Johannes Jonassen og billettør Olav Marvik var på vakt då Oddvar Lavold laga 
ferje-reportasje.


"Om bord på dette fartyet er det lite høgtid med klokkeklemt og båtsmannsfløyting og karar i kvar trosse-ende. Rett før ferja skal gå, kjem det to mann ruslande over dekket. Den eine sprett over rekka som ein tennisball. Den andre løyser trossene. Begge arbeider som om kvar rørsle er innøvd til det heilt mekaniske. Det er klart for avgang."


Det var skipper Johannes Jonassen og billettør Olav Marvik som var på vakt om bord i «Ropeid» den dagen journalisten reiste over fjorden med fotoapparat og notatblokk framme. Kvar dag gjekk dei åtte turar over fjorden etter den fastsette ruta.


«Ropeid» full av passasjerar. Fotograf: Ukjent.



Men det var så billeg å bestilla ein ekstra-tur, at det som regel alltid blei fleire turar enn dei som sto i rutetabellen. I tillegg kom det sjuketransportar, ofte på nattestid, og då blei nettene korte for dei om bord.


Mannskapet besto av fire personar som gjekk på vakt to dagar og hadde to dagar fri. Skipper Bjarne Grønnevik og billettør Einar Halvorsen tok seg av det andre skiftet.


Johannes Jonassen hadde vore elleve og eit halvt år om bord i «Ropeid» i oktober 1962. Med andre ord hadde han hatt over 30 000 turar over fjorden på den tida. Han fekk mange fleire. Jonassen blei verande på ferjene til han blei pensjonist!


Ferja var framme på Ropeid etter 15 minutts gange. Då var det av med bilane og få nye om bord. Klar for ny tur. Slik gjekk dagane, i godvêr, kuling, skodde eller snødrev.


1. juni 1965 var den danskbygde «Ropeid» ferdig i sambandet. Den blei avløyst av ei ny ferje som fekk same navn. Den gamle skifta navn til «Bru».


lørdag 11. mars 2023

Hans Frette freste av garde i Sauda-snøen!

Hans Frette var telemontør i sine yngre dagar. I dag
 hugsar dei fleste han som  Sauda-ordførar
 og stortingsrepresentant.

 

Telemontør Hans Frette freste av garde med den vesle varebilen til Telegrafverket i pur glede etter at denne bilen var redda ut av snømassane på Dollarveien. Så glad var han for å ha fått igjen bilen som han trong i arbeidet med å halda telefonlinjene i bygda fri for snø.


Sjølv om Svandalsvegen i grunnen ikkje var godt nok brøyta for bilar, kjørte Hans Frette så det spruta og lukta brent etter bilen heilt opp til Svandalen. Svandølane brukte hest og slede som framkomstmiddel denne dagen.


Svandølane kjørte hest og slede den dagen Hans Frette kom fresande med firmabilen. 
Foto: Oddvar Lavold.


Eg fann denne skildringa av den entusiastiske telemontøren i ein av Aftenbladets mange snøreportasjar i februar 1962. Mange hugsar Hans Frette som Arbeiderparti-politikar. Han var både ordførar i Sauda i fleire periodar og stortingsrepresentant.


Dåverande Aftenblad-journalist i Sauda, Oddvar Lavold, skildra svandølane sine vanskar i den harde snøvinteren i 1962. Vegen var stengt i dagesvis i fleire periodar utover vinteren. Her er det mykje artig å lesa:


Vegvaktar Sverre Bjerga lyste opp førre dagen då kommunen fekk låna ein kjempestor shovel til å rydda Svandalsvegen. Vegen hadde då vore stengt i dagevis, og snøfresaren fekk ikkje kommunen låna meir. Han som kjører fresaren sa at dit opp var det ingen som fekk lurt han meir. Det var nok med den eine gongen då "kjøttkverna" framom maskinutysket gulpa i seg både stein og greiner og alt som gale er, medan fresarbilen streva med alle sine kjempekrefter for å sno seg opp den smale og svingete vegen.


Bjerga laut til att med spade og traktor og andre reiskap som ikkje monna noko. Men shovelen har skrapa veg med Alfred Jensen bak spakene og Bjerga som hjelpesmann og kjentmann. Utan kjentmann ville han nok ha kjørt seg fast straks, for ein viktig del av arbeidet har vore å rydda møteplassane – og dei er det få av.


Snøryddarane på Svandalsvegen har matpause på den varme motorkassen.
Maskinkjørar Alfred Jensen, til venstre, og vegvaktar Sverre Bjerga.



Her tek Alfred Jensen, til venstre, og Bjerga seg ein hastig lunsj på shovelen medan dei ryddar veg for flaumen av turistar som er venta til Svandalen til helga. Shovelen var ein god plass for ein matpause. Godt og varmt oppå motoren både for folk og skjever, meinte Bjerga. (Reportasjen sto i Aftenbladet 26. februar 1962)

Slik var det innerst i Ryfylke vinteren for 61 år sidan. Berre småplukk det me har opplevd dei siste vintrane.


Viss nokon skulle ha originalbildet av snøryddarane  som har matpause på shovelen, hadde det vore kjekt med ein kopi. Svandølen med hest og slede burde også vore betre!  Eg skifter gjerne ut bilda frå avisa. Takk!

torsdag 9. mars 2023

Mannen i gravmaskinen møtte ein fotgjengar midt i snømassane!

 

Er det entreprenør Jansson som sit bak spakene i Janssons gravemaskin? Kjenner nokon
mannen som ryddar snø i februar 1962? Foto: Oddvar Lavold.


Eit svært snøras stengde Dollarvegen, mellom Sauda og Ropeid. Ein ung mann var i ferd med å eta seg gjennom eit svært ras med ein gravemaskin bygd for jord- og steinarbeid. Snøen låg som eit fjell over vegen.


Over denne snøhaugen kjem ein mann med innkjøpsveske i neven stigande. Det var Olav Honganvik som var på veg mot Sauda. Honganvik-gardane var innesnødde på andre dagen. Han fortalde at dette raset berre var ein forsmak på verkelege ras lenger ute langs Saudafjorden.


Olav Honganvik tok seg fram
til fots over snømassane som 
stengde Dollarveien. 


Dette er eit utdrag av journalist Oddvar Lavold sin snø-rapport frå Sauda i Aftenbladet fredag 2. februar 1962.


Gravemaskinen greidde å grava fram to personbilar som sto innestengde i ein tunnel innanfor fossen Brudesløret. Ei av dei digre vegskrapene til Vegvesenet ført av Martin Brattland og ein brøytebil med Karl Jansson bak rattet, kom også ut og fekk sjå dei svære snømassane. Det var  entreprenør Jansson som førte gravemaskinen som var i arbeid.


Vegoppsynsmann Gederø var også med i snøryddinga. Hans eigen personbil sto innestengd saman med eit par andre personbilar i ein tunnel lenger ute.


Vegane til Sauda hadde nå vore stengde i to døgn.


Mange snøras stengde Dollarveien mellom Sauda og Ropeid. Foto: Oddvar Lavold.



På kommuneingeniør-kontoret i Sauda gløda telefonen. Alle innbyggjarane i bygda rekna nå sin veg som viktigast å få rydda først. Men kommunen prioriterte å få brøyta veg til dei avsidelsliggjande bygdene, men brøytekantene var altfor høge til at snøplogen greidde å kasta snøen over. I Svandalen var det halvannan meter snø. På Molla og i Maldal var det endå meir. Ikkje lett for dei som var innesperra i snømassane.


Det var ikkje berre dei to-beinte som hadde problem. Revane sleit med å finna mat. Dei var blitt svært nærgåande nede ved gardshusa. Snøen hadde øydelagt mange frukttre. Skogen var også skada og mange hytte-eigarar var redde for at taka på hyttene ville bryta saman på grunn av all snøen.


Dei svære snømengdene hadde laga store problem i Sauda ved inngangen til februar. Snøvinteren blei lang og tøff for saudabuane.


Dagens spørsmål er: Kven er mannen i gravemaskinen?


Kommentarar på Facebook: 

Martin Fløgstad

Eg har nå snakket med min far Arnljot Fløgstad og han kan bekrefte og husker episoden,han fekk og kopi av bilde av Oddvar Lavold,maskinen var en Deutz ca 57 mod,de kalte den "Grønningen"Fy faen eg fraus møkke i den seie han.  

Ola Hårajuvet

Artig å se, beltelastar, såkalt showel. Det var Brdr Janson og Saudefaldene som hadde slike på den tida.Trur Janson hadde 2. Deutch'n, den grønne hadde litt spesielt utseende slik jeg husker, var ulik de andre, jeg tror dette kan være den andre, rød-brun farge. Saudefaldene sin var ein Cat, gul. Min far hadde mange sure dager i den.