torsdag 23. februar 2023

Med folkevogn gjennom Svandalsfossen!

 


Svandalsfossen 18. oktober 1962. Foto: Oddvar Lavold.


Den flaumstore Svandalsfossen har vore ei plaga for bilkjørande saudabuar og andre trafikantar i alle år. Fossen som dundrar ned frå Svandalen på veg mot fjorden kryssar riksveg 13 rett utanfor Saudasjøen.


Mang ein gong har den sperra vegen i timavis. Dei vegfarande har sett lysa frå Sauda og gleda seg til snart å vera framme. Men dengang ei! Svandalsfossen dundrar over vegen. Det er livsfarleg å kjøra forbi.


Det har hendt at folk har bråsnudd og dradd ut over igjen. Og så kjørt om Ølen, Etne, Røldal, over fjellet og så ned til Hellandsbygd og Sauda. Litt av ein omveg!


Laurdag 18. oktober 1962 var det flaum i Sauda og Svandalsfossen blei stor og farleg å passera. Aftenblad-journalist Oddvar Lavold rykka ut og fotograferte.


Her har du hans fossa-skildring:


"Utenfor Sauda i Indre Ryfylke går riksvei 506 (riksvei 13 i dag) i regnvær gjennom en foss. Det er Svandalsfossen som styrter ned like ved veikanten, og elva fortsetter så under veien. I flomvær øker fossen til et inferno av vass-sprøyt – slik som på bildet her. Fossen styrter rett ned i berget ved veien, vannet blir så slynget ti – tjue meter til værs igjen og skog og vei forsvinner i en sky av vann.


Under storflommen 18. oktober var det biler som ikke våget seg forbi fossen. En mjølkebil som hadde venter i to timer, tok sjansen – og sjåføren fikk fanget fullt av vann. Lukket en vinduene godt, og kjente en attpåtil veien så var det enkelt nok. En kjørte etter hukommelsen 7-8 meter fordi vass-sprøyt gjorde at man ingenting så!


Vannet rev og slet i bilen, slo mot rutene så en kunne frykte for at de skulle knuses, og rev til og med opp det øverste laget av asfalten, men veien holdt! På bildet har en bil kommet gjennom vannkaskadene som står som en "atom-sky" over lien. Øverst kan en gjennom vannstøvet skimte en furu."


tirsdag 21. februar 2023

Då svigermor kom til Sauda med isbrytar!

 

Svigermor på veg til Sauda med "Hylsfjord". Den blei isbryder i Danmark.



Ho kom reisande frå Danmark. Målet var Sauda. Reisa gjekk med tog, dampskip og ferje. Frå Haugesund gjekk turen med buss mot reisemålet. Men snøras hadde stengt Dollarveien. Bussen stoppa på Ropeid. Derifrå gjekk turen innover den islagte Saudafjorden med "isbryder", fortalte ho då ho kom heim igjen til Danmark.


Den danske journalisten Margrethe Nielsen kom til Sauda i mars 1962 då bygda opplevde den verste snøvinteren i manns minne. Dette var ikkje ein vanleg reportasjetur. Ho kom fyrst og fremst på besøk til si einaste dotter, Doris, barnebarnet Gro og svigersonen Oddvar Lavold.


Journalistane som blei eit par. Norske Oddvar og danske Doris.


Kan du tenkja deg så gale? Margrethe Nielsen og ektemannen Axel hadde eit einaste barn. Ho var godt etablert i Danmark, hadde gått i mora sine fotspor og blitt journalist med fast jobb på Tønder-kontoret til storavisa Vestkysten med hovedsete i Esbjerg.


Så reiste ho på nordisk journalist-kurs i Århus. Der forelska ho seg i sin norske kollega Oddvar Lavold som kom frå Dagbladet Rogaland i Stavanger. Dei gifta seg og dottera flytta til Norge.


Doris på post.



Ikkje nok med det. Dei nygifte flytta eit år seinare langt inn i ein fjord til ei bygd omgitt av høge fjell og med ein røykspyande fabrikk midt i sentrum. Då dottera seinare rapporte heim til Aabenraa i Sønder-Jylland om is på fjorden og metervis av snø, var det ikkje rart at danske moder Nielsen følte at ho måtte reisa på befaring. Då ho kom heim skildra ho turen i avisa der ho arbeidde, Hejmdal, ei av fleire aviser som kom ut i denne byen på den tida.


Svigermor sin reportasje i avisa Hejmdal i april 1962.


- Forskjellen mellom Danmark og Sentral-Afrika kan umulig vera større enn det å komma frå dei norske "sneformummede fjelde" og igen sette benene på Hirtshals flade sand efter turen over Skagerak, skreiv fru Nielsen som også kvidde seg litt for å fortelja om koss svære snømengder dei bala med i Sauda. Ho var redd for at dei danske avislesarane ville tru at ho overdreiv.


- Her bevæger man seg kun pr. ski, spark eller slede, ja selv barnevognene har meder på, står det vidare i artikkelen frå Sauda. Eit av dei største turisthotella i distriktet måtte stengja skiheisane sin på grunn av dei store snømengdene. Dette var jo alvorleg for hotell som nettopp baserte drifta på skituristar.


Klar for avreise med "Sauda". Doris, Gro og mormor.


- Ind til husene graver beboerne hver morgen sneen væk fra sin private rænde, men det er manfolkearbejde, for sneen skal smides 3-4 meter eller mere op på de volde, der sperrer udsigten fra stue-etagen og måske også fra 1. sal.


Vêret laga seg før heimturen. "Rejsen til Sauda var forresten noget av en pol-færd. Hjemturen, derimod, klaredes på godt et døgn, men der var nu også held med i spildet", skreiv journalisten, mormora, mora og svigermora etter heimkomsten til Danmark. Mannen hennar kom aldri på besøk til sin norsk familie etter at han høyrde at dei budde i eit trehus. Han overnatta av prinsipp ikkje i denslags hus.


Mormor på veg ut fjorden.


Svigerson Oddvar Lavold meldte i Aftenbladet om det danske journalist-besøket med tittelen: Sauda-snøen i dansk avis. Det hadde vore eit stort bilde på fyrste-sida av avisa Hejmdal og fleire bilder inne i avisa. Eg er temmeleg sikkert på at det var svigersonen som var fotografen. Det står ingenting om den danske journalisten sine private grunnar for reportasje-reisa til Sauda.


fredag 17. februar 2023

Snøfresar-sjarmør i Sauda og hardhaus-kollega i Brattlandsdalen

 


Jærbuen Per Skårland blei den mest populære mannen i 
Sauda etter å rydda veg med den store snøfresaren. 


Sauda snøa ned. Snømassane stengde Dollarvegen mellom Sauda og Ropeid. Vegen frå Sauda til Hellandsbygda var også uframkommeleg og bygda isolert. Mjølkebilane frå Imsland og Vikedal kom ikkje fram til Sauda. Folk fekk ikkje mjølka si. Det var tøffe tider i februar 1962.


Per Skårland frå Ogna blei redningsmannen. Han kom til Sauda med den største snøfresaren som Statens Vegvesen hadde til disposisjon i Rogaland.


Jærbuen gjekk laust på snømassane og rydda veg. Ikkje rart at Aftenblad-journalist Oddvar Lavold utropte jærbuen til den mest populære mannen i Sauda.


Per Skårland med snøfresaren. Her i samtale med ein ukjent mann. Doris og Gro Lavold
i bakgrunnen. Foto: Oddvar Lavold.



Men vegvesenet hadde fleire tøffingar på lønningslista. Ein mindre snøfresar var sendt til Bratlandsdalen i Suldal for å åpna vegen mellom Røldal og Nesflaten. Herr Løtoft fra Sokndal kjørte denne snøfresaren.


Då han kom til Lono, rasa eit stort is-stykke inn i sida på førarhuset på snøfresaren. Føraren fekk foten i klem mellom clutch-pedalen og den inntrykte veggen på førarhuset. Herr Løtoft blei kjørt til lege i Røldal. Han sydde beinet saman på begge sider og lånte snøfresar-føraren ein stor sko til å støtta opp bandasjen.


Deretter fortsatte Løtoft med å fresa opp vegen gjennom Bratlandsdalen. - Det held han på med ennå, skreiv Aftenbladet 23. februar 1962. (Journalisten hadde ikkje fått tak i førenavnet på tøffe Løtoft.)


Indre Ryfylke må ha vore eit eldorado for ein ung, entusiastisk journalist. Snøen lava ned og vegoppsynsmann Harald Gederø snakka i store bokstavar. Skrivemaskinen gjekk nesten varm på Aftenbladet sitt Ryfylke-kontor.


Per Skårland var fast inventar på den store snøfresaren til Vegvesenet. Til vanleg var han stasjonert i Sør-Rogaland. I meir normale vintrar freste han på snøen i Gyadalen, riksvegane i Dalane og i Byrkjedalen.


Men då ras etter ras stengte Dollarvegen og Sauda var isolert landverts, sende vegoppsynsmann Gederø sine naudrop til Statens Vegvesen for å få den store snøfresaren nordover eit par-tre dagar. Men sidan blei snøfresaren verande. For det gjekk nye ras annankvar dag på vegane rundt Sauda.


Doris Lavold og dattera Gro fekk vera med mannen i huset på snøfresar-rportasje på Dollarvegen.
Foto: Oddvar Lavold.


- Spør ein Skårland når han kan ta fresaren og dra sørover igjen, svarar han at det lagar seg nok rundt jonsok, skreiv Aftenbladet.


Per Skårland hadde mang ein hard tørn i Sauda. Han hadde åpna Dollarvegen tre gonger og frest opp vegen til Hellandsbygda slik at den såg ut som ein høgfjellsveg etter åpninga midtsommars. Ein gong sov han berre tre timar på ei natt.


Vinteren var hard i Sauda i februar 1962. Det blei like tøft i mars. Det kjem fleire bloggar med snø, is og vintervêr.


fredag 10. februar 2023

Skreddaren frå Afrika som forelska seg i ei Sauda-jenta

 

Ein smilande Dennis Greentree bak symaskinen 
i Rådhusgata i Sauda. 


Har du høyrt om Dennis Greentree frå Sør-Afrika? Ikkje? Han dreiv skreddarforretning og herre-ekvipering i Rådhusgata i Sauda med eineståande orden i hyller og klesstativ. Det gjorde han iallefall i 1962. Koss vett eg det?


Jo, den ustoppelege Aftenblad-journalisten, Oddvar Lavold, laga i mai 1962 ei heilsida av utlendingar som hadde havna i Sauda på grunn av kjærleiken. Der var Dennis Greentree med.

Han var mørkhåra, kraftig og såg ganske utanlandsk ut, går det fram av avis-reportasjen.



Journalist Oddvar Lavold bak kamera.


- Han er fra Cape Town i Sør-Afrika. Skulle en fortelle i detalj om hans livsløp før han havnet i Sauda, ville det bli en roman, står det i avisa.


Mister Greentree jobba på ein skreddarverkstad i heimbyen då andre verdenskrig starta. Under krigen blei det redusert tilgang på tøy og skreddaren mista jobben sin.

Gjennom den norske konsulen i Cape Town fekk han hyre på ein norsk båt. Han seilte ute i seks år og seks månader under norsk flagg. Det var uråd å komma seg heim på grunn av vanskar og restriksjonar. Då han kom heim igjen etter krigen, greidde han ikkje å slå seg til ro igjen. Han hadde fått uroa i kroppen og lengta ut igjen. Dermed fôr han til sjøs og den siste båten gjekk til Sauda.


"Der traff jeg henne som nå er min kone – og nå er alt i orden. Nå er jeg her, sier mister Greentree på godt riksmål og smiler bredt og slår ut med armene. Han har bodd i Sauda i åtte år nå og holder på å fylle ut søknadsskjema for norsk statsborgerskap. Kona har lært ham norsk – Astrid født Johansen."


Skreddaren hadde foreldre heime i Cape Town pluss seks brør og to systre pluss ein bror i Canada.


Familien hadde han besøkt ein gong i løpet av dei siste åra. Besøket varte berre ein halv time.


- Ein halv time?


"Jeg hadde hyre på en kvalbåt som var innom Cape Town på vei sørover. Der tok jeg en drosje hjem for hilse på foreldrene mine – og så tok jeg samme drosje tilbake til båten."


Men nå ville skreddaren slå seg ned for godt i Sauda. Her var det lett å bli kjent med folk og her var det mange hjelpsame menneske.


- Eg har vore for lenge vekke til å lengta heim, sa Dennis Greentree til Aftenbladet.


Eit søk i Aftenblad-arkivet viser at Greentree-familien ikkje slo seg til ro i Sauda. Nokre år seinar er dei busette i Canada der han hadde ein bror.


Men skreddaren frå Sør-Afrika var ingen kem som helst. Han blei tildelt den norske deltakar-medalja for sin innsats i krigsåra. Han seilte på norske skip det meste av krigen.

Kanskje finst det ennå saudabuar som hugsar både skreddar Greentree og kona hans. 


Kommentarer på Facebook: 

Hans Olav Dahl

Dennis mønstra på M/S Vindafjord som matros i Port Elizabeth og mønstra av i Sauda. Datoene finnes på nettsiden skipet. Mine foreldre kjøpte konfirmasjonsdressen min skjorte og slips av Dennis til min konfirmasjon i desember 1957. Slipset har jeg i samlingen min.

Ashild Lindvold Lyseng
Dennis og Astrid budde i Calgary,og me i Camrose,så me besøkte dei der og dei var her fleire gonger. Då Else,Olav,Dagfrid og Egil var på Canada besøk,kom dei alle og besøkte oss. Var her to dagar,og me kosa oss godt ilag. Ja nå er det bare Else som lever att av dei alle.
Så Astrid og Dennis kjente me godt.

Aud Karin Aabø Milje
Jeg husker godt Dennis og Astrid👍
Koselige begge to🥰
Astrid var søskenbarnet til pappa!

Ingrid Aabø
Då mor og far bygde huset vårt rundt 1960, måtte dei byggja leilegheit for utleige i 2. etg. Eg meiner at Astrid og Dennis var leigebuarar.



Min gamle Aftenblad-kollega, Toralf Sandø, let seg riva med av historia om Dennis Greentree og har sendt meg følgjande kommentar etter å ha søkt i diverse arkiv:

Hei,

Jeg leste med interesse historien om Dennis Greentree fra Cape Town i Sør-Afrika. Jeg la merke til bildet av ham og gjorde meg noen tanker om etternavnet hans. Mannen på bildet hadde typisk semittiske (jødiske) trekk. Det fikk meg til å undersøke:

Navnet «Greentree» bærer preg av å være en anglofisering av «Grünbaum», en vanlig navneendring for en som flytter fra Sentral- og Øst-Europa. En kamerat av meg fra USA heter Greenfield til etternavn. Besteforeldrene hans kom fra Øst-Europa rundt århundreskifte 1900. Og hans familie var jødisk og het trolig «Grünfeldt» før de utvandret.

Et søk på nett for kombinasjonen «Jews» og «South-Africa» bekrefter det jeg tidligere ha lest, nemlig at Sør-Afrika har hatt en betydelig innvandring av jøder fra Europa og Israel. For Dennis Greentree er det trolig hans foreldre som har innvandret til Sør-Afrika.

Du skriver at han var skredder. Yrket var vanlig blant jøder i USA og andre land på 1900-tallet.

Du forteller at Greentree var krigsseiler på et (eller flere?) norske skip under andre verdenskrig og at han her traff den norske jenta fra Sauda.

https://www.krigsseilerregisteret.no/sjofolk/724575

På nettstedet finner vi at Greentree var født 29. april 1921. Hjemstedsadressen var 34 Addison Rd. Salt River Cape Town. Fødestedet var Cape Town og foreldrene var Victor og Katie Maria Greentree.

Under fanen https://www.krigsseilerregisteret.no/sjofolk/724575/monstringer finner vi at Dennis mønstret på MT «Nordanger» som messegutt 28. oktober 1942. Førkrigens slutt seilte han på ytterligere fire norske skip. På disse seilte han som lettmastros. Etter krigen seilte han met ytterligere sju norske skip inntil han 2. april 1955 mønstret av M/T «Anna Knudsen», som tilhørte Knutsen O.A.S., Knut, i Haugesund. Jeg vil tippe at det var her han traff sin Astrid. De giftet seg i London 28. november 1953.

 

På nettstedet FINDAGRAVE - https://www.findagrave.com/memorial/search?firstname=DENNIS&middlename=&lastname=greentree&birthyear=&birthyearfilter=&deathyear=&deathyearfilter=&location=&locationId=&memorialid=&mcid=&linkedToName=&datefilter=&orderby=r&plot=

Finner jeg at Dennis Greentree f. 29. april 1921. Han døde 16 februar 2020 i en alder av 98 år. Han er gravlagt Queen's Park Cemetery and Mausoleum i Calgary, Calgary Census Division, Alberta, Canada. Jeg finner ikke graven til Astrid (Greentree) i Canada. Astrid døde i 2012.

Litt om Dennis’ sin grad av etterlevelse etter jødisk tradisjon. Jeg vil tro at han ikke var en praktiserende jøde. Da ville han trolig hatt problemer med kostholdet på norske skip. Jeg vil anta at maten der ikke var «kosher», slik spiseforskriftene er for ortodokse og konservative jøder. Jeg vil også anta at det ikke var noe jødisk miljø i Sauda. Gravstedet i Canada er heller ikke oppgitt å være for jøder. I Calgary er det en egen jødisk gravlund, men Dennis er altså ikke gravlagt der.

 

Fra avisa Calgary Herald finner vi:

«GREENTREE, Dennis Christian James

April 29, 1921 - February 16, 2020

 

Dennis Christian James Greentree of Calgary, AB passed away on Sunday, February 16, 2020 at the age of 98 years. Funeral Services will be held at McINNIS & HOLLOWAY (Park Memorial, 5008 Elbow Drive SW, Calgary, AB) on Wednesday, March 11, 2020 at 2:30 p.m. Graveside Service to follow at Queen's Park Cemetery. Condolences, memories and photos may be shared and viewed on Dennis's obituary at www.McInnisandHolloway.com. In living memory of Dennis Greentree, a tree will be planted in the Ann & Sandy Cross Conservation Area.»



 




tirsdag 7. februar 2023

Ærendsgutane på «Hylsfjord» baska i fjordisen

 

Mange isfiskarar langs råka i Saudafjorden
i mars 1962.


Det knakar i skroget – rutebåten «Hylsfjord» brasar inn i isen. Propellen vispar sjø og issorpe. Det smell og surklar, knirkar og durar der båten fer fram.


Aftenblad-journalist Oddvar Lavold er i styrehuset på «Hylsfjord» som er på veg frå Sauda til Vanvik. Han skildrar turen etter beste evne. Dette er i slutten av mars den tøffe vinteren 1962. Det er stadig tjukk is i Saudafjorden, men ikkje tjukkare enn at rutebåten greier å ta seg fram i råka utover fjorden.


"Hylsfjord" fekk røyna seg i isen vinteren 1962. Foto: Oddvar Lavold.


Sjølv om båten slengjer på seg i råka og passasjerane i salongen passar på å halda seg fast, går det stilt og roleg for seg i styrehuset. Skipper Jan Jonassen styrer ved å bruka ein fot på rattet medan han rullar seg ein røyk med hendene og har Aftenbladet i fanget. Bak han sit maskinist Nils Torsteinbø like roleg.


«Hylsfjord» er i Sauda kvar laurdag. Nå går båten til Hylsfjorden og så vidare til Sand. Maskinisten er også matros. Han tek seg av trosser og mjølkespann. Skipperen ordnar med billettar og følgebrev.


Tilbake i styrehuset har han med seg ein papirpose med pengar. - Eg skal ha det vanlege merket, sa mannen på kaien og gav pengane til kaptein Jonassen som er ærendsgut også. Mannen på kaien skulle ha snus for pengane. Den skulle kapteinen kjøpa på Sand.


Vinteren har vore lang. Det minkar på fôret på gardane. Forrige tur frå Sauda hadde «Hylsfjord» med seg kraftfor til dei veglause Maldalsgardane. Mjølsekkene blei levert på iskanten.


Maskinist Nils Torsteinsbø er matros også. Her i Vanvik.



Kristian og Erling Hylen måtte kjøra med hest og slede utover fjordisen for å møta «Hylsfjord» ved Vanvik. Dei hadde bestilt høy som kom med båten. Deretter gjekk turen heim igjen til Hylen med høyballar på sleden. Det var halvannan times kjøretur, kvar veg.


- I går såg me vipa. Ho sat på iskanten og skifta med å stå på den eine og andre foten, stakkar, seier maskinist Torsteinbø.


Tenkt det du! Det blei vår det året også.


Fyrstesida i Aftenbladet 30. mars 1962. 


lørdag 4. februar 2023

Avis-kjendis i Danmark, favoritt-tante i Sauda

 

Synnøve Botnen Zahl hjelper favoritt-tante Gerda med oppvasken.


Brædstrup-pigen måtte gå på ski når ho skulle i hønshuset. Vatnet fekk ho i hus ved hjelp av ein heimelaga taubane der bøttene blei sveiva inn til huset frå elva. Denne konstruksjonen hadde svigermora nytta seg av i 40 år. Værsågod neste!


Oppslaget i Horsens Folkeblad 14. desember 1961.


Ikkje rart at at lesarane av avisa Horsens folkeblad på Jylland i Danmark gjorde store auer då dei les om Gerda Pedersen som hadde utdanna seg til sygepleierske og så reist til Norge og gifta seg. Ho hadde busett seg på "mandens, Nils Botnen, fødegaard i Svandalen, smaa 10 kilometer udenfor Sauda. Det er ca. 90 kilometer nord for Stavanger, hvilket lyder veldig centralt. I praksis viser det sig å være adskilligt mer udenfor landets lov og ret, end man kan forestille seg i Danmark.


Den danske dama hadde også lært seg å baka lefser etter å ha gifta seg til Svandalen. Dei danske lesarane får ein grundig forklaring på kva lefser er: "Det er en slags kæmpepandekage, som er baget av en dej lavet av semoulegrød, melk, sukker blandet til en passende masse og bagt paa en speciell bageplade over et aabent ildsted."


Fru Botnen har også stifta bekjentskap med andre norske spesialiteter som flatbrød og lutafisk. Ho var ikkje blitt nokon lutafisk-elskar, går det fram av den danske avisa.


Men juletreet er eit sjølhogd furutre, fyrretræ på dansk. Kvit jul er det kvart år høgt oppe over Saudafjorden. Og snøen ligg til langt utpå våren. "Det er ikke tvivl om at Gerda Botnen, oprindelig fra Brædstrup, befinder sig godt i Svandalen i en afkrog av Vest-Norge, selv om hun af og til fristes til at rynke paa næsen af al den sne."


Gerda Botnen lærte også nye saudabuar kunsten å 
renna på ski. Her er det Gro Lavold som er elev. 


Horsens Folkeblad hadde ikkje sendt eigen journalist til Sauda og Svandalen. Reportasjen er skriven av Doris Lavold, kona til Oddvar Lavold, Aftenbladet sin mann i Sauda. Doris var også journalist. Ho traff mannen på journalist-kurs i Danmark. Dei blei gift og havna i Sauda hausten 1961. Dermed fekk Doris frå Sønderjylland oppleva den ekstra-ordinære snøvinteren 1961 – 1962.


- Gerda og Nils Botnen fekk ikkje barn. Men Gerda blei favoritt-tanta i Botnen-familien. Ho var blid og gjestfri, fortel Synnøve Botnen Zahl som fekk eit nært forhold til si dansk-fødde tante.


- Mange eldre pasientar på sjukehuset var skeptiske då dei høyrde det skulle komma ein dansk sjukepleiar. Ville dei forstå kvarandre. Men det var ikkje noko problem. Tante Gerda snakka svandølsk frå fyrste dag, seier Synnøve Botnen Zahl som bur på Bryne i dag.


Årsaka til at ho havna i Sauda? Gerda hadde vore i Sogn tidlegare. Der blei ho kjend med norske Astrid som blei gift med saudabuen Knut Åbø. Gerda var på besøk hjå henne og kom så tilbake til Sauda etter å teke sjukepleiar-utdanning i Danmark. Men det kom to danske sjukepleiarar med same navn til Sauda på ein gong. Gerda nummer to blei også gift der med Tjerand Tveitane som også hadde eit mindre gardsbruk i bygda.


Gerda Botnen døde i 2015. Ho blei 85 år.


"Eksotiske Sauda" er eg ikkje ferdig med. Neste blogg med same tema kjem om kort tid!


Oppslaget i Horsens Folkeblad 14. desember 1961.






torsdag 2. februar 2023

Dansk sygepleierske blei gardakjerring i Svandalen

 

Danskfødde Gerda Botnen baka lefser då 
Aftenbladet kom på besøk.



Den danske jenta bytta ut rugbrødet med lefse etter at ho gifta seg til gard i Svandalen i Sauda. Blei fort eit stort oppslag av slikt i Aftenbladet i 1961.


Den ferske Aftenblad-journalisten; Oddvar Lavold, tok turen til Svandalen i oktober 1961 etter at ei tysk storavis og eit tysk reisebyrå hadde peika ut Svandalen som eit høveleg resemål for tyske vinter-turister. Grunn nok til å ta seg opp i dalen og snakka med svandølane.


To eldre, innfødde svandølar, blei både fotograferte og refererte, men det som gjorde mest inntrykk på både journalisten og lesarane, var den unge Gerda Botnen. Ho kom til Sauda som sjukepleiar. Der møtte ho ungkaren Nils Botnen frå Svandalen. Dei blei gifte og busette seg på småbruket hans på Øye i Svandalen.


Aftenbladet sin reportasje frå Svandalen 28. oktober 1961.



Gerda heldt på å smørja lefser då journalisten kom på besøk. Ho fortalde at ho kom frå ein gard på Jylland med 250 mål dyrka mark. På småbruket i Svandalen var det 17 mål dyrka jord. Men så hadde dei beite i tillegg. Ein dansk bonde ville sett på eit slikt beite med store auer, meinte journalisten. Men det var nettopp beitet som gav småbruka i Svandalen meir-inntektene dei trong for å overleva, understreka Gerda som snakka så godt svandølsk at alle trudde at ho hadde budd der all si tid.


Men småbruket kasta ikkje meir av seg enn at Nils måtte ta arbeid utanom garden for at endane skulle møtast. Då måtte Gerda driva garden aleine.


- Eg blei forundra då eg kom til Norge og oppdaga at konene på gardane måtte stella i fjøset og på markene. Men slik må det jo vera her og nå er eg blitt vane med det, sa Gerda som også kunne fortelja at ho tidlegare hadde vore tenestejenta på ein veglaus gard i Sogn.


Då mannen måtte reisa på repetisjonsøving i militæret, budde ho tre veker åleine på Øye. Då blei det flaum og elva reiste av garde med brua. Det blei litt av eit styr då ho skulle levera ei ku til slakt. Gerda måtte balansera med kua på ein smal planke over elva.


- Ho hadde nok sine tankar om Norge den gongen, står det i avisa. Men kva trur du danske avis-lesarar tenkte då Horsens Folkeblad rapporterte om pigen frå Jylland som hadde blitt norsk. Neste blogg handlar om det. 


Eg har fått tak i originalbildet av Gerda Botnen som sto i Aftenbladet. Er det nokon som har eit eller fleire av dei andre Aftenblad-bilda frå Svandalen på kistebotnen? Gi lyd! Dei er av historisk interesse!