søndag 28. januar 2024

«Fisterfjord» - med det første og største i verda!

 

"Fisterfjord" ved kaien på Fister i 1921.


Rubbestad-motoren som blei sett om bord i nybygde «Fisterfjord» i 1920, var den største semi-dieselen i verda, ikkje i ytelse, men i volum. Den 2-sylindra maskinen ytte 160 hestekrefter og tok svær plass i maskinrommet. Det skal ha blitt bygd tre motorar av denne typen. Den som sto i «Fisterfjord», skal ha vore den mest vellukka.


I 1929 blei denne maskinen ombygd. Gir-reverseringa  blei skifta ut med hydraulisk reversering og vridbar propell. Den fyrste hydrauliske reversinga i verda, seier dei på Rubbestadneset.


- Oprindelig var det gir i motoren. Den gjorde megen støi når skibet bakket. Nu er giren oppgitt, istedet anvendes den hydrauliske kraft til skiftning av propellen – altså ved bakking. Dette er noe helt nytt her i landet, forsikrer selskapets ekspeditør, står det å lesa i avisa Stavangeren 30. august 1929.


For dei reisande blei det mykje meir komfortabelt. Ristinga var nå blitt kraftig redusert, sto det vidare i avisa.


"Fisterfjord" etter ombygningen i 1929. Lugarbygget på promenadedekket er på 
plass. Seinare kom det staseleg glass-salong mellom lugarane og styrehuset.



Men det skjedde meir medan «Fisterfjord» var hjå Haldorsen & Søn, Rubbestadnes, Søndhordland.


- Akter på promenadedekket er det bygget et "hus" som er inndelt i seks hyggelige lugarer, skriv Stavangeren.


Saman med Steinar Warland var eg nyss på Arkivenes Hus i Stavanger og gjekk gjennom ein del arkivboksar med diverse dokument frå Jøsenfjord Rutelag. Her fann med ein søknad frå selskapet til Sjøfartskontoret i Oslo. Det søkt om å setja opp dette dekkshuset. Søknaden er datert 28. desember 1928.


Ein månad tidlegare hadde Jøsenfjord-selskapet sendt eit brev til skipsbyggeriet til Gunvald Ottesen i Sagvåg på Stord og spurt om Ottesen kunne setja opp dekkshuset samtidig som «Fisterfjord» var hjå Haldorsen på Rubbestadneset. Denne reparasjonen ville ta litt tid. Då rekna ein med å få tid til ein tur over fjorden til Sagvåg slik at det nye dekkshuset kunne bli sett på plass. Dette huset ville bli likt på eit tilsvarande bygg på nattruteskipet DS «Sandnæs».


Ottesen på Sagvåg laga lugarbygget på "Fisterfjord"



Jøsenfjord fekk positivt svar frå Ottesen som kunne gjera dette arbeidet for kr. 1200.


Då «Fisterfjord» kom tilbake til Stavanger og Ryfylke, hadde det skjedd store endringar. Rutebåten hadde nå fått installert verdens fyrste hydrauliske reversering. Den mest synlige var likevel det nye dekkshuset på promenade-dekket . «Fisterfjord» blei meir lik den versjonen av båten som folk hugsar i dag. Men det skulle skje fleire synlige forandringar i åra som kom.


I 1936 blei den to-sylindra motoren frå 1920 skifta ut med ein fire-sylindra motor som ytte 300 hestekrefter og gav båten ein fart på 10 knop. Den gamle motoren var ikkje kaputt. Den blei nå sett om bord i rutebåten «Landanes» frå Haugesund, fortel Torstein Randa.


Den hydrauliske reversinga blei også skifta ut i 1936. Nå blei det manøvrering med maskintelegraf og omkast på «Fisterfjord».


Kommentarar på Facebook:

Torstein Randa

Når me studerer det biledet fra Haugesund, med det nye dekkshuset, ser det ut for at styrehuset er uten dører! Ja, styrehus var nok luksus i dei dagar, og ein kunne ikkje forventa dører og! Det måtte då vera måte på luksus!
Du skriver at den gamle motoren trong møje plass, men den nye trong bok meir, for den var lengre. Den hadde 4 sylindrar, like den som Hundvaag 1 har ein av.

Torstein Randa

Per Magnus Larsen Maskintelegraf har de nok brukt hele tiden. Den første motoren hadde først en primitiv reverseringsgir. Den kunne nok ikke betjenes fra brua. Da Wichmann hadde utviklet den hydrauliske reverseringa med vribar propell, fikk Fisterfjord den første. Den kunne nok betjenes fra brua, men jeg tviler på at det blei gjort. Det var ikke vanlig på den tiden. Dette var en tosylindret motor, så omkast var uaktuelt.
Da Fisterfjord fikk ny motor i 1936, var det nok først og fremst for mer fart, og med 4 sylindre blei det nok mindre vibrasjon ombord. En kunne også bruke vanlig omkast, som var mer robust og pålitelig dengang. De hadde og dårlig erfaring med reverseringa på Jøsenfjord, hvor det blei bygd om til omkast.
Mange av disse tidlige 4 sylindra omkastmotorene fra Wichmann blei manøvrert fra brua. Erfjord blei det, men om Fisterfjord blei det, vet jeg ikke. Men det er det sikkert noen som vet?

onsdag 24. januar 2024

«Fisterfjord» med brennevin i lasta frå England

 

Kvitteringa frå skipshandlaren i Newcastle.



«Fisterfjord» hadde åtte kassar brennevin med seg heim frå England til Stavanger i slutten av juli 1925. Rutebåten frå Ryfylke hadde då vore i Newcastle med ei last med nærare 10 000 korger med bær. 


Returlasta var kål frå England, sto det i avisene. Men det viste seg å vera brennevin også. Denne delen av lasta var vel av meir privat karakter. Varene skulle nok ikkje leverast til kjende mottakarar i Stavanger. Det er den innleigde kapteinen på denne turen, Ommund Torgersen, som har kvittert på følgebrevet frå skipshandlaren i Newcastle, Frazer & Co. som skulle ha 14 pund,15 skilling og 6 pence for varene.


Slik såg "Fisterfjord" ut på 1920-talet. Bildet er henta frå ei bok av Njål Tjeltveit.



Dette var eit artig funn for Steinar Warland og meg då me var på Arkivenes Hus i Stavanger og gjekk gjennom ei stor øskje med papirer frå AS Jøsenfjord Rutelag si verksemd på 1920-talet. Håpet vårt var at det i desse papira var råd å finna navn på alle som var mannsskap på «Fisterfjord» på dei to bærturane over Nordsjøen, ein i 1924 og ein i 1925. Men der fantes ingen personalopplysningar i denne arkivboksen sjøl om me gjorde andre artige funn.


Alle som har vore litt ute og reist, veit at det er fristande å kjøpa med seg billeg røyk og drikkevarer heim til Norge. Men her blir varene levert til kapteinen om bord. Han kvitterer og betalar. Papiret som me fann i arkivet viser jo det. Svart på kvitt.


Smugling er ikkje lovleg i dag heller. Men dette var i 1925. I forbudstida. Alkohol var totalforbudt i Norge. Viss tollvesenet hadde komme over varene og dette papiret då «Fisterfjord» kom heim, hadde kapteinen fått straff. Fengsel kanskje. Viss du les litt i Stavanger-avisene for 1925, er det ein god del meldingar om sjøfolk, mellom anna, som er straffa for dei har smugla og seldt alkohol.


Heldigvis gjekk «Fisterfjord» klar av den slags skandalar. Det løgnaste er jo at dette papiret havna i arkivet slik at me kan mora oss litt over dette som skjedde for snart 99 år sidan.


Saftige brennevinsbøter i 1925. Denne
meldinga sto i Aftenbladet 
28. april 1925. 600 kr i 1925 tilsvarar
17000 kr i 2023.



fredag 19. januar 2024

Dino var den fyrste narkotikahunden i Stavanger

 

Per Erland og labradoren Dino blei den fyrste godkjente
 narkotika-ekvipasjen i Stavanger. Dei besto testen i 1977.
Bildet tilhøyrer Per Arne Erland.



Då labradoren Dino blei godkjent som Stavangers fyrste narkotika-hund i desember 1977,fekk dette store avis-oppslag både i Stavanger og Oslo. Oslo-avisa Aftenposten hadde til og med bilde av politibetjent Per Erland og Dino på fyrstesida. Bildet er tatt då dei var i full sving med den avgjerande prøven i Oslo.


Stavanger politikammer fekk grønt lys for å skaffa seg ein narkotika-hund i 1971. Då hadde det vore reist krav om dette i avisene i byen og Stavanger sparekasse ville til og med gi politiet pengar til å skaffa seg ein slik hund. Men den slags gåver blei avvist av prinsippielle grunnar. Til slutt gjekk Justisdepartementet med på å gi Stavanger-politiet midler til hunden.


Ikkje berre å skaffa seg godkjent narkiotikahund. I 1971 hadde Stavanger opptil fleire godkjende politihundar. Dette var sporhundar. Det var ikkje berre å "omskolera" ein av desse til å leita etter narkotiske stoff.


Politioverkonstabel Bernhard Erland og hunden Festus
på leit etter hasj i 1972. Bildet frå fyrstesida på 
Aftenbladet 15. april 1972.



I april 1972 skreiv Aftenbladet om politioverkonstabel Berhard Erland og hunden Festus som var i full sving med å snusa etter narkotika. Aftenblad-journalisten fekk sjå når Festus fann fleire pakkar med hasj som var gøymt her og der. Andre stoff, som morfin, LSD og amfetamin hadde ikkje hunden fått prøva seg på.


Til tross for trening og god innsats av både hund og eigar, nådde dei ikkje målet. Det gjekk fem år til før den fyrste hunden var klar. Då var det broren til Bernhard Erland, Per, som greidde testen.


Per Erland og Dino under prøven på Oslo Østbanestasjon. Dommar Erling Grendsen
til høgre. Foto: John Myhre, Aftenposten.



To år gamle Dino måtte gjennomgå ein fem timars lang test under prøven i Oslo. Hunden måtte snusa seg fram til hasj, preludin, amfetamin, bustaid og morfinklorid som var stukke vekk på dei mest utenkelege stader, går det fram av den store reportasjen i Aftenposten. Hunden var sju månader gammal då treninga starta.


Ein nervepirrande dag for hundeføraren. Oppbevaringsboksane på Oslo Østbanestasjon var ein av dei store påkjenningane. Her oppbevarte folk alt frå ferskt kjøt til gamle klesplagg. Hundane skulle snusa seg fram til tre av 450 boksar der det var oppbevart narkotika. Men Dino fann dei rette boksane der det låg ein klump hasj, eit lite glas med morfinklorid og ein plastpose med preludin.


Etter godkjenninga i Oslo kunne Per Erland og Dino dra heim til Stavanger og søka den ledige plassen som narkotikahund-ekvipasje. Då fekk eigaren betalt for alle utgiftene til innkjøp av hund, foring og trening gjennom to år.


Per Erland fekk rikeleg omtale både i Rogalands Avis og Aftenbladet etterpå. Men det var ikkje slutt på treninga fordi om testen i Oslo gjekk godt, påpeika han.


- Godkjennelsen er å betrakte som førerkortet. Du får tillatelsen, men du kan ikke alt når prøven er avlagt, sa Per Erland til Aftenbladet.


onsdag 17. januar 2024

Politihund-trioen Leo, Ali og Max i Stavanger

 

Her pustar hundar og eigarar ut etter trening i Melsheia ein gong på slutten av 1960-talet. Frå
venstre Ole Bratland og Leo, Tor Smith og Ali og så Johan Kallelid med Max.
 Foto: Egil Eriksson. 



Trioen Johan Kallelid, Ole Bratland og Tor Smith var mellom dei fyrste som etablerte seg med politihundar ved Stavanger politikammer. Gunnar Sæbø hadde den aller fyrste offisielle hunden, sto det i Rogalands Avis i 1964. Men denne hunden, Rex, blei sjuk og var ferdig i 1966.


I løpet dei neste åra kom så Johan Kallelid med hunden Max, Ole Bratland med Leo og til slutt Tor Smith med Ali. Alle hundane var schæferar.


Politihundane var med eigarane sine på jobb, for det meste på nettene.


Dei tre polititjeneste-mennene og hundane hadde felles treningar i fleire år. Kvar torsdag var dei ute i skog og mark på felles trening heile dagen.


Narkotika-hundar blei svært aktuelt på slutten av 1960-talet. Spesial-trente hundar hadde vist seg svært dyktige til å snusa seg fram til narkotika på dei mest utrulege gøymestader.


Styret i Stavanger Sparekasse meinte at Stavanger-politiet absolutt burde ha narkotikahund. Dei ville betala for hunden, men dette blei avslått av departementet av prinsippielle grunnar. Staten skulle betala for alle typer utstyr til politiet. Dette standpunktet undra dei seg over i Stavanger. For i Bergen hadde forsikringsselskapa slått seg saman og kjøpt narkotikahund til politiet, sto det i avisene.


Fyrsteside-oppslag i Rogalands Avis 16. april 1971.



Rogalands Avis tok kontakt med dei tre politihund-eigarane i Stavanger for å få vita om desse hundane kunne passa til narkotikahundar.


Politioverkonstabel Tor Smith skildra dei tre hundane i eit intervju med Rogalands Avis i 1971: Kallelid sin Max var den grundigaste på søk. Bratland sin Leo var den raskaste til å søka, men kanskje den ikkje var grundig nok. Dobermannen til Smith var berre 22 månader på dette tidspunktet. Den var kanskje den som hadde størst sjansar til å bli narkotikahund, meinte eigaren.


Men det viste seg å vera meir komplisert å få narkotikahunden på plass i Stavanger.


- Johan Kallelid, Tor Smith og eg hadde kvar sin schæfer, fortel den i dag 82 år gamle Ole Bratland.


Overkonstabel Tor Smith og dobermannen Bob i Rogalands Avis
16. april 1971.



Desse tre blei alle kåra, som det blei kalla, til politihundar. Dermed kunne dei brukast i arbeidet i politiet. Men dette var berre fyrste trinnet i godkjenninga. Seinare skulle dei få endeleg godkjenning. Då kunne dei brukast til skarpe oppdrag. Schæferen til Tor Smith, Ali, blei ikkje godkjent. Men Forsvaret var interessert og overtok den hunden. Seinare hadde Tor Smith dobermannen Bob. Den blei heller ikkje narkotikahund.


Det var ikkje så lett å skaffa Stavanger-politiet sin fyrste godkjente narkotikahund. Den blir tema for neste blogg.


mandag 15. januar 2024

Politihunden Rex - fyrste med fast jobb i Stavanger

 

Politihunden Rex og politikonstabel Gunnar Sæbø var den 
fyrste politihund-ekvipasjen i Stavanger.




Politihunden Rex var den fyrste hunden i fast stilling ved Stavanger politikammer. Dette skreiv Rogalands Avis 20. juni 1964. Avisa hadde ein stor reportasje om den to år gamle schæfer-hunden og eigaren, politikonstabel Gunnar Sæbø. Den kommande hausten ville det truleg vera endå ein politihund på politikammeret. På budsjettet var det pengar til to hundar.


Gunnar Sæbø overtok hunden, med flott stamtavle, då den var åtte veker gammal. Sæbø fekk hunde-interessa då han var politiaspirant i Bergen. Der hadde dei tre godkjente politihundar. I Oslo var det 14.


Han fekk oppfordring frå politisjefane om å starta med hundetrening. Dei var to kolleger som starta med hundetrening, men den andre hunden døde. Rex tålte treninga og blei kursa både i schæferklubben og fleire plasser på Austlandet før den nå var klar for tjeneste.


Rex på fyrstesida i Rogalands Avis i juni 1964,



Hunden måtte trena kvar dag og ein dag i veka, var det trening heile dagen. Det var ei lang rekke med disiplinar ein måtte gjennom før hunden blei godkjent, går det fram av avisreportasjen.


Gunnar Sæbø advarte mot å overdriva politihundens betydning sjølv om den var uovertruffen i ettersøking og jakt på forbrytarar. Du måtte ha hatt mange mann på leiting for å få den same effektiviteten. Men av og til gjekk det dårlegare. For eksempel viss journalistar og andre nysgjerrige øydela spora dersom dei gjekk og vasa i det same terrenget.


Overskrifta på avisreportasjen.



Ein tjuv som stakk av i terrenget hadde ikkje store sjansen viss Rex kom raskt på plass. Ein mann som får ein politihund i helane, pleide å gi seg raskt. Ingen spøk å stå overfor ein scæferhund, fortalde Gunnar Sæbø som la til at det hende dei måtte ta forbrytaren med til lege for behandling for bitt.


Gunnar Sæbø hadde med seg Rex på nattpatrulje. - Ein føler seg trygg når ein har hunden med, fastslo han.


100 kroner var månadslønna for Rex i 1964. Ikkje meir enn det måtte vera, meinte eigaren.


- Ingen problemer hjemme med plutselig å få et stort dyr i huset, spurte RA-journalisten.


- Tja, sier Sæbø. Det er iallfall en ekstra mann i kosten som spiser like mye som resten av familien tilsammen. Men kona liker Rex og vår to år gamle Anne stortrives med den.


- Rex fekk ingen lang karriere som politihund. Han fekk kreft og enda sine dagar i 1966, opplyser Anne som nå er 62 år gammal og fersk pensjonist frå reklameavdelinga i Aftenbladet.


Politihund-reportasjen var laga av journalist Knut Joner og fotograf Egil Eriksson.




lørdag 13. januar 2024

Madla-kyrne jaga sporhunden som søkte etter Kåre Palmer Holm

 

Fenrik Randulf Gimre hadde ingen suksess med sporhunden
Sami i jakta på Kåre Palmer Holm. Men Gimre blei seinare
sjef for Forsvarets hundeskole. Her er major Gimre
fotografert av Aftenbladet i 1987 med hunden Lobo.



Då Stavanger-politiet fekk melding om at rømlingen Kåre Palmer Holm hadde overnatta i ei løe på Revheim ei natt i juli 1959, sende dei bod på fenrik Randulf Gimre på Soma. Han var eigar av den dyktige schæferhunden Sami som skulle vera i stand til å snusa opp rømlingen som med stort hell hadde leika gjømmeleken med politiet i dagesvis. Stavanger-politiet disponerte ikkje eigen hund på den tida.


Men det tok tid før Sandnes-politiet sin bil med sporhund og eigar kom fram til Revheim. Dei rota litt med å finna vegen fram til garden der unge Vidar Revheim hadde oppdaga Kåre Palmer Holm i løa. Han somla nok litt før han varsla politiet. Dermed fekk rømlingen eit forsprang før politiet kom på plass.


Det gjekk endå lengre tid før sporhunden Sami var klar til søk. Då hunden begynte å snusa seg nedover beitet der kyrne gjekk, blei det eit spetakkel utan like. Kyrne sprang etter sporhunden og jaga den av garde. Hundeførar Gimre og sporhunden Sami måtte søka dekning og melda pass.


Politiet på leiting på Revheim i juli 1959. Bildet frå fyrstesida på 
Aftenbladet 15-7-1959.



- Av en eller annen grunn slår kyrne seg ganske vrange når det kommer en fremmed hund til gårds, sa fenrik Gimre til Rogalands Avis.


Seinare fortalte Kåre Palmer Holm at hunden hadde snusa på skorne hans. Men om det er sant, er det ingen som kan vera sikker på i dag.


Stavanger-politiet hadde ikkje sporhundar i 1959. I Oslo og eit par-tre andre byar, derimot, var det politihundar. Eg har søkt i Aftenbladet sitt arkiv og fann eit interessant lesarbrev frå 1963. Ein mann, Bjarne Johannesen, vil vita koss det sto til med hundar i Stavanger og Rogaland. Var det ikkje ein idé at både Stavanger politikammer og Rogaland politikammer skaffa seg ein hund kvar, spurte han.


Politimeister Olav R. Lea i Stavanger-politiet opplyste at politiet litt tidlegare hadde skaffa seg to hundar som skulle dresserast. Dessverre døde den eine hunden, og den som eide den hadde ikkje skaffa seg ein ny, men den andre var i full vigør og ville truleg bli godkjent som politihund alt same haust.


-Johan Willy Holm hadde truleg den fyrste polithunden ved Stavanger politikammer, seier Ole Bratland. I dag er Bratland 82 år gammal. Han fekk fast jobb som politibetjent i Stavanger i 1965. Eit eller to år seinare fekk han hunden Leo. Dette var ein sporhund som kunne leita opp sakna personar og folk som var på rømmen frå politiet.


Johan Kallelid var også ein av dei fyrste med politihund i Stavanger.


Viss nokon veit meir om politihund-historien i Stavanger, er eg klar for innspel.


Kommentarer på facebook: 


Kåre Ingve Monsen

Huske godt Randulf å Sami. Randulf budde rett på siå av Hanabanen å me onga va alltid fassinerte då Randulf trente Sami. Av å te blei me spurde om å springa avgåre å gjømma oss. Det va sjølsagt spennane å finna en lure plass, men det gjekk ikkje mange minuttane før Sami fant oss.

Bjørg Berge
Sami var oppkalt etter barna til Randulf. Sjalg Arild og Mona Iren

Øyvind Roth
Min far Per Roth som ble ansatt som politikonstabel ved Stavanger politikammer i 1 jan 1937 skaffet seg en schäferhund og brukte den tidvis i tjeneste. Antar det hele var relativt uoffisielt. Han trente den slik som vi ser på film med armbeskyttelse og hvor hunden angriper og låser seg på armen.
Da det oppsto en situasjon hvor han ga kommando om å gå på en vanskelig arrestant gjorde hunden ,som het Tyra , det den var opplært til, nemlig å låse seg på hans arm😀.
Hvordan historien var videre med hunden i tjeneste vet jeg ikke.




lørdag 6. januar 2024

Torger Kalheim - var også med «Fisterfjord» til England!

 

Kaptein Torger Kalheim på brua på "Ombofjord". Bildet tilhøyrer Håkon Eide.



Torger Kalheim var med «Fisterfjord» over Nordsjøen til England for snart 100 år sidan. Rutebåten frå Ryfylke var lasta med 8400 korger med bær på denne turen.


Dårrit Kalheim
Ågesen.

Dette fortalde dottera til Torger Kalheim, Dårrit Kalheim Ågesen. Ho døydde i november i fjor. Då var ho 93 år gammal. I alle år var ho levande interessert i Jøsenfjord-selskapet.


Faren, Torger, var ein av tre Kalheim-brør. Magnus, Johan og Torger. Dei var alle kapteinar på rutebåtane. Magnus var fyrste skipperen på «Fisterfjord». Då han gjekk i land for å bli disponent i rederiet, overtok Johan som kaptein der. Torger var kaptein på «Ombofjord» og seinare på «Erfjord» i mange år fram til han blei pensjonist i september 1950.


I dag er det ikkje lett å fastslå om han var styrmann eller matros på Nordsjø-turen.


Aftenbladet skreiv om Torger Kalheim då han blei pensjonist. I denne omtalen står det at han begynte som matros om bord i «Fisterfjord» då den blei sett i fart i 1921. Kva tid han skaffa seg skipsførar-papirer og avanserte til styrmann og skipper, står det ingenting om i avisa.


Torger Kalheim var 65 år då han blei pensjonist. - Ingen som ser han på brua, skulle tro det. Han er så frisk som noen ungdom og kunne stått i mange år ennå. Men livet på en lokalbåt er ikke nettopp av det letteste. Torger Kalheim har gjort sin innsats. Nå vil han heim til Kalheim på Ombo der han er fra, sto det i Aftenbladet i 1950.


Torger Kalheim blei 82 år gammal.


Nå har me greidd å finna navnet på fem av dei som var mannskap på «Fisterfjord» på turen over Nordsjøen i 1924: Kaptein T. C. Strømberg, Magnus Kalheim, Otto Aukland, Åge Ågesen og Torger Kalheim. For dei planlagde turane i 1925 var Ommund Torgersen innhyrt som kaptein, sto det i ei avis. Det blei med ein tur som Torgersen truleg var med på. Det har vore uråd å finna fleire navn ved å søka i avis-arkiva.


Kor vidt det finst mannskapslister i offentlege arkiv, har eg ikkje undersøkt. Eg er heller ikkje skråsikker på om alle desse karane var med på den fyrste turen i 1924 eller den andre i 1925.


Forresten var det to passasjerar med på Nordsjø-turen i 1925. Magnus Kalheim, som var med på turen i 1924 som mannskap, var nå i 1925 med som passasjer saman med kona Karen. Dei gjekk i land i Newcastle og skulle vera der til «Fisterfjord» kom igjen med neste last med solbær. Men det blei ikkje nokon ny tur. Ekteparet Kalheim måtte finna seg ein annan båt som kunne ta dei med heim igjen. 


- I den nye kultursoga for gamle Sjernarøy kommune der heile Ombo er inkludert, blir det mykje om båtar, båtruter og historien til Jøsenfjord-selskapet og DSD, opplyser Håkon Eide som er medlem i bygdeboknemda. Hans Eyvind Næss er forfattar. 


Velkommen med innspel!

torsdag 4. januar 2024

Åge Ågesen var med på «Fisterfjord» til England

 

Åge Ågesen frå Ombo var i sine unge år med
 på "Fisterfjord" til England.


Åge Ågesen frå Ombo var med som mannskap då «Fisterfjord» gjekk over Nordsjøen lasta med solbær frå Ryfylke for snart 100 år sidan. I romjula hjelpte velvillige folk i Aftenbladet meg med ei etterlysning etter navn på folk som var med på ein av dei mykje omtalte turane frå Stavanger til Newcastle. Då har me fått tak i eit nytt mannskapsmedlem.


"Fisterfjord" endra utsjånad fleire gonger frå den var ny i 1921. Dette bildet viser
koss den såg ut i 1920-åra.



Det var i alt ni mann om bord på desse turane. Sjølv om eg har leita gjennom allslags gamle aviser har det ikkje vore lett å komma fram til meir enn navn på den innleigde kapteinen for turen, T. C. Strømberg, og den faste kapteinen på «Fisterfjord», Magnus Kalheim.


Til slutt dukka Otto Aukland frå Ombo opp som eit navn. Då han runda 70 år, sto det omtale i avisa der turen over Nordsjøen blei nevnt. Dermed var han notert. Men ingen fleire før stykket kom i Aftenbladet.


Årstein Ågesen les avisa og sende melding. - Min far, Åge Ågesen, var med. Det var ein opptur. Denne mannen var fødd i 1905 og hadde ein karriere på fjordabåtane til Jøsenfjord rutelag, var meldinga.


Mykje av tida tjenestegjorde han i maskinen på «Ombofjord». Etter ein del år gjekk han i land og blei gardbrukar på Nedre Jørstad. Han døydde i 1969, 63 år gammal.


Årstein Ågesen, yngste sonen til 
nordsjøfarar Åge Ågesen.



- Far fortalde ikkje så mykje meir enn at han var med i denne farten i sin ungdom. Eg kan ikkje hugsa ei einaste historie som han fortalde. Heller ikkje veit eg navn på andre som var med på desse turane, seier Årstein Ågesen. Han er yngst i syskenflokk på ni og fødd i 1942.


Brureparet Severine og Åge Ågesen.



Åge Ågesen og Magnus Kalheim, «Fisterfjord»-kaptein og seinare Jøsenfjord rutelag-disponent  var svograr og gift med kvar si syster, Karen og Severine.


Årstein Ågesen har også fartstid "på bådane". Ikkje all verda, rett nok, men han var ferie-avløysar på «Erfjord» ein sommar i 1950-åra. Seinare blei han forskalingsnikker. I dag er han pensjonist og bur i Kvernevik i Stavanger saman med kona Signy, også ho kjem frå Ombo.