mandag 24. januar 2022

Fleire enn Bil-Ola ville kjøra til Ulladalen

 

Bil-Ola og Forden har henta heia-turistar i Ulladalen. Legg merke til ryggsekkene på 
styrehus-taket. Bildet tilhøyrer Terje Hauge.


Då pengesterke byfolk kom til Jøsenfjorden for å feriera, var det fleire enn Ola O. Hauge som såg for seg at det kunne vera pengar å tjena på turistane. Sandsa-hytta sto ferdig i 1936 og Stavanger-folk ville dit, både i påskehelga og i sommarferien.


Bøndene i Ulladalen, på Hjorteland og Fjellberg hadde leigd ut husrom til ferierande byfolk i ein god del år og rekna at desse inntektene kunne aukast monaleg når byfolk og bagasje skulle kjørast til Ulladalen med hest og kjerre på vegen som sto ferdig i 1924.


Men det var nye tider i Jøsenfjorden også. Bilane kom durande rett inn i den fredelege fjorden og dei jomfruelege fjellbygdene. Det var nok ein strek i rekningen for enkelte, ser det ut til viss ein les i gamle og gulna aviser. Bygdefolket var ikkje berre redde for at bilane stakk av med ein del av turist-inntektene. Dei frykta også at bil-trafikken skulle skada vegen til Ulladalen. Dette var ikkje akkurat nokon autostrada.


Føremelding frå Ulladalen i Aftenbladet
11. desember 1952.



Jøsenford-selskapet dreiv ikkje berre med båtruter i desse åra før krigen. Dei hadde både bussar og drosjebilar i sving lenger ute i Ryfylke. Før nokon andre hadde fått sukk for seg, var dei i sving med opptil tre drosjebilar i trafikk mellom Vadla og Ulladalen.


Denne meldinga sto i Aftenbladet 2. mars 1939.


Bilkøyring i Ulladalen.


Fylkesvegstyret har gjeve Jøsenfjord Ruteselskap løyve til å køyre med opptil 3 bilar på Ulladalsvegen i tida frå 15. juni til 30. september i år. Selskapet kan og køyre bil der i påskehelga, om føret er til det.


Men biltrafikken var ikkje noko nytt. Året før blei det driven åpenlys tekstreklame både for Sandsa-hytta og bil-tilbodet til Ulladalen:


Turistforeningens pinsetur til Sandsa.


Turistforeningen meddeler at verten på Sandsahytten, hr. Krogh, igår reiste til Sandsa for å åpne hytten for sommeren.


Tilslutningen til pinseturen er meget god, og man venter at turen blir fulltegnet. Det er enda noen få billetter igjen hos Floor, som man bør sikre seg snarest, hvis man vil være med på turen. Det er ordnet med bil i Ulladalen til transport av bagasjen, og av de som måtte foretrekke å kjøre fremfor å gå.


Det var ikkje berre fjellbøndene som var uroa og skeptiske på grunn av bilkjøringa. Politikarane  var også urolege og uenige. Vadla og Ulladalen låg i to ulike kommunar, og det er lite truleg at suldøler og hjelmelandsbuar var samkjørte.


I 1938 søkte Lars Hjorteland Suldal herredstyre om løyve til å kjøra lastebil på Ulladalsvegen. Det blei ein heil debatt i herredstyret i samband med denne søknaden. Eg fann eit grundig referat i Aftenladet frå 7. februar 1938.




Bilkøyring på Ulladalsvegen.


Lars Hjorteland søkte um løyve til å køyre lastebil heile året.


Ordføraren var i mot å gi slikt løyve.


Johan Veka vilde ein skulde stetta søknaden.


Ola Sukka og Albert Bråtveit tala i same leid.


Nils Bakka meinte det var til bate for ulladølene å få lastebil – når ein har personbilen til Jøsenfjordselskapet.


Josef Fisketjøn trudde ikkje det vart til framhjelp for nokon å køyre lastebil på Ulladalsvegen.


Lensmann Vasshus var ikkje imot ein liten lastebil.


Etter endå meir radl um den smale farlege Ulladalsvegen, øydeleggjing på bruer og stabbesteinar, Jøsenfjordselskapet og suldøler kontra Hjelmelandsbuar, vart det vedteke å visa til heradstyrevedtaket frå 20. mars i fjor – til so lenge.


Både Karl Hjorteland og Knut Gjil søkte om lastebil-løyve i desse åra. Kor langt desse søknadene gjekk, har eg ikkje funne ut. Men begge desse navna fann eg i Aftenbladet. Bil-Ola (Ola O. Hauge) sine søknader fann eg ikkje referert i avisa. Det var nok litt tifeldig kva som kom på trykk i avisa.


27 april 1937 sto det eit lesarbrev i Aftenbladet som er underteikna "Mange bygdefolk".


Vegen er bygt med tilskot frå staten til ein kjørbar ridevei til hjelp for Suldals-fjellgardane. Ikkje til bilveg.


- Kjør ikke fort denne veien, for det er jo ingen traverbane, sa overingeniør Bassøe som var ansvarleg for bygginga av vegen. - Kjør forsiktig, det er mange steder så ringt underlag, man kan jo ikke vite når det svikter, sa assistent Andersen. Sume har fått sanna desse orda. Det har minst to gonger hendt at hestar har trødt gjennom vegen og endereist og den eine gongen brote sund kjerra.


Vert vegen kosta i god stand her, har sjølvsagt ingen i mot bilkjøring her, står det til slutt.


Eit par år seinare blei det krig og folk fekk meir enn Ulladalsvegen å bekymra seg for. Då gjekk det mange lastebil-lass på "rideveien" frå Ulladalen.

2 kommentarer:

  1. Den gongen grendene Hjorteland, Fjellberg, Ulladalen og dalføret ned til Vadla skulle koplast til kommunal straum frå Suldal, då vart Bil-Ola nytta til å transportere linjemateriell med bilen hans. Heile dalføret like inn til Rabbane.Med slike avstandar var det høgspenntlinjer som måtte til, med mastelengder som var i lengste laget for bilen hans Bil-Ola. Mastene måtte stikke både framom og bakom kjøretøyet, dermed var døra på høgre sida blokkert.Første turen veit eg at karen frå E-verket ikkje hadde serleg sans for utsynet rett ned i juvet der Ulla fossa kvit den gongen i 1963/64.For han sat inni styrhuset ved sida av Bil-Ola!

    SvarSlett