torsdag 20. juni 2024

Fargerike Olav Erfjord er død

 

Olav Erfjord i sitt rette element heime på Erøy.



Olav Erfjord frå Erfjord er død, 77 år gammal. Den fargerike erfjordbuen er det mange som vil hugsa med glede. Han likte folk og kom i kontakt med mange opp gjennom åra.


Som dei fleste andre unge ryfylkingar drog også Olav Erfjord til byen for å få seg arbeid. Olav fekk etterkvart jobb som bybuss-sjåfør og blei fast mann på rute 11 mellom Tasta og Åsen. I byen møtte han Annelise som blei kona hans.


Olav Erfjord, framme til venstre, saman med sjåførkolleger i Stavanger. Foto frå 
Rogalands Avis.



Ekteparet flytta seinare til Erfjord og busette seg på farsgarden som Olav seinare overtok.


Olav Erfjord likte å vera på farten. I 1982 blei han skipper på Vegvesenet sin båt «Vølaren». Dei tre karane om bord i denne båten tok seg av vedlikehaldet av alle ferjekaiane i Rogaland, frå Skudenes i vest til Sand i aust. Mange hugsar nok ennå båten i gult og svart som låg ved ferjekaiane av og til.


Olav Erfjord, her til høgre, var skipper på "Vølaren i mange år. Bilde frå Suldalsposten. 




Melkebåten «Kløver», bygd i 1955, hadde Olav Erfjord eit godt auga til. Han kunne aldri gløyma denne båten som var bygd på Erøy og som frakta melk og passasjerar mellom Erfjord og Sand fram til Ryfylkevegen gjorde båten overflødig i 1965. Båten havna etterkvart i Sverige.


For 25 år sidan blei det laga ei arbeidsgruppe med Olav Erfjord som primus motor. Dei jobba for å få «Kløver» heim til Erfjord igjen. Dette blei ikkje realisert. «Kløver» blei liggjande og forfalla i Sverige.


Då sambygdingen Paul Sverre Fyljesvoll tok opp igjen ideen om å få «Kløver» tilbake i 2016, var Olav Erfjord ein heilhjerta støttespelar. Han var med til Sverige og deltok i arbeidet med å få båten såpass i stand at dei kunne setja kursen for gamlelandet igjen. I 2016 var båten trygt heime på Erøy.


Blide karar, Paul Sverre Fyljesvoll og Olav Erfjord, pustar ut i Tananger i 2016. Vel i havn 
med "Kløver" etter overfarten frå Sverige. 



Ikkje nok med det. «Kløver» fekk plass ved Olav Erfjord si bryggje og han hadde plass slik at det kunne lagast ein slipp for båten der den kunne tilbakeførast til fordums glans. Tømmeret som gjekk med til å setja det gamle treskroget i stand, blei henta frå Olav Erfjord sin skog.


Annelise og Olav fekk tre barn. Men Olav Erfjord blei enkemann i 1995.

Nå var han sambuar med Signe Karin Natland Larsen. 

Olav Erfjord har 10 barnebarn.


Han blir gravlagt frå Erfjord kyrkje fredag 21. juni.


"Kløver" i fordums glans. 





onsdag 19. juni 2024

Korger og flettverk i fokus på Spinneriet i sommar

 

Nils Viga Hausken er ansvarleg for flettverk-utstillinga på Spinneriet.
Her med bærkorg, korg til potethausting og kipa.



Denne sommaren blir korger og flettverk i alle fasongar vist fram på sommarutstillinga på Spinneriet i Hjelmelandsvågen. Den blir åpna nå kommande fredag 21 juni.


Dette er fjerde sommaren på rad at Nils Viga Hausken lagar til ein utstilling av lokalt handverk. Fyrst var det jærstolen, deretter vev i alle slags variantar, så alle slags møbler laga på  arbeidsskulen og nå blir det korger.


Til alle tider har folk vore oppfinnsame og brukt det dei fann i naturen til ulike føremål. Også til emballasje. Dermed fletta dei korger til all slags føremål for å kunna transportera produkter. Alle godt vaksne kjenner til kiper til å bera høy med. Men ein kunne også bruka fletta korger i staden for bøtter når ein hausta poteter.


Produksjonen av fletta bærkorger tok heilt av i Hjelmeland då bæreksporten til England blei ei viktig næring i Ryfylke for over 100 år sidan. Utfordringa for eksportørane var å halda bæra like friske og fine heilt til dei var framme på marknaden i England.





Svaret var fem-liters bærkorger som kunne stablast på ein måte der dei sto luftig og godt om bord i skipa på veg over Nordsjøen. Dei fletta bærkorgene blei den tid sin eingongs-emballasje.


Johannes Hetlelid, også kjent som ein av pionerane i jærstol-produksjonen, blei den største produsenten av bærkorger. Heile familien, store og små, guttar og jenter, fletta bærkorger. Korgene gav meir inntekter enn jærstol-produksjonen. Dermed måtte stolane vika når det var bestillingar på korger.


Jentene var minst like flinke som korgflettarar som guttane. Anna Hetlelid var, ifølge Nils Viga Hausken, så rask at ho greidde å leggja seg opp pengar som ho hadde med seg då ho seinare blei gift til fjellgarden Ritland.


Sonen til Johannes Hetlelid, Mikkel, var kanskje mest hugsa som emissær men han produserte baby-korger i mange år når han var heime i Vormedalen  og ikkje reiste rundt på bedehusa og forkynte Guds ord. Sonen hans, Kåre Johs. Hetlelid, dreiv også  som korgmakar i ein del år.


Flettverket er jo også med som sete i jærstolane. Som også blei ein viktig lokal industriproduksjon i mange år i Hjelmeland. Ikkje rart dette flettverket inngår i kommunevåpenet.


I tillegg til flettverk-utstillinga blir det også ein heil etasje i Spinneriet der lokale biletkunstnarar får syna fram verka sine.


Stor åpning på Hjelmeland på fredag med talar og åpen sommarkafé. Her blir det åpne dører heile skuleferien,





onsdag 5. juni 2024

Hydrofoil-veteran Kristen Rinder er død

 

Kristen Rinder




Kristen Rinder frå Tau er død. Han blei 92 år gammal.


Rinder gjekk om bord i hydrofoilbåten «Ekspressen» som styrmann då den kom flunkande ny frå Italia til Stavanger i august 1961. Den gjekk sin fyrste tur i Ryfylke 9. august 1961. Kristen Rinder blei seinare avløysingsførar og kaptein på denne spesielle båten som flaug gjennom Ryfylke med ein fart på 35 knop. Ingen av hurtigbåtane som kom seinare, hadde så høg rutefart som «Ekspressen».


"Ekspressen" blei sett inn i Ryfylke-rutene frå 9. august 1961.



Rinder blei om bord i hydrofoilen like til den blei teken ut av drift i 1975,


Seinare var han om bord i westamaranane «Mayflower» og «Sauda». Då han gjekk av som pensjonist som 60-åring i 1992, var han kaptein på westamaranen «Fjordbris». Då hadde han 41 års tjeneste bak seg i Stavangerske.


Kristen Rinder fekk kake av sine kolleger då han blei pensjonist i 1992. Thorbjørn
Finnesand er servitør..  



Kristen Rinder var ein "skikkelige sjømann som hadde lært seg å seila". I 1948 var han elev på skuleskipet «Sørlandet». Deretter var han tre år i utenriksfart før han begynte på rutebåtane i Ryfylke. Han var også på Høgsfjord-båtane før han fekk fast jobb i Stavangerske.


Sjølv om han budde berre eit steinkast frå ferjekaien på Tau heile sitt liv, blei han ingen fast mann på Tau-ferjene,  men han var innom der også før han blei hurtigbåt-seilar.


Hydrofoil-folka kosa seg i sola i Sandeid før dei skulle gå til Stavanger igjen. Frå 
venstre: Kaptein Kristen Rinder, styrmann Sverre Håvarstein og maskinist
Jakob Særsten. Bildet skal vera tatt i 1963.



Kristen Rinder var ein dyktig skipper. Han opplevde ingen alvorlege uhell om bord. Når du møtte han fyrste gong, kunne han virka både alvorleg og lågmælt, men blei du litt kjent med han var han både rask i replikken og blid. Men stadig stillfarande.


Kristen Rinder var frisk og rask i mange år etter at han blei pensjonist. Han følgde ivrig med då den gamle «Ekspressen» blei henta heim for å restaurerast. Men den siste tida svikta helsa og han døydde på Jonsokberget sjukeheim på Jørpeland. Rinder var enkemann. Kona Eli døydde for to år sidan. Han etterlet seg barn og barnebarn.


Kristen Rinder skal gravleggjast frå Strand kyrkje fredag 7. juni.