|
Bil-Ola og Forden har henta heia-turistar i Ulladalen. Legg merke til ryggsekkene på styrehus-taket. Bildet tilhøyrer Terje Hauge. |
Då
pengesterke byfolk kom til Jøsenfjorden for å feriera, var det
fleire enn Ola O. Hauge som såg for seg at det kunne vera pengar å
tjena på turistane. Sandsa-hytta sto ferdig i 1936 og Stavanger-folk
ville dit, både i påskehelga og i sommarferien.
Bøndene
i Ulladalen, på Hjorteland og Fjellberg hadde leigd ut husrom
til ferierande byfolk i ein god del år og rekna at desse inntektene
kunne aukast monaleg når byfolk og bagasje skulle kjørast til Ulladalen
med hest og kjerre på vegen som sto ferdig i 1924.
Men
det var nye tider i Jøsenfjorden også. Bilane kom durande rett inn
i den fredelege fjorden og dei jomfruelege fjellbygdene. Det var nok
ein strek i rekningen for enkelte, ser det ut til viss ein les i
gamle og gulna aviser. Bygdefolket var ikkje berre redde for at
bilane stakk av med ein del av turist-inntektene. Dei frykta også at
bil-trafikken skulle skada vegen til Ulladalen. Dette var ikkje
akkurat nokon autostrada.
|
Føremelding frå Ulladalen i Aftenbladet 11. desember 1952. |
Jøsenford-selskapet
dreiv ikkje berre med båtruter i desse åra før krigen. Dei hadde
både bussar og drosjebilar i sving lenger ute i Ryfylke. Før nokon
andre hadde fått sukk for seg, var dei i sving med opptil tre
drosjebilar i trafikk mellom Vadla og Ulladalen.
Denne
meldinga sto i Aftenbladet 2.
mars 1939.
Bilkøyring
i Ulladalen.
Fylkesvegstyret
har gjeve Jøsenfjord Ruteselskap løyve til å køyre med opptil 3
bilar på Ulladalsvegen i tida frå 15. juni til 30. september i år.
Selskapet kan og køyre bil der i påskehelga, om føret er til det.
Men
biltrafikken var ikkje noko nytt. Året før blei det driven åpenlys
tekstreklame både for Sandsa-hytta og bil-tilbodet til Ulladalen:
Turistforeningens
pinsetur til Sandsa.
Turistforeningen
meddeler at verten på Sandsahytten, hr. Krogh, igår reiste til
Sandsa for å åpne hytten for sommeren.
Tilslutningen
til pinseturen er meget god, og man venter at turen blir fulltegnet.
Det er enda noen få billetter igjen hos Floor, som man bør sikre
seg snarest, hvis man vil være med på turen. Det er ordnet med bil
i Ulladalen til transport av bagasjen, og av de som måtte foretrekke
å kjøre fremfor å gå.
Det
var ikkje berre fjellbøndene som var uroa og skeptiske på grunn av
bilkjøringa. Politikarane var også urolege og uenige. Vadla og
Ulladalen låg i to ulike kommunar, og det er lite truleg at suldøler
og hjelmelandsbuar var samkjørte.
I
1938 søkte Lars Hjorteland Suldal herredstyre om løyve til å kjøra
lastebil på Ulladalsvegen. Det blei ein heil debatt i herredstyret i
samband med denne søknaden. Eg fann eit grundig referat i Aftenladet
frå 7. februar 1938.
Bilkøyring
på Ulladalsvegen.
Lars
Hjorteland søkte um løyve til å køyre lastebil heile året.
Ordføraren
var i mot å gi slikt løyve.
Johan
Veka vilde ein skulde stetta søknaden.
Ola
Sukka og Albert Bråtveit tala i same leid.
Nils
Bakka meinte det var til bate for ulladølene å få lastebil – når
ein har personbilen til Jøsenfjordselskapet.
Josef
Fisketjøn trudde ikkje det vart til framhjelp for nokon å køyre
lastebil på Ulladalsvegen.
Lensmann
Vasshus var ikkje imot ein liten lastebil.
Etter
endå meir radl um den smale farlege Ulladalsvegen, øydeleggjing på
bruer og stabbesteinar, Jøsenfjordselskapet og suldøler kontra
Hjelmelandsbuar, vart det vedteke å visa til heradstyrevedtaket frå
20. mars i fjor – til so lenge.
Både
Karl Hjorteland og Knut Gjil søkte om lastebil-løyve i desse åra.
Kor langt desse søknadene gjekk, har eg ikkje funne ut. Men begge
desse navna fann eg i Aftenbladet. Bil-Ola (Ola O. Hauge) sine
søknader fann eg ikkje referert i avisa. Det var nok litt tifeldig
kva som kom på trykk i avisa.
27
april 1937 sto det eit lesarbrev i Aftenbladet som er underteikna "Mange bygdefolk".
Vegen
er bygt med tilskot frå staten til ein kjørbar ridevei til hjelp
for Suldals-fjellgardane. Ikkje til bilveg.
- Kjør
ikke fort denne veien, for det er jo ingen traverbane, sa
overingeniør Bassøe som var ansvarleg for bygginga av vegen. - Kjør forsiktig, det er mange steder så ringt underlag, man kan jo
ikke vite når det svikter, sa assistent Andersen. Sume har fått
sanna desse orda. Det har minst to gonger hendt at hestar har trødt
gjennom vegen og endereist og den eine gongen brote sund kjerra.
Vert
vegen kosta i god stand her, har sjølvsagt ingen i mot bilkjøring
her, står det til slutt.
Eit
par år seinare blei det krig og folk fekk meir enn Ulladalsvegen å
bekymra seg for. Då gjekk det mange lastebil-lass på "rideveien"
frå Ulladalen.