tirsdag 4. januar 2022

Milde Moses! Skal «Hjelmelandsfjord» til Egypt? Me treng han her!

 

Heile bygda var på beina då «Hjelmelandsfjord» var på Skiftun for siste gong 27. september 1978.
Bildet tilhøyrer Steinar Warland. Fotograf ukjent.


Nilen? Ka e det for ei greia? Senda «Hjelmelandsfjord», den beste fjordabåden i verda til Egypt? Me har god bruk for den her på Skiftun og Jøssneset ennå.


Ikkje rart at det var fullt av folk, bilar og traktorar på kaien på Skiftun tidleg på morgonen 27. september 1978. «Hjelmelandsfjord» låg ved kaien på Skiftun for siste gong etter trufast teneste i 29 år.


Lærar Lars Bog held takketale for båt og mannskap. Fotograf ukjent.


Dette var på ein arbeidsdag og ein høgtidsdag. Her sto det to traktorar med tilhengarar fulle av sauer som skulle sendast til slakthuset og ein fortank-bil som skulle om bord. Men her var det også mange frammøtte bygdefolk som ville sjå båten for siste gong.


Her skulle det markerast. Læraren i bygda, Lars Bog, heldt takketale for mannskap og båt. Dei fekk blomar og blei fotograferte. Dette skulle inn i minnebøkene. Dessutan var NRK Rogaland på plass og rapporterte på direkten. Lyttarane fekk høyra både lærar Bog sin tale og kaptein Johan Warland sin svar-tale.


Mannskapet på den siste turen. Bak frå venstre: Styrmann Johan Bø, kaptein
Johan Warland og maskinist Marthon Hagen. Framme: matros Paul Olav Skiftun, matros
Børre Lyse, motormann Johan Larsen og matros John Reidar Foss.
Fotograf ukjent. 


Skiftun var den stoppestaden på ruta til «Hjelmelandsfjord» der båten stadig var like viktig som den hadde vore i alle år. Dei fleste andre stadene hadde blitt knytta til vegnettet. Der kunna folk kjøra bil når dei skulle ut og reisa. Der hadde dei godsbilruter, dyretransport-bilar og tankbilar som leverte dyrefor på gardane. Dei tok Tau-ferja og var aldri i nærleiken av ein gammaldags rutebåtkai.


I 1978 var slikt berre framtidsmusikk for jøsnesbuane. Fyrst i 1981 var det kjørande veg langs Jøsenfjorden til Vindsvik der ferja gjekk til Tøtlandsvik. Fyrst i 1990, blei ferjesambandet flytta ut av Jøsenfjorden og ferja begynte å gå mellom Nesvik og Hjelmeland.


Derfor var det sårt å ta farvel med «Hjelmelandsfjord» når ein visste kva som venta. Rykta flaug. «Hidle» var tenkt som erstattar for grombåten. Der var det trongare på både fordekk og akterdekk. Det ville bli vanskelegare å få med både tankbilar og andre bilar. Den var heller ikke like komfortabel å reisa med.


Farvel «Hjelmelandsfjord»!


Arthur Westersjø, jøsnesbuen som i si tid var lensmannsbetjent på Strandalandet, hadde hatt eit engasjert lesarbrev i Aftenbladet der han skildra elendigheta som venta for dei grovt forsømte jøsnesbuane. I dette brevet står det at «Hjelmelandsfjord» skulle til Nilen. Og jøsnesbuar visste godt kor Nilen var. Dei hadde brukt mykje tid på Moses og bibelsoga både på skule og bedehus og høyrt mykje om Moses som låg og plaska der i sivkorg inni sivet i sin barndom. Akkurat dette siste med Nilen, blei det ikkje noko av. Men «Hjelmelandsfjord» havna jo i utlandet, i det solrike Karibien.


Ikkje rart at «Hjelmelandsfjord» hadde stor plass i hjerta til alle ekta jøsnesbuar. Den hadde ikkje berre vore bindeledd mellom Jøsneset og resten av verda. I tillegg var det mange frå denne bygda som hadde sin arbeidsplass om bord. Også på denne siste turen var Jøsneset godt representert med maskinist Marthon Hagen og matrosane John Reidar Foss og Paul Olav Skiftun.


Steinar Warland, sonen til kaptein Johan Warland, har mange bilder frå avskjeden på Skiftun. Både kapteinen og fleire andre fotograferte denne dagen.


For meg som alltid har vore svært interessert i historia til denne båten, var det veldig oppklarande å studera desse bilda . Kjell Førre sitt bilde som viser «Hjelmelandsfjord» på siste reis under Randøy-brua, har alltid fått meg til å undrast. Tankbilen på akterdekket. Kor kom den frå? Nå veit eg svaret. Jøsneset sjølvsagt. I tidlegare tider var det Anders Romsbotn på Sandanger som var fast kunde og hadde tankbil frå Skretting om bord på båten. Men då sto bilane tverrskips. I 1978 var Romsbotn slutta å bruka båten. Nå kom for-bilane over Randøy-brua. Men jøsnesbuane overtok som tankbil-kundar.


Au, dette blei ein lang blogg. Eg fullfører denne siste turen til byen med ein ny blogg om eit par dagar. Hald ut. Dette er blogg nr. 23 om livet på «Hjelmelandsfjord».


Lesarbrevet frå Arthur Westersjø.

Kommentarar på Faceebook:

Ola Helgeland
Når eg las om læraren på Jøsneset som held tale, kom eg på ei hending frå sekstitalet. Då gjekk vedkommande og eg på lærarskulen i Stavanger. Ei helg me ville heim til Erfjord, sette me oss ved det "runde" bordet i salongen på Hjelmelandsfjord. Me viste at at ein gjeng med "helgependlarar" pleidde sitja akkurat der. Me to opserverte at dei dreiv rundt og fann ikkje "ro". Etter ei stund tok me oss ein tur ut og då me kom tilbake var den "faste gjengen" på plass rundt bordet. Den eine veit eg var frå Jøsneset og den andre frå Erfjord.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar