fredag 22. mai 2026

Den nye bispen har både DSD- og hjelmelandsbakgrunn

 

Den nye Stavanger-bispen, Tor Magne Nesvik. Foto.
Aftenbladet.


Den nye bispen, Tor Magne Nesvik, er jo ein fotball-interessert ungdom på berre 48 år, men han kan jo sikkert vera ein bra mann for det.


For oldefaren hans, Mandius Nesvik, kom frå Jøsneset i Hjelmeland og var ein legendarisk skipper i aldri så mange år på dampbåten "Hjelmeland" som gjekk i Stavangerske-ruter i Ryfylke frå 1910 til 1958. Mandius var kaptein om bord i denne båten frå 1924 til han gjekk i land som pensjonist i 1949.


Dampbåten "Hjelmeland" ved Ryfylkekaien.



Sjølv om båten hadde navnet "Hjelmeland" gjekk den sjelden til Hjelmeland. Det meste av si tid dampa den rundt i heilt andre ruter i Ryfylke. Om båten nokon gong var på Nesvik veit eg ikkje, men dette blei eit stopp for rutebåtane til Jøsenfjord Rutelag.


Kaptein Mandius Nesvik, oldefar til den nye
biskopen.



Mandius blei ein gammal mann. Han var 95 år då han gjekk ut av tida i 1982. Som pensjonist brukte han mykje tid på hytta si på Nesvik.


I nekrologen i Aftenbladet sto det at Mandius Nesvik var ein uvanlig  dyktig kaptein og en traust og staut kar. Han hadde stor tillit i selskapet og var svært godt likt av passasjerane.


Farfaren til den nye bispen, Toralv Nesvik, jobba i heile si tid i Stavangerske, eller "selskabe" som dei sa i Stavanger før i tida.


Etter at han hadde gått ut av gymnaset,  begynte han på DSD-kontoret. I 1962 blei han avdelingssjef for lokalrutene. Der passa han godt. Han var godt kjent i Ryfylke og blei ein godt likt leiar.


Heilt frå guttadagane var Toralv Nesvik med i Stavanger Kristelige Ungdomsforening. Han var medlem i koret og var flink til å spela piano.


Toralv Nesvik blei ingen gammal mann. Han døde i 1970, berre 48 år.


Far til bispen, Magne Nesvik (76), blei ikkje DSD-mann. Han har vore i skulen, mellom anna som fylkesdirektør for skuleverket.


Som hjelmelandsbu og tidlegare sommar-matros på bådane, følte eg det var viktig å gjera greie for desse sidene ved den nye bispen. Det teologiske får andre ta seg av.