søndag 21. juli 2024

Norsklæraren min kurerte sjøsjuka med kunst i Kristiansand

 

Gustav Vigeland si statue av Henrik Wergeland blei
avduka i 1907.



Kunstopplevinga i Kristiansand var ei trøyst og eit høgdepunkt for bondestudenten frå Madla som måtte kjempa mot sjøsjuke og anna elende på sine sjøreiser til og frå studier i Oslo i dei harde 1930-åra. Kystruteskipa mellom Oslo og Stavanger hadde så pass liggjetid i sørlandshovedstaden at Sigurd Refheim kunne gå ein tur i land.


Då gjekk han rett opp til parken ved domkyrkja for å beundra Gustav Vigeland si statue av Henrik Wergeland. Den sette mot i den sjøsjuke rogalendingen og var ei trøyst på resten av reisa langs sørlandskysten.


Lektor Sigurd Refheim var min norsklærar på Bryne gymnas frå 1966 til 1969. Han var ein stor beundrar av diktaren frå Kristiansand og Eidsvoll. Eg må vedgå at eg ikkje hugsar så veldig mykje frå norsktimane med Refheim, men hans skildring av Wergeland-statua har eg aldri gløymd.


Aftenbladet sin omtale av Sigurd Refheim i 1987.



Kanskje hadde det å gjera med at han snakka om ei båtreise mellom Stavanger og Oslo. Eg har jo alltid vore veldig interessert i gamle rutebåtar. Tenk på den tida kunne dei ikkje ta toget frå Stavanger til Oslo.


Anten måtte du reisa med nattruta til Bergen og ta toget derifrå til Oslo eller så måtte du ta kystruta. Dei som frykta storm, slingring og sjøsjuke aller mest, kunne korta ned turen og unngå reisa rundt Jæren ved å ta toget mellom Egersund og Stavanger. Nok om det.


Kystruteskipet "Rogaland" i førkrigsversjon.



Me tok ein kjapp kunst-tur til Kristiansand for ei lita veke sidan. Den mykje omtalte, nye kunstsiloen i sørlandsbyen var målet. Det blei ei vandring i timasvis for å sjå på kunst av nyare dato. Det fortel sikkert mest om meg at eg ikkje kjende særleg til hverken kunsten eller kunstnarane som var utstilt der. Men bygget var flott og imponerande og eg vil anbefala alle å ta seg ein tur for å sjå på dette.


Etter silo-besøket og samtidskunsten i mange etasjar, tok eg ein tur opp til Wergeland-statua og tok eit bilde med mobilen. Tenk at eg har lektor Refheim med meg i bakhåvet endå. Etter snart 60 år.


Refheim var klasseforstandar for latinklassen vår. Eg trur ikkje me sleit han ut eller sette så mange grå hår i håvet hans. Men han gjekk av med pensjon i 1969 då me var ferdige på gymnaset. Han var fødd i 1902 og hadde oppnådd pensjonsalderen.

mandag 8. juli 2024

«Viervåg 1» var den fyrste «Riskafjord»

 

"Viervåg" blei liggjande som vrak på Vier etter at den sleit seg i den  fæle stormen hausten 1969.
 Året etterpå blei den senka ved Steinsøy. Foto: Johannes Østvold.



Den svære stormen hausten 1969 tok knekken på «Viervåg 1». Då rek den gamle rutebåten på land og havarerte. I nesten eit år blei den liggjande i strandsteinane på Vier. I august 1970 blei vraket henta av slepebåtane «Jolu» og «Stilu» og taua til Steinsøy-havet og senka på 200 famnars djup.


«Viervåg 1» hadde ein lang historie i desse farvatna. Dette var den fyrste «Riskafjord».


Nybygget frå 1913. Illustrasjon frå Erik Thorings bok: "Riskafjord kom seilande"



Båten blei bygd i 1913 ved Ottesens Skibsbyggeri i Sagvåg på Stord for Ole G. Usken og Tobias Hogstad. Den fekk navnet «Ly». Eit snaut år seinare blei den kjøpt av AS Riskafjord og gitt navnet «Riskafjord». Kjøpesummen var 11 000 kroner. Våren 1914 blei båten sett inn i trafikk. Den hadde plass til 70 passasjerar.


Denne båten var den fyrste av i alt fem rutebåter som gjekk over Riskahavet med navnet «Riskafjord» med eller utan eit romertal i tillegg.


Etter 17 år blei båten seldt til Askje i 1930 for 6300 kroner og fekk nå navnet «Askøy». Kjøparane var far og son med samme navn: Arne Aske. I ruta mellom Askje, Åmøy, Sokn, Bru og Stavanger blei båten fort for liten. Nå overok Knut Vier og Andreas Naustervik. Nå fekk den navnet «Viervåg 1». Dei betalte 10.000 kroner. Ikkje lenge etter overtok Knut Vier Naustervik sin part i båten.


Nå gjekk den følgjande ruta: Vier, Stølsvik, Lauvåsvåg, Rosenvik, Uskekalven, Stavanger.


Knut Vier heldt det gåande med «Viervåg 1» like fram til 1963. Då selde han til Sverre Haga. Drifta stoppa to-tre år seinare. Ruta gjekk med tap og «Viervåg 1» blei liggjande ubrukt . Båten rek på land i stormen i 1969. Året etterpå blei «Viervåg 1» senka.


Maskin: Som ny hadde båten ein maskin frå Lysekil mek. verksted på 15 bhk. I 1931 fekk den ny maskin frå Jønkøping Motorfabrik.


Denne bloggen er basert på opplysningar og bilde eg har funne i bøkene «Fjordabådane» av Magnus Torgersen og «Riskafjord kom seilande» av Erik Thoring. Pluss ein del opplysningar frå Aftenblad-arkivet.


søndag 7. juli 2024

Verre på Uskekalven enn på Jan Mayen, meinte husmødrene på øya!

 

Dei sinte husmødrene frå Uskekalven. Frå venstre: Klara Olsen Usken, Bertha Amaliksen,
Aud Sivertsen, Ada Sivertsen og Tove Sivertsen. Ungane fekk ikkje navnet i avisa.



Fem rasande husmødre frå Uskekalven inntok biblioteket i Aftenbladet og blei fyrstesidestoff i oktober 1965. Nå var det på høg tid at avisa skreiv om det elendige rutebåt-tilbodet dei hadde. På Uskekalven hadde dei dårlegare samband med omverda enn på Jan Mayen, meinte dei. For å komma seg til byen hadde dei leigd ein skyssbåt.


Ein einaste gong i veka var «Viervåg» innom Uskekalven sjølv om det budde ni familiar her, 30 menneske med stort og smått. Melka blei sur, avisa hadde dei sagt opp og posten kom i ei svær bunke ein dag i veka.


"Viervåg" sto ikkje høgt i kurs på Uskekalven i 1965. 



På Jan Mayen hadde dei det forresten betre. Der fekk dei oftare post. Sjølv om Uskekalven ikkje låg lenger unna Stavanger sentrum enn Hinna!

Sidan nyttår i 1965 hadde Uskekalven tilhøyrt Sandnes kommune. Tidlegare var desse øyan pluss Riska ein del av Hetland kommune. I Sandnes var dei blitt heilt akterutseilt. Ikkje hadde kommunen gjort noko med rutebåt-tilbodet og heller ikkje sørga for betre veg mellom Uskekalven og Usken.


Fem familiar hadde flytta frå Uskekalven på grunn av dei dårlege rutene. Håplaust å bu her for dei som skulle av gårde på arbeid kvar dag. Fleire av ektemennene som budde igjen var sjøfolk. Dei andre som gjekk på arbeid måtte setjast over til Hommersåk med båt.


Viss dei skulle til lege eller tannlege, måtte dei leiga fløttbåt. Dei pengane fekk dei heldigvis refundert av trygdekassen. Verre var det med maten som måtte kjøpast for ei veke om gongen.


Kart i Aftenbladet.



Aftenbladet konfronterte teknisk rådmann i Sandnes, H. Hagen, med klagene frå husmødrene på Uskekalven. Han forsikra at dei tok dette på alvor. Men det hadde jo berre gått tre-kvart år sidan Sandnes overtok Usken og Uskekalven, og dei fem familiane hadde flytta før den tid. Dessutan ville det kosta 200 000 kroner å gjera ferdig vegen mellom Usken og Uskekalven, og det var mange pengar i 1965.


Sandnes kommune ville hjelpa dei med båt-tilbodet ved å gi tilskot til båtruta slik Hetland kommune tidlegare hadde gjort.


Eit par dagar seinare var Riskafjord-rederiet ute i Aftenbladet og sa at dei kunne gå innom Uskekalven fleire gonger til dagen viss Samferdselsnemda i fylket ynskte det.


Disponent Gabriel Haga i busselskapet Sverre Haga som også var eigar av «Viervåg», meinte at husmødrene frå Uskekalven overdreiv kritikken når dei påsto at det berre var eit anløp i veka. For «Viervåg» gjekk frå Stavanger halv seks på fredagskveldane. Dessutan var båten innom to gonger både lørdag og søndag. Viss folk ynskte det kunne det også bli eit anløp på fredag ettermiddag.


Men då måtte folk også bruka båten og ikkje bruka eigne motorbåtar. Året før hadde dei opplevd at folk frå Uskekalven kjørte med sine båtar på sida av rutebåten, sa Gabriel Haga.


Akkurat på denne tida var motoren på «Viervåg» så skrøpeleg at den måtte på verksted frå mandag til torsdag. Ny motor var for kostbart, men dei hadde nå kjøpt for 3000 kroner i deler til motoren. Med delene på plass, kunne Sverre Haga søka om kommunalt tilskot og tilby fleire avgangar.


Tøffe tider på Uskekalven hausten 1965.


Koss gjekk det med rutebåten «Viervåg»? Du får soga om båten i neste blogg. Den kan komma allerede i morgon viss vêret er like surt som i dag.

tirsdag 2. juli 2024

Dei ville dra ein baby med seg til fjells i ei korg!

 


Mor og far med meg i midten. Her er dei på hyttebesøk på Meland og viser fram 
babyen. Foto: Ella Iversen.



Mor og far hadde ikkje vore lenge nygifte før dei oppdaga at eg var underveis. Dei gifta seg 8 mai 1948. Dette er jo ein offisiell flaggdag. Rørande at det alltid blir flagga på denne dagen sjølv om dei begge er ute av tida nå.


Far var ungkar, men ikkje heilt spelemann, sjølv om han beherska munnspel og litt piano med ei hand. Etter krigen hadde far min fått bygd seg ei lita hytta ved Storsteinsvatnet som ligg i hima-heiå i Hjelmeland. Hytta blei bygd på fjellgarden Helgaland sin grunn, heilt på grensa til Laugalandsgardane si beitemark.


Mor og far på hyttetur før dei blei gifte.



Som hytte-eigar kom han i lag med mor mi. Om det var mannen eller hyttå ho fall for, veit eg ikkje, men det blei nå dei to. Ingen tvil om at dei kosa seg på heiaturar både til Storsteinshyttå og andre hytter. Så gifta dei seg og hyttelivet var stadig ein viktig del av fritida.


Ut over sommaren i 1948 fall nok far min i tankar. Koss skulle det gå med hyttelivet med ein nyfødd unge i heimen? Det var to timars gange frå huset på Laugaland til hyttå ved Storsteinsvatnet.


Storsteinshytta ein vinterdag. Storstein i bakgrunnen til venstre.



Men han fann løysinga. Sambygdingen Mikkel Hetlelid var i alle år ein mykje brukt emmissær. Han reiste over heile Sør-Norge med det gode budskap. Han var til og med på Finnskogen og prøvde å frelsa folket der. Mikkel var ingen lathans. Når han kom heim til Vormedalen for å pusta ut og samla krefter til nye turnear til møtetelt og bedehus, då jobba han som korgmakar på sin eigen verkstad i uthuset.


Mikkel var ikkje for ingenting sonen til den vidgjetne korgmakaren og jærstolprodusenten Johannes Hetlelid. Slike folk tvinna ikkje vindskit.


Mikkel utvikla sin eigen spesialtet: Babykorga. Dei sa forresten ikkje baby i Vormedalen på den tida. Dei sa babby. Nok om det.


Dette er babykorga som Mikkel Hetlelid laga på bestilling frå far min.



Far min gjekk derfor til Mikkel Hetlelid og la fram problemet. Han ville ha ei babykorg som mor og far kunne bera mellom seg til fjells. Kven som fann løysinga veit eg ikkje, men det var sikkert Mikkel. Kort tid seinare kunne far min henta korga med to gode håndtak, eit på kvar side, slik at dei ferske småbarnsforeldra kunne dra med seg litle meg til hytta ved Storsteinsvatnet.


Dei fekk meg på siste søndagen i februar 1949. Og eg blei plassert i den nya og spesiallaga korga. Om mor og far nokon gong realiserte planen om å dra meg med til hytta som liten blei-unge, er eg ikkje sikker på. Ikkje lett å dra med seg blei-barn på ei enkel heia-hytta.


Mikkel Hetlelid som 80-åring. Bildet sto på fyrstesida på
Aftenbladet.



Det var mor mi som fortalde at korga var laga slik med tanke på fjellturar, men eg kan ikkje hugsa at ho sa at dei tok den med meg oppi til fjells nokon gong.


Denne korga som eg nå har greidd å skriva så mykje om, kan du få sjå nå i sommar viss du ser innom flettverk-utstillinga i Spinneriet på Hjelmeland. Der er korga mi utstilt saman med mange andre flotte produkt frå lokale korgmakarar.


Ein interessant utstilling laga til av Nils Viga Hausken.


Og ein ting til: Ikkje gløym kafeen i rommet ved sida av utstillinga.


torsdag 20. juni 2024

Fargerike Olav Erfjord er død

 

Olav Erfjord i sitt rette element heime på Erøy.



Olav Erfjord frå Erfjord er død, 77 år gammal. Den fargerike erfjordbuen er det mange som vil hugsa med glede. Han likte folk og kom i kontakt med mange opp gjennom åra.


Som dei fleste andre unge ryfylkingar drog også Olav Erfjord til byen for å få seg arbeid. Olav fekk etterkvart jobb som bybuss-sjåfør og blei fast mann på rute 11 mellom Tasta og Åsen. I byen møtte han Annelise som blei kona hans.


Olav Erfjord, framme til venstre, saman med sjåførkolleger i Stavanger. Foto frå 
Rogalands Avis.



Ekteparet flytta seinare til Erfjord og busette seg på farsgarden som Olav seinare overtok.


Olav Erfjord likte å vera på farten. I 1982 blei han skipper på Vegvesenet sin båt «Vølaren». Dei tre karane om bord i denne båten tok seg av vedlikehaldet av alle ferjekaiane i Rogaland, frå Skudenes i vest til Sand i aust. Mange hugsar nok ennå båten i gult og svart som låg ved ferjekaiane av og til.


Olav Erfjord, her til høgre, var skipper på "Vølaren i mange år. Bilde frå Suldalsposten. 




Melkebåten «Kløver», bygd i 1955, hadde Olav Erfjord eit godt auga til. Han kunne aldri gløyma denne båten som var bygd på Erøy og som frakta melk og passasjerar mellom Erfjord og Sand fram til Ryfylkevegen gjorde båten overflødig i 1965. Båten havna etterkvart i Sverige.


For 25 år sidan blei det laga ei arbeidsgruppe med Olav Erfjord som primus motor. Dei jobba for å få «Kløver» heim til Erfjord igjen. Dette blei ikkje realisert. «Kløver» blei liggjande og forfalla i Sverige.


Då sambygdingen Paul Sverre Fyljesvoll tok opp igjen ideen om å få «Kløver» tilbake i 2016, var Olav Erfjord ein heilhjerta støttespelar. Han var med til Sverige og deltok i arbeidet med å få båten såpass i stand at dei kunne setja kursen for gamlelandet igjen. I 2016 var båten trygt heime på Erøy.


Blide karar, Paul Sverre Fyljesvoll og Olav Erfjord, pustar ut i Tananger i 2016. Vel i havn 
med "Kløver" etter overfarten frå Sverige. 



Ikkje nok med det. «Kløver» fekk plass ved Olav Erfjord si bryggje og han hadde plass slik at det kunne lagast ein slipp for båten der den kunne tilbakeførast til fordums glans. Tømmeret som gjekk med til å setja det gamle treskroget i stand, blei henta frå Olav Erfjord sin skog.


Annelise og Olav fekk tre barn. Men Olav Erfjord blei enkemann i 1995.

Nå var han sambuar med Signe Karin Natland Larsen. 

Olav Erfjord har 10 barnebarn.


Han blir gravlagt frå Erfjord kyrkje fredag 21. juni.


"Kløver" i fordums glans. 





onsdag 19. juni 2024

Korger og flettverk i fokus på Spinneriet i sommar

 

Nils Viga Hausken er ansvarleg for flettverk-utstillinga på Spinneriet.
Her med bærkorg, korg til potethausting og kipa.



Denne sommaren blir korger og flettverk i alle fasongar vist fram på sommarutstillinga på Spinneriet i Hjelmelandsvågen. Den blir åpna nå kommande fredag 21 juni.


Dette er fjerde sommaren på rad at Nils Viga Hausken lagar til ein utstilling av lokalt handverk. Fyrst var det jærstolen, deretter vev i alle slags variantar, så alle slags møbler laga på  arbeidsskulen og nå blir det korger.


Til alle tider har folk vore oppfinnsame og brukt det dei fann i naturen til ulike føremål. Også til emballasje. Dermed fletta dei korger til all slags føremål for å kunna transportera produkter. Alle godt vaksne kjenner til kiper til å bera høy med. Men ein kunne også bruka fletta korger i staden for bøtter når ein hausta poteter.


Produksjonen av fletta bærkorger tok heilt av i Hjelmeland då bæreksporten til England blei ei viktig næring i Ryfylke for over 100 år sidan. Utfordringa for eksportørane var å halda bæra like friske og fine heilt til dei var framme på marknaden i England.





Svaret var fem-liters bærkorger som kunne stablast på ein måte der dei sto luftig og godt om bord i skipa på veg over Nordsjøen. Dei fletta bærkorgene blei den tid sin eingongs-emballasje.


Johannes Hetlelid, også kjent som ein av pionerane i jærstol-produksjonen, blei den største produsenten av bærkorger. Heile familien, store og små, guttar og jenter, fletta bærkorger. Korgene gav meir inntekter enn jærstol-produksjonen. Dermed måtte stolane vika når det var bestillingar på korger.


Jentene var minst like flinke som korgflettarar som guttane. Anna Hetlelid var, ifølge Nils Viga Hausken, så rask at ho greidde å leggja seg opp pengar som ho hadde med seg då ho seinare blei gift til fjellgarden Ritland.


Sonen til Johannes Hetlelid, Mikkel, var kanskje mest hugsa som emissær men han produserte baby-korger i mange år når han var heime i Vormedalen  og ikkje reiste rundt på bedehusa og forkynte Guds ord. Sonen hans, Kåre Johs. Hetlelid, dreiv også  som korgmakar i ein del år.


Flettverket er jo også med som sete i jærstolane. Som også blei ein viktig lokal industriproduksjon i mange år i Hjelmeland. Ikkje rart dette flettverket inngår i kommunevåpenet.


I tillegg til flettverk-utstillinga blir det også ein heil etasje i Spinneriet der lokale biletkunstnarar får syna fram verka sine.


Stor åpning på Hjelmeland på fredag med talar og åpen sommarkafé. Her blir det åpne dører heile skuleferien,





onsdag 5. juni 2024

Hydrofoil-veteran Kristen Rinder er død

 

Kristen Rinder




Kristen Rinder frå Tau er død. Han blei 92 år gammal.


Rinder gjekk om bord i hydrofoilbåten «Ekspressen» som styrmann då den kom flunkande ny frå Italia til Stavanger i august 1961. Den gjekk sin fyrste tur i Ryfylke 9. august 1961. Kristen Rinder blei seinare avløysingsførar og kaptein på denne spesielle båten som flaug gjennom Ryfylke med ein fart på 35 knop. Ingen av hurtigbåtane som kom seinare, hadde så høg rutefart som «Ekspressen».


"Ekspressen" blei sett inn i Ryfylke-rutene frå 9. august 1961.



Rinder blei om bord i hydrofoilen like til den blei teken ut av drift i 1975,


Seinare var han om bord i westamaranane «Mayflower» og «Sauda». Då han gjekk av som pensjonist som 60-åring i 1992, var han kaptein på westamaranen «Fjordbris». Då hadde han 41 års tjeneste bak seg i Stavangerske.


Kristen Rinder fekk kake av sine kolleger då han blei pensjonist i 1992. Thorbjørn
Finnesand er servitør..  



Kristen Rinder var ein "skikkelige sjømann som hadde lært seg å seila". I 1948 var han elev på skuleskipet «Sørlandet». Deretter var han tre år i utenriksfart før han begynte på rutebåtane i Ryfylke. Han var også på Høgsfjord-båtane før han fekk fast jobb i Stavangerske.


Sjølv om han budde berre eit steinkast frå ferjekaien på Tau heile sitt liv, blei han ingen fast mann på Tau-ferjene,  men han var innom der også før han blei hurtigbåt-seilar.


Hydrofoil-folka kosa seg i sola i Sandeid før dei skulle gå til Stavanger igjen. Frå 
venstre: Kaptein Kristen Rinder, styrmann Sverre Håvarstein og maskinist
Jakob Særsten. Bildet skal vera tatt i 1963.



Kristen Rinder var ein dyktig skipper. Han opplevde ingen alvorlege uhell om bord. Når du møtte han fyrste gong, kunne han virka både alvorleg og lågmælt, men blei du litt kjent med han var han både rask i replikken og blid. Men stadig stillfarande.


Kristen Rinder var frisk og rask i mange år etter at han blei pensjonist. Han følgde ivrig med då den gamle «Ekspressen» blei henta heim for å restaurerast. Men den siste tida svikta helsa og han døydde på Jonsokberget sjukeheim på Jørpeland. Rinder var enkemann. Kona Eli døydde for to år sidan. Han etterlet seg barn og barnebarn.


Kristen Rinder skal gravleggjast frå Strand kyrkje fredag 7. juni.

torsdag 30. mai 2024

Samel Heiå - sauagjetar og bygdeoriginal med glimt i auga!

 

Samel Heiå på sine gamle dagar. Foto: Magne Meltveit,
Digitalt Museum.


- Der budde Samel Heiå, seier Arne Kleppa og peikar med staven sin.


Han står med støvlane trygt planta i Fister og held seg i gjerdet og ser over til den nedlagte garden heiå som ligg i Hjelmeland. Gjerdet bak ryggen hans markerer grensa mot Årdal.


Vegvisar, Arne Kleppa, peikar mot husmurane på Heiå. Han står i gamle Fister
kommune. Bak ryggen hans låg gamle Årdal. Heiå tilhøyrer Mjølhus og 
Hjelmeland.



Grenser? Ka er dette for någe tull midt oppi Mjølhushagane i Hjelmeland?


Jo, dette var kommunegrensene mellom dei gamle ærverdige kommunane Hjelmeland, Fister og Årdal fram til 1965. Her går vel nå kanskje grensa mellom dei tre kyrkjesokna med same navn. Det har eg ikkje sjekka.


Husa på Heiå på 1950-talet. Foto: Magne Meltveit, Digitalt Museum.



Akkurat her i grenselandet budde Samel Heiå som han blei kalla til dagleg. På gravsteinen på kyrkjegarden på Hjelmeland står det Samuel Heien, men navnet Samuel Mjølhus blei også brukt i diverse skriftlege kjelder.


I dag er det berrre me gamlingar som hugsar mannen. Men sjølv om husa på garden hans har ramla saman, berre murane står igjen, og innmarka blir brukt til sauabeite, er det mange minne å leita fram om Samel Heiå.


Forfallet sette fort inn på Heiå. Eit bilde frå slutten av 1950-talet. Gutten på bildet
er Atle Røe, son av fotograf Knut Røe som var distriktslege i Hjelmeland.

22. mai 1887 blei Samel eller Samuel fødd heima på Heiå som var husmannsplass under Mjølhus. Det var fyrst i 1948 dette blei sjølstendig bruk. Det var Samel som sørgde for det.


I den forlengst utselde boka "Det sviv ikkje lenger" om nedlagde gardsbruk i Hjelmeland med Arne Kleppa som ein av forfattarane, står det om Heiå og Samel. Her blir det fortalt om den storstilte 50-årsdagen som han feira på Askvik ungdomshus 22. juni 1937. Folk kom og gjekk frå tidleg kveld til seine natta, ja fuglane hadde til og med vakna og song før festen var slutt. Jubilanten heldt visstnok fleire talar etterkvart som folk kom og gjekk.


Frå Samel si ungdomstid. Han sit heilt til venstre.



- Tenk 50 år og ikkje gifte, sa han plutseleg med høg og inderleg røyst – deretter ein merkbar pause før han retta handa ut over forsamlinga og heldt fram:


- Men det er ikkje dokke damer som er her i kveld, si skuld.


For det var eit sårt punkt i Samel sitt liv. Jenta i hans, gjekk til ein annan. Han var visstnok ikkje god nok for familien hennar. Ho var gravid og fekk ein son som faren, Samel, aldri fekk kontakt med. Dermed blei han ungkar og spelemann heila sitt liv.


Denne kaffikanna tilhøyrde Samel Heiå.



Ikkje rart at det var mange som ville vera med på å feira 50-åringen. Han var ein kjent og omtykt mann i sine bygder. For han blei brukt som bygdeslaktar, dyrlege-amatør og kjømeister (toastmaster) i både bryllaup og begravelsar. Han hadde glimt i auga og gode talegåver.


At Samel feira sine 50 år på ungdomshuset i Askvik, var eit naturleg val. Der var han ein hyppig gjest og der følte han seg heime. "Samels kvile" var eit av dei mange navna som blei sett på ungdomshuset.


Askvik ungdomshus. Foto: Andreas Ropeid,
Norsk Folkemuseum.



Fem år seinare mista han mora. Dette var eit stort tap for han. Det gjekk ut over både matstell og personleg hygiene. Men gode naboar hjelpte han slik at han kunne bu heima omtrent til sin siste dag.


Me som hugsar Samel Heiå i dag, var ungar då denne mannen levde. Då var han nok berre ein skugge av den karen han hadde vore i sine beste år. Ikkje rart at mange av hans jamaldringar både kjende han, likte han og hadde respekt for den allsidige Samel Heiå.


Lommeuret, ein av få eigendeler som er igjen etter Samel Heiå.



I september 1951 hadde Rogalands Avis eit større intervju med Samel Heiå med overskrifta "Han gjette sauer i 50 år".


"Samel er en storfallen kar, med grått i tinningene, med åpen skjorte i halsen, med gummisko og smalestokk og skyggelue. Han har et kvasst auga og kvass replikk og han gir en viss mann med fett på om han vil det", står det i avisa.


Samel Heiå og John Hausken var saman i
militæret. Bildet tilhøyrer Trond Laugaland.



Han begynte som sauagjeter den sommaren han var 14 år og gjekk og les for presten. Sidan var han i heiane kvar einaste sommar, i Bykleheiane, Helgalandsheiane, Lyseheiane og i Setesdalen. Det var mange flotte dagar, men mange harde også. Det tok på å liggja ute i uver og gå svolten frå to om nåttå til tolv neste nått. Tarmane song ligtonar, fortalde Samel.


50 til 70 øre var daglønna for ein sauagjetar då Samel var 14 år. Det hende dei fekk ei krone, men det var sjeldan. I dag må du betala 20 te 30 kroner dagen for ein gjetar, sa Samel i 1951.





Nokre veker seinare skulle han til heis og henta sauene sine. Han hadde ingen planar om å leggja vandringsstaven ned. Så lenge føtene bar han, skulle han ha sauer.


Slutten på intervjuet: "Samel er en grei kar, gild å prate med, full av leven og lun humor med rette blinket i aua. Derfor vil han også tilgi dette her.


Samel Heiå på sine eldre dagar. Bildet tilhøyrer Aslaug
Byrkja Hausken.



Også når jeg skriver at jeg aldri har hørt noe menneske som kan gjøy vekk uvedkommende sauer, slik som han.


Under intervjuet står signaturen Lasse. Det er journalist Lasse Øye som seinare var mange år i Aftenbladet. Hans fulle navn var Lars Torleiv Øye.


Då Samel var 70 i mai 1957, sto det ein kort omtale i Aftenbladet. Der står det om heiamannen og bygdeslaktaren, men i tillegg blir det nevnt at han var mykje brukt som taktekkjar. Han kunne laga tak med store heller både på løer og bustadhus.


70-årsjubilanten hadde sviktande helsa og budde då på gamleheimen på Hjelmeland. Han døydde berre ein månad seinare.


To år gamle Aslaug Byrkja var favorittjenta til Samel
Heiå. Bildet tilhøyrer Siri Borgen. 



Aslaug Byrkja Hausken var ikkje meir enn fem år då Samel Heiå døydde i 1957, men ho hugsar han likevel.


- Eg var favorittjenta hans, sa han til foreldra mine, Anna og Rasin Byrkja. Når han kom til oss, sprang eg mot han. Seinare sat eg i fanget hans. Mor fekk beskjed om at eg ikkje måtte gå med raude sokkar. Han likte ikkje den fargen. fortel Aslaug. Samel var god venn med foreldra hennar og var ein hyppig gjest der på sine gamle dagar.


Arne Kleppa ved murane etter løa på Heiå. Det flotte tuntreet
i bakgrunnen.



Husa på Heiå var truleg ikkje særleg godt i stand i Samel sine siste år. I dag er det berre ein del av steinmurane som er igjen og det svære tuntreet. Ei flott fåra som står som eit minne om den mangfoldige Samel Heiå som alle kjente i bygdene derinne i gamle dar. Uansett kaffor ein av dei tre kommunane dei høyrde hima i. 


Gravsteinen til Samel Heiå på kyrkjegarden på Hjelmeland. Bildet tilhøyrer
Aslaug Byrkja Hausken.


Kjekt når det kjem respons frå folk som har lese bloggen min:

Samel Heiå var innom på fjellgarden Ritland rett som det var. Lilly Anne Håversen, dotter av Berit Ritland Kvame, har sendt dette bildet av Samel på Ritland. Staven hans var det Tor Ritland som har laga. 



Samel Heiå på Ritland.




Randi Helen Ritland, dotter av Ragnar Ritland, har sendt bilde av hytteboka på Raukleiv.


Frå hytteboka på Raukleiv.



Ein annan gong holdt han på å fryse ihjel i heia på tur med far min Ragnar Ritland. Kom til Raudkleiv fra Høyversknuten på løysing, var da heilt gjennomblaut, far fekk hjulpe han så det enda godt. Far har veldig gode minner om han.