søndag 31. oktober 2021

Han smugla sykkeldekk til sonen med «Hjelmelandsfjord»

 

Johannes Langvik sørga for nye sykkeldekk til sonen då
han kom heim frå Nordsjø-turen.



To nye sykkeldekk hadde Johannes Langvik smugla med seg til sonen Jan heime på Tau då han i oktober 1946 kom heim etter ein rusjen tur frå England. Han var ein av mannskapet på det utrangerte krigsskipet 192 som nå skulle ombyggjast til rutebåten «Hjelmelandsfjord».


- Eg hadde fått ein gammal trøsykkel, men dekka var heilt utslitne. Å få tak i nye var ikkje enkelt. I den fyrste etterkrigstida var det mangel på det meste. Men i England fekk far kjøpt nye dekk. Dei hadde han gøymt i ein tank om bord i båten. Der låg dei til tollarane i Stavanger hadde gjort seg ferdige om bord, fortel sonen Jan Langvik (88) som hugsar då faren drog til England for å henta krigskipet heim til Stavanger.


Jan Langvik blei ikkje sjømann. Han var bankmann og seinare ordførar i Strand ei tid.


Ombobuen Johannes Langvik var ikkje skvetten. I mai 1945 kom han heim til familien etter ni månader i fangeleiren på Grini. I 1944 blei han arrestert av dei tyske okkupantane. Då var han styrmann på rutebåten «Fisterfjord». Saman med fleire andre av mannskapet hadde han hjelpt motstandsfolka som heldt til i Førre-botnen i Jøsenfjorden med formidling av brev, forsyningar og smugling av motstandsfolk til og frå Stavanger.


Jan Langvik (88) hugsar godt då han og mora var med på 
kaien då faren skulle reisa med båten til England i 
september 1946. Foto frå Strandbuen.



- Far var lett å be. Han takka ikkje nei når disponenten i Jøsenfjord-selskapet, Magnus Kalheim, spurte om han ville vera med på å henta det ny-innkjøpte krigsskipet i England. Far min og Kalheimen var gamle kjente. Dei var ombo-buar, begge to.


?Eg hugsar godt då far min skulle reisa til England. Både mor og eg som då var 13 år, var med på kaien i Stavanger då han skulle gå om bord i englandsbåten «Jupiter». For oss var jo dette ei storhending, fortel Jan Langvik.


Jøsenfjord-folka fekk lugar forut på skipet. Det var visst ingen spesielt komfortabel tur over Nordsjøen til Newcastle. Derifrå gjekk turen vidare til Southampton heilt i sør med tog.


Meldng i Aftembladet 5-9-46.



Jøsenfjord-folka reiste i to grupper. Langvik og fleire med han tok englandsbåten over Nordsjøen.


- Dei andre reiste med fly til London. Ein av dei var Sjur Randa som var tilsett som tømmermann på Jøsenfjord-verkstedet på Buøy. Dette fortel Torstein Randa, sonen til Sjur Randa.


- Skal du reisa med fly? Då må du halda deg fast, Sjur, sa mor hans.


Sjur Randa budde på Buøy og arbeidde på Jøsenfjord-selskapet sitt verksted på Buøy. I følge sonen Torstein var han sjølvlært skipstømmermann. Slik hadde det seg at han blei med i gjengen som reiste til Southampton i England for å henta landgangsfartøy 192.


- Far fortalde at propellane var fulle av ubåt-nett. Dette måtte fjernast før båten var sjøklar. Men kor dette ubåtnettet kom frå, er det ikkje så lett å forstå. For denne båten skal ikkje ha vore levert til Royal Navy før krigen var over i Europa, seier Torstein Randa.


Klar for turen over Nordsjøen. Frå venstre: Ludvig 
Sivertsen, Ola Hagen og Sjur Randa.



Kokekyndige folk var det ikkje mellom karane som skulle leggja ut på turen over Nordsjøen. Sjur Randa tok på seg kokka-jobben. Han hadde fått tak i svisker og skulle laga graut. Han brukte potetmjøl i grauten som blei så seig at den varte heile turen.


Ein engelsk trekkopp-bil i metall hadde Sjur Randa kjøpt med seg heim til sønnene sine. Denne var eit storarta leiketøy som brørne brukte fleire år på å slita ut. 


Knut Gjil, handelsmann på Vadla i Jøsenfjorden, var også med i gjengen som henta 192 i Southampton. Han var ikke tilsett i Jøsenfjord-selskapet, men kjente nok mange av folka på båtane. Ikkje minst Johannes Langvik som var styrmann på «Fisterfjord». Dei to karane samarbeidde mykje i motstandsarbeidet under krigen.


Folk har i alle år snakka i det vide og breie om då «Fisterfjord» gjekk over Nordsjøen med bær i 1920-åra, men det har ikkje vore lett å finna så mykje om turen med krigsskipet som blei til «Hjelmelandsfjord». Bort sett frå eit par korte nyhetsmeldingar i Aftenbladet, blei det ikkje skrive om overfarten på denne tida.


Stavangerske henta i desse åra to landgangsbåtar, «Sauda» og «Sand», to ubåtjagarar «Haugesund» og «Stavanger» pluss ein flytedokk i England. Dette må jo ha vore ganske spennande turar, men eg har ikkje funne anna enn knappe nyhetsmeldingar om dette. Flott viss det er folk som har opplysningar om denne trafikken og tar kontakt!


Eg bloggar vidare om «Hjelmelandsfjord» i tida som kjem.

torsdag 28. oktober 2021

Tøffing frå Tau var skipper då 192 - «Hjelmelandsfjord» kryssa Nordsjøen

 

Hallvard Berntsen frå Tau hadde kommandoen då  «Hjelmelandsfjord»
 kryssa Nordsjøen hausten 1946. Bildet tilhøyrer Helga Warland.



Skodda var tjukk som graut i Den Engelske Kanalen då 192 (seinare «Hjelmelandsfjord») kasta loss i Southampton laurdag 28. september 1946 kl. 1530. Med los om bord skulle det tidlegare krigsskipet nå "kjøra slalåm" gjennom leia som skulle vera minefri. Bøyar markerte kor det var trygt å gå.


Det var betrudde folk frå Jøsenfjord-selskapet mellom dei sju mennene om bord, men korkje kaptein Ola Hagen eller styrmann Johannes Langvik hadde papirer eller kunnskap for ein slik seilas som nå venta i dei kommande dagane.


Gjengen som tok 192 - «Hjelmelandsfjord» over Nordsjøen til Stavaanger, Frå venstre: Ola Hagen,
Sjur Randa, Knut Gjil, Johannes Langvik, Sivert Sivertsen, Ludvig Sivertsen og 
Hallvard Berntsen. Bildet tilhøyrer Ståle Randa.


Då dei kvitta seg med den britiske losen klokka 17.25, var det ein skikkeleg sjømann som hadde styringa og kommandoen om bord på veg ut i rom sjø. Hallvard Berntsen frå Tau var hyrt inn for denne turen. 60-åringen hadde vore ute på havet ei sur haustnatt før. Han sytte ikkje for å ta denne korttidsjobben som skipper på det tidlegare krigsskipet.


Så snart den unge  Hallvard Berntsen var konfirmert av Høle-presten, reiste han til sjøs. Han drog verda rundt med seilskip frå ymse nasjonar. Då han hadde lagt seg opp pengar nok, kom han heim og tok både styrmanns- og skipperskule.


Men i 1927 gjekk sjømannen i land. Han kjøpte seg gard i Botne i Strand. Nå blei han med i Strand kommunestyre og kjempa hardt for å få veg til Botne. Men han var ikkje ferdig på sjøen. I 1937 selde han garden og flytta til Tau der han budde resten av sitt liv.


Nå blei Hallvard Berntsen skipsredar og skipper på eigen båt. Men han ville ikkje samarbeida med tyskarane då krigen kom. Då gjekk han i land til det blei fred i landet. Han fortsette som skipper og skipsredar fram til helsa svikta og han måtte overlata drifta til sonen Bernt som dreiv familierederiet vidare i mange år.


Så Hallvard Berntsen var ikkje noko uprøvd fyrstereis då han tok kommandoen på den åpne brua på landgangsbåt 192. Her var det ikkje eit styrehus der ein kunne stå tørt og varmt og manøvrera og navigera då den framtidige fjordabåten gjekk ut i Den Engelske Kanalen og vidare ut i Nordsjøen.



Slik såg det tidlegare krigsskipet ut då det kryssa Nordsjøen i 1946.


Han hadde ikkje stort av hjelpemidler når han skulle finna vegen over havet til Stavanger: Kart, kompass og klokka var vel dei viktigaste. I tillegg hadde dei morselampe og slepelogg. Det var truleg ikkje nokon form for radio-samband om bord.


Frå loggboka på 192 «Hjelmelandsfjord» fyrste dag av reisa.


Med vaksen mannfolk-skrift blei reisa dokumentert i loggboka. Det er ikkje alt eg har greidd å tyda i den kopien som eg har sett, men det det var skodd, surt regn, kuling og liten storm på turen. Dette er notert i loggen.


Dei gjekk på laurdagen frå Southampton. Dei sleit med skodda på fyrste del av turen. Så blei det vind. Frisk kuling, skreiv Berntsen i loggboka.


Natt til onsdag blei det meir og meir vind. - Tiltagende til liten storm, skyet. Voldsom slingring og overvand, noterte Berntsen.


Dei fleste om bord var sjøsjuke nå. Kaptein Berntsen hadde medisin mot den slags elendighet. - Det ligg ei flaska brennevin i skuffa i bestikk-lugaren. Gå ned og ta ein slurk. Det kan hjelpa, sa han til "pasientane".


Klokka 8.15 passerte 192 -«Hjelmelandsfjord» Feistein fyr. Dei sjøsjuke såg land. Ein halv time seinare fekk dei los om bord.


- Kl. 10.30 fortøyede ved Slakthuskaien, noterte kaptein Berntsen i loggboka og sette punktum og gjekk i land.


Loggboka på siste dagen av turen. 


Med ein annan penn og finare handskrift står det litt lenger nede på same arket i loggboka: - Vi var glad at turen var gjordt. Dette skal vera handskrifta til Ola Hagen som var skipper då båten blei flytta frå Slakthuskaien til kaien utanfor Jøsenfjord-selskapet sitt verksted på Buøy. Men då var Hallvard Berntsen heime på Tau.



Notis i Aftenbladet 5. oktober 1946.



(Steinar Warland og Torstein Randa har hjelpt meg med opplysningar om turen over Nordsjøen. I tillegg var det ein god nekrolog om Hallvard Berntsen i Aftenbladet då han døydde i 1956.) 



tirsdag 26. oktober 2021

Krigsskipet som blei «Hjelmelandsfjord»

 

Eit landingsfarty av denne typen øverst, blei til den flotte fjordabåten som blei sett i fart i 1949.



Tenk at eit utrangert krigsskip kunne bli til den vakre «Hjelmelandsfjord»! Heilt utruleg at arbeidet med å byggja om dette fartyet til ein flott fjordabåt, blei gjort på Jøsenfjord Rutelag sitt verksted på Buøy i Stavanger.


Verksted blei det kalla, men det var vel ikkje stort meir enn ei avansert bygdesmia. Det var knapt om varer og rasjonering i desse fyrste etterkrigsåra. Likevel var båten klar til å gå presentasjonstur i august 1949. Ein stor dag for Jøsenfjord Rutelag!


Det utrangerte landgangsskipet hadde Jøsenfjord-selskapet kjøpt sommaren 1946 av Stavanger-mannen Leif Storhaug som budde i London. Han hadde kjøpt 40 slike farty av det britiske admiralitetet som han nå skulle selja vidare.


Stavangerske hadde også kjøpt to slike farty som var komne til Stavanger litt tidlegare. Dei blei også ombygde til rutebåtar og sett i fart i Ryfylke-fjordane med navna «Sauda» i 1950 og «Sand» i 1953.


I 1946 kjøpte Stavangerske også ein ubåtjagar som blei ombygd og sett i fart som flaggskipet «Haugesund» i 1947.


Etter krigen dreiv Leif Storhaug det stort med salg av overskotmateriell frå krigen. Han hadde etablert seg i London som shipping agent i 1930-åra, står det å lesa i Magnus Torgersen si bok «Fjordabådane». Under krigen arbeidde han som sambandsoffiser og hadde fått gode kontakter i British Navy.


Denne båttypen som «Hjelmelandsfjord» tilhøyrte, blei kalla LCG: Landing Craft Gun på engelsk. LCG 192 var båten som Jøsenfjord-karane tok over i Southampton.


Det blei bygd mange slike landgangsbåtar under krigen. Dei blei fyrste gong brukt under landgangen i Walcheren i 1944 der også norske soldatar deltok. Men LCG 192 blei ingen krigsveteran. Den blei bygd på eit verft i Teeside i Skottland og sjøsett i februar 1945. Fyrst  i mai 1945 blei båten levert. Då var det fred i Europa. Den gjekk rett opplag i Southampton i England.


Då desse utrangerte krigsskipa kom for salg til sivilt bruk, såg disponent Magnus Kalheim i Jøsenfjord-selskapet sjansen til å få bygd ein moderne, rask og bilførande fjordabåt. Rett før krigen, i 1939, hadde konkurrenten Stavangerske sett «Fjorddrott» inn i Ryfylke-trafikken. Det var på høg tid med ei modernisering av den gamle fjordabåt-flåten.


I neste blogg kjem historia om då den framtidige «Hjelmelandsfjord» kryssa Nordsjøen hausten 1946. Det var ingen tur for pyser!

fredag 22. oktober 2021

«Jøsenfjord» tilbake i Stavanger neste år!




Styreledar i Kulturminnefondet, Tine Sundtoft, overrakte 600.000 kroner til Lars Randa,
styreledaren i Jøsenfjord Rutelag AL. Foto: Simen Bjørgen, Kulturminnefondet.  

 


I løpet av neste år skal den gamle fjordabåten «Jøsenfjord» vera trygt fortøyd ved Natvigs Minde i Stavanger viss alt går slik styreleiaren i Jøsenfjord Rutelag AL, Lars Randa, håpar og trur.


Sist torsdag, 21. oktober, var Randa saman med fleire styremedlemmer på Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter i Kristiansand der dei fekk overrekt 600.000 kroner frå Kulturminnefondet. Desse pengane skal brukast til arbeidet med å setja i stand øvre salong på veteranbåten.



"Jøsenfjord" som Stavangerske-båt ved Jorenholmskaien. Foto: Kaare Lindboe.


I mai 2015 blei «Jøsenfjord» taua til fartøyvernsenteret i Kristiansand der heile stål-skroget nå er sett i stand og er tett. Nå gjenstår stålarbeidet på overbygget pluss ny casing ned til motorrommet. Propellakslingen er nå teken ut og frakta til Jørpeland der det lagast ny aksling ved Fjelde mekaniske verksted.


- Det trengs ytterlegare 5-6 millionar kroner for å fullføra dette arbeidet som gjenstår før me kan få båten tilbake til Stavanger. Her skal alt trearbeidet på overbygg, salongar og lugarar utførast. Til nå har det gått med 30 millionar kroner på arbeidet som er utført i Kristiansand, seier Lars Randa.


- Det var uhorveleg mykje pengar?


- Ja, men «Jøsenfjord» har status som verneverdig og alt reparasjonsarbeidet må utførast etter krava som Riksantikvaren har sett. Det er han som sit på pengesekken og har løyvd det aller meste av pengane som har gått med i arbeidet. Ei tid i år var det fare for at arbeidet med båten skulle stoppa opp på grunn av pengemangel. Men det løyste seg då me fekk ein million kroner frå Ryfylkefondet og 400.000 kroner frå Vestenfjeldske Bykredittforening, opplyser Lars Randa.


I Stavanger skal trearbeidet utførast dels av fagfolka på Engøyholmen, men det blir også ein del dugnadsarbeid.


- Kva tid kan me rekna med å sjå den nyrestaurerte «Jøsenfjord» på tokt innover i Ryfylke for eigen maskin?


- Det er det altfor tidleg å seia noko om ennå, seier Lars Randa.


Her båten som "Lindesnæs" i Mandal.


Rutebåten «Jøsenfjord» blei bygd ved Christiansands Mekaniske Verksted i 1886. Då fekk den navnet «Lindesnæs» og blei sett inn i rutefart mellom Kristiansand og Farsund. I 1930 blei båten seldt til Jøsenfjord Rutelag i Stavanger og blei omdøypt til «Jøsenfjord». Nokre år seinare blei dampmaskinen skifta ut med ein semidiesel frå Wichmann motorfabrikk på Rubbestadneset.


I 1975 overtok Stavangerske alle fjordabåtane til Jøsenfjord-selskapet. I 1978 blei «Jøsenfjord» seldt til utlandet. I 2011 var det lokale entusiastar som henta båten heim igjen frå Nederland. Båten kryssa Nordsjøen for eigen maskin.

tirsdag 19. oktober 2021

Ikkje kødd med testiklane!

 


Det tidlegare tabu-ordet er visst blitt heilt "stove-reint".


- Klart du kan skrive kødde i Aftenbladet! Tvilte du på det?


Eg gløymer aldri den dagen i 1991 då dåverande medlem av redaktør-kollegiet i Aftenbladet, Odd Hatløy, stakk hovudet inn kontordøra til journalist-kontoret og gav grønt lys for kødde-ordet i Aftenbladet.


Min kollega, Tor Dagfinn Dommersnes, som på den tida var bestyrar av By-siå, hadde lagt fram kødde-spørsmålet for sjefane i avisa etter at eg hadde sagt at han var spinngalen viss han sette dette ordet på trykk. Men trur du han høyrte på meg. Han gjekk til høgaste hold med dette spørsmået. Og fekk ja!


Eg fekk hakeslepp. Etter ein oppvekst i enkle kår i Ryfylke der ein tidleg lærte seg skilnaden på ord som var brukande både til kvardags og på søndagane, visste eg at kødd var eit tabu-ord. Dette var eit folkeleg ord for testikkel. På same vis som med ei rekkje andre ord med folkeleg navn på organ i underlivet, var det ubrukeleg i skriftspråket, trudde eg.


Presten forsto vel ikkje kva ordet betydde, var konklusjonen i Vikebladet i 2018


I 1991 hadde eg vore 15 år i Aftenbladet. På den tida var dette ei avis som ikkje var direkte dristig i språkbruken. Ein klassikar i så måte var historia om då ein journalist i Aftenbladet hadde vore på kvalfangst og laga ein medrivande artikkel om ein fortvila kvalskytter som hadde bomma på den store kvalen. - Å faen, ropte skyttaren. Dette meinte journalisten at han burde få skriva i artikkelen og sjefredaktøren hadde velsigna dette. Men korrektur-avdelinga i avisa var ikkje varsla.


Å gid, ropte hvalfangeren, sto det på trykk i avisa.


Eg vil ikkje ha det på meg at eg har vore prippen i mi tid, men etter å ha jobba i ei avis der ein skulle ha eit anstendig språk i mange år, trudde eg at eg visste litt om kor grensene gjekk. Det var til dømes uhøyrt i Aftenbladet å bruka ordet fortelja i eit vanleg nyhetsintervju. For sjefredaktør Per Thomsen hadde gitt beskjed på eit redaksjonsmøte om at ordet fortelja berre skulle brukast i eventyr-samanhang. Når ein intervjua folk skulle ein bruka ord som seier, opplyser, påpeikar, kommenterer o.s.v. Slik var det!


- Tenk at i Aftenbladet nå til dags har dei redaktørar som ikkje anar kva ein kødd er, fastslo eg til min unge kollega Dommersnes som ville flira seg i hel av meg som ikkje hadde meir greia på kor grensene gjekk i Aftenbladet i 1991.


Grunnen til at eg skriv dette nå? For ei snau veke sidan les eg bokomtalen som tidlegare sjefredaktør i Aftenbladet, Tom Hetland, hadde på trykk der det sto følgjande: Og Mimir Kristjanson har ikkje kødda det til for seg.


Slik har det gått. Til nå i år har eg funne ut at det tidlegare tabu-ordet har blitt brukt 13 gonger i Aftenbladet. Før 1990 var det berre brukt ein gong. Det var på Ten-Penn, Aftenbladet i ungdomsside, i 1983. Frå 1990 til 2000 blei det brukt 48 gonger.


Etter å ha googla litt har eg funne at språkfolk meiner at årsaka til at dette ordet har blitt meir "stovereint" er at det blir oppfatta som den norske varianten av det engelske "kidding" som betyr tulla og tøysa. Og engelsken styrer norsken, må vita.


Til mi trøyst er det stadig folk som reagerer på kødde-ordet. Så seint som i 2018 blei det reaksjonar på Sunnmmøre etter at ein prest på preikestolen hadde sagt: Ikkje kødd med konfirmantane våre. Konklusjonen blei at presten nok ikkje hadde peiling på den gamle folkelege tydinga av ordet.


Eit anna muntert minne frå gamle Aftenbladet: I denne avisa som var stifta av presten Lars Oftedal var det strengt forbudt med kondom-annonser. Avisa uten underliv, sa frisinna kritikarar. Dette forbodet sto stadig ved lag då eg begynte i avisa i 1976.


I 1977 slutta fotograf Leif Berge i Aftenbladet etter mange år i avisa. Han hadde fått ny jobb i Statoil. Han blei takka av med eit møte i biblioteket med godt frammøte. Då han fekk ordet, takka han sjølvsagt for seg, men han fann også tida inne for å gi eit godt råd til redaktørane. Det er på høg tid å fjerna forbudet mot kondom-annonser i Aftenbadet, sa han. Og fekk straks sterk støtte av Alfred Hauge, forfattaren og journalisten, som også var medlem av redaksjonen på den tida.


Sjefredaktør Jon Arnøy var skikkeleg irritert og han fastslo at dette forbudet blei ståande. Kva tid dette blei oppheva, veit eg ikkje.

torsdag 14. oktober 2021

Ryfylke-slitaren «Rennesøy» og «Hidle» viktig for øybuarar i Canada

 

Kjenningen frå Ryfylke er høgt verdsett i Canada med navnet «Frances Barkley».
Legg merke til rederiflagget til Stavangerske i baugen. 



Øybuane sukka letta i august i år då det blei klart at den gamle, trufaste rutebåten skulle halda fram i ruta si med nye eigarar. Det gamle rederiet hadde då kasta inn håndkledet etter å ha blitt hardt ramma av pandemien.


Desse øybuane held til på småøyane vest for Vancouver i Canada, men båten dei var redde for å mista har me vaksne ryfylkingar godt kjennskap til. Dette er den gamle «Rennesøy» frå 1958 som seinare blei omdøypt til «Hidle».


I 32 år gjekk den trufast i dei fleste Ryfylke-ruter. Men i 1990 var det slutt. Stavangerske hadde ikkje bruk for denne båten lenger. Den blei seld til Canada der den blei sett inn i rute på øyhavet vest for Vancouver. Der har den gått i 31 år og er eit viktig bindeledd mellom by og land med navnet «Frances Barkley». Stavangerske-flagget prydar stadig baugen på skipet etter alle desse åra.


Den gamle fjordabåten kan nå ta 144 passasjerar, les eg på nettsida til Times Colonist, dagsavis i byen Victoria i British Columbia.


«Frances Barkley» er bindeleddet mellom fastlandet og kystbygdene Bamfield og Anacia. Båten leverer byggematerial, matvarer, post og medisiner til desse stoppestadene. I tillegg har dei reisande som studentar til marine forskningssenter og turistar som nyta ferien i dette kystlandskapet.


Herleg å lesa at ein gammal fjorda-slitar frå Ryfylke er "still going strong". Kan det vera så mange andre av båtane som me hugsar frå vår ungdom som stadig blir brukt omtrent i same slags drift som dei hadde her hjå oss i forrige århundre?


Her er den norske historien til «Rennesøy» og seinare «Hidle»: 


«Hidle» på veg til kai på Østhusvik i 1986. Foto: Jon Ingemundsen



Fredag 7. november 1958 var ein stor dag på Rennesøy. Då blei den flunkande nye rutebåten "Rennesøy" til 1,5 millionar kroner sett inn i ruta si. Dermed var den gamle, trufaste dampbåten "Øybuen" endeleg erstatta etter over 30 år i ruta.


"Rennesøy" fekk lite fred i ruta si. Fleire somrar blei den teken ut av Rennesøy-ruta og sett inn i turistruta på Kvitsøy og Skudeshavn. Systerskipet "Skudenes" hadde innebygd akterdekk og dermed var det ikkje plass til bilar. 


Styrmann Alf Hatleskog hjelper reisande i land på Østhusvik. Foto: Jon Ingemundsen.



I 1966 overtok rutebåten "Sand" i Rennesøy-ruta. Den var større og hadde meir plass både til last og bilar. "Sand" var sein og hadde store problem med å halda ruta til Rennesøy, men den blei gåande der fram til den nye ferja "Rennesøy" kom i 1969. Då hadde den 11 år gamle rutebåten skifta navn til "Hidle".

"Hidle" blei send rundt i alle slags ruter i fjordane i dei 20 år som nå kom. Det var "Hidle" som overtok hjelmelandsruta då "Hjelmelandsfjord" gjekk i opplag 1978. Seinar gjekk den i lasteruta på Sauda utover i 1980-åra etter at den nye og moderne lastebåten "Fjordlast" blei for dyr i drift.


Nå gjekk turen over Atlanterhavet gjennom Panama-kanalen til British Columbia i Canada. Der er den som me forstår stadig høgt verdsett. Dei pensjonerer ikkje 62-åringar i Canada, må vita.

onsdag 13. oktober 2021

Korleis kan Sigvart bli kvitt katten?

 

Sigvart Østrem tykkjer det er leit å kvitta seg med Pus. Denne spesielle katten er interessert i 
litt av kvart. Ikkje minst grammafon-musikk.


Kattepine er vel det rette ordet på situasjonen. Sigvart Østrem er på flyttefot. Etter 32 år skal han flytta frå eit stort hus på Byhaugen i Stavanger til eit leilighetskompleks nærare sentrum.


78-åringen gledar seg til å flytta, men er særs bekymra for katten. Den kan han ikkje ta med seg til sitt nye husvære.


Han håpar på at ein eller annan kattevenn kunne tenkja seg å overta den åtte år gamle husvennen hans som er av rein rase: Norsk skogkatt, må vita. Sjølv overtok han Pus av ein slektning i Etne som ikkje kunne ha den lenger.


Den var berre eit år gammal då den flytta frå Etne til Stavanger. Her har Pus funne seg godt til rette. Han bur i sitt eige hus på terassen ut mot hagen og blir teken inn i husvarmen kvar morgon og grundig børsta og stelt av herren sin kvar morgon.


Pus er oppteken av både middagsmaten og datamaskinen til Sigvart.



Slik startar dagane. Pus er godt dressert. Han får sitja på sin eigen jærstol og delta både når Sigvart et middag og når han studerer viktige samfunnsspørsmål på PC-maskinen.


Av og til blir katten skræmd. Det er når Sigvart hissar seg opp etter å ha funne feil i ein artikkel i datamaskinen eller høyrt dei seia noko spinngale i NRK-Dagsnytt. Jørpeland på Jæren, sa dei i Dagsnytt sist søndag. Då fekk den gamle distriktssjefen i NRK Rogaland kaffien i vranga og laga skræmande lyder. Men når Sigvart forstår at han har uroa katten, slepp han den ut i frisk luft.


Pus er heilt ufarleg for andre kattar i nabolaget. Dette er ein forhenværande hannkatt.


- Du forstår at eg måtte kosta kastrering på dyret ei tid etter at eg fekk den. Naboen blei så galen då han vakna midt på natta av kåte kattar som støya i hagen. Den vakre katten som var kommen direkte frå landsbygda i Hordaland, virka ekstremt tiltrekkande på allslags lause katte-eksistensar i storbyen. Etter dyrlege-besøket gjekk kattatrafikken på Byhaugen dramatisk ned, fortel katte-eigaren.


Sidan hus-eigaren nå er på flyttefot, er det tid for å rydda og sortera. Litt av kvart har dukka opp. Mellom anna ein fullt oppegåande platespelar som går både på batteri og direkte nett-elektrisitet. Ei grammafon-plate med to oppbyggjelege songar på kvar side låg klar til å bli spelt. Den eine songen har tittelen: "Det er solskinn i min sjel i dag". Dette er ein song som friskar opp på ein regnversdag, både for far og katten.


Dei siste dagane har Sigvart teke Pus inn på ettermiddagen og så har dei høyrt på songane på platespelaren mens dei saman har tenkt over alvorlege sider ved dette jordelivet.


- Eventuelle kattavenner som vil overta katten og stella godt med han, skal få med platespelaren viss dei er interesserte. Forresten har eg flott klesrulle i kjellaren også. Den er eg heller ikkje redd for, legg Sigvart til.


Katta-venner kan få med seg denne rulla også, viss dei er 
interesserte.

Nå blir det spennande. Kan det bli kamp om den musikalske katten som skjønar begge målføre og let seg klappa av både Sigvart og alle andre på Byhaugen?

torsdag 7. oktober 2021

Sju barn. Fem var døve. Korleis kunne det skje med høyrande foreldre?

 

Tore og Kjersti Breiland med tre av dei døve barna og ein amerikansk gjest. Frå venstre:
Karen (1916), Tore (1892), Kjersti (1890), Margrethe Heggland USA, Bertha (1921)
 og Trygve (1918).





Kjersti og Tore Breiland, besteforeldra til Harry Breiland, fekk sju barn. Fem av dei var døve. Koss kunne dette skje? Dei hadde begge normal høyrsel og ingen av dei visste om at det hadde vore andre døve i slekta. Dei fekk fire barnebarn som alle hadde normal høyrsel. Heller ikkje i neste ledd er det døve.


- Eg har aldri høyrt ei skikkeleg forklaring på kvifor dei fekk døve barn. Men det må vel hatt noko å gjera med kromosom og arvestoff som ikke passa så godt saman, seier Harry som meiner at to av syskena, mor hans og onkel Trygve ville ha vore høyrande i dag. Dei andre tre hadde truleg vore døve nå også.


Dei fem døve barna, tre jenter og to guttar, blei sende på døveskule der dei gjekk i sju år. - Mor mi og Bertha gjekk på døveskule i Oslo. Dei andre i Holmestrand. Det var langt frå Gåsdalen til Austlandet i den tida. Dermed var dei berre heime i juleferien og om sommaren. Dei var glade for å komma heim.


Karen og Trygve fotografert då dei gjekk på
døveskulen i Holmestrand.



Men på døveskulen knytta dei kontakter og fekk eit nettverk som dei hadde resten av livet. Dei døve i Stavanger hadde eit miljø i Døves hus.  Også dei døve frå Gåsdalen reiste dit av og til.


Yngstemann i syskenflokken, Egil, blei utdanna skreddar og jobba i mange år på Consul konfeksjonsfabrikk i Stavanger. Han var aktiv i miljøet i Døves hus og var medlem i husstyret.


- Døvepresten kom på besøk til Gåsdalen to gonger i året. Då blei det høgtid sjølv om dette som oftast var midt i veka. Ingen arbeidde då.

Eg, bestemor og bestefar fekk vera med på andakten og middagen etterpå. Resten av tida brukte presten på dei tre døve i familien. Han formidla nytt frå døvemiljøet og hadde ofte med helsingar frå folk som folka i Gåsdalen var blitt kjende med opp gjennom åra.


Døvepresten hadde ansvar for å halda kontakt med dei døve i Vestenfjeldske distrikt frå Rogaland til Møre og Romsdal.


Harry hugsar spesielt godt døveprest Ragnvald Hammer. Dette var mannen som laga teksten til den klassiske Medaas-visa "Dar kjem dampen".


Til kvardags var dei to høyrande brørne, Johan og Karl Teodor, gode hjelparar. Dei to busette seg på kvar sin gard på Breiland, litt lenger inne på Fjellet. Karl Teodor var gift med Olaug og dei hadde to barn som blei yngre søskenbarn til Harry.


Liva og Tore Nesland som budde eit par kilometer lenger inne på Fjellet, var dei næraste hjelparane for dei døve syskena når dei skulle ha kontakt med Harry eller andre. Trygve og systrene fekk mykje hjelp av av Liva og Tore, spesielt etter at dei gamle foreldra døde.


Forandringane var store i dei åra dei døve budde i Gåsdalen. Dei var for lengst vaksne då dei fekk straum på Fjellet til jul i 1963.


Eit par år seinare kom det ein varebil frå ein radio- og TV-forretning i byen til Gåsdalen. Det blei eit styr med å finna sterke nok TV-signal for antennen oppe i lia bak huset. Men det ordna seg. Dei fekk kontakt med Bokn-sendaren og fjernsynsapparatet kom på plass i stova.


Fjernsynet var eit fantastisk framsteg for dei døve. Nå fekk dei med seg det meste av nyhetene i Dagsrevyen og dei fekk sjå filmar og andre program som var teksta. Ikkje rart dei sat klistra framføre fjernsynet om kveldane, seier Harry.


I sommar fylte Harry Breiland 72 år. Besteforeldra, mora og syskena hennar er alle borte. Nå brukar han og kona Johanna Gåsdalen som ferieplass og dei er der mykje. Dei har to sønner, Kai Tore og Stig Morten som begge er gifte og har to barn kvar.


Jenny Breiland, mor til Harry, fekk det tøft som einsleg mor til Harry i 1949. Etter det Harry fortel var det ikkje hennar ynskje at han skulle veksa opp i Gåsdalen saman med besteforeldre og døve onklar og tanter. Jenny gifta seg seinare og fekk ei dotter, Solveig. Det blei aldri aktuelt for Harry å flytta til byen til mora og hennar nye familie. Nå høyrte han til i Gåsdalen.


Då Harry fylte 40 år, fekk han telefon frå ei kvinne som presenterte seg som Anna Kyllingstad Bjotveit. Ho visste alt om Harry. Ho hadde eit utklippsbok om han. Alt som hadde stått om han i avisene hadde ho klipt ut og tatt vare på. Dette var kvinna som hadde hatt ansvaret for Harry Breiland då han var på Waisenhuset. Han var blitt høyrt og sett der også.


Dette var fjerde og siste bloggen om Harry Breiland og hans oppvekst i Gåsdalen i Hjelmeland. Takk til alle som har lese dette og takk for alle tilbakemeldingar. Ikkje minst takk til Harry som har fortalt om sitt liv!




onsdag 6. oktober 2021

Bestefar kjempe-stolt då Harry kom med studenthua

 


Ein stor dag for bestefar i 
Gåsdalen då Harry kom heim med
studenthua i 1968.


Kan du sjå det for deg? Harry reiste med toget frå Bryne til Stavanger. Vidare med "Hjelmelandsfjord" til Hjelmelandskaien. Derifrå bar det med Laugalandsbussen opp den bratte Fossane-brekka. Bussen slapp av Harry ved den lyseblå postkassen ned på riksvegen. Så begynte han å gå opp mot husa i Gåsdalen. Men han stoppa og rota i bagasjen. Han fant den svarte student-hua og sette den på hovudet og gjekk heim.


- Bestefar var kjempestolt då han såg meg med studenthua. Eg var den fyrste frå den då nedlagte Fjellet skulekrins som hadde tatt artium, fortel Harry Breiland som aldri brukte studenthua etterpå.



Harry på trehjulsykkelen og hunden  som var næraste leikekamerat.


Tenk deg ein guttunge som veks opp saman med besteforeldre, ein onkel og to tanter som kappast om å leggja alt til rette for poden. Han kunne jo ha blitt aldeles bort-skjemde.


- Han var ikkje akkurat lært opp til å ta hensyn til andre enn seg sjølv då eg møtte han, seier kona Johanna frå Vigrestad som vaks opp saman med seks sysken.


- Harry var ikkje vant med å ta hensyn til andre enn seg sjølv då eg møtte han, seier kona
Johanna. 


Harry viste tidleg at han var for seg og ambisiøs. I Gåsdalen gjorde han som oftast som han ville. Det fanst ikkje nabo-grenser der han kom frå.


Han hadde ikkje gått lenge på Solvang skule på Hjelmeland før han oppdaga at det var opptil fleire frodige frukthagar i nabolaget. Sju-åringen fekk lyst på eple og klatra opp i eit tre og forsynte seg. Han blei observert av kona på nabo-eigedommen. Ho kom springande og var ganske opphissa. - Du må ikkje ta eple, ropte ho. Harry blei overraska over den slags. - Er dei ikkje monte, spurte han.


For fyrste gong havna Harry i Aftenbladet. "Folk e løgne" heitte den usedvanleg populære spalten i avisa.


Unotene blei borte og Harry blei ein ivrig elev ved Solvang skule på Hjelmeland. Verken besteforeldra eller dei andre vaksne var opptekne av skulearbeidet hans, men Harry var glad i å lesa. Både bøker og aviser.


Det blei sju år med skule annankvar dag. Ein sommar og haust for presten og konfirmasjon i 1963. Ferdig med framhaldsskulen drog han til Bryne på opptaksprøve på statsrealskulen i 1964. Han kom sjølvsagt inn. Etter fire år tok han real-artium på Bryne i 1968.


Si sjømannskarriere gjorde han unna i skuleferiane: Då var han billettør på Jøsenfjord-ferja mellom Tøtlandsvik og Vindsvik. Der trong dei ein språkmektig ferie-avløysar til å snakka med turistane. Harry beherska norsk, tysk, engelsk, fransk og teiknspråk!


Nå var Harry klar for å dra ut i verda. Planen var å bli ingeniør. Han kom inn på maskinlinja på NTH i Trondheim. Men blei aldri sivilingeniør.


- Eg kunne ikkje reisa til Trondheim. Det var for langt vekke frå Gåsdalen. Nå var det min tur til å ansvaret for familien i Gåsdalen. Bestefar døde i 1969 mens eg var i militæret. Onkel Trygve fekk problem med jærstolproduksjonen. Som døv kunne han ikkje halda telefonkontakt med kundene. I tillegg hadde han problem med "kontorarbeidet". Dermed blei eg buande heime eit år for å hjelpa Trygve, fortel Harry som seinare fungerte som Trygve sin næraste hjelpar både med jærstolproduksjon og arbeidet på småbruket.


I åra etterpå tok Harry ingeniør-utdanning i Stavanger. Han gifta seg med Johanna frå Vigrestad i 1973. Dei busette seg på Ålgård i 1976. Harry var ofte i Gåsdalen, både i helger og feriar, for å hjelpa til.


Det blei laga jærstolar i Gåsdalen til utpå 1990-talet. Dei to tantene, Karen og Bertha, døde begge i 1991. Trygve døde på sjukeheimen på Hjelmeland i 2001.


Dette er tredje bloggen om Harry Breiland og familien hans i Gåsdalen. Eg kjem med ein fjerde og siste blogg om folket i Gåsdalen ganske snart.

mandag 4. oktober 2021

Døve onkel Trygve – Harry sin helt


Onkel Trygve blei Harry sin helt i barndommen. Her er han i full sving med 
jærstol-produksjon.


- Onkel Trygve var ein atlet. Sterk og sprek. Han drog meg med ut i skog og mark frå eg kom til Gåsdalen. Eg fekk eit spesielt nært forhold til han, fortel Harry Breiland.


Som fire-åring kom han til den avsidesliggjande garden i Gåsdalen i Hjelmeland og vaks opp der saman med besteforeldra og tantene Karen og Bertha og så onkel Trygve som var 35 år då Harry kom.


Til kvardags dreiv dei gard og eigen jærstol-fabrikk. Dei hadde sauer og mjølkekyr som krevde sitt. Når gardsarbeidet var gjort, produserte dei stolar. Bestefar og onkel Trygve sto med maskinane og fekk stolane ferdige. Bestemor og tantene fletta stolar. Harry fekk vera med på alle deler av jærstol-produksjonen etter kvart som han vaks til. Så i dag er han stadig kompetent både til å få skikk på rikkalause jærstolar og fletta nye sete i gamle stolar.


Onkel Trygve med Forden frå 1933. Han kjøpte bilen i 1957. Ser du steinen under
bakhjulet?



Men når det blei helg, stakk Trygve ut i skog og mark, ofte med Harry på slep.


- I sin ungdom dreiv han som sportsmann i døvemiljøet og tok mange premiar. Han var ein hardhaus. Eg kan ikkje hugsa at han var sjuk nokon gong, seier Harry.


Trygve sette ut snarer etter hare og orrfugl i skogs- og heietraktene rundt Gåsdalen. Revesaks hadde han også. I den tida var det høg skotpremie på reven.


- Eg var med ein gong han fekk ein rev i saksa. Ein annan gong var han meir uheldig. Rev, ropte han ut då me nærma oss saksa. Men det var ikkje rev. Ein spraglete katt hadde gått i saksa, seier Harry.


Dei to Gåsdal-kameratane tok ut på lengre fjellturar utpå somrane. Sterke Trygve pakka ein svintung sekk med proviant, telt og fiskeutstyr og så gjekk dei til Myklagardsvatnet ved Skorva i Hjelmeland. Dette vatnet var kjent i det vida og breia i den tida for flott, blank fjellaure.


Harry var ikkje store karen på dei fyrste turane. Då hende det at han måtte leggja seg åleine i teltet medan Trygve tok seg ein ekstra sving på kvelden for å prøva fiskelukka i andre vatn i nærleiken.


Neste morgon og bar dei seg nesten skakke på flott fisk heim til Gåsdalen.


Trygve var døv og høyrte lite og ingenting. Det var lite anna han ikkje meistra. Han var sjåføren i familien. Gåsdalen ligg ein halv mils veg frå Hjelmeland. Når ein dreiv både med gard og jærstol-produksjon var det mange slags transport-behov.


I 1957 kjøpte Trygve ein 24 år gammal Ford lastebil. Det einaste som då mangla var førarkortet.


Han reiste til Stavanger for å ta den teoretiske delen. Dette foregjekk på Døves hus på Storhaug. Så kom bilsakkyndig Jakobsen til Hjelmelandsvågen for å ta seg av den praktiske delen. Der fekk Trygve kjøra opp.


- Eg var mykje med onkel Trygve med lastebilen. Me kjørte jærstolar til kaien på Hjelmeland, henta betongblokker til nytt fjøs på Kleivaland og jærstol-material på sagbruka på Laugaland, seier Harry som legg til at dei henta støypesand til det nye fjøset nede i Hjelmelandsbygda og kjørte dette lasset opp den stupbratte, smale Fossane-brekka med den nesten 30 år gamle lastebilen.


Gåsdalen var ein skikkeleg gard. Klart dei hadde hest. Her er Trygve klar for tromling. 



Hest hadde dei også i Gåsdalen. Harry gjekk berre annankvar dag på skulen slik alle gjorde på landsbygda på den tida. På fridagane var han med Trygve på å kjøra fram tømmer med hesten i skogen på Breiland. Der hadde ein av dei andre onklane, Karl Teodor, gard med tilhøyrande skog. I kveldinga fekk Harry beskjed om å setja seg i hestekjerra og kjøra heim til Gåsdalen.


- Eg var vel litt trøtt etter dagens dont. Det gjekk ikkje betre enn at eg sovna på vegen. Men hesten var godt tilvand og visste vegen. Då bussen til Laugaland kom mot oss, svinga hesten tid sides og venta til bussen hadde passert. Sjåføren såg at eg sov i kjerra. Heldigvis vakna eg på veg ned Gåsakleiva og var lys vaken då eg var heime. Ingen av dei vaksne visste at eg hadde sove. Det var det berre sjåføren på bussen som såg, seier Harry og ler.


Dette var andre bloggen om Harry Breiland sin oppvekst i Gåsdalen i Hjelmeland saman med besteforeldra, to døve tanter, Bertha og Karen pluss tøffe Trygve. Det kjem snart fleire Harry-bloggar. 


Endre Kvæstad frå Suldal skreiv denne kommentaren på Facebook etter å ha lese bloggen:

Kjekt å lesa om Trygve - dét fekk minna frå ein vinterdag i 1985 fram. Eg hadde vore til Bryne og kjøpt meg ny bil, ein Audi 80, 1981-modell. På veg heim fann eg fort ut at vinterhjula var ikkje av beste sort, an tedde seg meir som ein «dragslede» viste det seg…

 Så, i Gåsakleivo (meiner det var namnet på svingane ved Gåsvatnet?), då var det stopp. Ikkje tale om å komma seg opp. Vel, eg svinga av mot Gåsdalen i vón om å få tak i whitesprit for å vaska dekka. Banka på døra og ut kom ei dame som formidla at ho ikkje kunne høyre. «Korleis skal eg nå få fram ærendet mitt?» tenkte eg, men såg straks at det kom ein person til ut i døra og tenkte at nå løyser det seg.

 Men nei, det var nett likt stelt med høyrsla på den karen, «Å jøye meg!» tenkte eg. Men det enda med papir og blyant saman med gestikulering og peiking på så mang slags vis og utfordringa mi var formidla. Og whitesprit fekk eg, dekka fekk seg ein skikkeleg omgang. I tillegg baud Trygve seg å vera med for å hjelpa meg opp og eg takka sjølvsagt ja. På veg mot kleivo begynte han å peika framover og bakover i bilen, samstundes som han svinga eine armen i sirkel om sin eigen akse.

 Sjølvsagt var spørsmålet om bilen var bakhjuls- eller framhjulstrekt. Eg peika fram, og Trygve la seg så langt fram på dashbordet, inn under frontruta det gjekk an å koma, eg gav passeleg gass og forsynemeg kom me opp av Gåsakleivo. Eg var så nøgd at eg, utan å tenkja særleg, baud Trygve å køyra han attende til garden… då såg han på meg med eit granskande blikk, smilte lunt og fekk fram at då ville eg vera like langt… 

Han steig or bilen, gjekk heimover i snøen medan eg sette kursen mot Tytlandsvik lasta med ei interessant oppleving, letta og glad for god hjelp… Ja, den kvelden vart Trygve ein av mine heltar og!