torsdag 6. januar 2022

Takk og farvel! Siste tur med «Hjelmelandsfjord».

 


God plass i øvre salong på «Hjelmelandsfjord» dei siste åra båten gjekk. Dette bildet er frå 1976.
Kvinna midt i bildet er Inger J. Mæland frå Vormedalen. Foto: Stein Erik Gilje.


- Eg gjekk om bord på Skiftun onsdag 27. september 1978 for å ta min siste tørn som matros på «Hjelmelandsfjord». Vanlegvis var me to dagar om bord og to dagar fri. Men denne gongen var det slutt då me kom til byen og fjordabåten blei opplagt, fortel 67-årige John Reidar Foss.


Matros John Reidar Foss

Jøsnesbuen som då var 24 år gammal, hugsar godt denne dagen som for hans del starta med den storstilte avskjeden for båten på Skiftun-kaien. På denne tida var det fire jøsnesbuar som hadde jobb som matrosar på «Hjelmelandsfjord».

Jan Tednes, Odd Helge Rosså, Paul Olav Skiftun og John Reidar Foss. Dei løyste kvarandre av på Skiftun. Akkurat på denne dagen var Børre Lyse frå Jørpeland matros. Han var nok vikar for ein av dei faste jøsnes-matrosane.


- På Hundsnes-kaien sto Magrete Nesvik smilande og blid som alltid og tok mot oss. Ho tok mot fortøyningstauet og leverte ein postsekk om bord. 


Dottera til kaptein Warland, Aslaug, arbeidde på den tida på kontoret på Hjelmeland Industri på Vikaneset. Ho og kollegene på kontoret hang ut glasene og vinka då «Hjelmelandsfjord» passerte. Dei blei helsa med tre lange støyt i skipsfløyta. 

 

Elles gjekk turen svært stilt og roleg utover til me kom til Helgøy der Jon Arne Helgøy sjølvsagt laga liv og røre før båten gjekk vidare.


John Reidar Foss hadde vore tre år på Skudenes-ferja «Vardenes» før han kom om bord i «Hjelmelandsfjord» i 1976. Då denne båten gjekk over i historia, var han matros på «Fjordlast» i tre år. Seinare var han på kystbåtane til Stavangerske.


Fruktlasting på Heløy. Matros Børre Lyse styrer gaffelen. John
Reidar Foss og Paul,Olav Skiftun i bakgrunnen. Kaptein 
Johan Warland kjører vinsjen frå brua. Bildet tilhøyrer
Steinar Warland.



Lokalavisa «Bygdaposten» tok ein rundtur mellom Hjelmeland og byen den nest siste dagen for «Hjelmelandsfjord».


Det var ikkje mange som ville vera med båten frå Hjelmeland til byen sidan westamaranen hadde rute om Hjelmelandsvågen denne dagen, står det å lesa her.


Utover fjorden auka det på med både folk og frukt og anna last, frå Ølesund, Sandanger, Fister og Helgøy. Passasjertalet kom såleis opp i omlag 15 - 20 kvar veg til og frå Stavanger.


Den siste stuerten på «Hjelmelandsfjord», Jakob Sævland frå Karmøy, gjekk i land i 1977. Det siste året var det matrosane som sørga for matstellet og kaffi-serveringa om bord.


- Men kaffien var like god som før, forsikra kaptein Johan Warland. Han var ferdig i fjordafarten samtidig med «Hjelmelandsfjord» der han hadde vore kaptein sidan 1959. Nå såg 65-åringen fram til å nyta pensjonist-tilværet heime i Årdal.


Dette var blogg nummer 24 om livet på «Hjelmelandsfjord». Eg kjem med ein avsluttande blogg i løpet av eit par dagar.


Kommentarar på Facebook:

Gerd Norunn Kleppa

Det eg huska best i frå Hjelmelandsfjord, foruten byturane, er frå ein vinter på slutten av 60 tallet. Eg hadde satt den nye kjelken min på Hundsneskaien. Forskrekkelsen blei stor då dei heiste på land ei last, og satte den rett opp på kjelken min😱 , någe den altså ikkje tålte. Tårene spratt nok i auene på meg, men matrosen trøsta meg, og ba meg møta på kaien neste kveld. Eg møtte sjølsagt opp, spente så eg var. Båten seig inntil, der kom same matrosen på land med kjelken under armen, god som ny! Ikkje veit eg kven han var, men gleda blir stor, og, for meg, eit godt minne❤️🛷⛄️ Kjelken har eg ennå!

Borghild Dale
Minnest stemninga då Hjelmelandsfjord passerte Askvik for siste gong. Me sto på altanen. Eg meinar han gjekk mellom Raudn og Askvikholmen denne dagen. Det var vanleg praksis då båten kom frå Hjelmeland og la til ved Hundsnes, seier kjelda mi. Returen frå Stavanger gjekk utaskjers. Men Hundsnes var ikkje lenger anlaupsstad i 1978. I våre minne gjekk Hjelmelandsfjord innaskjers denne siste dagen, og bles avskjed både ved Hundsnes og Ølesund. Minne kan vera feil, så takksam for justering. Gildt å lesa blogg om Hjelmelandsfjord. Takk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar