onsdag 18. mai 2022

Gubba-tur til innbruddspris!


Ikkje rart Sigvart Østrem er blid. Han bussa i timavis 
for 55 kroner.

- Denne tjangsen kan du ikkje la gå i frå deg? Du kan få vera med meg på ein råbillige busstur i Ryfylke i mårå. Fram og tilbake i mila-vis. Eg skal visa deg alt som finst av attraksjonar og vel så det. Og vett du ka det kostar? 51 kroner. 24-timars billett for oss gamle gubbar kostar ikkje meir. Då kan me bussa på Nord-Jæren og i Ryfylke til me får terylen-smag i rauå.


Min tidlegare nabo på Byhaugen, Sigvart Østrem, er barnefødd i Etne, men blei med åra det ein må kunna kalla ein kosmopolitt. Han har vore over omtrent heile verda og har budd både i Kenya, i Oslo og på Ormøy. Ryfylke kjenner han om han ikkje kan kallast ekspert akkurat. Sjølv er eg altfor smålåten til å bruka slike framandord om meg sjølv. Eg er jo innante og gjekk og les med både den eine og andre.


Ikkje vanskeleg å ta buss nå til dags. Det står på bussen når han skal gå. Bloggaren
fotografert av Sigvar Østrem.


For meg var jo dette meir enn ein tilfeldig busstur. Dette var eit nødvendig ærend. Vår vesle motorbåt hadde vore til litt behandling hjå ein gilde mann på Fister. Nå skulle den attende til si hjemmehavn i Hjelmelandsvågen.


Eg måtte bussa! Viss eg kjørte bil til Fister og gjekk med båten til Hjelmeland, var eg like langt. Då hadde eg bil på Fister. Ikkje bitten betre det.


Billetten.

Kolumbus sine bussruter blei lasta ned frå verdensveven. Som den enkle sjela eg er, trudde eg at dei aller fleste bussane mellom Solbakk og Hjelmeland gjekk forbi Fister. Der tok eg feil. Midt på dagen går bussane over Ingvaldstad og Byrkja.


Eg fann ei løysing. Det går ein buss frå Byterminalen i Stavanger om kvardagen klokka 15.03. Den korresponderer på Solbakk med bussen til Hjelmeland. Men det er så knappe tid til å skifta buss at eg satsa på bussen som gjekk frå byen til Solbakk eit kvarter tidlegare. 14.48.


Sigvart var lett å lokka med på busstur. Han sto og venta på meg på Byterminalen då eg kom dit med buss nummer 5 frå Tasta.



Full fres under fjorden.


Me karane, som nå var turistar for ein dag, er så innimarisk gamle at berre tunnelturen frå Hundvåg til Solbakk grensar til det heilt eventyrlege og utrulege. Tenkja seg til å reisa i buss under Hidlefjorden!


Jobben som Ryfylke-guide tok eg på det største alvor så snart me såg dagslyset i enden av tunnelen. Esau og Jakob var første post på programmet. Rett utforbi den gamle rutebåtkaien på Solbakk ligg det to holmar. Den eine er heilt snaue som ein runde stein. Den andre er meir begrodde. Dei heiter Esau og Jakob akkurat som i Bibelen. Du ser dei med ein gong du kjem ut av tunnelen på Solbakk med Idse i bakgrunnen.


På Solbakk var det buss-skifte. Me måtte ut av ein stor Jørpelandsbuss og inn i det som før i tiå blei kalla ein bussongje. Den skulle til Hjelmeland.


Me hadde sju ulike sjåførar på Ryfylke-turen. Siri Aasen var den einaste kvnna
bak rattet.



Her rigga me oss til på seta heilt framme, rett ved sjåføren som heiter Jostein Nørstebø og bur i Årdal. Han kjende eg frå før. Den bussen Kolumbus ville me skulle reisa med frå byen, var så sein at sjåføren kunne ha kjørt utan å venta. Men i si godhet venta sjåfør Nørstebø til den kom. Og der var det opptil fleire som kom springande og ville vera med. Endeleg kunne bussen kjøra. Riksveg 13, here we come.


An Sigvart spør og grev om allslags. Når du passerar Strandastøa og Strandakyrkja, går riksvegen i ein lang, slakk bakke vidare mot Tau. Midt i bakken er det eit buss-stopp med navnet Giljebakken.


- Kaffor hette det Giljebakken, spurte Sigvart.


Der var eg heldige: - Ser du huset med det flada taket. Det bygde distriktslege Gilje på 1960-talet. Dermed blei det Giljebakken, forklarte eg elegant.


Men turkameraten prosterte kraftig då eg viste han fiskastang-fabrikken i Torjerskrossen på Tau. Det er lenge sidan dei laga fiskastenger her, sa han.


- Uvesentleg. Eg visste kem grunnleggarane var og eg kjente sonen til ein av dei. Dessuten begynte brørne med å laga fiskastenger av stål hima på Tjøstheim, svara eg.


For oss godt vaksne innante er det tre berømte personar frå Bjørheimsbygdå. Hadja Tadjik, Gunn Rita Dahle og Ola Buss. For meg har jo alltid Ola Buss vore ein stor mann. Han grunnla eit stort buss-selskap og bygde vei til Preikestol-hytta. Turkameraten viste lita interesse då eg viste han det tidlegare hovedkvarteret til Ola Buss. Men barndomsheimane til dei kjende Bjørheimsbygd-kvinnene noterte han med stor interesse.


Målandsdalen der opptil fleire tidlegare pressefolk har henta sitt familie-navn, var også av ei viss interesse for den tidlegare NRK-mannen som var sjef for Rogaland Radio i fleire år.


Det er klart at for ein eldre, utanbygds mann kan det bli i meste laget og bli nedlessa med Årdal-informasjon av typen Lyngsheia, Ullestad, Tjentland, Soppaland og Riskadal. Eg sparte han for at bestemor mi kom frå Årdal og at eg i min ungdom hadde kjørt melkebil i denne bygda: kombinert buss og lastebil.


Bak GEA-bygget i Årdal sto det ein ny bussongje og venta på oss. Den skulle til Fister. Eg kunne fortalt mykje om landskapet, men me roa oss ned til me skulle stiga av bussen. Nå var båtturen neste post på programmet.


Yachten er trygt i havn igjen.

Å gå med eigen båt frå Fister til Hjelmelandsvågen var eit kjærkomment avbrekk frå bussinga. Ikkje akkurat någen oligark-yacht, men god nok for kånå og meg. Me somla oss til Hjelmeland på ein times tid. Etter å ha surra båten fast i land etter alle kunstens regler, sat me og gassa oss med den svære nistepakken som Sigvart hadde i ryggsekken.


Men dette var ein edrueleg tur utan tull og vas. Bussen frå Hjelmeland til Solbakk skulle gå 18.25. Inga tid å mista.


Eg trudde det var nok ein liten bussongje med den kraftige Olaus Meltveit bak rattet, som sto og venta på oss. Heilt feil! Nede ved kommunehuset sto det ein stor flott buss med ei smilande blid dama bak rattet. Me opplevde sju ulike sjåførar på turen, Siri Aasen frå Strand var den einaste kvinnelege.


På veg langs Riskadalsvatnet. Sanitas er å sjå i bakgrunnen midt i bildet.



På turen utover peika eg ut tre stader for turkameraten. Tidlegare Askvik skule der eg gjekk på framhaldskulen i 1963-1964, huset til tidlegare Frp-politikar Olav Ingvaldstad og den tidlegare feriekolonien Sanitas ved Riskadalsvatnet i Årdal.


Då me kom fram til Solbakk, var det eit par minutt å venta på bussen til Stavanger. Der oppdaga eg Olaus Meltveit med bussongjen og fekk vinka til han. Nå var han klar for å kjøra til Hjelmeland.


- Du lurte meg. Dette buss-eventyret kosta meir enn du lova. 55 kroner blei det på kvar, sa Sigvart og lo.


Deretter steig me om bord i buss nr. 5 ved Breiavatnet. Den går til Vardeneset.


Sigvart gjekk av bussen ved Solvang Omsorgsboliger. Tasta sykehjem passa for meg.


(Psst Sigvart: Eg trur dei fleste lesarane datt av for lenge sidan)


På facebook fann eg desse to kommentarane  som Årstein Skiftun har skrive etter å ha lese denne bloggen:

Årstein Skiftun

Eit lite innspel om Ryfylke og journalistikkens vesen, når eg første er i farta: Far min var journalist i dagsavisa Rogaland i nokre mellomkrigsår. Han var ein gong litt ekstra kry av ein omfattande reportasje han hadde laga med tittelen "Sju øyar - Stjernarøy" Den kom over to sider i ei laurdagsutgave. Då han på mandagen på ny reiste på reportasjetur i Ryfylke, måtte han innom veslehuset i ei bygd. Der låg "Sju øyar - Stjernarøy" alt halvvegs oppbrukt! Han sjølv måtte bruke siste halvdelen!

Eit innspel frå tidlegare ryfylkereiser: Når vi køyrde gjennom Bjørheimsbygdå siterte mor mi alltid mor si: "Bjørheimsbygdå sine begravelsesskiver er dei beste!" - Mor kom frå Idsal og mormor hadde full oversikt over Strand kommune der mannen Per hadde vore tung kommunepolitiker. Det er såleis ikkje berre to damer og ein mann som har gjort bygda kjent!


lørdag 14. mai 2022

Kåre Palmer Holm sjarmerte Tjensvoll-gjengen i senk

Grevlingen fritidsklubb var eit samlingspunkt for ungdommen på Tjensvoll. Her deltok 
klubbmedlemmene i NRK-programmet "Ti i skuddet". Bildet er henta fra reportasje
i Rogalands avis 11. mai 1983.




Han stakk seg ut blant søkarane som ville bli ungdomsarbeidarar i Grevlingen fritidsklubb. Kåre Palmer Holm var i 50-åra då fritidsklubben blei etablert i 1978. Dei andre søkarane var 30 år yngre. Dessutan hadde han ei heilt spesiell fortid som han var heilt åpen om. 

Kåre Palmer Holm var eit
blinkskudd som 
ungdomsledar.

Egil Sandgren var klubbledar då Grevlingen fritidsklubb på Tjensvoll i Stavanger blei etablert i eit tilfluktsrom i den nye bydelen. Sandgren blei seinare ubndomskonsulent i Stavanger kommune.

- Det blei ein del diskutert om me kunne ta sjansen på å gi den tidlegare skapsprengarkongen jobb. Men me tok sjansen. Han viste seg å vera eit funn i denne jobben, seier Sandgren.

Ungdomsmiljøet på Tjensvoll var ganske tøft på slutten av 1970-talet. Den berykta Tjensvoll-gjengen herja og laga avisoverskrifter. Ein del av medlemmer her var kriminelle og hadde rusproblemer.

- Kåre Palmer Holm gjekk inn i jobben i Grevlingen med stor entusiasme. Han hadde ansvar for verkstedet i klubben og hjelpte dei unge med mekking og skruing. Dermed fekk han raskt eit godt forhold til alle ungdommane, Tjensvoll-gjengen også. Ungdommane som sleit,  fekk ein venn i han, hugsar Sandgren.

På klubbkveldane prøvde også rusa ungdommar å komma inn i fritidsklubben. Dei blei avviste og då kunne det bli bråk. Men når Kåre Palmer Holm blei plassert som dørvakt, gjekk alt roleg for seg. Han sjarmerte Tjensvoll-gjengen i senk.

Egil Sandgren tok sjansen på å
gi Holm jobb i Grevlingen.

Han kom også godt ut av det med kollegene sine i fritidsklubben. Av og til blei kveldane lengre enn planlagt, men han var like blid, uansett.

Sigrid Bækholt som var assisterande klubbledar, hugsar Kåre Palmer Holm med glede.

- Det var jo røykeforbud i Grevlingen. Men akkurat det passa ikkje Kåre. Han røykte når det passa han, fortel Bækholt. 

Den tidlegare gentlemannsforbrytaren kom så godt ut av det med dei unge Grevlingen-kollegene sine at han heiv seg med på ein busstur til Paris i 1981 der ungdommane skulle gå i fredsmarsj. 

- Eg er ikkje sikker på om han var så oppteken av fredssaka, men han fann seg veldig godt til rette mellom turdeltakarane. Ikkje minst mellom dei kvinnelege fredsvennene, seier Sigrid Bækholt.

Asgeir Lode, tidlegare Aftenblad-journalist, var med på bussturen til Paris i 1981. Der blei han kjent med Kåre Palmer Holm. Då han høyrte at Lode var i Aftenblader, fortalte Holm at han hadde ein god kjenning i Aftenbladet. 

- Magnus Torgersen skreiv om meg i aviså. 

- Kaffor då?

-Har du ikkje høyrt om meg? Kåre Palmer Holm?

- Då kom eg på "røvarhistorien" frå 1959. Seinare traff eg han igjen i byen. Eg var til og med oppe på Storhaug og besøkte han, seier Asgeir Lode. 




  

  

onsdag 11. mai 2022

Øystein Sandvik er død

 


Mange ryfylkingar hugsar ennå Øystein Sandvik som
matros og billettør på Tau-ferjene. 


Øystein Sandvik, Tau, er død. Han ville blitt 90 år 17. mai.


Mange strandbuar og hjelmelandsbuar vil hugsa Øystein Sandvik som matros på Tau-ferjene i mange år.


Øystein Sandvik var frisk 
og rask til nå i vår. 

Den store og som oftast smilande matrosen sto klar når ferja klappa til kai. Han åpna ferjeporten og slapp folk om bord og på land, gjekk rundt i salongen og samla inn billettar og i tillegg sto han  til rors på annankvar tur frå Tau til byen.


Øystein Sandvik blei ferjemann då han gjekk om bord i «Tau» våren 1962. Den gongen var Jørpelandsbussen gul, Årdalsbussen grå og ferje-ekspeditør Johannes Stensen styrte som ein småkonge på Tau-kaien. Ikkje rart at Øystein Sandvik blei verande på denne ferja så lenge den gjekk i Tau-sambandet.

Dette var i glanstida då ei ferjereis kosta tre kroner og 20 øre for ein vaksen frå Tau til byen.


Ingen stjernetydar ville ha funne ut i 1932 at den nyfødde guttungen skulle enda som sjømann i innanriks ferjefart. Tvertimot. Han blei fødd i Suldal. Faren kjøpte gard i Hetlandsbygda i gamle Fister kommune. Øystein var eldst og odelsgutt. Men garden interesserte ikkje han.


Fjordabåter derimot. Det var spennande.


Sommaren 1954 fekk han sommarjobb på «Jøsenfjord». Dette var springbrettet for å få fast matros-jobb på «Hjelmelandsfjord». I 1957 slutta han i Jøsenfjord Rutelag og melde overgang til Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD).


I 1962 begynte Øystein Sandvik på ferja «Tau». Og i Tau-sambandet blei han verande i resten av si tid som matros. Like til han fekk hjerteproblem og måtte gå i land i 1985.


I mange år var Øystein Sandvik engasjert i fagforeningsarbeid. Han var tillitsmann for mannskapa på ferjene. Ein periode var han nestformann i Stavanger-avdelinga av Sjømannsforbundet.


Etter at han gjekk i land har han dyrka mange slags interesser. Han var levande interessert både i lokalhistorie og slektsgranskning. Trekkspelet trakterte han også i mange år.


Øystein Sandvik blei gift med Liv frå Hjelmeland. Dei bygde seg hus i Ugeli på Tau i 1965. Der budde dei i alle år. Kona døydde for eit par år sidan. Etter det budde Øystein aleine i huset og greidde seg sjølv. Han var frisk og rask heilt fram til for eit par-tre veker sidan.


Øystein Sandvik etterlet seg to barn, barnebarn og oldebarn. Han blir gravlagd frå Strand kyrkje fredag.

onsdag 4. mai 2022

Mor mi hadde sju ektemenn, men Kåre Palmer Holm var den livslange kjærasten!

 


Kåre Palmer Holm var verdens snillaste mann. Det skulle
vore laga film om livet hans, seier Magne Høyland.
Foto: Jon Ingemundsen


- Mor mi, Ruth, var gift sju gonger, men det var Kåre Palmer Holm som var den store kjærleiken. Dei var kjærastar, av og på, heile livet.  Siste gongen forholdet flamma opp, møttest dei som pleiepasientar på dagsenter på sykehjem. Men dei blei aldri gift. Han var jo aldri hjemma, sa mor.


Kåre Palmrt Holm var ein heilt 
spesiell kriminell. Sjarmerande, 
gavmild og dyktig på mange 
slags vis.



Magne Manna Høyland, den kjende vokalisten frå Stavanger-rocken, har mange minne etter gentlemannsforbrytaren Kåre Palmer Holm.  Mannaen møtte han mange gonger opp gjennom åra og hugsar han som ein veldig kjekk mann som var utruleg flink til å fortelja.


Då han var på rømmen frå Stavanger kretsfengsel sommaren 1959 og sette grå hår i håvet på politiet, sende mora åtte år gamle Manna av gårde til snobå på hjørna for å kjøpa "1. mai" som mange stadig sa om Rogalands Avis på den tida. Mora hans var svært interessert i koss det gjekk med politi-jakta som pågjekk for fullt akkurat då. Avisene var jo fulle av Kåre Palmer Holm-stoff kvar einaste dag i juli 1959. 


- Kåre var ein flott mann. Han gjorde ikkje eit menneske fortred. Tvertimot var han både snill og omtenksom. Viss han forsto at nokon hadde det trangt, kunne han stikka til dei ein hundrelapp eller to i ein konvolutt. Mottakaren visste ikkje alltid kven givaren var.


Kvar jul fekk syster mi, Herdis, og eg hundre kroner av Kåre Palmer Holm. Dette var fast tradisjon heilt til eg var 18 år, fortel Mannaen.


I barndommen reiste dei med mora til Tau og besøkte Kåre på hytta og som vaksen var han også på besøk på Tau med sin eigen familie.


Her i Båsahuset, langt inne i Pedersgata, hadde Kåre Palmer Holm verksted i eit av 
kjellarlokala. Her laga han kopparstikk for det meste med dyremotiv. 


I ein periode hadde Kåre Palmer Holm  verksted i kjellaren i Båsahuset i Pedersgata. Der laga han blant anna  kopparstikk med ulike motiv. Mannaen fekk eit slikt stikk med bilde av ein hund. Det har han rota bort. 

 Men det var ikkje berre kunst som blei laga i Båsahuset. Kunstnaren hadde HB-apparat også og brente sprit til eige bruk.


 - Ein gong eg kom innom, sat han og mor mi og kosa seg med kvar sin "longdrink".  Kåre spurte og eg ville ha eit glass. Eg takka ja og drakk. Det smakte fusel. Litt brus oppi gjer drinken god, sa mor mi.


- Kåre Palmer Holm var ein fantastisk mann. Det burde vore laga film om han, Det kunne jo passa med premiere neste år. Då er det 100 år sidan han blei fødd, seier Magne Manna Høyland. 


Kåre Palmer Holm var fødd i mars 1923. Han omkom i ein brann i barndomsheimen i Skreddarsmauet i Stavanger i august 2004.