søndag 31. januar 2016

Flyktning med ryggsekken full av sølvtøy



Fluktplanane tok form under påsketuren i Sylene i 1941.
 Bilde frå Bjørn Mihles fotoalbum.

De to unge flyktningane hadde planane klar. Når dei var trygt over grensa, skulle dei selja sølvtøyet for best mulig pris. Salgssummen skulle dei bruka til å finansiera ferda vidare mot målet: Å bli soldatar og slåss med våpen mot fiendtlege okkupantar.

Men svensk politi var slett ingen hyggeleg velkomstkomité. Dei ville jaga flyktningane tilbake over grensa. Rett i fanget på tyskarane.

Kameratane Bjørn Mihle (20) og Odd Husby (19) frå Byåsen i Trondheim hadde sine grunnar for å stikka av. Bjørn jobba ved NSB-verkstedet i byen. Der hadde han vore med når lokomotiv blei "reparert" på ein måte som førte til godstog fullasta med forsyningar til dei tyske okkupantane. Dei blei ståande fast i dalane mellom Trøndelag og Austlandet. Faren for at sabotasjen skulle bli avslørt, var overhengande.

Kameratane hadde begynt å planleggja flukta til Sverige på påsketuren til Sylane i grensetraktene i 1941.

Fyrst i 1944 kom Bjørn Mihle over til dei frie norske styrkane i Storbritannia.

I november 1941 drog dei to spreke ungdommane til fjells. På ski kryssa dei grensa mellom Norge og Sverige. Tanken var at dei skulle ta seg vidare frå Sverige på den transsibirske jernbanen gjennom Sovjetunionen. Målet var dei frie norske styrkane i Canada eller England.

Foreldra til dei to unge mennene må ha kjent til fluktplanane. Det må ha vore ganske spesielt å overlata sølvtøyet, som sikkert utgjorde det meste av familieformua, til sin einaste son som ville ut i krigen. Kva mor, far og tre systre fekk vita om unge Bjørn si ferd ut i krigen, veit eg ikkje. Dei hadde nok mange lange urolege netter resten av krigen. Men den bortreiste sonen dukka opp på spektakulært vis i norsk uniform hjå familien i Trondheim på sjølvaste 17. mai 1945, i god behold.

Fluktplanane var greie nok. Men svenske styresmakter var ikkje så enkle å samarbeida med for dei to unge krigarane. Dei blei ikkje jaga over grensa til Norge igjen, men måtte slå seg til ro i Dalarne i Sverige i første omgang. Mekanikerlærling Bjørn Mihle frå Norge blei sagbruksarbeidar i Sverige i første omgang vinteren 1942.

Det tok si tid å komma ut i krigen. Frå hausten 1942 til våren 1944 er Bjørn Mihle elev ved Katrineholm tekniske skole. I 1944 er han ferdig utdanna og kan kalla seg ingeniør. Kameraten Odd var ikkje her. Han var ein flink idrettsmann og blei idrettsinstruktør og frå 1.juli 1944 var han sersjant i reservepolitiet som det blei kalla i det nøytrale Sverige.

Etter avslutta skulegang møtte den nå 23 år gamle ingeniøren opp på Bromma flyplass ved Stocholm ein kveld i 1944. Saman med ein del andre norske flyktningar skulle han endeleg få komma seg over til Storbritannia. På kafeteriaen på flyplassen sat to norske pilotar med eit stort kart framfor seg og planla turen over Nordsjøen til Skottland. Dei brydde seg ikkje om at det sat tyske offiserar ved andre bord i det same lokalet.

Nordmennene gjekk om bord i eit sivilt norsk fly som sto klar til avgang. Reiseplanen og ruta var grei. Flyet letta og gjekk så høgt som forsvarleg med sløkte lanterner over det okkuperte Norge med kurs mot vest. Plutseleg blei det ei grusom knitring mot flyet. Var det tyske kuler? Panikken begynte å breia seg mellom flyktningane. Heldigvis var det berre ei haglbyge. Det norske flyet landa trygt i Skottland.

Kort tid etterpå var Bjørn Mihle på plass i den norske 330-skvadronen på Sullom Voe på Shetland. 330-skvadronen opererte her  13 fly av typen Short Sunderland.  Der tjenestegjorde han som flymekaniker.

 Då han kom til Shetland var ei av dei fyrste oppgavene å ta i bruk ei brakke som var blitt ledig. Dei måtte rydda opp etter mannskapet som hadde budd der. Dei kom aldri tilbake frå eit tokt over Norge.

Eit lystigare minne: Eit av flya deira kom haltande tilbake frå tokt. Minst to av motorane var kaputt. Dei fleste på den norske basen var på beina og følgde med då flyet landa på sjøen på eit vis. Dei hadde fått tyske fly etter seg og det norske flyet hadde fått mange treff. Mannskapet var sjeleglade for å ha klart å klora seg tilbake til Shetland.  Haleskyttaren sa det på sin måte: Eg dreit i buksa då det kom eit tysk fly mot meg og skaut, sa han.

Endeleg på Shetland. Bjørn Mihle laga album etter krigen.
 Han kunne både teikna og fotografera.

Den unge flyktningen kom aldri i aktiv kamp. Han mekka på flya. Flyturane begrensa seg til testflyging etter avslutta reparasjonar. Mekanikarane må bevisa at dei våga seg opp i lufta med maskinane dei hadde sett i stand.

Stor jubel i Norge då krigen var slutt 8. mai 1945. Bjørn Mihle var på Shetland.  Han fekk ikkje vera med på festen heime i Trondheim.

Men han hadde flaks. På 16. mai fekk han ordre om å vera med eit fly som skulle til Trondheim med medisiner til sykehuset. Natt til 17. mai letta Sunderland-flyet frå Sullom Voe. Før flyet landa på Trondheimsfjorden om morgonen, hadde unge Mihle  kasta ein pakke med sjokolade og sigarettar over Haugesund til slektningane sine der.

Ganske raskt kom Bjørn Mihle seg i land og inn til Trondheim til familien som budde i ein leilighet midt i byen. Tyskarane hadde kasta dei ut av huset på Byåsen. Gjensynsgleda var stor. I 17. mai-toget var den heimkomne sonen fanebærar for Jernbanemusikken som han hadde vore med i før flukta til Sverige.

Det var på denne jubeldagen at det blei klart at kamerat Odd ikkje var der i den jublande folkemengda. Han hadde falle i ein trefning med tyske soldatar i Singsås i januar 1945.

Dei to kameratane flykta saman i 1945. Berre Bjørn overlevde krigen.


I dag er ei gate på Byåsen i Trondheim oppkalla etter fluktkameraten: Odd Husbys veg.

Bjørn Mihle enda opp som ingeniør på Stålverket på Jørpeland. Han blei svigerfaren min. Heile denne bloggen er basert på det som han fortalde meg. Eg skreiv ikkje noko referat av samtalane våre.

Det var aldri planen min å skriva denne historien, men debatten om den danske smykkeloven sette meg på tanken. Flyktningar kunne ha verdier med seg til Danmark.

Då tenkte eg på svigerfar som drog til Sverige med ryggsekken full av sølvtøy. Kor det blei av dette sølvtøyet, kom eg ikkje på å spørja han om.

Bjørn Mihle døde i januar 2011. Han blei nesten 90 år.























onsdag 27. januar 2016

Kutt ut tullet i Forsand, Hjelmeland og Strand!

Denne artikkelen i Aftenbladet i dag gjorde meg sterkt irritert
 over lokalpolitikarane i sentrale deler av Ryfylke.

Viss Forsand-folk i framtida ikkje kan reisa til legevakt på Jørpeland men må dra til legevakt i Sandnes, fortel vel dette mest om kommunepolitikarane i Forsand og Strand. Politikarane i Forsand skubbar småbarnsforeldre, kronisk sjuke og eldre føre seg i ein pengekrangel med sine kolleger i Strand.

Dei blir ikkje enige om koss mykje Forsand skal betala for å ha legevaktsamarbeid lenger med Strand. Dermed risikerer forsandbuar som treng legehjelp både ein ferjetur og ein lengre biltur for å få legehjelp. Nå greier dei seg med ein kortare kjøretur til legevakt på Jørpeland. Er det rart at det er mykje elendighet i verda når ein klarer å laga slike rare problem i lokalpolitikken?

Kommunane Forsand, Hjelmeland og Strand burde lett kunna gå saman til ein kommune.  Viss jærkommunane greier å få til Jæren kommune, burde det vera rein plankekjøring å slå saman desse tre Ryfylke-kommunane til ein. Men slik det ser ut nå, arbeider dei folkevalde i alle dei tre kommunane systematisk mot dette.

Når hjelmelandsbuar snakkar om å gå saman med Suldal og forsandbuar trur at Høgsfjord-ferja kan overleva Ryfast-åpninga, drøymer dei med åpne auer. Ingen som bur sør for Jøsenfjorden, ser på Sand som eit aktuelt senter. Dei færraste har sett sin fot der dei siste ti åra. Og Høgsfjord-ferja er fortapt i 2019 når Ryfast gjer dei tre kommunane landfaste med bylandet. Fortsatt ferjedrift etter 2019 vil ikkje vera økonomisk berekraftig, som det heiter i dag.

I praksis er Jørpeland blitt sentrum for dei tre kommunane. Når folk skal handla noko meir enn det daglege, er dei ofte nøydd til å reisa til byen. Både i Hjelmeland og Forsand brukar dei i stor grad Jørpeland som "by". Alle slags statlege etatar ser nå dei tre kommuane som eit distrikt. På politisektoren er vel dette alt gjennomført. Denne utviklinga kjem til å bli forsterka.

Ei slik kommunesamanslåing vil sjølvsagt vera aller mest gunstig for Strand. Difor hadde det tjent saka at Stranda-politikarane der hadde vist seg litt meir romslege og rause. Det har eg ikkje sett noko til ennå.

På tide at dei ansvarleg i Strand ryddar opp i legevakt-problematikken med ein gong!






tirsdag 19. januar 2016

Då "Hjelmeland" dampa rundt i fjordane

"Hjelmeland" ved kaien på Idse. Bildet er truleg frå 1950-talet.
 Henta frå Aftenbladet sitt arkiv.


I 23 år har ferja "Hjelmeland" somla rundt på Hjelmelandsfjorden mellom Sande, Nesvik på Jøsneset og Skipavik på Ombo. Mange av oss har hatt denne ferja med seg i heile sitt liv. Folk under 30 år har ikkje fornaring om at det var ein dampande rutebåt som hadde same navnet. I 48 år, frå 1910 til 1958, gjekk "Hjelmeland" for Stavangerske.

I september 1910 overtok Stavangerske den nybygde rutebåten "Hjelmeland". Den var bygd ved Stavanger Støberi & Dok. Du lurer kanskje på navnet. Kvifor "Hjelmeland"?  Mange er ikkje klar over at før første verdenskrig var det berre to strandstader som var av ei viss økonomisk interesse for dei som styrte ruteselskapet i byen. Det var Sand og Hjelmeland. Industriutbygginga på Jørpeland og i Sauda hadde ikkje starta på denne tida.

"Hjelmeland" fotografert i Årdal før ombygginga i 1926. Styrehuset
 blei då løfta opp på båtdekket.


"Hjelmeland" var den fyrste nybygde båten til Stavangerske sidan "Rogaland" (seinare "Kvitsøy") i 1878. Det gjekk 27 år til det neste nybygget i 1937. Då kom motorskipet "Express" som innvarsla ei ny tid.

Som ny gjekk dampbåten "Hjelmeland" inn i Skjolda-ruta. Klokka 5 om morgonen gjekk båten frå Stavanger og returnerte til byen ved 16-tida om ettermiddagen. Var det ein ting som irriterte folk innante, var det denne ruteordninga til Stavangerske. Hadde folk eit viktig ærend og måtte reisa til byen med rutebåten, var dei nøydde til å overnatta i Stavanger. Dei kunne ikkje reisa fram og tilbake på dagen.

På "Hjelmeland" som på dei andre gamle rutebåtane var det klasseskilje om bord. Fyrste plass med plysjbenker var plassert akter. Andre plass med harde trebenker var framme. Folk innante reiste sjølvsagt på andre plass. Ofte opplevde folka inne i fjordane  med eller utan grunn at offiserar og mannskap på dampbåtane behandla dei nedlatane og arrogant.

Både dei umulige rutetidene, klasseskiljet og haldningane til dei om bord var viktige argument då folk i fjordane gjekk saman og starta sine eigne ruteselskap i åra etter 1900. Dei fleste fekk eit relativt kortvarig liv og blei som regel oppkjøpte av Stavangerske. Seinare kom også Stavangerske til å endra rutene slik at båtane deira overnatta inne i fjordane. Då blei det også bygdafolk som overtok dei fleste jobbane om bord i båtane.

Som isbåt var "Hjelmeland" legendarisk. Den nye og fantastiske fjordbussen "Fjorddrott" kom i 1939 og gjekk inn i Saudaruta. Men den kunne ikkje gå i isen i Saudafjorden. "Hjelmeland" blei send til Sand. Der overtok den last og passasjerar til Sauda.

Det var sett inn ekstra ballasttankar i akterskipet på "Hjelmeland" slik at baugen kunne løfta seg mot iskanten. Dei harde isvintrane under krigen gjekk rutebåten ofte ekstraturar om nettene for å halda råka i fjorden åpen mellom Sand og Sauda.

Enok Dalaker frå Rennesøy fekk seg jobb på Stavangerske-båtane etter at han var ferdig i militæret i 1951. Han var både matros og seinare styrmann om bord i Hjelmeland.

- I mi tid gjekk "Hjelmeland" mest i rute frå Stavanger til Austre Åmøy, Brimse, Østhusvik, Steinnesvåg, Vik, Liarvåg, Kårstø, Susort, Slåttevik, Hervik, Borgøy, Skjoldastraumen, Sagi, Isvik og Skjoldavik. Det var mykje last på denne ruta, men dei fleste passasjerane var gått i land då me gjekk frå Steinnesvåg. I helgene låg me for det meste i Muslandsvåg eller Hervik. fortalde Enok Dalaker til meg i 2006.

Det var ikkje mykje fri å få for folka om bord i båtane på 1950-talet. Enok Dalaker var sju månader om bord i "Hjelmeland" utan å ha fri ein dag.


Mandius Nesvik var 70 år i 1956.


Auguste Wennersten var fast kaptein på "Hjelmeland" frå 1949. Men han blei pensjonert før båten blei teken ut av ruta. Ole Førsvoll var den siste kapteinen om bord i den gamle dampen. Johannes Yrke og Faltin Nising var styrmenn. M. Nessa var rormann, Laurits Stople og Severin Marvik var matrosar. Siste maskinsjefen heitte Eriksen.

Skipperen budde i bestikklugaren bak styrehuset. Styrmannen hadde lugar akter. Matrosar og maskinfolk hadde sine plassar forut.

- Hjelmeland var den siste fjordabåten til Stavangerske som hadde stuert som ordna med maten til folka om bord. Hans navn var Utbjoa, fortalde Enok Dalaker.

Mandius T. Nesvik frå Hjelmeland var kaptein på "Hjelmeland" i 25 år frå 1924. Han tykte dette var ein grei båt som var lett å stella med, står det i boka "Fjordabådane" som Magnus Torgersen laga i 1981.

HISTORIKK:
"Hjelmeland" blei bygd ved Stavanger Støberi  & Dok i 1920 for Stavangerske. Påbygd i 1926 på Klasaskjæret. Gjekk i rutefart i Ryfylke fram til 1. desember 1958. I januar 1959 kjøpte Brødrene Anda "Hjelmeland" for opphogging.

MASKINERI:
Dampmaskin 150 HK. Rutefart: Ti knop. Blei ombygd frå kolfyring til oljefyring etter andre verdenskrig.

MÅL:
Lengde: 33,96 meter. Bredde: 6 meter. Tonnasje 197,52 bruttotonn.


Viss nokon føler dei har lese dette før, er det heilt rett. Det meste er henta frå ein artikkel eg hadde i Aftenbladet laurdag 8. april 2006.



















fredag 15. januar 2016

Koss dumme har norske bønder lov å vera?

Dei kloke bøndene får dei beste potetene, seier eg. 

Norske bønder produserer dyr og dårleg mat. Beskytta av høge tollmurar driv dei på med sitt og har sørga for at me forbrukarar ikkje får kjøpa utanlandsk mat som både er betre og billegare.

 I tillegg har bøndene tuta feige politikarar fulle av jordvern-hensyn. Derfor driv altfor mange bønder gardsbruk på flotte plasser i  bygd og by der det kunne vore flotte bustadstomter med mykje sol og flott utsyn. Men nei.

På desse plassene kjører bøndene rundt med dyre traktorar finansiert med jordbrukssubsidier. Og kor kjem subsidiane frå. Jo det er våre skattapengar som blir nytta til det. Utan bønder hadde me sikkert betalt halv skatt.

Forresten har eg aldri sett mine bein på ein gard. Det er eg glad for!

Omtrent slik ville Kalle Nilsen snakka om norske bønder viss han hadde vore buss-sjåfør eller busspassasjer og ikkje bonde på Ullandhaug i Stavanger.  I dag var han med i programposten "Laust og fast" på NRK Rogaland. Der snakka han om bussar og kollektivtrafikk.

- Eg tar aldri buss, starta han med. Bussane kjem aldri når dei skal. Og viss det endeleg kjem ein, er den full. Viss det er eit ledig sete, er det øydelagt. Derfor tek eg heldigvis ikkje buss.

I den stilen dura han på. Men han var glad for at det er andre som er så enkle at dei tek buss. Dermed er det betre plass i bygatene og på parkeringsplassene for Kalle Nilsen og bilen hans når han skal til byen ein sjeldan gong.

Eg er son av ein bussjåfør. Kona mi var i si tid Stavangers første kvinnelege bussjåfør.Begge brørne mine kjørte buss ei tid i ungdommen. Yngste sonen min har kjørt buss i fleire periodar. Sjølv kjørte eg buss i mi studietid i Bergen og eg har begynt å kjøra buss igjen etter at eg blei førtidspensjonert i Aftenbladet. Eg er stolt av av min buss-bakgrunn og eg møter mange flotte passasjerar kvar dag.

Som son av ein bonde, barnebarn av ein bonde og så vidare, burde Kalle Nilsen passa munnen sin. Det er ikkje alltid lurt å berre snakka i veg. Av og til kan det svara seg å tenka litt også.

Eg er av bondeslekt og kjem frå bondelandet. Fleire av kameratane mine er bønder. I mi journalist-tid skreiv eg ein god del både om bønder og jordbrukspolitikk. Mange gonger har eg vore nøydd til å bruka mykje tid på å høyra på bondelagsbønder som har snakka langt og innfløkt om korleis og kvifor jordbrukspolitikken er slik som den er. Med den største respekt har eg møtt bøndene og skrive om dei.

Goodwill er viktig for bøndene. Derfor skal dei møta andre samfunnsgrupper og andre yrkeutøvarar med same respekten som dei ynskjer sjølv.

Kalle Nilsen bur på Ullandhaug. 100 meter frå steingjerdet hans passerer det hundrevis av bussar kvar dag. Der finst ikkje betre bussdekning i Rogaland.  Bussane er i god stand og det er nesten alltid ledige sete. Frå 1. juli overtek eit nytt busselskap alle rutene til Kolumbus. Alle bussane blir flettande nye.

Ei kvinne som var med i same programposten sa også ein del ting som fekk nakkehåra til å reisa seg hjå meg. Mellom anna at når mannen hennar var med henne på bussen, var han nesten alltid den einaste kvite mannen om bord i bussen.

Av og til er eg nesten flau av å komma frå bondelandet, vera kvite mann og forstå norsk!














tirsdag 12. januar 2016

Fullt ferjekaos på Hjelmeland etter nyttår




Alle ferjeavgangane har gjort både næringsdrivande og reisande urolege,
 melder Strandbuen. Og kva blir effekten?


Ferjene kjem tomme til kai. Eit par minutt seinare går ferjene utan bilar over fjorden igjen. Ferjekø har det visst ikkje vore på Hjelmeland til nå i år. Butikkane som har levd høgt på ventande bilturistar, går usikre tider i møte. Når det ein sjeldan gong kjem ein bil, trillar den rett om bord i ferja. Ingen får ein tjangs til å strø om seg med pengar på Hjelmeland lenger.  Kan butikkane overleva? Ikkje rart at den eine ferja har navnet "Petter Dass". Dette går rett i toalettet!

Hjelmelandsvågen er blitt eit ferje-eldorado frå årsskiftet. To ferjer, "Hjelmeland" og "Petter Dass" kryssar fjorden uavlateleg. Til og frå Hjelmeland, Ombo og Nesvik. Det meste av dagen er det ferjeavgang kvart femtende minutt. Men mange meiner tydelegvis at det er blitt i meste laget.

- Frekvensen Hjelmeland - Nesvik er auka frå 21 til vel 60 turar dagleg. Ombo har fått ein ekstra tur, fortel Ottar Sandager, kommunepolitiker i Finnøy. I hans kommune ville dei at Ombo skulle fått fleire turar.

Frustrerte hytteturistar på veg til dei påkosta hyttene sine i Suldal slepp nå å ergra seg over ferja som går til Ombo med to-tre bilar medan bilane står i stadig lengre kø på Hjelmeland for å komma seg over til Nesvik. Med den nye brua over Sandsfjorden på plass, vil trafikken auka over Jøsenfjorden. Endå fleire reisande ville blitt ståande å sjå på ferja som vasa seg bort på Ombo. Styresmaktene var nøydde til å gripa inn.

Då Jøsenfjord-ferja gjekk frå Tøtlandsvik tilVindsvik, var det orden i sakene. 

Før i tida: Då ein mann var ein mann og Jøsenfjord-ferja gjekk mellom Tøtlandsvik og Vindsvik, hadde dei ei ferja liggjande på lur i Tøtlandsvik. Den blei sett i fart viss bilane hopa seg opp for og ta unna køane. Når det var lite trafikk, kunne mannskapet på reserveferja slappa av og forsyna seg rikeleg av den vidgjetne ertersuppa på dette ferjesambandet.

Då dei flytta Jøsenfjord-ferja ut fjorden og sette den i drift mellom Hjelmeland og Nesvik, oppsto det eit nytt problem. Folk på Ombo måtte også få vera med i dette sambandet. Som alle veit ligg vitale deler av den nest største øya i Rogaland i den viktigaste kommunen i Ryfylke. Ombobuane måtte jo få lov til å ta med seg bilen sin til kommunesenteret sitt på Hjelmeland.

Men alle desse meiningslause Ombo-turane har ført til at både øya og folket som bur der, er blitt lagde for hat av mange som reiser mellom Hjelmeland og Nesvik. Det er nok å seia Ombo, så er det mange som både freser og seier stygge ord som det ikkje ville falla meg inn å skriva her.

Som det hjartevarme medmennesket eg er, har eg ingenting mot Ombo og ombubuar. Eg helser på både Bøgningsmaen, Sigve Vatland, som er flytta frå Ombo til Hjelmeland i ung alder og på forhenverande Jøsenfjord-maskinist Jan Skaar.

Då styresmaktene skulle retta på denne ferjegalskapen og roa kjenslelivet til trongsynte ferje-reisande, blei dette gjort på ein meiningslaus måte. Frå fyrste nyttårsdag går ferjene så ofta over fjorden at folk i Hjelmelandsvågen blir håvegalne. Dei skyt spurv med kanoner.

Kva nyttar det at det går ei ferje frå Nesvik kvart femtende minutt, når det er vegarbeid med kolonnekjøring langs Jøsenfjorden kvar halvtime? Ikkje løye at det blir mange tomme ferjer.

Faren for at Ombo kan bli avfolka, er sjølvsagt også overhengande slik ferjene fer og rek nå. Til slutt er blomstergartner Henry Ådland på Eidssund aleine igjen. Det er ikkje for ingenting at Ombo er blitt kalla for Madagaskar. Stort og vilt. Som sagt har eg ikkje noko mot dei som kjem frå øya, men akkurat å få dei til naboar er noko heilt anna.

Fred og harmoni då "Ombofjord" gjekk til øya båten var oppkalla etter. 

Alt var mykje kjekkare før. Då gjekk "Ombofjord" til Ombo. Ein dag på Skår østre kai og ein dag på Skår vestre kai. Og sjå nøye på bildet av den gamle rutebåten ved kaien. Du frå fred i sjela av eit slikt syn!







søndag 10. januar 2016

Der blei eg tatt for røyking som åtte-åring

 I det litla gula uthuset midt i bildet blei eg tatt i smugrøyking då eg var åtte år gammal. Bildet er frå 1962 eller 1963.
 (Foto: Widerøe - Hetland Media.)

Ser du det litla, gula uthuset omtrent midt i bildet? Der tok far meg på fersken. Eg røykte sigarettsneipar som eg hadde funne i askebegeret hima. Røykinga hadde pågått ei tid før eg blei teken. Då var eg åtte år. Eg blei øyeblikkeleg transportert ned i kjellaren i bustadhuset til høgre for uthuset. Der fekk eg ris og blei plassert i den mørke potetkjellaren ei tid. 

Etter den spontane avstraffelsen blei dette lovbrotet raskt roa ned. Far min røykte. Eg tok mål av meg til å bli mann som han. Men poenget var at eg måtte vera litt tålmodig. Etter dette gjekk det sikkert to år før eg røykte igjen. Og då hugsar eg at det blei smugrøykt i det uthuset du seg litt lenger til høgre og litt bak det kvite huset med flaggstang. Dette blei aldri oppdaga. Då var me fleire som røykte. Eg skal ikkje røpa navna på dei andre.

I dette huset som i nyare tid har vore sagbruk, hadde far min i si tid hønshus og seinare jærstolfabrikk. 

Laugaland er verdens navle. Visste du ikkje det? Når du studerer dette bildet frå 1962 eller 1963, er du ikkje i tvil lenger. Eg skal forklara deg kvifor. Dette er min barndoms rike. Du ser ikkje heila Laugaland og Vormedalen her. Men barndomshjemmet mitt og nabolaget er med. 

Riksveg 13 gjekk rett over Laugaland frå 1965 til 1990. Den kom frå Oanes, Tau og Hjelmeland og kom inn i bildet frå høgre ved den nye løa til Lars og svinga seg rundt bussgarasjen ned mot Tøtlandsvik der det gjekk ferje over Jøsenfjorden til Vindsvik. Det var meinigslaust at dei flytta ferja ut fjorden til Hjelmeland - Nesvik. Det meiner alle i Vormedalen.

Du ser ikkje Nuppestad. Men vegen dit går inn midt i bildet og opp mot løa til farbror Andres. Telefonstolpane med rikstelefonlinjer står langs Nuppestadvegen. Viss du ringde til Trodla-Tysdal eller Jøsenfjorden så fôr orda gjennom telefonlinjene forbi løa til farbroren min og vidare innover i geografien. Viss du ikkje då skulle til bygda vår. Me hadde eigen telefonstasjon eller talestasjon som det blei kalla.

 Vormedal i Ryfylke var navnet på telefon-stasjonen. Den var plassert i eit påbygg bak på det kvite huset til høgre og delte lokale med postkontoret, Laugaland brevhus, Begge blei administrert av tanten min, faster Tulla, sa me. Ho var ei yngre syster av far min. Anna Johanna var det offisielle navnet. Far min kjørte bussen. Han kom med postsekken til Laugaland kvar kveld i halv sju-tida.   

Far min blei fødd i det store, kvite gardshuset som ein av ni sysken. Så kjem hønshuset, redskapshuset, det gule uthuset og huset der eg og mine to brør blei fødde. Så kjem bussgarasjen og folgehuset der det var telefonstasjon og postkontor.

 Folgehuset blei bygd før krigen. Besteforeldrene mine tok det i bruk før krigen. Far min og systera hans blei med på flyttelasset.

 Etter ti år i folgehuset manna far min seg opp og gifta seg. Dei nygifte flytta inn på loftet hjå moster Ane som budde i huset som blei mitt barndomshjem. Ane var enka. Mannen hennar, som døydde altfor tidleg, heitte Jone. Ho gjorde alt som sto i si makt for å skjemma meg ut. Ho lærte meg å drikka kaffi før eg var eitt år gammal.

 I februar 1955 døydde moster Ane. Same dagen fekk farbror Andres den nye traktoren sin. Ein raud Farmall Mc Cormick-traktor levert av Erlands Maskin på Bryne. Alle mannfolka i slekta sto med grå garbardin-frakkar og røykte sjølrulla sigarettar og studerte det tekniske vidunderet på søndagen etter gravferda til tanten til far min.

Tore-garden ligg bak garden der eg kjem frå. Her ser du først Magla-huset, deretter gardshuset og til slutt folgehuset der han Gamle-Tore budde. I gardshuset budde sonen Ola og familien hans. Litle-Tore var den eldste sonen til Ola. Han er eit halvt år eldre enn meg. Eg meiner at alle desse husa, bortsett frå uthuset bakerst, er borte i dag og erstatta med nye og meir moderne hus.

Elva gjekk gjennom dalen. Du kan ana elveleiet i skogen. Bak skogen ligg Meland. 

Alle i Vormedalen meinte at dei på Laugaland trudde at dei var grommaste og mest betydningsfulle folka i heile bygda .Dei på Laugaland trudde vel også det.

 Du ser det litla kvita tårnet heilt oppe til høgre på bildet. Det er klokketårnet på kyrkjegarden. 

Eg kunne ikkje dy meg på minnestunda etter gravferda til mor mi.

- Uansett kor godt du gjer det her i livet på Laugaland og svingar deg opp både i eigne og andre sine auer. Du endar på Meland uansett, sa eg. 

Opptil fleire lo.

Viss du interesserer deg for gamle flyfoto frå Hjelmeland kommune i 1960-åra. Gå inn på nettsida til Hetland Media. Klikk deg inn på flyfoto. Der er det mykje forvitneleg for oss som ikkje er heilt unge lenger.

God søndag!