onsdag 24. januar 2018

Odelsgutten blei ferjematros

«Tau» klar til avgang. Matros Øystein Sandvik ventar berre på at klokka
skal bli halv. Då gjekk ferjene. ØB-sjåfør Mandius Barka til høgre.
Fotografen er ukjent. 


Eit kjent fjes på den fyrste Tau-ferja. Den store og som oftast smilande matrosen sto klar når ferja klappa til kai. Han åpna ferjeporten og slapp folk om bord og på land, gjekk rundt i salongen og samla inn billettar og i tillegg sto han  til rors på annankvar tur frå Tau til byen.

Øystein Sandvik blei ferjemann då han gjekk om bord i «Tau» våren 1962. Den gongen var Jørpelandsbussen gul, Årdalsbussen grå og ferje-ekspeditør Johannes Stensen styrte som ein annan småkonge på Tau-kaien. Ikkje rart at Øystein Sandvik blei verande på denne ferja så lenge den gjekk i Tau-sambandet.

Glanstida då det kosta tre kroner og 20 øre for å reisa frå Tau til byen.

Øystein Sandvik er stadig oppgåande.
Ingen stjernetydar ville ha funne ut i 1932 at den nyfødde guttungen skulle enda som sjømann i innanriks ferjefart. Tvertimot. Han blei fødd i Suldal. Faren kjøpte gard i Hetlandsbygda i gamle Fister kommune. Øystein var eldst og odelsgutt. Men garden interesserte ikkje han.

Fjordabåter derimot. Det var spennande.

Sommaren 1954 fekk han sommarjobb på «Jøsenfjord». Dette var springbrettet for å få fast matros-jobb på «Hjelmelandsfjord». I 1957 slutta han i Jøsenfjord Rutelag og melde overgang til Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD).

«Sand» blei fyrste båten hans i DSD i 1958. Båten likna mykje på «Hjelmelandsfjord». Dette var begge ombygde landgangsbåtar frå krigen. Dei blei kjøpte i England og ombygde til fjordabåtar i Norge.

- Vinterstid gjekk «Sand» mest i Haugesundsruta motsett av «Haugesund». Me låg i Haugesund om nettene og gjekk til Stavanger og snudde for det meste. Sommarstid gjekk denne båten i turistruta til Sand og Sauda. Ei tid gjekk «Sand» også i lasteruta til Sand og Sauda, fortel Øystein Sandvik.

Vinteren 1962 fekk Øystein Sandvik jobb på Tau-ferja. Men kaptein Jostein Aske på «Sand» ville ikkje sleppa rormannen sin før våren kom og det blei lengre dagar. Aske ville ha med seg kjende folk på brua i vintermørket.

«Tau» på  verksted på Skjeret. Matrosane har fem minutt. Frå venstre: Øystein Sandvik, Magnus Sivertsen, Alfred Løvik
og Edvin Stava. Fotograf ukjent.  


«Tau» blei med åra for liten for det travle ferjesambandet over Hidlefjorden. I 1973 blei denne ferja overført til Midtsambandet. Ei flunkande nye fjordaferje blei sett inn i Tau-ruta. «Stavanger» er den finaste og mest påkosta ferja som nokon gong har gått til Tau. Det seier alle som trur dei har greia på slikt. Men den blei raskt gammeldags. Bildekket var trangt og tungvint. I 1982 blei «Stavanger» seldt til Finnmark. Nå kom pendelferjene «Tau» og «Strand» som passa betre inn i tida. Sandvik var først på «Stavanger». Deretter på «Strand» til han gjekk i land.

I mange år var Øystein Sandvik engasjert i fagforeningsarbeid. Han var tillitsmann for mannskapa på ferjene. Ein periode var han nestformann i Stavanger-avdelinga av Sjømannsforbundet.

I 1985 fekk Øystein Sandvik hjertetrøbbel og måtte slutta på ferjene. Men han er stadig oppegåande og ser godt ut med smilet på lur. Han og kona, Liv, bur på Tau i huset dei bygde for mange år sidan.


«Tau» i all sin glans i 1961. Den enda som vrak i Afrika.  









søndag 14. januar 2018

Den alltid solbrune og myndige kaptein Johnsen

Johan Johnsen var kaptein på "Fjordbris" frå 1953.
Seinare var han på Tau-ferjene i mange år. 


Kapteinen på «Fjordbris» var ingen kemsomhelst i Stavanger i 1960. Det kjem klart fram i avis-intervjuet med Johan Johnsen på føresommaren dette året. Ein alltid solbrun mann med eit sterkt ansikt, står det å lesa. Avisa antydar også at kaptein Johnsen er påtenkt som kaptein på den nye Tau-ferja som skulle komma året etterpå.

 Eg har personleg skreve av RA-artikkelen ord for ord:

«Han er alltid solbrun og har et markert sterkt ansikt, den 55 år gamle skipper Johan Johnsen på Stavangerskes «Fjordbris». Det er ikke det grann rart at både Tau-folket og shortsbekledte byjenter på vei til hyttå på Strand føler seg ekstra trygge og vel til mote når skipper Johnsen står på brua og gir sin ordre med myndig stemme. Johnsen er fra Hjelmeland, og det han ikke vet om fjordene våre er det slett ingen vits i å ha noe kjennskap til. I 1953 ble han skipper på «Fjordbris» som denne sesongen har sitt siste år i Tau-rutå. Han begynte å seile i 1927 som matros på gamle «Robert».

"Fjordbris" gjekk på Tau og Jørpeland fram til den fyrste Tau-ferja kom i 1960.


- Må lære å kryba før du kan gå, sier Johnsen og er barsk å se på i svart uniform med mange gullstriper.

- Har stortrafikken begynt for sesongen?

- Nei, det virkelige storinnrykket begynner ikke før i juni, men alt nå er hyttefolkene å se med full opp-pakning på lørdagsbåtene.

- Er «Fjordbris» for liten i sesongen?

- Vi kjører så mange turer pr dag – sju til dagen – at det nesten aldri hender vi kommer opp i et antall passasjerer på 405 som «Fjordbris» kan ta. Men på de helt store dagene kan det skje at vi nærmer oss 400. Biler er det imidlertid alltid fullt av. «Fjordbris» kan ta 12 biler, men den nye båten som skal settes inn på Tau, kan ta 30. Det blir noe annet.

. Og da forlater De «Fjordbris» og går over på den nye?

. Det er det styret som bestemmer, ikke jeg. Men jeg liker «Fjordbris» godt – det er en gilde båd.

- Og passasjerene er også greie?

- Ja. Det går fint. Sjeldent noe leven, sier Johnsen.
Affa»

Signaturen Affa – Anders Friestad var journalist i RA i fleire år tidleg på 1960-talet. Han var opprinnelig fra Egersund, typisk allrounder som fekk jobb i avisa etter at Bjørn Bjørnsen slutta. Han jobba i avisa samen med Knut Joner. Han døde i forholdsvis ung alder.

Johan Johnsen som matros
på "Fisterfjord".

Då den splitter nye «Tau» blei sett i den nye ferjeruta, var det Johan Johnsen som var kaptein. Der blei han verande fram til ferjekapasiten på Tau-sambandet blei dobla då den nye «Strand» kom i 1966. Johan Johnsen blei pensjonist ved årsskiftet 1969 – 1970.

For å skilja han frå andre med same etternavnet i Stavangerske, blei han ofte omtalt som «Hjelmelandsjohnsen». Han kom frå Hjelmelandsvågen og gløymte aldri det. Det var alltid rikeleg med hjelmelandsbuar på dei båtane der han hadde kommandoen.

Arthur Bastlid frå Hjelmeland var rormann og kaptein Johnsen si høgre hand i styrehuset både på «Fjordbris», «Tau» og «Strand».

«Fjordbris» blei den faste båten i Tau- og Jørpelandsruta utover på 1950-talet og var forløparen for Tau». Ruta omfatta Jørpeland, Idse, Idsal og Solbakk i tillegg til Tau. På Tau var det knallhard konkurransen med «Årdalsfjord» som tilhøyrte Jøsenfjord rutelag. Dei to båtane kappkjørte ofte til byen.

Notil i Aftenbladet 7. mars 1953.
- Hjelmelandsjohnsen likte ikkje å komma etter «Årdalsfjord» til byen. Styrmennene fekk gjennomgå viss dei ikkje hadde fått passasjerar, bilar og last fort nok om bord på Tau. Men maskinfolka hadde det verst. Dei måtte ofte jobba til langt på natt for at maskinane skulle vera klar til neste dag, fortalde Sigurd Døskeland som seilte mange år på «Fjordbris» som matros og styrmann.

Johan Johnsen var fødd på Hjelmeland i 1905. Han var eldste av ni søsken. Foreldre var Adolf og Marta Johnsen.

Kaptein Johnsen var fetter til Jan Johnsen som var ein svært populær ordførar i Stavanger på 1960-talet.

Sonen til Johan Johnsen, Magne, var også ferjekaptein i Stavangerske. 

Eg har ikkje greidd å skaffa bilder av kaptein Johan Johnsen. Bilde-materialet er kopiert frå avis-artiklar i Aftenbladet. Vil gjerne komma i kontakt med folk som kan har betre bilde.












onsdag 10. januar 2018

«Tau» kom før miniskjørtet og Beatles-håret


«Tau» har klappa til kai. Folk og bilar strøymer i land. Helga kan begynna. Bildet er truleg frå 1961 då ferja var ny.
Bildet er henta frå Aftenbladet sitt arkiv. 



Ikkje ei einaste jente gjekk med miniskjørt. Gitarspelande guttar med hår som låg langt ned forbi øyrene, var det ingen som hadde høyrt om. Og Gerhardsen hadde vore statsminister meir og mindre samanhengande sidan krigen slutta. Så lenger er det sidan Tau-ferja begynte å gå den 25. mars 1961.

Den største og raskaste bilferja i landet kom sigande inn på Tau-vågen. Snart låg den flunkande nye «Tau» i ferjestøa. Ikkje rart at Tau musikk-korps spelte det musikantane var gode for. Ein festdag på Tau. På Jørpeland var nok stemninga meir beherska.

For kampen om ferja til Strandalandet hadde vore knallhard.

Mellom rederia Stavangerske og Jøsenfjord Rutelag som begge meinte dei hadde retten på trafikken på Tau. Her gjekk Stavangerske av med seieren og fekk hand om ferjetrafikken.

Men hardast var nok striden om kor ferja skulle landa henne når den kom frå byen. Tau eller Jørpeland? Dei som budde sør for den hola eika på Nag, meinte at ferja måtte gå til Jørpeland. Nord for den hole trestammen heldt dei på Tau. Viss hjelmelandsbuane hadde lov å meina noko om dette spørsmålet, gjekk dei inn for Tau. Skiljelinjene var vel omtrent dei same som i striden om kor ein skulle byggja fastlandssambandet til Nord-Jæren. Over Høgsfjord eller undersjøisk mot Stavanger.

25. mars 1961 blei «Tau» sett inn i den ferjeruta mellom Tau og Stavanger. Sidan har det gått ferjer her i alle år, 57 år blir det i mars. Men neste haust blir Ryfast åpna. Frå den dagen i 2019 blir Tau-ferja historie. Nå skriv med januar 2018. Det er på høg tid å begynna å mimra.

Folk kjørte Ford Taunus 12 M og NSU Prinz. Dei velståande kjøpte seg Volvo Amazon. Ein brukt Mercedes frå 1950-talet kunne også gå an.

Bildet frå Tau-kaien er truleg frå sommaren 1961. Skal me innbilla oss at det er helga-utfart. Bilar og folk er på veg ut av ferja. Bussane ventar på alle dei som ennå ikkje har skaffa seg eigen bil. Forresten står det ein haug med bilar langs fortauet utanfor Forbruken. Dei er på kaien anten for å henta nokon som kjem med ferja eller for å tilfredsstilla forvetenskapen sin.

Bussane står klar til å frakta ferjepassasjerane vidare innover. Den grå Scania-bussen til Ryfylkeveiens Billag står oppstilt nærast fotografen. Den ventar på årdalsbuar som er på veg heim frå byen. Dei gule Ola Buss-bussane står bak Årdalsbussen.

I den tida kledde folk seg opp når helga kom. Kvite skjorter med oppbretta armar når det var varmt nok. Du ser ferjeskipperen på bruvingen. Han står i skjorta han også.

- Kim e' oppe i dag? E' det Hjelmelandsjohnsen?

«Tau» var ei støvande ferja. Rask og rommeleg. Den marsja over Hidlefjorden i vel 13 knop og brukte 40 minutt frå kai til kai. 475 passasjerar kunne den ta med seg og på bildekket var det plass til 30 personbilar og kanskje to-tre til når bilane var små nok og matrosane tok tak i ein og annan støytfangar og heiv litt på bilane for å smetta inn ein liten til.

For ei strålande tid. - Det var i vår ungdoms fagraste vår, song svenske Sven Ingvars på den tida. - Der bjørkorna susa, var Jailbirds Singers sin slager. Bjørkeskogen sto fin og grøn på Tau også.

Kommentar på Facebook:


Oddfrid Warland · 16 felles venner
Bilde er tatt ca 1964, min far Jan Langvik kjører Taunusen mor min bror og eg sitter fremme og min fars bror sitter bak.






tirsdag 2. januar 2018

Kamp på kniven! "Ombofjord" mot "Haukelid"

"Ombofjord" i isen i Jøsenfjord. Då var den ikkje dampbåt lenger.
Foto: Johannes Østvold.

Kven kom fyrst? Stavangerske sin "Haukelid" eller "Ombofjord" frå Jøsenfjord-selskapet? Spaninga var stor på Sørvåg-kaien på Fogn ein sommardag i 1924.

Dette var i den tida då Stavangerske og det nystarta Jøsenfjord-selskapet konkurrerte på kniven om å koma fyrst til dei ulike stoppestadene innover i fjordane.

Når fognabuane skulle til byen, tok dei som oftast båten som kom fyrst. Til vanleg var det "Fisterfjord" som konkurrerte mot den gamle dampbåten "Haukelid" som var snøggbåten til Stavangerske. "Fisterfjord" var ny og hadde ein 160 hestar Rubb. Den greidde ikkje "Haukelid" gå i frå.

Dampbåten "Haukelid" dampa i fjordane for DSD frå 1869 til 1950.


Men akkurat denne dagen var "Fisterfjord" sendt av garde til England med bær. "Ombofjord" var sett inn som reserve. Ville den greia å hamla opp med "Haukelid" utover fjorden til Fogn? Begge båtane gjekk om Hjelmeland, og kappsprang ut fjordane om Ølesund, Fister og Sørvåg til byen.

Johan Hovda var ein flittig skribent i
Aftenbladet.
Kamphanane fyrte begge med kol. Og som dei fyrte! Kven trur du kjem fyrst? Der ser me ei røykstripe over Selvågneset og der ei til. Der ser me mastetoppen og baugen på ein – og så brølet frå gutane på haugen. - "Ombofjord" er fyste!

Ein kontormann i Selskapet var synleg irritert og sa: "Haukeli" har'ke vært på slipp ennå, så den er sjidden i bunnen, derfor kommer "Ombofjord" først!
Men ein gutunge på kaien retta tunga til mannen og sa: - Æ, bæ! "Ombofjord" e' beste. Mannen langa ut og ville gje den vesle gapkjeften eit rapp, men guten hoppa glosvint over grøfta og kvein: - Det e' du så e' sjidden på bunnen.
Dette dramaet utspant seg på Sørvåg på Fogn for over 90 år sidan. Det blei skildra av Johan Hovda i eit lesarbrev til Aftenbladet 2. februar 1981.'

Johan Hovda var ein flittig skribent i Aftenbladet i mange år. Han var fognabu, men var lærar, kyrkjesongar og 17. mai-talar på Fogn i 34 år. Han var ein lærar av den gamle typen. Hagla hadde han ofte med seg på skulen om dagane. Ikkje for å skræma ungane. Å nei du.

Geværet brukte han til å skyta hønsehauk i friminutta!