mandag 29. november 2021

Matrosen som levde for sauer

 


Slakthuskaien i Stavanger var siste stopp for dei fleste sauene som reiste med «Fisterfjord»
og dei andre fjordabåtane til byen. Foto. Stavanger byarkiv. 



Johannes Rosså var den mest originale matrosen som nokon gong seilte på «Hjelmelandsfjord». Han var eldstemann om bord. Stillfarande og alltid klar til å ta eit tak med last og fortøyningar. Dessutan togg han skrå og spytta brunt.


Både folka på kaiane og dei reisande la merke til eit særtrekk med Rossåen: Han snakka mykje med seg sjølv.


Johannes Rosså var eit kjent
fjes for dei som reiste
 med «Hjelmelandsfjord» 

Vennleg og hjelpsam og alltid med eit ord til ungane når det var tid til slikt. - Ka hette far din, kunne han spørja småungane og dermed kunne det bli ein samtale om familien til den håpefulle og plassen han kom frå.


Kom det ein sau om bord, var Johannes Rosså alltid på plass. Han snakka med dei som kom med saueflokken, ville vita kor dei kom i frå og kor dei skulle hen. Forresten kjende han øyremerka som dei ulike sauebøndene brukte, så det var ikkje alltid han trong å spørja så mykje før han hadde kontrollen.


Det ville vel vera løgn å seia at sauene fekk heidersplassen om bord, men ein god og trygg garde blei det rigga til under bakken viss det var plass. Og så snart «Hjelmelandsfjord» hadde bakka ut frå kaien, gjekk matrosen under bakken og såg etter at sauene hadde det godt. For dei fleste av desse firbeinte skapningane gjekk turen til slakthuset i byen. Det var ingen grunn til at ikkje dei fekk skikkeleg stell på siste reis.


Johannes Rosså var ikkje berre matros. Han dreiv med sauer heime på Jøsneset. - Han lever ikkje av sau, han lever for sau, sa dei om mange sauebønder i Ryfylke. Rossåen var ein av dei. Om somrane blei Rosså-sauene sende på beite i Ulladalsheiane. Her hadde matrosen mange turar opp gjennom åra for å sjå etter flokken sin. Mange gilde minne kunne han dra fram frå desse turane.


Viss han lurte på kven av matrosane som skulle ha rortørn i styrehuset frå Sørvåg til byen, spurte han på sin eigen måte. - Er det du eller meg som skal ta han i horna og leia han til byen i dag?


Når han fekk tak i Aftenbladet, starta han alltid med å lesa leiar-artikkelen. Slik var den karen.


Han likte å lesa og følgja med på det som skjedde i samfunnet. Som ungdom fekk han med seg ein vinter på Jæren folkehøgskule på Klepp. Deretter venta livets skule på han.

Det meste handla om arbeid. Mange år på vårsildfisket var ein del av pensum på den skulen.


Seinare gjekk han om bord i fjordabåtane og var matros på «Fisterfjord» i ein del år. Han var ein makalaus matros då sauene kom frå heiane om haustane. Ikkje vanskeleg å vera styrmann om bord på slike dagar. Blei det i trongaste laget for dei firbeinte, heldt han alltid eit vake auga med dei.


Johannes var fødd på Rosså på Ombo i 1904. Han var ein godt vaksen mann då han møtte Kornelia Nesvik frå Jøsneset. Dei blei gifte og nå blei Rossåen jøsnesbu med adresse Knutsvik. Etter ei tid gjekk han i land frå «Fisterfjord» og tok seg arbeid på Tinnfabrikken i Stavanger. Då måtte han bu på hybel i byen og kom berre heim til familien i helgene.


Fabrikklivet var ikkje noko for denne karen. Han kjøpte eit mindre gardsbruk på Asheim og der blei han og familien buande. Då kunne han vera sauebonde og matros på «Hjelmelandsfjord» i tillegg.


Det blei ein god del år om bord på flaggskipet til Jøsenfjord Rutelag. Der fann han seg godt til rette. Då han hadde oppnådd aldersgrensa på 65 år, gjekk han ikkje land slik andre gjorde. Han heldt på minst eit år ekstra før han slutta om bord.


Du trur kanskje han sette seg i gyngestolen som pensjonist. Nei du, han tok dei jobbane som baud seg. Då dei skulle stikka ut vegen over Gullingen frå Jøsenfjorden til Suldal, tok den pensjonerte matrosen seg jobb som stikkegutt.


Heime på garden hadde han meir enn sauer. Ein mengde frukttre sto det på garden. Plomma, eple og pæra. Mang ein søndag sto den gamle Johannes Rosså på ferjekaien på Nesvik og selde frukt til bilturistane.

Rossåen blei ein gammal mann. Han døydde i 2001, rett før han fylte 97 år. Kona Kornelia døydde i 1995. Ho blei 82 år. Dei hadde tre barn. To guttar og ei jenta.


Alle som hadde med «Hjelmelandsfjord» å gjera opp gjennom åra, vil hugsa Johannes Rosså med glede.


PS. Skulle gjerne hatt eit betre bilde av Johannes Rosså Ta kontakt viss du skulle ha eit som passar. DS.

fredag 26. november 2021

Million-bloggen

 



Til mi store overrasking blei eg oppsett som lærar i maskinskriving då eg fekk
lærarjobb i Suldal. Då lærte eg å bruka tøtsj-metoden. Det hadde eg stor
glede av som skrivemaskinist i Aftenbladet. Teikning Roar Hagen.


Hjerneslaget mitt våren 2015 førte til at eg oppretta min private blogg. Eg slapp ganske heldig frå denne opplevinga, men den venstre handa mi var ikkje som før etter den hendinga. Eg måtte få opp farten på fingrane mine. Touch-metoden kunne eg bruka til det. Då måtte dei fem fingrane på venstrehanda også vera med når eg skulle skriva på datamaskinen. Men ka i holaste skulle eg skriva? Blogg sjølvsagt. Det hadde eg gjort før då eg var yrkesaktiv i Aftenbladet.


Kaffor beherska eg touch-metoden? Jo. Hausten 1975 begynte eg som lærar på Vinjar skule på Suldalsosen. Til mi store overrasking var eg oppført med to timar i veka med maskinskriving i det føreståande skuleåret. Eg som knapt visste opp og ned på ein skrivemaskin. Kånå mi hadde gått på handelsskulen og hadde vore borti den slags. Skulle eg ta med meg henne på skulen?


Slik ser bloggekurvene ut. Toppen nådd vinteren 2018.


Løysinga fann eg hjå Margot Vanvik på Sand. Ho dreiv med kveldskurs i maskinskriving for vaksne denne vinteren. Ein kveld i veka var eg på Sand for å læra touch-metoden. Du måtte bruka alle fingrane og sjå på det du skreiv. Ikkje på fingrane. Bokstavane A S D F hadde du på fingrane på venstrehanda pluss tommeltotten på den lange ordskiljar-tasten. Slik var det.


Desse ungdomsskule-elevane på Vinja skulle berre visst at eg berre låg ei side eller to framføre dei i læreboka då eg doserte for dei om maskinskrivingskunsten. Men eg lærte å skriva touch og dette heldt eg ved like i alle mine år som skrivemaskinist i Aftenbladet.


Ferjeskipper-bloggen toppar med 18.000 klikk.



Så sat eg der med ei hand som ikkje var som før i april 2015. Sette meg ned ved PC-en og tøtsja i veg: "Hjerneslag er ingen spøk" blei tittelen på det fyrste eposet som eg skreiv og delte med mine venner på Facebook. Responsen var uventa god. Mange delte den og eg fekk kjekke tilbakemeldingar.


Dermed blei eg riven med og skreiv fleire historiar om mine opplevingar som pasient. Etterkvar måtte eg finna andre emne. Litt av kvart. Og det blei jo mykje ferjer og fjordabåtar i tida som gjekk.


Eg skal jo ikkje leggja skjul på at eg blei ganske opphengd i statistikken som viste koss mange som hadde klikka seg inn på bloggen. Sjølv om eg ikkje har tjent fem øre på dette prosjektet så blei det kjekt å ha noko å fylla tida med.


I åra som har gått har blogginga gått litt i rykk og napp. Men eg har putla på. For eit par år sidan var eg lei og heldt på å slutta. For å motivera meg sjøl bestemte eg meg for å setja som mål at eg skulle ha ein million klikk før eg gav meg. Dette målet var ganske langt unna.


Og klikke-tala var ikkje så høge i periodar. Eg trur det skjedde noko på Facebook for nokre år sidan. Kanskje det ikkje var like mange som såg kva eg la ut? Men det var vel kanskje ein del som blei leie av skriveriene mine også. Dei beste tala hadde eg då eg skreiv historiane om «Stordøy», «Fjordsol» og Tau-ferjene for nokre år sidan.


Men eg har putla på. I går, torsdag 25. november 2021, nådde eg målet. Ein million klikk.


Kva gjer eg nå? Det ville vel vera dumt å setja punktum. Eg er så upraktisk og treneva at eg kan ikkje gjera kva som helst. Eg må berre vera takknemleg for at rektor Sigrid Aarhus på Vinjar skule sette meg opp som maskinsskrivingslærar i si tid. Så lærte eg iallfall det.


Og takk til alle som som har lese det eg har skrive! Og takk til alle som har delt med sine venner! 


Jonebloggen nå i november.



onsdag 24. november 2021

Då «Hjelmelandsfjord» pluss kapteinen blei kjøpt av konkurrenten

 

I 1976 fekk «Hjelmelandsfjord» ny utsjånad som DSD-båt. Foto: Stein-Erik Gilje.



Etter over 40 år med knallhard konkurranse med Stavangerske-båtane enda både kaptein Johan Warland og båten hans, «Hjelmelandsfjord», opp i Det Stavangerske Dampskibsselskab ved årsskiftet 1975 – 1976. Nå fekk han Stavangerske-flagg i kaptein-hua og «Hjelmelandsfjord» fekk tre raude ringar på skorsteinen.


Johan Warland i DSD-uniform i 1978.

Som ung matros på «Jøsenfjord» og seinare som styrmann på «Årdalsfjord» hadde han vore med på kappkjøringa over Hidlefjorden mellom Tau og Stavanger. Dette begynte før krigen og det pågjekk til Tau-ferja kom i 1961.


Dei reisande likte best å reisa med raskaste båten. Dermed blei det kappkjøring. Kapteinane kutta svingane rundt nesa. Det blir påstått at dei strauk taren med skutesidene ved Vassøykalven i Lindøysundet. Maskinistane fekk ordre om å pressa maskinene til det ytterste. På Tau var det lenge berre ein kai. Den som kom fyrst, tok heile plassen. Konkurrenten måtte fint venta til den andre var ferdig. Ingen grunn til å tru at forholdet mellom folka på Jøsenfjord-båtane og DSD-båtane var spesielt hjertelig.


«Jøsenfjord» hadde overtaket på dei gamle dampbåtane til Stavangerske før krigen. Men då Stavangerske fekk «Fjordbris» i 1948, blei «Jøsenfjord» akterutseilt. I Jøsenfjord-selskapet rekna dei med å få overtaket då den nye «Årdalsfjord» var ferdig i 1953. Men akk og atter akk! Den kom aldri opp i «Fjordbris»-fart.


- Men det var eit slit med denne konkurransen. Eg var glad då det var slutt på jaget, sa Johan Warland då eg intervjua han i 1978 då han blei pensjonist og båten hans, «Hjelmelandsfjord», var ferdig i fjordafarten.


Men rederi-skiftet gjekk svært fint. Me som kom frå Jøsenfjord Rutelag fekk fyrsteklasses behandling. Eg har ingenting å klaga på. Men eg var jo spent på førehand, sa Warland.


Johan Warland fekk matros-jobb på gamle «Årdalsfjord» i 1930. Her er båten
fotografert på Helgøy.



Johan Warland var frå garden Varland i Strand. Som 17-åring fekk han matros-jobb på gamle «Årdalsfjord» («Robert»). Det var kamp om slike jobbar. 17-åringen hadde ein eldre bror om bord. Det gjorde utslaget for han. Lønna var bra, tykte han. 43 kroner i veka på eigen kost.


I løpet av fyrste sommaren var han også ei tid på «Jøsenfjord»

før han hausten 1940 gjekk om bord i «Fisterfjord». Dette var den gjevaste båten til Jøsenfjord-selskapet og gjekk i ruta mellom Vadla i Jøsenfjorden og Stavanger. Der blei han verande i 13 år.


Matrosjobben på «Fisterfjord» var ingen ting for puslingar. 100 kilos-sekker blei stabla i høge lag i lasterommet. Johan Warland var ein stor og kraftig kar som tålte dei lange dagane om bord. Ofte starta dagen i fem-tida på morgonen då båten gjekk innante og fyrst ved åtte-ni-tida på kvelden var dei tilbake på Vadla.


Med så lange arbeidsdagar og null fritid var det ikkje mykje tid for den unge matrosen til å springa langt etter jentene. Johan Warland var heldig. Han blei kjærast med Torbjørg, dottera til handelsmannen på Vadla i Jøsenfjorden.


Dei gifta seg og busette seg i Årdal då Johan Warland blei styrmann i Årdalsruta. I den tida hadde folka om bord i båtane så lite fritid at det var ein stor fordel å bu der båtane hadde endestasjon.


I 1959 fekk Johan Warland jobben som kaptein på «Hjelmelandsfjord» der blei han verande til båten gjekk sin siste tur gjennom Ryfylke 27. september 1978. Då var kapteinen 65 år og pensjonist.

mandag 22. november 2021

«Hjelmelandsfjord» - Ikkje raskast på fjorden, men kom igjen ved kaiane!

Kaptein Johan Warland kjører vinsjen på «Hjelmelandsfjord» frå styrehuset.
Foto: Stein Erik Gilje.

 


«Hjelmelandsfjord» var ikkje raskaste båten på fjorden, men kom igjen ved kaiane. Der gjekk det så det kvein når passasjerar og last skulle av og på. Her var det ikkje tid å mista. Ruta var så knapp at det var berre å komma seg vidare fortare enn svint.


Då Johan Warland blei kaptein på «Hjelmelandsfjord» i 1959, blei det nye tider. Han kom frå styrmannsjobben på «Årdalsfjord» og sterkt prega av å ha kappkjørt på Hidlefjorden mellom Tau og byen med Stavangerske-båten «Fjordbris». «Årdalsfjord» hadde ikkje tjangs viss dei to båtane gjekk jamsides på fjorden. Derfor satsa Johan Warland og hans folk på vera så kvikke som råd ved kaiane.


Storebror Stavangerske hadde dei nybygde og raskaste båtane. Jøsenfjord-folka tok igjen så godt dei kunne med å vera raske ved kaiane. Her måtte til og med sjølvaste kapteinen på brua vera med når lasta skulle av og på.


På Stavangerske-båtane var det ein av dei tre matrosane om bord som kjørte vinsjen. Dei to som var igjen på dekk måtte håndtera lasta som best dei kunne. Styrmannen sto ofte på dekket med hendene i lommane og såg på.


På Jøsenfjord-båtane kunne vinsjen styrast frå brua. Kapteinen kjørte vinsjen. Dermed var tre matrosar klare til innsats på dekk. Dersom det var mykje last, måtte styrmannen trekkja på kjeladress og vera med på å hala og dra han også.


Kaptein Warland sørga også for å justera rutetidene for «Hjelmelandsfjord». Dei blei så knappe som råd.


Sjølv på dagar med lite folk og last, var det ikkje tid til overs. Nei, her var det berre å komma seg vidare for å halda avgangstidene som sto i ruteheftet.


Etter gammalt var jo folk innover i fjordane alltid ute i god når dei skulle ta båten. Dette visste jo "Warlaen" alt om. Derfor tok han sjansen på å gå eit par-tre minutt før tida frå Vadla-kaien på søndagskveldane. Han bakka ut mens han hadde eit blikk på kaien heile tida. Då avgangstida var der, hadde «Hjelmelandsfjord» alt god fart forover. Viss det dukka opp ein reisande i siste liten, var jo alt tapt. Då måtte dei inn igjen og ta den presise med seg. Men dei reisande kjende kapteinen. Som regel var alle ute i god tid.


I mange år hadde «Hjelmelandsfjord» fast liggeplass ved Bagarbryggå. Tau-ferja overtok 
ferjestøa til venstre. «Årdalsfjord» ligg ved Fiskapiren. Bildet er henta fra boka "Stavanger på 
60-tallet." Foto: Marthon A. Høiland.


Då det blei mangel på ferjestøer i Stavanger, mista «Hjelmelandsfjord» si ferjestø på Jorenholmskaien. Der fekk Tau-ferja sin plass. Nå blei fjordabåten vår plassert inne ved Bagarbryggå, der hurtigbåtane til by-øyane har sin plass i dag. Veldig bakvendt å komma til og frå. Eit klart irriterande tidstap for kaptein Warland.


Det var ikkje så lett å ta inn tapet ved ankomst til byen, men kom igjen ved avgang. Eit par-tre minutt før tida var inne, svinga «Hjelmelandsfjord» ut frå kaien med akterenden og hang berre etter fortøyninga oppe på bakken. Når klokka var der, begynte båten å bakka ut. Fleire minutt tjent, men dessto fleire tapt viss det kom ein løgnas i siste liten.


Sjølv om Johan Warland stilte store krav både til mannskapet og seg sjølv, var han ein respektert kaptein. Han var ikkje nokon diktator som regjerte med skrik og skrål. Tvertimot var han stillfarande og godsleg. Slik fekk han også folka med seg. Både mannskapet og dei reisande.


Dette var blogg nummer 11 om «Hjelmelandsfjord». Neste kjem om kort tid.

torsdag 18. november 2021

94-årige Sverre Norheim fortel med glede om si tid på «Hjelmelandsfjord»

 Sverre Norheim er superveteranen på «Hjelmelandsfjord». Han var om bord frå 1950
til 1976. Han var andreførar då han skifta båt.   


Midt i plommesjauen i august 1950 begynte Sverre Norheim som matros på «Hjelmelandsfjord». Alle plommene i Ryfylke blei hausta i løpet nokre hektiske veker og skulle sendast til byen med båten.


- «Plommeruta» var tøff. Me gjekk frå Stavanger ved ett-tida på dagane. På veg innover gjekk innom kaiane på nordsida av Ombo. Deretter til Skiftun på Jøsneset, så Skår og Tuftene på Ombo før me kom til Hjelmeland der tyngden av plommekassane kom om bord. Så sette me kursen utover mot byen igjen med stopp på Ølesund og Sandanger på Randøy, Fister pluss Sørvåg på Fogn. 7000 plommekassar hadde me om bord då me kom til byen langt utpå kvelden. Neste morgon blei plommekassane lossa slik at med var klar til å gå ein ny plomme-runde.


Plomme-sesongen 1959. «Hjelmelandsfjord» blir lossa ved Jorenholmskaien i Stavanger.
Bildet tilhøyrer Andrè Myhr. 



Ingen hadde lenger fartstid om bord i «Hjelmelandsfjord» enn Sverre Norheim som nå er 94 år gammal. Han begynte som matros, avanserte til styrmannsavløysar, fast styrmann og var avløysar-kaptein, andreførar på fagspråket, då han gjekk i land i 1976.


Då blei han kaptein på «Jøsenfjord-ferjen». Det blei ein heilt ny kvardag. Han kunne dra heim til kona i Erfjord om nettene. Han gjekk av med pensjon som 60-åring. Då gjekk denne ferja mellom Jelsa og Nedstrand.


Sjølv om det er mange år sidan han blei pensjonist, fortel 94-åringen med glede og innleving om si tid på «Hjelmelandsfjord».


-«Hjelmelandsfjord» var både den finaste og mest praktiske av alle fjordabåtar som har gått i Ryfylke. Den hadde to flotte, lyse salongar og kunne ta mykje last i tillegg, seier Sverre Norheim.


Når han tenkjer tilbake i dag, hugsar han dei fyrste åra om bord som dei aller gildaste. Då folka om bord hadde lite fri utanom ferien.


- Me blei som ein stor familie, seier han


- Skipperdebuten fekk eg på julafta i 1958. Då var det eg som sto på brua frå Hjelmeland til Erfjord. Både kaptein Johan Kalheim, busett på Hjelmeland,  og styrmann Åke Hauge, busett på Tau, var farne heim til familiane sine.


Julafta eit år eller to seinare blei det meir tungvint å komma seg heim til Erfjord. Me gjekk til Vadla i Jøsenfjorden i ruta. Deretter måtte me gå til Ølesund på Randøy for å leggja båten der fram til andre juledag. Men der låg «Erfjord» frå før. Me måtte leggja «Hjelmelandsfjord» utanpå den andre båten. Ei skøyta frå Erfjord kom til Ølesund og henta oss erfjordbuane. Dermed kom me heim til familiane våre. Denne julafta var ikkje Sverre Norheim heime hjå familien før i 10-tida på kvelden.


«Hjelmelandsfjord» hadde mange slags last opp gjennom åra. Dualigt mange jærstolar blei frakta til byen med båten. Og sauer!


- På det verste om haustane hadde me sauer oppå bakken, under bakken, på framdekket og akterdekket. Ein gong sette me i land 700 sauer på Slakthuskaien. Då lukta det sau av heile båten, fortel Norheim.


Av og til hadde me både jærstolar og sauer om bord. Det var ein dårleg blanding. Ikkje bra dersom det lukta sau av stolane etterpå.


Omtrent alt stål og utstyr som blei brukt til å byggja Erfjord bru blei frakta med «Hjelmelandsfjord». Til og med bru-kablane. Brua åpna hausten 1963.


«Hjelmelandsfjord» blei utleigd til all slags ekstraturar. Ein gong Sverre Norheim var skipper, skulle dei ut på tur til Sjernarøyane med pensjonistane i Haugesund kommune. Då var det grauttjukk skodd i sildabyen på morgonen. Dei måtte fram med kart, klokke og kompass og laga seg kursar sørover i Karmsundet. Fyrst då dei kom ut på Boknafjorden skein det opp.


- Ein pensjonert los som hadde vore med på turen, kom opp på brua då me var tilbake i Haugesund og takka for turen. Han meinte me hadde gjort ein god jobb då me navigerte i den tjukke skodda på føremiddagen. 


«Hjelmelandsfjord» blei som ei hjørnesteinsbedrift i Erfjord. Båten hadde endestopp i Vik i Erfjord fleire kveldar i veka. Dermed var det råd med ein kort tur heim om kveldane dersom det var noko som sto på. Haugavis av erfjordbuar fekk seg jobb om bord og var der i kortare eller lengre tid. Gulleiv Norheim, bror til Sverre, var matros på båten mange år. 


Kommentar på Facebook:

Målfrid Strand

Ein kjekk kar. Me sendte ongane - tri småjenter med båten og Sverre tok de me i styrehuset og passa på de til morfar henta de på hjelmelandskaien. De storkoste seg. Det var dengang det








tirsdag 16. november 2021

15-årige Arild fekk messegutt-jobben på «Hjelmelandsfjord»

 

Arild Hansson frå Hjelmeland fekk 
jobben som messegutt i 1960.


Hei! Plutseleg var det ein kjenning som var messegutt på «Hjelmelandsfjord» sommaren 1960. Koss hadde 15-årige  Arild Hansson frå Hjelmelandsvågen greidd det? 


- Eg visste at han som var messegutt om bord, ein raudhåra jøsnesbu, skulle slutta. Derfor gjekk eg om bord ein gong båten var innom på Hjelmeland og spurte stuerten, Oskar Andreassen, om eg kunne få bli ny messegutt. Jobben fekk eg og blei Oskar sin assistent i eit heilt år.


Godt utval av vekeblad og snop i kiosken i nedre 
salong. Bildet tilhøyrer Marita Sørskår Bog.



Oskar gav meg mykje ansvar. På laurdagskveldane gjekk han i land i Hålandsosen i Erfjord der han budde. Båten gjekk vidare til Vik som var endestasjonen. Erfjord bru var ikkje bygd på den tida. I helga var det eg som hadde ansvaret for å koka for dei av mannskapet som ikkje var erfjordbuar og var igjen om bord i helga. Oskar kom om bord igjen då båten gjekk til byen på ettermiddagen på søndagane. På mandagane hadde eg fri.


Messegutten måtte ikkje tørna ut då båten gjekk innante i seks-tida på morgonen. Eg sto opp då me kom til Jøsneset og var med på å laga frokosten som sto klar på bordet då «Hjelmelandsfjord» gjekk frå Fister i halv ni-tida på morgonen. Då var det ein halvtime til neste stopp på Sørvåg på Fogn.


Frokost i messa  på «Hjelmelandsfjord» i 1976. Frå venstre: Stuert Jakob Sevland,
styrmann Nils Sørskår, maskinist Inge Suphellen og kaptein-avløysar Sverre 
Norheim. Foto: Stein Erik Gilje.  



Passasjerane som ville ha kaffi, mat eller snop blei ekspederte i kiosken i nedre salong av messegutten med kvit messegutt-trøya og brylkrem-sleik. Ein tøffing tykte alle jamaldringane som sto og glante på kaiane innover i fjorden.


På onsdagane var det eit fæla liv på kvar einaste stopp innover. Då kom folk stormande om bord for å kjøpa ferske ukeblad. Dei måtte ekspederast raskt før båten gjekk vidare. Då hadde Oskar lagt ut blada på borda i nedre salongen slik at kjøparane kunne bli raskt ekspederte og springa på land igjen. I den tida hadde ikkje den kulørte vekepressa nådd fram til nærbutikkane på kaiane innover i Ryfylke. Dermed var dette ei viktig tilleggsinntekt for restauratøren på båten.


Det var messegutten sitt ansvar å dra rundt i byen og handla inn matvarene som skulle brukast til å servera både passasjerar og mannskap.


- Då sykla eg rundt i byen på ein budsykkel med lite framhjul, stort bakhjul og eit skilt under stanga der det sto anten «Hjelmelandsfjord» eller Jøsenfjord Rutelag.


I juni 1961 slutta Arild Hansson som messegutt. Han drog til Bryne på opptaksprøve på realskulen. Til sitt store sjokk greidde han ikkje prøven. Dermed reiste han tilbake til byen og gjekk om bord i «Hjelmelandsfjord». Nå fekk han jobb som matros. Dermed blei det ennå eit år på denne båten.


Oskar Andreassen gjekk i land frå «Hjelmelandsfjord» i løpet av 1961 medan Arild Hansson var matros. Då kom det kvinneleg restauratør om bord. Ei myndig nordnorsk dame som han ikkje hugsar navnet på. Ho ville ikkje servera middag til folka om bord når båten låg i byen heile dagen.


- Då måtte me gå i land og kjøpa middag på kafè, fortel Arild Hansson.


I juni 1962 greidde den unge hjelmelandsbuen opptaksprøven på realskule. Då blei det skule og atter skule i åravis. Men om somrane var han matros på den eine Stavangerske-båten etter den andre.


Dette var niande bloggen om «Hjelmelandsfjord» og livet om bord der. Neste epistel kjem ein av dei fyrste dagane.

mandag 15. november 2021

Alle kjende Oskar Stuert på «Hjelmelandsfjord»

 

I 35 år var Oskar Andreasssen
stuert på fjordabåtane.


Stuert Oskar Andreassen var ein kjendis i Ryfylke i 1950-åra. Alle reisande på Jøsenfjord-båtane kjende han. «Hjelmelandsfjord» var flaggskipet i rederiet. Båten gjekk jo mest i Hjelmelandsruta, men gjekk ofta ekstraturar overalt i fjordane. Og "Oskar på dampen" og hans medhjelparar var alltid med. Ein blid mann som alltid hadde eit smil og eit vennleg ord til dei reisande.


Han kokte for matrosane og alle dei andre om bord, selde smørbrød til passasjerane og forsynte folk langs båtruta med nye ukeblad kvar tysdag. Ein travel jobb med lite fritid. Då han gjekk i land frå «Hjelmelandsfjord» i 1961, blei han anleggskokk på Jelsavegen. Der fekk anleggsarbeidarane taffelmusikk til maten. Oskar kokk kunne ikkje berre koka. Han spelte piano, også.


Flaggskipet til Jøsenfjord-selskapet «Hjelmelandsfjord». Foto: Terje Moen.



- En av Ryfylkefjordenes kokekunstmestre, sto det i Rogalands Avis då han fylte 50 år 30. juli 1956.


I den gamle avisa står det at han er ein av dei som aldri har fri om sommaren når dei fleste andre har fri. Då er det travelt om bord i ein moderne fjordabåt søkklasta med turistar og andre reisande som skal ha kaffi, smørbrød og leskedrikk dagen lang. I tillegg er det ti mann om bord som han skal laga mat for.


Ikkje nok med at han var travel stuert på «Hjelmelandsfjord». I tillegg dreiv han og kona Marie pensjonat i Hålandsosen i Erfjord.


Oskar Andreassen budde i Erfjord det meste av sitt liv. Men han var byas, frå Langgata i Stavanger. I ungdommen kjørte han for slaktar Idsøe og ei tid var han drosjesjåfør.


Deretter gjekk han om bord i dampbåten «Vindafjord» tidleg på 1920-talet. Denne båten gjekk i rute mellom Stavanger og Vindafjord. I kålabyssa på denne båten starta kokkekarriera.


I 1927 fekk han jobb som stuert i Jøsenfjord-selskapet. «Ombofjord» var fyrste båten. Den gjekk i den nordra rutå mellom Erfjord og byen. Sjølv om eg ikkje har funne noko dokumentasjon på det, skriv eg nå at det var då han traff erfjordjenta Marie Vågane som han blei gift med. Dei busette seg i Hålandsosen.


Etterkvart blei han stuert på «Fisterfjord» som var den grommaste båten i selskapet like til flaggskipet «Hjelmelandsfjord» blei sett i rute frå 1949.


«Hjelmelandsfjord» blei ingen kvileheim. Her blei det lange arbeidsdagar. Båten gjekk innante ved seks-tida om morgonen og var ikkje tilbake igjen i Erfjord eller på Vadla i Jøsenfjorden ved åtte-tida om kvelden. Det var mange reisande i hjelmelandsruta i 1950-åra. Dessutan blei denne båten ofta utleigd til alle mulige slags ekstraturar. Turar der båten var overfylt med gjester som skulle trakterast og serverast etter alle kunstens regler.



Oskar Andreassen som 
anleggskokk på Jelsavegen. Foto:
Fredrik Koch, Aftenbladet.


I 1961 hadde stuerten fått nok av båtalivet etter 35 år om bord. Då gjekk han i land for godt i Hålandsosen. Nå blei pensjonatet også stengt.


Ekteparet Andreassen skifta beite. Dei blei kokkar for vegarbeidarane på Jelsavegen. Marie og Oskar kokte og ordna alt matstellet på anlegget. Men ikkje nok med det.


 Eit piano sto det også i brakkeriggen på Lovraeidet. Då dei svultne anleggsarbeidarane inntok middagsbordet, sette Oskar Andreassen seg på pianokrakken og sørga for taffelmusikken.


Marie og Oskar Andreassen bygde hus  på Tau etter at dei blei pensjonister. I 1981 døde Oskar Andreassen. Han blei 75 år gammal.

lørdag 13. november 2021

Gløym fotografen, karar! Det er brann i byen!


Sju av mannskapet på «Hjelmelandsfjord» pluss to gjester fotografert på akterdekket medan
brannen rasar bak dei. Bilder tilhøyrer Andrè Myhr. 



Mannskapsbilde nå? Snu dokke og sjå på «Nøkk» heller! Det brenne i kassafabrikken!


Dette er eit fantastisk bilde. Her står det ein gjeng på ni mannfolk og let seg fotografera medan sløkke-arbeidet er i full gang bak dei. Til og med brannbåten «Nøkk» er på plass for å pøsa vatn over brannen.


Av dei ni karane på bildet er sju medlemmer av mannskapet på «Hjelmelandsfjord». Medan to av dei må kallast tilfeldige gjester om bord. Men dei står og held på livbøyen med navnet på båten.


Kven som er fotografen, har eg ikkje fått greie på. Men dette bildet er tatt 14. desember 1955 då det brann i Jakobsens kassefabrikk i Verksgata i Stavanger. «Hjelmelandsfjord» ligg på sin dåverande faste plass i ferjestøa ved Jorenholmskaien. Denne ferjestøa eksisterer ennå. Tau-ferja gjekk i mange år frå denne ferjeplassen. Seinare gjekk ferjene til by-øyane frå same plassen.


Ein ting er sikkert. Slik eg kjenner folka på bildet, ville ikkje dei stått der og smilt til fotografen viss dette er tatt rett etter at brannen var oppdaga og «Nøkk» nettopp var kommen på plass. Dette var folk som likte å finna ut kva som skjedde rundt dei. Her må brannen vera under ein viss kontroll. Folka kan snu seg vekk eit øyeblikk utan å gå glipp av noko vesentleg.


Eg har spekulert på om at dette bildet er tatt av ein profesjonell fotograf. Ein pressefotograf kan henda. Kan det vera folka på «Hjelmelandsfjord» som har oppdaga brannen og slått alarm? At dei kanskje havna i avisa dagen etterpå? Dette har eg ikke funne svaret på.


Aftenbladet 15-2-55

Eit veldig godt bilde er det uansett, med mange kjente fjes frå glanstida til «Hjelmelandsfjord». Frå venstre: Sverre Norheim frå Erfjord som er den mannen som sto lengst om bord i denne rutebåten. Han begynte som matros i 1950. Seinare var han styrmann og kaptein-avløysar eller andre-førar. Han slutta i 1976 og gjekk over på «Jøsenfjord-ferjen» der han var kaptein til han blei pensjonist.


Nummer to frå venstre er matros Sigurd Erfjord. Han slutta på båtane på slutten av 1950-talet. Seinare kjøpte han seg lastebil og var med i arbeidet på Ryfylkevegen. Nestemann er motormann Øystein Øye som også var frå Erfjord. Han var om bord fram til 1965 då Ryfylkevegen åpna. Frå den tid var han på ferja over Jøsenfjorden.


Mannen med slips og lagerfrakke høyrte ikkje til om bord. Han arbeidde truleg hjå ein av grønnsakshandlarane som heldt til i Skeie-bygget, det store trehuset på Jorenholmen. Veit du navnet på han?


Laurits Tvedt heiter mannen med skinnhua som har godt tak i livbøyen. Han var kaiformann for Jøsenfjord-selskapet.


Dei to blide ungdommane bak er jøsnesbuar. Matros Jens Rødde og messegutt Jostein Øglend. 


Så to erfjordbuar som begge seilte lenge på «Hjelmelandsfjord»: Gulleiv Norheim med alpehua var bror til Sverre Norheim. Han sto om bord til han fekk jobb som billettør på ferja over Jøsenfjorden i 1965.


Til slutt den legendariske restauratør Oskar Andreassen. Han seilte på båtane i mange år. Men han dreiv også pensjonat i Hålandsosen saman med kona. Etter at han slutta på båtane, var han anleggskokk på Jelsavegen.


Dette var blogg nummer sju om «Hjelmelandsfjord». Eg kjem med neste epistel om eit par dagar.


onsdag 10. november 2021

Disponentens bror blei flaggskipper på «Hjelmelandsfjord»

 


"Hjelmelandsfjord" ved kai på Tuftene på Ombo. Den er nok ute på tur. Dette var ikkje ein 
av dei faste kaiane til denne båten.


Kaptein Ola Hagen var Jøsenfjord-selskapet sin betrudde mann då det tidlegare krigsskipet skulle bringast heim frå England i 1946 for å bli ombygd til «Hjelmelandsfjord». Og det var han som sto på brua då den nye rutebåten gjekk på ein strålande presentasjontur i Ryfylke 19. august 1949.


Men då båten blei sett inn i Hjelmelandsruta dagen etterpå, hadde Hagen fått avløysing. Bror til disponent Magnus Kalheim, Johan, hadde nå overtatt kommandoen.   


Var Hagen forbigått? Neppe. For sjølv om Ola Hagen var ein trufast slitar i Jøsenfjord-selskapet, møtte han sin overmann i den sju år eldre Johan Kalheim. For han hadde vore med på å starta Jøsenfjord-selskapet saman med broren Magnus og Johs Hauge frå Jøsenfjorden i 1917. Dei kjøpte den vesle kutteren «Jøsenfjord» og på denne fyrste båten i selskapet var Johan skippper.


Rett nok var Ola Hagen også om bord på denne båten som maskinist og blei verande i selskapet i alle år. Då den neste og sagnomsuste «Jøsenfjord» kom på 1930-talet, blei Ola Hagen kaptein på denne båten som gjekk i Årdalsruta i 20 år. Hagen var frå Halsnøy, men busette seg i Årdal som var endestasjonen for denne båten. Dermed kunne han vera heime hjå familien nesten kvar kveld. Han var truleg ikkje interessert i å bli plassert på ein båt som enda opp i Erfjord eller Jøsenfjorden omtrent kvar kveld. Dermed var det naturleg at «Hjelmelandsfjord» var Johan Kalheim sin båt.


"Ombofjord" ved kai på Skår. Foto: Sigvald Førland.



Etter kutteren «Jøsenfjord» blei «Ombofjord» den neste båten som kaptein for Johan Kalheim. «Ole Bull» var navnet då den var nybygd og gjekk i rute på Bergenskanten. Jøsenfjord-selskapet kjøpte «Ole Bull» i 1924 og let den dampa rundt i Ryfylke med sitt opphavelege navn ei tid før den blei omdøypt til «Ombofjord». I 1938 blei dampmaskinen skifta ut med ein 50 hestar Union motor.


Seinare overtok Kalheim den fyrste «Årdalsfjord» som hadde navnet «Robert» då Jøsenfjord-selskapet kjøpte båten av DSD i 1925. Men det varte ikkje lenge.


"Fisterfjord" var flaggskipet til Jøsenfjord-selskapet i mange år. 



For det meste av si tid i fjordafarten fekk Johan Kalheim som skipperen på «Fisterfjord». Her var det broren Magnus som var skipper heilt frå starten i 1921. Men han gjekk i land for å overta ansvaret for ekspedisjon og kontor i byen og då overtok broren i 1925. Dette var jo flaggskipet i selskapet og den gjekk i Hjelmelandsruta heilt fram til 1949 då «Hjelmelandsfjord» overtok den viktigaste ruta for selskapet.


Aftenbladet 3. oktober 1959.



Kalheim-brørne var frå Jørstadvåg på Ombo. Johan busette seg etterkvart på Hjelmeland. I 1959 var han 65 år og blei pensjonist.


Nå overtok Johan Warland som kaptein på «Hjelmelandsfjord». Men det er ein annan blogg.

fredag 5. november 2021

«Hjelmelandsfjord»? Du får ikkje plass til så mange bokstavar!

 

«Hjelmelandsfjord» på fjorden. Fullt av folk og bilar. På fordekket står tankbilen med mjøl til Romsbotn på Sandanger. «Fjorddrott» som var raskare, har passert på veg til Finnøy og
Vindafjord. Bildet er tatt på 1960-talet. Foto: Stein Erik Gilje.


Eit slikt løye og langt navn på den fine båten. Tømmermann Sjur Randa var heilt i sjokk då disponent Magnus Kalheim avslørte navnet på den nye fine båten: «Hjelmelandsfjord»


Dei hadde kalla den «192» heilt sidan dei henta det tidlegare landgangsfartyet i Southampton i Sør-England tre år tidlegare. Sjur Randa hadde vore med på alt dette. Han var med til England og gjorde klar for ferda over Nordsjøen, renska propellane for ubåtnett og gjort klart skip før avgang. Han og skipskameratane hadde kjempa seg gjennom skodde, storm og sjøsjuke før dei kom heim til Stavanger og Buøy med båten.


Då ombygginga av båten endeleg kom i gang etter to år, tok tømmmermann Randa sin tørn både tidleg og seint. Kven trur du det var som måtte tørna ut midt på natta i vind og regn og gå ned på Jøsenfjord-verkstedet surra på presenningar og sjekka fortøyningar? Sidan han budde rett opp i gata på Buøy, var det sjølsagt at han tok ansvaret som nattevakt. Sikkert utan betaling!


Han kom seg over bokstav-sjokket, Sjur Randa. «Hjelmelandsfjord» blei hans båt og han var stolt over det arbeidet som var gjort om bord. Mange historier fortalde han til familien. Sjølv om han slutta i Jøsenfjord-selskapet nokre år seinare og gjekk over til «fienden», Stavangerske som hadde sitt verksted på Klasaskjeret: Det var ingen tvil om kva som var båden!


Frå Aftenbladet 20. august 1949.



Fredag 19. august 1949 var Jøsenfjord Rutelags store dag. «Hjelmelandsfjord» gjekk prøvetur. Flaggsmykka og fullpakka med gjester. Talarane sto i kø for å dela ut hyllestar til dei som dei meinte hadde æra for at den flotte fjordabåten nå kunne setjast inn i ruta.


"Hyllesten og anerkjennelsen for det store løft samlet seg om styrets nåværende formann Johs. Laugaland og tidligere formann S. Klungland og om disponent Magnus Kalheim. Især den siste fikk sterk ros og anerkjennelse. Han har som leder av selskapets drift også hatt hovedarbeidet med å få levendegjort den drøm som nå med «Hjelmelandsfjord» er blitt til virkelighet.


Det var en av ettersommerens få vakre dager at skipet stevnet innover fjorden. I tindrende høstluft kledte fjell og øyer seg i det festligste skrud mens flaggsmykket gled gjennom sundene. Skipet ble ført av O. Hagen, «Jøsenfjord»s fører. Fra i dag av overtar «Hjelmelandsfjord» ruten på Hjelmeland og Vadla", står det å lesa i Aftenbladet 20. august 1949.


Heilt gløymde var ikkje sjøfolka som henta båten i England og fekk den trygt til Stavanger og Buøy. Heller ikkje arbeidsfolka som forvandla krigsskipet til ein flott fjordabåt ved Jøsenfjord-verkstedet på Buøy.


For på denne store presentasjonsturen var det kaptein Ola Hagen som sto på brua. Han hadde vore med på turen over Nordsjøen. Då disponent Kalheim fekk ordet, fekk "guttane på golvet" også litt skryt.


"Disponent Kalheim gjorde greie for skipets ombygging og egenskaper, og takket alle som hadde vært med på arbeidet. Ombyggingen er foregått ved Jøsenfjords eget verksted. Han nevnte navnene på menn og firmaer som har ære for resultatet", står det i Aftenbladet.


Gjestene fekk middag på Hovda Gård på Randøy. Her blei det utdelt blomster i massevis og Jøsenfjord-folket blei sterkt hylla og gratulert. Det blei midnatt før «Hjelmelandsfjord» var tilbake i Stavanger.


Den stor dagen var over. Nå venta 29 år i fjordafart i Ryfylke for «Hjelmelandsfjord».


Annonseavdelingen i Aftenbladet var ute og sikra seg
annonser frå dei firma som hadde forsynt «Hjelmelandsfjord»
med varer og tenester