lørdag 8. januar 2022

Frå flaggskip i Ryfylke til skamplett på Bahamas!


Frå flaggskip til skamplett. Tidlegare «Hjelmelandsfjord» som vrak på Bahamas. Foto:
Dwan Duun.



«Hjelmelandsfjord» enda ikkje på Nilen etter at den var ferdig som rutebåt i Ryfylke, slik rykta fortalde før den gjekk ut av ruta. Den populære rutebåten blei seld til eit firma i Bergen i august 1978. Dette firmaet hadde spesialisert på kjøp og salg av skip, men den blei liggjande ei tid i Bergen.


I mars 1979 blei så båten seldt til Exuma Marine Transportation Service Ltd som hadde sin base på øya Exuma i Bahamas. Båten fekk nå navnet «Exuma Pride», skreiv Magnus Torgersen i boka «Fjordabådane» i 1981.


I juni 1979 gjekk «Exuma Pride» frå Bergen for eigen maskin. Turen over Atlanteren blei ikkje problemfri. Båten blei liggjande å driva i fleire døgn utanfor Bermuda. I august 1979 blei båten taua inn til Nassau, hovedstaden på Bahamas der den blei reparert.


«Exuma Pride» blei sett inn i ei nattrute mellom Nassau og Georgetown , hovedstaden på Exuma. I denne farten kunne båten ta med seg 60 passasjerar. Båten frakta post og stykkgods i denne ruta som fekk støtta av staten. Frå Exuma frakta båten mest friske grønnsaker til marknaden i Nassau.



- I mange år seilte båten langs blomstrande frukttre i Ryfylke. Nå er den havna mellom palmer og koralløyar i Vestindia, skreiv Magnus Torgersen.


Kaptein Johan Warland fekk skipsklokka frå «Hjelmelandsfjord». Nå er det sonen 
Steinar som eig klokka. 



Men akk, livet i det solfylte Vestindia enda med forferdelse. I løpet av 1990-åra kom det stygge bilde frå Bahamas. Den tidlegare «Hjelmelandsfjord» låg som eit rusta vrak på ein stad med navnet Crab Cay på Exuma-øyane. Frå tid til anna har det komme nye bilde som har visst eit stadig verre forfall.


På folkemunnen var det tidlegare så flotte flaggskipet frå Ryfylke blitt omdøypt frå «Exuma Pride» til «Exuma Shame». Kor vidt det stadig er litt å sjå av det rusta vraket, har eg ikkje undersøkt. Det må vera grenser for kva ein gammal «Hjelmelandsfjord»-elskar skal utsetja seg for.



Men det finst eit handfast minne om «Hjelmelandsfjord» her i vårt distrikt. Før Stavangerske selde båten, blei skipsklokka teken ned. Den fekk kaptein Johan Warland i avskjedsgave frå rederiet. I dag er det sonen, Steinar, som har skipsklokka frå båten.


Eg starta matros-karrieren på «Hjelmelandsfjord» i 1966. Hyra var 1067 kroner pr.
månad.


Nå set eg punktum for denne blogg-serien om «Hjelmelandsfjord». Viss nokon lurer på koss det har seg at eg har vist så stor interesse for dette emnet er det følgjande forklaring: «Hjelmelandsfjord» var rutebåten i mitt liv frå eg var bitteliten. Som 17-åring var eg så heldig å få vera matros på den gromme båten sommaren 1966. Ei uforgløymeleg tid!



Takk til alle lesarar og bidragsytarar! Ei spesiell takk til Steinar Warland for hjelp med både opplysningar og bilder!

2 kommentarer:

  1. Takk. Dette har vært kjekt å lese om. Håper på meir om andre båtar.

    SvarSlett
  2. Det var en fin ansettelseskontrakt

    SvarSlett