torsdag 14. november 2019

Vaksne mannfolk tek ikkje Rennesøy-bussen!


Før var det ferjekaiar i Rennesøy. Nå er det bussterminalar. Her frå Sokn.



- Koss i all verdå skal eg kunna vita kaffor ein buss som går til Rennesøy?

Han lo oppgitt av meg, Gustav Tveit eller Smeden som alle på Vikevåg kallar han. At eg kunne vera så bak mål at eg spurte han om det. Viss eg skulle ta bussen frå Tasta til Vikevåg, måtte eg sjøl finna ut av slikt.

Gustav Tveit lo av meg då eg ville vita kaffor ein buss
 som går til Rennesøy. 
Ingen oppegåande, vaksne mannfolk frå øya som snart blir slukt med hud og hår av Stavanger, har nokon gong tatt bussen til eller frå byen. Dei har ikkje reist kollektivt etter at Rennfast blei åpna i 1992.

Eg måtte inn på nettet og leita i Kolumbus-rutene. Verdensmester på internett er eg ikkje, men fann etter ei stund ut at på føremiddagen går det buss kvar heile time frå Byterminalen i Stavanger til Vikevåg. Buss nr. 10 går til Rennesøy.

Oysann! Ka e klokkå? Eg sprang som ein ungdom på 18 for å nå tien på Tasta ved Gabba.

For ei tid me lever i! Utan telefonen er du heilt hjelpaslause. Med mobilen ringte eg til Gustav Tveit, leita opp kaffor ein buss eg skulle ta, fann den på sanntidsappen på 
mobilen og betalte med telefonen. Det ville ingen av oss trudd skulle skje då me vaks opp med sveivetelefon på landsbygda på 1950-talet.

Rennesøybussen gjekk gjennom Randaberg. Et fotograferte
kyrkja gjennom bussvinduet.
Ikkje problem å finna plass på Rennesøy-bussen. Mange ledige sete. Men den gjekk om Randaberg som skal vera eigen kommune etter nyttår også. Eg fotograferte kyrkja gjennom bussvinduet, men tenkte mest på Vinmonopolet på Randaberg. For sjølv om rennesøybuane blir med i ein storkommune, må dei reisa til nabokommunen viss dei vil kjøra til næraste polutsalg.

To tunnellar, berre ein rask tur oppi dagen over Sokn og Askje, så er du på Rennesøy. Sola skein, men det var kald austavind då eg kom ut av bussen der dei to gamle fiskaskøytene «Hulda» og «Peder W» låg ved kaien midt i Vikevåg.

Gustav Tveit hadde varm kaffi og eit gammalt bilde av Vikevågen heilt full av fiskafarty.

Fiskaskøytene låg tett i tett på Vikevåg i gamle dagar. 

- Slik var det før her. Smia, slipp, to bakeri, meieri, to daglegvarebutikkar, steintybutikk, skobutikk, hermetikkfabrikk, trelasthandel, kommunale kontor og lensmannskontor. Mange arbeidsplassar. Ikkje så mykje igjen i dag, seier Gustav Tveit.

«Hulda» og «Peder W» har fått fast kaiplass midt i Vikevåg. 

Då smia var i drift, var det mannfolktreff der i middagspausen. Ein gjeng med mannfolk møttest og drakk kaffi og drøste. Etter at smeden pensjonerte seg, er det kaffitreff i leiligheten hans vegg i vegg med smia kvar dag klokka 12. Kjekt for meg å få vera med og drøsa om hummarfiske, sild, torsk på trollgarnet og gamle dagar. Litt om det meste.

Kaffor ein buss går frå Rennesøy til byen?

Tien det og. Ti over kvar time midt på dagen.

fredag 8. november 2019

Her kan du leva av å selja straum og husa turistar!





- Det blir jo vemodig å flytta frå Fossane, meiner Kari og Sven Egil Sørensen. Dei har visning på garden sin i morgon, søndag. Ein spesiell gard med eigen kraftstasjon og tre eldre hus som blir utleigd til turistar på sommarstid.


Kan du tenkja deg? Den flotte garden på Fossane i Hjelmeland er for salg. Akkurat nå er dette ein snakkis i Hjelmeland og tilliggjande, herlege bygder. Garden har eigen kraftstasjon stor nok til å forsyna 50-60 husstandar med lys og varme. Dessutan er det tre gamle, moderniserte hus som blir utleigde til turistar. Hendige og sosiale menneske ville kunna leva godt av å passa på kraftstasjonen og vera gjestfri med turistane.

- Alderen pluss alvorleg sjukdom gjer oss nøydde til å selja garden nå. Me har tre ungar, to guttar og ei jente, men det passa ikkje for nokon av dei å ta over på Fossane. Då sel me. Vemodig er det sjølvsagt, men me er ikkje triste. Ungane våre, Sindre, Sølvi og Bjarte, har gode jobbar som dei likar. Ingen bør tvingast til å overta ein slektsgard, seier Kari (70) og Sven Egil (72) Sørensen.

Krunebrur nr.1:Sigrid frå Røldal
 og Bjarne frå Hjelmeland
gifta seg i 1945.
Kari er fødd og oppvaksen på Fossane, men dette er ingen gammal slektsgard. Faren, Bjarne Bjelland, kom frå garden Bjelland, ein liten gard som ligg høgt oppi bakkane opp frå Breilandsvatnet mellom Vormedalen og Hjelmeland. Den nygifte Bjarne kjøpte Fossane i 1947 og flytta dit med kona Sigrid, dottera Sylvia og foreldra Siri og Nils. Kari er fødd i 1949. 

Sigrid var frå Røldal. Koss kunne ein mann frå Fjellet skulekrins i Hjelmeland få tak i ei kone frå ein så eksotisk plass som fjellbygda omtrent på Haukeli?

Forklaringa var slik: På Fjellet hadde dei mykje geiter i tidlegare tider. Kvar vår dreiv dei geitene over Suldalsheiane til Haukeli. Dei leigde vekk geitene til røldølene. Geitene frå Ryfylke leverte mjølka som blei omgjort til geitost på stølane rundt Røldal. Den unge Bjarne frå Hjelmeland møtte budeia Sigrid Hellerslien på Haukeli og dei blei eit par.

Dei måtte jo ha ringar av gull når dei skulle gifta seg. Men dette var under krigen og gull var nesten umulig å få tak i. Men Sigrid greidde det. Ein turglad gullsmed frå Oslo kom forbi. Han hadde gull og skaffa ringar til Sigrid og Bjarne. Pengar hadde han nok av. Ein geitost fekk han som betaling for ringane.

Budeia Sigrid i arbeid med geitene på Haukeli.

Familien Bjelland var ikkje åleine på Fossane. Her budde Hartvig Vikedal og kona Ane i eit hus på nabobruket. Johne Fundingsland og systera Kristina budde i eit anna hus og ungkaren Olav Fossane i tredje.

Dette flyfotoet viser koss det såg ut på Fossane på 1960-talet. Heile Bjelland-familien budde i det låge, grå huset
midt i bildet fram til det nye gardshuset var ferdig i 1954. Siri og Nils fekk deretter det gamle huset for seg sjølv. I dag
er dette huset sett i stand som feriebustad.


Det var tradisjonell gardsdrift på Fossane. Bjarne Bjelland hadde mjølkekyr og sauer på garden. Men i tillegg blei det laga kraftstasjon for ein stor del av Vormedalen på Fossane i 1950. Det var Bjarne Bjelland som hadde tilsynet med drifta av kraftstasjonen. I tillegg tok han på seg å brøyta fylkesvegane både til Kleivaland og Fundingsland. Når han hadde tid, gjekk han også på anna arbeid.

Krunebrur nr. 2. Kari og Sven Egil Sørensen gifta seg
i 1972. Dottera deira, Sølvi, var krunebrur nr. 3.
Kari og Sven Egil Sørensen gifta seg i 1972. Dei budde i Ålesund i eit par års tid. Sven Egil arbeidde som maskiningeniør på eit skipsverft der.

Men Kari hadde møtt ein mann som kunna tenkja seg å overta garden på Fossane. Sven Egil var også bilmekaniker og oppvaksen på gard. Frå 1. januar 1975 har ekteparet Sørensen dreve garden på Fossane der det nå berre var eit gardsbruk igjen.

Garden blei driven i same spor med kyr, sauer og snøbrøyting. Sven Egil tok også på seg vedlikehald av mjølketankane på gardane som sokna til Årdal Meieri. Mjølkekvoten blei seldt i 2000. Nå var det sauer og salg av fôr.

Kari er utdanna sjukepleiar og var styrar for aldersheimen på Hjelmeland i ti år frå 1981.
Kraftstasjonen på Fossane blei nedlagt i 1969. Då kom det kraftlinje med Lyse-straum til Vormedalen. Stasjonen blei brukt litt sporadisk i åra etterpå. Etter at den blei endeleg nedlagt, overtok Kari og Sven Egil ansvaret for det anlegget som sto igjen.

Frå år 2000 blei det bygd opp ny kraftstasjon i den gamle bygningen på Fossane. Ny røyrgate og nytt maskineri kunne produsera 1,2 GWH eller 1,2 millionar kilowattimar. Nok straum til å forsyna 50-60 husstandar. Sjølv om Sven Egil har hatt ein god del hjelp av fagfolk både for å byggja opp og driva kraftproduksjonen, har han med sin bakgrunn mindre behov for å leiga hjelp enn mange andre ville hatt.

Sven Egil Sørensen står med den svære utrangerte maskinen i kraftstasjonen. Ein av dei nye og effektive står rett bak. Den
tek ikkje store plassen. 

Vormedalsvassdraget blei freda i samband med Ulla-Førre-utbygginga. På grunn av at det hadde vore kraftproduksjon her i mange år, fekk dei likevel lov til å driva kraftproduksjon vidare på Fossane. Dei har lov å bruka 15 prosent av gjennomsnittleg vassføring i fossen til å produsera straum. Normal vassføring er 4500 liter i sekunder. Til kraftproduksjonen går det med 700 liter i sekunder når dei tre kraftaggregata er i full drift. Dei leverer 160 KW tilsaman. Akkurat nå er det lita vassføring. Dermed er det berre ein maskin i drift.

- Under ein storflaum i 1992 rann det 60.000 liter vatn i sekundet i fossen, seier Sven Egil Sørensen.

I fjor tjente dei 350.000 kroner på kraftstasjonen etter avskrivningar, men før skatt.

- Mange av sommargjestene våre har blitt gode venner,
seier Kari Sørensen.
Kari og Sven Egil Sørensen har hatt meir å bala med. I 1989 kvitta dei seg med grisene og satsa på turistar. Dei sette i stand eit av dei gamle husa på garden slik at turistane kunne flytta inn. I 1996 var det neste restaurert og klar for utlendingar som søkte fred og ro og eit liv i pakt med naturen. Til slutt flytta dei det gamle folgehuset på Bjelland, høgt over Breilandsvatnet, til Fossane der det glir så fint inn at du kunne tru at det hadde stått der i alle år.

- Du blir ikkje rik av driva med turisme, men det har gjort oss i stand til å halda husa i stand. Det viktigaste er den menneskelege kontakten me har fått. Mange venner over heile verda, seier Kari og Sven Egil som står på reisefot når dei har seldt garden.

28. november skal dei vera med på ein stor fest i Wien. Eit tysk ektepar som har vore faste gjester på Fossane i alle år, skal feira at dottera deira er ferdig utdanna lege. Denne jenta var fast gjest i Vormedalen kvar sommar frå ho var fire år.

- Me har vore på besøk hos tidlegare gjester i mange land. Dei har blitt vennene vår. Dessutan er det ein god del av gjestene våre som har blitt kjende med kvarandre og utvikla vennskapsforhold, fortel ekteparet som har visning av gardsbruket i morgon.

Kari og Sven Egil Sørensen bur stadig på Fossane. Dei har kjøpt leilighet på Hjelmeland. I slutten av februar skal den vera klar til innflytting.

torsdag 7. november 2019

Omboplomma kom med gamle Adam



Kaare Skaar hadde ikkje hausta mykje Ombo-plomme i år.  Dei gule plommene smaka godt for eit par dagar sidan. 


Med gamle Adam kom Ombo-plomma til den største øya i Ryfylke. Han var kasta ut av Paradis og var på veg til garden Jørstad på Ombo for å bli dreng der. Rett før han var framme på Jørstad tømte han lommane for plommesteinar som han hadde hatt med seg frå Edens hage.

Som du kanskje veit, blir det ikkje fullverdige frukttre av plommesteinar som blir kasta i terrenget og rotar seg og blir til tre. Dette er forklaringa på at denne plommesorten aldri har blitt den heilt store suksessen og i dag er i ferd med å bli forsømt og gløymd både på Ombo og i resten av Ryfylke.

Dei gule var gode nå i november.
Omboplomma er den seinaste plommesorten. Den er ikkje moden før i oktober og treng ei frostnatt for å bli søt. Då er dei gule og ganske gode på smak. Men det er jammen på tide å plukka dei også. Viss ikkje, blir dei brune og stygge og dett ned av seg sjølv.

I dag ser du Omboplomme-tre både her og der i distriktet vårt. Dei blir ofte ståande utan at nokon tek seg bryet med å henta frukta. Dei er hardføre og greier seg i det lengste sjøl om dei korkje blir gjødsla eller sprøyta.

- Eg meiner at Ombo-plomma er undervurdert i dag. Du kan laga godt syltetøy av denne frukta sjølv om ikkje kvaliteten er heilt på høgde med dagens foredla plommetre, seier 79-årige Kaare Skaar som har budd på Ombo det meste av sitt liv.

Under krigen var denne plommesorten viktig i bygdene her. Folk plukka den og mange brukte små-tønner som dei fylte opp og sende til byen. Den gav viktige inntekter til folk som ikkje hadde allverda å leva av på den tida.

Kaare Skaar har eit Omboplomme-tre i sin eigen hage. Heilt ut ved vegen står treet. Og sjølv han som skrytte av denne plomma, hadde knapt nok rørt frukta i år.

Han delte denne oppskrifta med meg. Den må du notera deg!

- Du proppar eit Norgesglass med Omboplomma og sukker. Til slutt tømmer du 60 % sprit på glasset. Så skruar du lokket godt igjen. Til jul får du ein drikk som slår ut alle kjøpte likørar, forsikrar den pensjonerte læraren.
Gamle Adam tjente på garden Jørstad på Ombo for lenge sidan, blir det fortalt.
 Minnesmerket er plassert på hjelmelandssida av øya. Nå blir Adam siddis.

Det var Kaare Skaar som fortalde meg om Adam og Omboplomma. Det gjorde han med eit smil om munnen. Så eg trur vel at sjøl han tvilar på om dette er den fulle og heile sanning. Men gamle Adam har alltid stått sterke i dagleglivet på øya. Når dei har snakka om noko skikkeleg gammalt har dei alltid sagt: Det var i den tida Adam tjente på Jørstad.

For nokre år sidan skaffa Vegvesenet ombobuane eit minnesmerke over Adam. Det står på den delen av Ombo som til denne tid har høyrt til Hjelmeland. Men nå blir gamle Adam siddis!

onsdag 6. november 2019

Rekordjakt og nye tider på Ombo




Verda er i endring. Ombo også. Frå årsskiftet forsvinn den nest største øya i Rogaland inn i Stavanger kommune. Koss skal det gå?

- Ny rekord på Ombo, står det å lesa i lokalavisa Øyposten. Det har ikkje vore så mange fyrsteklassingar på Eidssund skule på mange år. Åtte nye elevar starta på skulen nå i haust. Alle dei håpefulle er avbilda og ser både glade og trivslege ut. Dei fryktar tydelegvis ikkje ei framtid som byfolk.

Sjølv om Ombo er stor, har øya aldri vore eigen kommune. Fram til 1965 var den delt mellom Sjernarøy, Jelsa og Hjelmeland. Etter1965 har Finnøy og Hjelmeland hatt kvar sin del. Frå årsskiftet blir heile øya ein del av Stavanger. I 2016 var det 236 innbyggjarar på Ombo. Vel 70 av desse bur på på Hjelmeland-sida. 

Ombobuane har vore samde om at dei burde tilhøyra same kommunen. Men ikkje kaffor ein. På Finnøy-sida ville dei tilhøyra Finnøy, medan fleirtalet på andre sida heldt på Hjelmeland. Dette snakka dei om i årevis fram Stavanger brått kom på banen og overtok heile øya, for å seia det enkelt.  

- Me er nøydde til å fylgja med i tida og omstilla oss, seier ombobu og kaptein Gunstein Aukland på ferja«Hjelmeland».


- Om det er Stavanger, Hjelmeland eller Finnøy, er Ombo ein utkant uansett, seier kaptein Gunstein Aukland på ferja «Hjelmeland». 42-åringen bur likevel svært sentralt i forhold til arbeidsplassen sin. Han og familien har berre nokre få hundre meter å gå frå ferjekaien på Skibavik til heimen sin. Kapteinen kan sjå heim heile tida medan han seilar fram og tilbake over Hjelmelandsfjorden. Han har vore på denne ferja sidan 2015.

Dei to barna i Aukland-familien går på skule på Hjelmeland. Dei har så kort veg til ferja at dei har ikkje bruk for annan skyss. Det er to familiar som bur så nær kaien at dei heller går på skulen på andre sida av fjorden. 

- Våre ungar kjem til å gå på skulen på Hjelmeland til dei er ferdige, Koss dette blir i framtida, veit me ikkje ennå.  Men det ville bli svært tungvint dersom det seinare skulle bli aktuelt å senda ungane frå vår del av øya over til andre sida på skule og så vidare til ungdomskule på Finnøy. seier Gunstein Aukland som reknar med at dette vil gå seg til.

Nede ved sjøen på Skår budde det over 50 menneske fordelt på sju husstander i etterkrigstida. Nå er det berre Kari
 og Kaare Skaar som bur her heile året.


På Skår budde det i etterkrigsåra over 50 sjeler fordelt på sju hustandar. I dag er Kaare Skaar og kona Kari dei einaste fastbuande igjen heilt nede ved fjorden. Dei andre husa her nede er omgjort til feriebustader. På heile Skår bur det seks menneske i dag.

- To av våre barn har skaffa seg sommarhus her og vårt hus vil også bli feriehus når den tid kjem. Det er alt avgjort, seier Kaare Skaar som er 79 år og pensjonert lærar.

I feriar og helger er det liv og røre på Skår, men det er meir stille vinterstid.

- Me ville helst høyrt til Hjelmeland, seier Kaare Skaar og peikar mot
kommunesenteret i Hjelmelandsvågen.
- Me ville vore hjelmelandsbuar viss me kunne bestemt, men det blir vel ikkje dramatiske endringar for oss som bur her nå. Eg reknar med at me kan bruka legekontoret og dei andre kommunale tenestene på Hjelmeland som før. På denne sida har me ikkje eigen kyrkjegard. I alle år har gravplassen vår med kyrkjegarden på Hjelmeland, seier Kaare Skaar.

I 1968 kom han tilbake til heimbygda som lærar i Vestersjø skulekrins. Elevtalet varierte. Ein periode var skulen stengd og Skaar blei lærar på Jøsneset til barnetalet tok seg opp og dei starta skulen igjen. Etter nokre år, i 1997, brann skulen ned og då blei ungane som ikkje budde nær ferjekaien, sende til skulen på Eidssund. Kaare Skaar avslutta sin karriere som lærar på skulen på Randøy.


- Så får me sjå koss det blir å vera ein del av Stavanger. Dette har jo alltid vore byen for oss, seier Kaare Skaar som var heime åleine då eg var innom på Skår. Kona var ein tur i byen. 



søndag 3. november 2019

Mannen i mobilen truga meg på tur!


For fyrste gong i mitt liv har eg gått tur til
 Vikestølsvatnet.


Dette utidige maset om å gå minst 10.000 skritt kvar dag fører meg til stadig nye vegar der eg skulle ha vore for mange år sidan. Dermed enda eg i går ved Vikestølvatnet i dei skogkledde åsane mellom Laugaland og Tøtlandsvik.

Skritt-maset er sjølvpåført. Eg treng trening og trim og etter at eg oppdaga at smarttelefonen også hadde skritt-teljar, har eg ikkje fått fred. Eg må få fram nye tal og sjekka gjennomsnittet for veke, månad og år. Og telefonen gir ikkje ved dørene. Viss eg let meg overmanna av latskapen ein dag eller to, dett gjennomsnittet i do.

Og for å vera heilt ærleg: Slik det ser ut nå, greier eg ikkje 10.000 skritt gjennom heile 2019. Men eg kan ikkje gje opp for det.

Skogen står tett langs vegen. Ikkje rart når det er ein skogsveg. av og til var der ein åpning der eg kunne sjå min
barndoms dal. Det ligg snø på fjelltoppane i aust. Ein plass bak fjella ligg Bykle og Setesdalen.

Dei unge i familien ler av meg og syns dette er ei tullete form for trening og trim. Det bryr eg meg ikkje om. Så usportsleg som eg er,  veit eg at alternativet til å gå tur er å sitja på rauå i ein stol og pleia latskapen. Derfor går eg så lenge ikkje plager eller vondtar gjer det uråd å trena på denne måten.

Som gammale mann likar eg ikkje forandringar. Aller helst vil eg gå den same turen kvar dag. Då veit eg akkurat koss mange skritt eg har gått når eg er heime igjen. For eksempel er det 3000 skritt fram og tilbake frå hytta vår i Hjelmelandsvågen til ferjekaien på Sande. Viss eg går denne turen tre gonger på ein dag, er det nok med ein tur rundt kyrkja og bedehuset i tillegg for å fått inn dei naudsynte tala på skritt-teljaren.

- Koss greier denne telefonen å telja skritta våre, spurte den tidlegare naboen min. Han lurer på allslags, den karen.

- Det sit ein mann inne i telefonen og tel kva einaste bevegelsen, svara eg. Akkurat som eg har greie på slikt.

Ein gong i min barndommen klipte eg opp det fine tøystykket framføre høgtalaren på den gamle Telefunken-radioen vår for å sjå folka som laga barnetimen for dei minste. Det fekk eg ikkje skryt for!

Kånå mi er grunnen til at eg ikkje får gå same turen kvar dag. Ho vil ha forandring viss ho skal vera med. Forresten skulle ho ha litt bjørkeris til å laga ein slags dekorasjonskrans med mose og allslags greier. Det kunne ho samla viss me tok bilen og kjørte ein tur i retning mot min barndoms dal der det heilt sikkert gjekk å samla litt råstoff til krans.

Eikelivatnet og Vikestølvatnet ligg midt i bildet. Eikelisvingen viser også godt. Tøtlandsvik oppe til høgre.
Laugaland nede til høgre. Bildet er henta frå Norgeibilder.


Me stoppa i Eikeli-svingen (lokal uttale Eigeli-svinjen) og sette bilen frå oss der. Dette er den krappe svingen rett før skiltet der det står Vormedalen.

Skogsvegen som startar her, er slik omlag 60 år gammal. Det var entreprenør Arne Byre frå Fister som bygde vegen opp til Eikelivatnet som ligg på 281 meter. Der kunne det vera flott skeise-is om vintrane. Så der var me ein god del. Dessutan  var det fin fisk i dette vatnet. Eg gløymer aldri då min onkel, norsk-amerikanaren Jakob Skogen, kom heim til Laugaland og slengde ein svær aure på kjøkkenbenken til bestemora mi. Sjølv om onkel Jakob hadde budd i aldri så mange år i Chicago, var han lommekjent i skog og mark i barndoms heimetrakter.

Seinare var eg sjølv oppe med fiskestanga for å kopiera onkel Jakob. Fekk eg någe? Kan skjøna gjorde eg ikkje det.

Kor var eg? Jo ved Eikelivatnet. Etter at eg vaks til og reiste ut, er det laga skogsveg vidare både til Havråstjønna som ligg 317 meter over havet og til Vikestølvatnet som ligg på 393 meter over havet etter det som kånå fekk fram av data på sin telefon.

Skogen står tett i desse traktene. Ikkje rart det er bygde skogsvegar her. Men det er ikkje all verda med utsyn med så tett skog i desse grensetraktene mellom Tøtlandsvik og Laugaland.

Usemje og krangel har det vore om eigedomsgrensene både her og der. Ein gong i tida låg gardane Laugaland og Breiland i sak om kor grensene gjekk i skogane. Då var det ein mann frå Breiland som sa dei bevinga orda: På Breiland vil dei eiga alt det dei ser, men på Laugaland vil dei eiga både det dei ser og det dei høyrer gjete!

Me gjekk og gjekk. Eg mimra og kånå samla litt bjørkegreiner og mose. Vêret var nummer ein, som gamle Johannes Vigane ville sagt det.

Då me kom ned til bilen ved Eigelisvinjen igjen, viste telefonen 10.000 skritt.

Det var alt for i dag!

Slik blei kransen. Rosene fann kånå i hagen ved hytta.